Meld. St. 24 (2022–2023)

Fellesskap og meistring— Bu trygt heime

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

Figur 1.1 

Figur 1.1

Utgangspunktet for Bu trygt heime-reforma er at etterkrigsbarna er i ferd med å bli våre eldre. Og dei er mange. Vi har no passert éin million pensjonistar. Dei som når pensjonsalder i Noreg i dag, kan forvente å leve i to tiår som pensjonistar. Ei aldrande befolkning er ei av dei viktigaste samfunnsendringane vi står overfor, saman med teknologisk utvikling og klimaendringar. Eldredelen aukar i heile befolkninga, men vil særleg prege dei minst sentrale delane av landet. Samtidig held mange eldre seg friske og i god form lenge. Det er eit tydeleg teikn på at fellesskapsløysingane i velferdsstaten har bidratt til god folkehelse og gode helse- og omsorgstenester som når alle.

Sjølv om vi lever stadig lengre og mange eldre held seg friske, må vi samtidig planlegge for at fleire vil ha behov for helse- og omsorgstenester i framtida. Og at befolkninga samla sett blir endra, gjennom blant anna færre i yrkesaktiv alder. Regjeringa vil trygge og vidareutvikle vår felles helseteneste for dagens og framtidas eldre. Ein føresetnad for at fleire skal kunne bu heime lengre, er at den enkelte og pårørande kjenner seg trygge på at det finst eit godt tenestetilbod når behovet oppstår. Samtidig er det eit stort potensial for friskare aldring viss vi gjer helsefremmande tiltak tidlegare. Regjeringa vil i tråd med Hurdalsplattforma jobbe for å skape eit helsefremmande samfunn som førebygger sjukdom, og sikrar gode og likeverdige tenester i heile landet. Eldre skal vere trygge på at fellesskapet stiller opp.

Konsekvensane av ei aldrande befolkning er inga «bølge» som trekker seg tilbake, men ei utvikling som kjem til å prege det norske samfunnet i lang tid. Det må vi ta høgde for i all planlegging og politikkutvikling. Å bidra til løysingar som legg til rette for at flest mogleg skal oppleve meistring og kunne leve gode, sjølvstendige liv, samtidig som ein tenker nytt om korleis ein møter den demografiske utviklinga på tvers av sektorar, vil vere heilt sentralt for å sikre berekrafta til velferdssamfunnet.

Vi må tenke nytt, og vi må tenke saman – som å sjå samanhengen mellom eit godt og helsefremmande lokalsamfunn, samarbeid med sivilsamfunnet, ein tilpassa bustad og behovet for helse- og omsorgstenester. Vi skal styrke det som verkar og det som kommunane allereie er i gong med. Samtidig skal vi vri innsatsen mot nye område, som samskaping, planlegging for ein betre alderdom, betre oppgåvedeling, faste team og førebyggande og aktivitetsfremmande tenester. Skal vi lukkast med målet om ein trygg alderdom må vi følge fleire spor, som auka vektlegging av folkehelse og førebygging, meir alders- og demensvennlege løysingar og vidareutvikle helse- og omsorgstenestene. Derfor har vi allereie frå oppstart sørgt for at innhaldet blir utarbeidd på tvers av seks ulike departement. Stortingsmeldinga blir fremma av Helse- og omsorgsdepartementet, men er utarbeidd av og skal bli følgt opp i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Samferdselsdepartementet.

Mål

Dei aller fleste eldre i Noreg lever gode og aktive liv, og dei som har behov for velferdstenester, opplever god støtte og hjelp. Samtidig veit vi at det for ofte sviktar i tilbodet til eldre, og at mange møter unødvendige utfordringar.

Dei overordna måla med reforma er å bidra til at eldre kan bu trygt heime, og at behovet for helse- og omsorgstenester blir utsett gjennom betre planlegging, styrkt førebygging og meir målretta tenester. Vidare vil vi sikre betre bruk av personell og dei samla ressursane, og gjennom dette bidra til at alle som treng det får tilgang på gode og trygge tenester.

Dei overordna måla blir følgde opp med klare ambisjonar og innsats på tvers av samfunnssektorane og skal bidra til

  • levande og aldersvennlege lokalsamfunn som støttar opp under aktivitet, deltaking og møte mellom generasjonar

  • at fleire skal ha tilgang til ein eigna bustad i eit aldersvennleg bumiljø

  • informasjon om korleis ein kan gjere eigen bustad aldersvennleg, er lett tilgjengeleg og kjend for innbyggarane i alle kommunane

  • auka bruk av helse- og velferdsteknologi som legg til rette for at fleire eldre kan bu heime lengre

  • tillitsbaserte tenester som gjer at eldre opplever føreseielegheit i eigen heim, og har færre tilsette å forhalde seg til

  • at dei som jobbar nærast dei eldre har rett kompetanse, og får meir ansvar og tillit

  • å utvikle tenestene slik at eldre og pårørande er trygge på at fellesskapet stiller opp når det er behov for det

  • varetaking av pårørande sine rettar til tilrettelagd informasjon og medverknad saman med brukaren/pasienten

Nasjonale kvalitetsindikatorar skal bli nytta for å følge utviklinga. For dei områda som manglar data skal det bli utvikla indikatorar, som for helsefremmande og førebyggande tiltak. Dette gjeld også for tiltak som blir greidde ut i reformperioden.

I tråd med Hurdalsplattforma vil regjeringa jobbe for eit aldersvennleg samfunn, prega av openheit, tryggleik og rettferdigheit. Regjeringa vil ha eit fellesskap med eit sterkt tryggingsnett med velferdstenester for dei som treng det permanent eller i fasar av livet. Fellesskap og meistring handlar om å skape openheit, tryggleik og rettferdigheit. Derfor legg regjeringa desse verdiane til grunn for meldinga.

