2 Utgifter under departementa
Tabell 2.1 Utgifter 2018 etter programområde (tal i mrd. kroner)
Programområde/ departement inkludert lånetransaksjonar | Referanse til omtale | Budsjett 2018 | Rekneskap 2018 | Avvik budsjett og rekneskap |
---|---|---|---|---|
Kongehuset | 0,4 | 0,4 | 0,0 | |
Regjeringa | 0,4 | 0,4 | 0,0 | |
Stortinget og underliggjande institusjonar | 2,9 | 2,6 | 0,3 | |
Sum 00 Konstitusjonelle institusjonar | 2.1 | 3,6 | 3,3 | 0,3 |
02 Utanriksforvaltning | 5,4 | 5,5 | -0,1 | |
03 Internasjonal bistand | 32,1 | 31,6 | 0,5 | |
Sum Utanriksdepartementet, UD | 2.2 | 37,5 | 37,1 | 0,4 |
Sum 07 Kunnskapsføremål, KD | 2.3 | 119,4 | 120,0 | -0,6 |
Sum 08 Kulturføremål, KUD | 2.4 | 14,3 | 14,1 | 0,2 |
Sum 06 Justissektoren, JD | 2.5 | 40,0 | 39,3 | 0,7 |
Sum 13 Kommunal, bustad og modernisering, KMD | 2.6 | 209,9 | 209,0 | 0,9 |
09 Arbeid og sosiale føremål | 36,4 | 36,9 | -0,4 | |
29 Sosiale føremål, folketrygda | 397,4 | 397,5 | -0,1 | |
33 Arbeidsliv, folketrygda | 11,8 | 11,8 | 0,0 | |
Sum Arbeids- og sosialdepartementet, ASD | 2.7 | 445,6 | 446,1 | -0,5 |
10 Helse og omsorg | 166,4 | 165,7 | 0,7 | |
30 Helsetenester, folketrygda | 31,3 | 31,4 | -0,1 | |
Sum Helse- og omsorgsdepartementet, HOD | 2.8 | 197,7 | 197,1 | 0,6 |
11 Barn og likestilling | 27,6 | 27,6 | 0,0 | |
28 Foreldrepengar, folketrygda | 19,5 | 19,5 | -0,1 | |
Sum Barne- og likestillingsdepartementet, BLD | 2.9 | 47,1 | 47,1 | 0,0 |
17 Nærings- og fiskeriføremål | 71,3 | 70,1 | 1,1 | |
33 Arbeidsliv, folketrygda | 0,1 | 0,1 | 0,0 | |
Sum Nærings- og fiskeridepartementet, NFD | 2.10 | 71,4 | 70,2 | 1,1 |
Sum 15 Landbruk og mat, LMD | 2.11 | 19,3 | 20,2 | -0,8 |
21 Innanlands transport | 67,3 | 65,6 | 1,7 | |
22 Post og telekommunikasjonar | 1,2 | 1,1 | 0,1 | |
Sum Samferdselsdepartementet, SD | 2.12 | 68,4 | 66,6 | 1,8 |
Sum 12 Klima og miljø, KLD | 2.13 | 13,1 | 13,2 | -0,2 |
23 Finansadministrasjon | 2.14 | 43,5 | 43,7 | -0,2 |
24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag | 4.2 | 44,7 | 54,6 | -9,9 |
Sum Finansdepartementet, FIN | 88,2 | 98,3 | -10,1 | |
Sum 04 Militært forsvar, FD | 2.15 | 56,8 | 56,9 | -0,1 |
Sum 18 Olje- og energiføremål, OED | 2.16 | 29,3 | 28,0 | 1,3 |
Sum 26 Ymse utgifter | 0,1 | 0,0 | 0,0 | |
Sum 34 Statens pensjonsfond utland | 1.7/3.1 | 258,9 | 251,0 | 8,0 |
Sum utgifter1) | 1 720,5 | 1 717,6 | 2,9 |
1) Tabell 1.6 i kapittel 1 syner ei mindreutgift på 757 mill. kroner utan lånetransaksjonar, statleg petroleumsverksemd og overføring til Statens pensjonsfond utland. Netto mindreutgifter for desse postane utgjer 2 191 mill. kroner. Dette gjev 2 948 mill. kroner i brutto mindreutgifter med lånetransaksjonar.
Dette kapittelet inneheld ei kort omtale av rekneskapen til kvart einskilt departement og av statlege utlån. Kapittelet syner utviklinga på programområde og programkategoriar dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2016, 2017 og 2018 synt i ein tabell saman med nysaldert budsjett for 2018. Samla lånetransaksjonar kjem fram på ei særskild rad.
Tabell 2.1 syner utgifter etter programområde per departement, og med referanse til avsnitt i meldinga med nærare omtale.
Tabellane i avsnitta 2.1 til 2.16 nedanfor er ordna i ei rekkefølgje som er avleia av departementa sine kapittelnummer i statsbudsjettet. Avsnitt 2.17 inneheld ei kort omtale av statlege utlån.
Rekneskapen vert i utgangspunktet gjord opp på kapittel- og postnivå. For detaljar knytte til kapittel og postar, sjå vedlegg 2, Løyvingsrekneskap for staten. Overføringar av unytta løyvingar frå eit år til det neste vert vedtekne på postnivå. Unytta beløp kan overførast på postar merkte «kan overførast», medan vanlege driftspostar berre kan overførast med opp til fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførte beløp er difor ikkje den same som summen av unytta løyvingar på programområdet sett under eitt. Tabell 1.10 i vedlegg 1 syner utgiftsløyvingar, rekneskap og overførte løyvingar utanom lånetransaksjonar per programområde og gjev eit oversyn over samla meirinntekter knytte til områda.
Det er eitt forhold som er viktig å vere klår over ved samanlikning av rekneskapstala for perioden 2016 til 2018:
Det vart i 2017 innført ei forenkla pensjonspremieordning for ordinære statlege forvaltningsorgan som tidlegare ikkje betalte premie til Statens pensjonskasse (SPK). Omlegginga innebar at samla driftsutgifter på om lag 7,5 mrd. kroner vart fordelte frå dei sentrale budsjettkapitla 612 og 613 under ASD/SPK til dei statlege verksemdene sine eigne kapittel. Det må takast omsyn til dette ved samanlikning av rekneskapstala frå 2016 med tal for 2017 og 2018, då utgifter under programkategoriar med stort innslag av lønsutgifter vil framstå lågare i 2016. Sjå òg omtale under ASD, programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse, jf. avsnitt 2.7.
Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med rekneskapen.
2.1 Konstitusjonelle institusjonar
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Program-kategori | Rekneskap 2016 | Rekneskap 2017 | Budsjett 2018 | Rekneskap 2018 | |
00.10 | Kongehuset | 232,2 | 247,5 | 357,3 | 357,3 |
00.30 | Regjeringa | 374,0 | 402,3 | 419,7 | 409,0 |
00.40 | Stortinget og underliggjande institusjonar | 2 163,9 | 2 243,3 | 2 851,2 | 2 560,5 |
Sum før lånetransaksjonar | 2 770,1 | 2 893,2 | 3 628,2 | 3 326,8 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Konstitusjonelle institusjonar | 2 770,1 | 2 893,2 | 3 628,2 | 3 326,8 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 301,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 90,9 mill. kroner, frå 3 628,2 mill. kroner til 3 719,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 392,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 0,1 mill. kroner. Det er overført til saman 355,0 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein auke på 264 mill. kroner, hovudsakleg knytt til større utbetrings- og fornyingstiltak på kapittel 41 Stortinget. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,6 mrd. kroner, frå 2,8 mrd. kroner til 3,3 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 4,4 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 15,0 prosent.
Under programkategori 00.10 Kongehuset har utgiftene auka med 125 mill. kroner, frå 232 mill. kroner til 357 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 6,6 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 44,4 prosent. Auken frå 2016 til 2018 var i hovudsak knytt til sikringstiltak for kongefamilien.
Under programkategori 00.30 Regjeringa har utgiftene auka med 35 mill. kroner, frå 374 mill. kroner til 409 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 7,6 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 1,7 prosent. Auken frå 2016 til 2017 heng særleg saman med ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, kjøp av sikkerheitskøyretøy og overføring av biltenester frå Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet. Endringa frå 2017 til 2018 er påverka av at nokre saker vart overførte frå Regjeringsadvokaten til ei ny prosedyreeining i Utlendingsnemnda.
Under programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar har utgiftene auka med 397 mill. kroner, frå 2 164 mill. kroner til 2 561 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 3,7 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 14,1 prosent. Båe åra var det særleg utgiftene til større ombyggingsarbeid i Prinsens gate 26, nytt post- og varemottak og ekstra garasjenedkøyring som vaks.
2.2 Utanriksdepartementet
Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 02 Utanriksforvaltning og programområde 03 Internasjonal bistand (ODA).
Programområde 02 Utanriksforvaltning | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2016 | Rekneskap 2017 | Budsjett 2018 | Rekneskap 2018 | |
02.00 | Administrasjon av utanrikstenesta | 2 198,4 | 2 321,7 | 2 398,6 | 2 436,8 |
02.10 | Utanriksføremål | 4 950,5 | 3 797,5 | 2 818,3 | 2 915,0 |
Sum før lånetransaksjonar | 7 148,9 | 6 119,2 | 5 216,9 | 5 351,8 | |
Lånetransaksjonar | 192,7 | 189,8 | 190,4 | 177,9 | |
Sum 02 Utanriksforvaltning | 7 341,6 | 6 309,0 | 5 407,3 | 5 529,7 |
Programområde 03 Internasjonal bistand | |||||
---|---|---|---|---|---|
03.00 | Administrasjon av utviklingshjelpa | 1 707,0 | 1 844,7 | 1 956,7 | 1 904,6 |
03.10 | Bilateral bistand | 3 355,0 | 3 690,3 | 4 225,1 | 4 147,7 |
03.20 | Globale ordningar | 22 545,2 | 18 698,3 | 18 834,7 | 18 427,6 |
03.30 | Multilateral bistand | 5 294,3 | 5 686,0 | 5 814,7 | 5 814,2 |
Sum før lånetransaksjonar | 32 901,6 | 29 919,3 | 30 831,2 | 30 294,1 | |
Lånetransaksjonar | 1 108,5 | 1 125,0 | 1 265,6 | 1 265,6 | |
Sum 03 Internasjonal bistand | 34 010,1 | 31 044,3 | 32 096,8 | 31 559,7 | |
Sum Utanriksdepartementet | 41 351,7 | 37 353,3 | 37 504,1 | 37 089,4 |
Programområde 02 Utanriksforvaltning
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 134,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 432,5 mill. kroner, frå 5 216,9 mill. kroner til 5 649,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 297,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 19,4 mill. kroner. Det er overført til saman 317,7 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 12,5 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 02 Utanriksforvaltning har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 1,8 mrd. kroner, frå drygt 7,1 mrd. kroner til knapt 5,4 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 14,4 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 12,5 prosent.
Under programkategori 02.00 Administrasjon av utanrikstenesta har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 2,2 mrd. kroner til 2,4 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 5,6 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 5,0 prosent. Auken frå 2016 til 2017 hang i hovudsak saman med ny modell for pensjonspremiebetaling til SPK.
