3 Noregs hovudinstruks til den 67. generalforsamlinga i FN
FNs 67. generalforsamling vert innleidd med høgnivåveka 24.–28. september 2012. Fleire regjeringsmedlemer vil vere med i den norske delegasjonen under leiing av statsministeren. I år skal det haldast høgnivåmøte om rettsstatsprinsipp («rule of law») nasjonalt og internasjonalt. Andre spørsmål som er venta å verte sentrale for Noreg, er situasjonen i Nord-Afrika og Midtausten, Sudan og Sør-Sudan, Myanmar, forhandlingar om FNs bidragsskala, oppfølginga av FN-konferansen om berekraftig utvikling (Rio+20), tusenårsmåla med hovudvekt på måla om å redusere barnedødstal og betre mødrehelsa og rammeresolusjonen for utviklingsverksemda til FN.
Overordna prioriteringar for deltakinga til Noreg
Dei overordna prioriteringane frå regjeringa for Noregs arbeid i FN er nedfelte i den politiske plattforma for fleirtalsregjeringa 2009–2013 (Soria Moria II), stortingsdokument og debattar, i tillegg til talar frå politisk leiing.
Menneskerettar, likestilling og rettferdig fordeling er tverrgåande omsyn.
Rettsstatsprinsipp – Rule of Law
Rettsstatsprinsipp er temaet for høgnivåveka i år gjennom heildagsdebatten 24. september. Utviklinga i Nord-Afrika og Midtausten har gjort temaet meir aktuelt. Mange land går gjennom politiske og konstitusjonelle reformer, og Noreg må vere med på å stille krav til rettsgrunnlaget for politisk makt og deltaking og tillit til rettsstatsinstitusjonane. Rettsstatsprinsipp, mellom anna grunnleggjande tryggleik for personar og eigedom, er sjølve hjørnesteinen i all utvikling. Arbeidet for å fremje og sikre rettsstatsprinsipp er òg nært knytt til arbeidet for å sikre nasjonal gjennomføring av menneskerettane. Noreg har tradisjon for å yte bistand til statar med svak justissektor og land med behov for reform av tryggingssektoren, ikkje minst land som er på veg ut av krig og konflikt. Vi vil vere med på å prege debatten i FN om desse spørsmåla, og difor er det bestemt at årets Trygve Lie-symposium skal handle om situasjonen for moderne rettsstatsprinsipp i land som går gjennom politiske endringar.
FN-leiinga, reform og budsjett
Noreg er oppteken av at FN skal arbeide effektivt og resultatorientert. Det andre femårsprogrammet til Generalsekretæren legg stor vekt på å gjere organisasjonen meir effektiv, og Noreg støttar ambisjonane hans. Dette inkluderer å reformere budsjettprosessen i FN og forbetre personalforvaltninga slik at stillingar kan flyttast og fyllast raskt når behova endrar seg.
FN bør stadig forbetre samordninga av innsatsen i medlemslanda. Vidare er det behov for betre tryggleik for FN-personell. Vi skal vere pådrivarar for at dei finansielle ressursane til FN, som kjem frå dei pliktige bidraga medlemslanda betaler, og det administrative oppsettet står i forhold til dei oppgåvene medlemslanda har pålagt organisasjonen å gjennomføre. Noreg skal arbeide for ei meir rettferdig byrdefordeling i forhandlingane om dei pliktige bidraga til FN. Dette betyr at land med vedvarande god økonomisk utvikling bør betale auka bidrag til FN. Noreg vil òg arbeide for eit breiare økonomisk grunnlag for utviklingsverksemda til FN generelt.
Noreg skal opptre konstruktivt og kritisk overfor ressursbruken i FN med sikte på sterkare resultatbasert leiing, gode rapporteringsrutinar og meir målbare oppnådde resultat. Noreg skal arbeide for at FN held fram med å fremje tiltak mot økonomisk utruskap, sikrar ein kultur for ansvarskjensle og styrkjer innsatsen for tilsyn og kontroll. Det aktive engasjementet for betre FN-leiing på landnivå skal vidareførast gjennom arbeidet med tilrådingane frå FN-reformpanelet, integrerte fredsoperasjonar og den humanitære endringsagendaen, via konsultasjonsprosessar, forhandlingar og omfattande dialog med sentrale utviklingsland, i tillegg til auka inkludering av sivilt samfunn og privat sektor. Noreg vil spesielt arbeide for at prosessen kring den nye rammeresolusjonen for utviklingsverksemda i FN bringar reformprosessen vidare.
Som ledd i oppfølginga av FN-konferansen om berekraftig utvikling (Rio+20) skal det setjast i gang prosessar i generalforsamlinga om både struktur, mandat og funksjonar for eit nytt forum for berekraftig utvikling og om tiltak for ei styrking/oppgradering av FNs miljøprogram (UNEP).
