Meld. St. 6 (2009-2010)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

5 Fagleg samarbeid

5.1 Kultur

Det viktigaste målet for kultursamarbeidet i 2008–2009 er å konsolidere den nye strukturen for kultursamarbeidet og den nye arbeidsforma og å sørgje for at ho fungerer på ein tenleg måte og støttar dei måla kulturministrane har vedteke for samarbeidet. Den nye strukturen skal òg vere oversiktleg og brukarvennleg og fri for overlappingar med Nordisk kulturfond og nasjonale organ og styresmakter. Føremålet med strukturreforma er at det nordiske kultursamarbeidet skal vere meir fleksibelt og ope for nye arbeidsformer, og at det lettare skal kunne svare på dei utfordringane kulturlivet i Norden står overfor i dag, både nasjonalt og internasjonalt. Det blir lagt vekt på å forankre den nye strukturen i nasjonale miljø i Norden, vidareutvikle Nordisk kulturforum som dialogverktøy for feltet og å avklare arbeidsdelinga mellom kunst- og kulturprogrammet og Nordisk kulturfond. Som følgje av vedtaket til kulturministrane er det sett i gang eit arbeid med sikte å justere den nye strukturen for kultursamarbeidet. Arbeidet skjer i dialog med aktørane i det nordiske kultur- og mediesamarbeidet og resten av kulturfeltet i Norden. Så langt er tilbakemeldingane frå feltet positive og tyder på at den nye innretninga på kultursamarbeidet i hovudsak fungerer etter intensjonen. Ei evaluering av strukturen må skje på eit seinare tidspunkt. Det er inngått ny avtale mellom Nordisk ministerråd og Nordisk film- og TV-fond for perioden 2010–2014.

Kulturministrane føreslo i eit brev til dei nordiske statsministrane i januar 2008 at kulturområdet blir eit sjølvstendig profileringsområde i Mulighetenes Norden – svar på globaliseringsutfordringene. Ein operasjonell strategi for kulturområdet blei vedteken av kulturministrane i oktober 2008: Det kreative Norden. Arbeidet har involvert alle aktørar på Nordisk ministerråds kultur- og mediefelt. Ei policygruppe er sett ned, og i 2009 er fokus på konkretisering og implementering av strategien. Kulturministrane føreslår at Nordisk kultur i verda – som omfattar tre delprosjekt innanfor arkitektur, film og litteratur – inngår i Nordisk ministerråds overordna globaliseringsinitiativ.

Nordisk kulturfond fremjar kultursamarbeid mellom dei nordiske landa gjennom støtte til samarbeidsprosjekt innanfor allmennkultur og kunst. Prosjekt for og med barn og unge, prosjekt som fremjar den nordiske språkforståinga, og nye uttrykksmåtar og formidlingsformer er blant dei prioriterte områda. Det er fleire satsingar innanfor ramma av det nordiske globaliseringsprosjektet. Utstillinga IMPACT – Art in the age of climate change er utpeikt til Årets nordiske utstilling 2008–2010. Utstillinga blir opna under FNs globale klimamøte i København og kjem til å samle nokre av dei mest interessante og innovative mediekunstnarane i verda, som saman med vitskapssektoren, miljøekspertar og kunst- og kulturkritikarar vil gje si tolking av globale klimautfordringar. Fondet gjev òg støtte til utstillinga Prøv verda, som skal vere ei ny ramme for å forstå fattigdom, bistand og globalisering. Den raude tråden i utstillinga er møtet med forskjellige utfordringar i kvardagslivet som ein står overfor i utviklingslanda. Målgruppa er barn i alderen 7–10 år.

5.2 Utdanning og forsking (medrekna IKT)

Utdanning

Nordplus er Nordisk ministerråds mobilitets- og nettverksprogram for utdanning og står for mesteparten av det nordiske utdanningssamarbeidet. Ein ny generasjon Nordplus, der også dei baltiske landa har full medlemskap, starta i 2008 og gjeld for tre år. Rammeprogrammet har ein tverrsektoriell del og tre sektorprogram – for skuleområdet, høgare utdanning og vaksnes læring. Språkdelen av Nordplus er eit reint nordisk program.

Høgare utdanning

Samarbeidet mellom dei nordiske landa for å møte nye utfordringar på studiestøtteområdet blir ført vidare gjennom ei nyetablert arbeidsgruppe med representantar for utdanningsdepartementa i landa. Mellom anna er det nordiske samarbeidet viktig med tanke på utviklinga i EU og arbeidet i Bologna-prosessen.

Felles nordisk masterprogram med delfinansiering frå Nordisk ministerråd til utviklingsarbeidet skal medverke til at nordiske høgare lærestader med konsentrert fagleg innsats kan tilby så høg kvalitet at dei kan hevde seg i den internasjonale konkurransen om dei gode studentane i og utanfor Norden. Dei seks utvalde programma starta opp i 2007 og 2008 med deltakarar frå alle dei nordiske landa. Søknadsrunden viste svært høg kvalitet på studieopplegga, og seks nye masterprogram skal lysast ut våren 2009. Nordisk masterprogram er òg ein del av globaliseringsinitiativet. I tråd med rekommandasjonen frå Nordisk råd er det i 2008 gjennomført ein komparativ studie av dei nordiske lærarutdanningane. Resultatet av studien vil bli følgt opp i 2009. I september 2008 arrangerte Sverige sin formannskapskonferanse i Stockholm med temaet Kön, utbildningsframgång och arbetsliv. Av viktige tiltak i arbeidet for skape ei god utdanning for ungdom og vaksne i Norden kan nemnast:

  • I mars 2009 arrangerte Noreg konferansen Eit felles løft for utdanning i små handverksfag i Norden. Det var ei oppfølging av Nordisk Råds rekommandasjon. Noreg arbeider vidare med desse faga for å skape auka merksemd om fag- og yrkesopplæringa. Noreg deltok på ein konferanse på Island med overgangen og samanhengen mellom barnehage og skule som tema.

  • Det er bestemt at NVL (Nordisk nettverk for vaksnes læring) skal ha Vox i Noreg som vertsorganisasjon frå 1.7.2009.

  • Rapporten Northern Lights on PISA 2006 skal leggjast fram på ein konferanse i Reykjavik i august 2009. Det blir ein policyrelevant rapport som skal kunne gje samanliknbare analysar av dei nordiske landa.

  • Noreg er med på Nordisk klimadag 11. november 2009. Målet er å stimulere det nordiske skulesamarbeidet om klima og inspirere lærarane i klimaundervisninga. Dagen skal vere ein opptakt til FNs klimatoppmøte i København i desember 2009 (COP15).

  • Ein nordisk rapport om kva pedagogiske tiltak dei nordiske landa bruker for å styrkje kreativiteten og skapartrongen til elevane, skal presenterast på ein konferanse i desember 2009 som avslutning på det europeiske året for kreativitet og innovasjon.

Språksamarbeidet

Ei nyorganisering av språkområdet er sett i verk frå 1. januar 2009. Ekspertgruppa Nordens språkråd (ENS), med representantar for landa, dei sjølvstyrande områda og samane, skal gje ministrane råd og vere programkomité for Nordplus Språk- og kulturprogram. I språksamarbeidet skal hovudvekta framover leggjast på nabospråkforståinga hos barn og unge. For å vareta ei rekkje definerte aktivitetar er det etablert eit nettverk for språknemndene i Norden, med rådgjevingsgruppa for nordisk skulesamarbeid (NSS) som styringsgruppe og ei av dei nasjonale språknemndene som ansvarleg for å koordinere aktivitetane.

Forsking og innovasjon

Noreg støttar aktivt opp om den sterke vektlegginga av forsking og innovasjon i det nordiske samarbeidet og i den såkalla globaliseringsprosessen. Aktivitetane på nordisk nivå er i stor grad samanfallande med Noregs nasjonale satsingar på SFF (senter for framifrå forsking), forskarutdanning og infrastruktursamarbeid og kan såleis bidra til å forsterke desse. Samtidig er nordisk samarbeid mellom nasjonale program og om forskingsinfrastruktur med på å skape ei felles plattform for satsinga på å styrkje det europeiske forskingsområdet (ERA). I 2008 vedtok ein ei felles satsing på toppforsking innan klima og energi, innanfor ramma av ein ny, eigen styringsstruktur. Til saman ca 450 millionar kroner blir stilt til disposisjon av dei nordiske landa for forskingsprosjekt innanfor seks delprogram. Satsinga er tverrfagleg, spenner over både grunnforsking og innovasjon og omfattar heile kjeda frå årsaker til konsekvensar og mogelege løysingar. Utgangspunktet er eksisterande aktivitetar, både på nordisk og nasjonalt nivå. Ei viktig målsetjing er dessutan at Norden skal stå sterkare samla på den globale arenaen, mellom anna med omsyn til EUs sjuande rammeprogram for forsking. Desse tematiske områda er valde ut til toppforskingsprogrammets felles program:

  • Effektstudiar og tilpassingar til klimaendringar; kva utfordringar og mogelegheiter vil klimaendringane medføre for det nordiske samfunnet?

  • Klimaforandringane og kryosfæren; ulike former for vekselverknader får stor innverknad på samfunn og næringsliv i Norden etter som vi ligg så nær Arktis og polare område. Styrkt kunnskap på feltet vil ha global interesse.

  • Nanoteknologi og energieffektivitet; nanoteknologi er eit element i alle satsingar og kan vere eit mogeleg verktøy for å løyse fleire sentrale utfordringar, særleg i samband med solceller, energitransport og energilagring.

  • Integrering av storskala vindkraft; i tråd med EUs strategiske energiplan blir vindkraft rekna som ei betydeleg energikjelde i framtida. Med ei betydeleg satsing på vindkraft reknar ein med at 15–20 % av den totale nordiske energiproduksjonen kan vere vindbasert.

  • Berekraftig bioenergi; målet er å fremje nye innovative og berekraftige former for andre- og tredjegenerasjons bioenergi og forsterke FoU-institusjonane og industrien i Norden på dette området.

  • Fangst og lagring av karbon; nordisk industri deltek i ei rekkje forskings- og industriprosjekt på feltet, og betre koordinering mellom aktørane kan styrkje Nordens posisjon overfor EU og resten av verda.

IKT

Som plattform for erfaringsutveksling og samarbeid er det etablert eit nordisk toppleiarforum samansett av toppleiarane i IT-departementa. Hovudoppgåvene er erfaringsutveksling om overordna nasjonale IT-politiske strategiar og prioriteringar og drøfting av eventuelle behov for felles aktivitetar og innsats på nordisk nivå. FAD representerer Noreg i gruppa. Dessutan er det etablert ei ekstern IT-ekspertgruppe som har starta eit scenariearbeid om IKT fram mot 2020.

MR-Us rådgjevingsgrupper har inkludert IKT i arbeidet sitt. Eit møte om nordisk samarbeid innan utvikling av digitale undervisningsmiddel og fordelane ved bruk av IKT i utdanninga er planlagt 2. november 2009.

5.3 Miljø, medrekna tverrfagleg ­samarbeid

Dei nordiske landa har eit omfattande miljøsamarbeid. Rammene for miljøsamarbeidet følgjer av det nye nordiske miljøhandlingsprogrammet for 2009–2012. Hovudfokuset er sett på klima og luftforureining, biologisk mangfald, kjemikaliar, avfall og hav og kystsoner. Miljøsektoren har òg ein eigen arktisk strategi for klima og miljøgifter som blir aktivt følgd opp. I tillegg er samarbeidet styrt av politiske initiativ og aktuelle spørsmål som til kvar tid står på den internasjonale dagsordenen.

Det nordiske miljøsamarbeidet er i stor grad fokusert på å påverke regelverksutviklinga i EU og i andre internasjonale prosessar på dei prioriterte samarbeidsområda. I 2009 er eit særleg fokus retta mot partskonferansen for klimakonvensjonen (COP 15) som skal haldast i København i desember. Dette er ein unik sjanse for dei nordiske landa til å bidra aktivt til framgang i klimaforhandlingane, i og med at Danmark er vertskap for konferansen samtidig som Sverige har formannskapen i EU. For å koordinere førebuingane og innsatsen i dei nordiske landa fram mot og under konferansen blei det difor oppretta ei eiga adhocgruppe for klimasaker i 2008. Det nordiske samarbeidet i klimaspørsmål vil òg bli vidareført i 2010 med fokus på oppfølginga av forhandlingsresultata frå partskonferansen i København.

