3 Fiskeriavtalane for 2023
3.1 Oversikt over avtalane
Med bakgrunn i det havrettslege rammeverket fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land om forvaltinga av felles fiskeriressursar. Noreg inngår både tosidige og fleirsidige avtalar om forvaltinga av bestandar vi deler. I tillegg blir det inngått avtalar i dei internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonane der Noreg deltek.
Det er tre overordna mål som ligg til grunn for medverknaden til Noreg i ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltingsforum:
å fremje ei berekraftig forvalting av dei levande marine ressursane, basert på den beste tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming;
å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar;
å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltingsregima der Noreg tek del.
3.2 Rammeavtalar og overeinskomstar med andre statar
Noreg har ført forhandlingar og inngått avtalar for 2023 med Russland, Storbritannia, Færøyane og Grønland. Noreg har òg samarbeidd med Island om kvotebyte og oppfølging av Smottholavtalen.
Det er òg ført forhandlingar med EU om kvotebytte og gjensidig sonetilgang, på vegner av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat og med EU, på vegner av Sverige, om svensk fiske i den økonomiske sona til Noreg. Som tidlegare nemnt er desse forhandlingane per. 28. februar 2023 ikkje konkludert.
Figur 3.2 gjev ei oversikt over dei tosidige og tresidige avtalane Noreg inngår.
Fleirparts kyststatsavtalar
Forhandlingane om kyststatsavtalane gjeld forvalting og fordeling. Noreg har teke del i kyststatsforhandlingar om dei store vandrande bestandane makrell, norsk vårgytande sild og kolmule for 2023. Partane vart samde om totalkvote for dei tre bestandane, men nådde ikkje ein avtale om fordeling av andelar til partane. Fisket etter lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen vil for sesongen 2022–2023 skje i samsvar med rammeavtalen frå 2018. I tillegg er det forhandla om fleirsidige avtalar om forvaltinga av snabeluer i Irmingerhavet med ulike partar. Figur 3.3 gjev ei oversikt over desse avtalane.
Internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonar
FN-avtalen om fiske på det opne havet pålegg kyststatane og statar som fiskar på det opne havet, å delta i regionalt samarbeid om forvaltinga av vandrande fiskebestandar. Noreg legg stor vekt på det internasjonale samarbeidet om fiskeriforvalting og deltek i fleire regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar – dei såkalla RFMO-ane. I tillegg deltek vi aktivt i nokre globale organisasjonar. Ei oversikt over organisasjonane Noreg deltek i, finst i figur 3.4.
Delegasjonane
Når Nærings- og fiskeridepartementet utnemner delegasjonar til dei ulike fiskeriforhandlingane, ligg det ei balansert vurdering til grunn. Det blir lagt vekt på at partane forhandlingane vedkjem skal vere representerte, at delegasjonen må ha ein handterleg storleik, og dessutan forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane hatt representantar frå Nærings- og fiskeridepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet. I tillegg deltek representantar frå dei ulike næringsorganisasjonane. Dei seinare åra har òg KS, Troms og Finnmark statsadvokatembete, Kystvakta og Sametinget vore medlemmer av delegasjonen til dei tosidige forhandlingane med Russland. Det blir vurdert frå år til år kven forhandlingane er relevante for.
3.2.1 Noreg – Russland
Fiskerisamarbeidet mellom Noreg og Russland er formalisert gjennom avtalen av 11. april 1975 om samarbeid innan fiskerinæringa og avtalen av 15. oktober 1976 om gjensidig fiskerisamarbeid. Avtalane regulerer ei gjensidig plikt til samarbeid om praktiske spørsmål innanfor fiskeriforvaltinga og til å gjennomføre konsultasjonar om desse spørsmåla, med særleg vekt på tiltak for å ta vare på bestandane og koordinere fiskerivitskapleg forsking.
Med bakgrunn i avtalane har Noreg og Russland gjennom Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon ført årlege forhandlingar om totalkvotar og reguleringstiltak for bestandane vi deler i Barentshavet. Til fellesbestandane reknar vi nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, blåkveite, snabeluer og lodde.
Partane fastset totalkvotar og fordeler kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Partane avtaler òg gjensidig rett til å delta i fisket i sonene til kvarandre og byter kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar. I tillegg omfattar avtalane harmonisering av teknisk regelverk, og det blir utarbeidd felles fiskerivitskapleg forskingsprogram. Noreg og Russland har forvaltingsreglar for torsk, hyse og lodde som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. I 2016 vart reglane reviderte. Det vart vedteke ny forvaltingsregel på torsk, medan dei gjeldande reglane for hyse og lodde vart vidareførte. Alle forvaltingsreglane skal liggje fast i fem år. Partane vart i 2021 samde om å føre vidare forvaltingsreglane for torsk og hyse for fem nye år. Partane er samde om å forvalte kongekrabbebestanden og snøkrabbebestanden kvar for seg i sine respektive område, men drøftar resultata frå felles forskingsinnsats på dei årlege sesjonane.
Det er semje mellom dei to landa om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter at det er fastsett kvote til tredjeland, blir kvotane for nordaustarktisk torsk og nordaustarktisk hyse fordelte med 50 prosent til kvar av partane Russland og Noreg. Loddekvoten er fordelt med 60 prosent til Noreg og 40 prosent til Russland. Kvoten for blåkveite er fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til tredjeland for fiske i fiskevernsona ved Svalbard. I 2014 vart Noreg og Russland også samde om fordelinga av snabeluerbestanden. Etter dette er snabeluerkvoten fordelt med 72 prosent til Noreg, 18 prosent til Russland og 10 prosent til tredjeland.
Dei siste åra er det lagt stor vekt på å utvikle felles tekniske reguleringstiltak for fisket i Barentshavet og Norskehavet. Tiltaka er baserte på vitskaplege analysar. Det er også utvikla ein felles metodikk for å analysere det totale uttaket av torsk og hyse i Barentshavet.
2023-avtalen
Noreg fordømmer på det sterkaste Russlands militære angrep på Ukraina og har innført historisk strenge sanksjonar, og i tillegg suspendert all politisk kontakt med Russland. Samstundes har Noreg eit ansvar for å forvalte fiskeriressursane i Barentshavet på ein måte som sikrar framtidig hausting av ressursane. Samarbeidet innan forsking, regulering og kontroll er berande element for ei forsvarleg og berekraftig forvalting. Samarbeidet bidreg også til å halde ved lag stabiliteten i nord. Dette er av stor betydning, òg for andre land som får kvotar til fartøya sine basert på avtaler med Noreg. Noreg har difor valt å føre vidare fiskerisamarbeidet med Russland.
Kvoteavtalen for 2023 mellom Noreg og Russland vart underskriven i Oslo og Moskva 24. oktober 2022, på den 52. sesjonen til Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon. Kommisjonsmøtet vart halde som videokonferanse. Russiske forskarar er mellombels suspenderte frå Det internasjonale rådet for havforsking (ICES). Kvoteråda for 2023 for dei fellesbestandane vi forvaltar saman med Russland, vart difor utarbeidde i ei bilateral arbeidsgruppe mellom Havforskingsinstituttet og det russiske forskingsinstituttet VNIRO. Arbeidsgruppa har følgt ICES sin metodikk og rammeverk for bestandsvurdering og rådgjeving.
Den avtalte totalkvoten for fellesbestandane og fordelinga mellom Noreg, Russland og tredjeland er førte opp i tabell 3.1. Tabellane 3.2 og 3.3 viser ei oversikt over norske kvotar i russisk økonomisk sone og russiske kvotar i norsk økonomisk sone.
Tabell 3.1 Fastsette kvotar1 for fellesbestandane i Barentshavet i 2023 (tonn).
Fiskeslag | TAC | Kvotar til Noreg | Kvotar til Russland | Kvotar til tredjeland |
---|---|---|---|---|
Nordaustarktisk torsk2 | 566 784 | 239 782 | 248 782 | 78 220 |
Nordaustarktisk hyse | 170 067 | 84 177 | 75 177 | 10 713 |
Blåkveite | 25 000 | 12 735 | 11 325 | 940 |
Lodde | 62 000 | 37 150 | 24 850 | |
Snabeluer | 66 779 | 46 081 | 14 020 | 6 678 |
1 Kvotar etter byte av kvotar, men før tilbakeføring av ubrukt tredjelandskvote.
2 Inklusive forskingsfangst, eksklusive norsk kysttorsk.
Tabell 3.2 Norske kvotar i russisk økonomisk sone i 2023 (tonn).
Fiskeslag | Kvotar |
---|---|
Torsk | 200 000 |
Hyse | 47 000 |
Blåkveite | 11 985 |
Lodde | 36 900 |
Snabeluer | 46 081 |
Reker | 4 650 |
Grønlandssel | 7 000 dyr |
Steinbit | 2 500 |
Flyndre | 200 |
Andre artar | 500 |
Tabell 3.3 Russiske kvotar i norske havområde i 2023 (tonn).
Fiskeslag | Kvotar |
---|---|
Torsk | 200 000 |
Hyse | 47 000 |
Blåkveite | 10 575 |
Lodde | 24 600 |
Sei | 12 100 |
Steinbit | 5 000 |
Uer og snabeluer | 16 220 |
Kolmule | 23 666 |
Norsk vårgytande sild | 65 532 |
Andre artar | 2 500 |
Partane vart samde om ein totalkvote for nordaustarktisk torsk på 566 784 tonn i 2023. Dette inneber ei vidareføring av forsvarleg og berekraftig forvalting av bestanden. Totalkvoten er delt mellom Noreg, Russland og tredjeland etter same mønster som tidlegare år. Dette er ein nedgang på 141 696 tonn frå kvoten for i fjor. Den norske kvoten for 2023 er 260 782 tonn, inkludert 21 000 tonn kysttorsk og 7 000 tonn avsette til forsking. For nordaustarktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ein totalkvote på 170 067 tonn. Dette er ein nedgang på 8 465 tonn frå 2022. Noreg og Russland vedtok også kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Vedtaket inneber at partane kan overføre inntil 10 prosent av kvotane til neste år, eller fiske inntil 10 prosent av kvoten for neste år på forskot.
