Meld. St. 23 (2009–2010)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

5 Fagleg samarbeid

5.1 Kultur

Verksemda på kulturområdet har vore konsentrert om følgjande:

  • Å styrkje kvalitet, konkurransekraft og tilkomst i nordisk kunst- og kulturliv. Det nordiske kultursamarbeidet skal styrkje og utvikle kulturell og kunstnarisk verksemd i Norden.

  • Å styrkje språkfellesskapen og språkforståinga. Mange tiltak og verkemiddel på kultur- og medieområdet har eit klart språkperspektiv. Programma, dei nordiske prisane for film og litteratur, nordiske hus og institutt, Nordisk film- og TV-fond, nordiske fagseminar og konferansar er verkemiddel og aktivitetar som er med på å styrkje den nordiske språkforståinga. Kultur- og mediesamarbeidet bidreg til at nordisk språk og kultur blir synleg i det offentlege rommet.

  • Å gjennomføre globaliseringsstrategien til kulturministrane, Det kreative Norden. Strategien gjeld for perioden 2010–2012 og skal bidra til å synleggjere nordisk kultur utanfor Norden, gjennom konkrete initiativ som fokuserer på kulturnæringar og promotering av nordisk film, arkitektur og litteratur.

  • Å styrkje og vidareutvikle kultur- og kunstprogrammet og Nordisk-baltisk mobilitetsprogram som er dei nye komponentane i samarbeidsstrukturen på kulturområdet, og som tok til å gjelde 1. januar 2007. I dette arbeidet er det gjennomført fleire dialogmøte – Nordisk kulturforum – med kulturfeltet i Norden, og det er gjennomført visse justeringar av programma.

  • Å førebu ei ekstern evaluering av dei nye komponentane i samarbeidsstrukturen på kulturområdet. Evalueringa skal setjast i gang i 2010, og resultatet skal leggjast fram for MR-K i april 2011.

  • Å utarbeide ny handlingsplan for det fellesnordiske kultursamarbeidet 2010–2012: Dei følgjande fem områda er prioriterte: (i) globaliseringsinitiativ, (ii) kultur for barn og unge, (iii) den nordiske kulturarven, (iv) kulturelt mangfald og (v) den nordiske språkforståinga.

Nordisk kulturfond skal fremje samarbeid mellom dei nordiske landa ved å gje støtte til samarbeidsprosjekta innanfor kunst og kultur. Prioriterte område er mellom anna prosjekt for barn og unge, prosjekt som fremjar den nordiske språkforståinga, og prosjekt som fremjar nye uttrykksmåtar og formidlingsformer. Som særlege tiltak i 2010 kan følgjande nemnast:

  • Utstillinga «Rethink» som vart opna i samband med FNs globale klimatoppmøte i København i 2009. Utstillinga skal turnere i dei nordiske landa.

  • Årets nordiske scenekunstoppleving som skal fremje samarbeid mellom nordiske scener og scenekunstnarar.

  • Nye nordbuarar i det nordiske kultursamarbeidet som skal involvere dei som ikkje i dag er aktive i det nordiske kultursamarbeidet.

5.2 Utdanning og forsking

Innanfor utdanning og forsking skjer det ei kontinuerleg vidareutvikling av det nordiske samarbeidet på følgjande felt:

  • globalisering

  • Nordplus Rammeprogram og Nordplus Nordiske Språk og Kultur

  • nordisk-baltisk samarbeid

  • arbeidet mot Nordvest-Russland

  • samarbeidet om studiestøtte

Innanfor barnehagar, skule, høgare utdanning, vaksenopplæring og forsking er samarbeidet basert på ei rekkje studiar og utgreiingar som grunnlag for initiativ og tiltak som famnar vidt. Nedanfor er nokre av initiativa og områda trekte fram.

Barnehagar

På barnehageområdet er det etablert eit uformelt nettverk mellom myndigheitene i dei nordiske landa og dei sjølvstyrte områda. Nettverket utvekslar informasjon om nye tiltak og initiativ på barnehageområdet i dei ulike landa og samarbeidar om kartleggjing av kvalitetsindikatorer på feltet. Vidare er det samarbeid om felles initiativ i samband med internasjonale organisasjonars arbeid med barnehagar, som OECD og UNESCO.

Fråfall i vidaregåande opplæring i Norden

Rapporten «Frafall i utdanning for 16-20 åringer i Norden» gir ei oversikt over forsking om fråfall i dei nordiske landa dei siste 15 åra og danna grunnlaget for eit arbeidsseminar i København i april 2010. Det er planlagt drøftingar på ministernivå om sentrale problemstillingar og behovet for tiltak på nordisk nivå.

Nordisk klimadag

Nordisk klimadag vart arrangert i regi av Nordisk Ministerråd før klimatoppmøtet i desember 2009 og vert arrangert på nytt 11. november 2010. Temadagen byggjer på nasjonale planar og opplegg, men har eit nordisk overbygg gjennom nettbaserte opplegg. Føremålet med Nordisk klimadag er å:

  • stimulere engasjementet hos nordiske elevar og lærlingar for klimaproblem

  • fremje nordisk skulesamarbeid om klimaet

  • stimulere barn og unge til å forstå kvarandre og kommunisere med kvarandre på svensk, dansk og norsk

Ernæring, læring og helse

Noreg foreslo i 2010 at prosjektet Ernæring, læring og helse skulle setjast i gang under Globaliseringsinitiativet i Nordisk Ministerråd. Målet med det treårige prosjektet er å skaffe ny og sikrare kunnskap om samanhengar mellom ernæring, læring og helse for å bidra til eit betre og sunnare kosthald generelt og for å fremje læring og læringsutbytte blant barn og unge i Norden. Kunnskapsdepartementet i Noreg er ansvarleg for prosjektet som er samansett av to fasar – ein kunnskapskartleggingsfase og ein forskingsfase.

Språksamarbeidet

  • Den nye organiseringa av språksamarbeidet, som vart sett i verk 1. januar 2009, har fokus på målgruppa barn og unge og styrking av språkforståinga deira. Omlegginga opnar for eit breitt samarbeid mellom fleire aktørar på språkområdet. Dei viktige sakene i 2009 var: utgreiing for 2009 til Nordisk Råd om oppfølginga av nordisk språkdeklarasjon, med landrapportar. Våren 2010 er det gjennomført ei utspørjing av eit utval som er representativt for alle grunnskular og vidaregåande skular i landet. Det er formulert klare kompetansemål om nabospråk for fire trinn i grunnopplæringa. Utspørjinga viser likevel at nabospråkforståing ikkje vert prioritert i særleg grad i opplæringa.

  • Det vart vedteke å gjennomføre ein nordisk språkkampanje i 2010 for å styrkje språkforståinga blant barn og unge i Norden, med tiltak som:

  • Norden før og nå, ein nettstad som er utvikla av Danmarks Radio med undervisningsmateriale for barn og unge om kultur, geografi, natur, historie og språk i dei nordiske landa.

  • Den nordiske klimadagen for alle grunnskular og vidaregåande skular 11. november har i 2010 eit innebygd språkaspekt.

Høgare utdanning

Samarbeidet innanfor høgare utdanning er i stor grad knytt til initiativa i globaliseringsprosjekta, som Nordisk masterprogram, der det er gjennomført ein ny utlysingsrunde, og prosjektet «Fremme av høyere utdanning i Norden», der arbeidet med utarbeiding av ein profileringsstrategi vert ført vidare på grunnlag av innspel frå arbeidsseminar som er haldne på nordisk basis. Det er gjennomført ein studie og etterfølgjande seminar om universitet, entreprenørskap og kommersialisering, som vil verte følgde opp vidare.

Under det islandske formannskapsåret vart det òg gjennomført ein konferanse om kvalitetssikring av høgare utdanning i Norden. Dette er òg viktig for arbeidet som skjer i alle dei nordiske landa med etablering av system som er knytte til innføringa av eit europeisk kvalifikasjonsrammeverk for høgare utdanning.

Som ei vidareføring av arbeidet med komparative analysar av nordiske lærarutdanningar er det gjennomført ein studie for vidare diskusjon om rekrutteringsproblematikken i dei nordiske lærarutdanningane. Det er òg sett i gang ein prosess for å avklare om det kan opprettast ei felles nordisk masterutdanning innanfor lærarutdanning. Meir generelt er det greidd ut om det kan lanserast eit felles nordisk utdannings- og formidlingsinitiativ, der det er identifisert potensielle område på utdanningsfeltet som kan eigne seg for ein felles nordisk forskingsinnsats.

Forsking og innovasjon

Noreg vil medverke til vidare utvikling av det nordiske samarbeidet som ein plattform for auka internasjonalt samarbeid, både med enkeltland og med EU. Dette vil m.a. skje gjennom ei vidare konkretisering av det nordiske forskings- og innovasjonsområdet (NORIA).

Toppforskingsinitiativet (TFI, 2009–2013) innanfor klima, energi og miljø er så langt det største felles forskingsinitiativet i Nordisk Ministerråd og byggjer på felles nordiske prioriteringar og finansiering. Om lag 450 millionar norske kroner går til dette tiltaket frå dei fem nordiske landa. TFI er m.a. tenkt å styrkje Norden i konkurransen om midlar frå EU-rammeprogrammet for forsking og utvikling. Ei av utfordringane i tida som kjem, blir å utvikle det strategiske potensialet i TFI overfor ERA (European Research Area). NordForsk, Nordisk innovasjonssenter og Nordisk energiforsking er sekretariatet for TFI.

TFI er sett saman av seks delprogram, som vart utlyste i 2009 og 2010:

  • effektstudiar og tilpassing til klimaendringar

  • energieffektivisering med nanoteknologi

  • berekraftig biodrivstoff

  • vekselverknaden mellom klimaendringane og kryosfæren

  • integrering av storskala vindkraft

  • CO2-fangst og -lagring

NordForsk skal arbeide for å fremje eit effektivt samarbeid mellom dei nordiske landa om forsking og forskarutdanning og har i dag ein prosjektportefølje med over 200 prosjekt, som omfattar vel 10 000 nordiske forskarar. NordForsk har utvikla mekanismar for felles forskingsfinansiering i Norden.

Som ein opptakt til FNs klimatoppmøte i København i desember 2009 fikk NMR laga rapporten «Nordic Climate Change Research». Rapporten viser den internasjonale deltakinga frå dei nordiske landa på dette feltet og har eksempel på korleis Norden kan støtte utviklingslanda i satsinga deira på klima.

IKT

Som plattform for erfaringsutveksling og samarbeid er det etablert eit IKT-forum som er sett saman av toppleiarar frå dei nasjonale IKT-departementa. Hovudoppgåvene er erfaringsutveksling om overordna nasjonale IKT-politiske strategiar og prioriteringar, i tillegg til drøfting av eventuelle behov for felles aktivitetar og innsats på nordisk nivå. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet representerer Noreg i forumet. Dessutan er det etablert ei ekstern IKT-ekspertgruppe, som har utarbeidd ein scenariorapport om IKT-utviklinga fram mot 2020.