Motverke sosiale forskjellar gjennom gode fellesskapsløysingar

Folkehelsa i Noreg er generelt god og levealderen høg. Men det er samtidig store sosiale helseforskjellar. Eldre med låg sosioøkonomisk posisjon har i gjennomsnitt fleire sjukdommar, helseplager og skadar og oftare nedsett funksjonsevne enn eldre med høg sosioøkonomisk posisjon. Lang utdanning er assosiert med sunn aldring og høgare levealder. Dei med lengst utdanning lever i snitt 5–6 år lenger enn dei med lågast utdanningsnivå. Gruppa med låg sosioøkonomisk posisjon har minst ressursar til å ta hand om si eiga helse.

Regjeringa vil ha eit samfunn med eit sterkt tryggingsnett med velferdstenester for dei som treng det. Gode og likeverdige helse- og omsorgstenester er ein viktig føresetnad for å redusere sosiale forskjellar i helse. I tråd med Hurdalsplattforma har regjeringa løfta fram utjamning av sosiale helseforskjellar som den viktigaste prioriteringa i Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga.

I møte dei demografiske endringane, trengst fellesskapsløysingar meir enn nokon gong. Regjeringa ønsker ei sterk, offentleg helseteneste i alle landet sine kommunar og samarbeid med gode ideelle aktørar som bygger på langsiktige avtalar.

Det er den offentlege helsetenesta som er det beste forsvaret mot auka forskjellar og vårt fremste verktøy for å skape tryggleik for den einskilde, uansett kor ein bur og uavhengig av sosioøkonomiske føresetnader.

Å sørge for at vår felles helse- og omsorgsteneste framleis bidrar til at folk kan leve gode, trygge liv i åra som kjem, er ein del av samfunnskontrakten. Når behova til innbyggarane blir meir komplekse, krev det større samanheng mellom dei kommunale tenestene. Mangel på personell gjer at vi vi først og fremst må sørge for at den felles, offentlege helsa og- omsorgstenesta vår er godt bemanna med rett kompetanse. Vi må ha ei heilskapleg tilnærming for å sikre berekraftige og likeverdige helse- og omsorgstenester over heile landet. Eldreomsorga må henge saman, og ikkje bli stykka opp. Det er fellesskapet sitt ansvar å stille opp, med tilpassa hjelp ut frå behov. Det handlar om å skape tryggleik og meistring i fellesskap.

Openheit om aldring

Livet er prega av ulike overgangar. Nokre er klart definerte gjennom til dømes alder, som å starte på skulen eller å bli konfirmert. Andre er meir fysiologisk funderte, som å komme i puberteten. Det å bli eldre aukar risikoen for kroniske sjukdommar, nedsett syn og høyrsel og dessutan generelt funksjonstap. Aldring er ein naturleg prosess.

I alderdomen kan helsetilstand og funksjon bli endra raskt. Dette må bli fanga opp, og vi må ha ei teneste som ser og merkar dette. Samtidig kan desse «ventesonene» skape uvisse, som vi må ha openheit om. Det må vere eit samspel mellom tenesta og brukar og pårørande. Vidare må vi ha fleksibilitet i systemet på ein anna måte enn vi har hatt til i dag. Ha noko som fyller mellomromma.

For mange er det å bli eldre knytt til ei førestilling om hjelpeløyse og sjukdom, og for dei som er eldre, kan denne typen haldningar bidra til at ein kjenner seg ekskludert eller blir møtt med låge forventningar.1 Normale aldringsprosessar kan vere krevjande for mange. At ein blir møtt med negative og stigmatiserande haldningar i tillegg, er ingen tente med. Det er behov for meir openheit om normale aldringsprosessar, og regjeringa vil rette merksemda mot dei positive sidene ved ei aldrande befolkning. Gjennom openheit og kunnskap kan vi bidra til mindre fordommar og eit meir alders- og demensvennleg samfunn for alle.

Tryggleik og tilhøyrsel for alle

Tryggleik er ingen klart definert storleik, og kva som blir opplevd som trygt, vil variere. Det å kjenne tilhøyrsel til nærmiljøet er for mange eldre viktig for å kjenne seg trygg. Gjennom tilhøyrsel til staden ein bur, har ein tilgang på sosiale og kulturelle møteplassar, og ein kan vere aktiv i lokalsamfunnet, bidra og kjenne seg nyttig.

Å kunne delta i sosiale nettverk og aktivitetar og ha moglegheit for personleg utfalding er viktig for menneske i alle aldrar. Det å kjenne seg integrert og inkludert i aktivitetar og nettverk skaper sosiale band og handlar om å kunne bidra og bety noko for nokon andre enn seg sjølv. Vi må utvikle rause samfunn, der det er plass til alle, og der vi kan hjelpe kvarandre. Regjeringa vil bidra til levande lokalsamfunn for alle og legge til rette for eit samfunn der ulike grupper og generasjonar eksisterer saman.

Innspel til reformarbeidet

I arbeidet med utviklinga av reforma har regjeringa lagt til rette for innspel frå brukar- og pårørandeorganisasjonar, fagorganisasjonar, kommunar, råd, kompetansemiljø og næringsliv. Det er gjennomført eit innspelsmøte med samiske eldre i samarbeid med Várdobáiki samisk senter og Sametingets eldreråd, som gav verdifulle bidrag og perspektiv til reforma. Vidare blei det inviterte til tradisjonelle innspelsmøte og til fire regionale dialogmøte; eitt møte for kvart innsatsområde i reforma.

I dei regionale dialogmøta blei deltakarane delte i blanda grupper på 3–6 personar, som veksla mellom individuelt og gruppevis arbeid. Gjennomgåande oppgåver for alle dialogmøta var å svare på kva som er viktig for at eldre menneske skal kunne bu trygt heime lengre, og komme med forslag til kva som kan bli gjort for å nå eit slikt mål.

