1 Vurderande samandrag
Det historiske vedtaket om å oppgradere Palestinas status i FN var ei av dei mest dominerande sakene under Generalforsamlinga i haust. Dette vedtaket inneber at Palestina framleis har observatørstatus i FN, men no som stat. Noreg stemte for vedtaket. Regjeringa vil vurdere søknadar om medlemskap til andre FN-organ på individuelt grunnlag.
Forholdet mellom ytringsfridom og respekt for religiøse verdiar sto sentralt under Generalforsamlinga. Bakteppet var dei valdelege reaksjonane i fleire muslimske land på filmen «Innocence of Muslims» i september. Spørsmålet prega òg generaldebatten og arbeidet med fleire av resolusjonane og vil venteleg prege arbeidet i FN også i den komande sesjonen.
Oppfølginga av Rio-konferansen om berekraftig utvikling (Rio+20) var ein gjengangar, ikkje minst fordi prosessen med å få peika ut ei mellomstatleg arbeidsgruppe som skal definere nye berekraftsmål, tok uforsvarleg lang tid. Arbeidsgruppa er no nedsett, og vi ventar at ho vil vere i gang med å utarbeide konkrete berekraftsmål når den 68. generalforsamlinga vert innleidd i september i år. Generalforsamlinga har òg vore prega av at fristen for å nå tusenårsmåla nærmar seg, og at diskusjonen om framtidige utviklingsmål har byrja. Regjeringa meiner at prosessane med å utarbeide berekraftsmål og framtidige utviklingsmål må koordinerast og føre til eitt sett med mål.
Dei nordiske kandidatane Finland og Sverige tapte kampen om å kome inn i høvesvis Tryggingsrådet og Menneskerettsrådet. Dette viser tydeleg at det er hard kamp om å få nøkkelverv i FN-systemet, og at land som ønskjer å vinne fram, må planleggje i god tid og stille nødvendige ressursar til rådvelde. For regjeringa er nordisk samarbeid viktig, og vi vil halde fram med å vidareutvikle det nordiske samarbeidet, ikkje berre i samband med val til organ som Tryggingsrådet, Menneskerettsrådet, ECOSOC osv., men òg i fredsoperasjonar og samarbeid i styra i FNs fond og program.
Noreg fekk godt gjennomslag for sakene vi prioriterte, slik som kampen mot dødsstraff, FNs utviklingsaktivitetar, oppfølging av vedtak frå Rio-konferansen, fiskeri og mattryggleik, kvinner og likestilling, konsensusresolusjon om Myanmar og nye vegar for å fremje kjernefysisk nedrusting.
Dette viser at det er mogeleg å samle fleirtal eller verte samde om gode, nye og framtidsretta løysingar. Ein føresetnad er samarbeid på tvers av dei tradisjonelle gruppene – fastlåste gruppesystem er svært ofte ei hindring for å finne fram til gode løysingar i forhandlingsprosessar. Land med ytterpunktposisjonar får setje dagsordenen og gøymer seg bak gruppene sine. Vi vil vidareføre denne linja med strategisk samarbeid på tvers av dei tradisjonelle gruppeinndelingane på nokre utvalde område som er viktige for oss. Menneskerettar, global helse, fredsoperasjonar og då særleg kvinner, fred og tryggleik, konfliktløysing og fred og forsoning vil vere blant dei prioriterte områda.
Det er stor motstand mot djuptgripande reformer i Tryggingsrådet, og debatten om endringar i samansetjinga er fastlåst. I påvente av meir reformvilje har Noreg saman med likesinna land engasjert seg for å skape større openheit omkring det løpande arbeidet i Tryggingsrådet. Regjeringa meiner at Noreg godt kan gå i front for å ta ein diskusjon om reform av Tryggingsrådet.
Handlingsrommet til FN-sekretariatet er under press frå både sparelystne vestlege land og utviklingsland som vil detaljstyre sekretariatet. Nettopp budsjettkrisa har ført til at gapet mellom vestlege land og utviklingslanda om både budsjett og administrative spørsmål har auka. Denne polariseringa har mellom anna påverka arbeidet i Spesialkomitéen for fredsbevarande operasjonar.
Årets tematiske høgnivåmøte under generaldebatten var om rettsstatsprinsipp. Det lukkast å kome fram til ei felles erklæring frå møtet, men utfordringa vert å sikre at rettsstatsprinsippa vert følgde opp av medlemslanda og integrerte i FN-arbeidet.