5.3 Miljø, medrekna tverrfagleg samarbeid

Det nordiske miljøsamarbeidet er omfattande og finn stad på alle nivå frå miljøvernministrane til reine ekspertgrupper. Rammene for miljøsamarbeidet følgjer av det nordiske miljøhandlingsprogrammet for 2009–2012. Hovudfokuset er sett på klima og luftforureining, biologisk mangfald, kjemikaliar, avfall og hav og kystsoner. Miljøsektoren har òg ein eigen arktisk strategi for klima og miljøgifter som vert følgd aktivt opp. I tillegg er samarbeidet styrt av politiske initiativ og aktuelle spørsmål som til kvar tid står på den internasjonale dagsordenen.

Det tverrfaglege samarbeidet i miljøsektoren er i hovudsak konsentrert rundt arbeidet med berekraftig forbruk og produksjon, samarbeidet med finanssektoren og arbeidet med genetiske ressursar.

Hovudfokuset for det nordiske miljøsamarbeidet er i særleg grad retta mot å påverke regelverksutviklinga i EU og i andre internasjonale prosessar på dei prioriterte samarbeidsområda. I 2010 har miljøsektoren m.a. eit særleg fokus på den komande partskonferansen for klimakonvensjonen (COP16) som finn stad i Mexico i november/desember i år.

Dei nordiske landa har med støtte frå Nordisk Ministerråd òg spelt ei sentral rolle i samband med at forhandlingar om eit globalt bindande regelverk for kvikksølv no har starta opp. Det første forhandlingsmøtet fann stad i Stockholm i juni i år.

Arbeidet med oppretting av eit naturpanel etter modell av det internasjonale klimapanelet er eit anna område der dei nordiske landa har innleidd eit tett samarbeid. Det kan òg nemnast at dei nordiske landa har starta opp eit nærare samarbeid rundt temaet «grøn økonomi».

Danmark har under formannskapen i 2010 særleg prioritert arbeidet med klima, miljø og helse, biologisk mangfald og berekraftig forbruk og produksjon.

5.4 Nærings-, energi- og regionalpolitikk

Næringspolitikk

Under den islandske formannskapen i 2009 vart innsatsen i det næringspolitiske samarbeidet retta mot innovasjon, konkurranseevne og konsekvensane klimaendringane får for næringslivet. Den islandske formannskapen sette i gang arbeidet med ei oppdatert kvitbok om det nordiske innovasjonspolitiske samarbeidet. Med den nye kvitboka ønskte Island å kaste lys over dei utfordringane dei nordiske økonomiane står overfor etter finansuro og klimautfordringar, men òg det potensialet som ligg i globaliseringa for små opne økonomiar som dei nordiske.

Ministerrådet for nærings-, energi- og regionalpolitikk (MR-NER) vart halde i Stockholm i oktober 2009 i samband med sesjonen i Nordisk Råd. Her stod innovasjonspotensialet i Toppforskingsinitiativet for klima, energi og miljø og «eco-efficient economy» med fokus på energi i transportsektoren, i tillegg til den nordiske straummarknaden, sentralt på dagsordenen. Desse fokusområda vert vidareførte under den danske formannskapen i 2010 der det vert gjennomført globaliseringsprosjekt om energi i transportsektoren i framtida og om klimavennleg bygging. Dette er òg emne som vart løfta opp på sommarmøtet til statsministrane i mai 2010. I tillegg vert det lagt vekt på det nordiske samarbeidet om innovasjon i helsesektoren, utvikling av kreative næringar i Norden og eksport av desse næringane til fjerne marknader og nedbygging av grensehinder. Brukarstyrt innovasjon og måten marknaden og forbrukarane er med og formar innovasjonspolitikken på, har òg stått sentralt i 2009–2010. Eit forskingsprogram på dette området er etablert.

Eit fleirtal av prosjekta til MR-NER vert gjennomførte i regi av Nordisk InnovationsCenter (NICe), som er den sentrale og implementerande institusjonen for det nordiske næringspolitiske samarbeidet. Den sitjande formannskapen samarbeider alltid tett med NICe. Det næringspolitiske samarbeidet har den seinare tida sett fokus på kreative næringar og reiseliv som veksande næringar i Norden. Samarbeid på desse områda inngår som ein viktig del av strategien for å skaffe Norden eit internasjonalt fortrinn som ein energisk, kreativ og leiande region.

Som ein del av arbeidet med å fjerne og førebyggje grensehinder mellom dei nordiske økonomiane har det nordiske næringssamarbeidet fokusert på tenestehandelen som ein stadig viktigare sektor. I 2009 har NICe vidareført arbeidet med prosjekt og studiar på dette området.

Ramma om det regionalpolitiske arbeidet er det nordiske regionalpolitiske samarbeidsprogrammet (2009–2013) som vart godkjent av dei nordiske statsrådane for nærings-, energi- og regionalpolitikk i 2008. Visjonen er at Norden skal vere leiande i utviklinga av ein ny og meir kraftfull regionalpolitikk. Programmet er konsentrert om grenseoverskridande samarbeid for å fjerne grensehinder, utvikling i utkant- og byregionar og tredje generasjons regionalpolitikk. Arbeidet vert følgt opp av fire arbeidsgrupper. I tillegg vert det lagt vekt på å kaste lys over utfordringane i område med spreidd busetnad. Nordisk Ministerråd delfinansierer Nordregio, som utviklar vitskapleg basert kunnskap på områda regional utvikling, urbane og rurale system, demografi m.m.

I det grenseoverskridande samarbeidet vert det lagt vekt på breie strategiske tiltak som reduserer grenseregionale utfordringar og legg grunnlag for å utvikle potensialet i grenseregionane. Dei grenseregionale organisasjonane er sentrale aktørar for å redusere grensehinder og gjere mobilitet over grensene enklare. Nordisk Ministerråd gjev støtte til utvalde grenseregionale organisasjonar for at dei skal arbeide med grenseregionale prosjekt, m.a. med fokus på utvikling av næringslivsnettverk, klyngesamarbeid innanfor reiseliv, konferansar for unge om entreprenørskap og arbeid for å vareta språkleg mangfald i regionane.

I arbeidet som er retta mot nordiske byregionar, skal det utviklast kunnskap og utarbeidast innspel til ein policy for rolla til byregionane, m.a. rolla til byregionane i globaliseringsprosessen og samordning i komplekse storbyregionar.

Arbeidet med tredje generasjons regionalpolitikk skal bidra til at det regionalpolitiske samarbeidet i Norden vert utvikla som ein sentral aktør for territorial politikk og fokuserer m.a. på nordisk tolking av EU-politikken om territorialt samhøyr. Ministerrådet medfinansierer fleire Interreg-prosjekt. Dette bidreg til å løfte fram Norden i høve til EU når det gjeld Austersjøregionen, Nordkalotten og dei arktiske områda.

Arbeidet for ein berekraftig distriktspolitikk fokuserer på presset frå globaliseringa på busetjinga og sysselsetjinga i perifere område. Det vert lagt vekt på utvikling i distrikta, rolla små og mellomstore byar spelar for distriktspolitikken, og rolla til distrikta i eit territorialt samhøyrsperspektiv.

Utviklingspotensialet i område med spreidd busetjing vert greidd ut m.a. i forhold til reiseliv, fritidshus og kortreist mat.

Energi

Det nordiske energisamarbeidet har dei siste åra bygd på handlingsplanen for det nordiske energisamarbeidet 2006–2009. Det har vore fokus på nordisk elektrisitetsmarknad, fornybar energi, energieffektivitet, energi i område med spreidd busetjing og norden i eit globalt perspektiv. I tillegg har forsking og teknologiutvikling hatt høg prioritet på energiområdet gjennom eit nordisk energiforskingsprogram (NEF). Under den islandske formannskapen i 2009 vart det vedteke eit handlingsprogram for det nordiske energipolitiske samarbeidet for perioden 2010–2013.

Globaliseringsinitiativet har sett ny fart i det nordiske energisamarbeidet. Spørsmål under det nye handlingsprogrammet for 2010–2013 er relevant for dette initiativet. Det er sentralt for det nordiske energisamarbeidet å bidra aktivt til utforminga av energipolitikken i Europa innanfor ramma av EU/EØS.

I den islandske formannskapsperioden i 2009 fortsette arbeidet med det nordiske handlingsprogrammet for energisamarbeidet som gjaldt for perioden 2006–2009. Det vart lagt vekt på at det nordiske energisamarbeidet skal vere ein sterk og aktiv deltakar i utforminga av energipolitikken i norden og europa ved å konsentrere seg om følgjande kjerneområde:

  • energimarknadar

  • berekraftige energisystem

  • Norden i det internasjonale energisamarbeidet

Energi i transportsektoren har til no ikkje stått på dagsordenen for det nordiske samarbeidet. I det nye handlingsprogrammet er dette området innarbeidd med fokus på energieffektivitet og alternative drivstoff. Prosjektet er òg ein del av det nordiske globaliseringsinitiativet.

På bakgrunn av dei rammene for energipolitikken som blir utvikla gjennom EU/EØS, er det behov for eit nordisk samarbeid i alle fasar av utforminga av politikk og regelverk. Ei prioritering av det nordiske elektrisitetssamarbeidet er rekna som spesielt viktig. Dette vart også stadfesta under møtet mellom dei nordiske energiministrane i Stockholm i oktober 2009.

Det er eit omfattande elektrisitetsmarknadssamarbeid mellom dei nordiske landa. Olje- og energidepartementet er involvert i dette samarbeidet gjennom grupper under Nordisk Ministerråd. Vidare har regulatorane (NordReg) og sentralnettselskapa i Norden eit omfattande samarbeid. Utover dette samarbeider konkurransetilsyna i Norden om spørsmål i tilknyting til elektrisitetsmarknaden.

Det nordiske samarbeidet på elektrisitetsområdet har resultert i auka forsyningstryggleik, betre utnytting av dei samla nordiske kraftressursane, auka investeringar i overføringssamband mellom landa og auka transparens i marknaden. Det går òg føre seg eit arbeid i retning av ein felles nordisk sluttbrukarmarknad. Dette er viktige steg på vegen mot ein integrert nordisk kraftmarknad. Det har vore viktig å kunne einast om felles nordiske prinsipp for flaskehalshandtering, då dette av mange blir oppfatta som det største hinderet for vidareutvikling i den nordiske kraftmarknaden.