Denne prosessen har gitt oss verdifulle innspel, erfaringar og forslag til tiltak. Innspela er kort refererte i boksen under og er samanfatta av Comte Bureau AS i ein eigen rapport som er tilgjengeleg på regjeringa.no.2

Boks 1.1 Regionale dialogmøte

Alle dei fire dialogmøta hadde det same innleiande spørsmålet: «Kva er viktig for at eldre menneske kan bu trygt heime lengre?». I rapporten sin framhever Comte Bureau AS tre grunnleggande behov, basert på innspela til deltakarane:

  1. Eg treng å kjenne tilhøyrsel til staden der eg bur.

  2. Eg treng oversikt over kva eg bør gjere.

  3. Eg må kjenne meg nyttig.

Vidare blei deltakarane bedde om å drøfte utfordringar. Det er fem utfordringar som er trekte fram som sentrale for reforma:

  1. Infrastrukturen, planlegginga og organiseringa i lokalsamfunna er eit hinder.

  2. Bustadmassen og -marknaden er aldersfiendtleg.

  3. Tenestene blir ikkje i stor nok grad samskapte med dei eldre og deira pårørande.

  4. Det er behov for ny kompetanse og nye samarbeid.

  5. Vi må vekke seniorkrafta.

1.1 Bakgrunn og avgrensing

Reforma bygger på eit utfordringsbilete som er knytt til den demografiske utviklinga. At både andelen og talet på eldre aukar i befolkninga, er velkjend og eit teikn på betra levekår og betre helse i befolkninga. Uttrykket «eldre» blir tradisjonelt brukt om personar over ein viss alder, som til dømes 67 år eller 80 år. Målgruppa for Bu trygt heime-reforma er eldre, men vi ønsker ikkje å avgrense det til ei spesifikk aldersgruppe, då målet er å invitere breitt, både enkeltindivid, frivillige, næringsliv og offentlege tenester, og til tidleg innsats og meir førebygging. For enkeltpersonar handlar dette om å planlegge for eigen alderdom. Gjennom store delar av livet planlegg og legg vi til rette for ulike livsfasar, men kva vi vil trenge når vi blir gamle, er noko mange utset å tenke på. Og at vi som samfunn i større grad må ta innover oss dei samfunnsmessige endringane og sørge for at vi tenker eldrepolitikk utanfor den tradisjonelle boksen – helse- og omsorgstenester.

Det er behov for å sjå på nye løysingar som bidrar til at fleire tar aktive val for å førebu eigen alderdom, og samfunnet må bli innretta og endra i takt med den store auken i talet på eldre. Dette er endringar ein bør starte med tidleg.

Namnet Fellesskap og meistring – Bu trygt heime knyter seg til at dei aller fleste eldre i dag og i framtida kjem til å bu heime. Målet til regjeringa er at den enkelte og deira pårørande skal oppleve dette som eit trygt og godt val. Samtidig er det slik at det å bu heime ikkje nødvendigvis er ei løysing for alle, og det vil framleis vere eit stort og aukande behov for sjukeheimsplassar for eldre i den siste livsfasen. Arbeidet omfattar derfor alle buformer, frå den opphavlege bustaden til den enkelte via ulike nye og sosiale buformer til heildøgns omsorgsplassar. Vi må ha ulike butilbod tilpassa bistands- og hjelpebehovet til den enkelte, noko som ofte er omtalt som bustad- og tenestetrappa, men ein må i større grad sjå på moglegheiter for å utvide dei nedste stega i trappa med eigna bustader og tilrettelagde buformer, og redusere andelen som bur i ein ueigna bustad. Vidare vil samlokalisering og stadsutvikling gjere det lettare for eldre å komme seg til aktivitets- og servicetilbod på eiga hand, samtidig som det kan bidra til meir effektiv utnytting av personellressursar.

Bu trygt heime-reforma er som nemnd innleiingsvis ikkje avgrensa til helse- og omsorgstenester, og er utarbeidd av Helse- og omsorgsdepartementet i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Samferdselsdepartementet. Bakgrunnen for dette er at dei demografiske endringane påverkar heile samfunnet og ligg som ein premiss for alt vi gjer for å sikre berekraft og velferd for dei neste generasjonane. Det er derfor viktig for oss alle å finne løysingar for at fleire eldre skal kunne bu trygt heime, og at vi på denne måten kan bidra til å nå hovudmålet, nemleg at eldre skal få bu i eigen bustad lengst mogleg, dersom dei kan og vil.

1.2 Forholdet til andre arbeid

Bu trygt heime-reforma bygger på erfaringar frå Meld. St. 15 (2017–2018) Leve hele livet og tilhøyrande planar og utviklingsarbeid som er i gang, som til dømes Demensplan 2025, Kompetanseløft 2025, Vi – de pårørende (pårørandestrategien), Nasjonalt velferdsteknologiprogram, handlingsplanen for universell utforming og programmet for et aldersvennlig Norge. Bu trygt heime-reforma bygger på og vidareutviklar det gode arbeidet kommunane er i gang med gjennom desse satsingane.

Dei overordna rammene for helse- og omsorgspolitikken til regjeringa vil bli lagde gjennom folkehelsemeldinga, Nasjonal helse- og samhandlingsplan og helseberedskapsmeldinga:

  • Gjennom Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga vil regjeringa legge til rette for at vi kan få fleire friske og aktive leveår, og at folkehelse og førebygging i langt større grad skal gjennomsyre politikk- og samfunnsutvikling og helse- og omsorgstenestene.

  • I Nasjonal helse- og samhandlingsplan vil samhandling både mellom dei kommunale helse- og omsorgstenestene og spesialisthelsetenesta og internt i den kommunale helse- og omsorgstenesta bli omtalt. Betre samhandling er sentralt for å kunne gi pasientar og brukarar den hjelpa dei har behov for, til rett tid, på rett stad og med personell som har rett kompetanse. Regjeringa tar sikte på å legge fram Nasjonal helse- og samhandlingsplan i løpet av 2023.