Den svenske formannskapen i Nordisk ministerråd i 2008 hadde eit særskilt fokus på områda klima, kjemikaliar og havforureining. I tillegg til opprettinga av ei eiga klimaarbeidsgruppe som jobbar fram mot partsmøtet under klimakonferansen i København, er det levert nordiske innspel til arbeidet med å få på plass eit bindande globalt regelverk for kvikksølv. Dei nordiske landa har spelt ei heilt sentral rolle i prosessen som har ført fram til at det no er vedteke at forhandlingane om eit globalt bindande kvikksølvregime skal ta til. Det er òg etablert ei eiga arbeidsgruppe i havspørsmål som har hatt særleg fokus på miljøproblema i Austersjøen, men der også miljøproblema i andre nordiske havområde har vore vurderte. Tilrådingane frå denne arbeidsgruppa vart behandla av dei nordiske miljøvernministrane på møtet dei hadde i mai i år.

Island har under sin formannskap i år særleg prioritert arbeidet med klima, biodiversitet, havet, naturvern og berekraftig produksjon og forbruk.

5.4 Nærings-, energi- og regional­politikk

Næringspolitikk

Under Sveriges formannskap i 2008 blei innsatsen i det næringspolitiske samarbeidet retta mot konkurranseevne, klima, kreativitet og koordinering. Ministerrådet for næring, energi og regionalpolitikk (MR-NER) blei halde i Umeå i september 2008. Her stod klimautfordringane og det å kunne kombinere økonomisk vekst med miljøvennlege satsingar sentralt. Desse fokusområda blir vidareførte under den islandske formannskapen i 2009. I tillegg vert det lagt vekt på det nordiske samarbeidet om innovasjon, kreative industriar, reiseliv, nedbygging av grensehinder og tenestesektoren. Brukarstyrt innovasjon og måten marknaden og forbrukarane er med og formar innovasjonspolitikken på, har i endå større grad enn før stått sentralt i 2008.

Eit fleirtal av prosjekta til MR-NER blir gjennomførte i regi av Nordisk InnovasjonsCenter (NICe), som er den sentrale og implementerande institusjonen for det nordiske næringspolitiske samarbeidet. Den sitjande formannskapen samarbeider alltid tett med NICe.

Det næringspolitiske samarbeidet har den seinare tida sett fokus på kreative industriar og reiseliv som veksande næringar i Norden. Samarbeid på desse områda inngår som ein viktig del av strategiane for å skaffe Norden eit internasjonalt fortrinn som ein energisk, kreativ og leiande region.

Som ein del av arbeidet med å fjerne og førebyggje grensehindringar mellom nordiske økonomiar har det nordiske næringssamarbeidet fokusert på tenestehandelen som ein stadig viktigare sektor. I august 2007 presenterte NICe rapporten «Frå grensehinder og problem til forenkling og marknadsopning», som beskriv arbeidet NICe gjer for å fjerne grensehindringar for næringslivet i Norden og forslag til strategiar og tiltak for å fremje eit grenselaust nordisk næringsliv.

Regionalpolitikk

Ministerrådet for nærings-, energi- og regionalpolitikk vedtok på ministermøtet i september 2008 eit nytt regionalpolitisk samarbeidsprogram for perioden 2009–2012. Hovudbodskapen i programmet er at det framleis vil bli lagt stor vekt på å sjå det nordiske samarbeidet i samanheng med det omfattande europeiske samarbeidet i regionalsektoren. Med dei utfordringane globalisering, konkurranseevne og klimaspørsmål utgjer, blir behovet for samvirke og samordning mellom periferi og sentrum av ulik storleik stadig tydelegare. Det same gjeld behovet for å byggje ned grensehinder for å møte dei særskilde utfordringane dei nordiske grenseregionane står overfor og utnytte det potensialet dei har. Med sitt fokus på den territoriale dimensjonen i samfunnsutviklinga har regionalpolitikken ei særskild rolle som strategisk bindeledd mellom ulike politikkområde og sektorinteresser. Ministerrådet har i 2008 mellom anna lagt til rette for eit felles nordisk innspel til EU-kommisjonens grønbok for territorialt samhøyr. Vidare blei det i 2008 etablert fire arbeidsgrupper i temaa bypolitikk, grenseregionar, distriktspolitikk og tredjegenerasjons regionalpolitikk.

Olje og energi

Den nordiske energihandlingsplanen som dei nordiske energiministrane slutta seg til i 2005, er no inne i sitt siste år. Gjennom ministererklæringane frå Bodø-møtet 7. september 2006 og Helsingfors 20. september 2007, og med konklusjonane frå Umeå-møtet 30. september 2008, har det nordiske energisamarbeidet blitt vidareført på prioriterte satsingsfelt. Globaliseringsinitiativet har sett ny fart i det nordiske energisamarbeidet. Spørsmål under energihandlingsplanen i Norden er relevante for dette initiativet. Det er sentralt for det nordiske energisamarbeidet å bidra aktivt til utforminga av energipolitikken i Europa innanfor ramma av EU/EØS.

I den svenske formannskapsperioden i 2008 heldt arbeidet med det nordiske handlingsprogrammet for energisamarbeidet som gjeld for perioden 2006–2009, fram. Det vert lagt vekt på at det nordiske energisamarbeidet skal vere ein sterk og aktiv deltakar i utforminga av energipolitikken i Norden og Europa ved å konsentrere seg om desse kjerneområda:

  • energimarknader

  • berekraftige energisystem

  • Norden i det internasjonale energisamarbeidet

Når det gjeld rammene for energipolitikken som vert utvikla gjennom EU/EØS, er det behov for eit nordisk samarbeid i alle fasar av politikk- og regelverksutforminga. Ei prioritering av det nordiske elektrisitetssamarbeidet er rekna som spesielt viktig. Dette vart også stadfesta under møtet mellom dei nordiske energiministrane i Umeå 30. september 2008. Under den islandske formannskapen vart det arbeidd med ein ny energihandlingsplan for perioden 2010–2013.

Det går føre seg eit omfattande elmarknadssamarbeid mellom dei nordiske landa. Olje- og energidepartementet er involvert i dette samarbeidet gjennom Elmarknadsgruppa under Nordisk ministerråd. Vidare har regulatorane (NordReg) og sentralnettselskapa eit omfattande samarbeid. Utover dette samarbeider konkurransestyresmaktene i Norden om spørsmål i tilknyting til elektrisitetsmarknaden.

Det nordiske samarbeidet på kraftområdet har vore med og styrkt forsyningstryggleiken, betra utnyttinga av dei samla nordiske kraftressursane, auka investeringane i overføringslinjer mellom landa og skapt større transparens i marknaden. Moglegheitene for ein felles nordisk sluttbrukarmarknad vert òg utreda. Dette er viktige steg på vegen mot ein integrert nordisk kraftmarknad.

På ministermøtet i Umeå 2008 vart dei nordiske energiministrane samde om å halde fram med arbeidet for ein grenselaus og effektiv handel med energi. Handlingsplanen tek opp ei styrking av arbeidet med nettplanlegging og nettinvesteringar i eit nordisk perspektiv, ytterlegare inndeling av det nordiske børsområdet i pris- og bodområde, vidare arbeid med harmonisert balansehandtering og betra føresetnader for ein grenselaus handel og ein felles sluttbrukarmarknad.

Vidare arbeid på dette feltet vil òg vere knytt til forventninga om prosentvis meir elektrisitet frå fornybare, uregulerte energikjelder. Dette medfører nye utfordringar for dei systemansvarlege nettselskapa, både når det gjeld systemdrift og nettplanlegging. Kontinuerleg nordisk nettplanlegging kjem til å vere viktig i tida som kjem. Det same gjeld eit velfungerande nordisk systemdriftssamarbeid for å handtere utfordringane i samband med balansering av elektrisitet frå fornybare, uregulerbare energikjelder.

Energidimensjonen ved klimapolitikken har lenge vore eit viktig tema for Nordisk ministerråd.

I 2008–2009 har det vore arbeidd med policyrelevante klimaspørsmål med fokus på korleis dei nordiske landa samarbeider om og medverkar til å fremje prosessen i relasjon til FNs klimakonvensjon, Kyotoprotokollen og klimaarbeidet etter 2012 (post-Kyoto). Dette har delvis skjedd gjennom eit samarbeid med miljøsida i det nordiske samarbeidet.

Arbeidet har gått ut på å analysere utsiktene for å forbetre og utvide EUs interne kvotehandelssystem med aktørar utanfor EU, erfaringane med bruken av klimamekanismane i Austersjøregionen og dei energipolitiske føresetnadene for og konsekvensane av nye mål og grenser for framtidige klimagassutslepp, medrekna utviklings- og analysearbeidet i samband med klimaregimet etter 2012.

Det nordiske samarbeidet er tilpassa og organisert med tanke på nye globale utfordringar for klimaregimet etter 2012. Elles blir det innanfor energisamarbeidet kontinuerleg drøfta korleis ein kan styrkje og innrette samarbeidet i lys av det nordiske globaliseringsinitiativet.

Auka satsing på fornybar energi og energieffektivisering er ein del av den energipolitiske responsen på klimautfordringa. Dei nordiske landa har ei felles interesse av å sjå på korleis dei kan innrette verkemiddelbruken og markere leiarskap på desse områda. Det er viktig i lys av at politiske prosessar globalt og i Europa får følgjer for alle landa. Dei nordiske landa konsentrerer seg difor spesielt om utvikling av rammevilkår for energieffektivisering og fornybar energi i lys av utviklinga av direktiv og nye initiativ i EU/EØS. Under den norske formannskapen i 2006 vart det etablert arbeidsgrupper innan fornybar energi og energieffektivisering. Dette arbeidet er styrkt og vidareført i 2008 og 2009, og målet er å følgje prosessane på EU/EØS-nivå. EUs energi- og klimapakke vektlegg desse områda, og det er naturleg at det nordiske energisamarbeidet følgjer med på både vedtaksprosessar og gjennomføring av aktuelle direktiv og politiske initiativ.

Dei nordiske energiministrane deltek i Baltic Sea Region Energy Co-operation (BASREC), og skreiv i 2003 under ein avtale om etablering av Austersjøregionen som forsøksområde for bruk av dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen. Som ei oppfølging av avtalen vart det oppretta eit investeringsfond for implementering av fellesgjennomføringsprosjekt i regionen. Eit viktig mål er å stimulere til realisering av fellesgjennomføringsprosjekt i energisektoren i Austersjøområdet. Fondet vart positivt evaluert i 2007. Dei nordiske landa er pådrivarar i BASREC-samarbeidet. Hausten 2008 vart det halde eit ministermøte i BASREC-samanheng med støtte frå Nordisk ministerråd.

Det vil vere sentralt å halde fram med det gode samarbeidet på energiområdet når det gjeld felles utfordringar innan EU/EØS-relaterte tema. I 2008 og 2009 har det vore samarbeidd om forslaga til høvesvis energimarknadspakke og energi- og klimapakke som er under forhandling i EU. I lys av at Kommisjonen og EU-landa er midt i ein ny diskusjon om energipolitikk, er det naturleg for dei nordiske landa å setje sterkare søkjelys på dei felles utfordringane dette inneber. Dette vart klart markert under energiministermøtet i Umeå 2008, og saka har vore følgd opp i Nordisk ministerråd i 2009.