På ministermøtet i Stockholm i oktober 2009 vart dei nordiske energiministrane einige om å halde fram med arbeidet mot ein grenselaus og effektiv elektrisitetsmarknad. Nettplanlegging og investeringar, handtering av flaskehalsar, harmonisering av balanseansvarlege verksemder og ein framtidig felles sluttbrukarmarknad er saker som det no vert arbeidd vidare med. Utviklinga av meir uregulerbar fornybar energi i den nordiske elektrisitetsmarknaden skapar nye utfordringar for marknaden og dei systemansvarlege.

Den nordiske elektrisitetsmarknaden står høgt på dagsordenen til dei nordiske energiministrane. Det er viktig at arbeidsplanen for den nordiske elektrisitetsmarknaden vert gjennomført i tråd med konklusjonane frå Stockholm-møtet i 2009.

Energidimensjonen ved klimapolitikken har lenge vore eit viktig tema for Nordisk Ministerråd i det førre handlingsprogrammet for perioden 2006–2009. I perioden 2010 til 2013 står temaa fornybar energi og energieffektivisering særleg høgt.

Auka satsing på fornybar energi og energieffektivisering er ein del av den energipolitiske responsen på klimautfordringa. Politikken på desse områda vert samtidig vurdert som viktig for andre energipolitiske mål i dei nordiske landa. Dei nordiske landa har ei felles interesse av å sjå på korleis dei kan innrette verkemiddelbruken og markere leiarskap på desse områda. Det er viktig i lys av at politiske prosessar globalt og i Europa får følgjer for alle landa. Dei nordiske landa konsentrerer seg difor spesielt om utvikling av rammevilkår for energieffektivisering og fornybar energi i lys av utviklinga av direktiv og nye initiativ i EU/EØS. Under den norske formannskapen i 2006 vart det etablert arbeidsgrupper innan fornybar energi og energieffektivisering. Dette arbeidet er styrkt og vidareført i 2008 og 2009, og målet er å følgje prosessane på EU/EØS-nivå. EUs energi- og klimapakke vektlegg desse områda, og det er naturleg at det nordiske energisamarbeidet følgjer med på både vedtaksprosessar og gjennomføring av aktuelle direktiv og politiske initiativ. Gjennomføring av EU-direktivet for å fremje fornybar energi står sentralt som samarbeidsområde i handlingsprogrammet for 2010–2013. Dette inkluderer arbeid som er knytt til utvikling av samarbeidsmekanismar mellom land, noko som er nedfelt i direktivet.

Dei nordiske energiministrane deltek i Baltic Sea Region Energy Co-operation (BASREC) og underteikna i 2003 ein avtale om å etablere Austersjøregionen som forsøksområde for bruk av dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen. Som ei oppfølging av avtalen vart det oppretta eit investeringsfond for implementering av fellesgjennomføringsprosjekt i regionen. Eit viktig mål er å stimulere til realisering av felles gjennomføringsprosjekt i energisektoren i Austersjøområdet. Fondet vart positivt evaluert i 2007. Dei nordiske landa er pådrivarar i BASREC-samarbeidet. I februar 2009 vart det halde eit ministermøte i BASREC-samanheng med støtte frå Nordisk Ministerråd. Retninga på arbeidet har nordisk støtte, og i 2010 overtok Noreg formannskapen for BASREC.

Det vil vere sentralt å halde fram med det gode samarbeidet på energiområdet når det gjeld felles utfordringar innan EU/EØS-relaterte tema. I 2009 har det vore samarbeidd om forslaget til energimarknadspakke og forslaget til energi- og klimapakke som er under gjennomføring i EU og relevant for EØS-landa. I lys av at Kommisjonen og EU-landa er midt i ein ny diskusjon om energipolitikk, er det naturleg for dei nordiske landa å setje sterkare søkjelys på dei felles utfordringane dette inneber.

I tillegg vert det òg lagt vekt på samarbeid mot Nordvest-Russland og Austersjøområdet i den nordiske tilnærminga til det internasjonale energisamarbeidet.

Det er etablert eit velfungerande nordisk samarbeid om energiforsking. I handlingsprogrammet for energisamarbeidet 2010–2013 er målsetjinga å styrkje og utvikle konkurransekraftige kompetanse- og kunnskapsmiljø innanfor berekraftige og reine energiteknologiar og -system. Nordisk energiforsking (NEF) er ein institusjon under Nordisk Ministerråd som er lokalisert i Oslo. Institusjonen har til føremål å vidareføre og fremje det nordiske samarbeidet på energiforskingsområdet ved å leggje til rette for auka kompetanse, konkurranseevne og verdiskaping på energisektoren i Norden. NEF skal utfylle og styrkje den fellesnordiske energiforskinga.

Det er ei hovudoppgåve for NEF å bidra til ein felles strategi for forsking og utvikling på dei delane av energiområdet som er av felles nordisk interesse og støtte og utvikle FoU innanfor sentrale energifaglege tema. Det nordiske samarbeidet skal byggje på dei nordiske nasjonale føresetnadene og styrkeposisjonane. I strategien for 2010–2013 skal det fokuserast på reinare teknologiar og løysingar som til dømes vindkraft, solenergi, bioenergi, havenergi, systemløysingar og intelligente infrastrukturløysingar.

NEF bruker ulike verkemiddel for å nå desse måla:

  • økonomisk støtte til FoU og kompetanseutvikling

  • arenaer for etablering av forskarnettverk og informasjonsutveksling mellom forskarar, industri og styresmakter

  • konkret oppfølging av forskingsprosjekt og initiativ

  • kommunikasjon og spreiing av forskingsresultat

Nordisk energiforsking er samfinansiert av dei nordiske landa med ca. 29 millionar kroner årleg.

Det har i 2009–2010 vorte arbeidd med tilrettelegging av det nordiske toppforskingsprogrammet. Både fornybar energi og fangst og lagring av karbon (CCS) har her vorte prioritert som satsingsfelt innanfor FoU på energiområdet. NEF speler ei sentral rolle i koordineringa og implementeringa av toppforskingsinitiativet på klima-, energi- og miljøområdet.

Vidare har NEF i 2010 vore sentrale i arbeidet med det nye nordiske programmet for Energi og transport, som skal bidra til å fremje Norden på området berekraftig transport. NEF gjev òg støtte til arbeidsgruppene i Nordisk Ministerråd for elektrisitetsmarknaden, fornybar energi og energi for område med spreidd busetjing.

5.5 Fiskeri og fangst

Embetskomiteen for fisk (EK Fisk) har med bistand frå arbeidsgruppa for fisk (AG fisk) ansvaret for fiskeri- og havbruksspørsmål innanfor NMR. Arbeidet tek utgangspunkt i handlingsplanen for 2009–2012 og dei årlege formannskapsprogramma. Færøyane (Danmark) har formannskapen i 2010.

Innsatsen er strategisk retta mot område av høg politisk nordisk relevans og mot å utvikle samarbeid med viktige atlantiske og internasjonale partnarar (særlig FAO). Både NORDFORSK og NICe krev at interessene til sektoren blir meir målretta og strategisk innarbeidde i programma og porteføljane til institusjonane. Arbeidet med å innarbeide sektorinteressene på forskings- og innovasjonssida har høg prioritet.

Viktige milestolpar i 2009 har mellom anna vore:

  • Ísafjörður-deklarasjonen (av 2. juli 2009) som omhandlar kva fiskeri- og havbrukssektoren har å seie for verdshandelen, saman med behovet for å fremje ansvarleg og berekraftig fiskeri og akvakultur både når det gjeld matvareforsyning og handelsmogelegheiter for utviklingslanda.

  • Reforma av EUs felles fiskeripolitikk. Ministerrådet har svart på ei framstilling (5/2008) og eit skriftleg spørsmål (E3/2009) frå Nordisk Råd om reforma av den felles fiskeripolitikken i EU. I 2009 vart det arrangert nordiske konferansar om rettsbasert forvaltning, utkast og samforvaltning. Fagrapportane vart sende til Nordisk Råd og EU-kommisjonen. Den nye fiskeripolitikken i EU (CFP) var òg tema på fiskeriministermøtet i Ísafjörður.

  • Klimaeffektar på primærnæringane – hav og fiskeri – tilpassingar og tiltak. Dette programmet er ein integrert del av globaliseringsinitiativet. Nasjonalt, nordisk og internasjonalt vil forsking og overvaking av økosystemet bli viktige nordiske innsats- og samarbeidsområde for å utvikle vedtaksgrunnlag for tiltak.

  • Marin innovasjon. Som ein del av programmet til den islandske formannskapen har det vorte arbeidd med å etablere samarbeidsprosjekt med kanadisk deltaking og likeins eit nordisk marint innovasjonsprogram som m.a. dekkjer fiskereiskapar, akvakultur, foredling, distribusjon og algeteknologi.

Programmet for 2010

Dei fire hovudaktivitetane som er omtalte ovanfor, vil bli vidareførte i 2010. I tillegg vil den færøyske formannskapen fokusere på følgjande tema:

  • dei pelagiske fiskeressursane i Nordaustatlanteren: klimaendringar, ressurstilstand, forvaltningsregime (mellom anna ressursrenteproblematikk) og foredling,

  • internasjonal havforvaltning og forvaltningsregime – miljø, skipsfart, olje, turisme/kystkultur, fiske og rekreasjon,

  • rettsbasert fiske: samfunnsøkonomiske verknader knytte til allokering av fiskerettar (m.a. i samband med revisjonen av CFP),

  • miljøtilpassing i fiske, mellom anna ved å utvikle nordisk samarbeid på område som energieffektivitet og miljøeffektar av reiskapsbruk, miljømerking og sporing, livssyklusanalysar (LCA), marine verneområde (MPA), effektivisering av fiskeovervaking og liknande.

5.6 Jord- og skogbruk

Globaliseringsinitiativet ligg til grunn for handlingsprogrammet for ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk saman med strategien til Nordisk Ministerråd for berekraft. Dei årlege formannskapsprogramma skal vere med på å oppdatere handlingsprogrammet slik at tidsaktuelle oppgåver blir prioriterte til kvar tid.

Rammeprogrammet har seks satsingsområde:

  • bidra til utvikling av konkurransekraftig produksjon,

  • bidra til å betre føresetnadene til dei nordiske landa i møte med klimaendringane og utfordringane med å sikre genetisk mangfald for komande generasjonar,

  • støtte ei berekraftig utvikling av kyst- og innlandsbygdene i Norden og kulturen deira,

  • vidareutvikle den nordiske velferdsmodellen med vekt på god folke- og dyrehelse og høg dyrevelferd,

  • bidra til at felles nordiske vurderingar får gjennomslag i internasjonale prosessar og fora.

Dei nordiske landbruksministrane sette hausten 2009 fokus på den globale mattryggleiken m.a. ved felles artiklar i verdspressa. Behovet for ein auke i matproduksjonen på 70 % fram til 2050 vart klargjort saman med utfordringar knytte til forventa klimaendringar og behovet for å bevare genressursar og utvikle godt tilpassa plantemateriale til endra vekstvilkår.