Under programkategori 02.10 Utanriksføremål har utgiftene minka med 2,0 mrd. kroner, frå knapt 5,0 mrd. kroner til drygt 2,9 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 23,3 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 23,2 prosent. Dei store variasjonane i utbetalte beløp per år har i hovudsak samanheng med utbetalingar under EØS-finansieringsordningane.
Programområde 03 Internasjonal bistand
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 537,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 351,3 mill. kroner, frå 30 831,2 mill. kroner til 31 182,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 888,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 17,5 mill. kroner. Det er overført til saman 797,1 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein auke på 446 mill. kroner og gjeld hovudsakleg tilskotsmidlar under fleire kapittel. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 03 Internasjonal bistand har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 2,6 mrd. kroner, frå 32,9 mrd. kroner til 30,3 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 9,1 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 1,3 prosent.
Under programkategori 03.00 Administrasjon av utviklingshjelpa har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,7 mrd. kroner til 1,9 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 8,1 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 3,2 prosent. Auken frå 2016 til 2017 har i hovudsak samanheng med ny modell for pensjonspremiebetaling til SPK.
Under programkategori 03.10 Bilateral bistand har utgiftene auka med 0,8 mrd. kroner, frå knapt 3,4 mrd. kroner til drygt 4,1 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 10,0 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 12,4 prosent. Auken har i hovudsak samanheng med auka bilateral bistand til afrikanske land.
Under programkategori 03.20 Globale ordningar har utgiftene minka med 4,1 mrd. kroner, frå 22,5 mrd. kroner til 18,4 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 17,1 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 1,4 prosent. Endringane er hovudsakleg knytte til flyktningutgifter i Noreg (kapittel 167, post 21) som kan variere frå år til år.
Under programkategori 03.30 Multilateral bistand har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 5,3 mrd. kroner til 5,8 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 7,4 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 2,3 prosent. Endringane er hovudsakleg knytte til auka utbetalingar til mellom anna FN og Verdsbanken.
Utbetalingar til utviklingshjelp i perioden 2014–2018
For 2018 er samla offisiell utviklingshjelp (ODA) utrekna til 34 768 mill. kroner. I denne summen inngår:
31 710,8 mill. kroner under Utanriksdepartementet (inkl. 151 mill. kroner av innskotet i Den asiatiske investeringsbanken for infrastruktur (AIIB). 85 prosent av innskotet er godkjent som utviklingshjelp (ODA) og løyvd under programområde 02, kap. 116, post 90)
2 964,0 mill. kroner under Klima- og miljødepartementet (klimatiltak på kap. 1482)
37,6 mill. kroner til utviklingsprosjekt under Riksrevisjonen (utviklingsprosjekt kap. 51)
39,2 mill. kroner under Finansdepartementet (nettoført mva. på kap. 1633).
16,2 mill. kroner under Kunnskapsdepartementet (forsking kap. 285)
Samla utbetalingar i 2018, i alt 34 768 mill. kroner, utgjer 0,94 prosent av BNI for 2018, slik BNI for 2018 no er venta.
Tabellen nedanfor syner tal for samla norsk offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2014–2018:
År | Utbetalt i mill. kroner | Utbetalt i prosent av BNI1) | Unytta løyving overført til neste termin (i mill. kroner) | Unytta løyving overført neste budsjettermin, i prosent av budsjett |
---|---|---|---|---|
2014 | 32 136 | 0,98 | 727 | 2,2 |
2015 | 34 657 | 1,05 | 170 | 0,5 |
2016 | 36 738 | 1,12 | 783 | 2,1 |
2017 | 34 262 | 1,00 | 390 | 1,1 |
2018 | 34 768 | 0,94 | 852 | 2,5 |
1) Rekna ut på bakgrunn av faktisk BNI det aktuelle året. I budsjettsamanheng vert utviklingshjelpa målt i prosent av forventa BNI komande budsjettår.
2.3 Kunnskapsdepartementet
Programområde 07 Kunnskapsføremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2016 | Rekneskap 2017 | Budsjett 2018 | Rekneskap 2018 | |
07.10 | Administrasjon | 271,0 | 357,2 | 407,8 | 408,3 |
07.20 | Grunnopplæring | 10 984,2 | 11 829,5 | 12 282,2 | 12 262,7 |
07.30 | Barnehagar | 573,5 | 657,2 | 805,8 | 820,5 |
07.40 | Høgare yrkesfagleg utdanning1) | 0,0 | 0,0 | 719,4 | 711,0 |
07.50 | Kompetansepolitikk og livslang læring | 2 013,0 | 2 057,1 | 2 126,7 | 2 143,3 |
07.60 | Høgare utdanning1) | 34 529,6 | 36 169,3 | 37 281,2 | 37 549,3 |
07.70 | Forsking | 7 408,6 | 7 171,6 | 7 860,5 | 7 856,7 |
07.80 | Utdanningsfinansiering | 11 868,8 | 12 515,4 | 13 290,6 | 13 462,2 |
07.90 | Integrering og mangfald2) | 13 195,8 | 18 427,6 | 17 436,5 | 17 466,6 |
Sum før lånetransaksjonar | 80 844,4 | 89 185,0 | 92 210,7 | 92 680,6 | |
Lånetransaksjonar | 24 139,6 | 25 992,9 | 27 213,8 | 27 331,1 | |
Sum Kunnskapsdepartementet | 104 983,9 | 115 177,9 | 119 424,4 | 120 011,7 |
1) Frå 2018 er programkategori 07.40 skilt ut frå kategori 07.60. Tal for 2016 og 2017 er ikkje omklassifiserte.
2) Frå 2018 vart programkategori 06.95 Integrering og mangfald overført frå Justis- og beredskapsdepartementet til programkategori 07.90 under Kunnskapsdepartementet. Samanliknbare tal for 2016 og 2017 er omklassifiserte.
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 469,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 1 046,9 mill. kroner, frå 92 210,7 mill. kroner til 93 257,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 577,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 23,4 mill. kroner. Det er overført til saman 582,7 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein nedgang på 464 mill. kroner, som for ein stor del gjeld internasjonal mobilitet og tilskot til bygging av studentbustader på kapittel 270. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.
Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 117,3 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 07 Kunnskapsføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 11,8 mrd. kroner, frå 80,8 mrd. kroner til 92,7 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 10,3 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 3,9 prosent.
Under programkategori 07.10 Administrasjon har utgiftene auka med 137 mill. kroner, frå 271 mill. kroner til 408 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 31,8 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 14,3 prosent. Auken frå 2016 til 2017 kjem mellom anna av at departementet i 2017 fekk tilført 58 mill. kroner til dekning av husleige og vedlikehald av noverande lokale. Tidlegare vart storparten av desse kostnadene dekte av Statsbygg. Innføring av ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse innebar ein auke på om lag 28 mill. kroner i samla driftsutgifter til løn under departementet. Auken frå 2017 til 2018 kjem mellom anna av at departementet fekk tilført 23,4 mill. kroner under programkategori 07.10 i samband med at programkategori 06.95 Integrering og mangfald vart overførd frå Justis- og beredskapsdepartementet til programkategori 07.90 under Kunnskapsdepartementet. I tillegg auka utgiftene som følgje av at det var løyvt pengar til kostnader med samanslåing, flytting og anna omstilling i samband med ei omorganisering av dei sentraladministrative oppgåvene i kunnskapssektoren.
Under programkategori 07.20 Grunnopplæring har utgiftene auka med 1,3 mrd. kroner, frå 11,0 mrd. kroner til 12,3 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 7,7 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 3,7 prosent. Grunnopplæringa vert stort sett finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Ein stor del av løyvingane over programkategori 07.20 er tilskot til frittståande skular og kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, inkludert vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. Utgiftsauken frå 2016 til 2018 kjem mellom anna av satsinga på vidareutdanning for lærarar, og auka tilskot til lærarinnsats på fyrste til tiande trinn.
Under programkategori 07.30 Barnehagar har utgiftene auka med drygt 0,2 mrd. kroner, frå 0,6 mrd. kroner til 0,8 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 14,6 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 24,8 prosent. Barnehagane vert stort sett finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane. Utgiftsauken i perioden kjem for det meste av auka løyvingar til satsing på kvalitet og kompetanseheving for personalet i barnehagen, medrekna eit mellombels øyremerkt tilskott til bemanningstettleik. I tillegg har det vore ein auke i tilskotet til symjing i barnehagane.
Programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning er ny og vart skild ut frå programkategori 07.60 i statsbudsjettet for 2018. Det vart flytta over 141 mill. kroner til den nye kategorien frå andre postar på Kunnskapsdepartementets budsjett. Mesteparten av løyvinga under programkategori 07.40 vart tilført Kunnskapsdepartementet frå andre departement. I samband med innføring av ei ny tilskottsordning for driftsmidlar til fagskular i 2018 vart 441 mill. kroner overført frå rammetilskottet til fylkeskommunane og 116 mill. kroner frå budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet. Elles er det ein løyvingsauke til nye studieplassar i fagskulane i 2018.
Under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring har utgiftene auka med drygt 0,1 mrd. kroner, frå 2,0 mrd. kroner til drygt 2,1 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 2,2 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 4,2 prosent. Auken frå 2017 til 2018 kjem for det meste av auka kontingent for norsk deltaking i EUs utdannings- og ungdomsprogram Erasmus+.
Under programkategori 07.60 Høgare utdanning har utgiftene auka med 3,0 mrd. kroner, frå 34,5 mrd. kroner til 37,5 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 3,8 prosent. Frå 2018 er løyvingane til fagskuleutdanning ført over frå programkategori 07.60 til ny programkategori 07.40 Fagskuleutdanning. Auken i perioden skriv seg mellom anna frå at studieplassar og rekrutteringsstillingar oppretta i 2017 og tidlegare, er førte vidare. Samstundes har nye rekrutteringsstillingar og nye studieplassar i 2018 òg auka utgiftene. Studiepoengproduksjonen har auka dei siste åra som følgje av auken i talet på studieplassar, og saman med endringar i finansieringssystemet gir dette utslag i den resultatbaserte utteljinga i finansieringssystemet, som i 2018 var på om lag 11,4 mrd. kroner. Samstundes er basisløyvinga i finansieringssystemet òg auka i 2018. Andre årsaker til auken er løyvingar til utstyr og husleige i nybygg, planlegging og prosjektering av bygg og til å oppgradere bygningar.
Under programkategori 07.70 Forsking har utgiftene auka med drygt 0,4 mrd. kroner, frå 7,4 mrd. kroner til knapt 7,9 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 3,2 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 9,6 prosent. Nedgangen frå 2016 til 2017 skriv seg i hovudsak frå ein eittårig reduksjon i løyvingane til forskingsinfrastruktur i Noregs forskingsråd på 337 mill. kroner. I tillegg vart løyvingane til administrasjon i Forskingsrådet, og løyvingane til regionale forskingsfond reduserte. Auken frå 2017 til 2018 er hovudsakleg fordi den eittårige reduksjonen i løyvinga til forskingsinfrastruktur i Noregs forskingsråd tok slutt og at alle løyvingar frå departementa til verksemdskostnader i Noregs forskingsråd frå 2018 er samla under programkategori 07.70 Forsking. Det har òg vore ein auke på 100 mill. kroner frå 2017 til 2018 til kontingenten til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon.
