Meld. St. 20 (2015–2016)

Noregs fiskeriavtalar for 2016 og fisket etter avtalane i 2014 og 2015

Til innhaldsliste

3 Fiskeriavtalane for 2016

3.1 Oversikt over avtalane

Med bakgrunn i det havrettslege rammeverket fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land om forvaltninga av felles fiskeriressursar. Noreg inngår både tosidige og fleirsidige avtalar om forvaltninga av bestandar vi deler. I tillegg blir det inngått avtalar i dei internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonane der Noreg deltek.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltningsfora:

  • Å fremje ei berekraftig forvaltning av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming

  • Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar

  • Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregima der Noreg tek del

Figur 3.1 Måla for det internasjonale fiskerisamarbeidet

Figur 3.1 Måla for det internasjonale fiskerisamarbeidet

Tosidige avtalar

Noreg har ført forhandlingar og inngått avtalar for 2016 med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er òg ført forhandlingar og inngått avtalar med EU, på vegne av Danmark og Sverige, om fiske i Skagerrak og Kattegat og med EU, på vegne av Sverige, om svensk fiske i Noregs økonomiske sone. Noreg har også samarbeidd med Island om kvotebyte og oppfølging av Smottholavtalen.

Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar

Noreg har teke del i kyststatsforhandlingar om dei store vandrande bestandane makrell, norsk vårgytande sild (nvg-sild) og kolmule for 2016. I tillegg er det forhandla om fleirsidige avtalar om forvaltninga av snabeluer i Irmingerhavet, Barentshavet og Norskehavet med ulike partar. Det kan komme ny sonetilhøyringsrapport som vil krevje nye forhandlingar.

Figur 3.2 Oversikt over dei tosidige avtalane Noreg har med andre land

Figur 3.2 Oversikt over dei tosidige avtalane Noreg har med andre land

Noreg forhandlar òg med Island og Grønland om gjennomføring av trepartsavtalen om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen.

Forhandlingane om kyststatsavtalane gjeld totalkvotar, forvaltning og fordeling.

Figur 3.3 Oversikt over kyststatsavtalane der Noreg deltek

Figur 3.3 Oversikt over kyststatsavtalane der Noreg deltek

Internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonar

FN-avtalen om fiske på det opne hav pålegg kyststatane og statar som fiskar på det opne hav å delta i regionalt samarbeid om forvaltninga av vandrande fiskebestandar. Noreg legg stor vekt på det internasjonale samarbeidet om fiskeriforvaltning og deltek i fleire regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar – dei såkalla RFMOane. I tillegg deltek vi aktivt i nokre globale organisasjonar. Ei oversikt over organisasjonane Noreg deltek i finst i figur 3.4.

Figur 3.4 Oversikt over internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonar som Noreg deltek i

Figur 3.4 Oversikt over internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonar som Noreg deltek i

Delegasjonane

Når Nærings- og fiskeridepartementet utnemner delegasjonar til dei forskjellige fiskeriforhandlingane ligg det ei balansert vurdering til grunn. Det blir lagt vekt på at partane forhandlingane vedkjem skal vere representerte, at delegasjonen må ha ein handterleg storleik, og dessutan forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane hatt representantar frå Nærings- og fiskeridepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Norges Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund, Sjømat Norge og Norges Kystfiskarlag. Dei seinare åra har Kommunanes Sentralforbund og Sametinget vore medlemmar av delegasjonen til dei tosidige forhandlingane med Russland. Kven forhandlingane kan seiast å vedkome vil like fullt kunne vurderast på sjølvstendig grunnlag frå år til år.

3.2 Tosidige avtalar

3.2.1 Noreg – Russland

Fiskerisamarbeidet mellom Noreg og Russland er formalisert gjennom avtalen 11. april 1975 om samarbeid innan fiskerinæringa og avtalen 15. oktober 1976 om gjensidig fiskerisamarbeid. Avtalane regulerer ei gjensidig plikt til samarbeid om praktiske spørsmål innanfor fiskeriforvaltninga og til å gjennomføre konsultasjonar om desse spørsmåla, med særleg vekt på tiltak for å ta vare på bestandane og koordinere fiskerivitskapleg forsking.

Med bakgrunn i avtalane, har Noreg og Russland gjennom Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen ført årlege forhandlingar om totalkvotar og reguleringstiltak for bestandane vi deler i Barentshavet. Til fellesbestandane reknar vi nordaust-arktisk torsk, nordaust-arktisk hyse, blåkveite, snabeluer og lodde. Partane er einige om å forvalte kongekrabbebestanden kvar for seg i sine respektive økonomiske soner, men drøftar resultata frå felles forskingsinnsats om krabben på dei årlege sesjonane.

Partane fastset totalkvotar og fordeler kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Partane avtalar også gjensidig rett til å delta i fisket i kvarandre sine soner og byter kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar. I tillegg omfattar avtalane harmonisering av teknisk regelverk.

Noreg og Russland har forvaltningsplanar for torsk, hyse og lodde som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. I 2016 skal planane for torsk, hyse og lodde reviderast.

Det er einigheit mellom dei to landa om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter at det er fastsett kvote til tredjeland blir kvotane for nordaust-arktisk torsk og nordaust-arktisk hyse fordelte med 50 prosent til kvar av partane Russland og Noreg. Loddekvoten er fordelt med 60 prosent til Noreg og 40 prosent til Russland. Kvoten for blåkveite er fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til tredjeland for fiske i fiskevernsona ved Svalbard. I 2014 vart Noreg og Russland også einige om fordelinga av snabeluerbestanden. Etter dette er snabeluerkvoten fordelt med 72 prosent til Noreg, 18 prosent til Russland og 10 prosent til tredjeland.

Dei siste åra er det lagt stor vekt på å utvikle felles tekniske reguleringstiltak for fisket i Barentshavet og Norskehavet. Tiltaka er basert på vitskaplege analysar. Det er også utvikla ein felles metodikk for å analysere det totale uttaket av torsk og hyse i Barentshavet.

2016-avtalen

Kvoteavtalen for 2016 mellom Noreg og Russland vart underskriven i Astrakhan 9. oktober 2015, på den 45. sesjonen til Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. Den avtalte totalkvoten for fellesbestandane og fordelinga mellom Noreg, Russland og tredjeland er ført opp i tabell 3.1. Tabellane 3.2 og 3.3 på neste side viser ei oversikt over norske kvotar i russisk økonomisk sone og russiske kvotar i norsk økonomisk sone.

Figur 3.5 Delegasjonsleiarane Ilja Vasiljevitsj Sjestakov og Arne Røksund ved underskrivinga av den norsk-russiske fiskeriavtalen for 2016

Figur 3.5 Delegasjonsleiarane Ilja Vasiljevitsj Sjestakov og Arne Røksund ved underskrivinga av den norsk-russiske fiskeriavtalen for 2016

Foto: Den norske ambassaden i Moskva

Partane vart einige om ein totalkvote for nordaust-arktisk torsk på 894 000 tonn i 2016. Totalkvoten er fordelt mellom Noreg, Russland og tredjeland etter same mønster som tidlegare år. Den norske kvoten for 2015 er 401 240 tonn, inkludert 21 000 tonn kysttorsk.

For nordaust-arktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ei totalkvote på 244 000 tonn. Dette er ein auke på 9 prosent frå 2015. Den norske hysekvoten er med dette 118 700 tonn.

Noreg og Russland vedtok også å vidareføre kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Vedtaket inneber at partane kan overføre inntil 10 prosent av kvoten til neste år, eller fiske inntil 10 prosent av eigen kvote på forskot (av neste års kvote).

Noreg har tradisjonelt gjeve Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i vår økonomiske sone. Dette er både fordi fisken er større lenger vest og fordi ei vestleg fordeling av fisket gjer kontrollen enklare. Av omsyn til balansen i kvoteavtalen er Noreg og Russland òg for 2016 einige om like høve til å fiske torsk og hyse i sonene til kvarandre. Avtalen for 2016 gjev mellom anna partane rett til å fiske inntil 200 000 tonn torsk i kvarandre sine soner.