Berekraftig utvikling (miljømessig, økonomisk og sosial)
Noreg skal vere ein pådrivar for alle tusenårsmåla fram mot og etter 2015. Tusenårsmåla om mødrehelse, universell tilgang til reproduktive helsetenester og reduksjon av barnedødstal er særskilte satsingsområde for Noreg, mellom anna ved at statsministeren leier FN-kommisjonen for livsviktige medisinar for kvinner og barn saman med presidenten i Nigeria.
Noreg skal fremje resultata frå FN-konferansen om berekraftig utvikling (Rio+20). Noreg skal spesielt arbeide for utvikling av globale berekraftsmål som kan mobilisere til internasjonalt samarbeid for berekraftig utvikling, etter mønster av tusenårsmåla.
Noreg skal arbeide for ein progressiv utviklingspolitisk dagsorden etter 2015 som fremjar fattigdomsreduksjon, rettferdig fordeling, berekraftig utvikling, likestilling og kvinners rettar. Noreg vil òg arbeide for at menneskerettsperspektivet vert inkludert på ein god og dekkjande måte, både i den utviklingspolitiske dagsordenen etter 2015 og i rammeresolusjonen for utviklingsverksemda i FN. Vi legg spesielt vekt på initiativet frå Generalsekretæren om berekraftig energi for alle og regjeringas eige energi- og klimainitiativ, Energy+, som middel til å levere under dette initiativet, i tillegg til at det i Energy+ vert lagt vekt på privat sektor og resultatbasert finansiering.
Fred og tryggleik
Engasjementet for å styrkje evna i FN til å førebyggje og løyse væpna konfliktar og til å fremje langsiktig fredsbygging gjennom FN-leidde operasjonar skal førast vidare. Det skal framhevast at kvinner må ta del i fredsmekling og i konsolidering av fredsprosessar. Noreg skal vere ein pådrivar for gjennomføring av tryggingsrådsresolusjonane om vern av sivile, barn og kvinner i væpna konflikt og ansvaret for å beskytte. Dette inkluderer dei tematiske debattane i Tryggingsrådet om kvinner, fred og tryggleik, seksualisert vald, barn i væpna konflikt og vern av sivile.
Responsen frå FN på situasjonen i Syria, Sudan/Sør-Sudan, Myanmar og Afghanistan skal prioriterast. Noreg skal arbeide for eit meir ope og effektivt tryggingsråd, mellom anna reform av arbeidsmetodane. Engasjementet for ein ny dynamikk i det mellomstatlege nedrustingsmaskineriet i FN med særskilt vekt på å motverke dei humanitære skadeverknadene ved visse våpentypar skal følgjast opp.
Noreg skal støtte opp om reforminitiativ for å effektivisere fredsoperasjonane til FN der militæret, politi og sivile kapasitetar utfyller kvarandre. Vidare skal tidleg fredsbygging som ein integrert del av fredsoperasjonar fremjast, særleg tryggingssektorreform og utvikling av rettsstaten i land som har vore ramma av konflikt. Noreg skal framheve kor viktig det er at FN møter tryggingsutfordringar som grenseoverskridande kriminalitet, terrorisme og piratverksemd på ein meir heilskapleg måte. Støtta til gjennomføringa av handlingsprogrammet til avtalen om ikkje-spreiing av atomvåpen med full avskaffing av kjernevåpen som overordna målsetning skal vidareførast. Det skal rettast særleg fokus mot følgjene av bruk av atomvåpen og mot dei institusjonelle utfordringane som er knytte til det multilaterale nedrustingsmaskineriet.
Likestilling og ikkje-diskriminering
Kvinners rettar og likestilling er ei norsk merkesak. Noreg held fram som styremedlem i UN Women og er ein av dei største finansielle bidragsytarane. Likestilling som makroøkonomisk produktivitetsdrivar skal framhevast. Overgrep mot kvinner, kvinners rett til reproduktiv helse og arbeidet for avkriminalisering av abort vil stå sentralt. Det er auka press mot kvinners rettar og likestilling i FN-fora, særleg når det gjeld seksuell og reproduktiv helse og rettar(SRHR). Difor vil Noreg bygge alliansar og motarbeide alle forsøk på å svekkje framforhandla tekstar som fremjar likestilling og kvinners rettar. Noreg vil arbeide for å sikre at 20-årsmarkeringa av Beijing-konferansen i 2015 bidreg positivt til å fremje likestilling og kvinners rettar. Politisk deltaking og makt for kvinner, i tillegg til lik rett til utdanning og økonomisk utvikling, skal prioriterast.