Programmet «Ny nordisk mat» er blitt svært populært i dei nordiske landa. Det skapar rom og auka interesse for utvikling av lokal og regional mat og matkultur, for regional utvikling og verdiskaping og for profilering av nordisk mat og matkultur både nasjonalt og internasjonalt. Satsinga på nordisk mat blir vidareført ved eit nytt program som startar opp i 2010. Programmet skal arbeide for å styrke dei nordiske mattradisjonane og dei nordiske fortrinna i matproduksjonen. Frå norsk side legg ein stor vekt på mat til mange og kvardagsmaten, som òg skal fremje helse og velvere. Innsatsen vil bli retta mot heile verdikjeda og skal mellom anna framheve nordisk matkultur for å fremje turisme og eksport av mat. Kommunikasjon skal vere sentralt i programmet. I tillegg til hovudbodskapen skal kommunikasjon føre til rask utveksling av kunnskap og erfaringar mellom dei nordiske landa.

Programmet «Klimaeffektar på primærnæringane – tilpassingar og tiltak» er ei oppfølging under globaliseringsinitiativet. Det skal klarleggje korleis primærnæringane kan bli påverka av klimaendringane og tek utgangspunkt i nasjonale prioriteringar og nasjonale styrkeposisjonar. Programmet skal styrkje og effektivisere den samla nordiske forskinga på området. Det er sett ned ei tverrsektoriell styringsgruppe for prosjektet. Prosjektet skal strekkje seg til 2012 med sikte på vidare drøfting og nordisk tilråding det året.

Det nordiske samarbeidet om genressursar for landbruket er samordna og lagt under Nordisk genressurssenter (NordGen). Etableringa av NordGen gjer at Norden kan profilere og posisjonere seg godt i det internasjonale genressursarbeidet. Utfordringane som er knytte til genressursarbeidet, er raskt aukande både nasjonalt og internasjonalt. Det gjeld generelt for å bevare genmateriale som kan bli viktig for matproduksjonen og mattryggleiken i framtida, og det er knytt til meir spesifikke forhold som m.a. dei forventa klimaendringane som fører til at den biologiske produksjon må gå føre seg under andre vekstforhold enn no. Utviklingspotensialet i NordGen vart drøfta på ministermøtet i 2009, og ministrane noterte seg at NordGen blir stadig viktigare.

Ei arbeidsgruppe la i mai 2010 fram ein rapport om framtida for NordGen («NordGen säkrar biologisk livsgrund för nutid och framtid»). Framtida for NordGen vil bli drøfta på ministermøtet som er tillyst i november 2010 i København.

Det nye frølageret på Svalbard (Svalbard Global Seed Vault) har vore ein stor suksess og får framleis stor merksemd i verdspressa og i mange fagfora. Frøkvelvet inneheld no 526 000 ulike frøprøvar (mai 2010) frå mange land, som er deponerte for sikker langtidslagring i frøkvelvet. I frøkvelvet kan det oppbevarast duplikatorar av frøsamlingar frå andre genbankar, slik at tilsvarande frø kan hentast ut dersom katastrofar, ulykker eller anna fører til at ordinære samlingar går tapt. Frølageret på Svalbard er eit sentralt og viktig bidrag til å sikre det biologiske mangfaldet i landbruket.

Deponeringa av frø i det globale frøkvelvet på Svalbard skal vere i samsvar med nasjonalt og internasjonalt regelverk. Frøkvelvet vil ta imot frø som er gjort tilgjengelege gjennom det multilaterale systemet eller artikkel 15 i den internasjonale FAO-traktaten om plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk (ITPGRFA), eller frø som stammar frå landet som deponerer materialet. Det er oppretta eit internasjonalt råd for frøkvelvet. NordGen har ansvaret for drifta gjennom ein eigen avtale mellom Landbruks- og matdepartementet, Global Crop Diversity Trust og NordGen.

Den 26. februar 2009 vart eittårsjubileet for det globale frøkvelvet markert med eit internasjonalt seminar på Svalbard. I ein uttale frå seminaret blir det slått fast at dagens matplantar er under press. Tap av biologisk mangfald er i dag ei av dei største utfordringane for miljø og berekraftig biologisk produksjon. Konsekvensen kan bli eit irreversibelt tap av matplantar tilpassa klimaendringar og nye plantesjukdomar, og problema med å dekkje matbehovet til ei veksande befolkning kan auke.

Det ligg til rette for auka nordisk innsats i planteforedlingsarbeidet. Eit partnarskapsamarbeid med private og med institusjonar er under planlegging. Arbeidet er viktig for å møte behovet for eit breiare utval av plantemateriale i mat- og fôrproduksjonen i dei nordiske landa. Dette arbeidet er svært viktig når vekstvilkåra endrar seg. Det er venta at ein slik innsats vil ha svært god nordisk nytte. Det nordiske arbeidet skal tilpassast det nasjonale arbeidet i landa.

Det nordiske samarbeidet om skogbruk har politisk sett vorte viktigare i dei seinare åra. Det er svært god nordisk nytte i samarbeidet om skogbruk. I dei nordiske landa står ein ovanfor ganske like utfordringar mellom anna knytt til klimaendringar.

Selfossdeklarasjonen vart vedteken på Island i 2008 då dei nordiske skogministrane drøfta prinsipp og nye utfordringar for eit berekraftig nordisk skogbruk i framtida. Frå tidligare ligg Nørrebrodeklarasjonen føre, som særleg var retta mot fleirbruk av skog.

Selfossdeklarasjonen omhandlar skog og vasskvalitet, skogen som energikjelde, kriterium for miljømerking av biodrivstoff, skogen som middel for avgrensing av klimaendringar og klimatilpassingar av skog. Deklarasjonen går òg inn på nordisk samarbeid for genetisk tilpassing av skog og forslag til betre nordisk samarbeid om skogforsking sett i lys av utfordringar framover.

Embetsmannsgruppa for skogbruk arbeider no med oppfølging av Selfossdeklarasjonen. Forslaga som skal drøftast på ministermøtet i 2010, vil mellom anna omfatte policy-retta tilrådingar til dei nordiske strukturane i skogssamarbeidet og direkte tiltak som omfattar ulike aktivitetar som bør gjennomførast av aktuelle nordiske aktørar.

5.7 Økonomi- og finanspolitikk

Hovudmåla med det nordiske samarbeidet på det økonomiske og finansielle området er høg og berekraftig vekst i produksjon og sysselsetjing, låg arbeidsløyse og låg og stabil prisstiging. Samarbeidet skal elles fremje nordiske interesser internasjonalt. EU-saker har høg prioritet. Samarbeid og informasjonsutveksling om skattespørsmål er òg eit fast innslag på finansministermøta. Eit anna viktig område er oppfølging av arbeidet med å avvikle grensehinder mellom dei nordiske landa.

I åra framover vil aldringa av befolkninga leggje eit aukande press på offentlege finansar. For å møte denne demografiske utfordringa legg alle dei nordiske landa stor vekt på høg yrkesdeltaking og på å sikre berekrafta i offentlege finansar. Dette kjem til uttrykk i ein aktiv arbeidsmarknads- og sysselsetjingspolitikk, pensjonsreformer og målsetjingar om styrking av den finansielle stillinga til staten.

Nærare om viktige tiltak:

  • For å motverke skatteflukt vedtok dei nordiske finansministrane i 2006 å samarbeide om å inngå avtalar med skatteparadis om informasjonsutveksling. Prosjektet har vore ein suksess og resultert i at alle dei nordiske landa har inngått bilaterale avtalar om informasjonsutveksling med over tjue jurisdiksjonar. Det er venta at det vert underteikna fleire avtalar i løpet av 2010. Det er vedteke å forlengje prosjektet fram til 2012. Prosjektet har fått mykje positiv internasjonal merksemd, og Norden ligg på toppen når det gjeld inngåtte avtalar med land som OECD har klassifisert som skatteparadis.

  • Dei nordiske finansministrane har starta eit nytt nordisk økonomisk tidsskrift som heiter Nordic Policy Review. Tidsskriftet skal sjå på økonomisk-politiske spørsmål i eit nordisk perspektiv og fremje diskusjonen om slike saker i dei nordiske landa. Tidsskriftet skal kome ut to gonger i året. I samband med utgjevingane skal det haldast eit fagleg seminar om dei emna tidsskriftet tek opp. Den første utgjevinga kom i september 2010 og omhandlar emne kring konsekvensane av finanskrisa. I samband med nordisk finansministermøte 22. mars i år i København vart det halde eit seminar der artiklane vart presenterte for ein brei deltakarkrets.

  • Nordisk Ministerråd utlyste i 2009 ein priskonkurranse om innverknaden finans- og pengepolitikken har på konjunkturutviklinga. Prispengane på til saman 250 000 danske kroner går til dei bidraga som gjev den beste utgreiinga for i kor stor grad den økonomiske politikken har bidrege til å stabilisere konjunkturane over dei siste konjunktursyklusane. Fristen for bidrag var 1. juli 2010, og bidraga skal vurderast av ein komité med representantar frå dei nordiske landa. Vinnarane vil bli kåra i løpet av hausten 2010.

  • Det er gjennomført tiltak for å byggje ned grensehinder mellom dei nordiske landa ytterlegare, m.a. i samband med den nordiske skatteportalen som vart oppretta i 2005.

  • I samband med det nordiske finansministermøtet i oktober 2008 vart det vedteke å opprette ei embetsmannsgruppe på høgt nivå som skal følgje gjennomføringa av stabiliseringsprogrammet på Island og drøfte og utarbeide støttetiltak som kan medverke til å få Island ut av den økonomiske krisa. I samanheng med eit IMF-program for Island har dei andre nordiske landa inngått ein avtale med Island om lån på til saman om lag 1,8 milliardar euro. Utbetalingane er knytte til framdrifta for IMF-programmet. Per 1. juli 2010 var halve lånesummen utbetalt.

  • Ei felles arbeidsgruppe under EK-Miljø og EK-Finans tek hand om samarbeidet på miljøøkonomiområdet. Gruppa er eit forum for faglege diskusjonar, og her kan dei nordiske landa dessutan koordinere førebuingane til internasjonale møte. Gruppa har avslutta fleire prosjekt i 2009 og har fleire større prosjekt under planlegging og oppstart.

