5 Fisket etter avtalane i 2014 og 2015
Dette kapitlet gjer greie for hovudtrekka i fisket etter fiskeriavtalane Noreg hadde med andre land i 2014 og 2015. Hovudvekta er lagt på norsk utnytting av avtalene og i kva grad partane som får tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane.
Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 5.1
Tabell 5.1 Norsk utnytting av nokre av dei kommersielt viktige kvotane i 2014 og 2015
Utnyttingsgrad | ||
---|---|---|
2014 | 2015 | |
Barentshavet, Noreg – Russland | ||
– Torsk | 100 % | 100 % |
Hyse | 101 % | 85 % |
Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU | ||
Sild | 103 % | 103 % |
– Sei | 93 % | 105 % |
Fleirpartsavtalar | ||
Norsk vårgytande sild (nvg-sild)1 | 103 % | 102 % |
Makrell1 | 100 % | 104 % |
Kolmule1 | 108 % | 98 % |
1 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).
Noreg utnyttar godt kvotane på dei bestandane som vi deler med Russland. Noreg har god tilgang på desse bestandane i eiga sone, og vi nyttar difor lite av sonetilgangen vi har i russiske sone. Russland fiskar store deler av sine kvotar i norsk økonomisk sone (NØS). Årsaka til at Noreg ikkje nytta heile hysekvoten er at totalkvoten vart auka med 25 prosent midt i året som følgje av ein revidert metodikk for bestandsvurderinga.
Forhandlingane med EU var seint ferdige i 2014. Dette påverka i særleg grad EU sitt fiske i Nordsjøen detta året. Noreg nytta heile den norske sildekvoten, i tillegg var torske- og seikvoten sør for 62°N brukbart nytta begge åra. I følgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av fellesbestandane i Nordsjøen.
I EU-farvatna vart dei norske kvotane og sonetilgangen av dei pelagiske artane sild, kolmule og brisling, i tillegg til blåkveite og kviting, godt nytta begge åra. Noreg nytta heile augepålkvoten i 2015. Norske linefartøy fiska ein god del av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme både i 2014 og 2015.
Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reke og sild. EU har fiska mest av artane torsk, hyse, raudspette og reker i Skagerrak. Med unntak av hyse og kviting har Sverige fiska store deler av kvotane sine i NØS.
Avtalen mellom Noreg og Færøyane for 2014 vart først inngått i mars 2014. Dette er truleg noko av årsaka til låg kvoteutnytting for botnfisk då lineflåten bruker å fiske i færøysk sone tidleg på året. Færøyane har fiska mesteparten av kvotane sine på torsk, hyse og sei i NØS. Det har vore høg utnytting av kvotane i 2015.
Med unntak av kveite har Noreg hatt godt utbytte av kvotane i Grønlands sone i 2014 og 2015. Det same har Grønland i NØS nord om 62°N. Noreg har også utnytta botnfiskkvotane ved Island godt begge åra. Det same har Island i NØS nord om 62°N.
Alle kyststatane har nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande sild, kolmule og makrell godt.
I 2014/2015 nytta Noreg heile kvoten sin, både ved Grønland og ved Island. Dei norske fartøya kan sesongen 2015/2016 fiske heile kvota ved Island etter 1. oktober. Heile kvoten var fiska opp då fisket vart avslutta 22. februar 2016.
5.1 Tosidige avtalar
5.1.1 Noreg – Russland
Noreg har ei høg utnytting av kvotane på dei fiskebestandane vi forvaltar saman med Russland. Også Russland utnyttar sine kvotar godt. Russland fiskar store deler av sine kvotar i norsk økonomisk sone (NØS). Noreg nyttar lite av sonetilgangen vi har i russisk sone, fordi vi har god tilgang på desse bestandane i eiga sone. Årsaka til at hysekvoten ikkje vart fullt utnytta er at totalkvoten vart auka med 25 prosent midt i året som følgje av ein revidert metodikk for bestandsvurderinga.
Tabell 5.2 Norske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet
Art | Kvotar1 (tonn) | Fangstar2 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
Torsk | 466 439 | 414 920 | 465 452 | 413 727 |
Hyse | 90 484 | 111 947 | 91 303 | 95 133 |
Blåkveite | 9 675 | 9 675 | 9 977 | 10 019 |
Lodde | 38 980 | 71 980 | 40 021 | 71 319 |
1 Etter overføring til tredjeland.
2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 10. februar 2016, inklusive forskingsfangst og ungdoms- og rekreasjonsfisket.
Tabell 5.3 Russiske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet
Kvotar1 (tonn) | Fangstar2 (tonn) | |||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
Torsk | 431 735 | 389 240 | 433 482 | 355 639 |
Hyse | 79 115 | 79 115 | 78 725 | 80 706 |
Blåkveite | 8 625 | 8 625 | 10 061 | - |
Lodde | 26 020 | 48 020 | 25 720 | 43 609 |
1 Etter overføring til Noreg, men før tilbakeføring av ubrukt tredjelandskvote.
2 For 2014 vart fangsttala utveksla i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. Fangsttala for 2015 er rapportert frå russiske styresmakter til norske styresmakter og inkluderer fangst til og med november. Fangst av blåkveite er ikkje med i dei sistnemnte rapportane.