Menneskerettar
Noreg skal spele ei leiande rolle i arbeidet med resolusjonen om dødsstraff. Vi skal arbeide for at resolusjonen om menneskerettssituasjonen i Iran får auka oppslutning, og for ei konstruktiv handtering av den tradisjonelle landresolusjonen om Myanmar i lys av den positive politiske utviklinga det siste året. Avhengig av utviklinga i Syria skal Noreg vidareføre engasjementet for resolusjonar som kastar lys over menneskerettssituasjonen i landet. Vidare skal Noreg vere ein aktiv støttespelar til den danske resolusjonen om kampen mot tortur, den svenske resolusjonen om utanomrettslege avrettingar og den mexicanske resolusjonen om vern av menneskerettane i kampen mot terrorisme. Saman med nordiske land skal Noreg følgje opp FNs arbeid med å styrke traktatorgana for menneskerettskonvensjonane. Den leiande rolla i kjernegruppa for fremjing av rettane til lesbiske, homofile, biseksuelle og transseksuelle (LHBT) skal vidareførast, og kampen mot religiøs intoleranse og rasisme og for ytringsfridom vil ha høg prioritet. Situasjonen for barn og unge skal prioriterast der det er relevant.
Humanitære spørsmål
Noreg skal jobbe for at humanitære prinsipp vert oppretthaldne. Samtidig må ansvaret landa sjølve har for førebygging og handtering av humanitære kriser kome meir i sentrum. Noreg vil framleis vere ein av dei næraste samarbeidspartnarane og støttespelarane til FN i humanitære kriser og arbeide for at det humanitære systemet i FN får ein breiare krets av støttespelarar og samarbeidspartnarar, både blant medlemslanda i FN, regionale organisasjonar og i privat sektor. Vi vil òg stille krav til effektivisering av kontoret for samordning av humanitære aktivitetar (OCHA) og det internasjonale humanitære systemet.
Fremjing av lov og rett
Arbeidet med å styrkje internasjonal strafferett skal framleis prioriterast. Dette medfører m.a. sluttføring av dei fastlåste forhandlingane om ein heilskapleg antiterrorkonvensjon og diskusjonen om «universaljurisdiksjon». Det er viktig at debatten om sistnemnde tema ikkje sporar av eller reduserer evna verdssamfunnet har til å hindre dei alvorlegaste brotsverka.
Arbeidet i Folkerettskommisjonen skal som alltid følgjast, særleg spørsmålet om immunitet for statsoverhovud og dei delane som har direkte relevans for norske kjerneinteresser.
Havretts- og fiskerispørsmål er høgt prioriterte. Ei styrking av systemet i havrettskonvensjonen (HRK) som den overordna rettslege ramma for alle tiltak i havsektoren vil vere et hovudomsyn frå norsk side. Generalforsamlinga er ein sentral arena for å profilere Noreg som ein ansvarsfull kyststat som lojalt støttar opp om og gjennomfører FNs havrettskonvensjon, og som ein forsvarleg forvaltar av dei levande ressursane i havet. Når det gjeld fiskerispørsmål, vil mattryggleik, botnfiske og arbeid mot ulovleg og uregulert fiske framleis stå sentralt. Innanfor havrettsspørsmål omfattar norske prioriteringar arbeidsgruppa om vern og berekraftig bruk av biologisk mangfald i havområde utanfor nasjonal jurisdiksjon, der ein mellom anna diskuterer spørsmålet om utvikling av ein eventuell ny avtale under havrettskonvensjonen om miljø og genetiske ressursar i havet i område utanfor nasjonal jurisdiksjon, sikring av legitimiteten og effektiviteten til arbeidet i Kontinentalsokkelkommisjonen, kapasitetsbyggingstiltak for utviklingsland, kamp mot piratverksemd og fremjing av polarkoden som er under utvikling i Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO).
Narkotika og terrorisme
Noreg skal støtte FN i gjennomføringa av den globale antiterrorstrategien og delta aktivt i arbeidet fram mot tilsynskonferansen. Noreg vil arbeide for at vern av menneskerettar skal vere ein integrert del av alle dei fire søylene i strategien. I tillegg skal vi arbeide for ein sterk referanse til ein gjennomføringsmekanisme for konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet.
Arbeidet med resolusjonen om narkotika som vert fremja av Mexico, skal vidareførast. Vi skal fremje tiltak for å motverke grenseoverskridande organisert kriminalitet og redusere evna narkotikahandelen har til å undergrave stabilitet og utvikling.
Nordisk FN-samarbeid
Noreg vil saman med dei andre nordiske landa framleis støtte opp om arbeidet til Generalsekretæren på området administrativ reform, styrking og effektivisering av FN, mellom anna eitt FN på landnivå. Vidare bør Noreg arbeide for ein nordisk strategi i FN, særleg når det gjeld rettane og pliktane mellominntektslanda har i FN-systemet, i tillegg til seksuelle og reproduktive rettar. På område av felles interesse bør vi m.a. søkje å få til eit nordisk samarbeid om tekstar og innlegg. I tråd med etablert nordisk praksis støttar Noreg Finlands kandidatur til ein ikkje-fast plass i Tryggingsrådet 2013–14.