  • Helseberedskapsmeldinga vil handle om korleis Noreg skal kunne vere førebudd på å handtere kriser som kan ramme helse- og omsorgssektoren. Regjeringa tar sikte på å legge fram ei helseberedskapsmelding i løpet av 2023.

Innanfor dei overordna rammene har regjeringa lagt frem Meld. St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplan for psykisk helse, og regjeringa vil også legge fram førebyggings- og behandlingsreforma for rusfeltet og vidareutvikle og styrke allmennlegetenestene. Alt dette er relevant for arbeidet med Bu trygt heime-reforma.

Bustadtilpassing og -planlegging er eit viktig innsatsområde i reforma. Reforma vil bli sett i samanheng med regjeringa sitt arbeid med ei stortingsmelding om ein heilskapleg bustadpolitikk. Dei endra bustadbehova som følge av at vi blir stadig fleire eldre, vil vere eit sentralt tema i meldinga. Ho vil ta føre seg kommunane si rolle i å jamne ut sosiale og geografiske skilnader, og legge vekt på verdien av gode nærmiljø i bygd og by. Meldinga vil også sjå på korleis Husbanken kan få ei fornya rolle i bustadpolitikken. Regjeringa vil legge fram bustadmeldinga våren 2024.

Vi har ikkje éin bustadmarknad i Noreg. Det er store geografiske skilnader, og utfordringsbiletet varierer mellom ulike delar av landet og frå kommune til kommune. Mange distriktskommunar har små, usikre og stagnerande bustadmarknader og ein einsidig bustadmasse. Bustadtilgang og gode bumiljø i distriktskommunar er også tema i distriktsmeldinga som blir lagd fram sommaren 2023.

Helsepersonellkommisjonen overleverte utgreiinga si, NOU 2023: 4 Tid for handling, til regjeringa i februar 2023. Kommisjonen har gitt ei heilskapleg og kunnskapsbasert vurdering av behova for personell og kompetanse fram mot 2040, sett i lys av sentrale utviklingstrekk og behovet for å ta vare på ei berekraftig og samanhengande helse- og omsorgsteneste. Meir konkret går kommisjonen nærare inn på tiltak for å utdanne, rekruttere og behalde personell i helse- og omsorgstenestene i heile landet på kort og lang sikt, gitt utviklingstrekk som vil påverke tilbodet av og etterspurnaden etter helse- og omsorgstenester i åra framover.

1.3 Samandrag

Ei aldrande befolkning er ei av dei viktigaste samfunnsendringane vi står overfor, saman med teknologisk utvikling og klimaendringar. Eldredelen aukar i heile befolkninga, men vil særleg prege dei minst sentrale delane av landet. Å bidra til løysingar som legg til rette for at flest mogleg skal oppleve meistring og kunne leve gode, sjølvstendige liv, samtidig som ein tenker nytt om korleis ein møter den demografiske utviklinga på tvers av sektorar, vil vere heilt sentralt for å sikre berekrafta til velferdssamfunnet.

I denne meldinga løftar regjeringa mål og målsettingar for å møte dei demografiske endringane.

Dei overordna måla med reforma er å bidra til at eldre kan bu trygt heime, og at behovet for helse- og omsorgstenester blir utsette gjennom betre planlegging, styrkt førebygging og meir målretta tenester. Vidare vil vi sikre betre bruk av personell og dei samla ressursane, og gjennom dette bidra til at alle som treng det får tilgang på gode og trygge tenester.

Dei overordna måla blir følgt opp med klare ambisjonar og innsats på tvers av samfunnssektorane og skal bidra til:

  • levande og aldersvennlege lokalsamfunn som støttar opp under aktivitet, deltaking og møte mellom generasjonar

  • at fleire skal ha tilgang til ein eigna bustad i eit aldersvennleg bumiljø

  • informasjon om korleis ein kan gjere eigen bustad aldersvennleg, er lett tilgjengeleg og kjend for innbyggarane i alle kommunane

  • auka bruk av helse- og velferdsteknologi som legg til rette for at fleire eldre kan bu heime lenger

  • tillitsbaserte tenester som gjer at eldre opplever føreseielegheit i eigen heim, og har færre tilsette å forhalde seg til

  • at dei som jobbar nærast dei eldre har rett kompetanse, og får meir ansvar og tillit

  • å utvikle tenestene slik at eldre og pårørande er trygge på at fellesskapet stiller opp når det er behov for det

  • varetaking av pårørande sine rettar til tilrettelagd informasjon og medverknad saman med brukaren/pasienten

Utviklingstrekk og utfordringar

Kapittel 2 tar utgangspunkt i konsekvensar og moglegheiter som følger av dei demografiske endringane, knytte til sentrale kjenneteikn ved eldrebefolkninga og vilkåra for god helse. Til dømes har dei kommande generasjonane eldre andre føresetnader, ressursar og preferansar enn tidlegare generasjonar. Stadig fleire har utdanning og betre økonomi. Det gir moglegheiter for nye måtar å leve aktive liv på, også som eldre. Kapittelet omhandlar blant anna følgande utfordringar og moglegheiter:

  • Friskare aldring: Eldre i dag har eit betre funksjonsnivå enn før, men mange lever med kroniske sjukdommar og nedsett funksjonsevne, særleg eldre over 80 år.

  • Auke i behovet for helse- og omsorgstenester: Framskrivingar av helsetenestebruk viser at dei over 70 år vil stå for så å seie all forventa auke i bruk av offentlege helse- og omsorgstenester fram til 2040.

  • Fleire med demens: Sidan vi lever lengre og det vil bli fleire eldre dei neste tiåra, er talet på personar med demens venta å auke kraftig.

  • Pårørande: Ein aukande del eldre og færre i arbeidsfør alder gjer at det blir færre pårørande per eldre. Mange pårørande etterlyser hjelp, rettleiing eller støtte for eigne behov som pårørande.

  • Medverknad og sosiale møteplassar: Mange eldre opplever at det er få tilbod, eller at innhaldet i tilboda ikkje treffer.