Tabell 5.4 Norske kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
Torsk | 140 000 | 200 000 | 6 521 | 6 406 |
Hyse | 35 000 | 40 000 | 1 418 | 1 418 |
Blåkveite | 8 925 | 8 925 | 4 | 4 |
Lodde | 38 980 | 71 980 | - | 1 418 |
Reker | 4 000 | 4 000 | 1 426 | 1 829 |
Grønlandssel2 | 7 000 | 7 000 | - | - |
Steinbit | 2 500 | 2 500 | 678 | 457 |
Flyndre | 200 | 200 | - | - |
Bifangstkvote | 500 | 500 | 8 | 15 |
1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 8. februar 2016.
2 Talet på dyr.
Tabell 5.5 Russiske kvotar og fangstar i norske havområde
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
NØS N 62°N | ||||
Torsk | 200 000 | 200 000 | 161 881 | 138 602 |
Hyse | 35 000 | 40 000 | 18 914 | 21 270 |
Blåkveite | 7 875 | 7 875 | 3 779 | 4 011 |
Lodde | 25 920 | 47 920 | - | 334 |
Sei2 | 12 000 | 12 000 | 12 037 | 11 968 |
Steinbit | 4 500 | 4 500 | 4 012 | 4 564 |
Uer3 | 2 000 | 2 000 | 605 | 592 |
Snabeluer3 | 2 000 | 7 400 | 491 | 644 |
Kolmule4 | 20 887 | 21 931 | 150 | 365 |
Norsk vårgytande sild4 | 54 682 | 36 498 | 23 821 | 25 289 |
Andre artar | 3 000 | 3 000 | 344 | 309 |
Fiskerisona ved Jan Mayen | ||||
Norsk vårgytande sild | - | - | 4 975 | 526 |
Makrell | - | - | 25 | 23 |
Kolmule | - | - | 1 384 | 48 |
1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 8. februar 2016.
2 Av totalkvoten på 12 000 tonn sei kunne inntil 5 000 tonn fiskast i eit direktefiske i 2014 og 2015.
3 Kvoten for snabeluer og vanleg uer kunne berre nyttast til bifangst i 2014. For 2015 kunne russiske fartøy fiske inntil 7 400 tonn snabeluer i eit direktefiske i NØS nord for 62°N
4 Kolmulekvoten og sildekvoten i NØS nord for 62°N kunne òg fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen.
5.1.2 Noreg – EU
Forhandlingane med EU for 2014 vart ferdige først 12. mars 2014. Dette gjorde det noko vanskelegare for fiskarane frå EU og Noreg å fiske i kvarandre sine soner. Tradisjonelt har EU-flåten fiska i norsk sone heile året, medan den norske flåten ikkje har vore avhengig av å kunne fiske i EU-sona dei første vekene. At avtalen kom seint i 2014 har difor truleg hatt mest å seie for EU-flåten. Forhandlingane for 2015 vart derimot gjennomførde på normalt vis. Lysingfangstar i Nordsjøen har auka dei siste åra. Noreg har fått større blåkveitekvote i EU-sona i ICES-område IIa, og kvoten vart godt utnytta.
Tabell 5.6 Norske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen
Art | Kvotar1 (tonn) | Fangstar2 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
Torsk | 4 911 | 5 175 | 4 600 | 5 534 |
Hyse | 5 498 | 5 807 | 2 734 | 2 004 |
Sei | 39 739 | 33 743 | 37 023 | 35 274 |
Kviting | 669 | 428 | 918 | 1 088 |
Raudspette | 7 214 | 8 386 | 584 | 169 |
Sild3 | 138 563 | 130 960 | 142 002 | 134 342 |
1 Etter overføringar frå EU og tredjeland, inkl. CCTV tillegg.
2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 9. februar 2016.
3 Tabellen syner nordsjøsildkvoten inkludert den delen av Skagerrakkvoten som kan takast ut i Nordsjøen.
Tabell 5.8 syner fangstmoglegheitene for norske fartøy i EU-sona. For fleire artar kan kvoten også fiskast i NØS eller i internasjonalt område. Slike fangstar reduserer høvet til å fiske tilsvarande i EU-sona. Det er til dømes tilfellet med makrellen. Avvik kan elles komme av at fisken er vanskeleg tilgjengeleg eller at det er liten interesse for å fiske denne arten.
Noreg får også kvotar i grønlandske farvatn gjennom forhandlingane med EU. Tradisjonelt har kvoten på blåkveite på Vest-Grønland vore best nytta, men i 2014 og 2015 vart også kvoten på Aust-Grønland nytta. Dei siste åra har det vore liten interesse for å fiske reker.