Totalkvoten for blåkveite er 22 000 tonn i 2016. Det er ein auke på 3 000 tonn frå 2015.

På grunn av lav gytebestand vart det vedtatt å ikkje opne for kommersielt loddefiske i 2016.

Det er fastsett ein totalkvote for snabeluer på 30 000 tonn for 2016. Det er ei vidareføring av kvoten frå 2015.

Partane vart einige om gjensidig tilgang for kvarandre sine fiskefartøy for fangst av snøkrabbe på norsk og russisk kontinentalsokkel i Smottholet.

Tabell 3.1 Fastsette kvotar1 for fellesbestandane i Barentshavet i 2016 (tonn)

Fiskeslag

TAC

Kvotar til Noreg

Kvotar til Russland

Kvotar til tredjeland

Nordaust-arktisk torsk2

894 000

380 240

389 240

124 520

Nordaust-arktisk hyse

244 000

118 700

109 700

15 600

Blåkveite

22 000

11 205

10 725

820

Snabeluer

30 000

21 600

5 400

3 000

1 Kvotar etter byte av kvotar, men før tilbakeføring av ubrukt tredjelandskvote.

2 Inklusive forskingsfangst, eksklusive norsk kysttorsk.

Tabell 3.2 Norske kvotar i russisk økonomisk sone i 2016 (tonn)

Fiskeslag

Kvotar

Torsk

200 000

Hyse

40 000

Blåkveite

10 455

Snabeluer

19 600

Reker

4 000

Grønlandssel

7 000

Steinbit

2 500

Flyndre

200

Andre artar

500

Tabell 3.3 Russiske kvotar i norske havområde i 2016 (tonn)

Fiskeslag

Kvotar

Torsk

200 000

Hyse

40 000

Blåkveite

9 225

Sei

12 000

Steinbit

4 500

Uer og snabeluer1

7 400

Kolmule

17 545

Norsk vårgytande sild

15 000

Andre artar

3 000

1 Max 2 000 tonn i direktefiske

Kontrollsamarbeid

Noreg og Russland har sidan starten av 1990-talet gradvis utvida fiskerisamarbeidet til å omfatte forvaltnings- og kontrollspørsmål. I 1993 vart Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren (DPU) etablert under Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. DPU er eit samarbeid mellom dei utøvande fiskeristyresmaktene i begge land. I dag samarbeider kontrollstyresmaktene i dei to landa tett og utvekslar informasjon om fangst- og landingsdata. Dette inkluderer løypande utveksling av informasjon om omlastingar til havs og landingar i tredjelands hamner av fisk som tilhøyrar fellesbestandar i Barentshavet og Norskehavet.

Noreg og Russland er einige om å halde fram med samarbeidet om inspeksjonar av fiskefartøy både i NEAFC sitt reguleringsområde og i Barentshavet. Begge landa gjev difor inspektørar høve til å opphalde seg på den andre parten sine fartøy for å gjennomføre inspeksjonar.

Noreg og Russland er òg einige om å vidareføre arbeidet i 2016 i analysegruppa, som består av representantar frå Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Det føderale fiskeribyrået si territoriale avdeling for Barentshavet og Kvitsjøen og Russlands sikkerheitsmyndigheit (FSB) si grenseavdeling i Murmansk fylke. Analysegruppa samkøyrer informasjon på fartøynivå både for norske og russiske fartøy og har vore sentral i arbeidet mot ulovleg fiske i Barentshavet, som var eit stort problem fram til midten av 2000-talet. På grunn av det gode norsk-russiske kontrollsamarbeidet er det i åra 2009–2015 ikkje avdekt ulovleg overfiske av torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet.

Ulike grupper under Fiskerikommisjonen har dei siste åra arbeidd med å harmonisere det tekniske regelverket for fisket i Barentshavet og Norskehavet og med spørsmål knytt til utkast av fisk. På den 45. sesjonen vart partane einige om at DPU skal sjå nærare på norsk og russisk fiskeriregelverk om utkast.

Partane vart også einige om at arbeidet med å lage felles retningslinjer for korleis inspeksjon av fiskefartøy i Barentshavet og Norskehavet skal gå føre seg, er kome så langt som det er mogleg å kome og arbeidet skal avsluttast i 2016.

3.2.2 Noreg – EU

Fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland

Strukturen i avtalane

På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg blir òg tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtalen inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen.

Eit anna element i kvoteavtalen er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.

Nivået og omfanget av kvotebytet har tradisjonelt sett vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei seinare åra har det utvikla seg ein situasjon der torskekvoten Noreg tilbyr EU har auka kraftig, medan bestandar EU gjev Noreg som motyting ikkje har gjort det same. Dette gjer at Noreg i 2016 har halde tilbake litt over 16 000 tonn torsk.

Figur 3.6 Kontakt med EU og EU sine medlemsland er viktig. Fiskeriminister Per Sandberg møter her sin portugisiske kollega havminister Ana Paula Vitorino i januar 2016

Figur 3.6 Kontakt med EU og EU sine medlemsland er viktig. Fiskeriminister Per Sandberg møter her sin portugisiske kollega havminister Ana Paula Vitorino i januar 2016

Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

Etablering av forvaltningsplanar og betring av skattleggingsmønsteret

Noreg er i ein kontinuerleg prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Sjølv om vi ikkje gjer alt likt har Noreg og EU eit godt og tett samarbeid på fiskeriforvaltningsområdet.

Noreg og EU har forvaltningsplanar for fellesbestandane i Nordsjøen som skal ivareta omsynet til ei forsvarleg forvaltning og bidra til føreseielege rammer. Desse planane er no eit viktig verktøy for forvaltarane. Partane har sett ned ei arbeidsgruppe som skal gå gjennom dei ulike elementa som skal vere i ein slik plan. På bakgrunn av dette arbeidet skal Noreg og EU bli einige om nye planar.

I arbeidet med å forbetre skattleggingsmønsteret i Nordsjøen, har utkast av fisk vore ei utfordring. EU har til no praktisert eit utkastpåbod, medan utkast av fisk er forbode i Noreg.

Gjennom forvaltningssamarbeidet med EU har vi etter kvart blitt einige om tiltak for å redusere utkast, mellom anna har EU innført forbod mot utsortering (high-grading). Noreg og EU har også kvar sine system for stenging og opning av fiskefelt for å verne yngel og småfisk.

EU har vedteke ein reform av sin felles fiskeripolitikk som mellom anna inneber forbod mot utkast av fisk. Sjølv om reformvedtaket inneheld fleire unnatak er det eit viktig steg i rett retning. Forbodet implementerast stegvis men for mange botnfiskartar i Nordsjøen tredde det i kraft 1. januar 2016. Iverksetjinga av reforma og innsatsen mot utkast vil prege det allereie tette forvaltningssamarbeidet mellom partane i åra framover.

Internt i EU er vedtak av forvaltningsplanar no ein del av medråderettsprosedyrane med Parlamentet. I tillegg blir fleire avgjersler no gjenstand for regionale prosedyrar. Dette kan bli ei utfordring i vårt samarbeid om forvaltningsplanar for fellesbestandane.

Kontroll

Arbeidet for skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket er ei viktig oppgåve. Dette skjer til dømes ved å utveksle fangststatistikk og landingsdata, inklusiv fiskeaktivitet frå tredjeland, ved å utveksle observatørar som kontrollerer og overvaker og ved satellittsporing av fiskefartøy. I tillegg til satellittsporing er elektronisk fangstrapportering viktig i samband med kontroll. Noreg og EU har ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i kvarandre sine soner. Det blir lagt særleg stor vekt på kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Noreg og EU er einige om å halde fram med samarbeidet om kontroll.

2016-avtalen

Noreg og EU underteikna 4. desember 2015 ein kvoteavtale for 2016. Kvotane er noko endra i forhold til 2015. Kvotane for torsk, hyse og sild er auka, medan det er små endringar i dei andre kvotane. Byteavtalen vart balansert. For Noreg er det kvotane på sei, sild og torsk som er viktigast. Sjå tabell 3.4 på neste side for ei oversikt over kvotane for dei felles forvalta bestandane i Nordsjøen i 2016. Tabellane 3.5–3.7 på neste side viser byte av kvotar mellom Noreg og EU, kvotar til EU på norske bestandar nord for 62ºN og kvotar til Noreg frå EU i Grønland si sone.