  • Digital kompetanse: Dei aller fleste er i stand til å bruke sentrale digitale tenester, men eldre er blant dei med låg digital kompetanse.

  • Frivilligheit: Mange eldre deltar i frivillig arbeid, men det er samtidig ei målsetting at fleire skal bidra.

  • Transport: Det er utfordringar knytte til transport for å få gjennomført daglege gjeremål og sosiale aktivitetar, særleg i distrikta.

  • Bustader: Det er mangel på eigna bustader for eldre, særleg i distriktskommunar.

  • Planlegging: Mange mindre kommunar manglar planleggingskompetanse eller har låg kapasitet.

  • Rekruttering: Veksten i tilgjengeleg arbeidskraft vil bremse kraftig, og mange kommunar har utfordringar med å rekruttere og behalde personell i dag.

  • Leiing: Det er store utfordringar knytt til at det er få leiarar og låg leiarkompetanse.

  • Samhandling: Mange opplever helse- og omsorgstenestene som fragmenterte og lite koordinerte.

  • Digitalisering: Det er framleis ei rekke barrierar knytt til innføring av velferdsteknologi – organisatoriske, kulturelle og tekniske barrierar, i tillegg til manglande kompetanse – som må bli fjerna.

Heilskapleg gjennomføringsplan

For å nå målet om at eldre skal kunne bu i eigen bustad lengst mogleg dersom dei kan og vil, legg Bu trygt heime-reforma til grunn at staten i større grad enn i dag skal samle innsats og verkemiddel på tvers av samfunnssektorane og departementa. For å få til dette vil regjeringa etablere eit tydelegare tverrdepartementalt samarbeid. På tilsvarande måte vil regjeringa vurdere ein eigna samarbeidsstruktur mellom dei underliggande etatane til departementa det gjeld, og trekke regionale statsorgan inn i arbeidet. Det ligg eit stort potensial i betre samordning av nasjonale og regionale aktørar, både dei som bidrar inn i nasjonalt utviklingsarbeid, og dei som bidrar i spreiing og implementering av nasjonale satsingar og initiativ.

Regjeringa legg til grunn at gjennomføringa av mål og tiltak som hovudregel skal skje gjennom frie inntekter til kommunane. Satsing gjennom dei frie inntektene til kommunane bidrar til forenkling og føreseielegheit for kommunane og legg til rette for at kommunar og fylkeskommunar over heile landet skal vere i stand til å tilby nødvendige og tilpassa velferdstenester. Regjeringa vil legge til rette for at folk kan bu der dei vil, gjennom å sikre gode grunnleggande tenester i heile landet.

Innsatsområde 1 – levande lokalsamfunn

Grunnlaget for god helse blir først og fremst lagt utanfor helse- og omsorgssektoren. Fleire sektorar må arbeide saman for å skape alders- og demensvennlege samfunn. Regjeringa vil bidra til levande og aldersvennlege lokalsamfunn som støttar opp under aktivitet, deltaking og møte mellom generasjonar. Tilgang til kulturopplevingar, naturområde og eit godt fysisk og sosialt inkluderande nærmiljø er viktig i eit levande lokalsamfunn.

Innsatsen til regjeringa for å bidra til eit levande og aldersvennleg lokalsamfunn blir samla i tre hovudområde:

  • inkluderande nærmiljø og aktive eldre

  • deltaking og samskaping

  • planlegging for ein betre alderdom

Regjeringa vil i tillegg føre vidare og styrke det målretta og langsiktige arbeidet med å skape eit aldersvennleg Noreg.

Inkluderande nærmiljø og aktive eldre

Omgivnader og løysingar utan unødvendige barrierar og avgrensingar er eit gode for alle innbyggarane, uavhengig av alder. Moglegheit for sosial kontakt kan fremme sjølvstende og meistringsevne og førebygger einsemd og sosial isolasjon. For å understøtte eit meir inkluderande nærmiljø og aktive eldre vil regjeringa

  • bidra til meir alders- og demensvennlege omgivnader i lokalsamfunna

  • følge opp handlingsplanen for universell utforming

  • bidra til å utvikle gå- og aktivitetsvennlege nærmiljø

  • rettleie om og spreie erfaringar med aldersvennlege mobilitets- og transportløysingar

  • bygge ned digitale barrierar og digitalt utanforskap for eldre gjennom handlingsplanen til strategien Digital hele livet

  • utvikle tiltak for lågterskelmøteplassar for sosiale, kulturelle og fysiske aktivitetar

  • vidareutvikle Den kulturelle spaserstokken

  • legge til rette for gode generasjonsmøte i bustadplanlegginga

Deltaking og samskaping

Eldre er viktige samarbeidspartnarar for kommunane i arbeidet med å utvikle lokalsamfunnet. For å styrke den demokratiske deltakinga, sikre legitimitet for løysingar og legge til rette for nærleik og tillit i lokalmiljøet er det nødvendig å utvikle god dialog, godt samarbeidsklima og likeverdige relasjonar mellom fleire aktørar. For å understøtte meir deltaking og samskaping vil regjeringa

  • vidareutvikle og implementere opplæringsprogrammet for eldreråd i heile landet

  • greie ut korleis stat og kommune kan styrke samskaping og innovasjon for ei meir aldersvennleg samfunnsutvikling

  • vidareføre arbeidet til Senteret for et aldersvennlig Norge med partnarskapsordninga

  • gjennomføre ei felles nasjonal eldreveke

  • legge til rette for eit godt samarbeid med frivillige og ideelle aktørar

  • vurdere samordning og forenkling av statlege tilskot til frivillige organisasjonar

  • oppmode kommunane til å utvikle lokal frivilligpolitikk og opprette lokale kontaktpunkt for det frivillige

  • oppmode kommunane om å gjere lokale tilgjengelege for aldersvennleg frivilligheit