Tabell 5.7 EUs kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen
Art | Kvotar1 (tonn) | Fangstar2 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
Torsk3 | 23 073 | 24 227 | 18 030 | 15 130 |
Hyse | 32 079 | 31 598 | 27 641 | 18 702 |
Sei | 36 917 | 31 683 | 32 145 | 29 561 |
Kviting | 15 233 | 12 310 | 12 236 | 9 095 |
Raudspette | 104 117 | 119 390 | 63 639 | 51 039 |
Nordsjøsild | 333 726 | 316 131 | 319 000 | 261 815 |
1 Etter overføringar mellom Noreg og EU og før overføring til tredjeland.
2 Fangsttala for heile 2014 og for 2015 per 31. oktober 2015 var utarbeidd i førebuinga til forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2015.
3 I tillegg kjem 2 769 tonn i 2014 og 2 907 tonn i 2015 som var avsett til forsøk med CCTV.
Tabell 5.8 Norske kvotar og fangstar i EU-farvatn1 og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar2 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
EU-farvatn | ||||
Makrell | 278 868 | 236 938 | 75 924 | 19 438 |
Sild3 | 60 000 | 60 000 | 57 852 | 59 055 |
Augepål | 15 000 | 15 000 | 7 866 | 15 802 |
Kolmule | 277 983 | 102 605 | 212 603 | 101 405 |
Tobis | 0 | 0 | - | - |
Havbrisling | 9 000 | 9 000 | 9 007 | 9 065 |
Hestmakrell | 3 550 | 3 550 | 381 | 78 |
Torsk3 | 4 911 | 5 175 | 2 374 | 3 175 |
Hyse3 | 5 498 | 5 807 | 1 754 | 1 140 |
Sei34 | 39 739 | 35 123 | 12 383 | 19 691 |
Blålange | 150 | 150 | 49 | 133 |
Lange5 | 5 500 | 5 500 | 4 822 | 6 170 |
Brosme5 | 2 923 | 2 923 | 1 391 | 1 871 |
Kviting3 | 669 | 428 | 823 | 879 |
Raudspette3 | 7 214 | 8 386 | 530 | 127 |
Sjøtunge | 10 | 10 | - | - |
Blåkveite6 | 1 000 | 1 000 | 1 020 | 856 |
Kombinert kvote | 140 | 140 | 148 | 150 |
Andre artar | 4 000 | 4 000 | 2 573 | 4 133 |
Vest-Grønland | ||||
Blåkveite | 575 | 575 | 572 | 575 |
Kveite | 75 | 75 | - | 1 |
Aust-Grønland7 | ||||
Reker | 2 550 | 2 550 | - | - |
Blåkveite | 575 | 575 | 575 | 575 |
Kveite | 75 | 75 | - | - |
Uer7 | 800 | 800 | 161 | 800 |
Skolest/Isgalt o.a.8 | 60 | 60 | 87 | 84 |
1 Etter overføringar til EU og tredjeland.
2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 9. februar 2016.
3 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane maksimalt kan fiske i dei respektive sonene. Norske fartøy kan fiske kvoten i både EU-sonen og i NØS.
4 Inkludert kvote og fangst i ICES-område VIa.
5 Av den samla kvoten for lange og brosme kan inntil 25 prosent vere bifangst (maksimalt 3 000 tonn). Inntil 2 000 tonn kan føres mellom brosme- og langekvotene.
6 Kvoten på blåkveite gjeld for ICES-underområder IIa og VIa.
7 Kvoten på uer ved Aust-Grønland kan òg fiskast i internasjonalt farvatn.
8 Kvoten på skolest/isgalt kan fiskast både på Vest- og Aust-Grønland.
Tabell 5.9 EU sine kvotar og fangstar i norske havområde
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar1(tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
NØS, N 62°N | ||||
Torsk2 | 20 524 | 22 036 | 20 486 | 20 333 |
Hyse2 | 1 200 | 1 288 | 1 008 | 1 014 |
Sei | 2 550 | 2 550 | 547 | 2 144 |
Blåkveite | 50 | 50 | 77 | 85 |
Vanleg uer | 750 | 750 | 42 | 77 |
Snabeluer | 750 | 750 | 47 | 66 |
Kolmule | 203 448 | - | 25 | - |
Makrell | 22 179 | 18 852 | 2 020 | 9 600 |
Norsk vårgytande sild3 | 24 519 | - | 8 781 | - |
Andre artar | 350 | 350 | 141 | 209 |
NØS, Nordsjøen4 | ||||
Torsk5 | 20 054 | 21 057 | 6 141 | 8 310 |
Hyse2,5 | 23 862 | 25 502 | 4 381 | 7 638 |
Sei5 | 36 917 | 31 383 | 11 716 | 12 955 |
Kviting5 | 10 320 | 8 848 | 525 | 850 |
Raudspette5 | 42 723 | 49 114 | 5 348 | 8 796 |
Makrell | 39 115 | 33 527 | 128 | 4 962 |
Nordsjøsild5 | 50 000 | 50 000 | - | 17 646 |
Augepål | - | - | - | - |
Kolmule | 203 448 | - | - | - |
Tobis | 0 | - | - | - |
Reker | 357 | 357 | 16 | 77 |
Andre artar2 | 10 870 | 11 020 | 7 715 | 9 122 |
Fiskerisona ved Jan Mayen | ||||
Norsk vårgytande sild | 24 519 | - | - | - |
Kolmule | 203 448 | - | - | - |
1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 8. februar 2016. Tala er basert på fartøya sine rapporterte soner ved fiske.