Tabell 3.4 Kvotar for felles forvalta bestandar i Nordsjøen i 2016 (tonn)

Fiskeslag

TAC

Kvotar til

Noreg

Kvotar til EU

Torsk

33 651

5 721

27 930

Hyse

61 933

14 245

47 688

Sei

65 696

34 412

31 284

Kviting

13 628

1 068

12 610

Raudspette

131 714

9 220

122 494

Norsdsjøsild

518 242

150 290

364 952

Tala inkluderer overføring av 300 tonn kviting frå Noreg til EU og 250 tonn sei frå EU til Noreg.

Tabell 3.5 Byte av kvote mellom Noreg og EU i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane (tonn)

Fiskeslag

Kvotar til Noreg i EU-sona

Kvotar til EU i norsk sone

Augepål

15 000

Sei

500

Blålange

150

Lange

6 500

1 325

Brosme

2 923

170

Brisling

20 000

Blåkveite

1 100

Kombinert kvote

140

Reker

357

Hestmakrell

3 550

Andre artar

4 750

8 500

Tunge

10

Breiflabb

1 500

Sjøkreps

1 000

Kolmule

75 000

Tabell 3.6 Kvotar til EU på eksklusive norske bestandar nord for 62ºN i 2016 (tonn)

Fiskeslag

Kvotar

Norsk-arktisk torsk

19 900

Norsk-arktisk hyse

1 247

Sei

2 550

Blåkveite (bifangst)

50

Anna (bifangst)

350

Tabell 3.7 Kvotar til Noreg frå EU i Grønland si sone i 2016 (tonn)

Fiskeslag

Kvotar

Reker

2 000

Blåkveite

1 150

Uer

800

Skolest og isgalt

90

Fisket i Skagerrak/Kattegat

EU forhandlar om fiske i Skagerrak på vegne av Danmark og Sverige.

Avtalen fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.

Noreg og EU vart 4. desember 2015 einige om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2016. Kvotane står i tabell 3.8.

Tabell 3.8 Kvotar i Skagerrak og Kattegat i 2016 (tonn)

Fiskeslag

TAC

Kvotar til

Noreg

Kvotar

til EU

Torsk

4 807

156

4 651

Hyse

3 926

165

3 761

Kviting

1 050

19

1 031

Raudspette

11 766

235

11 531

Reker

12 208

5 689

6 519

Sild

51 084

6 813

44 271

Brisling

33 280

2 496

30 784

Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 6 659 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2016. Norske fiskarar kan i 2016 fiske inntil 50 prosent av den norske skagerrakkvoten på sild i norsk sone av Nordsjøen.

Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat har tidlegare bygd på trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. I følgje denne avtalen var havet utanfor 4 nautiske mil å sjå på som opne hav. I dag har Noreg territorialfarvatn på 12 nautiske mil og økonomisk sone utanfor det. Det finst såleis ikkje opne hav i Skagerrak. Noreg starta difor ein prosess med sikte på å endre rammeverket, slik at det blir i tråd med moderne havrett. Som ein konsekvens av dette sa Noreg opp Skagerrak-avtalen i 2009. Overeinskomsten tok slutt 7. august 2012. Ein ny avtale om norsk, dansk og svensk fiske i Skagerrak vart endeleg signert 15. januar 2015.

Sverige

Utvidinga av norsk fiskerijurisdiksjon i 1977 fekk også noko å seie for svenske fiskarar som hadde hatt eit tradisjonelt fiske i Nordsjøen i område som etter 1977 inngjekk i Noregs økonomiske sone. Desse fiskarane hadde ikkje alternativt driftsgrunnlag langs svenskekysten. Dette var bakgrunnen for at Noreg tilbaud Sverige ein såkalla nabolandsavtale om fiskeri, som sikra svenske fiskarar retten til å halde fram med fisket i norsk sone i Nordsjøen. Svenske fiskarar får tildelt kvotar på torsk, hyse, kviting, lyr, sei, sild, makrell, reker og industrifisk. Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje vorte opna for nye fiskeri.

Kvoteavtalen om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen i 2016 vart underskriven av Noreg og EU 4. desember 2015. Sjå tabell 3.9 for ei oversikt over kvotane. Kvotane er med nokre få små endringar ei vidareføring av nivået frå 2015.

Tabell 3.9 Kvotar til Sverige i norske farvatn i 2016 (tonn)

Norsk økonomisk sone sør for 62ºN

Kvotar

Torsk

382

Hyse

707

Sei

880

Lyr og kviting

190

Reker

172

Sild

1 184

Makrell

338

Industrifisk

800

Andre fiskeslag skal vere på eit tradisjonelt nivå.

3.2.3 Noreg – Færøyane

Noreg og Færøyane vart 11. desember 2015 einige om ein tosidig avtale om fiskerisamarbeid og kvotebyte for 2016. Avtalen byggjer på ein rammeavtale frå 1979 om gjensidige fiskerettar. Strukturen i byttet går grovt sett ut på at Færøyane får torsk, sei og hyse i Barentshavet, medan Noreg får botnfisk og kolmule av Færøyene.

I perioden 2011–2013 vart ikkje partane einige om nokon tosidig avtale på grunn av makrellkonflikten. Denne konflikten med Færøyane vart løyst i 2014.

Norske fiskarar får ein kvote for 2016 på 2 000 tonn lange/blålange, 1 700 tonn brosme, 567 tonn sei, 800 tonn andre artar, samt 4 369 tonn makrell. Makrellkvoten kan også fiskes i Noregs økonomiske sone eller på det opne hav. I tillegg kan norske fartøy fiske 34 800 tonn kolmule av Noregs kolmulekvote i færøysk fiskerisone. Færøyane får ein kvote på 4 121 tonn torsk, 900 tonn hyse, 800 tonn sei og 200 tonn andre artar i norsk økonomisk sone. Av kvotar som dei har fått gjennom byteavtalen med Russland, kan Færøyane i tillegg fiske opp til 4 000 tonn torsk og 350 tonn hyse i norske farvatn.

3.2.4 Noreg – Grønland

Noreg og Grønland vart 8. desember 2015 einige om ein tosidig avtale om gjensidige fiskekvotar i 2016. Avtalen byggjer på ein rammeavtale frå 1992. Samarbeidet på fiskeriområdet med Grønland fungerer godt, og det omfattar også kontrollsamarbeid og forskingssamarbeid. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite, uer og torsk av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg mellom anna reker, blåkveite og uer frå EU i grønlandske farvatn.

Grønlandske fiskarar kan ta desse kvanta i norske jurisdiksjonsområde i 2016: 3 500 tonn nordaust-arktisk torsk, 900 tonn nordaust-arktisk hyse, 700 tonn norsk-arktisk sei og inntil 260 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Kvotenivået er uendra frå 2015. Som ein del av avtalen kan grønlandske fiskarar ta delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noregs økonomiske sone nord om 62ºN, under føresetnad av at Russland godtek ei slik ordning.

I avtalen forpliktar Grønland seg til å avgrense det totale fisket sitt i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noreg og Russland sitt jurisdiksjonsområde

Dei norske kvotane i Grønlands økonomiske sone er noko endra frå 2015 til 2016.

I 2016 kan Noreg fiske følgjande kvanta i Grønland si sone:

  • Ved Vest-Grønland: 900 tonn blåkveite. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland kan trålfisket berre skje sør om 64º30'N.

  • Ved Aust-Grønland: 400 tonn blåkveite, 800 tonn uer fiska med botntrål/line, 200 tonn brosme, 100 tonn kveite og 150 tonn bifangst av andre artar.

  • Ved Aust- og Vest-Grønland: 1 200 tonn torsk.

Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005. Avtalen er vidareført i 2016. Partane er og einige om å vidareføre samarbeidet om å etablere elektronisk fangstdagbok med intensjon om gjensidig rapportering i kvarandre sine soner så snart som mogleg.