  • oppmode frivilligsentralane og organisasjonane til å mobilisere seniorkrafta

  • utvikle og dele kunnskap om aldersvennleg frivilligheit

Planlegging for ein betre alderdom

I møte med dei demografiske endringane er det nødvendig å utfordre både kommunane og befolkninga til å planlegge alderdommen. Kommunane må planlegge for ei berekraftig utvikling i møte med ei aldrande befolkning, og den enkelte har høve til å ta eigenregi for å møte alderdommen førebudd. Formålet med tidleg planlegging er å kunne vere sjef i eige liv lengre, samtidig som ein er trygg på å få helse- og omsorgstenester når ein har behov for det. For å møte behovet for planlegging vil regjeringa

  • bidra til auka merksemd og kunnskap om kommunal planlegging for å møte berekraftsutfordringar

  • bidra til auka merksemd og kunnskap om planlegging av eigen alderdom gjennom ulike kommunikasjonstiltak

  • halde oppe merksemda rundt behovet for eit fleksibelt og aldersvennleg arbeidsliv

Program for eit aldersvennleg Noreg 2030

Regjeringa vil målrette innsatsen i innsatsområdet levande lokalsamfunn gjennom eit konkret program under overskrifta Program for eit aldersvennleg Noreg 2030. Det overordna målet med programmet er å skape eit meir aldersvennleg og inkluderande samfunn. Regjeringa vil gjennomføre Program for eit aldersvennleg Noreg 2030, med innsats for

  • meiningsfulle møteplassar

  • aldersvennleg transport

  • mobilisering av seniorkrafta

  • samskaping og partnarskap

  • planlegging for ein betre alderdom

  • Regjeringa vil knyte seg til Verdshelseorganisasjonens globale nettverk for aldersvennlege byar og lokalsamfunn gjennom Senteret for et aldersvennlig Norge.

Innsatsområde 2 – bustadtilpassing og -planlegging

Regjeringa vil føre ein aktiv bustadpolitikk som skal bidra til å jamne ut sosiale og geografiske forskjellar i bustadmarknaden. Å auke tilgjengelegheita i og rundt bustader og auke andelen eigna bustader er viktig for å nå målet om at fleire eldre skal kunne bu trygt heime.

Regjeringa vil i tråd med Hurdalsplattforma etablere eit Eldrebustadprogram. Det overordna målet med Eldrebustadprogrammet er å bidra til at alle skal ha tilgang til ein eigna bustad i eit aldersvennleg bumiljø. Programmet skal stimulere til at fleire eldre tar ansvar for og blir meir bevisste sin eigen bustadsituasjon, samtidig som personar som ikkje har midlar til å tilpasse eksisterande bustad eller flytte til ein meir eigna bustad, skal varetakast.

Gjennom Eldrebustadprogrammet ønsker regjeringa å stimulere til fleire eigna bustader for eldre over heile landet og få fleire eldre til å bu i og ha råd til ein eigna bustad, anten ved å tilpasse noverande bustad eller flytte til ein eigna bustad. Eldrebustadprogrammet skal fremme tiltak som gjer det mogleg å bu lengst mogleg heime, og som bidrar til eigenmeistring og deltaking i lokalsamfunnet. Programmet vil innehalde tiltak som støttar opp under god planlegging og utvikling, gjennom rettleiing og samordning av verkemiddel. Programperioden skal gå frå 2024 til og med 2028. Programmet skal vere fleksibelt, og det skal vere høve til å lansere nye tiltak undervegs i verketida. Tiltaka i programmet er sorterte etter følgande overordna tema:

  • rettleiing og planlegging

  • planlegging av eigen busituasjon

  • fleire sosiale buformer

Rettleiing og planlegging

Regjeringa er opptatt av å sette kommunane i stand til å utløyse potensialet som ligg i god planlegging, gjennom gode verktøy og samordning av statlege initiativ. Som ein del av programmet vil regjeringa bidra til auka merksemd om rettleiing og planlegging gjennom å

  • styrke rettleiarrolla til Husbanken overfor kommunane

  • styrke planleggingskompetansen i kommunane

  • greie ut tiltak for styrkt bustadrådgiving i kommunane

  • innhente kunnskap om buformer som er eigna for personar med demens

  • evaluere plankravet for investeringstilskotet for heildøgns omsorgsplassar

Planlegging av eigen busituasjon

Bustad er først og fremst eit privat ansvar. For å stimulere den enkelte til å gjennomføre strategiske val, som til dømes tilpassing av eigen bustad eller flytting, vil regjeringa legge til rette for at fleire planlegg for eigen busituasjon. Som del av Eldrebustadprogrammet vil regjeringa

  • gjennomføre ein informasjonskampanje om bustadplanlegging

  • gjere det enklare for eldre å tilpasse eigen bustad

  • vurdere å opprette ein nasjonal digital «visningsheim» for å synleggjere moglegheiter innan bustadtilpassing, hjelpemiddel, velferdsteknologi med meir

  • gjere startlånordninga betre kjend for eldre med låg inntekt

  • vurdere kriteria for husbanklån til bustadkvalitet, blant anna med mål om å bidra til fleire eigna bustader til eldre

Fleire sosiale buformer

For å legge til rette for at fleire eldre kan bli buande heime lengre, må det bli skaffa fleire eigna bustader over heile landet. Regjeringa vil gjennom Eldrebustadprogrammet bidra til fleire aldersvennlege bustader. Dette må skje gjennom både bygging av nye bustader og tilpassing av eksisterande bustader. Regjeringa vil utforske moglegheitene for nye og meir sosiale buformer som kan bidra til auka tryggleik, sosiale nettverk og støtte i kvardagen for den enkelte. Som del av Eldrebustadprogrammet vil regjeringa

  • sjå nærare på kva hindringar kommunar og private utbyggarar har i dag for utbygging av eigna bustader for eldre

  • legge til rette for auka bygging av tryggleiksbustader og andre aldersvennlege bustader

