3 Statens pensjonsfond
Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelda 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er ført vidare under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 3 437,4 mrd. kroner ved utgangen av 2011, ein auke på 221,7 mrd. kroner frå utgangen av 2010. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.
Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)
2010 | 2011 | Endring | |
---|---|---|---|
SPU | 3 080 851 | 3 307 915 | 227 064 |
SPN | 134 882 | 129 483 | -5 399 |
Statens pensjonsfond | 3 215 733 | 3 437 398 | 221 664 |
3.1 Statens pensjonsfond utland
Inntektene og utgiftene til SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2011 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanspostar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Statoil ASA), og avkastninga av formuen i fondet. Utgiftene til fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen ved handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarar til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle oljekorrigerte underskotet over tid svara til venta realavkastning av SPU på 4 prosent.
SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske verdipapir tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter prinsippet om marknadsverdi. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føra tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank, inkludert forvaltninga av SPU.
Tabell 3.2 nedanfor syner ei resultatoppstilling for SPU, jf. lov om Statens pensjonsfond si opprekning av resultatelement som inngår i fondet. Tabell 3.3 syner balansen til fondet.
Resultatoppstillinga i tabell 3.2 syner ein netto auke i verdiane i fondet på 227,1 mrd. kroner i 2011. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 350,8 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2011 vart det overført 84,2 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2011 ikkje finanstransaksjonar, jf. lov om Statens pensjonsfond § 3. Inntekt frå avkastning av fondet var –39,6 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 97,0 mrd. kroner2 frå renter, utbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 25,3 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og –211,1 kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ei auke i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 49,2 mrd. kroner som følgje av noko svekt kronekurs i 2011. Sist kjem ein mindre valutakurseffekt ved omrekning av verksemd i utlandet på 2,8 mill. kroner.3 Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit negativt resultat frå forvaltning før valutakursregulering og forvaltningskostnader på 86,2 mrd. kroner (jf. spesifikasjon i tabell 3.2, note 5).
Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Statoil ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2011 utgjer dette 266,6 mrd. kroner.4 Kontantoverføringane frå statskassa til fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før.
For 2011 vart det til saman overført 274,2 mrd. kroner. Overføringane fordelte seg slik (tal i mill. kroner).5
Månad | Overføring |
---|---|
Januar | 13 921 |
Februar | 13 784 |
Mars | 13 749 |
April | 15 551 |
Mai | 15 637 |
Juni | 21 704 |
Juli | 21 586 |
August | 22 342 |
September | 33 858 |
Oktober | 34 123 |
November | 67 899 |
Sum | 274 155 |
I 2010 vart det overført 6 390 mill. kroner mindre frå statskassa til fondet enn netto avsetjing, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2010. Overføringane for 2011 utgjer 267 765 mill. kroner når ein tek omsyn til at det vart overført for lite i 2010. Dei kontante overføringane i 2011 er etter dette 1 119 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU etter statsrekneskapen. I kapitalrekneskapen per 31. desember 2011 er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa (tabell 3.3). I tråd med tidlegare praksis vert dette avrekna i overføringane til fondet året etter.
Samla verdi av fondet ved utgangen av 2011 er bokført til 3 307,9 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarar til marknadsverdien av fondet på 3 309,0 mrd. kroner med frådrag for mellomrekninga på 1,1 mrd. kroner i statskassas favør. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.3, der òg bruttotal for balansen til fondet kjem fram.
Kapitalen i SPU er plassert i både renteberande verdipapir og eigenkapitalinstrument. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet er nærare omtala i Meld. St. 17 (2011–2012).
Den 16. mars 2012 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.
Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarar til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2011. I tråd med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.6 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 3 309,0 mrd. kroner ved utgangen av 2011. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på -2,5 prosent for heile 2011 målt i fondets valutakorg. Valutakorga er ei vekta samansetting av valutaene i fondets referanseindeksar for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, syner tala at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på -8,8 prosent, medan avkastninga av obligasjonsinvesteringane utgjorde 7,0 prosent og avkastninga av eigedomsinvesteringane -4,4 prosent. Aktivaklassa eigedom er ny sidan rapporteringa for 2010.7
Verdien av den norske krona svekka seg 1,2 prosent mot valutakorga til SPU i 2011. Dermed vart verdien av fondet målt i norske kroner tilsvarande høgare. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdera utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.
Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga til fondet i samsvar med forvaltningsavtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank. For 2011 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,081 prosent av kapitalen. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på om lag 0,5 mrd. kroner i 2011, mot 1,0 mrd. i 2010. Samla utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank 2 539 mill. kroner i 2011. Forvaltingskostnadene er nærare spesifisert i note 5 i Noreg Bank si årsmelding om SPU for 2011, og kostnadsutviklinga er nærare omtala i Meld. St. 17 (2011–2012).
Årsmeldinga til Noregs Bank er utrykt vedlegg til Meld. St. 17 (2011–2012) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2011.
Tabell 3.2 Resultatoppstilling for SPU1) (tal i mill. kroner)
Tekst | Notar | 2010 | 2011 |
---|---|---|---|
Statens pensjonsfond utland | |||
Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50) | 1 | 275 957 | 350 804 |
Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96) | 2 | 0 | 0 |
Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50) | 3 | - 109 356 | -84 158 |
Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet | 166 602 | 266 646 | |
Overførte midlar frå Statens petroleumsforsikringsfond | 4 | 19 838 | 0 |
Avkastning av plasseringane til fondet | 5 | 252 416 | - 39 583 |
Samla endring SPU | 438 856 | 227 064 |
1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.
Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum
Dette talet utgjer netto kontantstraum frå petroleumsverksemda og vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):
Kap. | Post | Tekst | 2010 | 2011 |
---|---|---|---|---|
INNTEKTER | ||||
5507 | Skatt og avgift på utvinning av petroleum | |||
71 | Ordinær skatt på formue og inntekt | 58 830 | 78 243 | |
72 | Særskatt på oljeinntekter | 96 779 | 127 693 | |
74 | Arealavgift m.m. | 1 373 | 1 517 | |
Sum kap 5507 | 156 982 | 207 453 | ||
5508 | 70 | Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen | 2 166 | 2 189 |
5509 | 70 | Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen | 20 | 36 |
5440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda | |||
24 | Driftsresultat | 100 258 | 125 820 | |
30 | Avskrivingar | 15 720 | 16 862 | |
50 | Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond | 738 | 0 | |
80 | Renter av statens kapital | 6 528 | 6 541 | |
85 | Renter på mellomvære | - 1 | -11 | |
89 | Oppgjer etter garantierklæring | 875 | 0 | |
Sum kap 5440 | 124 117 | 149 212 | ||
5685 | 85 | Utbyte Statoil ASA | 12 818 | 13 352 |
Sum inntekter frå petroleumsverksemda | 296 104 | 372 242 | ||
UTGIFTER | ||||
2440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda | |||
30 | Investeringar | 18 470 | 21 437 | |
50 | Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond | 1 594 | 0 | |
2442 | Disponering av innrettingar på kontinentalsokkelen | |||
21 | Særskilde driftsutgifter | 82 | 2 | |
Sum utgifter til petroleumsverksemda | 20 146 | 21 439 | ||
Sum netto kontantstraum | 275 957 | 350 804 | ||
2800 | Statens pensjonsfond utland | |||
50 | Overføring til fondet | 275 957 | 350 804 |
Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar
Det har ikkje vore finanstransaksjonar som påverkar resultatoppstillinga for SPU i 2010 og 2011.
Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet
Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):
Kap. | Post | Tekst | 2010 | 2011 |
---|---|---|---|---|
5800 | 50 | Overføring frå fondet | 109 356 | 84 158 |
Note 4 Inntekt ved overføring av midlar frå Statens petroleumsforsikringsfond
Stortinget vedtok i 2010 å avvikla Statens petroleumsforsikringsfond (SPFF) per 31. desember 2010 og å overføra midlane til SPU, jf. Innst. 144 L (2010–2011) og Prop. 47 LS (2010–2011). Overføringa utgjorde 19,8 mrd. kroner og vart presentert på ei særskild line i resultatoppstillinga for SPU. Overføringa var ei eingongsinntekt for SPU i 2010.