Forskingssamarbeidet vidareførast for blåkveite, torsk, uer og makrell. Partane har også blitt einige om å utvide dette samarbeidet gjennom eit prosjekt om klimaendringanes effekt på fiskebestandane i Vest-Norden.

3.2.5 Noreg – Island

Noreg, Island og Russland inngjekk i 1999 trepartsavtalen om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smottholavtalen). Gjennom denne avtalen greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet.

Ein protokoll til Smottholavtalen regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg. Etter denne protokollen kan Island i sesongen 2016 fiske 8 158 tonn nordaust-arktisk torsk i NØS nord om 62ºN. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 prosent.

Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone (IØS). Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten blir justert i takt med totalkvoten for nordaust-arktisk torsk. For 2015/2016 er loddekvoten 31 165 tonn, noko lågare enn i fjor.

Smottholavtalen er gyldig i fire år, og neste tidspunkt det kan vere aktuelt å reforhandle den er i 2018.

3.3 Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar

3.3.1 Forvaltninga av norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild (nvg-sild) har vore den største fiskebestanden i Nord-Atlanteren og den største sildebestanden i verda. Bestanden er no på eit lågare nivå.

Frå 1996 til 2003 inngjekk Noreg, EU, Færøyane, Island og Russland årlege kyststatsavtalar om forvaltninga av sild. I desse fempartsavtalane hadde Noreg ein del på 57 prosent. Med basis i prinsippet om sonetilhøyrsle, la Noreg fram krav om ein høgare norsk del. Partane kom ikkje fram til nokon fempartsavtale i åra 2003–2006. Men i denne perioden inngjekk Noreg tosidige avtalar med Russland, og for 2006 òg med EU.

Figur 3.7 Fiske etter norsk vårgytande sild i Katfjorden nord for Senja. Bildet er tatt frå fartøyet Norafjell

Figur 3.7 Fiske etter norsk vårgytande sild i Katfjorden nord for Senja. Bildet er tatt frå fartøyet Norafjell

Foto: Marit Elise Hasnes, Norafjell AS

18. januar 2007 vart det underteikna ein ny kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvaltning av nvg-sild for 2007. Denne avtalen gav Noreg 61 prosent av nvg-silda. Avtalen inneheldt òg den same langsiktige forvaltningsplanen partane vart einige om under avtalen frå 1996. Partane var i tillegg einige om tosidige avtalar om sonetilgang.

Dei tre siste åra har Færøyane kravd ein høgare del av den totale kvoten. Dei andre kyststatane ville ikkje redusere sine delar av totalkvoten til fordel for Færøyane, og partane har ikkje klart å bli einige om ein ny fempartsavtale. I 2014 inngjekk Noreg, EU, Island og Russland ein firepartsavtale med ein kvote til Færøyane basert på deira tradisjonelle del av silda.

Figur 3.8 Mannskapet på ringnotfartøyet Norafjell pumper sild frå ringnota

Figur 3.8 Mannskapet på ringnotfartøyet Norafjell pumper sild frå ringnota

Foto: Marit Elise Hasnes, Norafjell AS

Det er ikkje inngått nokon ny firepartsavtale (utan Færøyane) for 2015 og 2016. Noreg har fastsett ein kvote på 193 294 tonn som svarar til vår tradisjonelle del av totalkvoten som ICES rådgjev. Partane har utarbeidd ein ny rapport som kartlegg sonetilhøyrsla til bestanden og det er halde fleire forhandlingsrundar gjennom 2015 for å bli einige om ei ny fordeling av bestanden. Dette har ikkje lukkast, og i 2016 vil det bli arbeidd vidare for å komme fram til ein avtale frå 2017.

I mangel på einigheit mellom alle partane inngjekk Noreg og EU 15. desember 2015 ein bilateral avtale om nvg-sild og kolmule for 2016. Avtalen gjev begge partar tilgang til å fiske sine tradisjonelle delar av kyststatskvotene i kvarandre sine farvatn. Det går også fram av avtalen kva slags kvote Noreg og EU har fastsett for 2016. Kvotane bind ikkje partane opp med omsyn til framtidige forhandlingar om delar.

I ein situasjon utan avtalar for 2016 er det positivt at Noreg og EU, tross ueinigheit om deling, har ein avtale som gjev noko stabilitet for 2016. I tillegg gjev Noreg Russland tilgang til å fiske den russiske kvoten i norsk sone for å unngå fiske på småfisk i russisk sone.

3.3.2 Forvaltninga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Ein trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart underskriven 12. juni 1989. Etter dette er rammeavtalen om reguleringane i loddefisket forhandla på nytt tre gonger. Dei mest sentrale elementa i denne avtalen omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde, og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i sonene til dei andre partane kvar loddesesong.

Figur 3.9 Loddefiske

Figur 3.9 Loddefiske

Foto: Johan Wildhagen, for Norges sjømatråd

Island valde å seie opp trepartsavtalen i 2002, med verknad frå mai 2003. På grunn av oppseiinga vart det opna nye forhandlingar mellom partane i juni 2003. Forhandlingane førde fram til ein ny avtale basert på hovudelementa i den tidlegare avtalen. Avtalen gjeld no berre for eitt år om gongen, i motsetnad til den gamle avtalen som var gjeldande for tre år om gongen.

Etter forhandlingane mellom Island, Grønland og Noreg i 2015 vart Island og Noreg mellom anna einige om betre vilkår for det norske vinterfisket i den islandske økonomiske sona (IØS) for sesongen 2015/2016. No kan 100 prosent av den norske kyststatsdelen av lodda fiskast i IØS, mot tidlegare 35 prosent. Noreg kan også fiske overføringar av lodde frå Grønland/EU i islandsk sone. Fiskeperioden er utvida med ei veke.

Etter fleire endringar vart endeleg TAC 173 000 tonn lodde. For norske fartøy vart då kvota til slutt 58 326 tonn lodde.

3.3.3 Forvaltninga av kolmule

Etter fleire år med forhandlingar inngjekk kyststatane EU, Noreg, Island og Færøyane ein rammeavtale om forvaltninga av kolmule 16. desember 2005. Dette har vore følgt opp med årlege kvoteavtalar. Fordelinga var slik at ein først sette ei viss mengd til fiske i internasjonalt farvatn (Russland og Grønland) og så delte kyststatane det attståande kvantumet.

Figur 3.10 På kolmulefiske

Figur 3.10 På kolmulefiske

Foto: Henning Veibust, for Norges sjømatråd

Etter krav frå EU har partane utarbeidd ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med basis i rapporten har Noreg, EU, Færøyane og Island forhandla i fleire omgangar gjennom 2015 om ein kyststatsavtale om forvaltninga av kolmule for 2016. Å bli einige om fordeling av bestandar er ein tidkrevjande prosess, og ein har førebels ikkje lukkast i dette.

I mangel på einigheit mellom alle partane inngjekk Noreg og EU 15. desember 2015 ein bilateral avtale om nvg-sild og kolmule for 2016. Avtalen gjev begge partar tilgang til å fiske sine tradisjonelle delar av kyststatskvotene i kvarandre sine farvatn. Det går også fram av avtalen kva slags kvote Noreg og EU har fastsett for 2016. Kvotane bind ikkje partane opp med omsyn til framtidige forhandlingar om delar.

I ein situasjon utan avtalar for 2016 er det positivt at Noreg og EU, tross ueinigheit om deling, har ein avtale som gjev noko stabilitet for 2016.

Partane vil halde fram med forhandlingane i 2016 for å bli einige om ein ny avtale frå 2017. Kolmulebestanden er i god forfatning.

3.3.4 Forvaltninga av makrell

Noreg, Færøyane og EU hadde i perioden 1999–2009 årlige trepartsavtalar om forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Partane vart ikkje einige om ein ny trepartsavtale for 2010. Bakgrunnen var at Færøyane ønskte ein større del av totalkvoten. I tillegg la også Island fram krav om kyststatsandel. Noreg og EU inngjekk difor ein tiårig tosidig prinsippavtale om forvaltninga av makrell 26. januar 2010. I avtalen var partane mellom anna einige om fordelinga seg imellom og tilgang til kvarandre sine farvatn for fisket etter makrell.