  • vidareføre det distriktsretta arbeidet til Husbanken

  • auke kunnskapen om eigna bustader for eldre

  • ta initiativ til å etablere eit erfaringsnettverk for utvikling av aldersvenlege bustader

Innsatsområde 3 – kompetente og myndiggjorde medarbeidarar

Regjeringa ønsker at tenestene skal vere trygge og av god kvalitet. Personellet er den viktigaste ressursen for å gi trygge og gode helse- og omsorgstenester til befolkninga. Regjeringa sine ambisjonar for kompetente og myndiggjorde medarbeidarar sorterer under fem hovudområde som skal bidra til tryggleik og føreseielegheit i møte med tenestene, og til at tenestene blir ytte i samråd med brukarane og deira pårørande:

  • tillit

  • kompetanse

  • omstilling og organisering

  • kvalitet og leiing

  • forsking og kunnskapsbasert praksis

Tillit

Tenestene skal vere trygge, berekraftige og kunnskapsbaserte, ha høg tillit i befolkninga og vere ein attraktiv arbeidsstad gjennom heile yrkeslivet. Gjennom tillitsreforma vil regjeringa bidra til myndiggjorde medarbeidarar som blir sette i stand til å legge tenester til rette, i dialog med brukaren og deira pårørande. Tillitsreforma skal ligge til grunn for arbeidet, slik at tilnærminga blir nedanfrå og opp. For å bidra til trygge tenester for at fleire eldre skal kunne bu trygt heime, vil regjeringa

  • gi dei tilsette tid og tillit gjennom ei tillitsreform og invitere kommunar og fylkeskommunar til å søke om forsøk som bidrar til betre offentleg tenesteyting eller betre oppgåvedeling

  • arbeide for ein heiltidskultur og fleire heile stillingar

  • bidra til å rekruttere og behalde tilsette gjennom Jobbvinner og Menn i helse

  • jobbe fram og spreie modellar som stimulerer til auka grunnbemanning og mindre vikarbruk

  • vurdere å etablere rettleiingsordningar for sjukepleiarstudentar og nytilsette i helse- og omsorgstenesta

Kompetanse

  • For å legge til rette for at fleire eldre kan bli buande heime lenger, vil regjeringa hjelpe kommunar med å sikre nok personell med rett kompetanse. Auka vektlegging av helsefremmande tiltak betyr at det er behov for større fagleg breidde og tverrfagleg samarbeid. For å møte kompetansebehova vil regjeringa

  • bidra til auka kompetanse gjennom gode utdanningar, også desentraliserte utdanningstilbod

  • vurdere om retningslinjene i RETHOS møter behova til brukarar og pasientar

  • vidareføre arbeidet med å rekruttere lærebedrifter innanfor alle utdanningsprogram

  • følge utviklinga for helsefag i høgare yrkesfagleg utdanning

  • bidra til kvalifisering av tilsette i omsorgstenesta gjennom grunn- og vidareutdanning

  • bidra til opplæring av ufaglærte fram til fagbrev som helsefagarbeidar

  • bidra til auka kvalitet og kapasitet på praksisplassar i kommunane

  • lansere «verktøykasse» for personsentrert omsorg og miljøbehandling for personar med demens

Omstilling og organisering

For å legge til rette for gode og trygge tenester og best mogleg bruk av tilgjengeleg personell, er det viktig at tenestene driv tenesteutvikling og prøver ut nye måtar å jobbe på. Regjeringa vil i tråd med Hurdalsplattforma stimulere til tiltak som bidrar til nye måtar å jobbe på som gir god hjelp, behandling og omsorg til befolkninga i heile landet. Regjeringa vil bidra til auka merksemd om omstilling og organisering gjennom å

  • greie ut modellar for faste team i heimetenesta

  • stimulere til utvikling av ei fleirfagleg fastlegeteneste

  • utvide Tørn-prosjektet i KS til eit program for heile helse- og omsorgstenesta

  • bidra til å auke merksemda rundt behovet for klinisk observasjonskompetanse i dei kommunale helse- og omsorgstenestene

  • gi Helsedirektoratet i oppdrag å utarbeide rettleiingsmateriale for gode vedtaksprosessar

  • kartlegge bruken av og erfaringa med tildelingskontor

Kvalitet og leiing

For å legge til rette for at fleire eldre kan bli buande heime lenger, er det nødvendig med god leiing og god planlegging. Kunnskap og kompetanse om, og ikkje minst verktøy og system som legg til rette for, systematisk arbeid med kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik, bidrar til gode og trygge tenester. Regjeringa vil derfor

  • bidra til å styrke leiingskompetansen i den kommunale helse- og omsorgstenesta

  • vidareføre satsinga på nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta

  • legge til rette for utvikling av ei kort nettbasert leiarutdanning for leiarar i kommunale helse- og omsorgstenester

  • vidareutvikle og spreie gode modellar for tillitsbasert styring og leiing i den kommunale helse- og omsorgstenesta

  • greie ut behovet for å utvikle fleire kvalitetsindikatorar og styrke kvaliteten på dei eksisterande indikatorane

Forsking og kunnskapsbasert praksis

Meir forsking og tilgang på kunnskap er ein sentral føresetnad for å kunne jobbe kunnskapsbasert. Vi vil sørge for at kunnskap og forsking blir gjord tilgjengeleg og tatt i bruk. Regeringa vil

  • støtte utviklinga av kunnskaps- og forskingssystem i dei kommunale helse- og omsorgstenestene

  • legge til rette for auka utvikling og implementering av forskingsresultat i helse- og omsorgstenesta

  • legge til rette for meir og betre organisert samarbeid om forsking som er relevant for kunnskapsbehovet til kommunane

Innsatsområde 4 – tryggleik for brukarar og støtte til pårørande

Mange eldre har god helse og treng ikkje omfattande hjelp eller tenester. Men med aukande alder får dei fleste ein eller fleire sjukdommar dei treng oppfølging for og hjelp til å meistre. God tilgjengelegheit og kvalitet er derfor viktig for alle. Det er eit mål at alle skal ha likeverdig tilgang til helse- og omsorgstenester, uavhengig av bustad, diagnose, personleg økonomi, kjønn, etnisk bakgrunn og livssituasjon. Regjeringa vil vidareutvikle og styrke den felles helsetenesta vår, slik at alle får ein trygg alderdom.