Under programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering har utgiftene auka med 1,6 mrd. kroner, frå 11,9 mrd. kroner til 13,5 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 5,4 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 7,6 prosent. Auken frå 2016 til 2017 kjem hovudsakleg av høgare studenttal og innfasing av ei veke meir med stønad i opptrapping mot 11 månader med studiestønad. Auken frå 2017 til 2018 kjem av høgare studenttal, innfasing av endå ei veke meir med stønad og auke i talet på mottakarar av flyktningstipend og ekstrastipend for søkjarar med nedsett funksjonsevne.
Under programkategori 07.90 Integrering og mangfald har utgiftene auka med 4,3 mrd. kroner, frå 13,2 mrd. kroner til 17,5 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 39,6 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 5,2 prosent. Hovudårsaka til auken frå 2016 til 2017 og nedgangen frå 2017 til 2018 er endringar i talet på busette flyktningar som utløyser integreringstilskot til kommunane.
Utgiftene til lånetransaksjonar har auka med 3,2 mrd. kroner, frå 24,1 mrd. kroner til 27,3 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 7,7 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 5,1 prosent. Årsaka til auken frå 2017 er auke i studiestønaden gjennom Lånekassa som følgje av høgare studenttal og at det er lagt inn ei veke meir med stønad i opptrapping mot 11 månader med studiestønad. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar om utlåna frå Lånekassa er nærare spesifiserte.
2.4 Kulturdepartementet
Programområde 08 Kulturføremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2016 | Rekneskap 2017 | Budsjett 2018 | Rekneskap 2018 | |
08.10 | Administrasjon | 144,5 | 165,5 | 174,3 | 174,5 |
08.15 | Frivilligheitsføremål | 1 775,5 | 1 597,3 | 1 804,9 | 1 820,1 |
08.20 | Kulturføremål | 7 587,0 | 7 807,6 | 8 261,7 | 8 096,6 |
08.30 | Medieføremål m.m. | 1 293,7 | 1 299,6 | 1 380,7 | 1 366,0 |
08.40 | Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn1) | 2 348,8 | 2 824,0 | 2 694,5 | 2 668,6 |
Sum før lånetransaksjonar | 13 149,4 | 13 693,9 | 14 316,1 | 14 125,9 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Kulturdepartementet | 13 149,4 | 13 693,9 | 14 316,1 | 14 125,9 |
1) Den norske kyrkja vart frå 1.1.2017 skilt ut frå staten, og etablert som eit eige rettssubjekt. Den ordinære løyvinga frå staten vart erstatta med eit årleg tilskot til kyrkja.
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 190,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 320,7 mill. kroner, frå 14 316,1 mill. kroner til 14 636,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 510,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 27,1 mill. kroner. Det er overført til saman 523,2 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein auke på 203 mill. kroner, som for ein stor del gjeld tilskot til nasjonale kulturbygg, jf. kapittel 322. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 08 Kulturføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,0 mrd. kroner, frå 13,1 mrd. kroner til 14,1 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 4,1 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 3,2 prosent.
Under programkategori 08.10 Administrasjon har utgiftene auka med 30 mill. kroner, frå 144 mill. kroner til 174 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 14,6 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 5,4 prosent.
Under programkategori 08.15 Frivilligheitsføremål har utgiftene auka med 45 mill. kroner, frå 1 776 mill. kroner til 1 820 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 10,0 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 14,0 prosent. Auken frå 2017 til 2018 gjeld i hovudsak meirverdiavgiftskompensasjonsordningane, og særleg ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg.
Under programkategori 08.20 Kulturføremål har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 7,6 mrd. kroner til 8,1 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 2,9 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 3,7 prosent.
Under programkategori 08.30 Medieføremål m.m. har utgiftene auka med knapt 0,1 mrd. kroner, frå 1,3 mrd. kroner til knapt 1,4 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 0,5 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 5,1 prosent. Auken frå 2017 til 2018 kjem i hovudsak av utbetalingar frå insentivordninga for film- og tv-produksjonar.
Under programkategori 08.40 Den norske kyrkjaog andre trus- og livssynssamfunn har utgiftene auka med 320 mill. kroner, frå 2 349 mill. kroner til 2 669 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 20,2 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 5,5 prosent. Nedgangen frå 2017 til 2018 kjem av at særskilde tilskot til Den norske kyrkja i 2017 i samband med etableringa av kyrkja som eit eige rettssubjekt, ikkje er førte vidare i 2018.
2.5 Justis- og beredskapsdepartementet
Programområde 06 Justissektoren | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Program-kategori1) | Rekneskap 2016 | Rekneskap 2017 | Budsjett 2018 | Rekneskap 2018 | |
06.10 | Administrasjon | 479,8 | 573,6 | 550,7 | 561,5 |
06.20 | Rettsstell | 2 624,5 | 2 866,8 | 2 956,6 | 2 956,6 |
06.30 | Kriminalomsorg | 4 521,0 | 5 114,9 | 5 188,0 | 5 166,0 |
06.40 | Politi- og påtalemakt | 17 107,0 | 19 442,3 | 20 395,7 | 20 348,6 |
06.50 | Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap | 3 214,4 | 3 583,4 | 4 665,5 | 4 177,3 |
06.60 | Andre verksemder | 1 571,4 | 1 573,4 | 1 570,0 | 1 516,8 |
06.70 | Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m. | 1 611,6 | 1 461,9 | 1 542,5 | 1 522,4 |
06.80 | Svalbardbudsjettet | 276,1 | 268,2 | 291,4 | 340,8 |
06.90 | Beskyttelse og innvandring | 8 166,7 | 4 069,7 | 2 813,9 | 2 720,0 |
Sum før lånetransaksjonar | 39 572,5 | 38 954,3 | 39 974,4 | 39 310,1 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Justis- og beredskapsdepartementet | 39 572,5 | 38 954,3 | 39 974,4 | 39 310,1 |
1) Frå 2018 vart programkategori 06.95 Integrering og mangfald overført frå Justis- og beredskapsdepartementet til programkategori 07.90 under Kunnskapsdepartementet. Samanliknbare tal for 2016 og 2017 er omklassifiserte.
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 664,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 1 185,2 mill. kroner, frå 39 974,4 mill. kroner til 41 159,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 849,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 127,2 mill. kroner. Det er overført til saman 1 251,9 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 06 Justissektoren har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 0,3 mrd. kroner, frå 39,6 mrd. kroner til 39,3 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 1,6 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 0,9 prosent.
Under programkategori 06.20 Rettsstell har utgiftene auka med drygt 0,3 mrd. kroner, frå 2,6 mrd. kroner til 3,0 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 9,2 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 3,1 prosent. Auken frå 2017 til 2018 kjem i hovudsak som følgje av auka kapasitet i domstolane.
Under programkategori 06.10 Administrasjon har utgiftene auka med 82 mill. kroner, frå 480 mill. kroner til 562 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 19,6 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 2,1 prosent. Nedgangen frå 2017 til 2018 kjem mellom anna av at Integreringsavdelinga vart overført til Kunnskapsdepartementet 1. mai 2018.
Under programkategori 06.30 Kriminalomsorg har utgiftene auka med drygt 0,6 mrd. kroner, frå 4,5 mrd. kroner til 5,2 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 13,1 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 1,0 prosent. Auken over perioden 2016–2018 heng saman med kapasitetsutvidande tiltak i sektoren.
Under programkategori 06.40 Politi- og påtalemakt har utgiftene auka med 3,2 mrd. kroner, frå 17,1 mrd. kroner til 20,3 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 13,7 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 4,7 prosent. Hovudforklaringa til auken i utgiftene i perioden 2016–2018 er fleire politistillingar, tiltak innan tryggleik og beredskap, IKT-tiltak, gjennomføring av politireforma og returarbeid.
Under programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap har utgiftene auka med 1,0 mrd. kroner, frå 3,2 mrd. kroner til 4,2 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 11,5 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 16,6 prosent. Hovudforklaringa på auken frå 2017 til 2018 er kjøp av nye redningshelikopter og naudsynte tiltak for tilrettelegging av infrastruktur. Ein mindre del av auken er knytt til at Sivil klareringsmyndighet (SKM) gikk frå etableringsfase i 2017 til ordinær drift frå 2018.
Under programkategori 06.60 Andre verksemder har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,6 mrd. kroner til 1,5 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 0,1 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 3,6 prosent. Svingingar i rekneskapstala mellom åra kjem i hovudsak av variasjonar i særskilde straffesaksutgifter. Reduksjonen frå 2017 til 2018 kjem av nedgang i innkomne straffesaker i 2018. Samstundes minka utgiftene til verjemålsordninga. Det kom færre einslege mindreårige asylsøkjarar i 2018 enn venta.
Under programkategori 06.70 Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m. har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,6 mrd. kroner til 1,5 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 9,3 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 4,1 prosent. Svingingar i rekneskapstala mellom åra kjem i hovudsak av variasjonar i utgifter til fri rettshjelp og statens erstatningsansvar. Auken frå 2017 til 2018 er knytt til auke i utbetalingane til statens erstatningsansvar.
Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet syner netto utgifter på 340,8 mill. kroner for 2018. Tilskotet til svalbardbudsjettet kjem fram av kapittel 480, post 50 i statsrekneskapen og utgjer eit netto tilskot. Meirforbruket på kapittelet kjem i hovudsak av minka skatteinngang frå føretak. Mindreinntekta inneber at tilskotet frå statsbudsjettet vert høgare.
Under programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring har utgiftene minka med drygt 5,4 mrd. kroner, frå 8,2 mrd. kroner til 2,7 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 50,2 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 33,2 prosent. Nedgangen på utlendingsfeltet i perioden kjem i hovudsak av at talet på asylsøkjarar har vore nokså stabilt i perioden 2016–2018, høvesvis 3 460, 3 560 og 3 054 personar, samanlikna med 2015, då det kom 31 150 asylsøkjarar. Utlendingsdirektoratet (UDI) har redusert talet på mottaksplassar dei siste åra som følgje av eit stadig mindre behov. Dette gir reduserte offentlege utgifter.
