1 Ulike teknologiar for digital radio
DAB-familien (Eureka 147)
Eureka 147 er nemning for ein familie av standardar som opphavleg blei utvikla for å bere lyd, (DAB) og som seinare er utvida til å omfatte kringkasting av levande bilete (DMB) og andre tilknytte datatenester. Dei ulike tenestene som inngår i standarden (DAB, DAB+ og DMB), kan kombinerast i ei og same frekvensblokk. Sjølv om DAB ikkje blei den globale standarden for digital kringkasting av radio som opphavleg meint, er den no truleg den mest utbreidde standarden for digital radio, vurdert etter utbreiing i ulike marknader, tilgjengelegheit for mottakarar og talet på brukarar.
DAB-standardarane nyttar såkalla SFN-nett (Single Frequency Network – einfrekvensnett), som inneber at ein og same kanal nyttar same frekvens i heile dekningsområdet. Overlappande DAB-signal forsterkar i staden for å forstyrre kvarandre, slik tilfellet kan vere i FM-nettet. Dette tyder at frekvensressursar kan utnyttast meir effektivt enn ved analoge FM-sendingar.
DAB-standardarane gir eit robust signal som eignar seg for mobilt mottak (over 300 km/t). Sidan ein nyttar dei same frekvensane i heile dekningsområdet, er det heller ikkje naudsynt å byte frekvens ved mobilt mottak. Dette tilsvarar RDS-teknologien for FM, som gir ein liknande funksjonalitet.
Utviklinga av DAB (forkorting for Digital Audio Broadcasting) som standard for lydoverføring via bakkesendarar starta på 1980-talet. Systemet blei likevel ikkje introdusert på marknaden før midt på 1990-talet (i Storbritannia).
DAB nyttar MPEG Audio Layer II koding som standard for koding av lyd (såkalla audio kodek).
DAB gjer det mogleg å distribuere tekst, bilete mv. i tilknyting til radiolyd (PAD – Programme Associated Data) og formidle trafikkdata og -varsel. DAB tillet at talet på kanalar kan aukast på kostnad av lydkvalitet og vice versa. Utgangseffekt/dekning kan varierast slik at den er tilpassa behovet til kringkastaren (riksdekning/lokal dekning).
Ei lang rekkje mottakarmodellar og adaptarar er tilgjengelege på den norske marknaden. Sams for mange er at dei kombinerer mottak av FM og DAB. Prisane på DAB-mottakarar har etter kvart falle til eit nivå som ikkje ligg langt over prisen for FM-mottakarar.
DAB+
DAB+ blei etablert som standard i 2007. Standarden er utvikla primært for å gi meir effektiv utnytting av overføringskapasitet ved låge bitratar. DAB+ gjer det mogleg å meir enn doble kanaltalet jamført med tradisjonell DAB.
DAB + nyttar ein nyare standard for koding av lyd, såkalla MPEG-4 AAC+. Fordelen med AAC+ er at den gir meir effektiv komprimering av signalet. Ein kan såleis få plass til langt fleire kanalar med tilnærma same lydkvalitet i same frekvensblokka samanlikna med DAB. Departementet legg til grunn at det er plass til om lag dobbelt så mange DAB+-kanalar på same bandbreidde som må til for å distribuere éin DAB-kanal utan tap av oppfatta lydkvalitet. Dette gir potensielt lågare distribusjonskostnader per kanal, meir effektiv frekvensbruk og større valfridom for lyttarane.
Australia, Sveits, Ungarn og Malta er blant landa som har byrja å byggje ut digitale radionett basert på DAB+ standarden. Tyskland vil byggje ut eit riksdekkjande DAB+-nett i 2011. Fleire land (mellom dei Sverige) testar ut DAB+. Det er grunn til å tru at land som set i gang digitalisering av jordbundne kringkastingsnett for radio, heller vil satse på DAB+ enn på DAB.
Dei fleste DAB-radiomodellar som er til sals i dag, kan ta imot DAB+. Dei fleste apparat som kjem på marknaden framover, vil venteleg kunne ta inn både DAB og DAB+ (i regelen også FM-signal). Ein DAB+-mottakar kan også ta inn radiosendingar formidla med ordinær DAB-standard.
DMB
DMB (forkorting for Digital Multimedia Broadcasting) høyrer liksom DAB og DAB+ heime i Eureka 147-familien. DMB er ein video- og multimediestandard som byggjer på DAB, og kan nyttast til overføring av levande bilete/fjernsyn. Eit DMB-nett vil i hovudsak ha dei same grunnleggjande eigenskapane som eit DAB-nett. DMB-mottakarar vil også kunne ta inn DAB/DAB+-signal.