Det er etablert eit velfungerande nordisk samarbeid om energiforsking. Nordisk energiforsking (NEF) er ein institusjon under Nordisk ministerråd som er lokalisert i Oslo. Institusjonen har til føremål å vidareføre og fremje det nordiske samarbeidet på energiforskingsområdet ved å leggje til rette for auka kompetanse, konkurranseevne og verdiskaping på energisektoren i Norden. NEF skal komplettere og styrkje den fellesnordiske energiforskinga. I 2008–2009 har det vore arbeidd med tilrettelegging av det nordiske toppforskingsprogrammet. Både fornybar energi og fangst og lagring av karbon (CCS) har vore prioriterte som satsingsområde under dette såkalla globaliseringsinitiativet. Hovudoppgåver for NEF er å bidra til ein felles strategi for forsking og utvikling på dei delane av energiområdet som er av felles nordisk interesse, og å støtte og utvikle forsking og utvikling på sentrale energifaglege område. I strategien for 2007–2010 er det valt ut fem tematiske område:

  • integrasjon av energimarknaden

  • fornybare energikjelder

  • energieffektivitet

  • hydrogensamfunnet

  • konsekvensar av klimaendringar på energi­området

NEF bruker ulike verkemiddel for å nå desse måla:

  • økonomisk støtte til FoU og kompetanseutvikling

  • arenaer for etablering av forskarnettverk og informasjonsutveksling mellom forskarar, industri og styresmakter

  • konkret oppfølging av forskingsprosjekt og initiativ

  • kommunikasjon og spreiing av forskingsresultat

NEF er samfinansiert av dei nordiske landa med ca. 30 mill. kroner årleg. I 2009 og 2010 skal NEF utarbeide ein strategiplan for perioden 2011–2014.

NEF har i perioden 2007–2009 vore sterkt involvert i arbeidet med etablering og tilrettelegging av det nordiske toppforskingsprogrammet (TFI). TFI er ei oppfølging av det såkalla globaliseringsinitiativet som vart sett i gang av dei nordiske statsministrane på statsministermøtet i Finland i juni 2007. TFI omfattar ei eiga satsing på energiforsking som skal gå over fem år med eit totalt budsjett på rundt 400 millionar danske kroner. Både fornybar energi, energieffektivisering og fangst og lagring av karbon (CCS) er prioriterte satsingsfelt.

5.5 Fiskeri og fangst

EK fisk – budsjett og organisering. Organiseringa av arbeidet med fiskerisaker er endra som følgje av omleggingar i ministerrådet generelt (nye institusjonar for forsking og innovasjon er etablerte) og ein reduksjon i midlane som står til disposisjon for fiskerisamarbeidet. Budsjettet for fiskerisamarbeidet er redusert med vel 20 % dei siste 3-4 åra. Budsjettet for 2009 er på DKK 5 757 000, som utgjer rundt 0,67 % av det samla budsjettet for rådet og ca 17 % av budsjettet for EK-FJLS. Samarbeidet innanfor EK-FJLS blei elles evaluert i 2007/2008. Det viste seg at fiskerisamarbeidet fungerte best og mest dynamisk. Ei viktig forklaring kan vere at samarbeidet dekkjer reelle behov for å løyse relativt klart definerte utfordringar. EK-FJLS har teke konsekvensen av dei endra rammevilkåra for fiskerisamarbeidet og endra den interne organiseringa ved å leggje ned Nordisk arbeidsgruppe for fiskeriforsking, NAF, og arbeidsgruppa for miljø og fisk, MiFi (felles med EK miljø). Som erstatning er det etablert ei arbeidsgruppe for fisk (AG fisk) som skal støtte EK i ein meir strategisk retta innsats på område av høg politisk relevans for Norden og arbeide mot andre nordiske finansieringskjelder på forskings- og innovasjonssida. Både NORFORSK og NiCe krev at interessene til sektoren blir meir målretta og strategisk innarbeidde i programma og porteføljane til institusjonane.

Endringar i tilhøva rundt fiskerisamarbeidet. Statsministrane har gjennom sine møte og initiativ lagt grunnlaget for formulering av nye mål, strategiar og arbeidsformer på området, mellom anna når det gjeld klima, globalisering og forskingssamarbeid. Som følgje av dette er det generert nye sektorspesifikke problemstillingar som utfordrar evna til nordisk samarbeid. Fiskerispørsmåla er i større grad vovne inn i nye utfordringar i samband med at fleire blir brukarar av havområda. Fiskeria må i aukande grad konkurrere med andre former for næringsaktivitet (ref. EUs maritime politikk). Implementeringa av EUs marine og maritime politikk føreset større grad initiativ og medverknad frå regionane i Europa. Breidda og djupna i kompetansen på nye havpolitiske problemstillingar varierer mellom dei nordiske landa, og samarbeidet tener difor på høg grad av komplementaritet.

Växjø-erklæringa 2008. Økomerking, sertifisering og tilhøvet til forbrukarane var eit hovudtema på ministermøtet i Växjø i 2008. Oppfølginga skjer i eit nordisk nettverk innanfor fiskerisektoren der forskarar og næringsorganisasjonar saman drøftar løysingar når det gjeld sertifisering og sporing. Problemstillingar i samband med miljømerking og sertifisering er tekne opp i arbeidsprogrammet for fiskerikomiteen i OECD for 2009–2011, som skal resultere i ein OECD-studie om Fisheries and Aquaculture Certification. Fleire og fleire marknader etterspør no meir omfattande elektronisk sporing. Saman med næringa har matdepartementa (Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet) sidan 2007 arbeidd med eit e-sporingsprosjekt, som har til mål å utvikle ein nasjonal infrastruktur for elektronisk sporing. Infrastrukturen skal leggje til rette for elektronisk sporing i heile matkjeda og skal kunne følgje heile livsløpet til eit produkt. Den elektroniske infrastrukturen skal tilpassast internasjonale standardar for sporing. I år skal det lagast ein testversjon av den skisserte elektroniske infrastrukturen. Dersom denne verkar og får tilslutnad, skal det lagast ein fullskalaversjon som kan brukast av alle aktørar i matkjeda.

Den islandske formannskapen skal i november 2009 arrangere ein konferanse der dei nordiske verdiane i matsektoren vil bli drøfta på bakgrunn av globaliseringa. Konferansen skal kast lys over korleis Norden som region kan «brandast» med omsyn til berekraft, reinleik og sporing. Som ei slags forlenging av dette initiativ skal NMR delta i EXPO i Shanghai neste år med eit seminar med fokus på matvaretryggleik. Dette vert òg eit ledd i ein felles innsats for å «brande» dei nordiske verdiane.

Klimaeffektar på primærnæringane – hav og fiskeri – tilpassingar og tiltak. Dette programmet er ein integrert del av globaliseringsinitiativet (sjå generell omtale under LMD, der det òg er teke med ein omtale av m.a. ny nordisk mat, klima, sunn mat og mosjon). Klimaendringane kan påverke livet i havet i større grad enn vi tidlegare har visst, og få nye og uventa konsekvensar som vi må innrette oss etter. Dei kommersielle marine fiskebestandane kan bli endra i omfang og utbreiing. Artar som i dag er tilknytte våre havområde, kan flytte seg, og nye artar kan komme til. Dette kan mellom anna gje nye premissar for fordelinga av bestandane, endre dynamikken i fiskeriforhandlingane og føre til ny tilpassing av kvotar, flåtestruktur og reiskapar. Aukande CO2-konsentrasjonar medfører forsuring av havet, noko som kan få negativ innverknad på plankton, skaldyr og korallar. Det er i all hovudsak fiskeflåten som står for klimagassutsleppa. Sektoren ser ut til å nå måla som er sette for utsleppsreduksjon. Ei arbeidsgruppe med representantar for ulike delar av fiskerinæringa har identifisert ei rekkje tiltak for ytterlegare utsleppsreduksjonar i sektoren. Aukande temperaturar kan gje oppblomstring av skadelege algar, auka sjukdomsfare og dårlegare fiskevelferd for oppdrettsfisk. Issmelting i Arktis som følgje av klimaendringane kan gjere nye område tilgjengelege for aktivitet og opne ein passasje for skip. Vidare er navigasjonsinstallasjonar sårbare for vêr og vind. Fyr, merke og dekningsverk må dimensjonerast for å handtere klimaendringane. Nasjonalt, nordisk og internasjonalt vil forsking og overvaking av økosystemet bli viktige nordiske innsats- og samarbeidsområde for å utvikle vedtaksgrunnlag for tiltak.

Marin innovasjon. Forsking og innovasjon i fiskeriet (og akvakulturen) har i stor grad vore finansiert med midlar som har vore stilte til disposisjon av ministerrådet. Løyvingane er no vesentleg reduserte, og samtidig er det etablert nye nordiske institusjonar, NORA for forsking og NiCe for innovasjon. På fiskerisida blir det arbeidd svært aktivt for at dei to institusjonane skal prioritere program og prosjekt som er til nytte for sektoren. Mellom anna arrangerte fiskerisamarbeidet saman med NiCe og NORA ein konferanse om marin innovasjon i Reykjavik 12. mai 2009 der målet var å identifisere og drøfte innovasjonsområde som kan vere eigna for samarbeid i Norden og med Canada. Det vert no arbeidd med å etablere konkrete samarbeidsprosjekt med canadisk deltaking og likeins eit nordisk marint innovasjonsprogram som m.a. dekkjer fiskereiskapar, akvakultur, foredling, distribusjon og algeteknolgi. Dette er eit viktig initiativ som føreset mobilisering av det nordiske støtteapparatet for forsking og innovasjon. Samarbeidet med Canada er ei oppfølging av formannskapsprogrammet for 2009.

Den globale fiskerisektoren. Fiskerisamarbeidet har sett forvaltning av havet på dagsordenen i 2009. Internasjonale og nasjonale prosessar aktualiserer djuptgåande diskusjonar om kva posisjonar, ønske og krav fiskerisektoren har til ei integrert havforvaltning og om forholdet til andre sektorar. Globalt står fiskerisektoren framfor store utfordringar når det gjeld å utvikle berekraftige fiskeri. Utviklingslanda har store utfordringar med å byggje opp nødvendig forvaltningskapasitet og å innfri kravet om berekraftig utnytting av dei levande marine ressursane. Dette er fakta som er understreka av FAO, OPEC og Verdsbanken, og dei er dessutan prioriterte område for norsk utanrikspolitikk, sjå St. meld. nr. 15 (2008-2009) Interesser, ansvar og muligheter. Hovedlinjer i norsk utenrikspolitikk. Dei nordiske landa har vore aktive i den globale debatten om korleis fiskeria kan gjerast berekraftige. Vidare er dei nordiske landa vesentlege sponsorar for Verdsbankens PROFISH-program og aktivitetar i FAO-regi. Nordisk ministerråd vil engasjere seg i utviklinga i dei globale fiskeria på område der nordiske initiativ kan gjere nytte.