2.6 Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Programområde 13 Kommunal, bustad og modernisering | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Program-kategori | Rekneskap 2016 | Rekneskap 2017 | Budsjett 2018 | Rekneskap 2018 | |
13.00 | Administrasjon og fellestenester m.m. | 2 017,4 | 2 094,6 | 1 648,2 | 1 640,5 |
13.25 | Fylkesmannsembeta | 1 745,8 | 1 978,7 | 2 032,1 | 1 978,7 |
13.30 | Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning | 5 539,2 | 5 590,2 | 6 634,2 | 6 479,0 |
13.40 | Forvaltningsutvikling og IKT-politikk | 469,6 | 565,0 | 650,6 | 645,9 |
13.45 | Personvern | 47,9 | 54,9 | 57,3 | 54,6 |
13.50 | Distrikts- og regionalpolitikk | 1 931,2 | 1 764,8 | 1 419,4 | 1 438,7 |
13.60 | Samiske føremål | 316,8 | 333,5 | 339,7 | 337,0 |
13.67 | Nasjonale minoritetar | 25,6 | 27,5 | 40,7 | 36,7 |
13.70 | Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m. | 165 989,8 | 172 399,3 | 174 748,9 | 174 801,7 |
13.80 | Bustad, bustadmiljø og bygg | 5 259,3 | 4 659,0 | 4 540,0 | 4 596,5 |
13.90 | Planlegging, byutvikling og geodata | 1 018,9 | 1 382,5 | 1 349,5 | 1 339,6 |
Sum før lånetransaksjonar | 184 361,3 | 190 850,0 | 193 460,6 | 193 348,8 | |
Lånetransaksjonar | 14 670,4 | 16 323,2 | 16 430,0 | 15 657,0 | |
Sum Kommunal- og moderniseringsdepartementet | 199 031,7 | 207 173,2 | 209 890,6 | 209 005,8 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 111,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 1 355,6 mill. kroner, frå 193 460,6 mill. kroner til 194 816,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 467,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på netto 1,2 mill. kroner. Det er overført til saman 1 504,6 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 773,0 mill. kroner.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 13 Kommunal, bustad og modernisering har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 9,0 mrd. kroner, frå knapt 184,4 mrd. kroner til drygt 193,3 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 3,5 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 1,3 prosent.
Under programkategori 13.00 Administrasjon og fellestenester m.m. har utgiftene minka med 0,4 mrd. kroner, frå 2,0 mrd. kroner til 1,6 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 3,8 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 21,7 prosent. Nedgangen frå 2017 til 2018 kjem av flytting av tilskot til politiske parti frå programkategori 13.00 til 13.70.
Under programkategori 13.25 Fylkesmannsembeta har utgiftene auka med drygt 0,2 mrd. kroner, frå drygt 1,7 mrd. kroner til knapt 2,0 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 13,3 prosent, og frå 2017 til 2018 vart utgiftene uendra. Auken frå 2016 til 2017 kjem mellom anna av ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse og flytting av finansiering av oppgåver frå Landbruks- og matdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet.
Under programkategori 13.30 Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning har utgiftene auka med drygt 0,9 mrd. kroner, frå drygt 5,5 mrd. kroner til knapt 6,5 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 0,9 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 15,9 prosent. Auken frå 2016 til 2017 kjem mellom anna av løyving til nytt regjeringskvartal og auka behov til vidareføring av fleire byggeprosjekt. Auken frå 2017 til 2018 kjem i hovudsak av vidareføring av byggeprosjekt Stortinget tidlegare har vedteke at skal gjennomførast, og gjeld mellom anna vidareføring av utbygginga av Agder fengsel, avdeling Froland og Mandal.
Under programkategori 13.40 Forvaltningsutvikling og IKT-politikk har utgiftene auka med 176 mill. kroner, frå 470 mill. kroner til 646 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 20,3 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 14,3 prosent. Auken frå 2016 til 2017 kjem i hovudsak av ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, og auka bruk av Difi sine nasjonale felleskomponentar. Auken frå 2017 til 2018 kjem mellom anna av auka løyvingar til nasjonale felleskomponentar og medfinansieringsordninga for lønsame IKT-prosjekt under Difi.
Under programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk har utgiftene minka med 0,5 mrd. kroner, frå 1,9 mrd. kroner til 1,4 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 8,6 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 18,5 prosent. Nedgangen frå 2016 til 2018 har gitt rom for auka løyvingar til samferdsle og andre næringsretta tiltak som skal styrke vekstkraft i heile landet.
Under programkategori 13.70 Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m. har utgiftene auka med 8,8 mrd. kroner, frå 166,0 mrd. kroner til 174,8 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 3,9 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 1,4 prosent. Utgiftene under denne programkategorien må sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren i statsbudsjettet. Auken frå 2016 til 2018 heng saman med den generelle styrkinga av dei frie inntektene til kommunesektoren og auke i utgiftene i toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester. Årsaka til noko høgare utgiftsvekst i 2017 var ein stor auke i tilskot til eingongskostnader i samband med kommune- og regionreforma. Dette tilskotet vart redusert med om lag 1,5 mrd. kroner i 2018.
Under programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg har utgiftene minka med 0,7 mrd. kroner, frå 5,3 mrd. kroner til 4,6 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 11,4 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 1,3 prosent. Nedgangen frå 2016 til 2017 kjem hovudsakleg av reduserte feilutbetalingar av bustønad, utfasing av eittårige satsingar på tilskot til utleigebustader og lågare etterspurnad etter tilskot til utleigebustader. Nedgangen frå 2017 til 2018 kjem mellom anna av lågare etterspurnad etter tilskot til utleigebustader.
Under programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 1,0 mrd. kroner til 1,3 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 35,7 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 3,1 prosent. Auken frå 2016 til 2017 kjem av endra organisering av Kartverket, frå statleg forvaltningsverksemd til ordinært bruttobudsjettert forvaltningsorgan. Nedgangen frå 2017 til 2018 er òg påverka av eingongsverknaden av endra tilknytingsform til Kartverket i 2017, og av forseinkingar i prosjektutgifter til mellom anna nytt geodetisk observatorium.
Lånetransaksjonane syner ein auke på 1,0 mrd. kroner frå 14,7 mrd. kroner til 15,7 mrd. kroner. Det var ein auke på 11,3 prosent frå 2016 til 2017 og ein nedgang på 4,1 prosent frå 2017 til 2018. Auken frå 2016 til 2017 kjem hovudsakleg som følgje av ein auke i tilsegner om startlån frå Husbanken. Nedgangen frå 2017 til 2018 kjem hovudsakleg av lågare utbetaling av grunnlån i 2018 enn i 2017, men òg at låneramma vart redusert både i 2017 og 2018. Startlån vert stort sett utbetalte i tilsegnsåret, medan grunn- og barnehagelån vert utbetalte over fleire år. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå Husbanken er nærare spesifiserte.
2.7 Arbeids- og sosialdepartementet
Arbeids- og sosialdepartementet har ansvaret for tre budsjettområde: programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.
Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Program-kategori | Rekneskap 2016 | Rekneskap 2017 | Budsjett 2018 | Rekneskap 2018 | |
09.00 | Administrasjon | 428,9 | 472,0 | 478,8 | 482,4 |
09.10 | Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken | 12 035,4 | 12 283,8 | 12 716,1 | 12 861,7 |
09.20 | Tiltak for betra levekår m.m. | 352,9 | 334,9 | 339,6 | 333,7 |
09.30 | Arbeidsmarknad | 8 292,8 | 9 061,3 | 8 749,4 | 8 625,7 |
09.40 | Arbeidsmiljø og tryggleik | 991,4 | 1 090,7 | 1 102,2 | 1 117,5 |
09.50 | Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse | 12 639,7 | 5 955,5 | 5 339,5 | 5 278,8 |
09.60 | Kontantytingar | 2 395,5 | 2 579,2 | 2 822,0 | 2 823,1 |
Sum før lånetransaksjonar | 37 136,6 | 31 777,3 | 31 547,5 | 31 523,0 | |
Lånetransaksjonar | 3 551,6 | 4 073,8 | 4 900,0 | 5 367,4 | |
Sum Arbeid og sosiale føremål | 40 688,2 | 35 851,1 | 36 447,5 | 36 890,4 |
Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
29.20 | Einslege forsørgjarar | 3 352,2 | 3 066,8 | 2 786,0 | 2 777,7 |
29.50 | Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik | 154 250,5 | 157 671,0 | 161 134,4 | 161 301,7 |
29.60 | Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m. | 9 486,6 | 10 053,0 | 10 179,8 | 10 083,0 |
29.70 | Alderdom | 201 708,7 | 211 187,3 | 221 060,0 | 221 068,3 |
29.80 | Forsørgjartap m.m. | 2 336,2 | 2 272,2 | 2 225,3 | 2 222,5 |
Sum før lånetransaksjonar | 371 134,1 | 384 250,3 | 397 385,5 | 397 453,3 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Sosiale føremål, folketrygda | 371 134,1 | 384 250,3 | 397 385,5 | 397 453,3 |
Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
33.30 | Arbeidsliv | 16 259,5 | 14 784,6 | 11 765,0 | 11 753,8 |
Sum før lånetransaksjonar | 16 259,5 | 14 784,6 | 11 765,0 | 11 753,8 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Arbeidsliv, folketrygda | 16 259,5 | 14 784,6 | 11 765,0 | 11 753,8 | |
Sum Arbeids- og sosialdepartementet | 428 081,9 | 434 886,0 | 445 597,9 | 446 093,4 |
Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 24,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 604,1 mill. kroner, frå 31 547,5 mill. kroner til 32 151,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 628,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 1,8 mill. kroner. Det er overført til saman 454,9 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 467,4 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 09 Arbeid og sosiale føremål har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 5,6 mrd. kroner, frå 37,1 mrd. kroner til 31,5 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 14,4 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 0,8 prosent. Nedgangen frå 2017 til 2018 kjem i hovudsak av at pensjonspremieinntektene til Statens pensjonskasse (SPK) auka meir enn pensjonsutbetalingane i 2018. Sjå omtale under programkategori 09.50 nedanfor.
Under programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken har utgiftene auka med 0,8 mrd. kroner, frå drygt 12,0 mrd. kroner til knapt 12,9 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 2,1 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 4,7 prosent.
Under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 8,3 mrd. kroner til 8,6 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 9,3 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 4,8 prosent. Nedgangen frå 2017 til 2018 heng mellom anna saman med redusert løyving til tiltak for arbeidssøkjarar.
Under programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og tryggleik har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,0 mrd. kroner til 1,1 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 10,0 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 2,5 prosent. Hovudgrunnen til endringa frå 2016 til 2017 er knytt til ordninga som gjeld statlege bruttobudsjetterte verksemder som ikkje tidlegare har betalt arbeidsgjevarpremie, og som frå 2017 fekk auka løyvinga til dekking av utgifter tilsvarande 12 prosent arbeidsgjevarpremie. Auka utgifter frå 2017 til 2018 kjem hovudsakleg av justeringar for pris- og lønsauke for underliggjande etatar under programkategorien.
Under programkategori 09.50 Pensjonar m.m.under Statens pensjonskasse har utgiftene minka med knapt 7,4 mrd. kroner, frå drygt 12,6 mrd. kroner til knapt 5,3 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 52,9 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 11,4 prosent.
Under programkategorien utgiftsfører ein mellom anna statens netto pensjonsutbetalingar gjennom Statens pensjonskasse (SPK). Nedgangen frå 2017 til 2018 kjem i hovudsak av at pensjonspremieinntektene auka meir enn pensjonsutbetalingane i 2018. Den store nedgangen frå 2016 til 2017 var ein følgje av innføring av ei forenkla pensjonspremieordning. Denne innebar at statlege verksemder frå 2017 skulle betale pensjonspremie ut frå ein fast premiesats til SPK. Verknaden i innføringsåret utgjorde ein nedgang på om lag 7,5 mrd. kroner, sjå òg omtale i innleiinga til kapittel 2.
