Meld. St. 27 (2023–2024)

Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred

Utfordringane knytte til flaum og skred er store og aukande, særleg på grunn av klimaendringane. Regjeringa vil derfor styrke arbeidet med førebygging for å auke tryggleiken for innbyggarane. Førebygging omfattar både sikringstiltak og tiltak knytte til kartlegging, arealplanlegging, overvaking og varsling. Beredskapen og krisehandteringa må òg styrkast. Dette er eit arbeid som krev systematisk innsats over lang tid. Styrkt førebygging vil bidra til å redusere skadane frå flaum og skred og dermed kunne spare samfunnet for store kostnader. Meldinga dekker alle fasar i arbeidet med flaum og skred – frå førebygging, via handtering under ei hending til fasen etter ei hending. Meldinga beskriv farar og konsekvensar knytte til ulike typar flaum og skred, lovverket, risikohandtering, ansvarsdelinga mellom dei ulike aktørane og organiseringa av forvaltninga. Hovudvekta i meldinga ligg på naturfaretypane flaum og skred, men tilgrensande farar som overvatn, stormflod og havnivåstiging er òg omtalte. Tryggleik for folk der dei bur, er det som får størst merksemd, men i tillegg omtaler meldinga flaum og skred innan landbruk, samferdsel og annan infrastruktur.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg meldinga på Stortinget