Note 5 Inntekter frå avkastning av fondet
Noregs Banks resultatrekneskap for SPU:
(tal i mill. kroner): | 2010 | 2011 |
---|---|---|
Renteinntekter av innskot i bankar | 377 | 162 |
Renteinntekter av utlån knytte til gjensalsavtalar | 350 | 1 004 |
Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå: | ||
– aksjar og andelar | 207 070 | - 173 099 |
– obligasjonar og andre renteberande verdipapir | 60 316 | 92 346 |
– finansielle derivat | - 3 552 | - 5 693 |
– finansielle eigedelar eigedom1) | 86 | |
– investeringseigedommar1) | - 130 | |
Resultat frå felleskontrollerte verksemder eigedom1) | - 31 | |
Rentekostnad innlån knytte til gjenkjøpsavtalar | - 574 | - 629 |
Andre rentekostnader | - 105 | - 286 |
Andre kostnader | - 9 | 24 |
Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar4) | 263 873 | - 86 246 |
Valutakursreguleringar | - 8 498 | 49 205 |
Sum resultat | 255 375 | - 37 041 |
Forvaltningskostnad | - 2 959 | - 2 539 |
Årsresultat | 252 416 | - 39 580 |
Valutakurseffekt ved omrekning av utanlandsk verksemd2) | 0 | - 3 |
Totalresultat3) | 252 416 | - 39 583 |
1) Aktivaklassa eigedom har kome til etter rapporteringa for 2010. Investeringane er ikkje-børsnoterte og er i resultatrekneskapen klassifiserte som netto inntekt/kostnad fråhøvesvis gruppene finansielle eigedelar eigedom og investeringseigedommar og resultat frå felleskontrollerte verksemder eigedom.
2) Utanlandske dotterverksemder som inngår i rekneskapsrapporteringa frå investeringsporteføljen, og som har ein anna funksjonell valuta enn Noregs Bank, er omrekna til norske kroner. Resultatrekneskapen er omrekna til gjennomsnittskurs for perioden, og balansen er omrekna til kurs ved sluttdatoane for rapporteringsperiodane. Eventuelle omrekningsdifferansar er rekna med i totalresultatet som valutakurseffekt ved omrekning av utanlandsk verksemd.
3) Totalresultat er den endringa i eigenkapital i ein periode som er resultatet av transaksjonar og andre hendingar, bortsett frå dei endringane som følgjer av transaksjonar med eigarar i deira eigenskap av å vera eigarar. Totalresultatet kjem fram etter omrekning av utanlandske verksemder til norske kroner på rapporteringstidspunktet. Omrekninga følgjer krava i IFRS / IAS 1 Presentasjon av finansrekneskap. Sjå note 1 i Noregs Banks rekneskapsrapportering for SPU.
4) I note 3 til Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar i 2011 spesifisert slik (tal i mill. kroner):
Renter | Utbyte | Inntekt/ kostnad | Real. vinst/tap | Ureal. vinst/tap | Sum | |
---|---|---|---|---|---|---|
Renteinntekter på innskot i bankar | 162 | 162 | ||||
Renteinntekter på utlån knytte til gjensalsavtalar | 1 004 | 1 004 | ||||
Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå: | ||||||
– aksjar og andelar | 49 793 | 1 869 | 27 067 | -251 827 | -173 099 | |
– obligasjonar og andre renteberande verdipapir | 48 691 | 349 | 4 600 | 38 706 | 92 346 | |
– finansielle derivat | -1 407 | -6 358 | 2 072 | -5 693 | ||
– finansielle eigedelar eigedom | -52 | 138 | 86 | |||
– investeringseigedommar | 60 | -190 | -130 | |||
Resultat frå felleskontrollerte verksemder eigedom | -31 | -31 | ||||
Rentekostnad innlån knytte til gjenkjøpsavtalar | -629 | -629 | ||||
Andre rentekostnader | -286 | -286 | ||||
Andre kostnader | 24 | 24 | ||||
Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar | 47 534 | 49 793 | 2 250 | 25 309 | -211 132 | -86 246 |
Summen av renteinntekter (47,5 mrd. kroner), aksjeutbyte (49,8 mrd. kroner) og andre nettoinntekter (knapt 2,3 mrd. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (2,5 mrd. kroner), utgjer 97,0 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.2 kapittel 1.