Noreg har tradisjonelt gjeve Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i vår økonomiske sone. Dette er både fordi fisken er større lenger vest, og fordi ei vestleg fordeling av fisket gjer kontrollen enklare. Avtalen for 2023 gjev mellom anna partane rett til å fiske inntil 200 000 tonn torsk i kvarandre sine soner.
Det vart bestemt å opne for eit loddefiske i 2023 innanfor ein totalkvote på 62 000 tonn, i tråd med forvaltingsregelen. Den norske kvoten utgjer 37 150 tonn. Dette er andre året på rad det blir opna for eit loddefiske sidan 2018.
Det vart òg fastsett ein totalkvote for blåkveite på 25 000 tonn i 2023, ei vidareføring av kvoten frå 2022.
For snabeluer er kvoten sett til 66 779 tonn for 2023. Det er ein nedgang på 431 tonn frå 2022.
Noreg og Russland vart òg samde om å halde fram med arbeidet med ein forvaltingsplan for reker.
Marin forureining blir sett på som ei stadig større global utfordring, og det er òg eit veksande problem i Barentshavet. Partane er samde om å kjempe mot marin forureining som kjem frå fiskeriaktivitet, gjennom erfaringsutveksling.
Kontrollsamarbeid
Noreg og Russland har sidan starten av 1990-åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til å omfatte forvaltings- og kontrollspørsmål. I 1993 vart Det permanente utval for forvaltings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren (DPU) etablert under Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. DPU er eit samarbeid mellom dei utøvande fiskeristyresmaktene i begge land. I dag samarbeider kontrollstyresmaktene i dei to landa og utvekslar informasjon om fangst- og landingsdata. Dette inkluderer fast utveksling av informasjon om omlasting til havs og landingar i tredjelandshamner av fisk som høyrer til fellesbestandar i Barentshavet og Norskehavet.
Noreg og Russland er samde om å halde fram med samarbeidet om inspeksjonar av fiskefartøy både i reguleringsområdet til NEAFC og i Barentshavet. Begge landa gjev difor inspektørar høve til å vere på den andre parten sine fartøy for å observere under inspeksjonane.
Noreg og Russland er òg samde om å føre vidare arbeidet i Analysegruppa, som er samansett av representantar frå Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Det føderale fiskeribyrået si territoriale avdeling for dei nordlege havområda og Russlands sikkerheitsstyresmakt si grenseavdeling i Murmansk fylke. Analysegruppa samkøyrer informasjon på fartøynivå om fiskeriaktiviteten både for norske, russiske og tredjelands fartøy og har vore sentral i arbeidet mot ulovleg fiske i Barentshavet, som var eit stort problem fram til 2007. Det er i åra 2009–2021 ikkje avdekt ulovleg overfiske av torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet.
Ulike grupper i Fiskerikommisjonen har dei siste åra arbeidd med å harmonisere det tekniske regelverket for fisket i Barentshavet eller Norskehavet med spørsmål knytte til utkast av fisk.
3.2.2 Noreg – EU – Storbritannia
Fleire av bestandane i Nordsjøen vandrar mellom fiskerisoner i Noreg, EU og Storbritannia. Bestandar som tidlegare vart forvalta i fellesskap mellom EU og Noreg, blir no forvalta mellom Noreg, EU og Storbritannia. Dette samarbeidet bør formaliserast i ein overordna rammeavtale mellom partane. Eit slikt rammeverk er under arbeid, men partane har, med grunnlag i den folkerettslege plikta om å samarbeide om forvalting av bestandar som vandrar mellom fleire fiskerisoner, møttest for å semjast om totalkvotar for nordsjøbestandane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette og nordsjøsild. I tillegg var andre forvaltingsspørsmål på agendaen.
Etter fleire rundar underteikna partane ein trepartsavtale 9. desember 2022 om kvotar for 2023.
Noreg og EU har tidlegare hatt forvaltingsplanar for fellesbestandane i Nordsjøen som skal ta seg av omsynet til ei forsvarleg forvalting og bidra til føreseielege rammer. Desse planane er eit viktig verktøy for forvaltarane. Når forvaltinga no blir mellom tre partar, er forvaltingsplanar endå viktigare, og i avtalen for 2023 har partane avtalt å prioritere arbeidet med forvaltingsplanar for nordsjøsild, torsk og sei.
Partane er også samde om å arbeide for å betre fiskemønsteret i Nordsjøen. Det er mellom anna viktig å minske utkast gjennom bruk av tekniske reguleringar som stengde felt og stengde periodar, og å betre selektiviteten i fiskereiskapane.
Noreg, EU og Storbritannia skal også styrkje samarbeidet om kontroll, og fører vidare arbeidsgruppe om kontroll for nordsjøbestandane.
Kvotane er ein del endra samanlikna med 2022. Seikvoten er auka med 18,7 prosent og er på 53 374 tonn. Kvoten på nordsjøsild vart på 396 556 tonn, noko som er ned 7,3 prosent.
Det står betre til med torsken i Nordsjøen og Skagerrak enn dei to siste åra, og torskekvoten vart, i tråd med råd frå forskarane, auka frå 13 246 tonn til 21 652 tonn.
Torsken er likevel ikkje heilt friskmeld, og det er behov for tiltak for å hindre utkast og betre vernet av småtorsk også i 2023.
Tabell 3.4 Kvotar for felles forvalta bestandar i Nordsjøen i 2023 (tonn).
Fiskeslag | Totalkvote | Kvotar til Noreg | Kvotar til EU | Kvotar til Storbritannia |
---|---|---|---|---|
Torsk | 21 652 | 3 681 | 8 089 | 9 882 |
Hyse | 58 402 | 13 432 | 7 709 | 37 261 |
Sei | 53 374 | 27 755 | 19 433 | 6 186 |
Kviting | 34 294 | 3 429 | 9 455 | 21 410 |
Raudspette | 132 922 | 9 305 | 88 433 | 35 184 |
Nordsjøsild | 396 556 | 115 001 | 203 830 | 77 725 |
3.2.3 Noreg – EU
Avtalen om byte og tilgang i Nordsjøen og andre område
Noreg og EU har sidan 1978 inngått årlege kvoteavtalar om fisket til Noreg og EU i Nordsjøen, norsk fiske vest om Dei britiske øyane og EU-fisket i den økonomiske sona til Noreg i Barentshavet. Noreg blir òg tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Dei årlege kvoteavtalane har grunnlag i ein bilateral rammeavtale som tok til å gjelde i 1980. Avtalen inneheld føresegner om forvalting av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i fiskerisona til den andre parten. Partane har såleis i mange år hatt eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, men dette ansvaret ligg no, som tidlegare nemnt, på alle tre partar, inklusive Storbritannia.
Eit viktig element i kvoteavtalen har vore byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest om Irland. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.
Nivået og omfanget av kvotebytet har tradisjonelt sett vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået er òg avhengig av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Etter brexit har dette endra seg, då mykje av dei kvotane Noreg tidlegare bytte til seg frå EU, vart fiska i britisk farvatn. Når britane no ikkje lenger er ein del av EU, er byteforholdet annleis.
Kontroll
Arbeidet med kontroll og overvaking av ressursuttaket er ei viktig oppgåve. Samarbeidet mellom Noreg og EU omfattar til dømes utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusive fiskeriaktivitet frå tredjeland, utveksling av observatørar som kontrollerer og overvaker fartøy på sjøen, og satellittsporing av fiskefartøy. I tillegg til satellittsporing er elektronisk fangstrapportering ein viktig reiskap i kontrollverksemda.
Noreg og EU har ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i sonene til kvarandre, og det blir lagt særleg vekt på kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske.
2023-avtalen
Som nemnt er totalkvotane avtalte i trepartsavtalen mellom Noreg, EU og Storbritannia. Det som står igjen for Noreg og EU å avtale, er byte av kvotar og sonetilgang, i tillegg til vidare framdrift i samarbeidet om kontroll. Noreg og EU har per 28. februar 2023 ikkje blitt samde om ei avtale. Partane har hatt fleire forhandlingsrundar sidan forhandlingane starta opp i oktober 2022. Særleg har spørsmål om sonetilgang vore blant dei vanskelegaste i forhandlingane, som framleis pågår.
Avtalen om fiske i Skagerrak/Kattegat
EU forhandlar om fiske i Skagerrak på vegner av Danmark og Sverige. Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat har tidlegare bygd på trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. Ifølgje denne avtalen var farvatnet utanfor 4 nautiske mil å sjå på som opne hav. I dag har landa territorialfarvatn ut til 12 nautiske mil og økonomisk sone utanfor det. Det finst såleis ikkje opne hav i Skagerrak. Med sikte på å endre rammeverket slik at det vart i tråd med moderne havrett, starta Noreg difor ein prosess som etter kvart resulterte i at Noreg sa opp Skagerrak-avtalen i 2009. Overeinskomsten tok slutt 7. august 2012. Ein ny avtale om norsk, dansk og svensk fiske i Skagerrak vart endeleg signert 15. januar 2015.
I den årlege avtalen fastsettast totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.