I perioden 2010–2014 møttes Noreg, EU, Færøyane og Island til 20 forhandlingsrundar utan at partane vart einige om ein ny kyststatsavtale om framtidig fordeling og forvaltning av makrell. Russland deltok som observatør i forhandlingane. I mangel på fullverdige kyststatsavtalar, inngjekk Noreg og EU årlege tosidige avtalar om forvaltning av makrell for åra 2010–2013.

Då det i mars 2014 vart klart at ein heller ikkje for 2014 ville verte einige om ein kyststatsavtale, viste det seg likevel mogleg å bli einige om ein trepartsavtale mellom Noreg, EU og Færøyane. Ein ny rammeavtale mellom dei tre partane om fordeling og forvaltning av makrell vart difor underteikna 12. mars 2014. Avtalen gjeld for fem år og partane er einige om å halde fast på den relative fordelinga seg i mellom i avtaleperioden. I tilknyting til trepartsavtalen vart Noreg og Færøyane einige om gjensidig sonetilgang i kvarandre sine farvatn. Den gjensidige sonetilgangen som Noreg har hatt med EU gjennom den tosidige avtalen er også vidareført.

Hausten 2014 og i 2015 gjorde ein nye forsøk på å inkludere Island i trepartsavtalen. Grønland deltok i alle desse forhandlingane, då det dei siste åra har utvikla seg eit makrellfiske i grønlandsk farvatn. Partane vart ikkje einige om ein felles avtale.

Noreg, EU og Færøyane har difor inngått avtalar om forvaltning av makrell for både 2015 og 2016 i tråd med rammeavtalen frå 12. mars 2014. Hausten 2015 vart dei tre partane dessutan einige om ein forvaltningsplan for makrell. Denne forvaltningsplanen skal evaluerast og eventuelt endrast i 2017 i samband med at ICES gjev ut ein benchmark-rapport. Med utgangspunkt i den nye forvaltningsplanen fastsette dei tre partane ein totalkvote for 2016 på 895 900 tonn. Innanfor dette kvantumet er det også sett av eit kvantum på 15,6 prosent for fiske av andre kyststatar og fiskeripartar – i praksis Grønland, Island og Russland. Norsk kvote for 2016 er på 201 663 tonn, som svarar til 26,67 prosent av delen til dei tre partane i avtalen.

Figur 3.11  Makrellfiske

Figur 3.11 Makrellfiske

Foto: Henning Veibust, for Norges sjømatråd

3.3.5 Forvaltninga av uer

Det finst fleire artar av uer i Nordaust-Atlanteren. Det er størst kommersiell interesse knytt til snabeluerbestandane i Irmingerhavet, i Barentshavet og i Norskehavet. Desse blir utnytta av fleire statar.

Snabeluer i Barentshavet og Norskehavet

I 2005 starta eit nytt fiskeri etter snabeluer på det opne hav i Norskehavet. Bestanden som det blir fiska på er hovudsakleg i norsk sone, men delar av bestanden dreg på næringsvandring i område utanfor norsk fiskerijurisdiksjon i om lag tre månader om hausten. ICES har for 2015 tilrådd ein kvote på 30 000 tonn.

NEAFC sette i 2008 i gang ei uavhengig utgreiing med tanke på å etablere eit vitskapleg fundament for ein fordelingsnøkkel. Rapporten konkluderte med at sonetilhøyrsla til Noreg ligg på rundt 74 prosent. Russland er også kyststat til snabelueren, og Noreg og Russland vart i oktober 2014 einige om ein fordeling av kyststatslotten: 72 prosent til Noreg, 18 prosent til Russland, 5,9 prosent til det opne hav i Norskehavet og 4,1 prosent til tredjeland sin bifangst i fiskevernsona rundt Svalbard.

I oktober 2015 vart det halde eit møte under NEAFC med sikte på å verte einige med ikkje-kyststatane om kor stor del av kvoten som skal setjast av til fiske på det opne hav i Norskehavet. Island støtta det norske og russiske synet, men EU og Færøyane stod framleis langt frå kyststatanes posisjon, og møtet vart utan resultat. Følgeleg vart partane heller ikkje einige om en regulering for det opne hav under årsmøtet i NEAFC, sjå omtale av dette i kapittel 3.4.1. Arbeidet med å få aksept i NEAFC for den avsettinga Noreg og Russland er einige om til fiske på det opne hav, og såleis ei betre forvaltning av ueren, vil halda fram. Noreg har sett ein kvote på 21 600 tonn til fiske i eigen sone.

Snabeluer i Irmingerhavet

Partane i prosessen om fordeling og regulering av snabeluer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og ikkje-kyststatane EU, Noreg og Russland. Alle partane utanom Russland og Island vart i november 2015 einige om å ikkje hauste meir enn 9 500 tonn i 2016. Russland var ueinig i forslaget. Island avstod frå å røyste fordi dei primært tykkjer at fisket bør stansast fullt ut. Noreg har 3,85 prosent av den samla kvoten.

Det samla uttaket har i lang tid vore altfor høgt. Uttaket var òg i 2015 vesentleg høgare enn ICES si tilråding, fordi Russland, som ikkje godtek fordelingsnøkkelen og ICES si rådgjeving, har gitt seg sjølv ein svært høg kvote. Heller ikkje i 2016 er Russland part i avtalen.

3.4 Internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonar

3.4.1 NEAFC

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen skal sørgje for ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Kommisjonen skal leggje til rette for ei samfunnsøkonomisk optimal og miljøvennleg utnytting av fiskebestandane. Partane til NEAFC er Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland), EU, Island, Noreg og Russland. Sekretariatet ligg i London.

Den viktigaste oppgåva til NEAFC er å vere med å utvikle ei meir økosystembasert forvaltning av havområda og gode regionale kontrollregime. Myndigheitsområda til NEAFC (vanlegvis kalla reguleringsområdet) er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor partane sine økonomiske soner. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor partane sine økonomiske soner, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part dersom vedkomande part ønskjer det og støttar at det blir sett i verk eit reguleringstiltak. NEAFC-konvensjonen gjeld i utgangspunktet for alle fiskeressursar i konvensjonsområdet. Unntaket er sjøpattedyr og langtmigrerande artar dersom dei er omfatta av andre internasjonale avtalar (til dømes tunfisk).

Figur 3.12 NEAFC sitt konvensjonsområde merka i blått, myndigheitsområde er merka i oransje

Figur 3.12 NEAFC sitt konvensjonsområde merka i blått, myndigheitsområde er merka i oransje

Evaluering

I åra 2012–2014 vart det gjort ei uavhengig evaluering av NEAFC sitt arbeid. Dette var andre gong NEAFC gjennomførte ein såkalla performance review og eit utvalt ekspertpanel leverte sin rapport i oktober 2014. Evalueringsrapporten gav ein gjennomgang av NEAFC si måloppnåing samanlikna med dei overordna prinsippa i NEAFC-konvensjonen av 2006 og relevante globale fiskeriavtalar. Panelet kom med ei rekkje forslag til endringar i strukturen og arbeidsforma til NEAFC innanfor forvaltning, handheving, avgjerdsmyndigheit og tvisteløysing, internasjonalt samarbeid samt finansielle og administrative forhold. Forslaga vart drøfta i eit ekstraordinært NEAFC-møte som vart halde i to sesjonar i 2015.

Som oppfølging av evalueringa vart kommisjonen mellom anna einige om å opprette to arbeidsgrupper; éi som skal sjå nærmare på fastsetjing av generelle fordelingskriterium for alle bestandar i Nordaust-Atlanteren og éi som skal sjå på fastsetjing av retningslinjer for korleis forhandlingsprosessar skal gå føre seg. Dette arbeidet tek til tidleg i 2016.

Kommisjonen vart vidare einige om å gje Sekretariatet ei meir proaktiv rolle i implementeringa av NEAFC sitt kontroll- og handhevingsregelverk. Tilsvarande fekk NEAFC si faste kontrollarbeidsgruppe styrka si rolle, for å betre kunne følge opp regelverksetterlevinga frå kontraktspartane.