Nordistnettverket. I regi av embetskomiteen for fisk (EK fisk) blir det arrangert eit årleg møte med nordiske tilsette i sekretariata i internasjonale organisasjonar på fiskeriområdet. Møta gjev framifrå oversikt og overblikk over fiskerirelevante internasjonale prosessar som er av interesse for Norden. Vidare gjev dei høve til å sondere interessa for konkrete samarbeidsinitiativ med dei internasjonale organisasjonane. På møtet 2. juli 2009 drøfta ministerrådet for fiskeri, havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) kva fiskeri- og havbrukssektoren har å seie for verdshandelen, og dei diskuterte behovet for å fremje ansvarleg og berekraftig fiskeri og akvakultur. I denne samanhengen vedtok dei Ísafjörur-erklæringa, der ministrane

  • gjer merksam på at fiskeri- og akvakulturforvaltning er utfordringar for alle land, ikkje minst dei utviklingslanda som manglar forvaltningskapasitet

  • understrekar det viktige i ei ansvarleg og økosystembasert, berekraftig resursforvaltning i fiskeri- og akvakultursektoren over heile verda

  • erkjenner at utviklinga har økologiske, teknologiske, økonomiske og sosiale dimensjonar, også etiske, og at det primære føremålet med den berekraftige utviklinga er å forbetre livsvilkåra for alle menneske som er direkte eller indirekte sysselsette i fiskeri- og akvakultursektoren og det naturlege produksjonssystemet

  • seier seg overtydde om at det er behov for kapasitetsoppbygging i utviklingslanda med omsyn til bevaring, forvaltning og berekraftig økosystembasert utnytting av havressursane

  • oppmodar det internasjonale samfunnet generelt og dei nordiske landa spesielt til å arbeide for fiskeri- og akvakultursektoren sine interesser i samband med utviklingshjelp, både når det gjeld matvareforsyning og handelsmogelegheiter for utviklingslanda

Reforma av EUs felles fiskeripolitikk. Ministerrådet har svart på ei framstilling (5/2008) og eit skriftleg spørsmål (E3/2009) frå Nordisk råd om reforma av den felles fiskeripolitikken i EU, og har vedteke å gå inn som aktiv deltakar i drøftingane i samband med lanseringa av grønboka om reform av den felles fiskeripolitikken. Ministerrådet og Nordisk råd har hatt dialog om førebuingane og vil undersøkje om det er aktuelt å halde felles tilstellingar. Fiskerisamarbeidet har på fleire møte og konsultasjonar med EU-kommisjonen drøfta korleis Norden best kan bidra til debatten om ein felles fiskeripolitikk i EU. Nordiske forskarar vil utarbeide ein rapport om erfaringar i fiskeriforvaltning med fokus på tema som rettsbasert forvaltning, utkast og samforvaltning (co-mangement). En ekspertkonsultasjon om regionalisering av fiskeriforvaltninga i EU vart arrangert hausten 2009.

Eit døme på samarbeid – Nordisk marint akademi (Nordic Marine Academy). Som følgje av krav til økosystembasert forvaltning er fiskeriforvaltninga blitt meir kunnskaps- og kompetansekrevjande. I tillegg er fiskerispørsmåla i større grad blitt vovne inn i havspørsmål der fiskeria kjem i eit sterkare konkurranseforhold til andre aktivitetar (ref. EUs maritime politikk). Etableringa av Nordisk marint akademi er eit svar på desse utfordringane. NMA er eit femårig prosjektsamarbeid mellom NordForsk og fiskerisamarbeidet om forskarutdanning på PhD-nivå. Fleire hundre PhD- og mastergradstudentar har delteke på kurs og fått utteljing for ei rasjonell unytting av faglege spesialitetar i dei nordiske landa. Prosjektsamarbeid på mange område og plan innanfor ressursrelaterte tema, foredling, mattryggleik o.a. har utvikla forskarnettverk på tvers av Norden. Arbeidet i NMR medfører òg at nyttige nettverk både for politikarar, forvaltarar og forskarar kan utviklast og vedlikehaldast. Nettverka har danna grunnlaget for organisering av forskarkonsortium for søknader til rammeprogram i EU, ofte med svært god utteljing. Forskarskulen vart evaluert i 2008, og tilbakemeldingane var svært gode. Ein viktig diskusjon i fiskerisamarbeidet har difor vore forlenging og eventuell vidareføring av prosjektet ut over 2010, og dette kjem til å vere eit viktig tema i samtalar mellom fiskerisamarbeidet og NordForsk.

5.6 Jord- og skogbruk

Globaliseringsinitiativet vert følgt opp i minister­rådet for fiskeri, havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS).

Saman med globaliseringsinitiativet ligg den nye NMR-strategien for berekraft til grunn for det nye handlingsprogrammet for perioden 2009–2012. Slik skal aktuelle oppgåver og utfordringar i samband med globaliseringsinitiativet kunne prioriterast generelt og i dei årlege formannskapsprogramma.

Det er utarbeidd eit rammeprogram for perioden 2009–2013. Det skal supplerast av formannskapsprogrammet for kvart år slik at dei til saman dannar handlingsprogram for 2009–2013. Dei årlege formannskapsprogramma skal vere med og oppdatere handlingsplanen slik at tidsaktulle oppgåver blir prioriterte.

Rammeprogrammet vart vedteke på ministermøtet i Växjö juni 2008. Dei seks satsingsområda i rammeplanen er å

  • bidra til utvikling av konkurransekraftig produksjon

  • bidra til å forbetre føresetnadene til dei nordiske landa i møte med klimaendringane og utfordringane med dei

  • sikre kommande generasjonar genetisk mangfald

  • støtte ei berekraftig utvikling av kyst- og innlandsbygdene i Norden og kulturen deira

  • vidareutvikle den nordiske velferdsmodellen med vekt på god folke- og dyrehelse og høg dyrevelferd 

  • bidra til at felles nordiske vurderingar får gjennomslag i internasjonale prosessar og forum.

Klimaendringane og konsekvensane dei får for primærnæringane i Norden, var eit gjennomgangstema på sommarmøtet til ministrane i Växjö i juni 2008. Ministerrådet sette søkjelyset på biologiske og næringsmessige sider ved klimaendringane, mellom anna følgjene for primærnæringane og matproduksjonen, og på korleis klimagassutsleppa kan avgrensast. Dette vil medføre auka nordisk innsats i forskings- og innovasjonsarbeidet om klima, energi og miljø. Ministrane la vekt på å styrkje grunnlaget for framtidige politiske avgjerder i samband med aktuelle regulerings- og forvaltningstiltak. MR-FJLS er involvert i globaliseringsinitiativet til statsministrane.

Av dei tretten godkjende forslaga i globaliseringsinitiativet frå 2008 er programmet «Klimaeffektar på primærnæringane – tilpassingar og tiltak» lagt til MR–FJLS. Programmet skal vere med og innfri måla i rammeprogrammet når det gjeld punkt II Klima. Til å gjennomføre programmet er det sett ned ei styringsgruppe der MR-FJLS-arbeidsgruppene NMDD, AG-FISK, NKJ, SNS og NordGen forutan EK-U og EK-M blir trekte inn i arbeidet. NordForsk har sekretariatsfunksjonen for styringsgruppa. Programplanen er godkjend av alle landa, og prosjektet har starta opp i 2009. Prosjektet skal strekkje seg til 2012 med sikte på vidare drøfting og nordisk anbefaling det året.

Eit prosjekt om korleis primærnæringane kan bli påverka av klimaendringane, tek utgangspunkt i nasjonale prioriteringar og nasjonale styrkeposisjonar og skal medverke til å styrkje og effektivisere den samla nordiske forskinga på området i tråd med føringar frå statsministrane. Det er sett ned ei tverrsektoriell styringsgruppe for prosjektet.

Nordisk genressurssenter (NordGen) vart etablert 1. januar 2008. Det nordiske genressurssamarbeidet, som tidlegare omfatta Nordisk genbank for plantar, Nordisk genbank for husdyr og Nordisk skogbruks frø- og planteråd, vart frå denne datoen samordna i Nordisk genressurssenter. Organisasjonen arbeider for å sikre og utnytte det genetiske mangfaldet hos husdyr, vekstar og tre i dei nordiske landa. God tilgang på genetiske ressursar er ein føresetnad for berekraftig produksjon i landbruket og for å kunne tilpasse produksjonen til eksisterande og endra klimaforhold og andre behov. Bevaring av variasjon innan genetiske ressursar er ein føresetnad for at kommande generasjonar skal kunne utnytte plante- og dyremangfaldet i pakt med nye og endra behov, og for utvikling av meir miljøvennlege produksjonsmåtar. NordGen skal arbeide for berekraftig bruk og bevaring av genetiske ressursar hos husdyr og i skog- og plantemateriale, i nært samarbeid med dei nasjonale programma i Norden og med vekt på informasjon og kunnskapsbygging. Evalueringar av det nordiske arbeidet med genressursar har konkludert med at det har svært stor nordisk nytte og er eit viktig supplement til det nasjonale arbeidet på området. Arbeidet til NordGen gjer òg at Norden kan profilere og posisjonere seg godt i det internasjonale genressursarbeidet. Utviklingspotensialet i NordGen vart drøfta på ministermøtet i 2009, og ministrane noterte seg at NordGen blir stadig viktigare. MR-FJLS vedtok å setje i gang eit utgreiingsarbeid for å sikre og styrkje NordGen som ein sentral nordisk organisasjon for bevaring og berekraftig utnytting av genressursar. Utgreiinga skal setjast i gang av EK-FJLS med bistand frå sekretariatet i NMR.

Det nye frølageret på Svalbard (Svalbard Global Seed Vault) vart opna av statsminister Jens Stoltenberg 28. februar 2008 med både verdspresse og faginstitusjonar godt representerte. Frøkvelvet har alt vist seg som ein stor suksess. Til no har 25 internasjonale og nasjonale institusjonar deponert meir enn 400 000 frøprøvar for sikker langtidslagring i frøkvelvet. Den 26. februar i 2009 vart eittårsjubileet for Svalbard globale frøkvelv markert med eit internasjonalt seminar på Svalbard. I ein uttale frå seminaret blir det slått fast at dagens matplantar er under press. Tap av biologisk mangfald er i dag ei av dei største utfordringane for miljø og berekraftig biologisk produksjon. Konsekvensen kan bli eit irreversibelt tap av matplantar tilpassa klimaendringar og nye plantesjukdomar, og problema med å dekkje matbehovet til ei veksande befolkning kan auke.

I frøkvelvet kan det oppbevarast duplikatorar av frøsamlingar i genbankar slik at tilsvarande frø kan hentast ut dersom katastrofar, ulykker eller anna fører til at ordinære samlingar går tapt. Frø­lageret på Svalbard er eit sentralt og viktig bidrag til å sikre det biologiske mangfaldet i landbruket. Spesielt viktig vert det for utviklingslanda, og FAO og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar ser med stor interesse på tiltaket.

Deponeringa av frø i Svalbard globale frøkvelv skal vere i samsvar med relevant nasjonalt og internasjonalt regelverk. Frøkvelvet vil ta imot frø som er gjort tilgjengeleg gjennom det multilaterale systemet eller artikkel 15 i FAOs internasjonale traktat om plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk (ITPGRFA), eller frø som stammar frå landet som deponerer materialet. Det er oppretta eit internasjonalt råd for frøkelvet. NordGen har ansvaret for drifta gjennom ein eigen avtale mellom Landbruks- og matdepartementet, Global Crop Diversity Trust og Nord-Gen.

Det treårige programmet «Ny nordisk mat 2007–2009» er vorte svært populært i dei nordiske landa. Det skaper rom for utvikling av lokal og regional mat og matkultur, for regional utvikling og verdiskaping og for profilering av nordisk mat og matkultur både nasjonalt og internasjonalt. Det er etablert ei eiga nordisk styringsgruppe med norsk leiing. Den fellesnordiske satsinga på programmet er på 22,6 millionar kroner over ein treårsperiode. Nordisk innovasjonssenter yter rundt 10 millionar kroner retta mot innovasjonsaktivitetar. Som følgje av den tverrfaglege strukturen har programmet deltaking frå fleire sektorar i NMR. Programmet vert vidareført i kommande år.

Under ministermøtet på Island 2. juli 2009 vedtok ministrane å setje i gang eit nytt nordisk matprogram for perioden 2010–2014 med auka tverrsektorielt samarbeid der relevante aktørar blir involverte.

Bioenergi har fått stor merksemd i nordisk samanheng dei siste åra. Det har resultert i to ministererklæringar der det var semje om ei felles satsing for å auke kunnskapen om bruk av biologisk materiale til energiføremål.

5.7 Økonomi- og finanspolitikk

Hovudmåla med det nordiske samarbeidet på det økonomiske og finansielle området er høg og berekraftig vekst i produksjon og sysselsetjing, låg arbeidsløyse og låg og stabil prisstiging. Samarbeidet skal elles fremje nordiske interesser internasjonalt. EU-saker har høg prioritet. Samarbeid og informasjonsutveksling om skattespørsmål er òg eit fast innslag på finansministermøta.

I åra framover vil aldringa i befolkninga leggje auka press på dei offentlege finansane. For å møte denne demografiske utfordringa legg alle dei nordiske landa stor vekt på å sikre høg yrkesdeltaking og styrkje statens formuesposisjon. Dette speglar seg av i ein aktiv arbeidsmarknads- og sysselsetjingspolitikk, pensjonsreformer og målsetjingar om fortløpande budsjettoverskot i offentleg sektor.