Verksemda i Den nordiske investeringsbanken (NIB) i 2009

Banken er eigd av dei nordiske og baltiske landa. Banken har til oppgåve å yte investeringslån og stille garantiar på bankmessige vilkår og i samsvar med samfunnsøkonomiske omsyn til prosjekt som er av interesse for medlemslanda og andre land som tek opp slike lån. Låneaktivitetane omfattar m.a. investeringslån til verksemder i to eller fleire medlemsland, finansiering av miljø- og infrastrukturinvesteringar, lån til regionalpolitiske kredittinstitusjonar, ordinære investeringslån utanfor Norden og prosjektinvesteringslån til kredittverdige utviklingsland og land i Sentral- og Aust-Europa. Banken hadde eit overskot på 324 millionar euro eller om lag 2,6 milliardar kroner i rekneskapsåret 2009, mot eit underskot på 281 millionar euro i 2008. Overskotet har samanheng med auka internasjonale renter og stigning i marknadsverdien på bankens handelsportefølje. I 2009 vart det ikkje utbetalt utbytte til eigarane.

Ved utgangen av 2009 var samla utlån og garantiar frå NIB på 13,8 milliardar euro eller 110 milliardar kroner. Av dette var utbetalingane i 2009 på 2 milliardar euro. Uteståande lån og garantiar til medlemslanda utgjorde 10,9 milliardar euro eller om lag 87 milliardar kroner. Prioriterte område er miljø, energi, transport, logistikk og kommunikasjon, i tillegg til innovasjon. Ved utgangen av året utgjorde utlånet til Noreg 17 prosent av samla utlån i banken.

Banken har eit formelt samarbeid med 38 land utanfor Norden og Baltikum. Utlån til desse landa kom i 2009 opp i eit samla beløp på 370 millionar euro, som er noko mindre enn i dei føregåande åra. I 2009 gjekk 21 prosent av tildelte lån til miljøprosjekt. Dei nordiske og baltiske landa har vorte samde om å utvide grunnkapitalen til NIB med 2 milliardar euro til 6,1 milliardar euro frå 1. januar 2011, på vilkår av at det vert godkjent av parlamenta.

5.8 Sosial og helse

Ny institusjonsstruktur

Som eit ledd i moderniseringa av Nordisk Ministerråd vedtok dei nordiske samarbeidsministrane i desember 2008 den endelege institusjonsstrukturen på sosial- og helseområdet. Den nye institusjonsstrukturen vart teken i bruk 1. januar 2009 og innebar etablering av ein ny institusjon på det sosiale området med namnet Nordens velferdssenter (NVC), med hovudkontor i Stockholm. NVC er ei samanslåing av Nordisk samarbeidsorgan for handikapspørsmål, Nordisk utviklingssenter for hjelpemiddel og Nordisk utdanningssenter for utvikling av sosialservice. Nordisk senter for alkohol- og narkotikaforsking og Nordisk utdanningssenter for døvblinde, som høvesvis held til i Helsingfors og i Dronninglund på Jylland, er omdanna til dotterinstitusjonar under den nye institusjonen. Den nordiske høgskulen for folkehelsevitskap (NHV) i Göteborg består som institusjon på helseområdet, og det er lagt opp til eit utstrekt samarbeid mellom NVC og NHV.

Nordisk Institutt for Odontologiske Materialer (NIOM) er frå januar 2010 omdanna til eit nordisk samarbeidsorgan, organisert som dotterselskap under statsaksjeselskapet UniRand AS ved Universitetet i Oslo, med verknad frå januar 2010. Hovudformålet med omdanninga er å finne ei tenleg og effektiv driftsform og å oppnå synergieffekt ved tilknytinga til universitetsmiljøa, samtidig som den nordiske profilen på verksemda vert vidareutvikla. Dei nordiske samarbeidsministrane slutta seg til dette på møtet i september 2009. I samband med behandlinga av Prop. 37 S (2009–2010), jf. Innst. 89 S (2009–2010), vedtok Stortinget ei løyving til aksjekapital til etablering av NIOM AS som dotterselskap under UniRand AS. Dette inneber at Helse- og omsorgsdepartementet eig 49 % av aksjane i NIOM AS, medan UniRand AS eig 51 % av aksjane. Utleigar har sagt opp leigeavtalen i dei noverande lokala i Bærum, og planen er at institusjonen skal flytte til nærområdet til universitetet innan 1. januar 2011.

Status på samarbeidsområde

Rusområdet

Alkohol

Dei nordiske sosial- og helseministrane vedtok i 2004 ei fråsegn om samarbeid om alkoholpolitiske spørsmål i internasjonale organ. Det er særleg overfor Verdshelseorganisasjonen og EU eit slikt samarbeid er etablert. Nordisk senter for alkohol- og narkotikaforsking (NAD) har sidan 2004 utarbeidd ein årleg statusrapport for dei nordiske sosial- og helseministrane. Frå 2009 er denne oppgåva overført til NVC Finland, og på møtet i MR-S i juni 2009 vart det vedteke at den årlege alkoholpolitiske rapporteringa skulle halde fram.

Vidare knyter det seg eit kontinuerleg samarbeid til partnarskapen for helse og livskvalitet under Den nordlege dimensjonen, der det mellom anna er ei eiga ekspertgruppe om alkoholskadar. EU-kommisjonen la hausten 2006 fram ein kommunikasjon om ein alkoholpolitisk strategi for EU. Det er sett i gang eit omfattande arbeid rundt oppfølginga av tiltaka i strategien. Verdshelseforsamlinga vedtok i 2008 at det skal utarbeidast ein global strategi for å redusere skadeleg bruk av alkohol. Denne globale strategien vart vedteken på Verdshelseforsamlinga i mai 2010.

Dei nordiske landa samarbeidde nært for å medverke til at resolusjonen gjekk gjennom i helseforsamlinga. Etter vedtak på det nordiske ministerrådsmøtet i Visby i juni 2008 er det sett ned ei nordisk tenestemannsgruppe for alkoholpolitisk samarbeid til å organisere dette samarbeidet.

Narkotika

Nordisk narkotikaforum – eit uformelt nordisk samarbeid på embetsnivå – vart arrangert av den islandske formannskapen i Reykjavik 11. september 2009. Representantar frå dei nordiske landa deltok i forumet. Eit sentralt tema i møtet var korleis ein skulle følgje opp FNs høgnivåmøte om narkotika i Wien i mars 2009. Dei nordiske landa vart samde om å utarbeide ein resolusjon om førebygging mot narkotika, som blei vedtatt av FNs narkotikakommisjon i mars 2010.

Utsette born og unge

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vil medverke til at barneperspektivet vert vareteke gjennom det nordiske samarbeidsprogrammet på området. Det treårige samarbeidsprogrammet mellom Nordisk Ministerråd, styresmaktene i Nordvest-Russland og dei tre baltiske landa (2006–2008) som var retta mot born med nedsett funksjonsevne og familiane deira, vart avslutta i 2008. Det er gjennomført ei rekkje aktivitetar i regi av samarbeidsprogrammet, som no vert følgt opp av styresmakter på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå i samarbeidslanda.

Personar med nedsett funksjonsevne

Europarådet og Nordisk Ministerråd har starta eit samarbeid der målet er å betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne. Under Nordisk handikappolitisk råd er det fem sektornettverk på områda bygg- og samfunnsplanlegging, utdanning, transport, kultur og arbeidsmarknad. NVC er sekretariat for desse nettverka. Frå 2009 er det oppretta eit nytt, sjette nettverk med samordning av politikken for personar med nedsett funksjonsevne som arbeidsfelt. På initiativ frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet i Noreg finansierte Nordisk Ministerråd i 2008 ei kartlegging av innovasjon og teknologisk utvikling på hjelpemiddelområdet i Norden. Det var lagt vekt på tilhøvet mellom utvikling av hjelpemiddel og av meir universelt utforma produkt. I tillegg ville ein med tanke på det nordiske arbeidet med nedbygging av grensehinder stimulere til auka nordisk samarbeid innanfor innovasjon og teknologi, slik at ein i større grad kunne dra nytte av kvarandres erfaringar. Sluttrapporten frå januar 2009 peikar på at det går føre seg mykje relevant samarbeid på hjelpemiddelområdet i Norden, og at landa uttrykkjer ønske om og behov for at samarbeidet held fram og blir utvida. Det blei avdekt behov for sterkare koordinering på nordisk nivå for å hindre dobbeltarbeid og med sikte på å kople aktuelle nasjonale miljø til kvarandre. Den nye nordiske institusjonen NVC er rekna som ein viktig aktør i dette arbeidet.

Helseberedskapssamarbeid

Dei nordiske landa har lang tradisjon for samarbeid om helseberedskap. Den nordiske helseberedskapsavtalen frå 2002 dannar den formelle ramma. Som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 37 (2004–2005) Flodbølgekatastrofen i Sør-Asia og avgjerda til utanriksministrane frå 2005 om å styrkje samarbeidet mellom dei nordiske landa ved kriser og katastrofar i utlandet, har ei arbeidsgruppe tilrådd eit formalisert samarbeid på dette området. Det samarbeidas om førebyggjande tiltak, varsling, gjennomføring av redningsarbeidet, etikk, rapportering, evaluering, kommunikasjon og informasjonsutveksling. Det vert arbeidd med ei handbok som konkretiserer rutinar og prosedyrar for dette samarbeidet. Frå norsk side ser vi på dette som eit svært viktig samarbeidsområde.

Nordisk samarbeid om demensforsking

Dei neste 35 åra er det venta ei dobling av talet på demente i Norden. Demens er ein av dei vanlegaste mentale sjukdomane. Innbyggjarane i Norden vert stadig eldre, og fleire enn før er utsette for alderssjukdomar, samtidig som demens òg rammar stadig fleire unge. Dei nordiske landa er ofte for små potensielle marknader kvar for seg til at medisinindustrien vil finansiere forsøk med nye behandlingstypar, men saman kan dei nordiske landa ha større gjennomslagskraft. Tettare nordisk samarbeid om demensomsorg og avansert demensforsking vil gje denne gruppa ein betre livskvalitet.

Det NordForsk-støtta forskarnettverket «The Nordic Network in Dementia Diagnostics» arbeider for å auke kunnskapen om årsakene til demens. Ei multidisiplinær gruppe som er sett saman av ni forskargrupper frå fem nordiske land og Litauen, samarbeider for å harmonisere diagnostiske arbeidsmetodar og bidra til ei tidlegare og betre diagnostisering av sjukdomen.

Noreg er åleine i Norden om å ha ein nasjonal plan for demensomsorg og avansert demensforsking. I regi av Demensplan 2015 er det mellom anna sett i gang eit nordisk samarbeidsprosjekt om utvikling av teknologiske hjelpemiddel for yngre personar med demens. Teknologiske hjelpemiddel kan bidra til at menneske med demens kan leve eit sjølvstendig og meiningsfullt liv trass i funksjonssvikt og sjukdom.

Japansk-nordisk samarbeid for å møte omsorgsutfordringane i framtida

I eit møte mellom dei nordiske statsministrane og Japans statsminister i 1997 vart det starta eit samarbeid mellom Norden og Japan for å møte omsorgsutfordringane i framtida. Samarbeidet tek utgangspunkt i felles utfordringar med ei aldrande befolkning og byggjer på gjensidig kunnskapsutveksling om korleis landa møter omsorgsutfordringane i dag og i framtida.