Fiskerireguleringar for 2016

NEAFC har i første rekkje ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partar sine økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. Det blir vanlegvis inngått kyststatsavtalar for desse bestandane. Dei er omtala ovanfor.

Gjennom kyststatsavtalane for kolmule, nvg-sild og makrell, blir det sett av ein del til fiske i NEAFC sitt reguleringsområde for ikkje-kyststatar. I tillegg til dette kan kyststatane fiske sine delar av totalkvotene av dei enkelte artane i internasjonalt farvatn. Basert på forslag frå kyststatane, vedtek kommisjonen regulering av fisket etter dei enkelte artane i internasjonalt farvatn. Forhandlingane om kyststatsavtalar for kolmule, nvg-sild og makrell for 2016 var ikkje avslutta til kommisjonen sitt årsmøte i 2015. Reguleringa av artane i internasjonalt farvatn i 2016 vil difor bli vedteken gjennom postavstemming på eit seinare tidspunkt.

Noreg og Russland er kyststatar til snabelueren i Norskehavet og vart i oktober 2014 einige om ei fordeling av bestanden på bakgrunn av ein sonetilhøyrslerapport utarbeidd av forskarar frå NEAFC-landa. Avtalen inneheld også ein kvote til internasjonalt farvatn. I tråd med tilrådinga frå ICES og kvoten som er sett av i avtalen, la difor Noreg og Russland fram forslag om ei NEAFC-regulering for 2016. Forslaget fekk ikkje fleirtal, fordi dei andre NEAFC-partane ikkje er einige i kor stor avsetning Noreg og Russland har gjort til fiske i internasjonalt farvatn. Resultatet av dette er at det ikkje er fastsett noka regulering av snabeluer i den internasjonale delen av Norskehavet for 2016.

Kyststatane til snabeluer i Irmingerhavet, Island, Grønland og Færøyane, og ikkje-kyststatane EU og Noreg, vart på årsmøtet i 2015 einige om å ikkje hauste meir enn 8 500 tonn i 2016. Russland er ikkje einig i spørsmålet om fordeling eller ICES si rådgjeving, og støtta difor ikkje forslaget.

På årsmøtet i 2015 vart NEAFC sitt forbod mot å fiske brugde og håbrann, som har vore på plass sidan 2011, vidareført for 2016. Likeeins vart innsatsreguleringa av fisket etter djuphavsartar vidareført, og partane vart for fyrste gong einige om eit forbod mot fisket etter rød keiserfisk (Hoplostethus atlanticus, engelsk: orange roughy). Kontraktspartane vart også, mot éi stemme, einige om reguleringar for skolestfiskeria i NEAFC sitt reguleringsområde.

Områdeforvaltning

NEAFC vedtok for første gong i 2004 å stenge enkelte område for botntråling og fastståande reiskapar for å verne sårbare marine økosystem. I dei følgjande åra har kommisjonen med jamne mellomrom gjort justeringar i områda og stengt nye område i tråd med tilrådingar frå ICES. Det er no i alt 13 område innanfor NEAFC sitt reguleringsområde som er stengt for botnfiske. Sjå kart i kapittel 2.5 om internasjonale havmiljøprosessar.

Alle tiltaka som er vedtekne om marine verneområde og botnfiskeri er element i NEAFC si oppfølging av fiskeriresolusjonen til FN frå 2006 og FAO sine retningslinjer om botnfiskeri frå 2008. NEAFC vedtok i 2014 eit nytt og betre regelverk for botnfiske. I tillegg til å liste opp dei stengte områda, definerer regelverket kva for område som per i dag er rekna for å vere eksisterande fiskeområde, og dermed opne for fiske. For å kunne fiske i områda som ligg utanfor eksisterande fiskeområde, men som ikkje er stengde for å verne sårbare marine økosystem, stiller regelverket strenge krav. Det er krav som seier at det skal gjennomførast konsekvensutgreiingar før det er aktuelt å vurdere eit forsøksfiske. Dersom fartøy støyter bort i sårbare marine økosystem (korallar og svamp) pliktar dei å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare økosystem.

Noreg og Russland er einige om at snøkrabben er ein sedentær art som skal forvaltast etter sokkeljurisdiksjon. Det betyr at heile den delen av NEAFCs reguleringsområde som ligg i Smottholet er underlagt sokkelstatane sin nasjonale jurisdiksjon når det gjeld snøkrabbe. Dette krev at det må foretas ei vurdering av NEAFC–regelverkets betyding for snøkrabbefangstane.

Kontrollsamarbeid

Kampen mot urapportert, uregulert og ulovleg fiske har vore høgt prioritert i NEAFC i fleire år. Arbeidet har resultert i eit omfattande kontroll- og handhevingsregelverk, som mellom anna inneheld krav til satelittsporing, rapporteringsplikter, reglar om inspeksjon til sjøs, hamnestatskontroll og svartelisting. Etter at kommisjonen på årsmøtet i 2014 vedtok å utvide verkeområdet for NEAFC sitt system for hamnestatskontroll, er dette no fullt på linje med den internasjonale hamnestatsavtalen som er forhandla fram under FAO.

I 2009 vedtok NEAFC eit forbod mot utkast av fisk i NEAFC sitt reguleringsområde for dei viktigaste artane som blir regulerte av NEAFC. EU røysta imot tilrådinga, og har reservert seg mot vedtaket.

3.4.2 NAFO

Det overordna målet til Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) er å bidra til langsiktig bevaring, optimal utnytting og rasjonell forvaltning av fiskeressursane i konvensjonsområdet. NAFO har i 2016 12 medlemsland frå Nord-Amerika, Europa, Asia og Karibia. Fire av medlemslanda er kyststatar til konvensjonsområdet: USA, Canada, Frankrike (på vegne av Saint-Pierre og Miquelon) og Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland). NAFO-sekretariatet ligg i Dartmouth i Canada.

NAFO har i dei seinare åra lagt vekt på å modernisere organisasjonen, inkludert nødvendige endringar av sjølve NAFO-konvensjonen. Den nye konvensjonen frå 2008 tek mellom anna omsyn til føre-var-prinsippet, økosystembasert forvaltning, etablering av ein mekanisme for tvisteløysing og strukturelle endringar av organisasjonen. Noreg har ratifisert den reviderte konvensjonen, men han har enno ikkje tredd i kraft.

Figur 3.13 NAFO sitt konvensjonsområde

Figur 3.13 NAFO sitt konvensjonsområde

Fastsette kvotar for 2016

Etter ti år med fiskeforbod (moratorium) vart direktefisket etter torsk i reguleringsområde 3M (sjå kart i figur 3.13) opna igjen i 2010. Noreg sin del er på 9,25 prosent. Dei siste åra har ikkje vitskapskomiteen presentert ulike føre-var-scenario med ulike fiskedødsratar, men har indikert kva nivå for berekraftig kvotenivå vil vere. Total fangst for 2016 og 2017 er sett til 13 931 tonn. Dette er gjennomsnitt av forskaranes anbefaling for desse to åra.

Noreg har sidan 1993 fiska reker på Flemish Kapp. Det har føregått to separate rekefiskeri i dette området, eitt i reguleringsområde 3M og eitt i reguleringsområde 3L. På grunn av den dårlege bestandssituasjonen vedtok NAFO, i tråd med havforskarane si tilråding, å stoppe rekefisket i 2011 i område 3M. Forskarane har sidan stadfesta den sviktande bestandssituasjonen i rådgjevinga, og tilrådd ei vidareføring av moratoriet. Årsmøtet i NAFO vedtok å følgje denne tilrådinga også for 2016.

I åra før 2011 låg totalkvoten for reker i reguleringsområde 3L på 30 000 tonn. For 2011 tilrådde vitskapskomiteen i NAFO å redusere den totale fangsten. Partane har i åra etter vore einige om behovet for ein reduksjon, men har ikkje blitt einige om å redusere TAC like mykje som forskarane har tilrådd. Noreg og fleire land har røysta i mot å fastsetje høgare rekekvotar enn det tilrådinga frå forskarane seier. På årsmøtet i 2014 vart partane einige om å innføre fiskeforbod også for denne bestanden. Rådgjevinga for 2016 stadfesta den sviktande bestandssituasjon og årsmøtet i NAFO vedtok ei vidareføring av moratoriet for 2016.