Noreg og EU har per 28. februar 2023 ikkje blitt samde om ein avtale for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2022.
Sverige-avtalen
Utvidinga av norsk fiskerijurisdiksjon i 1977 fekk betydning for svenske fiskarar som hadde hatt eit tradisjonelt fiske i Nordsjøen i område som etter 1977 inngjekk i Noregs økonomiske sone. Desse fiskarane hadde ikkje alternativt driftsgrunnlag langs svenskekysten. Dette var bakgrunnen for at Noreg tilbaud Sverige ein nabolandsavtale om fiskeri, som sikra svenske fiskarar retten til å halde fram med eit avgrensa fiske i norsk sone i Nordsjøen. Svenske fiskarar får tildelt kvotar på torsk, hyse, kviting, lyr, sei, sild, makrell, reker og industrifisk. Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje blitt opna for nye fiskeri.
Det har per 28. februar 2023 ikkje blitt einigheit om ein kvoteavtale om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen for 2023.
Fiske i dei nordlege farvatna
Heilt sidan første gongen torskefisket i fiskevernsona ved Svalbard vart kvoteregulert, i 1986, har det blitt gjeve ein torskekvote til fartøy frå EU-land. Denne kvoten har vore ein fast del av totalkvoten for torsk avtalt mellom Noreg og Russland, og er ein del av dei såkalla tredjelandskvotane i kvotefordelinga som vert avtalt med Russland. Prosentsatsen vart i si tid rekna ut på grunnlag av tredjeland sitt fiske i det området som vart fiskevernsona, som andel av det samla torskefisket i alle område, i ti-året før sona vart oppretta i 1977.
Etter at Storbritannia gjekk ut av EU og den felles fiskeripolitikken frå 2021, vart den delen av fisket i referanseperioden som britiske fartøy hadde stått for, trekt ut. Dette var parallelt til, men med motsett forteikn frå, den metoden som vart brukt for den tidlegare øst-tyske og polske delen, då desse vart inkluderte i andelen til EU-fartøy.
Denne reguleringa vekte reaksjonar både frå EU og frå Storbritannia, og det vart ført samtalar med begge partar ut over 2021. Med Storbritannia kom vi til ei forståing i desember 2021. Dette er omtalt i stortingsmeldinga om fiskeriavtalane for 2022 kapittel 3.2.4 Noreg – Storbritannia.
EU reagerte særleg på at prosentsatsen som vart nytta for deira fartøy i 2021, var betrakteleg lågare enn den dei sjølve hadde brukt i avtalen som var gjort mellom EU og Storbritannia om deling av kvoter i samband med at Storbritannia gjekk ut av EU. Frå norsk side vart dette avvist. Det vart påpeikt at det er opp til Noreg å fastsette kvoter i dei norske sonene, og at EU og Storbritannia ikkje har rett til å avtale noko om dette.
Vi kom 28. april 2022 til ei forståing med EU om fiske i dei nordlege farvatna, på same måte som med Storbritannia i desember 2021. Forståinga er basert på at det er Noreg, og Noreg aleine, som kan fastsette reguleringar av fisket i fiskevernsona. Den inneheld også ei anerkjenning av at det etablerte fiskerisamarbeidet mellom kyststatane i nord har gitt berekraftige resultat gjennom mange ti-år.
Frå norsk side stadfesta vi at torskekvoten for fartøy frå EU-land vil bli fastsett etter ein høgare prosentsats enn den som vart nytta i 2021, og gjennomførte dette allereie i 2022. Frå EU si side stadfesta dei at dei ville fastsetje nokre reguleringar for sitt fiske i internasjonalt farvatn i Barentshavet og Norskehavet slik Noreg har ønska dette. Dette var eit viktig resultat, som skal sikre eit samla berekraftig fiske og som byggjer opp under den etablerte modellen for forvaltninga av ressursane i området, og som burde ha blitt sluttstreken for ein årelang diskusjon mellom Noreg og EU om reguleringa av desse fiskeria.
EU har enno ikkje (per 28. februar 2023) implementert sin del av denne forståinga, trass i at det var gjort heilt klårt for EU-kommisjonen kva som vart forventa frå norsk side, både før vi kom fram til forståinga og etterpå. Vi har difor heller ikkje fastsett den endelege torskekvoten for 2023 til fartøy frå EU-land i fiskevernsona ved Svalbard enno, men berre ein midlertidig kvote for første kvartal. EU vart i brev av 9. desember 2022 orientert om at dersom dei ikkje følgjer opp sin del av forståinga frå april 2022, vil ein endeleg kvote for 2023 bli fastsett basert på 2021-nivået, ikkje den høgare prosentsatsen som følgjer av forståinga. Dette er også i samsvar med forståinga, der det uttrykkeleg er sagt at Noreg vil halde fram med å tildele kvote etter den høgare satsen så lenge EU oppfyller sin del av forståinga.
3.2.4 Noreg – Storbritannia
Noreg og Storbritannia inngjekk i 2020 ein overordna rammeavtale om fiskerisamarbeid. Avtalen legg til rette for at partane kan inngå avtalar om sonetilgang og kvotebyte, og vidare inneheld rammeavtalen føresegner om berekraftig ressursutnytting, samarbeid om forsking, kontroll og lisensiering.
Forholdet mellom Noreg og Storbritannia på fiskeriområdet er godt. Vi har tidlegare samarbeidd om kontroll av norske og britiske fartøy som fiskar i statane sine respektive jurisdiksjonsområde. Langt på veg deler òg Noreg og Storbritannia synet på overordna prinsipp for fiskeriforvalting, som no kjem til uttrykk i den nye rammeavtalen.
Etter at Storbritannia gjekk ut av EU, og frå 1. januar 2021 og ikkje lenger var omfatta av EUs felles fiskeripolitikk (EU Common Fisheries Policy, CFP), har landet blitt ein viktig kyststat for bestandar som er delte mellom Noreg, Storbritannia og andre kyststatar i Nordaust-Atlanteren. Tradisjonelt har tilgang til å fiske i farvatn som no er britiske jurisdiksjonsområde, vore viktig for Noreg.
Noreg og Storbritannia inngjekk for første gong ein bilateral avtale om tilgang og kvotebyte for 2022. Avtalen vart vidareført for 2023. For botnfisk er partane samde om ein samlekvote som inneber at vi har avtalt gjensidig tilgang til ein samlekvote på 30 000 tonn botnfisk i norske og britiske farvatn i Nordsjøen (inkl. områda rundt Shetland). I den norske reguleringa har vi delt denne samlekvoten på ulike fiskeartar som sei, lange, brosme, torsk, hyse, lysing mv. Målet med ordninga er å føre vidare fisket slik det var tidlegare.
Lenger vest i britisk farvatn har Noreg bytt til seg 1 300 tonn lange og 380 tonn brosme pluss nokre kvotar til å dekkje bifangst. I tillegg til dei 30 000 tonna har Storbritannia bytt til seg kvote av breiflabb. I norsk økonomisk sone i Barentshavet har britane bytt til seg 750 tonn torsk.
Når det gjeld det pelagiske fisket, fekk Noreg ein avtale om tilgang til å fiske 20 000 tonn nordsjøsild i britisk farvatn, medan Storbritannia fekk tilgang til å fiske 20 000 tonn norsk vårgytande sild i norsk farvatn.
Fiske i dei nordlege farvatna
Hausten 2021 var det ført samtalar med Storbritannia om ei forståing om fiske i dei nordlege farvatna.
Storbritannia har i denne forståinga stadfesta at dei ikkje vil drive fiske i dei nordlege farvatna (dei såkalla ICES-områda 1 og 2) ut over kvotar tildelte av kyststatane (Noreg og Russland) eller etter samarbeid og konsultasjonar med desse kyststatane, med unntak for fiske i internasjonalt farvatn i Norskehavet (Smutthavet) på bestandar som Storbritannia sjølv er kyststat til. Storbritannia har også stadfesta at dei anerkjenner Noreg sine suverene rettar og jurisdiksjon i fiskevernsona ved Svalbard. Dette er uavhengig av den ulike forståinga som Noreg og Storbritannia har av det geografiske verkeområdet for regelen om lik handsaming ved fiske i Svalbardtraktaten.
Noreg har stadfesta at vi til gjengjeld vil tildele ein viss kvote av torsk til britiske fartøy i fiskevernsona ved Svalbard, innanfor den avsetjinga som blir gjord for slikt fiske frå tredjelandsfartøy i denne sona i kvotefordelinga avtalt mellom Noreg og Russland, så lenge Storbritannia held seg til denne forståinga.
Dette vil byggje opp under den eksisterande forvaltingsmodellen i desse områda, gjennom samarbeidet mellom Noreg og Russland, og bidra til å sikre at totalkvotane for dei ulike bestandane ikkje blir overfiska. Storbritannia har i forståinga anerkjent at dette norsk-russiske samarbeidet har sikra berekraftige fiskeri.
Begge partar har lojalt følgt opp forståinga, også når det gjeld forslag til relevante vedtak på årsmøtet i NEAFC i november 2022.
3.2.5 Noreg – Færøyane
Noreg og Færøyane vart 7. desember 2022 samde om ein tosidig avtale om fiskerisamarbeid og kvotebyte for 2023. Avtalen byggjer på ein rammeavtale frå 1979 om gjensidige fiskerettar. Strukturen i bytet går grovt sett ut på at Færøyane får torsk, sei og hyse i Barentshavet, medan Noreg får lange/blålange, brosme og makrell av Færøyane. I tillegg får Noreg fiske delar av sin kolmulekvote i færøysk fiskerisone mot at Færøyane får fiske noko torsk og hyse som dei har bytt til seg frå Russland i norske farvatn.