Det er halde 8 seminar i perioden 1997–2009. Intensjonen for seminara er å bidra til erfaringsutveksling og gjensidig læring. Målet er at landa skal kunne dra nytte av kunnskap, modellar/verktøy og politikkutforming som deltakarane utviklar for å kunne møte utfordringane i framtida, og å identifisere felles utfordringar som landa ikkje kan løyse åleine. Erfaringane frå seminara er at denne kunnskapsutvekslinga er viktig og gjev partane nye idear og ny kompetanse om aktuelle metodar og virkemiddel for å løyse dei felles utfordringane ein står overfor, som særleg er knytte til ein aukande aldrande befolkning.

Pandemiberedskap

Norske helsestyresmakter går for tida gjennom erfaringane med handteringa av pandemien (H1N1). Dette vert m.a. gjort gjennom eit samarbeid med dei andre nordiske landa. Her speler Helsedirektoratet, med støtte frå Folkehelseinstituttet, ei sentral rolle frå norsk side. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) leier den nasjonale gjennomgangen av erfaringane frå pandemien. Denne gjennomgangen omfattar både helsesektoren og andre relevante sektorar som hadde ei rolle i pandemien.

Nordisk utgreiingsprosjekt om:

Inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden i dei nordiske landa

Prosjektet er sett i gang av Nordisk Ministerråd, etter eit norsk initiativ. Prosjektet inngår saman med seks andre prosjekt i eit globaliseringsinitiativ om helse og velferd som er forankra under områda sosialpolitikk og arbeidsmarknadspolitikk.

Prosjektet vil gå ut på å studere korleis dei nordiske landa inkluderer utsette og vanskelegstilte grupper på arbeidsmarknaden, m.a. med bakgrunn i den aktuelle globale økonomiske krisa. Prosjektet vil ta for seg arbeidsinkluderingspolitikken meir samla og sjå nærare på følgjande målgrupper og område:

  • ungdom i risiko ved overgangen frå utdanning til arbeid

  • funksjonshemma og personar med psykiske helseproblem

  • seniorar

Føremålet er at dei nordiske landa kan lære av kvarandre om vellukka strategiar, verkemiddel og tiltak, for å inkludere utsette grupper i arbeidslivet, mellom anna med bakgrunn i den globale økonomiske krisa.

Prosjektet vert utført ved Nordens Velferdssenter i åra 2010–2012. Det vil bli presentert delrapportar og halde seminar og møte. undervegs i prosjektet.

Internordiske trygdespørsmål

Ei arbeidsgruppe som vart sett ned i april 2008, overleverte sommaren 2009 eit forslag til ny nordisk konvensjon om trygd til den nordiske sosialforsikringsgruppa (trygdegruppa). Den nye konvensjonen tek sikte på tilpassing til nye EU-forordningar på området og skal etter planen tre i kraft frå det tidspunktet dei nye forordningane blir ein del av EØS-avtalen. Dette er venta skje i løpet av første halvår 2011.

5.9 Arbeidsmarknad og arbeidsmiljø

Ministerrådet for arbeidsliv samarbeider framleis med utgangspunkt i samarbeidsprogrammet for perioden 2009–2012 og har på same måte som tidlegare prøvd å integrere satsinga på globaliseringsprosjekt innanfor dette samarbeidet.

Embetsmannskomiteen for arbeidsliv (EK-A) har i 2009 trekt opp rammene for to globaliseringsprosjekt som er godkjende av samarbeidsministrane innanfor programmet Helse og velferd. Det eine prosjektet vil ta for seg tema knytte til rekruttering av utanlandsk arbeidskraft, arbeidsmiljøet for innvandrarar og tilknyting til arbeidsmarknadene i Norden. Det andre prosjektet tek opp spørsmål om korleis ein kan styrkje utsiktene for at dei nordiske landa får utbytte av nye økonomiske vekstområde.

EK-A har gjeve sine to fagutval – arbeidsmarknadsutvalet og arbeidsmiljøutvalet – i oppgåve å vidareutvikle og gjennomføre prosjekta. Dei vert lagde opp i to trinn. I første halvår 2010 vert det gjennomført forprosjekt slik at utvala deretter får betre grunnlag for å definere aktuelle forskingstema og utforme dei konkrete prosjektutlysingane. Prosjekta er planlagt gjennomførte i perioden 2010–2012.

Den islandske formannskapen for ministerrådet for arbeidsliv i 2009 følgde opp linja til den føregåande svenske formannskapen med å knyte det nordiske samarbeidet nærare EU-arbeidet som går føre seg innanfor arbeidsmarknads-, arbeidsmiljø- og arbeidsrettsområdet. Arbeidsministrane inviterte EU-kommissæren på feltet til eit møte om problemstillingar knytte til kompetanseutvikling hos arbeidskrafta og framtidig kompetansebehov i arbeidslivet. Partane i arbeidslivet deltok òg.

På sjølve ministermøtet drøfta arbeidsministrane finanskrisa og konsekvensane ho får for sysselsetjing og arbeidsløyse. Fokus var særskilt retta mot situasjonen for ungdom.

Ministrane vedtok å setje i verk ei kartlegging av tiltaka landa har gjennomført for å motverke den auka arbeidsløysa blant ungdom, og samtidig sjå på kva tiltak som vert sette inn overfor gruppa med tanke på mangelen på arbeidskraft i framtida.

Informasjonsarbeidet i sektoren er lagt om ved at ein har gått bort frå det tidlegare papirbaserte tidsskriftet og over til å gje ut elektroniske nyheitsbrev og artiklar.

5.10 Ernæring og mattryggleik

Ministerrådet for fiskeri, havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) og ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S) vedtok i juli 2006 ein nordisk handlingsplan for betre helse og livskvalitet gjennom mat og fysisk aktivitet. Som eit ledd i oppfølginga av planen vart det i 2009 gjennomført eit pilotprosjekt for felles nordisk overvaking av kosthald, fysisk aktivitet og overvekt. Med utgangspunkt i handlingsplanen er det òg etablert eit nordisk nettverk for fysisk aktivitet, mat og helse i regi av Helsedirektoratet, Statens folkhälsoinstitut og Sundhedsstyrelsen. Nettverket omfattar òg regionalt nivå i dei tre landa og skal samarbeide ut 2010. På sommarmøtet i MR-FJLS 2009 vart det lagt fram ein statusrapport for handlingsplanen. Våren 2010 kom det inn ein søknad under dette arbeidet om eit prosjekt om friluftsliv og helse. Kombinasjonen av fysisk aktivitet og naturopplevingar har eit stort potensial som helsefremjande aktivitet.

Noreg, Sverige og Danmark har no innført den felles nordiske ernæringsmerkeordninga «Nøkkelholet» som ei felles frivillig merkeordning for sunne matvarer. Det er utarbeidd felles kriterium for bruk av ordninga, og det er sett i gang prosjekt for å undersøkje verknadene av merkeordninga.

Det felles veterinære beredskapssamarbeidet i Norden har framleis høg prioritet. Målsetjinga er å styrkje beredskapen i dei nordiske og baltiske landa på dyrehelseområdet, mellom anna i form av felles strategiar mot sjukdomar, felles opplæring og felles bruk av ressursar og utstyr. Som ei oppfølging av resolusjonen om dyrevelferd og matkvalitet som blei vedteken på møtet i MR-FJLS sommaren 2008, er det etablert eit nordisk nettverk for dyrevelferd. Nettverket skal bidra til å styrkje det nordiske samarbeidet for i størst mogeleg grad å skape ei felles nordisk haldning på området og dermed større gjennomslagskraft i internasjonale forum der dyrevelferd er tema. Det er òg etablert eit nordisk nettverk som skal drøfte EUs dyrehelsestrategi (CAHP) for å identifisere og drøfte felles nordiske interesseområde i dyrehelsestrategien.

I det nordiske klimasamarbeidet blir beredskap mot nye plante- og dyresjukdomar ei viktig utfordring i åra som kjem.

5.11 Likestilling

Under formannskapa i 2008 og 2009 vart intensjonane i det femårige samarbeidsprogrammet for perioden 2006–2010, «Med fokus på kjønn er målet eit likestilt samfunn», følgde opp. Ministerrådet for likestilling (MR-JAM) vedtok i 2007 kjerneoppgåvene for ministerrådet. Vedtaket har betra prioriteringa av innhaldet i det nordiske likestillingspolitiske samarbeidet, mellom anna sett i lys av erklæringa frå møtet mellom dei nordiske statsministrane i Punkaharja i 2007 og riksgrensedeklarasjonen frå 2008 om globalisering. Det opnar òg for eit vidare nordisk-baltisk samarbeid (NB8) og samarbeid på internasjonale arenaer i Europa og FN. Eit nytt fireårig samarbeidsprogram for perioden 2011–2014 er no under utarbeiding.

Ministerrådet for likestilling har tidlegare vedteke at Nordisk institutt for kvinne- og kjønnsforsking (NIKK) skal fortsetje som nordisk institusjon ut ein ny kontraktsperiode til 2011. Ei ny vurdering av statusen til NIKK er i gang og skal sluttførast i 2010.

Grunnlaget for ei eventuell ny organisering vil dermed liggje føre før den inneverande kontraktsperioden går ut og det skal vedtakast eit nytt samarbeidsprogram.

5.12 Justissektoren

Det nordiske lovsamarbeidet har på grunnlag av Helsingforsavtalen frå 1962 til mål å skape mest mogeleg einsarta lovgjeving i dei nordiske landa. Samarbeidet blir drive fram gjennom kontinuerleg innsats for å utveksle informasjon og erfaringar om lovgjevingsarbeid og å tilpasse og revidere lovgjevinga med sikte på størst mogeleg samanfall. Under Sveriges formannskap i Nordisk Ministerråd var ei av prioriteringane å fremje nordisk rettslikskap i samband med gjennomføringa av fellesskapsrettsakter, mellom anna rettsakter omfatta av EØS-avtalen, i nasjonal rett. Som ledd i dette arbeidet utarbeidde dei nordiske justisdepartementa i 2008 ein promemoria som gjer greie for korleis og i kva samanhengar det vert samarbeidd for å få til like reglar i Norden. Promemoriaen er send alle departementa i dei nordiske landa. Helsingforsavtalen og verdet av nordisk rettseining blei òg tekne opp på Forum for lovteknikk og lovførebuing våren 2010, jf. under punkt 2.2. ovanfor.