Dei nordiske finansministrane har vedteke å starte eit nytt nordisk økonomisk tidsskrift som skal heite Nordic Policy Review. Tidsskriftet skal sjå på økonomisk-politiske spørsmål i eit nordisk perspektiv og fremje diskusjonen om slike saker i dei nordiske landa. Tidsskriftet skal komme ut to gonger i året. I samband med utgjevingane skal det haldast faglege seminar om emna tidskriftet tek opp. Første utgjeving er planlagd våren 2010.

Det er gjennomført tiltak for ytterlegare å byggje ned grensehinder mellom dei nordiske landa, mellom anna i samband med den nordiske skatteportalen som vart oppretta i 2005.

I samband med det nordiske finansministermøte i oktober 2008 vart det vedteke å opprette ei embetsmannsgruppe på høgt nivå som skal følgje gjennomføringa av stabiliseringsprogrammet Island har med Det internasjonale valutafondet (IMF), og drøfte og utarbeide støttetiltak som kan medverke til å få Island ut av den økonomiske krisa. I samanheng med IMF-programmet har dei andre nordiske landa inngått avtaler med Island om langsiktige lån på tilsaman 1.775 milliardar euro. Det norske lånet er på 480 millionar euro som tilsvarer om lag 4,2 milliardar kroner.

For å motverke skatteflukt vedtok dei nordiske finansministrane i 2006 å samarbeide om å inngå avtalar med skatteparadis om informasjonsutveksling. I oktober 2007 vart den første avtalen underteikna med Isle of Man. I samband med finansministermøtet hausten 2008 vart det underteikna avtalar med Jersey og Guernsey. Seinare er det underteikna avtalar med Bermuda, Dei britiske Jomfruøyane og Caymanøyane. Elles er avtalar med Dei nederlandske Antillane og Aruba under førebuing. Det er vedteke å forlengje det nordiske samarbeidet til 2012.

Ei felles arbeidsgruppe under EK-Miljø og EK-Finans tek hand om samarbeidet på miljøøkonomiområdet. Gruppa er eit forum for faglege diskusjonar, og her kan dei nordiske landa dessutan koordinere førebuingane til internasjonale møte, spesielt møte i EUs miljøøkonomigruppe (ENVECO). Gruppa har avslutta fleire prosjekt i 2008 og har fleire større prosjekt under planlegging og oppstart.

Verksemda i Den nordiske investeringsbanken (NIB) i 2008

Banken har til oppgåve å yte investeringslån og stille garantiar på bankmessige vilkår og i samsvar med samfunnsøkonomiske omsyn til prosjekt som er av interesse for medlemslanda og andre land som tek opp slike lån. Låneaktivitetane omfattar mellom anna investeringslån til verksemder i to eller fleire medlemsland, finansiering av miljø- og infrastrukturinvesteringar, lån til regionalpolitiske kredittinstitusjonar, ordinære investeringslån utanfor Norden og prosjektinvesteringslån til kredittverdige utviklingsland og land i Sentral- og Aust-Europa. Banken er eigd av dei baltiske landa. Banken hadde eit underskot på 281 millionar euro eller om lag 2,5 milliardar kroner for rekneskapsåret 2007, mot eit overskot på 69 millionar euro i 2007. Underskotet har samanheng med auka internasjonale renter og fall i marknadsverdien på bankens handelsportefølje. I 2008 vart det ikkje utbetalt utbyte til eigarane.

Ved utgangen av 2008 var samla utlån og garantiar frå NIB på 13 milliardar euro eller 117 milliardar kroner. Av dette kom utbetalingane i 2008 opp i eit rekordnivå på om lag 2,5 milliardar euro. Uteståande lån og garantiar til medlemslanda utgjorde 10,1 milliardar euro eller om lag 90 milliardar kroner. Ved utgangen av året utgjorde utlånet til Noreg 17 % av samla utlån i banken.

Banken har formelt samarbeid med 38 land utanfor Norden og Baltikum. Lån til desse landa utgjer ein aukande del av verksemda i NIB og kom i 2007 opp i eit samla beløp på 680 millionar euro. NIB deltek òg i miljøfinansiering. I 2008 gjekk 21 % av tildelte lån til miljøprosjekt.

5.8 Sosial og helse

Ny institusjonsstruktur

Som eit ledd i moderniseringa av Nordisk ministerråd vedtok dei nordiske samarbeidsministrane i desember 2008 den endelege institusjonsstrukturen på sosial- og helseområdet. Den nye institusjonsstrukturen vart teken i bruk 1. januar 2009 og innebar etablering av ein ny institusjon på det sosiale området med namnet Nordisk velferdssenter (NVC), med hovudkontor i Stockholm. NVC er ei samanslåing av Nordisk samarbeidsorgan for handikapspørsmål, Nordisk utviklingssenter for hjelpemiddel og Nordisk utdanningssenter for utvikling av sosialservice. Nordisk senter for alkohol- og narkotikaforsking og Nordisk utdanningssenter for døvblinde, som høvesvis held til i Helsingfors og i Dronninglund på Jylland, er omdanna til dotterinstitusjonar under den nye institusjonen. Den nordiske høgskulen for folkehelsevitskap (NHV) i Göteborg består som institusjon på helseområdet, og det er lagt opp til eit utstrekt samarbeid mellom NVC og NHV.

I 2008 har Helse- og omsorgsdepartementet i samarbeid med sekretariatet i Nordisk ministerråd vurdert ny organisatorisk tilknyting for Nordisk institutt for odontologiske materiale (NIOM). På møtet i ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S) 29.–30. juni i år vart det vedteke at NIOM skulle omdannast til eit nordisk samarbeidsorgan, organisert som dotterselskap under UniRand AS ved Universitetet i Oslo, med verknad frå januar 2010.

Status på samarbeidsområde

Internordiske trygdespørsmål

Det er viktig å sikre at reguleringa av internordiske trygdespørsmål ikkje kjem i konflikt med EU/EØS-reglane om koordinering av trygderettar. Ei arbeidsgruppe som vart sett ned i april 2008, er i ferd med å sjå på endringar som blir nødvendige i samband med dei nye EF-forordningane som etter planen kjem i mars 2010.

Rusområdet

Alkohol. Dei nordiske sosial- og helseministrane vedtok i 2004 ein uttale om samarbeid om alkoholpolitiske spørsmål i internasjonale organ. Det er særleg overfor Verdshelseorganisasjonen og EU eit slikt samarbeid er etablert. Nordisk senter for alkohol- og narkotikaforsking (NAD) har sidan 2004 utarbeidd ein årleg statusrapport for dei nordiske sosial- og helseministrane. Frå 2009 er denne oppgåva overført til NVC Finland, og på møtet i MR-S i juni 2009 vart det vedteke at den årlege alkoholpolitiske rapporteringa skulle halde fram.

Vidare knyter det seg eit kontinuerleg samarbeid til partnarskapen for helse og livskvalitet under Den nordlege dimensjonen, der det mellom anna er ei eiga ekspertgruppe om alkoholskadar. EU-kommisjonen la hausten 2006 fram ein kommunikasjon om ein alkoholpolitisk strategi for EU. Det er sett i gang eit omfattande arbeid rundt oppfølginga av tiltaka i strategien. Verdshelseforsamlinga vedtok i 2008 at det skal utarbeidast ein global strategi for å redusere skadeleg bruk av alkohol.

Dei nordiske landa samarbeidde nært for å medverke til at resolusjonen gjekk gjennom i helseforsamlinga. Etter vedtak på det nordiske ministerrådsmøtet i Visby i juni 2008 er det sett ned ei nordisk tenestemannsgruppe for alkoholpolitisk samarbeid til å organisere dette samarbeidet.

Narkotika

Nordisk narkotikaforum – eit uformelt nordisk samarbeid på embetsnivå vart arrangert av det svenske formannskapet i Visby, Sverige 11.–12. September 2008. Representantar frå dei nordiske landa saman med representantar for NVC Finland og EUs narkotikabyrå deltok i forumet. Det vart særleg fokusert på korleis etterspurnaden etter narkotika kan reduserast samt på menneskerettar. Forumet vart ført vidare med eit møte i Reykjavik i september 2009. I dette møtet var det eit sentralt tema korleis ein skulle følgje opp FN sitt høgnivåmøte om narkotika i Wien i mars 2009.

Utsette born og unge

Gjennom deltaking i EK-S og MR-S vil Barne- og likestillingsdepartementet medverke til at barneperspektivet vert vareteke gjennom det nordiske samarbeidsprogrammet på området. Det treårige samarbeidsprogrammet mellom Nordisk Ministerråd, styresmaktene i Nordvest-Russland og dei tre baltiske landa (2006–2008) som var retta mot born med nedsett funksjonsevne og familiane deira, vart avslutta i 2008. Det er gjennomført ei rekkje aktivitetar i regi av samarbeidsprogrammet, som no vert følgt opp av styresmakter på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå i samarbeidslanda.

Personar med nedsett funksjonsevne

Europarådet og Nordisk ministerråd har starta eit samarbeid der målet er å betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne. Under Nordisk handikappolitisk råd er det fem sektornettverk på områda bygg- og samfunnsplanlegging, utdanning, transport, kultur og arbeidsmarknad. NVC er sekretariat for desse nettverka. Frå 2009 er det oppretta eit nytt, sjette nettverk med samordning av politikken for personar med nedsett funksjonsevne som arbeidsfelt. På initiativ frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet i Noreg finansierte Nordisk ministerråd i 2008 ei kartlegging av innovasjon og teknologisk utvikling på hjelpemiddelområdet i Norden. Kartlegginga vart gjennomført av ei arbeidsgruppe med 1–2 representantar frå kvart av dei nordiske landa. Det var lagt vekt på tilhøvet mellom utvikling av hjelpemiddel og av meir universelt utforma produkt. I tillegg ville ein med tanke på det nordiske arbeidet med nedbygging av grensehinder stimulere til auka nordisk samarbeid innan innovasjon og teknologi, slik at ein i større grad kunne dra nytte av kvarandres erfaringar. Det vart utarbeidd ein rapport om funna frå kartlegginga som vart trykt og distribuert av NMR i januar 2009. Sluttrapporten peikar på at det går føre seg mykje relevant samarbeid på hjelpemiddelområdet i Norden, og at landa uttrykkjer ønske om og behov for at samarbeidet held fram og blir utvida. Det blei avdekt behov for sterkare koordinering på nordisk nivå for å hindre dobbeltarbeid og med sikte på å kople aktuelle nasjonale miljø til kvarandre. Den nye nordiske institusjonen NVC er rekna som ein viktig aktør i dette arbeidet.

Helseberedskapssamarbeid

Dei nordiske landa har lang tradisjon for samarbeid om helseberedskap. Den nordiske helseberedskapsavtalen frå 2002 dannar den formelle ramma. Som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 37 (2004–2005) Flodbølgekatastrofen i Sør-Asia og avgjerda til utanriksministrane frå 2005 om å styrkje samarbeidet mellom dei nordiske landa ved kriser og katastrofar i utlandet, har ei arbeidsgruppe anbefalt eit formalisert samarbeid på dette området, m.a. om førebyggjande tiltak, varsling, gjennomføring av redningsarbeidet, etikk, rapportering, evaluering, kommunikasjon og informasjonsutveksling. Det vert arbeidd med ei handbok som konkretiserer rutinar og prosedyrar for dette samarbeidet. Frå norsk side ser vi på dette som eit svært viktig samarbeidsområde.