Brutto utlån for bustadlånsordninga (lånetransaksjonar) på kapittel 614 er gått opp frå 3,6 mrd. kroner i 2016 til 5,4 mrd. kroner i 2018. Dette utgjer ein årleg gjennomsnittleg auke på 22 prosent. Auken kjem av høgare etterspurnad etter lån. Samla utlån for bustadlånsordninga er likevel redusert fordi avdrag og innfriing av gamle lån overstig brutto utlån. Samla utlån i bustadlånsordninga per 31.12.2018 er 42,7 mrd. kroner. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå bustadlånsordninga i SPK er nærare spesifiserte.
Under programkategori 09.60 Kontantytingar har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 2,4 mrd. kroner til 2,8 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 7,7 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 9,5 prosent.
Programkategorien omfattar statstilskot til avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor, krigspensjon, statstilskot til pensjonstrygda for sjømenn og supplerande stønad til personar over 67 år. Auken frå 2017 til 2018 kjem i hovudsak av at utgiftene til AFP har auka.
Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 67,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 133,3 mill. kroner, frå 397 385,5 mill. kroner til 397 518,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 65,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, som stort sett inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar. Det er overført til saman 159,3 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast».
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 26,3 mrd. kroner, frå 371,1 mrd. kroner til 397,5 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 3,5 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 3,4 prosent.
Under programkategori 29.20 Einslege forsørgjarar har utgiftene minka med knapt 0,6 mrd. kroner, frå 3,4 mrd. kroner til 2,8 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 8,5 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 9,4 prosent. Regelverksendringar i overgangsstønadsordninga har ført til færre nye mottakarar og redusert lengde på stønadsperiodane.
Under programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom og uførleik har utgiftene auka med knapt 7,1 mrd. kroner, frå 154,3 mrd. kroner til 161,3 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 2,2 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 2,3 prosent.
Utgiftene til sjukepengar har sidan 2016 auka med 0,9 mrd. kroner frå 39,2 mrd. kroner til 40,1 mrd. kroner. Utgiftene til arbeidsavklaringspengar er frå 2016 redusert med 1,9 mrd. frå 35 mrd. kroner til 33,1 mrd. kroner. Utgiftene til uføretrygd har sidan 2016 auka med 8,0 mrd. kroner frå 80,1 mrd. kroner til 88,1 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene til uføretrygd med 3,6 prosent og frå 2017 til 2018 auka dei med 5,7 prosent.
Frå 2017 til 2018 var det ein nedgang både i tilbøyelegheita til sjukefråvær, i talet på sjukepengedagar og i talet på dagar justert for sysselsetjingsvekst. Samstundes var det ein auke i grunnlaget for sjukepengar.
Dei siste åra har det vorte færre mottakarar av arbeidsavklaringspengar. I løpet av desember 2018 fekk 124 000 personar arbeidsavklaringspengar mot høvesvis 140 623 og 146 262 mottakarar i 2017 og 2016. Nedgangen i tal på mottakarar i 2018 er 15,2 prosent samanlikna med 2016 og 11,8 prosent samanlikna med 2017. Hovudgrunnen til nedgangen i utgifter til arbeidsavklaringspengar er færre mottakarar. Samstundes har utbetalinga per mottakar auka grunna regulering av grunnbeløpet i folketrygda.
Per desember 2018 var det i alt 339 200 mottakarar av uføretrygd. Det er ein auke på 21 000 uføretrygda frå 2016 då talet på uføretrygda var 318 200 og på 13 300 uføretrygda frå 2017 då talet på uføretrygda var 325 900. Auka utgifter i 2017 og 2018 kjem i hovudsak av fleire mottakarar. Samstundes har gjennomsnittleg yting auka grunna regulering av grunnbeløpet i folketrygda, og fordi gifte/sambuande uføre som tidlegare hadde uførepensjon fekk auka yting frå 1. september 2016. Sistnemnde tiltak fekk full effekt i 2017.
Auken i tal på uføretrygda det siste året heng saman med at regelverket for arbeidsavklaringspengar vart endra 1. januar 2018. Tida for å få arbeidsavklaringspengar vart endra frå fire til tre år og vilkåra for forlenging av stønadsperioden vart stramma inn. Dei fleste som får innvilga uføretrygd har motteke arbeidsavklaringspengar. I løpet av 2018 var denne andelen på om lag 80 prosent, og andelen auka gjennom året. Det er grunn til å forvente at dette vil føre til at fleire får uføretrygd i 2019 òg.
Under programkategori 29.70 Alderdom har utgiftene auka med 19,4 mrd. kroner, frå 201,7 mrd. kroner til 221,1 mrd. kroner. Utgiftene auka med 4,7 prosent, både frå 2016 til 2017 og frå 2017 til 2018. Auken frå 2016 til 2017 målt i fast grunnbeløp var på 3,0 prosent, medan auken frå 2017 til 2018 var på 1,9 prosent. Grunnen til auken er i hovudsak at det vart fleire alderspensjonistar i aldersgruppa 67 år og over.
Frå 1. januar 2011 vart det høve til å starte uttak av alderspensjon frå 62 år. I 2016 var gjennomsnittleg tal på mottakarar mellom 62 og 66 år om lag 90 000, i 2017 var det om lag 92 000 og i 2018 var det om lag 94 000. Gjennomsnittleg tal på alderspensjonistar var om lag 881 000 i 2016, om lag 905 000 i 2017 og om lag 927 000 i 2018.
Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 11,2 mill. kroner av ei samla løyving på 11,8 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene minka nominelt med 4,5 mrd. kroner, frå 16,3 mrd. kroner til 11,8 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 9,1 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 20,5 prosent.
Endringa for programkategori 33.30 for 2018 kjem for det meste av at utgiftene til dagpengar har minka som følgje av færre arbeidslause med rett til dagpengar og at gjennomsnittleg utbetaling per dagpengemottakar har gått ned.
2.8 Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 10 Helse og omsorg og programområde 30 Helsetenester, folketrygda.
Programområde 10 Helse og omsorg1) | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Program-kategori2) | Rekneskap 2016 | Rekneskap 2017 | Budsjett 2018 | Rekneskap 2018 | |
10.00 | Helse- og omsorgsdepartementet m.m.4) | 1 066,7 | 1 218,5 | 1 022,4 | 1 005,4 |
10.10 | Folkehelse m.m.2, 3) | 1 311,8 | 1 346,7 | 790,8 | 897,0 |
10.30 | Spesialisthelsetenester | 135 978,8 | 140 662,2 | 147 941,2 | 147 836,7 |
10.40 | Sentral helseforvalting2, 3) | 3 134,5 | 3 130,1 | 3 992,2 | 4 204,2 |
10.60 | Helse- og omsorgstenester i kommunane | 7 776,5 | 10 894,2 | 11 654,3 | 10 749,9 |
10.70 | Tannhelse | 261,5 | 280,8 | 314,1 | 319,8 |
10.80 | Kunnskap og kompetanse | 668,4 | 691,0 | 687,4 | 673,2 |
Sum før lånetransaksjonar | 150 198,2 | 158 223,5 | 166 402,4 | 165 686,2 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Helse og omsorg | 150 198,2 | 158 223,5 | 166 402,4 | 165 686,2 |
Programområde 30 Helsetenester, folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
30.10 | Spesialisthelsetenester m.m. | 5 334,4 | 5 465,3 | 5 497,0 | 5 504,4 |
30.50 | Legehjelp, legemiddel m.m. | 24 531,5 | 25 369,0 | 25 538,0 | 25 666,9 |
30.90 | Andre helsetiltak | 201,3 | 214,2 | 220,0 | 224,0 |
Sum før lånetransaksjonar | 30 067,1 | 31 048,6 | 31 255,0 | 31 395,3 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Helsetenester, folketrygda | 30 067,1 | 31 048,6 | 31 255,0 | 31 395,3 | |
Sum Helse- og omsorgsdepartementet | 180 265,4 | 189 272,0 | 197 657,4 | 197 081,5 |
1) I samband med omorganiseringa av den sentrale helseforvaltinga vart driftskapitla for dei større underliggjande etatane samla i ein ny programkategori 10.40 frå 2018. Løyvingar til Helsedirektoratet, Statens helsetilsyn, Norsk pasientskadeerstatning og Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er flytta til programkategori 10.40 frå 10.20. Løyvingar til Statens legemiddelverk er flytta til programkategori 10.40 frå 10.50. Sjå note 2 om korleis samanlikningstal for 2016 og 2017 for dei tidlegare programkategoriane 10.20 og 10.50 er omklassifiserte i tabellen. Vidare er løyvingar til Folkehelseinstituttet flytta til programkategori 10.40 frå 10.10. Sjå note 3 om korleis samanlikningstal for 2016 og 2017 er omklassifiserte i tabellen. Endeleg er løyvingar til Direktoratet for e-helse flytta til 10.40 frå 10.00. Det er i tabellen ikkje gjort endringar i samanlikningstal knytt til sistnemnde.
2) Dei tidlegare programkategoriane 10.20 Helseforvaltning og 10.50 Legemiddel er avvikla frå 2018, og rekneskapstal for desse kategoriane for 2016 og 2017 er difor omklassifiserte for å gje eit mest mogleg samanliknbart bilete med ny organisering frå 2018. Følgjande omgrupperingar er gjort av rekneskapstala for tidlegare år; Programkategori 10.20 er flytta til programkategori 10.40. Størstedelen av programkategori 10.50 er òg flytta til programkategori 10.40 (kap. 750 Legemiddelverket), medan ein mindre del av kategori 10.50 (kap. 751 Legemiddeltiltak) er flytta til programkategori 10.10 Folkehelse.
3) Løyvingar til drift av Folkehelseinstituttet, med unntak av Folkehelseinstituttets innkjøpskostnadar for vaksine, er flytta frå programkategori 10.10 til programkategori 10.40 frå 2018. Samanlikningstal for 2016 og 2017 er omklassifiserte ved at kap. 710 (postane 01 og 45) er flytta til 10.40, medan kap. 710, post 21 (vaksinar m.m.) ligg att på kategori 10.10. Kap. 710, post 21 er frå 2018 reindyrka til innkjøpskostnadar for vaksine, medan posten tidlegare òg inkluderte fleire kostnadselement.
4) Løyvingar til Pasient- og brukarombod er frå 2018 flytta frå tidlegare programkategori 10.20 til programkategori 10.00. Det er i tabellen ikkje gjort endringar i samanlikningstal knytt til dette.
Programområde 10 Helse og omsorg
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 716,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 1 054,8 mill. kroner, frå 166 402,4 mill. kroner til 167 457,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 771,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 250,4 mill. kroner. Det er overført til saman 1 784,3 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein auke på 729 mill. kroner, som for ein stor del er knytt til omsorgstenester og investeringstilskot til kommunane, jf. kapittel 761. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 10 Helse og omsorg har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 15,5 mrd. kroner, frå 150,2 mrd. kroner til 165,7 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 5,3 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 4,7 prosent.