2 EU bytar frå seg lodde ved Grønland, Island og Jan Mayen til Noreg. EU fekk økt kvote av torsk og hyse i NØS nord for 62°N i tillegg til hyse og lange, som i tabellen ovanfor ligg under kategorien «andre artar», i NØS sør for 62°N i mai 2015. EU bytar frå seg lodde ved Grønland, Island og Jan Mayen til Noreg
3 EU sin kvote av norsk vårgytande sild nord for 62°N kunne fiskast i område under norsk jurisdiksjon nord for 62°N i 2014. På grunn av ueinigheit om fordeling av bestanden av norsk vårgytande sild vart det ikkje inngått bilaterale avtalar om fiske i kvarandes sone i 2015.
4 EU sine kvotar i NØS i Nordsjøen er både i 2014 og 2015 sett saman av tre kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg, avtalen mellom Sverige og Noreg og «kolmuleavtalen». Avtalen mellom Sverige og Noreg er presentert i tabell 5.12.
5 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.
Noreg – EU: fisket i Skagerrak og Kattegat
Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reker og sild.
EU nyttar best ut kvotane på torsk, hyse og nordsjøsild. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har og andre EU-land mindre kvotar. På eige grunnlag kvoteregulerer EU også andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat.
Tabellane 5.10 og 5.11 viser kvotane og fangstane i Skagerrak og Kattegat i 2014 og 2015.
Tabell 5.10 EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak og Kattegat
Art | Kvotar1 (tonn) | Fangstar2 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
Torsk | 3 843 | 4 035 | 4 084 | 3 227 |
Hyse | 2 256 | 2 399 | 2 102 | 1 180 |
Kviting | 1 031 | 1 031 | 90 | 106 |
Raudspette | 9 855 | 9 855 | 8 559 | 7 853 |
Sild | 47 174 | 44 447 | 26 186 | 21 065 |
Brisling | 30 784 | 30 784 | 18 495 | 10 527 |
Reker | 3 551 | 4 074 | 3 482 | 3 246 |
1 Torsk, raudspette og reker kan berre fiskast i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både i Skagerrak og den nordlege delen av Kattegat.
2 Fangsttala for heile 2014 og for 2015 per 31. oktober 2015 var utarbeidd i førebuinga til forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2015.
Tabell 5.11 Norske kvotar og fangstar i Skagerrak og Kattegat
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
Torsk2 | 144 | 152 | 136 | 101 |
Hyse | 99 | 105 | 86 | 63 |
Kviting | 19 | 19 | 5 | 6 |
Raudspette3 | 501 | 501 | 43 | 69 |
Sild4 | 3 118 | 2 908 | 2 048 | 2 475 |
Makrell | 3 000 | 3 000 | - | - |
Brisling | 2 496 | 2 496 | 257 | 296 |
Reker5 6 | 5 469 | 6 346 | 5 748 | 6 368 |
1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 9. februar 2016.
2 Tabellen viser Skagerrakkvoten ekskludert den overførbare delen av Skagerrakkvoten som kan tas ut i Nordsjøen.
3 300 tonn overført frå Nordsjøen.
4 Utanfor grunnlinjene.
5 Den delen av rekekvoten som i utgangspunktet kunne fiskast i Skagerrak utgjorde i 2014 og 2015 høvesvis 3 099 og 3 556 tonn. Rekene i Nordsjøen og Skagerrak høyrer likevel til den same bestanden, og rekekvotene i Nordsjøen og Skagerrak forvaltast derfor som ein. Av den grunn inneheld kvote- og fangsttala også områdekvoten i Nordsjøen og fangstane på denne. I 2014 fiska norske fartøy 4 500 tonn i Skagerrak og 1 248 tonn i Nordsjøen. I 2015 vart det av norske fartøy fiska 4 741 tonn i Skagerrak og 1 627 tonn i Nordsjøen.
6 For 2014 og 2015 vart Noreg og EU einige om at det kunne fiskast inntil 10 prosent på neste års kvote. Ved eit underfiske kunne inntil 10 prosent overførast til neste års kvote.
Noreg – EU: Sverige
Noreg har ein såkalla nabolandsavtale med Sverige om fiskeri, som gjev svenske fiskarar retten til å fiske i norsk sone i Nordsjøen. Svenske fiskarar får tildelt kvotar på torsk, hyse, kviting, lyr, sei, sild, makrell, reker og industrifisk.
Svenske kvotar og fangstar i norske havområde i 2014 og 2015 er vist i tabell 5.12.
Tabell 5.12 Svenske kvotar og fangstar i norske havområde
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
NØS, Nordsjøen | ||||
Torsk | 382 | 382 | 361 | 376 |
Hyse | 707 | 707 | 89 | 114 |
Sei | 880 | 880 | 876 | 877 |
Kviting | 190 | 190 | 44 | 53 |
Industrifiske2 | 800 | 800 | 777 | 786 |
Makrell | 247 | 312 | 180 | 312 |
Sild | 866 | 1 093 | 857 | 916 |
Reker | 123 | 123 | 104 | 123 |
Andre artar | - | - | 44 | 72 |
1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå Det Svenske Fiskeriverket.