Pandemiberedskap

Dei nordiske sosial- og helseministrane vart i januar 2008 samde om eit tettare samarbeid i spørsmål som rører ved den nasjonale beredskapen mot spreiing av pandemisk influensa. Verda er no ramma av eit influensautbrot med eit nytt virus, influensa A (H1N1). På det noverande tidspunktet ser det ut til at vi går inn i ein periode med mange som vert smitta, men dei som blir sjuke, har eit relativt mildt sjukdomsbilete. Mykje er uklart enno, og arbeidet med å etablere eit fullgodt bilete av eigenskapane til det nye viruset er i full gang. Norske helsestyresmakter har sett i verk fleire tiltak mot pandemisk influensa. Dei norske førebuingane skjer innanfor eit tett internasjonalt samarbeid, i tråd med tilrådingar frå WHO og EU. I denne situasjonen haustar Noreg fruktene av eit langvarig, tett og godt samarbeid med dei nordiske nabolanda våre. Pandemispørsmålet stod også på dagsordenen på møtet i MR-S 29. og 30. juni 2009, som fokuserte mest på utveksling av informasjon. EK-S fekk i oppdrag å følgje saka vidare på bakgrunn av drøftingane under møtet.

5.9 Arbeidsmarknad og arbeidsmiljø

Stortingsmeldinga i fjor gjorde greie for korleis ein i ministerrådet for arbeidsliv (MR-A) i mange år har teke opp globaliseringsrelevante problem­stillingar. Samarbeidet har fokusert på korleis arbeidsmarknads-, arbeidsretts- og arbeidsmiljøpolitikken kan innrettast for å møte strukturelle utfordringar på arbeidsmarknaden.

MR-A godkjende i 2008 eit nytt samarbeidsprogram for perioden 2009–2012. Det tek utgangspunkt i endringane dei nordiske landa står overfor som følgje av globalisering, demografisk utvikling og klimaendringar. På det årlege ministermøtet hausten 2008 slutta ministrane seg til ei vidareutvikling av globaliseringssamarbeidet innanfor fire breie tema: 1) nordisk samarbeid om migrasjon og rekruttering av utanlandsk arbeidskraft, 2) utfordringar knytte til arbeidsliv og avtalesystem som følgje av fri mobilitet for arbeidstakarar og tenesteytarar, 3) konsekvensar av globaliseringa for framtidige arbeidskraft- og kvalifikasjonsbehov i Norden, 4) den sosiale dimensjonen ved globaliseringa – arbeidstakarrettar og arbeidsmiljø i ein global økonomi.

Gjennom sine tre fagutval – arbeidsmarknadsutvalet, arbeidsmiljøutvalet og arbeidsrettsutvalet – arbeider embetsmannskomiteen for arbeidsliv i den pågåande fireårsperioden med å konkretisere fagleg funderte og gjennomførlege prosjekt innanfor desse temaområda. Dei årlege budsjetta for sektoren bestemmer prosjektomfanget.

Erfaringsutveksling om den aktuelle situasjonen på arbeidsmarknaden og tiltak for å takle finanskrisa og ein svekt arbeidsmarknad vil òg stå sentralt i drøftingane i arbeidslivssektoren i år.

Eit hovudmål for den svenske formannskapen i ministerrådet for arbeidsliv i 2008 var å knyte det nordiske samarbeidet tettare til EU-arbeidet som går føre seg på arbeidsmarknads-, arbeidsmiljø- og arbeidsrettsområdet. Det kan illustrerast med temavalet for nordiske konferansar som er haldne gjennom året. Normkonfliktar mellom EU og ILO var tema for eit nordisk trepartsseminar. Strategiar for å møte den demografiske utfordringa var tema både for eit eige seminar og det etterfølgjande årlege nordiske arbeidsministermøtet. EU-kommissæren på feltet deltok både på seminaret og på ein uformell middag for ministrane. Slik vart det lagt vekt på samspelet mellom erfaringsutvekslinga som skjer gjennom det nordiske samarbeidet og gjennom EU-samarbeidet. Dei nordiske landa var samde om at dei demografiske utfordringane må møtast med tiltak på fleire plan, primært ved å mobilisere arbeidskraftressursar som står utanfor arbeidsmarknaden, få arbeidstakarar til å arbeide lenger og rekruttere utanlandsk arbeidskraft.

Alle utval under Nordisk ministerråd på arbeidslivsområdet skal ha eit perspektiv på inkludering. Sidan 2006 har dei nordiske landa utveksla informasjon og erfaringar i integreringsspørsmål på årlege tenestemannsmøte. Arbeidsinnvandring, rekruttering og arbeid med mangfald i arbeidslivet, unge med minoritetsbakgrunn og indikatorarbeid er tema som har vore drøfta.

Dei nordiske landa møtest i tillegg årleg på embetsnivå for å utveksle erfaringar og informasjon på statsborgarfeltet. Dette samarbeidet omfattar den nordiske avtalen om statsborgarskap.

5.10 Ernæring og mattryggleik

Ministerrådet for fiskeri, havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) og ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S) vedtok i juli 2006 ein nordisk handlingsplan for betre helse og livskvalitet gjennom mat og fysisk aktivitet. Som eit ledd i oppfølginga av planen vert det i 2009 gjennomført eit pilotprosjekt for felles nordisk overvaking av kosthald, fysisk aktivitet og overvekt. Med utgangspunkt i handlingsplanen er det òg etablert eit nordisk nettverk for fysisk aktivitet, mat og helse i regi av Helsedirektoratet, Statens folkhälsoinstitut og Sundhedsstyrelsen. Nettverket omfattar også regionalt nivå i dei tre landa og skal samarbeide ut 2010. På sommarmøtet i MR-FJLS 2009 vart det lagt fram ein statusrapport for handlingsplanen.

Noreg, Sverige og Danmark er samde om å bruke «Nøkkelholet» som felles frivillig merkjeordning for sunne matvarer. Det er utarbeidd felles kriterium for bruk av ordninga, og det er planlagt ei felles lansering av Nøkkelholet hausten 2009.

Det felles veterinære beredskapssamarbeidet i Norden har framleis høg prioritet. Målsetjinga er å styrkje beredskapen i dei nordiske og baltiske landa på dyrehelseområdet, mellom anna i form av felles strategiar mot sjukdomar, felles opplæring og felles bruk av ressursar og utstyr. Som ei oppfølging av resolusjonen om dyrevelferd og matkvalitet som blei vedteken på møtet i MR-FJLS sommaren 2008, er det etablert eit nordisk nettverk for dyrevelferd. Nettverket skal bidra til å styrkje det nordiske samarbeidet for i størst mogeleg grad å skape ei felles nordisk haldning på området og dermed større gjennomslagskraft i internasjonale forum der dyrevelferd er tema. Det er òg etablert eit nordisk nettverk som skal drøfte EUs dyrehelsestrategi (CAHP) for å identifisere og drøfte felles nordiske interesseområde i dyrehelsestrategien.

I det nordiske klimasamarbeidet blir beredskap mot nye plante- og dyresjukdomar ei viktig utfordring i åra som kjem.

5.11 Likestilling

Under den finske formannskapen i 2007og den svenske i 2008 er intensjonane i det femårige samarbeidsprogrammet for perioden 2006–2010, «Med fokus på kjønn er målet eit likestilt samfunn», følgde opp. Ministerrådet for likestilling (MR-Jäm) vedtok i 2007 kjerneoppgåvene for ministerrådet. Vedtaket lettar prioriteringa av innhaldet i det nordiske likestillingspolitiske samarbeidet i framtida, m.a. sett i lys av erklæringa frå møtet mellom dei nordiske statsministrane i Punkaharja i 2007 og riksgrensedeklarasjonen frå 2008 om globalisering. Det opnar òg for eit vidare nordisk-baltisk samarbeid (NB8) og samarbeid på internasjonale arenaer i Europa og FN.

Ministerrådet for likestilling vedtok òg at Nordisk institutt for kvinne- og kjønnsforsk­ing (NIKK) held fram som nordisk institusjon ut ein ny kontraktsperiode til 2010. Ei ny vurdering av statusen til NIKK er sett i gang og skal sluttførast i 2009. Grunnlaget for ei eventuell ny organisering vil dermed liggje føre i god tid før den inneverande kontraktsperioden går ut og nytt samarbeidsprogram skal vedtakast.

5.12 Justissektoren

Lovsamarbeid, rettsleg samarbeid

Det nordiske lovsamarbeidet har på grunnlag av Helsingforsavtalen frå 1962 til mål å skape mest mogeleg einsarta lovgjeving i dei nordiske landa. Samarbeidet blir drive fram gjennom kontinuerleg innsats for å utveksle informasjon og erfaringar om lovgjevingsarbeid og å tilpasse og revidere lovgjevinga med sikte på størst mogeleg samanfall. Under Sveriges formannskap i Nordisk ministerråd var ei av prioriteringane å fremje nordisk rettslikskap i samband med gjennomføringa av fellesskapsrettsakter, mellom anna rettsakter omfatta av EØS-avtalen, i nasjonal rett. Som ledd i dette arbeidet utarbeidde dei nordiske justisdepartementa ein promemoria som gjer greie for korleis og i kva samanhengar det vert samarbeidd for å få til like reglar i Norden. Promemoriaen er send alle departementa i dei nordiske landa.

Lovsamarbeidet går føre seg i ulike forum: i formelle og uformelle møte på ministernivå (mellom anna inviterte den norske justisministeren sine nordiske kollegaer til eit møte i Oslo i desember 2007 der dei diskuterte erfaringar frå arbeid og tiltak mot internettrelaterte overgrep mot barn), i den nordiske embetsmannskomiteen for lovsamarbeid, i ekspertgrupper som møtest fast (eksempelvis på områda strafferett, familierett, sjørett og selskapsrett), i adhocgrupper med spesielle oppgåver (til dømes den nordiske arbeidsgruppa som skal vurdere behovet og utsiktene for eit utvida politisamarbeid med samtenestegjering mellom dei nordiske landa), og direkte mellom saksbehandlarar i dei ulike nordiske landa. Samarbeidet er i stor grad uformelt og vert tilpassa behova til kvar tid. Frå tid til anna blir det halde nordiske seminar som tek initiativ til eller evaluerer lovtiltak (mellom anna var det nordiske seminaret i 2006 om «grooming» eit godt bidrag til dei nasjonale lovgjevingsprosessane. Det same var det nordiske seminaret om framtidsfullmakter i mai 2007). Elles blir det gjennomført etterkontroll og evaluering av lovgjeving på område der rettsfellesskapen i Norden har vore stor, men der det med tida kan ha oppstått lovgjevingsforskjellar mellom landa som ikkje er like nødvendige eller eigna i eit større nordisk perspektiv. Den omfattande studien av familie- og arvelovgjevinga i Norden er eit eksempel på eit arbeid som kan komme til nytte både på nasjonalt og nordisk plan. Som ei følgje av denne studien og for å leggje til rette for den felles nordiske arbeidsmarknaden, vart det framforhandla ein endringsavtale 26. januar 2006 om lovval for formuesforhold mellom ektefellar. Avtalen endra ein konvensjon av 6. februar 1934 mellom Noreg, Danmark, Finland, Island og Sverige som inneheld internasjonale privatrettslege reglar om ekteskap, adopsjon og verjemål, med sluttprotokoll. Endringane tok til å gjelde 1. desember 2008. Det nordiske arbeidet har i stor grad funne ei ny form som følgje av tilknytinga landa har til EU og EØS. Eit eksempel på det er aksjeselskapslovgjevinga, som tidlegare er blitt til gjennom nordisk samarbeid, men som no i stor grad er regulert av EF-direktiv. Den nordiske arbeidsgruppa for selskapsrett møtest årleg eller oftare for å diskutere gjennomføringa av EU-rettsakter innanfor selskapsretten.

Det rettslege samarbeidet mellom dei nordiske landa er regulert i ein avtale mellom Noreg, Danmark, Finland, Island og Sverige frå 26. april 1974. Med avtalen er det gjennomført ein forenkla framgangsmåte for å sende rettsoppmodingar mellom dei nordiske landa. Derimot forpliktar ikkje avtalen i seg sjølv landa til å yte bistand. Slik plikt er mellom anna heimla i den europeiske konvensjonen om gjensidig hjelp i straffesaker av 20. april 1959, som alle dei nordiske landa er tilslutta. Generelt fungerer det nordiske samarbeidet på området godt, med ei enklare og meir uformell samarbeidsform enn den vi har med andre land.