Norske fiskarar får ein kvote for 2023 på 3 000 tonn lange/blålange, 1 500 tonn brosme og 800 tonn andre artar som bifangst. Noreg får også 6 600 tonn makrell. Makrellkvoten kan fiskast i den økonomiske sona til Noreg eller på det opne hav. I tillegg kan norske fartøy fiske 50 000 tonn kolmule av Noregs kolmulekvote i færøysk fiskerisone. Færøyane får ein kvote på 4 945 tonn torsk, 1 100 tonn hyse, 500 tonn sei og 400 tonn andre artar i norsk økonomisk sone. Av kvotar som dei har fått gjennom byteavtalen med Russland, kan Færøyane i tillegg fiske opp til 5 450 tonn torsk, 500 tonn hyse og 300 tonn andre artar som bifangst i norske farvatn.
I avtalen forpliktar Færøyene seg til å avgrense det totale fisket sitt i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor jurisdiksjonsområda til Noreg og Russland.
3.2.6 Noreg – Grønland
Noreg og Grønland vart 1. desember 2022 samde om ein tosidig avtale om gjensidige fiskekvotar for 2023. Avtalen byggjer på ein rammeavtale frå 1992. Samarbeidet på fiskeriområdet med Grønland fungerer godt og omfattar også kontrollsamarbeid og forskingssamarbeid. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite, uer og torsk av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg tradisjonelt mellom anna reker, blåkveite og uer frå EU i grønlandske farvatn.
Grønlandske fiskarar får i 2023 ein kvote på 4 000 tonn nordaustarktisk torsk, 750 tonn arktisk hyse, 650 tonn arktisk sei og inntil 425 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite) i havområda under norsk jurisdiksjon.
I avtalen forpliktar Grønland seg til å avgrense det totale fisket sitt i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor jurisdiksjonsområda til Noreg og Russland.
I 2023 kan Noreg fiske følgjande kvantum i sona til Grønland:
Ved Vest-Grønland: 900 tonn blåkveite
Ved Aust-Grønland: 375 tonn blåkveite, 500 tonn uer fiska med botntrål/line, 540 tonn brosme, 150 tonn skolest, 30 tonn kveite og 325 tonn bifangst av andre artar
Ved Aust- og Vest-Grønland: 1 350 tonn torsk
Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005. Avtalen er vidareført i 2023. Forskingssamarbeidet blir vidareført i tråd med rammeavtalen frå 1992.
3.2.7 Noreg – Island (Smottholavtalen)
Noreg, Island og Russland inngjekk i 1999 ein trepartsavtale om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smottholavtalen). Gjennom denne avtalen greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet. Ein protokoll til Smottholavtalen regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg. Etter denne protokollen får Island tildelt eit kvantum nordaustarktisk torsk i Noreg si økonomiske sone nord for 62ºN.
Island kan etter dette fiske 5 125 tonn nordaustarktisk torsk i Noreg si økonomiske sone nord for 62º N i 2023. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 prosent. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone. Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten blir justert i takt med totalkvoten for nordaustarktisk torsk. For 2022–2023 sesongen er den norske loddekvoten relatert til Smottholavtalen på 24 595 tonn. Den samla norske loddekvoten av denne bestanden er større, idet Noreg også har ein del som kyststat gjennom fiskerisona ved Jan Mayen. Lodde kan også inngå i kvotebytet med EU, ved at EU har fått lodde frå Grønland gjennom avtalen dei har med Grønland.
Per 3. februar 2023 er totalkvota sett til totalt 275 705 tonn. Dersom det ikkje blir loddefiske, skal «partene innlede forhandlinger om alternativ kompensasjon», ifølgje avtalen. Dei siste gongane dette har vore aktuelt, har kompensasjonen vore at den islandske torskekvoten deretter har blitt redusert og dette kvantumet overført til den norske torskekvoten.
3.3 Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar
3.3.1 Forvaltinga av norsk vårgytande sild
Norsk vårgytande sild har vore den største fiskebestanden i Nord-Atlanteren og den største sildebestanden i verda.
18. januar 2007 vart det underteikna ein ny kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvaltinga av NVG-sild. Denne avtalen gav Noreg 61 prosent av NVG-silda. Avtalen inneheldt òg den same langsiktige forvaltingsplanen partane vart samde om under den tidlegare avtalen frå 1996. Partane var i tillegg samde om tosidige avtalar om sonetilgang.
Færøyane har dei siste åra kravd ein høgare del av den totale kvoten, noko som har ført til at heile spørsmålet om delinga mellom partane vart opna på nytt. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire forhandlingsrundar, men har ikkje greidd å bli samde om ein ny fempartsavtale.
I 2013 og 2014 inngjekk Noreg, EU, Island og Russland ein firepartsavtale med ein kvote til Færøyane basert på deira tradisjonelle del av silda. For 2015 og 2016 derimot inngjekk ikkje partane firepartsavtalar. For 2017, 2018 og 2019 inngjekk alle fem kyststatane ein avtale om totalkvote (TAC). På bakgrunn av at Færøyane auka sin eigen part på kolmule, vedtok Noreg å auke sin part for NVG-sild frå 61 prosent til 67 prosent i 2017, til 70 prosent i 2018 og via 73 prosent til no 76 prosent, basert på sonetilhøyrsla NVG-silda har til norske farvatn.
For 2023 har partane blitt samde om ein totalkvote på NVG-sild på 511 171 tonn. Fram til no er det ikkje nådd ein avtale om fordelinga av andelar til statane, og kvotane blir fastsette unilateralt. Under kyststatsmøtet hausten 2022 vart partane samde om å møtast tidleg i 2023 for å ta opp spørsmålet om fordelinga.
Med utgangspunkt i ein felles kyststatsrapport om sonetilhøyrsla til NVG-silda har Noreg sett ein kvote for 2023 som inneber ein del på 76 prosent.
På kyststatsmøtet hausten 2020 vart det lagt fram ein rapport utarbeidd under leiing av forskarar frå Havforskingsinstituttet, men med deltaking av forskarar frå dei andre partane, der denne rapporten om sonetilhøyrsla til silda blir oppdatert.
I rapporten går forskarane også gjennom metodikk for å berekne sonetilhøyrsle for ein bestand. Denne rapporten vart oppdatert til kyststatsmøtet hausten 2022 og vil no bli oppdatert i åra framover.
Storbritannia deltok for første gong på kyststatsmøtet hausten 2020 og skreiv under avtalen på lik line med dei andre partane. Kyststatane vart i eit møte våren 2021 samde om at EU ikkje lenger er kyststat for NVG-sild, men at Storbritannia no har fått denne statusen.
3.3.2 Forvaltinga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen
Trepartsavtalen om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart første gong underteikna 12. juni 1989. Etter dette har rammeavtalen om reguleringane i loddefisket vore forhandla på nytt tre gonger, seinast i 2018. Dei mest sentrale elementa i denne avtalen er fastsetjing av kvote, andelsfordelinga mellom partane og tekniske reguleringar for gjennomføringa av sjølve fisket. Det er lodde i Jan Mayen-sona som gjer at Noreg blir rekna som kyststat til denne loddebestanden. Avtalen frå 2018 innebar ei endring i fordelinga mellom landa, basert på biologiske forhold og vandringsmønsteret til lodda dei seinare åra. Noreg sin eigardel er no redusert frå 8 prosent til 5 prosent. I tillegg til kyststatsandelen får Noreg overført lodde frå Island gjennom den såkalla Smottholavtalen. Noreg byter også til seg lodde frå EU via Grønland sin kyststatsandel. Denne kvoten kan også fiskast i Islands farvatn.
Per 3. februar 2023 er den samla kvoten for lodde for sesongen 2022–2023 275 705 tonn. Noregs kyststatsandel vart 13 785 tonn. Noreg bytte også til seg 24 595 tonn lodde frå Island (Smottholkvantumet) og 10 000 tonn lodde frå EU. Til saman hadde Noreg difor ein loddekvote på 48 380 tonn i 2023.
Etter kyststatsforhandlingar mellom partane hausten 2022, valgte Island å seie opp kyststatsavtalen for lodde ved Island/Grønland/Jan Mayen den 12. oktober 2022. Fisket vil likevel gå som normalt i sesongane 2022–2023 og 2023–2024, i samsvar med oppseiingsklausulen i rammeavtalen frå 2018.
Grønland, som har formannsskapet i forhandlingane har, i samsvar med avtalen, kalt inn til nye forhandlingar. Forhandlingane er starta opp og vil gå føre seg utover våren 2023. Siktemålet er å få på plass ein ny kyststatsavtale mellom partane før oppseiinga trer i kraft etter 2023–2024 sesongen.
3.3.3 Forvaltinga av kolmule
Etter fleire år med forhandlingar inngjekk kyststatane EU, Noreg, Island og Færøyane ein rammeavtale om forvaltinga av kolmule 16. desember 2005. Dette har vore følgt opp med årlege kvoteavtalar. Fordelinga var slik at ein først avsette ei viss mengd til fiske i internasjonalt farvatn (Russland og Grønland), og så delte kyststatane det resterande kvantumet.
Etter initiativ frå EU har partane utarbeidd ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med utgangspunkt i rapporten har EU kravd ein høgare del av totalkvoten. Færøyane har følgt opp og krev også ein høgare del. Kyststatane har forhandla i fleire rundar dei seinaste åra om ei ny deling av totalkvoten. Fram til no har dette ikkje lykkast. I forhandlingane for 2017 greidde partane likevel å bli samde både om storleiken på totalkvoten og ein ny forvaltingsplan for fisket. Dette sikrar at alle kyststatane har eit felles utgangspunkt når dei fastset sine respektive kvotar. Planen er evaluert av ICES og er rekna for å vere innanfor føre-var-rammer. Planen blir følgd også for 2023.