2 Industrifiskkvoten til Sverige omfattar kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell. Av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell.
5.1.3 Noreg – Færøyane
Avtalen mellom Noreg og Færøyane for 2014 med omsyn til botnfisk vart først inngått i mars 2014. Dette er noko av årsaka til den låge kvoteutnyttinga, då lineflåten brukar å fiske i færøysk sone tidleg på året. Avtala for 2015 vart inngått 12. desember 2014.
Færøyane har utnytta botnfiskkvotane godt. Færøyske fartøy har i hovudsak fiska kvoten på kolmule og makrell i si eiga sone, i EU-sona og i internasjonalt farvatn dei siste åra. Dei har difor ikkje fiska makrell og kolmule i NØS nord for 62°N, eller i fiskerisona ved Jan Mayen i 2014. I 2015 hadde dei ikkje tilgang til å fiske kolmule i norske havområde.
Tabell 5.13 Norske kvotar og fangstar i færøysk sone
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
Lange/blålange | 1 250 | 1 900 | 528 | 1 773 |
Brosme | 1 025 | 1 600 | 379 | 1 214 |
Sei | - | 500 | - | 39 |
Makrell2 | 51 625 | 43 881 | 383 | 5 |
Hestmakrell | - | - | - | - |
Kolmule | 124 180 | 80 000 | 3 170 | 78 457 |
Andre artar | 737 | 800 | 63 | 102 |
1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 10. februar 2016. For 2015 er fangst justert som følgje av fiske i det særlige området der fartøy har lisens både hos Færøyane og EU.
Tabell 5.14 Færøyske kvotar og fangstar i norske havområde
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
NØS, N 62°N | ||||
Torsk | 12 000 | 14 121 | 12 263 | 13 258 |
Hyse | 1 300 | 1 800 | 867 | 1 458 |
Sei | 300 | 800 | 315 | 695 |
Kolmule | 22 090 | - | - | - |
Makrell | 54 684 | 46 485 | - | - |
Andre artar2 | 300 | 400 | 182 | 236 |
NØS, Nordsjøen | ||||
Kolmule | 22 090 | - | - | - |
Makrell | 54 684 | 46 485 | - | - |
Fiskerisona ved Jan Mayen | ||||
Kolmule | 22 090 | - | - | - |
Makrell | - | 46 485 | - | - |
1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 8. februar 2016.
2 Inkludert uer, sei og blåkveite.
5.1.4 Noreg – Grønland
Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2014 og 2015 går fram av tabell 5.15. I tillegg kan norske fartøy fiske i grønlandsk sone på kvote tildelt av EU (sjå tabell 5.8).
Kvotane på torsk og blåkveite var godt nytta, medan kvoten på kveite vart vanskeleg å nytte.
Kvoten på uer er delt i botnlevande og pelagisk uer. Den pelagiske uerkvoten frå Grønland og EU kan fiskast i internasjonalt farvatn. Desse kvotane vart godt nytta.
Tabell 5.15 Norske kvotar og fangstar i grønlandsk sone
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
Vest-Grønland: | ||||
Blåkveite | 900 | 900 | 900 | 904 |
Aust-Grønland: | ||||
Blåkveite | 275 | 500 | 287 | 586 |
Kveite | 160 | 160 | 47 | 10 |
Uer | 1 350 | 800 | 1 367 | 822 |
Bifangst av andre artar | 150 | 150 | 59 | 84 |
Vest- og Aust-Grønland: | ||||
Torsk | 1 200 | 1 200 | 1 289 | 1 273 |
1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 12. februar 2016.
Tabell 5.16 Grønlandske kvotar og fangstar i norske havområde
Område/art | Kvotar1 (tonn) | Fangstar2 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
NØS, N 62°N | ||||
Torsk | 8 825 | 8 600 | 8 205 | 7 572 |
Hyse | 1 400 | 1 400 | 1 139 | 1 117 |
Sei | 700 | 700 | 407 | 437 |
Andre artar | 260 | 260 | 71 | 122 |
1 Grønland overførte 5 325 torsk og 500 tonn hyse frå Russland til NØS i 2014, og 5 100 torsk og 500 tonn hyse frå Russland til NØS i 2015.
2 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 8. februar 2016.
5.1.5 Noreg – Island
Norske fartøy har utnytta kvotane på botnfisk ved Island godt dei seinaste åra. Island har også tradisjonelt fiska opp torskekvoten som dei er tildelt, samstundes som dei i stor grad utnyttar det kvantum som kan fiskast som bifangst. Islandske fartøy har i hovudsak fiska kvoten på norsk vårgytande sild i si eiga sone og i færøysk sone dei siste åra. I tillegg hadde dei ikkje høve til å fiske norsk vårgytande sild i norske havområder i 2015. Dei har difor ikkje fiska norsk vårgytande sild i NØS nord for 62°N eller i fiskerisona ved Jan Mayen i 2014 og 2015.