Noreg har kvoterettar i NAFO på 30 prosent av totalkvoten for lodde i reguleringsområde 3NO. Grunna den dårlege bestandssituasjonen har det lenge vore forbode å drive direktefiske på denne arten.

Bestandsevalueringa for blåkveite har lenge vore usikker. Ei arbeidsgruppe har difor vurdert alternative forvaltningsstrategiar og haustingsreglar, og haustingsregelen vil bli revidert i 2017. For 2016 vart det fastsett ein TAC på 14 799 tonn. Noreg har ingen del i denne bestanden, men når totalkvoten kjem opp på 30 000 tonn eller meir har Noreg rett til å fiske på ein eigen kvote som då skal setjast av til land utan fast kvotedel.

Partane vedtok å avgrense fisket etter alfonsino i 2016 til 200 tonn eller 16 fiskedøgn. Fisket kan berre gå føre seg på det undersjøiske fjellet Kükenthal Peak.

Regulering av fiske med botnreiskapar

NAFO har dei siste åra lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. Det er i tråd med fiskeriresolusjonen som FN vedtok i 2006 (UNGA 61/105). NAFO har òg arbeidd med å setje i verk FAO sine retningslinjer for djuphavsfiske på opne hav.

Ulike område i konvensjonsområdet er delt inn i tre kategoriar: noverande område, stengde område og nye fiskeområde. NAFO har formelt vedteke eit kart som viser dei noverande fiske-områda. Det blir stilt særleg strenge krav til fisket i nye område, men også i noverande fiskeområde er det strenge miljøkrav. Det gjeld særleg dersom ein ønskjer å nytte nye reiskapstypar eller dersom ny vitskapleg informasjon seier at dagens fiskepraksis bør endrast.

I dag er i alt 14 område i NAFO stengde for fiske med botnreiskapar. Desse inkluderer 13 viktige korall- og svampområde og ei sone med beskytta korallar. På årsmøtet i 2014 vedtok organisasjonen å stengje ytterlegare to nye område. Noreg har teke til orde for også å stengje seks område med undersjøiske fjell. Desse fjella har til i dag ikkje hatt anna vern enn nye ufiska område. For 2016 vart det vedteke å stenge undersjøiske fjell for alt fiske med botnreiskapar, også prøvefiske.

NAFO har i tillegg vedteke regelverk for kva fartøya skal gjere dersom reiskapar kjem i kontakt med sårbare økosystem under fiske. Fartøy pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem. I utgangspunktet er fiske med botnreiskapar ikkje tillate i dei nye områda. Det er likevel høve til eit forsøksfiske, men dette er strengt regulert. Mellom anna er det plikt til å ha ein vitskapleg observatør om bord. På grunnlag av rapportar frå forsøksfiske og vitskapleg rådgjeving kan NAFO opne for generelt fiske i avgrensa område.

Kontrollsamarbeid

Kampen mot urapportert, uregulert og ulovleg fiske har hatt høg prioritet i NAFO i fleire år. Arbeidet har resultert i eit omfattande kontroll- og handhevingsregelverk, som mellom anna inneheld krav til satellittsporing, rapporteringsplikter, reglar om inspeksjon til sjøs, hamnestatskontroll, svartelisting og eit observatørprogram.

3.4.3 IWC

Noreg er ein av dei opphavlege partane til konvensjonen om regulering av kvalfangst av 1946, som regulerer fangst og bevaring av større kvalartar. Konvensjonen har i dag 88 partar. Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) er overvakingsorganet til konvensjonen. IWC har som hovudoppgåve å sikre ei berekraftig forvaltning og bevaring av dei større kvalartane. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er difor ikkje bunde av det. Frå 1994 til 2006 arbeidde IWC utan å lukkast med å få på plass eit revidert forvaltningsregime. Det var tanken at eit revidert forvaltningsregime skulle opne for kommersiell kvalfangst.

Figur 3.14 Underområde i forvaltninga av vågekval

Figur 3.14 Underområde i forvaltninga av vågekval

Forskarane i IWC har etablert prosedyrar for å vurdere dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteutrekningsmodellane er konservative for å sikre ei føre-var-tilnærming. Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i IWC sin vitskapskomité. For 2015 hadde Noreg fastsett ein kvote på 1 286 vågekval. Det er same kvote som for 2014. Kvoten kan fangast i heile forvaltningsområdet til IWC, som er noko større enn havområda under norsk jurisdiksjon. Det vil seie at det også kan drivast fangst i internasjonalt farvatn mellom Noregs økonomiske sone og fiskerisona ved Jan Mayen.

I tråd med kvoteberekningsmodellen skal vågekvalbestanden vurderast på nytt i vitskapskomiteen til IWC kvart sjette år på grunnlag av teljingar som er gjennomførde dei siste seks åra. Samtidig skal oppdelinga av havområdet i underområde vurderast på nytt (sjå figur 3.4). Vitskapskomiteen starta i 2014 ein ny gjennomgang av det norske fangstgrunnlaget. Oppdelinga i småområder vart grundig diskutert under møtet i vitskapskomiteen i Slovenia i mai 2014. Komiteen konkluderte med at nye genetiske analysar ikkje gjev grunnlag for å dele opp i underområde for Barentshavet (EB), Svalbardområdet (ES) og Norskehavet (EW). Komiteen ønskte derimot at Nordsjøen (EN) framleis skal vere eit eige underområde. Bestandsvurderinga som norske forskarar presenterte, vart også i hovudsak godteke, men komiteen ønskte at det skal utførast ytterlegare nokre kontrollberekningar før neste års møte i vitskapskomiteen. Gjennomgangen blir avslutta i 2016 med behandlinga i vitskapskomiteen.

3.4.4 NAMMCO

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO) vart etablert i 1992. Det var to hovudgrunnar for å etablere organisasjonen. For det første å leggje til rette for internasjonalt samarbeid også på dei områda der Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) ikkje har kompetanse (småkval, sel og kvalross), og for det andre å sikre ein internasjonal samarbeidsstruktur i tilfelle IWC skulle bryte saman.

Hovudoppgåva til NAMMCO er å arbeide for vern og forvaltning av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskaplege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men studiane og samarbeidet omfattar òg dei store kvalartane. Noreg er saman med Færøyane, Grønland og Island medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, og Canada og Russland tek aktivt del i arbeidsgrupper.

NAMMCO har lukkast godt i arbeidet med å forbetre jaktmetodar – eit arbeid som har interesse langt utover medlemslanda i NAMMCO. Representantar frå alle dei nordiske landa, samt Japan deltek i dette arbeidet. Resultata gjev grunnlag for å forbetre jaktmetodane og setje standardar for jakt på sjøpattedyr, og Noreg har no utarbeidd ein standard for bruk av våpen i vågekvalfangsten. Vitskapskomiteen i NAMMCO gjev råd og deltek i forskinga på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Komiteen deltek også i arbeidet med å lage ein plan for å organisere og gjennomføre teljetokt for kval. Det er teljetokt som omfattar heile Nord-Atlanteren.

3.4.5 CCAMLR

Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR) forvaltar konvensjonen med same namn, som vart vedteken i 1980 med Noreg som ein av grunnleggjarane. CCAMLR-konvensjonen er ein del av Antarktistraktaten og vart gjeldande frå 1982. Sekretariatet og hovudkvarteret til kommisjonen ligg i Hobart på Tasmania i Australia. Hittil er 36 land partar i CCAMLR-konvensjonen, medan 24 land i tillegg til EU er medlem i CCAMLR-kommisjonen.

CCAMLR sitt mandat om å forvalte dei marine ressursane på ein balansert måte ligg i føremålsparagrafen. Det inneber at prinsippa om vern og rasjonell bruk av ressursane er sidestilte. Føresegna viser at ein ønskjer å leggje til rette for berekraftig fiske i konvensjonsområdet.

CCAMLR har heilt frå starten vore ein viktig aktør i utviklinga av internasjonal havressursforvaltning, og har hatt stor suksess i kampen mot ulovleg og uregulert fiske etter patagonsk tannfisk.