Frankrike har valt lyddelen av DMB (DMB-Audio) som standard for jordbunden radio fordi den gjer det mogleg å tilby multimedieinnhald. Norges Mobil-TV AS1 driv forsøk med kringkasta fjernsyn via DMB, så langt avgrensa til Stor-Oslo.
Sør-Korea introduserte mobilt fjernsyn i DMB-standarden i 2005. Ifølgje WorldDMB Forum er det selt over 23 millionar mottakarar med innbygd DMB funksjonalitet. Slik funksjonalitet er integrert i blant anna mange mobiltelefonar som er til sals i den delen av verda.2
Andre jordbundne standardar
Fleire digitale radioteknologiar er utvikla med tanke på digitalisering av radio ved bruk av frekvensar i FM-bandet (87,5-108 MHz) og AM-bandet (frekvensband under 30MHz). Sidan desse teknologiane utnyttar ledig kapasitet i AM- eller FM-banda, vil dei i prinsippet ikkje krevje andre frekvensar enn dei som analog radio nyttar i dag.
DRM(+)
DRM (Digital Radio Mondiale) blei opphavleg utvikla som ein digital standard til bruk i AM-bandet (lang-, mellom-, og kortbølgje) i 1998 og er sidan utvikla vidare under namnet DRM+ til bruk i frekvensband opp til 174 MHz. DRM gir effektiv arealdekning fordi AM-bølgjene når svært langt.
DRM + blei godkjent som standard så seint som i 2009. DRM nyttar ei kanalbreidde på 100 kHz, og kan dermed sameksistere med FM. Dette opnar for gradvis digitalisering av FM. DRM+ kan nyttast i dei lågare frekvensbanda i VHF som grensar opp mot DAB. Radiomottakarar som støttar fleire standardar, vil automatisk kunne veksle mellom for eksempel FM, DRM og DAB, avhengig av kva signal som er sterkast. DRM støttar elles surroundlyd og dataapplikasjonar.
Liksom DAB er DRM er ein open standard, såleis at utstyrsfabrikantar har tilgang til alle tekniske standardar og dermed kan utvikle utstyr på like vilkår.
DRM+ er svært frekvensøkonomisk med plass til 3–4 stereokanalar for kvar FM-kanal. DRM tillet liksom DAB at talet på kanalar kan aukast på kostnad av lydkvalitet og vice versa, og at utgangseffekt/dekning kan varierast og tilpassast kringkastarens behov (riksdekning/lokal dekning).
Det finst få mottakarar for forbrukarmarknaden. Venteleg blir det etter kvart produsert mottakarar som kombinerer DAB og DRM. Indiske styresmakter har peika ut DRM som standard for digitalisering av sendingane i All India Radio. Etter planen skal nettet innan 2013 dekkje 70 pst av India med mogleg avvikling av dei analoge sendingane i 2015.
IBOC/ HD Radio ™
IBOC (In Band On Channel) er samnemning for hybridteknologiar som kombinerer og kringkastar analoge og digitale signal innanfor éin og same frekvens.
HD Radio er ein standard utvikla for digitalisering i frekvensband som er tildelt radio og kringkastarar.
IBOC kan nyttast i FM-bandet. Unytta kapasitet (ved sida av FM signalet i ein 200 kHz kanal) i eksisterande frekvensband blir brukt til å formidle ein eller to digitale kanalar på kvar side av FM-signalet. Teknologien inneber dermed at analoge og digitale signal blir formidla i same nett samstundes og krev ikkje utlysing av nye frekvensar, sidan eksisterande tildelingar kan nyttast. Analoge signal vil såleis kunne avskaffast når marknaden er moden for det (til dømes når det er selt eit visst tal mottakarar).3
Forsøk med IBOC er blitt gjorde i Europa. HD Radio er likevel eit proprietært system, og alle aktørar som ønskjer å nytte det, må betale lisens til iBiquity. HDRadio blei lansert i USA i 2003, men har hittil ikkje vore nokon stor suksess. Trass relativt tung marknadsføring frå bransjen, var marknadsdelen på under 1 pst fire år seinare.
RAVIS
RAVIS (Realtime AudioVisual Information System) er ein digital standard relatert til DRM som er under utvikling i Russland. Ifølgje ein komité underlagd CEPT4 kan RAVIS overføre dataratar på 150–900 kbits/s i ein 200 eller 250 kHz radiokanal i VHF band I og II. Dette tyder at ein kanal kan formidle meir enn 10 radiokanalar i stereo (tilsvarande FM-kvalitet) eller ein videostraum og fleire radiokanalar. Tekologien nyttar MPEG-4 AVC.