Tabell 5.17 Norske kvotar og fangstar i islandsk sone
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
Brosme, lange, blålange | 500 | 500 | 494 | 407 |
Uer2 | - | - | 18 | 26 |
Anna2 | - | - | 55 | 75 |
1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 12. februar 2016.
2 I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy og høve til å ha inntil 25 prosent bifangst av andre artar.
Tabell 5.18 Islandske kvotar og fangstar i norske havområde
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
NØS, N 62°N | ||||
Torsk | 9 075 | 8 158 | 9 073 | 8 250 |
Hyse2 | - | - | 2 048 | 1 816 |
Sei2 | - | - | 285 | 224 |
Nvg-sild | 11 299 | - | - | - |
Andre artar2 | 2 723 | 2 447 | 33 | 43 |
Fiskerisona ved Jan Mayen | ||||
Nvg-sild | 60 722 | - | - | - |
1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 8. februar 2016.
2 Bifangst inntil 30 prosent.
5.2 Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar
5.2.1 Norsk vårgytande sild
I 2007 var kyststatane einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet for 2008. Denne ordninga er seinare ført vidare. Tabell 5.19 og 5.20 viser kvotane før og etter overføringar mellom partane, og overføringar over år.
Færøyane skreiv i 2014 ikkje under avtalen fordi dei krevjer ei større del av totalkvoten. Dei andre partane inngjekk då ein firepartsavtale der dei sette av eit kvantum til Færøyane i samsvar med deira del av kvoten tidlegare år. Det vart ikkje inngått ein ny firepartsavtale for 2015. Det låg likevel føre ei felles forståing om ein totalkvote på 283 013 tonn. Som følgje av at det ikkje vart inngått ein avtale for 2015 vart det heller ikkje inngått avtalar som ga andre partar, med unntak av Russland, tilgang til å fiske norsk vårgytande sild i norsk sone. Færøyane og Island har dei siste åra fiska store delar av kvoten sin i eiga sone, medan EU i 2015 fiska den største delen av kvoten sin i internasjonalt farvatn i Norskehavet.
Tabell 5.19 Kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild i 2014
STAT | Kvote | Balanse 2013 | Overføring | Kvote etter overføring og fleksibilitet | Fangstar (tonn)1 | Balanse 2015 |
---|---|---|---|---|---|---|
EU2 | 27 244 | 2 630 | - | 29 874 | 23 552 | 6 322 |
Færøyane3 | 40 000 | - | -12 100 | 27 900 | 26 898 | 1 002 |
Island | 60 722 | 3 947 | 619 | 65 288 | 58 333 | 6 955 |
Noreg | 255 277 | -3 205 | -619 | 251 453 | 263 131 | -11 678 |
Russland | 53 650 | 1 032 | 10 000 | 64 682 | 60 292 | 4 390 |
Totalt | 436 893 | 4 404 | -2 100 | 432 206 | 6 991 | |
Grønland | - | - | 2 100 | 2 100 | 13 209 | -11 109 |
1 Fangsttala er innrapportert frå deltakande land, med unntak for EU, under fempartsforhandlingane 15. oktober 2015.
2 EU har rapportert fangst per 30. november 2014.
3 Færøyane har sett ei eigen kvote på 9,6 prosent av totalkvoten på 418 487 tonn.
Tabell 5.20 Kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild i 2015
STAT | Kvote | Balanse 2014 | Overføring | Kvote etter overføring og fleksibilitet | Fangstar (tonn)1 |
---|---|---|---|---|---|
EU2 | 18 424 | 6 322 | 21 148 | 13 730 | |
Færøyane3 | 40 000 | – | -12 100 | 27 900 | 4 356 |
Island | 41 065 | 6 955 | 419 | 47 556 | 22 746 |
Noreg | 172 638 | -11 678 | -419 | 160 541 | 176 321 |
Russland | 36 282 | 4 390 | 10 000 | 50 672 | 19 048 |
Totalt | 308 409 | 6 322 | 236 201 | ||
Grønland | 2 100 | 2 100 | 12 576 |
1 Fangsttala er innrapportert frå deltakande land, med unntak for EU, under fempartsforhandlingane 15. oktober 2015 – førebelse tal.
2 EU rapporterte ikkje fangst for 2015, fangsttala for EU er henta frå den månadlege rapporteringa til NEAFC per 30. november 2015.
3 Færøyane har sett eigen kvote på 12,97 prosent av totalkvoten på 283 013 tonn.
5.2.2 Lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen
For sesongen 2014/2015 vart førebels TAC fastsett til 450 000 tonn i juni 2014. Fisket i Islands økonomiske sone (IØS) vart ikkje opna før 1. oktober. Norske fartøy starta difor fisket i juli i Grønlands økonomiske sone (GØS) og fiska 30 486 tonn. I januar starta dei fisket i IØS på resten av kvoten. 31. januar vart TAC auka, og norsk kvote i IØS auka då til 50 909 tonn. Det var eit godt fiske i IØS og Noreg nytta heile kvoten i sesongen 2014/2015.