I forhandlingane for 2023 vart partane samde om ein totalkvote (TAC) på 1 359 629 tonn. TAC er basert på rådgjeving frå ICES og forvaltingsplanen som er evaluert av ICES. På same måten som for norsk vårgytande sild deltok Storbritannia også på forhandlingane om kolmule hausten 2020 for første gong.
3.3.4 Forvaltinga av makrell
Makrellbestanden har vore i ganske god forfatning dei seinare åra. Kyststatane vart hausten 2022 samde om at samla kvote for 2023 bør vere på 782 066 tonn. Dette er i samsvar med rådet frå ICES og inneber ein liten reduksjon frå kvoten for 2022.
Noreg, EU og Færøyane inngjekk i 2014 ein femårig rammeavtale for forvalting av makrell, som i 2018 vart forlengd ut 2020. Noreg hadde primært ønskt å føre vidare denne avtalen med fire partar etter at Storbritannia vart ein sjølvstendig kyststat i 2021. Storbritannia var ikkje villig til å føre vidare elementet om gjensidig løyve til å fiske i sonene til kvarandre, som var eitt av to hovudelement i det gamle avtaleverket og svært viktig for Noreg sin flåte. Det var difor ikkje grunnlag for å inngå nokon ny avtale. Noreg har, til liks med dei andre partane, difor sett seg ein eigen einsidig kvote på 35 prosent av samla makrellkvote i 2021 og 2022. Storleiken på denne kvoten er basert på sonetilhøyrslerapportar som viser at makrellen har sonetilhøyrsle i norske farvatn. Så å seie heile denne kvoten vart fiska i norsk økonomisk sone i 2022. Kyststatane starta opp forhandlingar om ny avtale om fordeling og forvalting av makrellbestanden i februar 2022, og sidan den gong har det vore halde fleire forhandlingsrundar, førebels utan å komme fram til semje. Det er planlagt nye kyststatsforhandlingar mellom partane om makrell vinteren og våren 2023. Frå norsk side blir det lagt vekt på at det må vere ein klar samanheng mellom sonetilhøyrsla til makrellen, det vil seie kor mykje og kor lenge makrellen oppheld seg i kvar økonomiske sone, og eigardelane partane til slutt endar opp med. I vente på ein eventuell kyststatsavtale om makrell har Noreg sett seg ein førebels kvote på 100 000 tonn.
3.3.5 Forvaltinga av uer
Det finst fleire artar av uer i Nordaust-Atlanteren. Det er størst kommersiell interesse knytt til snabeluerbestandane i Irmingerhavet, i Barentshavet og i Norskehavet. Desse blir utnytta av fleire statar.
Snabeluer i Barentshavet og Norskehavet
I 2005 starta eit nytt fiskeri etter snabeluer på det opne havet i Norskehavet. Bestanden som det blir fiska på, er hovudsakleg i norsk sone, men delar av bestanden dreg på næringsvandring i område utanfor norsk fiskerijurisdiksjon i om lag tre månader om hausten.
NEAFC sette i 2008 i gang ei uavhengig utgreiing med tanke på å etablere eit vitskapleg fundament for ein fordelingsnøkkel. Rapporten konkluderte med at sonetilhøyrsla til Noreg ligg på rundt 74 prosent. Russland er også kyststat til snabelueren, og Noreg og Russland vart i oktober 2014 samde om ei fordeling av bestanden: 72 prosent til Noreg, 18 prosent til Russland, 5,9 prosent til det opne havet i Norskehavet og 4,1 prosent til tredjeland sin bifangst i fiskevernsona ved Svalbard.
Fleire møte har blitt haldne i NEAFC med sikte på å bli samde med ikkje-kyststatane om kor stor del av kvoten som skal setjast av til fiske på det opne havet i Norskehavet. Island har tidlegare støtta det norske og russiske synet, men under årsmøtet i 2022 stod dei saman med EU og Danmark på vegner av Færøyane og Grønland som framleis står langt frå kyststatane sin posisjon. Storbritannia støtta det norske forslaget under årsmøtet. Følgjeleg vart partane heller ikkje samde om ei regulering for det opne havet under årsmøtet i NEAFC (sjå nærare omtale av årsmøtet i kapittel 3.4.1). Arbeidet med å få aksept i NEAFC for den avsetjinga Noreg og Russland er samde om til fiske på det opne havet, og såleis ei betre forvalting av ueren, vil halde fram. Noreg og Russland vart samde om ein totalkvote på 66 779 tonn snabeluer i 2023, i tråd med vitskapleg råd. Dette gjev ein kvote på 43 981 tonn til Noreg.
Snabeluer i Irmingerhavet
Partane i prosessen om fordeling og regulering av snabeluer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane, og observatørane EU, Noreg, Storbritannia og Russland. Under årsmøtet i NEAFC i 2021 fremja Island og Danmark på vegner av Færøyane og Grønland forslag om å ikkje hauste snabeluer i Irmingerhavet i 2022, 2023 og 2024. EU, Noreg og Storbritannia røysta for forslaget, medan Russland røysta imot og har reservert seg mot vedtaket. Forslaget vart som følgje vedteke. Noreg har 3,85 prosent av den samla kvoten.
Det samla uttaket har i lang tid vore altfor høgt. Uttaket var også i 2022 vesentleg høgare enn tilrådinga frå ICES fordi Russland, som ikkje godtek fordelingsnøkkelen og ICES si rådgjeving, har gjeve seg sjølv ein svært høg kvote. Heller ikkje for 2023 er Russland part i fordelingsavtalen.
3.4 Internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonar
3.4.1 Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC)
NEAFC skal sørgje for ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Kommisjonen skal leggje til rette for ei samfunnsøkonomisk optimal og miljøvennleg utnytting av fiskebestandane. Partane til NEAFC er Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland), EU, Island, Noreg, Russland og Storbritannia. Sekretariatet ligg i London.
Den viktigaste oppgåva til NEAFC er å vere med og utvikle ei meir økosystembasert forvalting av havområda og gode regionale kontrollregime. Myndigheitsområda til NEAFC (vanlegvis kalla reguleringsområdet) er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor dei økonomiske sonene til partane. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor dei økonomiske sonene til partane, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part dersom vedkommande part ønskjer det og støttar at det blir sett i verk eit reguleringstiltak. NEAFC-konvensjonen gjeld i utgangspunktet for alle fiskeressursar i konvensjonsområdet. Unntaket er sjøpattedyr og langtmigrerande artar dersom dei er omfatta av andre internasjonale avtalar (til dømes tunfisk).
Fiskerireguleringar for 2023
NEAFC har i første rekkje ein viss samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom dei økonomiske sonene til partar og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. Det blir vanlegvis inngått kyststatsavtalar for desse bestandane. Desse er omtalte i kapitla ovanfor.
Gjennom kyststatsavtalen for kolmule blir det sett av ein del til fiske i NEAFC sitt reguleringsområde for ikkje-kyststatar. Dette blir regulert av NEAFC. I tillegg til dette kan kyststatane fiske sine delar av totalkvotane av dei enkelte artane i internasjonalt farvatn. Basert på forslag frå kyststatane vedtek kommisjonen regulering av fisket etter dei enkelte artane i internasjonalt farvatn.
I tråd med kyststatsavtalen for kolmule for 2023 vedtok årsmøtet ein kvote for fisket i internasjonalt farvatn på 108 226 tonn, fordelt på Danmark (Grønland) og Russland. NEAFC-reguleringa inneber i tillegg at kyststatane kan fiske sine nasjonale kvotar i internasjonalt farvatn. Årsmøtet vedtok også ei regulering av fisket etter norsk vårgytande sild basert på kyststatsavtalen om ein totalkvote på 511 171 tonn. Også denne reguleringa inneber at kyststatane kan fiske sine nasjonale kvotar i internasjonalt farvatn. Når det gjeld makrell, var ikkje kyststatsforhandlingane fullførte før årsmøtet. Makrellkvoten på 782 066 vart difor vedteken ved postavrøysting i etterkant av årsmøtet. Alle reguleringane er i tråd med tilrådingane frå ICES.
Noreg og Russland er kyststatar til snabelueren i Norskehavet og vart i oktober 2014 samde om ei fordeling av bestanden på bakgrunn av ein sonetilhøyrslerapport utarbeidd av forskarar frå NEAFC-landa. Avtalen inneheld også ein kvote til internasjonalt farvatn. I tråd med tilrådinga frå ICES og kvoten som er sett av i avtalen, la difor Noreg fram forslag om ei NEAFC-regulering for 2023. Forslaget fekk ikkje fleirtal fordi fleire av dei andre NEAFC-partane ikkje er samde i kvoten som Noreg og Russland har avsett til fiske i internasjonalt farvatn. Resultatet av dette er at det ikkje er fastsett noka regulering av snabeluer i den internasjonale delen av Norskehavet for 2023.
Partane i prosessen om fordeling og regulering av snabeluer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og ikkje-kyststatane EU, Noreg, Russland og no også Storbritannia. Island har, i tråd med ICES-rådgjevinga, ønskt eit forbod mot direktefiske i fleire år, noko Noreg har støtta. Forslaget har tidlegare ikkje fått tilstrekkeleg fleirtal, men dette endra seg på årsmøtet i 2020 og vart igjen vedteke under årsmøtet i 2021 og gjeld ut 2024. NEAFC-forbodet mot direktefiske etter uer i Irmingerhavet er i tråd med tilrådinga frå forskarane. Russland har reservert seg frå vedtaket, og forbodet gjeld difor ikkje for fartøya deira.