Figur 3.15 CCAMLR sitt konvensjonsområde og dei ulike underområda

Figur 3.15 CCAMLR sitt konvensjonsområde og dei ulike underområda

Fiskeri

Interessa for å fiske i Antarktis gjeld bestandane av krill og tannfisk. CCAMLR vedtek årleg totalkvotar for dei ulike artane, basert på tilrådingar frå vitskapskomiteen til kommisjonen. Kommisjonen kan også på vitskapleg grunnlag fastsetje forbod mot å fiske på enkelte fiskeslag innan eitt eller fleire underområde. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmane. Det er såleis ope for eit «olympisk» fiske, der alle fiskar inntil fisket blir stogga når totalkvotane er tekne.

Det er store krillressursar i Sørishavet. Ein reknar biomassen til 60 millionar tonn i det området der det blir fiska i dag. I dette området har vitskapskomiteen i CCAMLR tilrådd ein fangst på 5,61 millionar tonn, fordelt på nokre underområde. Dei siste åra har totalfangsten av krill vore mellom 100 000 og 270 000 tonn.

I sesongen 2014/2015 fiska den norske flåten om lag 130 000 tonn krill. Dette utgjer om lag 60 prosent av den samla fangsten av krill i Sørishavet. Dei norske krillfartøya har alltid med seg internasjonal observatør.

Det samla fisket etter tannfisk i Antarktis er avgrensa, og har dei siste åra lege kring 10 000 tonn årleg. Det er eit svært lågt fangstnivå sett i eit internasjonalt perspektiv. Tannfisken blir fiska på djupt vatn, mellom 500 og 2 000 meter. Dette er eit lite, men nokså lønnsamt fiskeri. Noreg har for 2016 ikkje notifisert fartøy for dette fisket.

Miljø og forsking

Vitskapskomiteen i CCAMLR er sentral i å utvikle forskingsplanar i Sørishavet, og dette gjeld også forskinga på krill. Noreg yter viktige bidrag til arbeidet i komiteen. Havforskingsinstituttet starta mellom anna i 2011 eit overvakingsprogram av krill ved Sør-Orknøyane. Ved hjelp av fartøy frå krillindustrien gjennomfører dei eit tokt ei knapp veke i året etter eit fast mønster og med vitskapleg akustisk instrumentering for å vurdere mengda og samansettinga av krillbestanden.

CCAMLR si samla vurdering av krillbestanden er grunna på data frå ei stor basisundersøking så langt tilbake som i år 2000. Seinare er kunnskapen supplert med ei rekkje enkeltstudiar. Dei viktigaste blir gjennomførde årleg i dei tre beste fiskeområda. Ein av desse studiane er det norske toktet med fiskefartøy. Desse undersøkingane dekkjer berre avgrensa deler av utbreiingsområdet til krillen, men CCAMLR er likevel trygg på at uttaket av krill er berekraftig i høve til storleiken på bestanden, då fisket er svært lite samanlikna med både kvotane og bestandsvurderinga. Det viktigaste elementet i reguleringa av krillfisket i dag er omsynet til artar som pingvin og sel, fordi dei konkurrerer med fiskeriet om ressursen i nokre område. Dersom vi ønskjer å auke ressursuttaket i Antarktis, krev det vitskaplege undersøkingar som kan gje kvantitative svar på mengd og konkurransetilhøve.

Under årsmøtet i 2011 vedtok CCAMLR forvaltningstiltak CM 91/04 som legg fast eit rammeverk for etablering av marine verneområde i Antarktis. I åra etter dette er det forhandla fram konkrete forslag om å opprette marine verneområde, men medlemslanda er enno ikkje einige om konkrete tiltak.

Figur 3.16 Forskingsfartøyet G.O. Sars på tokt i Sørishavet

Figur 3.16 Forskingsfartøyet G.O. Sars på tokt i Sørishavet

Foto: Havforskingsinstituttet

3.4.6 ICCAT

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT) vart etablert i 1969. Noreg vart medlem i 2004. Denne regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen har ansvar for å bevare og forvalte tunfisk og tunfiskliknande artar i Atlanterhavet og Middelhavet. ICCAT har 50 avtalepartar (medrekna EU som ein part). Ansvarsområdet til organisasjonen omfattar kring 30 artar, mellom anna makrellstørje, som særleg i 1950-åra vart fiska i store kvanta langs Norskekysten. Overfiske førte til ein kraftig reduksjon i bestanden og førekomstane i våre farvatn var i fleire tiår nærast ikkje-eksisterande. I dei seinaste åra har bestanden likevel tatt seg opp att og det er igjen makrellstørje i norske farvatn.

På bakgrunn av bestandssituasjonen og fordi totalkvoten var sett høgare enn tilrådd, hadde Noreg i åra 2007–2013 forbod mot fiske og landing av makrellstørje. Vitskapskomiteen har no klare indikasjonar på at den negative trenden er snudd og at tilstanden til bestanden er mykje betre. Komiteen er likevel tilbakehalden med å tilrå store kvoteaukingar. ICCAT vedtok i 2014 totalkvotar for treårsperioden 2015–2017. Totalkvoten for 2015 vart sett til 16 142 tonn, medan kvoten for 2016 vart auka med 20 prosent til 19 296 tonn og kvoten for 2017 vart auka med ytterlegare 20 prosent til 23 155 tonn.

På grunn av dei positive meldingane frå vitskapskomiteen, og sidan ICCAT de seinaste åra har fastsett totalkvotane i tråd med råda, opna Noreg for fangst av den norske kvoten i 2014. Den norske kvoten var på 36,57 tonn i 2015 og auka til 43,71 tonn for 2016. I 2015 vart eit ringnotfartøy og eit linefartøy gjeve løyve til å delta i direktefisket etter makrellstørje. Det vart tatt omtrent 8 tonn makrellstørje som bifangst i 2015 i fisket etter makrell og hestmakrell.

ICCAT har òg vedteke reglar for bifangst av pelagiske haiartar i fisket etter tunfisk og tunfiskliknande artar i heile konvensjonsområdet. Reguleringane omfattar påbod om utkast, men i dei seinaste vedtaka finst det unntak for partar som har ilandføringspåbud som ein del av den generelle fiskerilovgjevinga. For å styrkje forvaltninga i ICCAT er det sett i gong ein prosess for å fornye konvensjonsteksten, for at konvensjonen skal harmonisere betre med moderne havrett. Dette arbeidet skal etter planen ferdigstillast i 2016.

3.4.7 SEAFO

Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen (SEAFO) vart etablert i 2001 og har hovudsete i Namibia. Det overordna målet til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i Søraust-Atlanteren. Partane pliktar å innføre tiltak i konvensjonsområdet for å nå dette målet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne hav, og omfattar såleis ikkje dei økonomiske sonene til kyststatane i området.

SEAFO-konvensjonen vart underteikna av dei fire kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegne av St. Helena) og Sør-Afrika, og dessutan av EU, Island, Noreg og USA. Noreg ratifiserte konvensjonen 12. februar 2003. Konvensjonen er elles ratifisert av Angola, Japan, Namibia, Sør-Afrika, Sør Korea og EU-kommisjonen. SEAFO-konvensjonen tok til å gjelde 13. april 2003.

For tida er det ikkje norske kommersielle interesser i SEAFO-området. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan ha i området i framtida. Ein viktig grunn til at Noreg ratifiserte SEAFO-konvensjonen var at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhengar av regionalt samarbeid om felles fiskeressursar, og at Noreg òg deltek aktivt i ei rekkje andre regionale fiskeriorganisasjonar. Noreg arbeider for å harmonisere tiltak som dei ulike organisasjonane set i verk. SEAFO var den første regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen som vart etablert etter FN-avtalen om fiske på det opne hav, og SEAFO vart då eit viktig forum for å setje i verk prinsippa i FN-avtalen. Trass i at det ikkje er norsk fiske i dette området for tida, har vi mellom anna ut frå bistandsomsyn helde fram med å delta i organisasjonen.

Figur 3.17 SEAFO sitt konvensjonsområde

Figur 3.17 SEAFO sitt konvensjonsområde

Til forsida