Tabell 5.21 Norske kvotar og fangstar av lodde i sesongane 2014/2015 og 2015/2016
Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | |||
---|---|---|---|---|
14/152 | 15/163 | 14/15 | 15/16 | |
Totalt | 81 069 | 58 326 | 80 994 | 58 032 |
Derav Grønland | 46 400 | 27 161 | 30 486 | - |
Derav Jan Mayen | 81 069 | 58 326 | - | - |
Derav Island | 50 909 | 58 326 | 50 508 | 58 032 |
1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 12. februar 2016/Noregs Sildesalslag per 24. februar 2016.
2 Kvoten var samansett av 46 400 tonn frå trepartsavtalen, der 16 240 tonn kunne fiskast i IØS samt 34 669 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet.
3 Norsk kvote var juni 2015 samansett av 24 000 tonn frå trepartsavtalen, 31 165 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet, samt 20 000 tonn i kvotebyte frå EU. Noreg kunne sumaren 2015 fiske totalt 75 165 tonn lodde, der inntil 44 000 tonn kunne fiskast ved Grønland. 19. oktober vart TAC redusert til 44 000 tonn. Kvoteelementet frå EU falt vekk og norsk kvote vart redusert til 34 685 tonn. 22. januar ble TAC auka til 173 000 tonn. Noreg fekk då 13 321 tonn frå EU og norsk kvote auka til totalt 58 326 tonn der alt kan fiskast i IØS.
For sesongen 2015/2016 vart kyststatane i mai 2015 einige om ein førebels TAC fastsett til 300 000 tonn. Fisket i GØS starta 29. juni medan fisket i IØS ikkje vart opna før 1. oktober. Eit norsk fartøy gjekk til GØS men fant ikkje lodde. 19. oktober vart TAC redusert til 44 000 tonn lodde, og norsk kvote vart då redusert til 34 685 tonn. Etter fleire tokt ble TAC den 22. januar 2016 auka til 173 000 tonn lodde. Norsk kvote auka til 58 326 tonn lodde. Dei fyrste fartya gjekk til Island i slutten av januar 2016. Med bakgrunn i tal frå elektronisk rapportering stoppa islandsk kystvakt det norske loddefisket natt til 22. februar 2016. Då vart kvoten estimert oppfiska.
5.2.3 Kolmule
I tillegg til Noregs kyststatsandel av kolmule, byter også Noreg tradisjonelt til seg kolmule frå EU – samstundes som vi byter frå oss kolmule til Russland.
Frå og med 2013 vart det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter kolmule.
Noreg fiska både i 2014 og 2015 på forskot på neste års kvote. I begge desse åra fiska norske fartøy den største delen av kvoten sin i internasjonalt farvatn vestafor Irland. Sjølv om det ikkje vart einigheit om ein kyststatsavtale for kolmule i 2015, fekk Noreg gjennom bilaterale avtaler med EU og Færøyane tilgang til å fiske deler av kvoten i høvesvis EU-sona og i Færøysona. I 2015 utnytta norske fartøy denne tilgangen fullt ut.
Tabell 5.22 og 5.23 viser kvotane før og etter overføringar mellom partane, og overføringar over år. Dei fleste partane utnyttar kvotane godt.
EU-fartøy og færøyske fartøy har i dei siste åra fiska den største delen av sine kvotar i eigne farvatn, medan islandske fartøy i størst grad har fiska i færøysk sone.
Tabell 5.22 Kvotar og fangstar av kolmule i 2014
STAT | Kvote | Balanse 2013 | Overføring | Kvote etter overføring og fleksibilitet | Fangstar (tonn)1 | Balanse 2015 |
---|---|---|---|---|---|---|
EU | 331 349 | 17 755 | -115 000 | 234 104 | 189 482 | 33 135 |
Færøyane | 288 549 | -5 260 | -62 000 | 221 289 | 224 699 | -3 410 |
Island | 194 722 | -3 430 | 191 292 | 183 370 | 7 922 | |
Noreg | 284 352 | -6 675 | 84 635 | 362 312 | 399 519 | -37 207 |
Totalt | 1 098 972 | 2 390 | -92 365 | 1 008 997 | 997 070 | 440 |
Russland | 89 009 | 100 000 | 189 009 | 152 256 | 36 753 | |
Grønland | 6 497 | 100 000 | 6 497 | 6 560 | -63 |
1 Fangsttala er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om kolmule i november 2015.
Tabell 5.23 Kvotar og fangstar av kolmule i 2015
STAT | Kvote | Balanse 2014 | Overføring | Kvote etter overføring og fleksibilitet | Fangstar (tonn)1 |
---|---|---|---|---|---|
EU | 347 087 | 33 135 | -117 605 | 262 617 | 209 466 |
Færøyane | 302 995 | -3 410 | -67 000 | 232 585 | 211 574 |
Island | 204 458 | 7 922 | -1 500 | 210 880 | 192 064 |
Noreg | 417 499 | -37 207 | 80 674 | 460 966 | 489 439 |
Totalt | 1 272 039 | 440 | -105 431 | 1 167 048 | 1 102 543 |
Russland | 93 459 | - | 102 731 | 196 190 | 172 064 |
Grønland | 6 822 | - | 6 851 | 5 551 |
1 Fangsttala er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om kolmule i november 2015.
5.2.4 Makrell
Frå og med 2011 vart det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter makrell. Tabell 5.24 og 5.25 viser kvotane før og etter overføringar mellom partane, og overføringar over år. Noreg fiska både i 2014 og 2015 på forskot på neste års kvote. Noreg fiska storparten av kvoten i 2015 i eiga sone. Dei fleste partane utnyttar kvotane godt.