RAVIS har passert laboratorie- og feltforsøk, men er enno ikkje godkjend av internasjonale standardiseringsorgan, og må dermed inntil vidare kunne karakteriserast som ein umoden teknologi.
Satellittradio
Fleire teknologiar er utvikla for kringkasting av radio over satellitt. Satellittradio gir svært god arealdekning, men eignar seg grunna store investeringskostnader best for kringkastarar som dekkjer store homogene marknader. Dersom ein legg full landsdekning og mobilt mottak til grunn, er ikkje satellitt særleg eigna i eit land som Noreg med sitt geografiske lægje og sin særeigne topografi. Elevasjonsvinkelen mot ekvator blir dårlegare di lenger nord i landet ein kjem. Dette gir dårlegare mottaksforhold og stiller større krav til mottakarutstyr og/eller antenner.
Sirius og XM
I byrjinga av 2000-talet lanserte to konkurrerande selskap satellittradio i USA som reklamefrie abonnementstenester med to ikkje-komplementære teknologiar. XM Radio og Sirius nytta kvar sitt satellittsystem med høvesvis meir enn 130 og 170 kanalar kvar. For å trekkje til seg abonnentar i bil supplerte dei satellittnettet med fleire tusen jordbundne sendarar. I praksis er nettet såleis ein hybrid mellom satellitt og jordbunde nett. Satellittradio har drygt 20 millionar abonnentar og er særleg populær for mottak i bil. Tilbodet er også tilgjengeleg mot betaling på Internett.
I 2008 fekk dei to aktørane (Sirius og XM) lov til å fusjonere under namnet Sirius XM Radio. Trass relativ suksess har dei, særleg på grunn av høge nettinvesteringar og stor gjeld, ikkje gått med overskot hittil (2009).
DVB-S, S-DAB, S-DMB
Fleire andre familiar inkluderer standardar som kan formidle blant anna radio i kombinasjon med andre tenester.
SES Astra leiger ut satellittkapasitet og kringkastar til saman 350 radiokanalar i standarden DVB-S. Dette er kanalar meint for mottak via ein digital mottakarboks saman med anna kringkasta innhald som fjernsyn etc.
Sør Korea lanserte ei kombinert radio- og fjernsynsteneste via satellitt S-DMB i 2005. Tenesta er tilrettelagd for mottak med handhaldne einingar.
Direkteavspeling – nett som blir nytta i ein-til-ein-kommunikasjon
Kringkastingsnett er kjenneteikna av einvegskommunikasjon frå ein sendar til mange sluttbrukarar. Mobilnett (GSM, 3G og 4G) og ulike former for breibandsnett som tradisjonelt blir nytta i ein-til-ein- og tovegskommunikasjon, blir nytta også til distribusjon av radio. Desse netta er bygde ut primært med tanke på bruk som krev mykje større bandbreidde enn radio, og nyttar oftast frekvensar som ligg relativt høgt i frekvensspekteret. Dette inneber at utbygging må baserast på høgare tettleik mellom sendarar.
På sikt vil radio over mobilnett og breibandsnett representere alternativ til radio i kringkastingsnett, og ein del av lyttinga vil føregå på desse netta. Nokre utfordringar må løysast før slike nett kan bli ei fullgod erstatning for kringkasta radio. Kostnadene for utbygging til full landsdekning er relativt høge, og sluttbrukaren må betale for bruk i nettet. Ei anna utfordring er i kva grad desse netta kan garantere fullgod stabilitet (oppetid).
Radiomottakarar som kombinerer ulike kringkastingsstandardar med IP-basert radio er blitt populære i seinare år. Desse mottakarane krev kopling til fast eller mobilt breiband, men tilbyr eit svært breitt utval av norske og utanlandske kanalar.
Fotnotar
NRK, MTG og TV2 eig Norges mobil-TV.
Dette gjeld førebels ikkje mobiltelefonar i vanleg sal i Noreg og i størstedelen av Europa.
Ettersom kanalplanen i Noreg (og Europa) er planlagd med kanalar på 200 kHz, kan ein ikkje vite om digitale signal på sidene vil interferere med ei anna lovleg FM-teneste. Dette talar for at HD Radio ikkje kan takast i bruk utan at heile FM-nettet blir planlagt på nytt.
CEPT er ein europeisk organisasjon for samarbeid mellom styresmakter om post- og teleregulering blant anna for å harmonisere bruk av frekvensspekter i Europa.