Også når det gjeld utlevering av lovbrytarar er det eit tett samarbeid mellom dei nordiske landa. Utlevering av lovbrytarar mellom dei nordiske landa er i dag regulert av felles nordisk lovgjeving. Dei nordiske statane underteikna 15. desember 2005 ein konvensjon om nordisk arrestordre, som inneber at gjeldande fellesnordisk utleveringsordning skal erstattast av eit nytt og meir effektivt system for overlevering av personar som er sikta eller domfelte i eit nordisk land. Avtalen er gjennomført i norsk rett ved lov 19. september 2008 om pågripelse og overlevering mellom de nordiske stater på grunn av straffbare forhold (lov om nordisk arrestordre). Lova er førebels ikkje sett i kraft.

Politisamarbeid

Det nordiske politisamarbeidet er under utvikling og vert til ein viss grad påverka av prosessar og initiativ i EU. Det er ein naturleg konsekvens av at tre av dei nordiske landa er medlemer i EU, mens Island og Noreg står utanfor. Mellom anna vil den såkalla Prum-avtalen, som no er ein del av EU-regelverket, danne basis for nye tiltak innan nordisk politisamarbeid.

Som ei følgje av dette er det teke initiativ frå svensk side til å inngå ein nordisk avtale på ministernivå om såkalla samtenestegjering for politiet. Det går ut på at styrkar frå to eller fleire nordiske land i samsvar med avtalte prosedyrar skal kunne tenestegjere saman på eitt lands territorium. Det er berre aktuelt i ordensteneste for å førebyggje straffbare forhold og ordensforstyrringar under større arrangement med stor publikumstilstrøyming, eller i samband med trafikkteneste i grenseområde. Det ligg føre eit utkast til avtale som skal behandlast av dei nordiske justisministrane i løpet av 2009.

Avtalen vil vere ei ramme som regulerer alle aktuelle juridiske avgrensingar. Kvart tilfellet av samtenestegjering må avtalast mellom dei aktuelle nasjonale politistyresmaktene.

Strukturen og hovudinnhaldet i det nordiske politisamarbeidet er elles identisk med det vi har sett dei seinare åra.

Samfunnstryggleik – redning og beredskap

For første gong vart det 27. april 2009 halde eit ministermøte mellom ministrar med ansvar for samfunnstryggleik i Norden, dvs. forsvarsministrane i Sverige og Danmark, innanriksministeren i Finland og justisministrane på Island og i Noreg. Det er ei likearta utvikling av området samfunnstryggleik og beredskap i alle dei nordiske landa. Eit felles og overordna mål er å førebyggje og avgrense dei konsekvensane som kan bli resultatet av større ulykker, naturkatastrofar og andre samfunnskriser. Eit viktig grunnlag for samarbeidet er felles verdiar og haldningar i tryggleiksarbeidet og kulturell og geografisk nærleik. Eit utdjupa og meir fokusert samarbeid gagnar heile Norden og kan gje dei nordiske landa nye høve til å delta i ulike internasjonale samanhengar. Under det nordiske ministermøtet var det semje om at ein i fellesskap skulle sjå nærare på eit utdjupa samarbeid og konkretisere det på område som redningsteneste, øving og utdanning, beredskap mot masseøydeleggingsmiddel (CBRN), krisekommunikasjon med publikum, bruk av frivillige og forsking og utvikling.

I 2008 vart Nordisk møteforum for internasjonale beredskapsspørsmål etablert med Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island som deltakarar. Dette er eit halvårleg, uformelt nordisk møteforum på embetsnivå. Tanken med forumet er å orientere om nasjonale haldningar til aktuelle internasjonale beredskapsspørsmål og identifisere mogelege fellesnordiske haldningar som kan bringast vidare i relevante forum, særleg i EU og NATO. Møteforumet har òg ei tilretteleggjande rolle for anna nordisk samarbeid på beredskapsområdet. Etableringa av forumet kjem som følgje av aukande internasjonal merksemd og engasjement innanfor samfunnstryggleik og beredskap, og er eit nyttig supplement til anna norsk engasjement og nordisk samarbeid på området.

Under den svenske formannskapen i EU vil det med eit nytt femårig handlingsprogram som skal utarbeidast på justis- og innanriksområdet (Stockholmsprogrammet), bli lagt vekt på spørsmål innan samfunnstryggleik og beredskap. Som ein del av ei overordna målsetjing om eit EU som skal tryggje innbyggjarane («une Europe qui protège»), kan ein merkje seg at programutkastet nok vil gje samfunnstyggleiks- og beredskapstiltak ei eksplisitt rolle, og det i større grad enn i tidlegare program på justis- og innanriksfeltet. Tiltak som kan ventast å bli løfta fram, er innsats for å minske CBRN-risikoane; ytterlegare arbeid med vern av kritisk infrastruktur, mellom anna utviding av bruksområdet til direktivet om vern av europeisk kritisk infrastruktur til IT- og finanssektorane; arbeid mot bruk av sprengstoff og prekursorar til terrorføremål og eit forskingsprogram om effektiv og koordinert bruk av teknologi.

Det nordiske redningstenestesamarbeidet NORDRED byggjer på ein rammeavtale mellom Danmark, Finland, Sverige, Island og Noreg om samarbeid over territorialgrensene for å hindre eller avgrense skadar på menneske, eigedom og miljøet ved ulykker. Avtalen skal å komplettere andre nordiske multilaterale eller bilaterale avtalar på området. Overordna mål er å utveksle informasjon, føre menneske saman og bryte faggrenser. NORDRED-kontaktgruppa møtest to til fire gonger i året, og konferansar vert haldne tredjekvart år. Noreg overtok formannskapen i juni 2009.

Det er utarbeidd ei nordisk tenestehandbok, arrangert alarmøvingar og oppmuntra til grensekommunalt og lokalt samarbeid.

Forskingsprogrammet «Samfunnstryggleik og risiko – SAMRISK» arrangerte ein nordisk forskingskonferanse i september 2008 med tittelen Is there a Nordic model for societal security and safety? Konferansen skulle kaste lys over korleis geografisk og kulturell nærleik i Norden kunne gje grunnlag for eit utvida samarbeid om samfunnstryggleik.

Særleg innanfor EU finst det fleire kjelder der det kan søkjast om finansiering til prosjekt som kan fordjupe eit samarbeid også mellom nordiske land. Det kan gjelde samfinansierte forskings- og utgreiingsprosjekt, seminar eller EU-søknader innan EUs sjuande rammeprogram for tryggleiksforsking. Den årlege forskingskonferansen for tryggleiksforskinga i EU skal haldast i Stockholm hausten 2009.

I møtet mellom dei nordiske ministrane med ansvar for samfunnstryggleik i april var det semje om å utdjupe samarbeidet når det gjeld forsking.

Øvinga SweNorEx vart halden ved Morokulien på grensa mellom Noreg og Sverige i mai 2009 og var eit samarbeidsprosjekt mellom dei to landa. Øvinga blei finansiert med 75 % gjennom EUs samordningsmekanisme for sivil krisehandtering. Øvinga var retta mot samarbeid og koordinering mellom EU og FN med sikte på å skape ein arena der EU- og FN-ekspertar trenar og vidareutviklar det praktiske, operative samarbeidet i felt. I øvinga vart dei forventa resultata i stor grad oppfylte.

I eit Memorandum of Understanding (MoU) av 26. april 2007 om tryggings-, forsvars- og beredskapssamarbeid mellom Noreg og Island er anskaffing av nye redningshelikopter spesielt nemnt som eit mogeleg område for samarbeidsutvikling. Det er viktig at havområda mellom Noreg og Island blir dekte av tilstrekkeleg kapasitet som tryggjer aktivitetane i dette ressursrike området, og at dei norske interessene i nordområda blir varetekne. Kjøp av same helikoptermateriell gjev høve til betre samtrening og erfaringsutveksling og kan leie til ei felles ressursutnytting. Noreg har difor inngått ein samarbeidsavtale med Island for å finne ut om det vil vere gunstig å gjere eit felles innkjøp.

Regjeringa støttar opp om det nordiske samarbeidet som skal sikre at berre trygge produkt og forbrukartenester vert tilbodne på marknaden. Eit felles regelverk for dei ulike produkttypane krev einsarta reglar, og styresmaktene må utøve marknadskontrollen og tilsynet etter einsarta prinsipp. Særleg i dei nordiske landa, der kulturen og dei klimatiske bruksforholda er tilnærma like, er det tenleg å drøfte likearta utfordringar med omsyn til tryggleiken ved produkt og forbrukartenester i eit breiare forum. På produkttryggleiksområdet er det arbeidsgrupper både innan elektriske produkt og produkt generelt som dekkjer regelverk og marknadskontroll som gjeld forbrukarprodukt. Innanfor forbrukartenester er det sett i gang eit samarbeid som spesielt gjeld fritidsdykking. Forbrukartenester er eit område som vil bli vigd merksemd på fleire fagfelt dei kommande åra.

5.13 Flyktningar og migrasjon

Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktningspørsmål (NSHF) er eit uformelt diskusjonsforum for flyktning-, innvandrings- og integreringsspørsmål. AID har hovudansvaret for denne gruppa på norsk side. Det vert halde eitt årleg ministermøte og to årlege møte på embetsnivå.

Det nordiske samarbeidet er viktig for norske innvandringsstyresmakter. Det gjev ikkje berre ei opning for å diskutere problemstillingar som er av felles interesse for dei nordiske landa, men byr i tillegg på uformell informasjon om møte og prosessar i EU som Noreg elles ikkje har tilgang til.

Formannskapen i NSHF går på omgang mellom dei nordiske landa, og kvar formannskap utarbeider eit program over tema som det er ønske om å diskutere på ministermøtet og embetsmannsmøta. Noreg hadde formannskapen frå juli 2008 til juni 2009, og vi har vore vertskap for eit embetsmannsmøte i november 2008 og eit kombinert embetsmanns- og ministermøte i juni 2009.

Nordisk utlendingsutval

I Nordisk utlendingsutval deltek representantar for utlendingsdirektorata og visumstyresmaktene i dei nordiske landa. Gruppa har bakgrunn i den nordiske passkontrollavtalen og skal ta opp praktiske spørsmål av felles nordisk interesse, til dømes om behandling av visumsaker. Utlendingsdirektoratet (UDI) har hovudansvaret på norsk side. Det vert arrangert to årlege møte. Ansvaret for møta i Nordisk utlendingsutval går på omgang mellom dei nordiske landa. Noreg arrangerte eit møte i utvalet i Oslo i mai 2008. Møtet i mai 2009 ble holdt i København.

5.14 Administrasjon og forvaltning

Dei sentrale statlege arbeidsgjevarorganisasjonane i dei nordiske landa har i mange år hatt eit nært samarbeid. Det går føre seg gjennom ein statleg arbeidsgjevarkonferanse for alle dei nordiske landa. Konferansen vert arrangert annakvart år, sist hausten 2008 i Sverige. I tillegg blir det samarbeidd i grupper som er etablerte på ulike personalpolitiske område.

På den nordiske pensjonskonferansen møtest representantar for dei statlege tenestepensjonsordningane. I 2009 er Danmark arrangør.

I Nordisk forvaltningspolitisk forum har departementa i dei nordiske landa med ansvar for forvaltningspolitikk jamlege møte for å utveksle erfaringar og diskutere aktuelle saker. Leiinga av forumet følgjer formannskapen i Nordisk ministerråd.

Det er etablert eit nordisk løns- og personalutval som består av leiande representantar for den statlege arbeidsgjevarsida i Norden. Utvalet er eit rådgjevande organ for Nordisk ministerråd (samarbeidsministrane) og Nordisk råds presidium i løns- og personalspørsmål.

Nordisk ministerråd oppretta i 1978 ei tenesteutvekslingsordning for alle grupper av statstilsette i dei nordiske landa. Ordninga har til føremål å styrkje samarbeidet mellom dei nordiske statsetatane og å gje impulsar til nytenking på eige arbeidsfelt. Ministerrådet løyver kvart år pengar til stipendmidlar for tenesteutvekslinga. Årleg blir det halde to samarbeidsmøte med dei andre nordiske landa.