På årsmøtet i 2020 vart NEAFC-forboda mot direktefiske etter blålange med botnreiskap i gyteperioden og eit forbod mot direktefiske etter raud keisarfisk vedtekne. Dei to gjeld ut høvesvis 2023 og 2024. Kontraktspartane vart også samde om å føre vidare regulering av fisket etter hyse ved Rockall og dessutan opne opp for fisket etter pigghå i 2023, i tråd med vitskapleg rådgjeving.
Områdeforvalting
NEAFC vedtok for første gong i 2004 å stengje enkelte område for botntråling og fastståande reiskapar for å verne sårbare marine økosystem. I dei følgjande åra har kommisjonen med jamne mellomrom gjort justeringar i områda og stengt nye område i tråd med tilrådingar frå ICES. Det er no i alt 13 område innanfor reguleringsområde til NEAFC som er stengde for botnfiske.
Alle tiltaka som er vedtekne om stengde område og botnfiske, er element i oppfølginga NEAFC gjer av fire relevante resolusjonar i perioden mellom 2006 og 2016 og FAO-retningslinene om botnfiske frå 2008. NEAFC vedtok i 2014 eit nytt og betre regelverk for botnfiske og vern av sårbare marine økosystem.
Regelverket inneber at reguleringsområdet til NEAFC er delt inn i tre kategoriar: stengde område, eksisterande botnfiskeområde og avgrensa botnfiskeområde. Dei stengde områda er område der sårbare marine økosystem er påviste og ICES har tilrådd stenging. I tillegg til å liste opp dei stengde områda definerer regelverket kva for område som per i dag er rekna for å vere eksisterande fiskeområde og dermed opne for fiske. Område som verken er stengde for botnfiske eller omfatta av eksisterande fiskeområde, utgjer dei avgrensa botnfiskeområda. Desse er ikkje opne for ordinært botnfiske, men NEAFC kan gje løyve til forsøksfiske i områda. Regelverket stiller strenge krav til slikt prøvefiske. Mellom anna skal det gjennomførast konsekvensutgreiingar før det er aktuelt å vurdere eit forsøksfiske, og sjølve forsøksfisket er underlagt eigne rapporteringsreglar. Fartøya må også ha observatørar om bord. I etterkant av eit forsøksfiske skal det gjennomførast ei evaluering for å vurdere om eit botnfiske vil kunne ha betydeleg negativ påverknad på dei sårbare marine økosystema i området, og om det dermed bør stengjast, eller om området kan bli opna som eit eksisterande botnfiskeområde. Dersom fartøy i ordinært fiske eller i forsøksfiske støyter borti sårbare marine økosystem (korallar og svamp), pliktar dei å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare økosystem.
I tråd med krava i NEAFC-regelverket gjennomførte NEAFC i 2019 ei evaluering av om reguleringa har vore effektiv når det gjeld vern av sårbare marine økosystem. Evalueringa konkluderte med at reguleringa fungerer etter formålet, men foreslo likevel enkelte forbetringspunkt. Desse har blitt diskuterte i NEAFC sine permanente arbeidsgrupper i 2020 og 2021, og oppfølgingsarbeidet held fram i 2023.
Kontrollsamarbeid
Kampen mot urapportert, uregulert og ulovleg fiske har vore høgt prioritert i NEAFC i fleire år. Arbeidet har resultert i eit omfattande kontroll- og handhevingsregelverk, som mellom anna inneheld krav til satellittsporing, rapporteringsplikter, reglar om inspeksjon til sjøs, hamnestatskontroll og svartelisting. Etter at kommisjonen på årsmøtet i 2014 vedtok å utvide verkeområdet for NEAFC sitt system for hamnestatskontroll, er dette no fullt på line med den internasjonale hamnestatsavtalen forhandla fram under FAO.
På årsmøtet i 2018 vedtok partane omfattande endringar i kontroll- og handhevingsregelverket. Hensikta var å leggje til rette for implementering av eit nytt og heilelektronisk rapporteringssystem. Det har dei siste åra blitt følgt opp med utvikling av fleire tekniske løysingar for implementering av det nye systemet. Arbeidet held fram i 2023.
3.4.2 Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO)
Det overordna målet til NAFO er å bidra til langsiktig bevaring, berekraftig bruk av fiskeriressursane i konvensjonsområdet og samstundes bevare dei marine økosystema der desse ressursane finst.
NAFO har 13 medlemsland frå Nord-Amerika, Europa, Asia og Karibia, inkludert EU. Fire av medlemslanda er kyststatar i konvensjonsområdet: USA, Canada, Frankrike (på vegner av Saint-Pierre og Miquelon) og Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland). NAFO-sekretariatet ligg i Halifax i Canada.
NAFO har i dei seinare åra lagt vekt på å modernisere organisasjonen og har innført nødvendige endringar av NAFO-konvensjonen. Den nye konvensjonen frå 2008 tek mellom anna omsyn til føre-var-prinsippet, økosystembasert forvalting, etablering av ein mekanisme for tvisteløysing og strukturelle endringar av organisasjonen. Noreg ratifiserte den reviderte konvensjonen i 2009, og konvensjonen vart gjeldande 18. mai 2017.
Fastsette kvotar for 2023
Den viktigaste bestanden for Noreg i NAFO er torsk i reguleringsområde 3M (sjå kart i figur 3.8), der vi har ein kvoteandel på 9,25 prosent. Etter ti år med fiskeforbod (moratorium) vart direktefisket etter torsk i 3M opna igjen i 2010. Partane vedtok ein totalkvote for fisket i 2023 på 6 100 tonn, som er ein auke frå kvoten frå i fjor på 4 000 tonn. Bestanden har over tid hatt ei svak rekruttering, og eit lågt kvoteråd var dermed venta.
Noreg har sidan 1993 fiska reker på Flemish Kapp. Det har gått føre seg to separate rekefiskeri i dette området, eitt i reguleringsområde 3M og eitt i reguleringsområde 3L. På grunn av den dårlege bestandssituasjonen vedtok NAFO, i tråd med tilrådinga frå havforskarane, å stoppe rekefisket i område 3M i 2011. Bestandssituasjonen for reker i 3M har dei siste åra blitt noko betre, og i tråd med tilrådinga frå forskarane vart fisket opna med verknad frå 1. januar 2020. Fisket vart igjen lukka i 2021 i tråd med vitskapleg rådgjeving, og fisket har vore stengt sidan då.
Rekefisket i 3M er regulert med fiskedøgn, som er eit lite tilfredsstillande reguleringsregime. Hausten 2022 møttest partane for å drøfte moglegheitene for å gjere om fiskedøgnsreguleringa til eit kvoteregime. Noreg, i tillegg til mellom anna EU og Canada, la fram forslag til ein modell for konvertering frå fiskedøgn til kvotefordeling mellom partane. Det norske forslaget vart godt teke imot, men partane lykkast ikkje med å bli samde om eit nytt forvaltingsregime og kvotefordelinga. Partane har difor som siktemål å møtast igjen i løpet av 2023 for å drøfte saka vidare.
I åra før 2011 låg totalkvoten for reker i reguleringsområde 3L på 30 000 tonn. For 2011 tilrådde vitskapskomiteen i NAFO å redusere den totale fangsten. Partane var i åra etter samde om behovet for ein reduksjon, men vart ikkje samde om å redusere den totalt tillatne fangsten like mykje som forskarane tilrådde. Noreg og fleire land røysta imot å fastsetje høgare rekekvotar enn det tilrådinga frå forskarane sa. Då bestanden vart ytterlegare redusert, vart partane på årsmøtet i 2014 samde om å innføre fiskeforbod også for denne bestanden. Rådgjevinga for 2023 stadfesta den sviktande bestandssituasjonen, og årsmøtet vedtok ei vidareføring av moratoriet for 2023.
Noreg har kvoterettar i NAFO på 30 prosent av totalkvoten for lodde i reguleringsområde 3NO. Som følgje av den dårlege bestandssituasjonen har det lenge vore forbode å drive direktefiske på denne arten, og forbodet vart vidareført for 2023.
Ein ny forvaltingsplan for blåkveite vart vedteken under årsmøtet 2017. For 2023 vart det i tråd med denne forvaltingsplanen fastsett ein totalt tillaten fangst på 11 227 tonn. Noreg har ingen del i denne bestanden, men når totalkvoten kjem opp på 30 000 tonn eller meir, har Noreg rett til å fiske på ein eigen kvote som blir sett av til land utan fast kvotedel.
Regulering av fiske med botnreiskapar
I tråd med fire relevante resolusjonar i perioden mellom 2006 og 2016 har NAFO lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. NAFO har òg arbeidd med å setje i verk FAOs retningsliner for djuphavsfiske på det opne havet.
Ulike område i konvensjonsområdet er delte inn i tre kategoriar: noverande område, stengde område og nye fiskeområde. NAFO har formelt vedteke eit kart som viser dei noverande fiskeområda. Det blir stilt særleg strenge krav til fisket i nye område, men også i noverande fiskeområde er det strenge miljøkrav. Det gjeld særleg dersom ein ønskjer å nytte nye reiskapstypar, eller dersom ny vitskapleg informasjon seier at dagens fiskepraksis bør endrast.