Tabell 5.24 Kvotar og fangstar av makrell i 2015
STAT | Kvote1 | Balanse 2014 | Overføring | Kvote etter overføring og fleksibilitet | Fangstar (tonn)2 |
---|---|---|---|---|---|
EU | 519 512 | 25 711 | 545 223 | 473 683 | |
Færøyane | 132 814 | -4 287 | -20 940 | 107 587 | 102 680 |
Island | 172 964 | 6 161 | 1 300 | 180 425 | 165 945 |
Noreg | 237 250 | -16 133 | 4 828 | 225 945 | 241 875 |
Totalt for kyststatane | 1 062 540 | 11 452 | -14 812 | 1 059 180 | 984 183 |
Russland | 114 143 | 14 500 | 128 251 | ||
Grønland | 85 000 | 85 000 | 30 429 |
1 Kvotetala vart innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om makrell i oktober 2015.
Russland var ikkje til stades under desse kyststatsforhandlingane. Kvotetala for Russland er basert på innrapporterte tal til NEAFC, samt bilateral avtale mellom Færøyene og Russland for 2016.
2 Fangsttala er førebels og innrapportert til NEAFC per november 2015.
Tabell 5.25 Kvotar og fangstar av makrell i 20141
STAT | Kvote | Balanse 2013 | Overføring | Kvote etter overføring og fleksibilitet | Fangstar (tonn) | Balanse 2015 |
---|---|---|---|---|---|---|
EU | 611 205 | 33 629 | 644 834 | 585 494 | 25 711 | |
Færøyane | 156 240 | 5 694 | 15 300 | 146 634 | 150 921 | 4 287 |
Island | 167 826 | 7 590 | 1 300 | 161 536 | 155 375 | 6 161 |
Noreg | 279 115 | 17 267 | 247 | 261 601 | 277 734 | -16 133 |
Totalt for kyststatane | 1 214 386 | 14 466 | -14 247 | 1 214 605 | 1 169 524 | 11 453 |
Russland2 | 102 211 | 14 500 | 116 711 | 116 711 | 116 461 | |
Grønland | 100 000 | 100 000 | 78 670 | 21 330 |
1 Kvote- og fangsttala vart innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om makrell i oktober 2015.
2 Kvote- og fangsttala vart innrapportert frå Russland under kyststatsforhandlingane om makrell i oktober 2014.
3 Russland var ikkje til stades under kyststatsforhandlingane om makrell hausten 2015.
5.2.5 Norsk fiske i Irmingerhavet
Deltakinga i dette fisket har variert frå år til år. I 2014 deltok seks norske fartøy, mens det deltok tre fartøy i 2015. Kvoteutnyttinga har og variert frå år til år. I 2014 stod det att 355 tonn av den norske kvoten, mens kvoten vart fullt utnytta i 2015.
Tabell 5.26 Norske kvotar og fangstar i Irmingerhavet
Art | Kvotar1 (tonn) | Fangstar2,3 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
Snabeluer | 2 320 | 1 166 | 1 965 | 1 547 |
1 Den norske kvoten av uer i Irmingerhavet er samansett av tre komponentar: Eit kvantum frå forvaltningssavtalen om snabeluer i Irmingerhavet, og kvantum som Noreg byter til seg frå Grønland og EU.
2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 8. februar 2016.
3 I fisket etter snabeluer i NEAFC-områder har partane bestemt at omrekningsfaktoren 1,7 skal nyttast ved fangstrapportering til NEAFC-sekretariatet. Det er også dette som ligg til grunn for Fiskeridirektoratets vurdering av når fisket må stoppast. I tabellen ovanfor er likevel dei offisielle norske omrekningsfaktorane nytta. Omrekningsfaktoren på japankutta uer er på 1,95, noe som gjer at dei offisielle norske tala er noe høgare enn det som ligg til grunn for fangstrapportane til NEAFC-sekretariatet.
5.2.6 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet
Dei siste åra har det vore auka interesse for fiske etter torsk i det nordvestlege Atlanterhavet. I 2014 deltok to norske fartøy i dette fisket, medan fire norske fartøy deltok i 2015. I begge åra er kvoten fullt utnytta.
Partane i NAFO vart i årsmøtet 2014 einige om å innføre eit fiskeforbod for rekefisket i 3L i 2015 og norske fartøy fiska difor ikkje reker i det nordvestlege Atlanterhav i 2015.
Tabell 5.27 Norske kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2014 | 2015 | 2014 | 2015 | |
Torsk | 1 343 | 1 276 | 1 348 | 1 281 |
Reker | 48 | - | - | - |
1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 8. februar 2016.