Tabell 3.3 Balanse for SPU per 31.12.2011 (tal i mill. kroner)
2010 | 2011 | |
---|---|---|
Eigedelar | ||
Mellomrekning med statskassa1) | 6 390 | -1 119 |
Konto i Noregs Bank2) | 3 074 461 | 3 309 033 |
Sum eigedelar | 3 080 851 | 3 307 915 |
Eigenkapital | 3 080 851 | 3 307 915 |
1) Statsrekneskapen syner at netto avsetjing til SPU i 2011 vart 1 119 mill. kroner lågare enn det som faktisk vart overført frå statskassa til fondet. Denne differansen utgjer per 31.12.2011 eit krav for statskassa mot fondet, og vert innløyst med nedsett overføring til fondet i 2012. Tilsvarande tal per 31.12.2010 var ein skyldnad på 6 390 mill. kroner som vart innløyst med ein auke i overføringa i 2011.
2) I samsvar med forskrifta for forvaltning av SPU fastsett 22. desember 2006 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12. (tal i mill. kroner):
Eigedelar | 2010 | 2011 |
---|---|---|
Finansielle eigedelar | ||
Innskot i bankar | 6 303 | 7 276 |
Utlån knytte til gjensalsavtalar | 255 501 | 79 820 |
Avgjeven kontantsikring | 0 | 0 |
Uoppgjorde handlar | 4 864 | 2 272 |
Aksjar og andelar | 1 733 378 | 1 806 798 |
Utlånte aksjar | 162 483 | 137 130 |
Obligasjonar og andre renteberande papir | 1 038 793 | 1 324 255 |
Utlånte obligasjonar | 215 090 | 3 256 |
Finansielle derivat)* | 3 068 | 2 227 |
Finansielle eigedelar eigedom | 0 | 4 415 |
Felleskontrollerte verksemder eigedom | 0 | 2 546 |
Andre krav | 1 358 | 3 244 |
Sum finansielle eigedelar | 3 420 838 | 3 373 239 |
Ikkje-finansielle eigedelar | ||
Investeringseigedommar | 0 | 4 062 |
Andre ikkje-finansielle eigedelar | 0 | 6 |
Sum ikkje-finansielle eigedelar | 0 | 4 068 |
Sum eigedelar | 3 420 838 | 3 377 307 |
Gjeld og eigenkapital | ||
Kortsiktige innlån | 2 939 | 11 |
Innlån knytte til gjenkjøpsavtalar | 132 992 | 19 280 |
Motteken kontantsikring | 172 309 | 36 926 |
Obligasjonar og andre renteberande papir | 809 | 0 |
Finansielle derivat*) | 9 372 | 5 957 |
Uoppgjorde handlar | 20 358 | 3 310 |
Anna gjeld | 4 639 | 251 |
Skuldig forvaltningskostnad | 2 959 | 2 539 |
Sum finansiell gjeld | 346 377 | 68 274 |
Eigenkapital | 3 074 461 | 3 309 033 |
Sum gjeld og eigenkapital | 3 420 838 | 3 377 307 |
*) Finansielle derivat: Endring i marknadsverdi av finansielle derivat er resultatført og er med i balansen. Slike posisjonar er spesifiserte i note til rekneskapen. Dei ulike derivata er nærare skildra i note 9 i Noregs Banks årsmelding om SPU for 2011. Delar av note 6 er òg presenterte nedanfor (tal i mill. kroner):
Finansielle derivat per 31.12.2011 | Eksponering | Verkeleg verdi | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
Kjøpte | Selde | Eigedel | Gjeld | Nettoverdi | ||
Valutahandlar | 132 848 | 0 | 1 603 | 964 | 639 | |
Børsnoterte futurekontraktar | 1 | 14 682 | 5 | 224 | -219 | |
Rentebyteavtalar | 8 163 | 18 956 | 463 | 4 639 | -4 176 | |
Kredittbyteavtalar | 1 645 | 12 | 2 | 0 | 2 | |
Aksjebyteavtalar | 30 | 335 | 154 | 130 | 24 | |
Sum byteavtalar | 9 838 | 19 303 | 619 | 4 769 | -4 150 | |
Opsjonar | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | |
Sum finansielle derivat | 142 687 | 33 985 | 2 227 | 5 957 | -3 730 |
3.2 Statens pensjonsfond Noreg
Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.