Dei nordiske konkurransestyresmaktene har eit nært samarbeid i form av møte, pågåande nasjonale saker og nordiske prosjekt. Konkurransestyresmaktene samarbeider òg om utvikling av konkurransereglar i EU, EØS og andre internasjonale forum.

Nordisk plenumsmøte blir halde kvart år i august/september med deltakarar frå Danmark, Finland, Færøyane, Grønland, Island, Noreg og Sverige. I år vart plenumsmøtet halde på Island i september. Hovudtema var konkurranse i finansmarknadene og daglegvaremarknadene, og det blei lagt fram ein rapport om krisa i finansmarknadene.

Det vert halde årlege møte der direktørane for konkurransetilsyna i dei nordiske landa trekkjer opp linjene for det nordiske samarbeidet.

Statsbygg er med i Nordisk kontakt om statsbyggeri (NKS), som er eit samarbeid mellom organisasjonane for statleg byggherreverksemd og eigedomsforvaltning i dei nordiske landa. NKS er eit organ for utveksling av felles erfaringar på feltet. Frå Danmark deltek Slots- og Ejendomsstyrelsen, frå Sverige Statens fastighetsverk, frå Finland Senatfastigheter og frå Island Framkvæmdassla ríkisins. NKS møtest éin gong i året på leiarnivå. Aktuelle tema som har vore behandla i seinare tid, er organisering av den statlege byggje- og eigedomsverksemda, bruk av bygningsinformasjonsmodellar (BIM) og utvikling av internasjonale standardar for desse, uvissestyring, forvaltning av kulturhistoriske eigedomar og kulturmiljø og universell utforming.

Gjennom arbeidet er det sett i gang fleire samarbeidsprosjekt med ein eller fleire av organisasjonane, og Statsbygg har ved fleire høve kunna dra nytte av erfaringar frå dei andre nordiske landa.

Det er òg etablert eit eige nordisk kontaktutval for utanlandseigedomar (NKU) i nært samarbeid med utanrikstenesta i dei nordiske landa. Her utvekslar ein erfaringar med bygging og forvaltning av statseigedomar verda over. NKU møtest årleg. Aktuelle tema har vore mogeleg samlokalisering av ambassadar for dei nordiske landa, tryggleik, miljø- og energispørsmål, klimautfordringar i samband med bygging og forvaltning, universell utforming og etikk.

5.15 Barn og unge

Nordisk ministerråds strategi for barn og unge i Norden frå 2006 er retningsgjevande for den samla aktiviteten ministerrådet driv overfor barn og unge. Ansvaret dei ulike sektorane har for å vareta eit barne- og ungdomsperspektiv, er understreka i strategien. Med bakgrunn i strategien utarbeider Nordisk barne- og ungdomskomité (NORBUK) ein handlingsplan. I løpet av 2008 har NORDBUK gjennomført ei evaluering av strategien og handlingsplanen for 2006–2009 som skal tene som grunnlag for utarbeiding av ein ny handlingsplan (2009–2013). Korleis NORDBUK kan styrkje arbeidet på tvers av sektorane og inkludere globalisering i arbeidet sitt, vil vere sentrale spørsmål i den nye handlingsplanen. NORDBUK rapporterer til dei nordiske samarbeidsministrane om arbeidet i dei ulike sektorane. NORBUK arbeider i hovudsak med å leggje til rette for eigenorganisering og nordisk samarbeid blant unge, stimulere til nye metodar for unges deltaking og innverknad i demokratiske prosessar, kulturelt mangfald, menneskerettar, internasjonalt samarbeid og koordinering av barne- og ungdomsforsking. NORDBUK har ei støtteordning til ungdomsarbeid retta mot organisasjonar og ungdomsmiljø. Målet med denne ordninga er å styrkje barn og unges deltaking i aktivitetar som dreiar seg om kulturelle, politiske og sosiale spørsmål i Norden. For å spreie informasjon om støtteordninga er det i 2009 utarbeidd ein eigen brosjyre. I NORDBUK-arbeidet er det mellom anna lagt vekt på å rekruttere og stimulere nye grupper til nordisk samarbeid gjennom eit eige prosjekt, Eitt Norden, der målsetjinga er å skolere ungdom med etnisk minoritetsbakgrunn i prosjektleiing. Vidare prioriterer NORBUK å vidareutvikle metoden «menneskebibliotek» ved å sikre at interesserte kan få råd og rettleiing i metoden og å gje støtte til omsetjing til fleire språk. Arbeidet skjer m.a. i samarbeid med Europarådet. Websida Norden før og nu blei lansert i mai 2009. Sida er tilrettelagd for 10–14-åringar og inneheld informasjon om dei nordiske landas historie og kultur. Websida er utvikla i samarbeid med NMRs webredaksjon og dei nordiske public service-stasjonane representert ved Danmarks radio.

Dei nordiske landa samarbeider om å handtere internasjonale barnebortføringar. Årleg vert det halde uformelle samarbeidsmøte mellom representantar frå dei nordiske landa for å diskutere både generelle problemstillingar og konkrete saker. Hausten 2008 fann møtet stad i Helsingfors. Det var nytt møte hausten 2009 i København.

5.16 Frivillig sektor

Regjeringa ser på frivillig sektor som ein grunnpilar i eit demokrati og eit godt velferdssamfunn. Det er viktig å vareta ein uavhengig frivillig sektor som kan utvikle seg på eigne vilkår. Det er eit hovudmål å stimulere til auka deltaking og engasjement frå grupper som i dag fell utanfor det frivillige organisasjonslivet.

Samarbeid med frivillig sektor er òg viktig i nordisk samanheng. Det gjeld særleg Foreininga Norden, som skaper møteplassar og styrkjer den folkelege forankringa til det nordiske samarbeidet. Foreininga Norden administrer m.a. Norden i Fokus, Hallo Norden og Nordjobb.

5.17 Forbrukarpolitikk

I samband med at ministerrådet for forbrukarspørsmål vart nedlagt 1. januar 2006, vedtok forbrukarministrane å vidareføre samarbeidet på uformelt plan og å etablere embetsmannsgruppa for nordisk samarbeid på forbrukarområdet (NordKons), samansett av medlemene i det tidlegare EK-Konsument. Samarbeidet i NordKons var i 2008 avgrensa til informasjons- og erfaringsutveksling. Utanom dette deltok Noreg i 2008 i eit samarbeid mellom nordiske land og Estland om eit måldokument for forbrukarundervisning og i arbeid for å fremje nettverksbygging og relevant prosjektarbeid mellom aktørar i Norden som er opptekne av forbrukarspørsmål.

5.18 Samferdsel

Etter at den nye ministerrådsstrukturen tredde i kraft 1. januar2006, er ikkje lenger transportsektoren ein del av det formaliserte nordiske regjeringssamarbeidet. På det nordiske transportministermøtet i Vejle i august 2005 vart det vedteke å vidareføre transportsamarbeidet utanfor ramma av Nordisk ministerråd. Det var brei semje om at eit vidare samarbeid er viktig for å diskutere aktuelle transportpolitiske problemstillingar og for å bevare det gode nettverket som er etablert mellom dei nordiske landa.

Det nordiske regjeringssamarbeidet på transportsektoren legg vekt på å fremje effektiv, konkurransekraftig, sikker og miljøvennleg transport og trafikk i Norden og nærområda. Det er særleg fokusert på område der landa har felles problemstillingar. I tillegg vert det lagt vekt på at samarbeidet skal fremje den politiske debatten og vere eit forum for erfaringsutveksling. Samarbeidet har medverka til ei positiv utvikling i dei nordiske landa. Spesielt kan dei gode resultata som er oppnådde innan trafikktrygging og miljøpolitikk, framhevast.

Dei seinare åra har EU/EØS-spørsmål fått stadig større merksemd, og samarbeidet her har mellom anna teke sikte på å påverke transportpolitikken i EU i retning av Den nordlege dimensjonen. Etter EU-utvidinga har EU-relaterte spørsmål fått ytterlegare aktualitet. Dei seinare åra har det vore lagt vekt på samarbeid med dei baltiske landa. Innanfor ramma av den noverande samarbeidsmodellen skal det haldast eit årleg sommarmøte mellom dei nordisk-baltiske transportministrane. Ordninga frå dei seinare åra der dei nordiske transportministrane møtest før rådsmøta i EU, blir vidareført. Latvia skal arrangere årets transportministermøte, truleg i september 2009. Hovudtema på møtet blir EU-strategien for Austersjøsamarbeidet, transport og global økonomi (ITF), grønboka om TEN-reviderte retningslinjer, Sveriges formannskap i EU og internalisering av eksterne kostnader/vegprising for tyngre køyretøy.

5.19 Samar og nasjonale minoritetar

Ministrane med ansvar for samiske saker i Finland, Sverige og Noreg og sametingspresidentane i dei respektive landa etablerte i 2000 eit fast samarbeid for regelmessig orientering, drøfting og behandling av samiske spørsmål av felles interesse. Målsetjinga med samarbeidet er å styrkje og utvikle språk, kultur, næringar og samfunnsliv hos det samiske folket. Samarbeidet har uformell, men nær tilknyting til Nordisk ministerråd.

Regjeringane og sametinga er samde om å vidareføre prosessen og arbeidet med utkastet til ein nordisk samekonvensjon under den norske formannskapen i det nordiske samarbeidet i 2009. Det skal utarbeidast eit forslag til fellesmøtet mellom ministrane og presidentane hausten 2009 om korleis eventuelle forhandlingar om ein samekonvensjon kan gjennomførast.

Konvensjonsutkastet er utarbeidd av ei nordisk ekspertgruppe på bakgrunn av dei internasjonale instrumenta dei tre landa er bundne av, og tek utgangspunkt i at samane er urfolk i Finland, Sverige og Noreg.

Ekspertgruppa føreslår at målsetjinga med ein nordisk samekonvensjon er å stadfeste og styrkje slike rettar for det samiske folket at det mest mogeleg kan sikre og utvikle språket, kulturen, næringane og samfunnslivet sitt utan å bli hindra av landegrensene.

Samisk parlamentarisk råd (SPR) er eit parlamentarisk samarbeidsorgan mellom sametinga i Finland, Noreg og Sverige. Samane i Russland er permanente deltakarar i rådet. SPR skal vareta sameinteressene på tvers av landegrensene og er den samiske stemma internasjonalt. Regjeringa ser på rådet som eit viktig organ for det nordiske samarbeidet og eit organ som har betydning i internasjonale samanhengar for eit styrkt samarbeid urfolk imellom og mellom urfolk og andre aktørar.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har i 2008 ytt 800 000 kroner til ulike arrangement i regi av Samerådet under den 19. samekonferansen i Rovaniemi i Finland. Samekonferansen er samla fjerdekvart år med delegatar frå samiske hovudorganisasjonar i Finland, Noreg, Sverige og Russland. Samekonferansen og Samerådet har spelt ei viktig rolle i den samepolitiske utviklinga sidan andre verdskrigen og har framleis stor betydning.

Nasjonale minoritetar

Nordisk arbeidsgruppe for nasjonale minoritetar er oppretta på embetsmannsnivå mellom dei departementa i Sverige, Finland og Noreg som har ansvaret for rapportering om gjennomføringa av Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar og europarådpakta for region- og minoritetsspråk. Arbeidsgruppa er eit viktig nordisk forum for å førebu rapporteringa til Europarådet om gjennomføringa av rammekonvensjonen og språkpakta. Gruppa møtest ein gong i året.

I 2008 tok Noreg ved Arbeids- og inkluderingsdepartementet initiativ til ein samanliknande studie for å oppsummere erfaringane dei tre landa har gjort med gjennomføring, politikkutvikling og tiltak når det gjeld rammekonvensjonen og språkpakta. Studien blir utført av National Center for Human Rights, Oslo, og skal vere ferdigstilt i oktober 2009.