Også når det gjeld utlevering av lovbrytarar, er det eit tett samarbeid mellom dei nordiske landa. Utlevering av lovbrytarar mellom dei nordiske landa er i dag regulert av felles nordisk lovgjeving. Dei nordiske statane underteikna 15. desember 2005 ein konvensjon om nordisk arrestordre, som inneber at gjeldande fellesnordisk utleveringsordning skal erstattast av eit nytt og meir effektivt system for overlevering av personar som er sikta eller domfelte i eit nordisk land. Avtalen er gjennomført i norsk rett ved lov av 19. september 2008 om pågripelse og overlevering mellom de nordiske stater på grunn av straffbare forhold (lov om nordisk arrestordre). Lova er førebels ikkje sett i kraft.

Det nordiske politisamarbeidet er under utvikling og vert til ein viss grad påverka av prosessar og initiativ i EU. Det er ein naturleg konsekvens av at tre av dei nordiske landa er medlem i EU, medan Island og Noreg står utanfor. Mellom anna vil den såkalla Prüm-avtalen, som no er ein del av EU-regelverket, vere grunnlaget for nye tiltak innan nordisk politisamarbeid.

Som følgje av dette vert det arbeidd med ein nordisk avtale om såkalla samtenestegjering for politiet, det vil seie at styrkar frå to eller fleire nordiske land i samsvar med avtalte prosedyrar skal kunne tenestegjere saman på eitt lands territorium. Det er berre aktuelt i ordensteneste for å førebyggje straffbare forhold og ordensforstyrringar under større arrangement med stor publikumstilstrøyming eller i samband med trafikkteneste i grenseområde.

Det nordiske politisamarbeidet er i aukande grad prega av at dei baltiske landa og andre land som grenser til Austersjøen, vert trekte med i det tette operative samarbeidet som er etablert mellom dei nordiske landa. Til dømes involverer det nordiske politi- og tollsamarbeidet (PTN) i aukande grad òg andre austersjøland i konkrete politi- og tollsaker, og gjennom Austersjørådets Task Force on Organised Crime (BSTF) vil det operative samarbeid i aukande grad òg involvere Russland. Austersjørådet fornya på toppmøtet i juni i år mandatet til BSTF fram til og med 2016.

Det er aukande politisk merksemd om nordisk samarbeid på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. For første gang vart det i april 2009 halde eit ministermøte mellom ministrar med ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i Norden. Eit felles og overgripande mål er å førebyggje og avgrense konsekvensar av større ulykker, naturkatastrofar og andre samfunnskriser. Det går fram av ei felles erklæring frå møtet (Haga-erklæringa) at dei nordiske landa i fellesskap skal undersøkje og konkretisere eit samarbeid innanfor redningsteneste, øving og utdanning, beredskap mot masseøydeleggingsmiddel (CBRN), krisekommunikasjon med publikum, bruk av frivillige og forsking og utvikling. Justisministeren var i desember 2009 vertskap for eit nytt møte mellom nordiske ministrar med ansvar for samfunnstryggleik og beredskap. På dette møtet vart ministrane samde om at det nordiske samarbeidet skal styrkast ytterlegare ved prosjekt om brannførebyggjande tiltak og potensialet for kapasitetsstøtte i samband med store arrangement i dei nordiske landa. Det er planlagt at det skal haldast jamlege nordiske ministermøte om samfunnstryggleik og beredskap. Oppfølginga av ministermøta vert koordinert av eit eige sekretariat (Nordisk møteforum) der alle dei nordiske landa deltek. Det konkrete oppfølgingsarbeidet frå norsk side skjer i hovudsak på direktoratsnivå.

Rapporten frå Thorvald Stoltenberg om framtidig nordisk utanriks- og tryggingspolitisk samarbeid frå 2009 har òg bidrege til auka merksemd om nordisk samarbeid på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet.

Noreg har sidan juni 2009 hatt formannskapen i det nordiske redningstenestesamarbeidet NORDRED. NORDRED byggjer på ein rammeavtale mellom Danmark, Finland, Sverige, Island og Noreg frå 1989 om samarbeid over territorialgrensene for å hindre eller avgrense skader på menneske, eigedom eller miljøet ved ulukker. Avtalen skal komplettere andre nordiske multilaterale eller bilaterale avtalar på området. Noreg vil i formannskapsperioden sin følgje opp avgjerda frå ministermøtet i april 2009 om at det skal vurderast alternativ for vidareutvikling av NORDRED-arbeidet, mellom anna spørsmålet om dette arbeidet kan utvidast til å omfatte samfunnstryggleik og beredskap i vidare forstand.

Med bakgrunn i Stoltenberg-rapporten, Haga-erklæringa og NORDREDs arbeid har det vorte oppretta eit nordisk prosjekt, EU Cross Border, med økonomisk støtte frå EU. Føremålet er å forsterke det nordiske grenseoverskridande operasjonelle arbeidet knytt til redning og beredskap.

Nordisk fellesoperasjon på Haiti

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap deltek i oppretting og drift av ein fellesnordisk leir for innkvartering av FN-hjelpearbeidarar i Haiti. Oppdraget blir no forlenga og utvida. Etter jordskjelvkatastrofen sende Direktoratet òg ein deltakar til FNs katastrofevurderingsteam, UNDAC, og ein IKT-ekspert frå Norwegian UNDAC Support for å assistere UNDAC-teamet. Den fellesnordiske innkvarteringsleiren for hjelpearbeidarar på Haiti er den største nordiske fellesoperasjonen som er gjort innanfor dette feltet. Den norske deltakinga skjer med ekstraløyvingar frå UD på 13 millionar kroner.

I første omgang vart det planlagt med ein kapasitet på innkvartering av 200 hjelpearbeidarar og drift fram til 1. mai. Seinare vart leiren utvida til 300 plassar, og det blir no arbeidd med planar for ytterlegare auking av kapasiteten til 400. Parallelt med dette vart oppdraget forlenga først til 1. august, og så til 1. oktober. Seinare vil materiellet bli overlate til lokale styresmakter eller Verdas matvareprogram (WFP).

Det er WFP som har bede dei nordiske landa om å opprette ein innkvarteringsleir for hjelpearbeidarar. Etablering og drift av leiren skjer gjennom eit samarbeid innanfor International Humanitarian Partnership (IHP), der DSB er norsk medlem. Oppdraget vert løyst ved å setje saman materiell frå svenske, danske, finske, estiske og norske beredskapsleirar. Ei slik løysing har tidlegare vore nytta under øvingar.

5.13 Flyktningar og migrasjon

Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktningspørsmål (NSHF) er eit uformelt diskusjonsforum for flyktning-, innvandrings- og integreringsspørsmål. Justisdepartementet har hovudansvaret for denne gruppa på norsk side. Det vert arrangert eitt årleg ministermøte og to årlege møte på embetsnivå. Det finst for tida tre arbeidsgrupper under NSHF; ei om retur og tilbakevending, ei om gjenbusetjing og ei om arbeidsinnvandring. Arbeidsgruppene har møte 1-2 gonger i året.

Det nordiske samarbeidet er viktig for norske innvandringsstyresmakter. Det gjev ikkje berre ei opning for å diskutere problemstillingar som er av felles interesse for dei nordiske landa, men byr i tillegg på uformell informasjon om møte og prosessar i EU som Noreg elles ikkje har tilgang til.

Formannskapen i NSHF går på omgang mellom dei nordiske landa, og kvar formannskap utarbeider eit program over tema som det er ønske om å diskutere på ministermøtet og embetsmannsmøta. Finland har hatt formannskapen frå juli 2009. Det vart halde eit kombinert embetsmanns- og ministermøte i Finland første veka i juli 2010. Sverige overtek deretter formannskapen fram til juli 2011.

I Nordisk utlendingsutval deltek representantar for utlendingsdirektorata og visumstyresmaktene i dei nordiske landa. Gruppa har bakgrunn i den nordiske passkontrollavtalen og skal ta opp praktiske spørsmål av felles nordisk interesse, til dømes om behandling av visumsaker. Utlendingsdirektoratet (UDI) har hovudansvaret på norsk side. Gruppa har bakgrunn i den nordiske passkontrollavtalen og skal ta opp praktiske spørsmål av felles nordisk interesse, til dømes om behandling av visumsaker. Ansvaret for møta i Nordisk utlendingsutval går på omgang mellom dei nordiske landa.

Nordisk samarbeid på statsborgarskapsfeltet.

Dei nordiske landa har eit pågåande samarbeid på statsborgarskapsfeltet. Nordisk embetsmannsmøte om statsborgarskap blir halde ein gong i året i eit av dei nordiske landa. Gruppa hadde møte i København 5. oktober 2009. Neste møte haldast i Oslo 4. oktober 2010.

Tema på møta er informasjon om regel- eller praksisendringar på statsborgarfeltet. Eit sentralt tema er også Nordisk avtale om gjennomføring av visse bestemmingar om statsborgarskap. Den nordiske avtala fremmer krav til dei nordiske landas nasjonale reglar for oppnåing av statsborgarskap for nordiske borgarar frå eit anna nordisk land. Avtala avgjer og at butid i eit land i visse høve skal medreknast som butid i eit anna land. Gjeldande avtale er datera 14. januar 2002, men det er no forhandla fram ei revidera avtale om statsborgarskap. Noreg leda arbeidsgruppa, som var samansett av representantar frå fagdepartement i dei nordiske landa. Avtalen planleggjast underteikna i København i haust.

5.14 Administrasjon og forvaltning

Dei sentrale statlege arbeidsgjevarorganisasjonane i dei nordiske landa har i mange år hatt eit nært samarbeid. Det går føre seg gjennom ein statleg arbeidsgjevarkonferanse for alle dei nordiske landa. Konferansen vert arrangert annakvart år, sist hausten 2008 i Sverige. I 2010 skal konferansen haldast i Finland. I tillegg blir det mellom konferansane samarbeidd i grupper som er etablerte på ulike personalpolitiske område.

Det er etablert eit nordisk løns- og personalutval som består av leiande representantar for den statlege arbeidsgjevarsida i Norden. Utvalet er eit rådgjevande organ for Nordisk Ministerråd (samarbeidsministrane) og Nordisk Råds presidium i løns- og personalspørsmål.

I Nordisk forvaltningspolitisk forum har departementa i dei nordiske landa med ansvar for forvaltningspolitikk jamlege møte for å utveksle erfaringar og diskutere aktuelle saker. Leiinga av forumet følgjer formannskapen i Nordisk Ministerråd. Møtet for 2010 vart halde i København 6. og 7. mai 2010.

Dei nordiske konkurransestyresmaktene har eit nært samarbeid i form av møte, pågåande nasjonale saker og gjennom nordiske prosjekt. Konkurransestyresmaktene samarbeider òg til dels om utvikling av konkurransereglar i EU/EØS og andre internasjonale fora.

Det blir halde nordisk plenumsmøte kvart år i august/september, med deltakarar frå Danmark, Finland, Færøyane, Grønland, Island, Noreg og Sverige. I år vart plenumsmøtet halde i Stockholm. Hovudtema var daglegvaremarknadene, oppfølging av vedtak frå konkurransestyresmaktene og offentleg innkjøpssamarbeid. Det skal leggjast fram ein felles rapport om grøn vekst og konkurranse (Green Growth).