NAFO-område 14 vart i 2016 stengt for fiske med botnreiskapar for å beskytte sjøfjør, med ein solnedgangsklausul til 31. desember 2018. Partane vart på årsmøtet i 2018 ikkje samde om ei ny stenging av området, som dermed vart opna for fiske med botnreiskapar 1. januar 2019. NAFO har etter dette 20 område som er stengde for fiske med botnreiskapar for å verne konsentrasjonar av korallar og svamp som har særleg sårbare økosystem. Stengingane gjeld også fleire område med undersjøiske fjell.
NAFO har i tillegg vedteke regelverk for kva fartøya skal gjere dersom reiskapar kjem i kontakt med sårbare økosystem under fiske. Fartøy pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem. I utgangspunktet er fiske med botnreiskapar ikkje tillate i dei nye områda. Det er likevel høve til eit forsøksfiske, men dette er strengt regulert. Mellom anna er det plikt til å ha ein vitskapleg observatør om bord. På grunnlag av rapportar frå forsøksfiske og vitskapleg rådgjeving kan NAFO opne for generelt fiske i avgrensa område.
Evalueringa av NAFOs regelverk for vern av sårbare marine økosystem, inkludert dei 20 stengde områda, vart ferdigstilt i 2021. På bakgrunn av denne vedtok årsmøtet å utvide talet på stengde område til 25 fram til 2026.
Kontrollsamarbeid
Kampen mot urapportert, uregulert og ulovleg fiske (UUU-fiske) har hatt høg prioritet i NAFO i fleire år. Arbeidet har resultert i eit omfattande kontroll- og handhevingsregelverk, som mellom anna inneheld krav til satellittsporing, rapporteringsplikter, reglar om inspeksjon til sjøs, hamnestatskontroll, svartelisting og eit observatørprogram.
NAFO vedtok på årsmøtet i 2016 endringar i reglane om hamnestatskontroll som innebar implementering av FAOs hamnestatsavtale mot UUU-fiske.
3.4.3 Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC)
Noreg er ein av dei opphavlege partane til konvensjonen om regulering av kvalfangst av 1946, som regulerer fangst og bevaring av større kvalartar. Konvensjonen har i dag 88 partar. Den internasjonale kvalfangstkommisjonen er overvakingsorganet til konvensjonen. IWC har som hovudoppgåve å sikre ei berekraftig forvalting og bevaring av dei større kvalartane. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot forbodet og er difor ikkje bunde av det. Frå 1994 til 2006 forsøkte IWC å få på plass eit revidert forvaltingsregime for å opne for kommersiell kvalfangst utan å lykkast. Japan la i 2018 fram eit forslag til reform av organisasjonen utan å lykkast. Forslaget tok sikte på mellom anna å opne for alminneleg berekraftig kvalfangst. Som ei følgje av nederlaget og lang tid med frustrasjon over IWCs dysfunksjon melde Japan seg ut av IWC 26. desember 2018. Japans utmelding vart gjeldande 30. juni 2019.
Forskarane i IWC har etablert prosedyrar for å vurdere dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteutrekningsmodellane er konservative for å sikre ei føre-var-tilnærming. Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i vitskapskomiteen til IWC. Kvoten for 2023 blir sett i starten av året. Det vil vere mogleg å overføre eventuell ubrukt kvote frå 2022, som potensielt vil auke totalkvoten. Kvoten kan fangast i heile forvaltingsområdet til IWC, som er noko større enn havområda under norsk jurisdiksjon. Det vil seie at det også kan drivast fangst i internasjonalt farvatn mellom Noregs økonomiske sone og fiskerisona ved Jan Mayen.
I tråd med kvoteberekningsmodellen skal vågekvalbestanden vurderast på nytt i vitskapskomiteen til IWC kvart sjette år på grunnlag av teljingar som er gjennomførte dei siste seks åra. Samstundes skal oppdelinga av havområdet i underområda vurderast på nytt. Vitskapskomiteen starta ein ny gjennomgang av det norske fangstgrunnlaget i 2014. Oppdelinga i underområda vart grundig diskutert under møtet i vitskapskomiteen i Slovenia i mai 2014. Komiteen konkluderte med at nye genetiske analysar ikkje gjev grunnlag for å dele opp i underområde for Barentshavet (EB), Svalbardområdet (ES) og Norskehavet (EW). Komiteen ønskte derimot at Nordsjøen (EN) framleis skal vere eit eige underområde. Endelege bestandstal med uvisse for teljeperioden 2008–2013 vart godkjende av vitskapskomiteen ved årsmøtet i 2015. Tilpassingar av simuleringsmodellane til fangstar, bestandstal og biologiske data for å teste forvaltingsstrategiar har teke mykje tid og vart fullførte ved årsmøtet i 2017. Med utgangspunkt i den reviderte forvaltingsprosedyren vil ein ha ei gjennomgåande trygg forvalting av vågekvalen. Dette vart handsama og godkjent på årsmøtet til vitskapskomiteen i 2022.
3.4.4 Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO)
Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen vart etablert i 1992. Hovudgrunnane for å etablere organisasjonen var å leggje til rette for internasjonalt samarbeid på dei områda der IWC ikkje har kompetanse (småkval, sel og kvalross), og sikre ein internasjonal samarbeidsstruktur i tilfelle IWC skulle bryte saman.
Hovudoppgåva til NAMMCO er å arbeide for vern og forvalting av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskaplege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men omfattar dei store kvalartane òg. Noreg, Færøyane, Grønland og Island er medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, og Canada og Russland tek aktivt del i arbeidsgruppene.
NAMMCO har lykkast godt i arbeidet med å forbetre fangstmetodar – eit arbeid som er av interesse langt utover medlemslanda i organisasjonen. Representantar frå alle dei nordiske landa, og frå Japan, USA og Canada, deltek i dette arbeidet. Resultata gjev grunnlag for å forbetre fangstmetodane og setje standardar for fangst på sjøpattedyr, og Noreg har no utarbeidd ein standard for bruk av våpen i vågekvalfangsten. Vitskapskomiteen i NAMMCO gjev råd og deltek i forskinga på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Komiteen deltek dessutan i arbeidet med å lage ein plan for å organisere og gjennomføre teljetokt for kval som omfattar heile Nord-Atlanteren.
3.4.5 Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR)
Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis forvaltar konvensjonen med same namn. CCAMLR-kommisjonen vart etablert i 1981 med Noreg som ein av grunnleggjarane. Konvensjonen er ein del av Antarktistraktaten og vart gjeldande frå 1982. Sekretariatet og hovudkvarteret til kommisjonen ligg i Hobart på Tasmania i Australia. Hittil er 36 land partar i CCAMLR-konvensjonen, medan EU og 24 land er medlem i CCAMLR-kommisjonen. Det er Utanriksdepartementet som leier den norske delegasjonen til CCAMLR, der mellom anna Nærings- og fiskeridepartementet deltek.
Mandatet til CCAMLR om å forvalte dei marine ressursane på ein balansert måte ligg i formålsparagrafen. Det inneber at prinsippa om vern og rasjonell bruk av ressursane er sidestilte. Føresegna viser at ein ønskjer å leggje til rette for berekraftig fiske i konvensjonsområdet.
CCAMLR har heilt frå starten vore ein viktig aktør i utviklinga av internasjonal havressursforvalting og har hatt stor suksess i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske etter tannfisk.
Fiskeri
Interessa for å fiske i Antarktis gjeld i hovudsak bestandane av kril og tannfisk. CCAMLR vedtek årleg totalkvotar for dei ulike artane, basert på tilrådingar frå vitskapskomiteen til kommisjonen. Kommisjonen kan også på vitskapleg grunnlag fastsetje forbod mot å fiske på enkelte fiskeslag innan eitt eller fleire underområde. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmene. Det er såleis opent for eit «olympisk fiske», der alle fiskar inntil fisket blir stoppa når totalkvotane er tekne.
Det er store krilressursar i Sørishavet. Anslag for opphavleg biomasse er 60 millionar tonn i det havområdet der det blir fiska i dag, som i hovudsak er dei vestlege delane av Atlantisk sektor og langs Antarktishalvøya. I dette området har CCAMLR vedteke ein totalkvote på 5,61 millionar tonn. Likevel er fangsten etter råd frå vitskapskomiteen avgrensa til maksimalt 620 000 tonn. Og for å hindre for stort fiskepress i enkeltområde der kril er viktig mat for fugl og pattedyr, er denne totalfangsten fordelt på fire av underområda viste i figur 3.10. Dei siste åra har totalfangsten av kril vore mellom 100 000 og 270 000 tonn, eller om lag 0,3 prosent av anslag for opphavleg biomasse.
Den norske flåten fiskar årleg om lag 50–60 prosent av den samla fangsten av kril i havområda rundt Antarktis. Dei norske krilfartøya har alltid med seg ein internasjonal observatør som tek prøvar av fangstane og rapporterer til CCAMLR om gjennomføringa av fisket, bifangst av fisk, eventuelle tilfelle av skadar på fugl og pattedyr.
Den samla fangsten i det kvoteregulerte fisket etter tannfisk i Antarktis har dei siste åra lege kring 15 000 tonn årleg av dei to artane som blir fiska. Dette er eit svært lågt fangstnivå sett i forhold til det svære geografiske området fiskeriet foregår i. Tannfisken blir fiska på djupt vatn, mellom 500 og 2 000 meter. Dette er eit lite, men nokså lønnsamt fiskeri. Noreg har ikkje notifisert fartøy for dette fisket i 2023.