Folketrygdfondet offentleggjorde 28. mars 2012 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2011. Eigenkapitalen i SPN var 129,5 mrd. kroner ved utgangen av 2011, jf. tabell 3.5 nedanfor. Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet var 78,3 mrd. kroner. Marknadsverdien av dei samla renteplasseringane var 58,1 mrd. kroner per 31. desember 2011. Det er i balansen elles ført opp gjeld på i alt 6,9 mrd. kroner, der 4,8 mrd. kroner er knytt til kontantsikring og 2,1 mrd. kroner er anna gjeld (fyrst og fremst repohandlar). Det er òg ført opp nokre mindre krav i balansen med 15 mill. kroner.
I 2011 syner resultatet til SPN (medrekna endring i urealiserte vinstar/tap) eit underskot på 5,4 mrd. kroner, jf. tabell 3.4 nedanfor.8 Renteinntekter utgjorde 3,0 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 3,4 mrd. kroner. Dei realiserte verdipapirvinstane var på til saman 2,3 mrd. kroner. Dei urealiserte verdipapirtapa var på 13,7 mrd. kroner, med 14,6 mrd. kroner i urealisert kurstap på eigenkapitalplasseringar og 0,9 mrd. kroner i vinst på renteplasseringar. Netto andre inntekter var negative med 0,3 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 110 mill. kroner, som er 0,083 prosent av forvalta kapital i 2011. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i Folketrygdfondets årsrekneskap for SPN og kostnadsutviklinga nærare omtala i Meld St. 17 (2011–2012) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2011.
Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2011. Avkastninga av fondet i 2011 var på –3,9 prosent. Avkastninga av plasseringane i norske renteinstrument var på 7,9 prosent, medan avkastninga av norske aksjar var på –10,9 prosent. Avkastninga av rente- og aksjeplasseringar i resten av Norden var på høvesvis 8,0 og –17,5 prosent.
Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2011 revidert av revisjonsselskapet Ernst & Young, som er oppnemnt av Finansdepartementet.
Tabell 3.4 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)
2010 | 2011 | |
---|---|---|
Renteinntekter | 2 434 | 2 959 |
Aksjeutbyte | 2 443 | 3 437 |
Realisert vinst/tap frå: | ||
– aksjeplasseringar | 2 119 | 1 720 |
– obligasjonar og sertifikat | 190 | 227 |
– finansielle derivat | 1 066 | 348 |
Netto endring urealisert kursvinst/-tap frå: | ||
– aksjeplasseringar | 10 277 | -14 574 |
– obligasjonar og sertifikat | -295 | 49 |
– finansielle derivat | 42 | 864 |
Andre porteføljeinntekter | -373 | -319 |
Porteføljeresultat | 17 903 | -5 289 |
Forvaltningskostnader | 91 | 110 |
Resultat SPN1) | 17 812 | -5 399 |
1) Summen av renteinntekter (2 959 mill. kroner), aksjeutbyte (3 437 mill. kroner) og netto andre inntekter (–320 mill. kroner), med frådrag for administrasjons- og forvaltningskostnader (110 mill. kroner), utgjer 5 966 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.2, kapittel 1.
Tabell 3.5 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12.2011 (tal i mill. kroner)
2010 | 2011 | |
---|---|---|
Eigedelar | ||
Aksjar | 87 915 | 78 342 |
Obligasjonar og sertifikat | 44 894 | 51 104 |
Valutasikringsinstrument og rentebyteavtalar | 590 | 1 514 |
Krav | 472 | 15 |
Bankinnskot | 5 607 | 5 456 |
Sum eigedelar | 139 478 | 136 431 |
Gjeld og eigenkapital | ||
Eigenkapital SPN | 134 882 | 129 483 |
Gjeld knytt til motteken kontantsikring | 4 024 | 4 814 |
Finansielle derivat | 0 | 9 |
Anna gjeld | 572 | 2 125 |
Sum gjeld og eigenkapital | 139 478 | 136 431 |