Det vert halde årlege møte der direktørane for konkurransetilsyna trekkjer opp linjene for det nordiske samarbeidet. Det vert òg halde årlege samarbeidsmøte for juridiske direktørar / sjefsjuristar og sjefsøkonomar, i tillegg til møte i ei nordisk kartellgruppe.

Statsbygg deltek i eit samarbeid mellom dei ulike statlege byggherrane og eigedomsforvaltarane i Norden. Tema som har vorte drøfta i den seinare tida, er mellom anna organisering av den statlege byggje- og eigedomsverksemda, bruk av bygningsinformasjonsmodellar (BIM) og utvikling av internasjonale standardar for desse, uvissestyring, forvaltning av kulturhistoriske eigedomar og kulturmiljø og universell utforming.

I tillegg er det oppretta ei nordisk arbeidsgruppe som skal samarbeide om energispørsmål og energibruk.

Det er òg etablert eit eige nordisk kontaktutval for utanlandseigedomar i nært samarbeid med utanrikstenesta i dei nordiske landa. I dette kontaktutvalet vert det utveksla erfaringar med bygging og forvaltning av utanlandseigedommane, mellom anna eventuell samlokalisering av ambassadar for dei nordiske landa, tryggleik, miljø- og energispørsmål og etikk m.v.

5.15 Barn og ungdom

Nordisk Ministerråds strategi for barn og unge i Norden frå 2010 er retningsgjevande for den samla aktiviteten ministerrådet driv overfor barn og unge. Ansvaret dei ulike sektorane har for å vareta eit barne- og ungdomsperspektiv, er understreka i strategien. Med bakgrunn i strategien utarbeider Nordisk barne- og ungdomskomité (NORDBUK) ein handlingsplan. I NORDBUKs handlingsplan for perioden 2010–2013 er det mellom anna sentralt å styrkje arbeidet på tvers av sektorane og inkludere globaliseringsperspektivet i arbeidet. NORDBUK rapporterer til dei nordiske samarbeidsministrane om arbeidet i dei ulike sektorane. NORDBUK arbeider i hovudsak med å leggje til rette for eigenorganisering og nordisk samarbeid blant unge, stimulere til nye metodar for unges deltaking og innverknad i demokratiske prosessar, kulturelt mangfald, menneskerettar, internasjonalt samarbeid og koordinering av barne- og ungdomsforsking. NORDBUK har ei støtteordning til ungdomsarbeid retta mot organisasjonar og ungdomsmiljø. Målet med denne ordninga er å styrkje barn og unges deltaking i aktivitetar som dreier seg om kulturelle, politiske og sosiale spørsmål i Norden.

Generelt vil det vere eit gjennomgåande tema i NORDBUKs arbeid i 2010 å styrkje plassen barn og unge har i globaliseringsinitiativa, mellom anna gjennom websida Norden før og nu, som utgjer eit unikt materiale til bruk for undervisning i skandinaviske språk. Websida er utvikla i samarbeid med NMRs webredaksjon og dei nordiske public service-stasjonane representert ved Danmarks Radio. I tillegg har NORDBUK i 2009, i samband med 20-årsjubileet for FNs barnekonvensjon, gjeve ut ein publikasjon med modellar for barns medverknad. Publikasjonen vert oversett til finsk, islandsk og engelsk. Arbeidet med «Menneskebiblioteket», eit prosjekt som på ein konkret måte demonstrerer kva menneskerettar omhandlar, fortset i samarbeid med mellom andre Europarådet.

Dei nordiske landa samarbeider om å handtere internasjonale barnebortføringar. Årleg vert det halde uformelle samarbeidsmøte mellom representantar frå dei nordiske landa for å diskutere både generelle problemstillingar og konkrete saker. Hausten 2009 fann møtet stad i København.

5.16 Frivillig sektor

Omfanget av frivillig organisering og frivillig innsats i Noreg er svært høgt i internasjonal samanheng. Det lokale foreiningslivet og den aktive deltakinga er svært utbreidd og viser at frivillige organisasjonar er ein større og viktigare del av sivilsamfunnet i Noreg enn i dei fleste andre land. Over halvparten av alt frivillig arbeid i Noreg finn stad i kultur- og fritidsorganisasjonar. Ei særleg utfordring er at sosiale forskjellar pregar organisasjonsdeltakinga; jo høgare inntekt og utdanning, desto fleire medlemskapar per individ.

For å styrkje kunnskapen om sivilsamfunn og frivillig sektor vart det etablert eit 3–5-årig forskingsprogram, Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, i 2008. Forskingsprosjekta er nærare omtalte på www.sivilsamfunn.no.

Regjeringa støttar aktivt opp under utviklinga av eit levande sivilsamfunn gjennom eit nært samspel med frivillige organisasjonar og ved å støtte og leggje til rette for frivillig engasjement. Betre rammevilkår for frivillig sektor, gjennom auka satsing og auka løyvingar, er kjernepunkt i politikken for det frivillige arbeidet. Den nye ordninga med momskompensasjon tok til å gjelde i januar 2010. Ordninga for meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar skal kompensere for kostnadane desse organisasjonane har til meirverdiavgift på varer og tenester.

5.17 Forbrukarpolitikk

I samband med at ministerrådet for forbrukarspørsmål vart lagt ned frå 1. januar 2006, vedtok forbrukarministrane å vidareføre samarbeidet på uformelt plan og å etablere embetsmannsgruppa for nordisk samarbeid på forbrukarområdet (NordKons), samansett av medlemene i det tidlegare EK-Konsument.

Samarbeidet i NordKons var i 2009 avgrensa til informasjons- og erfaringsutveksling.

I tillegg deltok Noreg i eit samarbeid mellom nordiske land og Estland om eit måldokument for forbrukarundervisning (ferdig utarbeidd oktober 2009), og i eit arbeid for å fremje nettverksbygging og relevant prosjektarbeid mellom aktørar i Norden som er opptekne av forbrukarspørsmål.

5.18 Samferdsel

Etter at den nye ministerrådsstrukturen tredde i kraft 1. januar 2006, er ikkje lenger transportsektoren ein del av det formaliserte nordiske regjeringssamarbeidet. På det nordiske transportministermøtet i august 2005 i Vejle vart det vedteke å vidareføre transportsamarbeidet utanfor ramma av Nordisk Ministerråd. Det var brei semje om at eit vidare samarbeid er viktig for å diskutere aktuelle transportpolitiske problemstillingar og for å bevare det gode nettverket som er etablert mellom dei nordiske landa.

Det nordiske regjeringssamarbeidet på transportsektoren legg vekt på å fremje effektiv, konkurransekraftig, sikker og miljøvennleg transport og trafikk i Norden og nærområda. Det er særleg fokusert på område der landa har felles problemstillingar. I tillegg vert det lagt vekt på at samarbeidet skal fremje den politiske debatten og vere eit forum for erfaringsutveksling. Samarbeidet har medverka til ei positiv utvikling i dei nordiske landa.

EU/EØS-spørsmål har fått stadig større merksemd, og samarbeidet her har mellom anna teke sikte på å påverke transportpolitikken i EU i retning av den nordlege dimensjonen. Dei seinare åra har det vore lagt vekt på samarbeid med dei baltiske landa. Innanfor ramma av den noverande samarbeidsmodellen skal det haldast eit årleg sommarmøte mellom dei nordisk-baltiske transportministrane. Ordninga frå dei seinare åra der dei nordiske transportministrane møtest før rådsmøta i EU, blir vidareført.

Litauen skal arrangere årets transportministermøte, truleg i september 2010. Hovudtema på møtet blir EU-strategien for Austersjøsamarbeidet, forslaget til reviderte TEN-T-retningslinjer og samarbeid på området intelligente transportsystem innanfor vegtransport (ITS).

5.19 Samar og nasjonale minoritetar

Ministrane med ansvar for samiske saker i Finland, Noreg og Sverige og sametingspresidentane i dei respektive landa etablerte i 2000 eit fast samarbeid for regelmessig orientering, drøfting og behandling av samiske spørsmål av felles interesse. Målsetjinga med samarbeidet er å styrkje og utvikle språk, kultur, næringar og samfunnsliv hos det samiske folket. Samarbeidet har uformell, men nær tilknyting til Nordisk Ministerråd.

Regjeringane og sametinga vil vidareføre arbeidet med sikte på å etablere ein nordisk samekonvensjon. Arbeidet vert organisert gjennom det nordiske samarbeidet om samiske saker. Drøftingane om organiseringa av eit eventuelt forhandlingsopplegg er framleis i gang. Konvensjonsutkastet er utarbeidd av ei nordisk ekspertgruppe på bakgrunn av dei internasjonale instrumenta dei tre landa er bundne av, og tek utgangspunkt i at samane er urfolk i Finland, Sverige og Noreg.

Under fellesmøtet til hausten mellom sametingspresidentane og ministrane med ansvar for samiske saker vil saker som er viktige for samisk grenseoverskridande samarbeid, verte drøfta. Det vil òg bli utdeling av Nordisk samisk språkpris – Gollegiella. Prisen vert delt ut annakvart år og har som føremål å bidra til å fremje, utvikle og bevare det samiske språket i Noreg, Sverige, Finland og Russland.

Samisk parlamentarisk råd (SPR) er det parlamentariske samarbeidsorganet mellom sametinga i Finland, Noreg og Sverige. Samane i Russland har permanent deltaking i rådet. SPR varetek dei samiske interessene internasjonalt og på tvers av landegrensene.

Regjeringa ser på rådet som eit viktig organ både for utviklinga av det nordiske samarbeidet og i internasjonale samanhengar for eit styrkt samarbeid urfolk imellom og mellom urfolk og styresmakter. Samekonferansen og Samerådet har spelt ei viktig rolle i den samepolitiske utviklinga sidan dei vart oppretta etter andre verdskrigen, og har framleis stor betyding. Samerådet er samansett av samiske hovudorganisasjonar i Finland, Noreg, Sverige og Russland som møtest kvart fjerde år til Samekonferansen.

Nordisk arbeidsgruppe for nasjonale minoritetar vart oppretta på embetsmannsnivå mellom dei departementa i Sverige, Finland og Noreg som har ansvaret for gjennomføringa i av Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar og europarådpakta for region- og minoritetsspråk. Arbeidsgruppa er eit viktig forum for å førebu rapporteringa til Europarådet om gjennomføringa. Gruppa møtest ein gong i året. I 2008 tok Noreg initiativ til ein samanliknande studie av gjennomføringa i dei tre landa av rammekonvensjonen og språkpakta. Studien vert utført av Senter for menneskerettar i Oslo og skal vere ferdig i 2010.

Til forsida