Dei aller fleste mottakarane av helse- og omsorgstenester bur heime. Derfor vil regjeringa rette innsatsen mot heimetenesta. Gode og behovsstyrte tenester i heimen er viktig for auka tryggleik og eit godt liv. Det må bli satt saman gode lag for å vareta behova til den enkelte. Med utgangspunkt i spørsmålet «Kva er viktig for deg?» skal tenestene tilpasse seg ønska og behova til den enkelte, både fysiske, psykiske, sosiale og eksistensielle. På den måten kan den enkelte leve eit liv med meining og meistring og oppleve at dei grunnleggande verdiane og interessene blir varetatt. Kjernen i den nye heimetenesta er at brukarane og pasientane skal få gode og tilpassa tenester i heimen, og at ein set inn rett kompetanse og tiltak som set dei enkelte i stand til å bu heime så lenge dei kan og vil. Ambisjonane til regjeringa for den nye heimetenesta kan sorterast under tre område:

  • førebyggande og aktivitetsfremmande tenester

  • kvalitet og kapasitet

  • støtte til pårørande

Førebyggande og aktivitetsfremmande tenester

Dei kommunale helse- og omsorgstenestene skal bidra til at den enkelte får høve til å leve og bu sjølvstendig, og til å ha eit aktivt og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre. Dette er grunnleggande verdiar som er nedfelte i helse- og omsorgstenestelova, og som kommunane må legge til grunn når dei formar ut tenestetilbodet sitt. Aktivitet og meistring er sentrale område for å utvikle ei helse- og omsorgsteneste som arbeider førebyggande, og som gjer det trygt for eldre å bu heime. For å bidra til meir førebyggande og aktivitetsfremmande tenester vil regjeringa

  • greie ut korleis ein nasjonal aktivitetsgaranti kan bli forma og innført i løpet av planperioden for reforma

  • bidra til betre psykisk helse og førebygge psykiske plager og einsemd blant eldre, blant anna ved å kartlegge den psykiske helsa og livskvaliteten.

  • lage ein vegvisar for folkehelsetiltak mot einsemd

  • ta initiativ til eit samarbeidsprosjekt med kommunesektoren og frivillig sektor om fleksible, varierte og tilpassa aktivitetstilbod til personar med demens

  • stimulere til at fleire kommunar tar i bruk førebyggande heimebesøk

  • sette i verk tiltak som bidrar til at eldre blir tilbydde tilpassa rehabiliteringstilbod, blant anna kvardagsrehabilitering

  • gjennomføre tiltak for auka mat- og ernæringskompetanse i tenestene

  • gjennomføre tiltak for meir systematisk ernæringsarbeid i tenestene

Kvalitet og kapasitet

Ein føresetnad for at fleire skal kunne bu heime lenger, er at den enkelte og deira pårørande kjenner seg trygge på at eit tenestetilbod med tilstrekkeleg kapasitet, kompetanse og kvalitet er tilgjengeleg når behovet oppstår. Det handlar både om at innbyggarane har enkel tilgang til tenestene, og om at det tilbodet dei får, er forsvarleg og dekker behova den enkelte og deira pårørande har. Dette krev at vi tenker nytt om korleis vi kan samarbeide og nå ut med gode tenester til befolkninga. Det er behov for å involvere fleire i utforminga av tenester, slik at vi stimulerer til innovasjon og nytenking. For å sørge for tilstrekkeleg kvalitet og kapasitet i tenesta vil regjeringa

  • vidareutvikle og styrke allmennlegetenestene og utvikle ei fleirfagleg fastlegeteneste

  • bidra til auka kapasitet av heildøgns omsorgsplassar i sjukeheimar og omsorgsbustader

  • følge opp oppfølgingsplanen for lindrande behandling og omsorg og vurdere innretninga og behovet for nye tiltak

  • følge opp Demensplan 2025 og evaluere erfaringane

  • oppmode kommunane til å ha éi dør inn til informasjon om og kontakt med kommunale tenester for eldre

  • etablere ei helseteknologiordning for å avlaste risiko og stimulere til investeringar i ny helse- og velferdsteknologi i kommunane

  • sette ned eit utval som skal greie ut nye moglegheiter og modellar for å skape velferd saman med innbyggarane, dei tilsette, frivilligheita, brukar- og pårørandeorganisasjonar, ideelle leverandørar og næringslivet

Støtte til pårørande

Den norske helse- og omsorgsmodellen er kjenneteikna ved eit nært samspel mellom tenestene og familie og pårørande. Mange pårørande ønsker å hjelpe og støtte sine næraste når det er behov for det. Men mange pårørande opplever å stå i svært krevjande omsorgssituasjonar over fleire år og opplever at dei ikkje blir lytta til, eller at dei bruker mykje ressursar på å finne informasjon, koordinere tenestetilbodet og andre krevjande oppgåver. Pårørande gjer ein stor innsats med omsorg for sine nærståande. Hjelp frå pårørande og frivillige er ofte ein føresetnad for at eldre personar med omfattande omsorgsbehov skal kunne bu i sin eigen heim. For å støtte pårørande vil regjeringa

  • greie ut modellar for systematisk oppfølging av brukar- og pårørandeundersøkingar

  • følge opp strategien Vi – de pårørende og evaluere erfaringane

  • utvikle og implementere verktøyet pårørandeavtalar

  • utvikle rettleiingsmateriell om fleksible avlastingstilbod i kommunane for pårørande

  • gjere permisjonsrettane til pårørande betre kjende

Fotnotar

1.

Comte Bureau (2022).

2.

Comte Bureau AS (2022).

Til forsida