Miljø og forsking
Vitskapskomiteen i CCAMLR er sentral i utviklinga av forskingsplanar i havområda rundt Antarktis, og dette gjeld også forskinga på kril. Noreg gjev viktige bidrag til dette arbeidet. Havforskingsinstituttet starta mellom anna i 2011 eit overvakingsprogram av kril ved Sør-Orknøyane. Ved hjelp av fartøy frå krilindustrien gjennomfører dei eit tokt ei knapp veke i året etter eit fast mønster og med vitskapleg akustisk instrumentering for å vurdere mengda og samansetjinga av krilbestanden i dette fiskeriområdet.
Den samla vurderinga frå CCAMLR av krilbestanden byggjer på data frå ei stor basisundersøking så langt attende som i år 2000. Seinare er kunnskapen supplert med ei rekkje enkeltstudiar. Dei viktigaste blir gjennomførte årleg i dei tre beste fiskeområda. Ein av desse studiane er det norske toktet med fiskefartøy. Desse undersøkingane dekkjer berre avgrensa delar av utbreiingsområdet til krilen. CCAMLR er likevel trygg på at uttaket av kril er berekraftig i forhold til storleiken på bestanden, då fisket er avgrensa samanlikna med både kvotane og bestandsvurderinga. Det viktigaste elementet i reguleringa av krilfisket i dag er omsynet til sjøfugl og pattedyr fordi dei beitar på kril i nokre av dei same områda som krilfisket går føre seg. Dersom uttaket av krilressursen i Antarktis skal aukast, må vedtak om dette byggje på vitskaplege undersøkingar og råd som viser at auka fangst er forsvarleg ut frå produksjons- og bestandsforholda for kril og næringsforholda for fugl og pattedyr.
I 2017 fremja Noreg forslag om å gjennomføre omfattande undersøkingar av kril i 2019 og annonserte planar om ekspedisjon med det nye polare forskingsfartøyet Kronprins Haakon vinteren 2018–2019. Det norske initiativet vart helst velkommen av CCAMLR, og vitskapskomiteen og kommisjonen slutta seg til og bidrog til planane.
Undersøkinga med seks–sju fartøy koordinert av norske forskarar vart gjennomført i januar–februar 2019. Det norske forskingsfartøyet opererte saman med fartøy og landstasjonar frå andre CCAMLR-medlemmer. I tillegg bidrog krilindustrisamskipnaden ARK med eit eige leigefartøy og omfattande innsats under norsk forskarleiing. Til saman sikra forskings- og leigefartøy god dekning i alle viktige fiskeriområde og heile det same området som vart undersøkt i år 2000. I tillegg til det store kriltoktet vart det gjennomført undersøkingar i underområde for å granske forholda for pingvinar og sel som et kril. Frå landstasjonar vart satellittmerkte pingvinar og sel overvakte under beitevandringar i krilområda. Under kriltoktet vart det samla svære datamengder om fysisk-kjemiske forhold og plante- og dyreplankton. Langsmed kurslinene vart det registrert observasjonar av fugl og kval. Utbytet av toktet strekkjer seg dermed langt utanom den auka kunnskapen om krilressursane. Dette har relevans for mellom anna klimaforsking og generell økosystemforståing.
Under årsmøtet i 2011 vedtok CCAMLR forvaltingstiltak CM 91/04 som legg fast eit rammeverk for etableringa av eit sett med representative marine beskytta område i Antarktis.
Etter fleire års arbeid vart det under årsmøtet i 2016 gjort vedtak om å etablere eit marint beskytta område i Rosshavet. Området dekkjer eit areal på 1,55 millionar kvadratkilometer. Av dette er 1,12 millionar kvadratkilometer (72 prosent) underlagde strenge restriksjonar, som vil seie at berre eit visst forskingsfiske er lov.
Området beskyttar sårbare naturområde og dyregrupper, inkludert landbaserte toppredatorar som sel og pingvinar, som er avhengige av tilgang til mat i nærleiken av områda dei forplantar seg i. Sårbare botnhabitat og oppvekstområde for yngel og ungfisk blir også tekne vare på.
Området er utvikla i tråd med den beste tilgjengelege kunnskapen og i tråd med norske prinsipp.
Forslag til marine beskytta område er òg under arbeid for områda i Aust-Antarktis, i Weddelhavet og langs Antarktishalvøya.
3.4.6 Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT)
ICCAT vart etablert i 1966. Noreg har vore medlem sidan 2004. Denne regionale organisasjonen har ansvar for å bevare og forvalte tunfisk og tunfiskliknande artar i Atlanterhavet og Middelhavet. Kommisjonen har 52 avtalepartar, inkludert EU på vegner av medlemslanda. Ansvarsområdet til organisasjonen omfattar kring 30 artar, mellom anna makrellstørje, som særleg i 1950-åra vart fiska i store kvantum langs norskekysten. Overfiske førte til ein kraftig reduksjon i bestanden, og førekomstane i våre farvatn var i fleire tiår nærast ikkje-eksisterande. Dei seinare åra har bestanden teke seg opp att, og igjen er det makrellstørje i norske farvatn.
På bakgrunn av bestandssituasjonen og fordi totalkvoten vart sett høgare enn tilrådd, hadde Noreg forbod mot fiske og landing av makrellstørje i perioden 2007–2013. Den negative trenden er no snudd, og tilstanden til bestanden er mykje betre.
ICCAT vedtok på årsmøtet i 2017 ein ny forvaltingsplan for makrellstørje for perioden 2018–2020. Noreg var aktivt med i forhandlingane av planen og fekk mellom anna forhandla fram betre reglar for bifangst og reglar som varetek land med ilandføringsplikt. I tillegg fekk Noreg, som kyststat, forhandla fram ein gradvis auke av den norske eigarparten av makrellstørjebestanden i løpet av perioden forvaltingsplanen gjeld for. I 2018 fekk Noreg fiske 104 tonn, i 2019 239 tonn og i 2020 300 tonn. Totalkvotane for 2020, 2021 og 2022 har vore på 300 tonn.
På grunn av situasjonen med covid-19 vart årsmøtet i 2020 gjennomført på e-post og gjeldande forvaltingsplan for makrellstørje vidareført til å gjelde i 2021. I 2021 vart årsmøtet i ICCAT gjennomført på digital plattform, og det vart gjort eit intersesjonelt arbeid med ein oppdatert forvaltingsplan for makrellstørje som særleg inkluderte betre kontrollreglar for farmingaktivitet i Middelhavet. På årsmøtet i 2022 vart det vedteke ein ny prosedyre for forvalting av makrellstørje i Atlanterhavet. Som følgje av ein ny forvaltingsprosedyre vart det òg vedteke ny totalkvote for austleg makrellstørje på 40 570 tonn. Dette er ein auke i totalkvoten på 4570 tonn frå 2022 til 2023. Noreg forhandla seg fram til ein kvote på 368 tonn for 2023, som er ein auke på 68 tonn frå Noregs totalkvote i 2022.
Noreg la under årsmøtet i 2022 fram forslag om å gjennomføre eit pilotprosjekt om levandelagring av makrellstørje, som vart vedteke. Dette inneber at Noreg kan gjennomføre pilotprosjektet innanfor ein avgrensa andel av norsk kvote. Noreg skal revidere prosjektet etter tre år og rapporterer årleg om resultatet av prosjektet.
I 2022 vart det ved starten av året opna for at åtte fartøy som fiskar med not, kunne få løyve til å delta i direktefisket etter makrellstørje. Av desse var eitt fartøy over 40 meter og sju fartøy under 40 meter. Notfartøya fekk tildelt ein gruppekvote på 254 tonn. Kvart fartøy fekk ein kvote på 41,75 tonn makrellstørje, der 31,75 tonn var garantert kvantum. Departementet oppretta i tillegg ei ny gruppe for småskala kystfartøy, som opna for at 25 fartøy kunne delta i denne gruppa. Fartøya som tidlegare stod på ei rulleringsliste for fisket etter makrellstørje med line, vart overførte til denne gruppa. Fartøya i denne gruppa har ein gruppekvote på 18 tonn. Fisket er regulert som eit «olympisk fiske», der fartøya ikkje får tildelt individuelle kvotar, men fisket blir stoppa når gruppekvoten er utrekna fiska opp. I tillegg deltok 48 fiskelag i rekreasjonsfisket etter makrellstørje, og 33 av desse deltok også i merk- og sleppfiske etter makrellstørje i 2022. Det vart sett av 7 tonn øyremerkt til rekreasjonsfiske og 3 tonn til merk- og sleppfiske. Vidare vart 15 tonn sett av til bifangst av makrellstørje i fisket etter andre artar, og det vart gjort ei avsetning på 18 tonn til forsøksfiske på levandelagring av makrellstørje.
Enkelte fartøy vart trekte frå fisket etter makrellstørje av ulike årsaker. Andre fartøy vart forseinka frå å starte fisket etter makrellstørje fordi ein måtte prioritere fisket etter makrell. Totalt deltok eitt notfartøy over 40 meter og to notfartøy under 40 meter i fisket etter makrellstørje i 2022.
Av den norske kvoten på 300 tonn i 2021 vart det totalt fiska 153 tonn makrellstørje i 2021. I 2022 hadde Noreg også ein totalkvote på 300 tonn. I tillegg hadde vi moglegheit til å overføre 5 prosent ufiska kvantum frå 2021, noko som gav Noreg ein totalkvote på 315 tonn i 2022. Av 315 tonn vart det fiska 145,9 tonn makrellstørje i 2022.
ICCAT har tidlegare vedteke reglar for bifangst av pelagiske haiartar i fisket etter tunfisk og tunfiskliknande artar i heile konvensjonsområdet. Reguleringane omfattar påbod om utkast, men i dei seinaste vedtaka finst det unntak for partar som har påbod om ilandføring som ein del av den generelle fiskerilovgjevinga.