Under programkategori 10.00 Helse- og omsorgsdepartementet m.m. har utgiftene minka med 61 mill. kroner, frå 1 067 mill. kroner til 1 005 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 14,2 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 17,5 prosent. Auken frå 2016 til 2017 kjem i hovudsak av ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, større løyvingar til helsekort for gravide og prosjekt på helsenorge.no finansiert av dei regionale helseføretaka. For EU-kontingentar minka utgiftene frå 2016 til 2017 med om lag 25 mill. kroner. Nedgangen frå 2017 til 2018 kjem i hovudsak av at løyvingar for Direktoratet for e-helse, tilsvarande 370 mill. kroner, vart flytta til programkategori 10.40. Overflyttinga har samanheng med samlinga av den sentrale helseforvaltinga under same programkategori. Samstundes har utgiftene auka med 73 mill. kroner fordi løyvingar for Pasient- og brukarombod i 2018 er flytta frå tidlegare programkategori 10.20. Utgiftene auka òg fordi løyvingar til kommunanes medlemsavgift for tilkopling til helsenettet, som tidlegare vart innbetalte frå kommunane sjølve, er flytta frå Kommunal- og moderniseringsdepartementets rammetilskot til kommunane og vert løyvd direkte til Norsk Helsenett frå 2018.
Under programkategori 10.10 Folkehelse m.m. har utgiftene minka med 0,4 mrd. kroner, frå 1,3 mrd. kroner til 0,9 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 2,7 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 33,4 prosent. Årsaka til at utgiftene har minka er at frå og med 2018 er kapittel 710 berre øyremerkt løyvingar til innkjøp av vaksiner. Løyvingar til drift av Folkehelseinstituttet er i samband med omorganiseringa av den sentrale helseforvaltinga samla på kapittel 745 i programkategori 10.40. Sjå òg note 3 til tabellen ovanfor.
Under programkategori 10.30 Spesialisthelsetenester har utgiftene auka med 11,9 mrd. kroner, frå 136,0 mrd. kroner til 147,8 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 3,4 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 5,1 prosent. Auken frå 2017 til 2018 kjem hovudsakleg av vekst i pasientbehandlinga, auka løyving til investeringslån og auka ramme for driftskreditt til dei regionale helseføretaka.
Under programkategori 10.40 Sentral helseforvalting har utgiftene auka med 1,1 mrd. kroner, frå 3,1 mrd. kroner til 4,2 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 0,1 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 34,3 prosent. Auken frå 2017 til 2018 kjem i hovudsak av at løyvingar for Direktoratet for e-helse og Folkehelseinstituttet vart flytta frå programkategori 10.00 og 10.10. Løyvingar på kapittel 710, post 21 er frå 2018 øyremerkte til innkjøp av vaksiner, og er difor ikkje flytta til programkategori 10.40. Sjå òg note 3 til tabellen ovanfor for nærare informasjon om samanlikning mellom åra.
Under programkategori 10.60 Helse- og omsorgstenester i kommunane har utgiftene auka med 3,0 mrd. kroner, frå 7,8 mrd. kroner til 10,8 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 40,1 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 1,3 prosent. Årsaka til auken frå 2016 til 2017 er at det vart flytta 1,3 mrd. kroner frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til halvårseffekt av forsøksordninga for statleg finansiering av eldreomsorga, og større løyvingar til investeringstilskot for heildøgns omsorgsplassar og opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering. Reduserte utgifter frå 2017 til 2018 kjem hovudsakleg av at 1,5 mrd. kroner av løyvinga til investeringstilskot for heildøgns omsorgsplassar ikkje vart nytta i 2018. Dette heng saman med at utbetalinga tek lengre tid enn venta. Løyvinga til forsøksordninga for statleg finansiering av eldreomsorga auka med om lag 0,2 mrd. kroner i 2018.
Under programkategori 10.70 Tannhelse har utgiftene auka med 58 mill. kroner, frå 262 mill. kroner til 320 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 7,4 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 13,9 prosent. Auken er knytt til omdisponeringar frå stønadsordningane i folketrygda, med unntak av 10 mill. kroner som vart lagt til i Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2018. Føremålet med omdisponeringane er prioriterte tiltak som oppfølginga av Stortingets handsaming av St.meld. nr. 35 (2006–2007), mellom anna til styrking av behandling av tortur- og overgrepsofre, personer med odontofobi og personer med nedsett funksjonsevne.
Under programkategori 10.80 Kunnskap og kompetanse har utgiftene auka med 5 mill. kroner, frå 668 mill. kroner til 673 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 3,4 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 2,6 prosent.
Programområde 30 Helsetenester, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 140,3 mill. kroner av ei samla løyving på 31,3 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar knytte til programområdet, som berre inneheld løyvingar på tilskotspostar.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 30 Helsetenester, folketrygda har utgiftene auka nominelt med 1,3 mrd. kroner, frå 30,1 mrd. kroner til 31,4 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 3,3 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 1,1 prosent.
Under programkategori 30.10 Spesialisthelsetenester m.m. har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 5,3 mrd. kroner til 5,5 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 2,5 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 0,7 prosent. Auken frå 2017 til 2018 kjem hovudsakleg av vekst i utgifter til spesialisthjelp og laboratorie- og røntgenundersøkingar.
Under programkategori 30.50 Legehjelp, legemiddel m.m. har utgiftene auka med drygt 1,1 mrd. kroner, frå drygt 24,5 mrd. kroner til knapt 25,7 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 3,4 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 1,2 prosent. Auken frå 2017 til 2018 er uttrykk for ein moderat auke i bruk av tenestene på grunn av årlig vekst i folketalet.
Under programkategori 30.90 Andre helsetiltak har utgiftene auka med 23 mill. kroner, frå 201 mill. kroner til 224 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 6,4 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 4,5 prosent. Auken kjem særleg av auka utgifter til prevensjonsmiddel til unge jenter etter at ordninga vart utvida med eitt årskull i 2018, og auka utgifter til reiser og opphald i Noreg og utlandet. Samstundes gjekk utgiftene til legemiddel ned etter at nye brukarar frå 2018 ikkje lenger kan nytte seg av bidragsordninga.
2.9 Barne- og likestillingsdepartementet
Barne- og likestillingsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 11 Barn og likestilling og programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda.
Programområde 11 Barn og likestilling | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Program-kategori | Rekneskap 2016 | Rekneskap 2017 | Budsjett 2018 | Rekneskap 2018 | |
11.00 | Administrasjon | 156,1 | 157,9 | 163,5 | 161,0 |
11.10 | Familie og oppvekst | 17 745,7 | 18 014,9 | 18 074,0 | 18 047,4 |
11.20 | Barnevernet | 9 957,2 | 9 271,2 | 8 780,1 | 8 784,0 |
11.30 | Forbrukarpolitikk | 217,6 | 224,5 | 230,2 | 229,5 |
11.40 | Likestilling og ikkje-diskriminering | 344,5 | 351,6 | 382,7 | 378,6 |
Sum før lånetransaksjonar | 28 421,0 | 28 020,1 | 27 630,6 | 27 600,5 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Barn og likestilling | 28 421,0 | 28 020,1 | 27 630,6 | 27 600,5 |
Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
28.50 | Stønad ved fødsel og adopsjon | 19 546,4 | 19 660,5 | 19 457,0 | 19 536,9 |
Sum før lånetransaksjonar | 19 546,4 | 19 660,5 | 19 457,0 | 19 536,9 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Foreldrepengar, folketrygda | 19 546,4 | 19 660,5 | 19 457,0 | 19 536,9 | |
Sum Barne- og likestillingsdepartementet | 47 967,4 | 47 680,6 | 47 087,6 | 47 137,4 |
Programområde 11 Barn og likestilling
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 30,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 92,2 mill. kroner, frå 27 630,6 mill. kroner til 27 722,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 122,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 25,0 mill. kroner. Det er overført til saman 88,1 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 11 Barn og likestilling har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 0,8 mrd. kroner, frå 28,4 mrd. kroner til 27,6 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 1,4 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 1,5 prosent.
Under programkategori 11.10 Familie og oppvekst har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 17,7 mrd. kroner til 18,0 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 1,5 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 0,2 prosent. Det har i perioden mellom anna vore auka utbetalingar til den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom, auka utgiftar til familievernet og tiltak mot vald og overgrep, og ein auke i satsane i kontantstøtteordninga.
Under programkategori 11.20 Barnevernet har utgiftene minka med 1,2 mrd. kroner, frå 10,0 mrd. kroner i 2016 til 8,8 mrd. kroner i 2018. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 6,9 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 5,3 prosent. Hovudårsaka til at utgiftene har minka over perioden er at talet på einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar under 15 år har gått monaleg ned frå 2016. Refusjonsordninga for kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar vart òg lagd om til ei ordning med fast tilskot frå 1. januar 2017.
Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 79,9 mill. kroner av ei samla løyving på 19,5 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar knytte til programområdet, som berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
Under programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon har utgiftene i perioden vore stabile på om lag 19,5 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 0,6 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 0,6 prosent. Talet på mottakarar av foreldrepengar har gått ned frå 2016 til 2018, medan oppteningsgrunnlaget til mottakarane har gått opp.
2.10 Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet har ansvar for programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål. I tillegg har departementet ansvar for programkategori 33.40 Arbeidsliv, folketrygda.
Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Program-kategori | Rekneskap 2016 | Rekneskap 2017 | Budsjett 2018 | Rekneskap 2018 | |
17.10 | Forvalting og rammevilkår | 4 524,8 | 5 031,2 | 8 083,2 | 8 123,2 |
17.20 | Forsking og innovasjon | 7 256,8 | 7 535,1 | 7 706,9 | 8 667,3 |
17.30 | Marknadsadgang og eksport | 109,6 | 222,1 | 216,6 | 206,2 |
17.40 | Statleg eigarskap | 325,3 | 456,7 | 148,3 | 105,1 |
Sum før lånetransaksjonar | 12 216,5 | 13 245,2 | 16 155,0 | 17 101,8 | |
Lånetransaksjonar | 56 002,5 | 49 575,2 | 55 131,0 | 53 039,7 | |
Sum Nærings- og fiskeriføremål | 68 218,9 | 62 820,3 | 71 286,0 | 70 141,5 |
Programområde 33 Arbeidsliv, Folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
33.40 | Arbeidsliv | 80,0 | 87,0 | 85,0 | 80,0 |
Sum før lånetransaksjonar | 80,0 | 87,0 | 85,0 | 80,0 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Arbeidsliv, Folketrygda | 80,0 | 87,0 | 85,0 | 80,0 | |
Sum Nærings- og fiskeridepartementet | 68 298,9 | 62 907,3 | 71 371,0 | 70 221,5 |
Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 946,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 1 989,5 mill. kroner, frå 16 155,0 mill. kroner til 18 144,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 042,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på netto 41,5 mill. kroner. Det er overført til saman 1 063,3 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein nedgang på 926 mill. kroner og gjeld hovudsakleg forskingsfartøy under Havforskingsinstituttet, kapittel 0926. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla. Det er òg overført 27 mill. kroner på lånepost på kapittel 0950 Forvaltning av statleg eigarskap.
Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 2 091,3 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 4,9 mrd. kroner, frå 12,2 mrd. kroner til 17,1 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 8,4 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 29,1 prosent.
Under programkategori 17.10 Forvalting og rammevilkår har utgiftene auka med 3,6 mrd. kroner, frå 4,5 mrd. kroner til 8,1 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 11,2 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 61,5 prosent. Det meste av auken frå 2017 til 2018 kjem av tilskot til kommunar og fylkeskommunar for vederlag for nye oppdrettsløyve og vekst i eksisterande løyve.
Under programkategori 17.20 Forsking og innovasjon har utgiftene auka med 1,4 mrd. kroner, frå 7,3 mrd. kroner til 8,7 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 3,8 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 15,0 prosent. Hovudgrunnen til auken frå 2017 til 2018 er bygging av nytt isgåande forskingsfartøy til Havforskingsinstituttet. I tillegg er det auka utbetalingar under Innovasjon Noreg si miljøteknologiordning og under Siva si ordning for tilskot til testsenter.
Under programkategori 17.30 Marknadsadgang og eksport har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 0,1 mrd. kroner til 0,2 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 102,8 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 7,2 prosent. Reduksjonen frå 2017 til 2018 har samanheng med lågare utbetaling til ordninga med stønad til kapitalvareeksport, den såkalla 108-ordninga, som vert forvalta av Eksportfinans ASA.
Under programkategori 17.40 Statleg eigarskap har utgiftene minka med 0,2 mrd. kroner, frå 0,3 mrd. kroner til 0,1 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 40,4 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 77,0 prosent. Nedgangen frå 2017 til 2018 er i stor grad knytt til eingongsløyving i 2017 til kjøp av eigedom i Austre Adventsfjord på Svalbard.
Utgiftene under Lånetransaksjonar minka med 6,4 mrd. kroner frå 2016 til 2017 og auka med 3,5 mrd. kroner frå 2017 til 2018. Auken frå 2017 til 2018 kjem for ein stor del av at staten deltok med 2,5 mrd. kroner i ein emisjon for å finansiere Kongsberg Gruppen ASA sitt oppkjøp av Rolls-Royce Commercial Marine. Resterande netto auke under lånetransaksjonar kjem hovudsakleg frå statlege utlånsordningar. Sjå òg kapittel 2.17 der detaljar kring utlåna frå Innovasjon Noreg og Eksportkreditt Noreg AS er nærare spesifiserte.
Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 5,0 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar knytt til programområdet, som berre omfattar ein tilskotspost (overslagsløyving).
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene svinga mellom 80 mill. kroner og 87 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 8,8 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 8,0 prosent.
Utgiftene gjeld arbeidsløysestønad til fiskarar og fangstmenn, og løyvinga er ei overslagsløyving. Stønaden vert finansiert innanfor det beløpet som fiskarar betaler i produktavgift ved fyrstehandsomsetjing av fisk og fiskevarer.
2.11 Landbruks- og matdepartementet
Programområde 15 Landbruk og mat | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Program-kategori | Rekneskap 2016 | Rekneskap 2017 | Budsjett 2018 | Rekneskap 2018 | |
15.00 | Administrasjon m.m. | 196,1 | 192,4 | 189,6 | 190,8 |
15.10 | Matpolitikk | 1 334,9 | 1 472,3 | 1 474,2 | 1 488,8 |
15.20 | Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | 668,5 | 859,7 | 836,7 | 842,6 |
15.30 | Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | 15 549,5 | 15 758,6 | 16 835,1 | 17 658,5 |
Sum før lånetransaksjonar | 17 749,0 | 18 283,0 | 19 335,6 | 20 180,7 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Landbruks- og matdepartementet | 17 749,0 | 18 283,0 | 19 335,6 | 20 180,7 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 845,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 204,7 mill. kroner, frå 19 335,6 mill. kroner til 19 540,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei meirutgift på 640,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 16,7 mill. kroner. Det er overført til saman 162,0 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 15 Landbruk og mat har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med drygt 2,4 mrd. kroner, frå drygt 17,7 mrd. kroner til knapt 20,2 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 3,0 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 10,4 prosent.
Under programkategori 15.10 Matpolitikk har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,3 mrd. kroner til 1,5 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 10,3 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 1,1 prosent. Midlane har gått til kunnskapsutvikling og til drift av Mattilsynet. Auken er mellom anna knytt til løn og ny modell for pensjonspremiebetaling til SPK i 2017.
Under programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling har utgiftene auka med 174 mill. kroner, frå 668 mill. kroner til 843 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 28,6 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 2,0 prosent. Midlane har gått til forsking, innovasjon, basisløyvingar og kunnskapsutvikling. Auken frå 2016 til 2017 er knytt til at Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, som tidlegare ikkje var budsjettert på statsbudsjettet, frå og med 2017 vart innlemma i statsbudsjettet.
Under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak har utgiftene auka med 2,1 mrd. kroner, frå drygt 15,5 mrd. kroner til knapt 17,7 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 1,3 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 12,1 prosent. Den største delen, om lag 16,8 mrd. kroner, er løyvingar til næringsavtalane for landbruk og reindrift. Erstatning for avlingsskadar hadde eit ekstraordinært høgt nivå som følgje av ekstrem varme og tørke sommaren 2018 i store delar av Sør-Noreg. Etter tørken kom store mengder regn som òg førte til store skadar. Frå 2017 til 2018 auka erstatningsutbetalingar med drygt 1,6 mrd. kroner, frå 33 mill. kroner i 2017 til knapt 1,7 mrd. kroner i 2018. Resten av midlane er fordelte mellom driftsmidlar og midlar til ulike tilskotsordningar utanfor næringsavtalane.
2.12 Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 21 Innanlands transport og programområde 22 Post og telekommunikasjonar.
Programområde 21 Innanlands transport | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Program-kategori | Rekneskap 2016 | Rekneskap 2017 | Budsjett 2018 | Rekneskap 2018 | |
21.10 | Administrasjon m.m. | 561,5 | 545,4 | 591,5 | 579,5 |
21.20 | Luftfartsføremål | 1 055,4 | 1 037,6 | 1 028,3 | 979,2 |
21.30 | Vegføremål | 30 477,1 | 33 676,7 | 35 688,5 | 35 466,5 |
21.40 | Særskilde transporttiltak | 2 283,9 | 2 817,2 | 3 676,0 | 3 193,1 |
21.50 | Jernbaneføremål | 23 120,0 | 22 630,2 | 23 700,6 | 22 845,4 |
21.60 | Kystforvaltning | 2 705,2 | 2 467,1 | 2 584,9 | 2 491,4 |
Sum før lånetransaksjonar | 60 203,2 | 63 174,3 | 67 269,8 | 65 555,0 | |
Lånetransaksjonar | 30 000,4 | 7 700,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Innanlands transport | 90 203,6 | 70 874,3 | 67 269,8 | 65 555,0 |
Programområde 22 Post og telekommunikasjonar | |||||
---|---|---|---|---|---|
22.10 | Post og telekommunikasjonar | 777,0 | 953,2 | 1 165,8 | 1 077,0 |
Sum før lånetransaksjonar | 777,0 | 953,2 | 1 165,8 | 1 077,0 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Post og telekommunikasjonar | 777,0 | 953,2 | 1 165,8 | 1 077,0 | |
Sum Samferdselsdepartementet | 90 980,6 | 71 827,5 | 68 435,6 | 66 631,9 |
Programområde 21 Innanlands transport
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 714,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 2 316,6 mill. kroner, frå 67 269,8 mill. kroner til 69 586,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 4 031,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 94,5 mill. kroner. Det er overført til saman 3 952,2 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein auke på 1,7 mrd. kroner, hovudsakleg på kapitla 1320, 1330 og 1350–1359, mellom anna som følgje av forseinka framdrift. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 21 Innanlands transport har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 5,4 mrd. kroner, frå 60,2 mrd. kroner til 65,6 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 4,9 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 3,8 prosent. Hovudårsaka til auken er at løyvingane under programkategori 21.30 Vegføremål har auka i heile perioden. I 2017 vart det innført ei ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, jf. omtale i innleiinga til kapittel 2. Denne omlegginga auka utgiftene for departementet og etatane frå 2016 til 2017.
Under programkategori 21.10 Administrasjon m.m. har utgiftene auka med 18 mill. kroner, frå 562 mill. kroner til 580 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 2,9 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 6,3 prosent. Nedgangen frå 2016 til 2017 heng mellom anna saman med løyvingar til arbeidet med reformer i samferdselssektoren og utgreiing av ein miljø-/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen. I 2018 auka løyvingane til samferdselsforsking, og det vart løyvd eit tilskot til Telemuseet.
Under programkategori 21.20 Luftfartsføremål har utgiftene minka med 76 mill. kroner, frå 1 055 mill. kroner til 979 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 1,7 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 5,6 prosent. Nedgangen i heile perioden kjem av lågare utbetalingar til kjøp av innanlandske flyruter.
Under programkategori 21.30 Vegføremål har utgiftene auka med 5,0 mrd. kroner, frå 30,5 mrd. kroner til 35,5 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 10,5 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 5,3 prosent. Løyvinga til Nye Veier AS auka monaleg frå 2016 til 2018. For Statens vegvesen auka utgiftene til drift og vedlikehald i heile perioden, særleg frå 2016 til 2017. Utgifter til riksveginvesteringar auka frå 2016 til 2017, og minka frå 2017 til 2018. Kjøp av riksvegferjetenester auka i heile perioden.
Under programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak har utgiftene auka med 0,9 mrd. kroner, frå 2,3 mrd. kroner til 3,2 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 23,4 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 13,3 prosent. Frå 2016 til 2017 gjaldt auken mellom anna ordninga med tilskot for reduserte bompengetakstar utanfor byområda. Tilskot til store kollektivprosjekt og påskjøningsmidlar i byvekstavtalar bidrog til auken frå 2017 til 2018.
Under programkategori 21.50 Jernbaneføremål har utgiftene minka med 0,3 mrd. kroner, frå 23,1 mrd. kroner til 22,8 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 2,1 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 1,0 prosent. Som del av jernbanereforma vart Jernbaneverket avvikla frå 2017 og vidareført i Jernbanedirektoratet og statsføretaket Bane NOR SF. Utgiftene til drift og investeringar er frå 2017 løyvd på tilskotspostar. Eksterne inntekter som tidlegare vart førte brutto av Jernbaneverket, er frå 2017 teken omsyn til i løyvinga til statens kjøp av infrastrukturtenester frå Bane NOR SF. Slike inntekter utgjorde i 2018 om lag 1,3 mrd. kroner og må takast omsyn til ved samanlikning av rekneskapstala i perioden. Auken i utgiftene frå 2017 til 2018 gjeld kjøp av persontransport med tog og drift- og vedlikehald av jernbanen.
Under programkategori 21.60 Kystforvaltning har utgiftene minka med 0,2 mrd. kroner, frå 2,7 mrd. kroner til 2,5 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 8,8 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 1,0 prosent. Nedgangen frå 2016 til 2017 gjeld i hovudsak at arbeidet med å etablere ei støttefylling ved ubåtvraket etter U-864 ved Fedje i Hordaland vart avslutta i 2016. Dei auka utgiftene i 2018 gjeld mellom anna den nye etaten Senter for oljevern og marint miljø.
Programområde 22 Post og telekommunikasjonar
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 88,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 52,7 mill. kroner, frå 1 165,8 mill. kroner til 1 218,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 141,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det ikkje inntektsført meirinntekter. Det er overført til saman 141,4 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 22 Post og telekommunikasjonar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,3 mrd. kroner, frå 0,8 mrd. kroner til 1,1 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 22,7 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 13,0 prosent. Stordelen av auken i 2017 gjaldt utgifter til kompensasjon for meirverdiavgift for avtalar om tryggleiks- og vernebuingstiltak med tilbydarar av ekomnett og -tenester. Auken i 2018 gjeld kjøp av post- og banktenester.
2.13 Klima- og miljødepartementet
Programområde 12 Klima og miljø | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Program-kategori | Rekneskap 2016 | Rekneskap 2017 | Budsjett 2018 | Rekneskap 2018 | |
12.10 | Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. | 1 190,6 | 1 369,5 | 1 959,0 | 1 930,7 |
12.20 | Klima, naturmangfald og forureining | 3 516,1 | 4 177,8 | 6 801,5 | 6 933,5 |
12.30 | Kulturminne og kulturmiljø | 693,6 | 756,3 | 787,5 | 793,6 |
12.60 | Nord- og polarområda | 364,6 | 443,3 | 422,9 | 452,0 |
12.70 | Internasjonalt klimaarbeid | 2 754,6 | 3 111,4 | 3 085,5 | 3 099,8 |
Sum før lånetransaksjonar | 8 519,5 | 9 858,4 | 13 056,3 | 13 209,6 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Klima- og miljødepartementet | 8 519,5 | 9 858,4 | 13 056,3 | 13 209,6 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 153,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 730,7 mill. kroner, frå 13 056,3 mill. kroner til 13 787,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 577,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 38,6 mill. kroner. Det er overført til saman 617,8 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 12 Klima og miljø har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 4,7 mrd. kroner, frå 8,5 mrd. kroner til 13,2 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 15,7 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 34,0 prosent.
Hovudårsaka til auken frå 2017 til 2018 er at ansvaret for oppfølginga av eigarskapet i Enova SF og forvaltinga av midlane frå Klima- og energifondet vart flytta frå Olje- og energidepartementet til Klima- og miljødepartementet 1. mai 2018. Ein del av auken kjem òg av at ansvaret for Meteorologisk Institutt og Artsdatabanken vart overført frå Kunnskapsdepartementet til Klima- og miljødepartementet 1. januar 2018.
Under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. har utgiftene auka med 0,7 mrd. kroner, frå 1,2 mrd. kroner til 1,9 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 15,0 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 41,0 prosent. Auken kjem i hovudsak av tilgangen av Meteorologisk Institutt og Artsdatabanken. Resterande auke kjem av overføring av statens eigedomar på Røros til Statsbygg, og tiltak som understøtter Noregs forpliktingar under Paris-avtala.
Under programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining har utgiftene auka med 3,4 mrd. kroner, frå 3,5 mrd. kroner til 6,9 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 18,8 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 66,0 prosent. Den store auken i utgiftene i denne programkategorien har si årsak i at ansvaret for oppfølginga av Enova SF vart overført frå Olje- og energidepartementet til Klima- og miljødepartementet og lagt til programkategori 12.20.
Under programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 0,7 mrd. kroner til 0,8 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 9,0 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 4,9 prosent. Det har vore ein auke i utbetalingane til verdsarvområde i Noreg, i overføringane til Norsk kulturminnefond samt auke i utbetalingane til nasjonale bevaringsoppgåver på kulturminneområdet.
Under programkategori 12.60 Nord- og polarområda har utgiftene auka med 87 mill. kroner, frå 365 mill. kroner til 452 mill. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 21,6 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 2,0 prosent. Auken på programkategorien har vore på driftssida. Ein stor del er auka husleige, men òg auka utgifter til leige av maskinar og inventar, samt auka kjøp av framande tenester, især i samband med auka forskingsaktivitet i Antarktis.
Under programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 2,8 mrd. kroner til 3,1 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 13,0 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 0,4 prosent. Aktiviteten i 2018 var dermed om lag på same nivå som i 2017.
2.14 Finansdepartementet
Programområde 23 Finansadministrasjon | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Program-kategori | Rekneskap 2016 | Rekneskap 2017 | Budsjett 2018 | Rekneskap 2018 | |
23.10 | Finansadministrasjon | 1 151,4 | 1 311,3 | 1 412,3 | 1 387,3 |
23.20 | Skatte- og avgiftsadministrasjon | 7 244,3 | 8 037,1 | 8 500,1 | 8 333,5 |
23.30 | Offisiell statistikk | 768,5 | 852,2 | 845,9 | 861,0 |
23.40 | Andre føremål | 29 257,8 | 31 042,2 | 32 713,6 | 33 100,6 |
Sum før lånetransaksjonar | 38 421,8 | 41 242,9 | 43 472,0 | 43 682,4 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Finansdepartementet | 38 421,8 | 41 242,9 | 43 472,0 | 43 682,4 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 210,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 548,4 mill. kroner, frå 43 472,0 mill. kroner til 44 020,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 338,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det mindreinntekter på i alt 7,3 mill. kroner. Det er overført til saman 716,3 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein auke på 168 mill. kroner og gjeld for ein stor del større utstyrskjøp og IT-prosjekt under Skatteetaten og Tolletaten. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 23 Finansadministrasjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 5,3 mrd. kroner, frå 38,4 mrd. kroner til 43,7 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 7,3 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 5,9 prosent. I 2017 vart det innført ei ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse. Denne omlegginga auka lønsutgiftene for departementet og etatane og stod for vel 0,8 mrd. kroner av utgiftsauken i 2017. Av samla auke i to-årsperioden 2016–2018 med nærmare 5,3 mrd. kroner sto meirverdikompensasjon til kommunesektoren for vel 3,1 mrd. kroner eller 59 prosent.
Under programkategori 23.10 Finansadministrasjon har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,2 mrd. kroner til 1,4 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 13,9 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 5,8 prosent. Som følgje av fleire kundar stod Direktoratet for økonomistyring for drygt halvparten av samla auke i åra 2017 til 2018.
Under programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon har utgiftene auka med 1,1 mrd. kroner, frå 7,2 mrd. kroner til 8,3 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 10,9 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 3,7 prosent. I 2018, som i 2017, auka aktiviteten i Tolletaten noko, medan Skatteetatens utgifter, etter korrigering for oppgåveendringar, sokk.
Under programkategori 23.30 Offisiell statistikk har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 0,8 mrd. kroner til 0,9 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 10,9 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 1,0 prosent. Programkategorien gjeld Statistisk sentralbyrå. Den store auken i 2017 kom av ny premiebetalingsordning til Statens pensjonskasse og ekstraløyving til fornying av KOSTRA-systemet. Ekstraløyvinga fall bort i 2018. Utan desse omstenda var det reell løyvingsnedgang båe åra. Talet på tilsette er dei seinare åra redusert monaleg og verksemda effektivisert, utan svekking av produksjonen.
Under programkategori 23.40 Andre føremål har utgiftene auka med 3,8 mrd. kroner, frå 29,3 mrd. kroner til 33,1 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 6,1 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 6,6 prosent. Av auken dei to åra til saman gjeld 3,1 mrd. kroner meirverdiavgiftskompensasjon til kommunesektoren og 0,7 mrd. kroner nettoordning for statleg betalt meirverdiavgift.
2.15 Forsvarsdepartementet
Programområde 04 Militært forsvar | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Program-kategori | Rekneskap 2016 | Rekneskap 2017 | Budsjett 2018 | Rekneskap 2018 | |
04.10 | Militært forsvar m.m. | 49 254,0 | 52 429,5 | 56 825,3 | 56 944,7 |
Sum før lånetransaksjonar | 49 254,0 | 52 429,5 | 56 825,3 | 56 944,7 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum 04 Forsvarsdepartementet | 49 254,0 | 52 429,5 | 56 825,3 | 56 944,7 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 119,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 1 572,2 mill. kroner, frå 56 825,3 mill. kroner til 58 397,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 452,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 631,2 mill. kroner. Det er overført til saman 2 012,8 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein netto auke på 441 mill. kroner, som for ein stor del skriv seg frå investeringar under fleire kapittel. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 04 Militært forsvar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 7,7 mrd. kroner, frå knapt 49,3 mrd. kroner til drygt 56,9 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 6,4 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 8,6 prosent.
Driftsutgiftene auka med 4,8 mrd. kroner, frå 34,9 mrd. kroner i 2016 til 39,7 mrd. kroner i 2018. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 5,3 prosent, og frå 2017 til 2018 auka dei med 8,2 prosent. I 2017 vart det innført ei ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, jf. omtale i innleiinga til kapittel 2. Omlegginga gjev ein auke i lønsutgiftene til departementet og etatane når ein samanliknar 2016 med seinare år. Auken frå 2017 til 2018 kjem for ein stor del av utgifter knytt til NATO-øvinga Trident Juncture.
Utgifter til investeringar i materiell auka med 18,1 prosent, frå 11,4 mrd. kroner i 2016 til 13,4 mrd. kroner i 2018. Auken er knytte til føremål i langtidsplanen for forsvarssektoren og utbetalingar til kjøp av nye kampfly med baseløysing. Forsvarsdepartementet har tinga nye kampfly i samsvar med leveringsplanen stadfesta i Innst. 7 S (2012–2013) til Prop. 1 S (2012–2013) og godkjenning frå Stortinget i den årlege budsjetthandsaminga. Talet på norske fly i produksjon er seks fly i kvar produksjonsserie.
Utgifter til nasjonalfinansierte og fellesfinansierte investeringar i eigedom, bygg og anlegg auka med 26,5 prosent, frå 3,0 mrd. kroner i 2016 til 3,8 mrd. kroner i 2018. Denne auken gjeld i hovudsak etablering av Evenes flystasjon for lokalisering av nye overvakingsfly og som framskoten base for dei nye kampflya F-35, fornying av eksisterande bygningsmasse og andre tiltak på Ørland flystasjon, og til grunnsikring av skjermingsverdige objekt.
Utgiftene til norsk deltaking i operasjonar i utlandet var 850 mill. kroner i 2018. Dette er om lag same nivået som i 2016, men lågare enn i 2017 då utgiftene var drygt 1 mrd. kroner.
2.16 Olje- og energidepartementet
Programområde 18 Olje- og energiføremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Program-kategori | Rekneskap 2016 | Rekneskap 2017 | Budsjett 2018 | Rekneskap 2018 | |
18.00 | Administrasjon | 231,0 | 260,0 | 234,3 | 230,2 |
18.10 | Petroleum | 28 633,0 | 27 360,2 | 24 795,4 | 23 356,2 |
18.20 | Energi- og vassressurser | 2 576,9 | 3 736,0 | 1 136,9 | 1 185,7 |
18.30 | Forsking og næringsutvikling | 993,7 | 944,4 | 814,2 | 814,2 |
18.40 | CO2-håndtering | 2 040,9 | 1 022,0 | 585,7 | 655,9 |
Sum før lånetransaksjonar | 34 475,4 | 33 322,5 | 27 566,6 | 26 242,3 | |
Lånetransaksjonar | 19 274,6 | 7 540,9 | 1 754,0 | 1 753,8 | |
Sum Olje- og energidepartementet | 53 750,0 | 40 863,5 | 29 320,6 | 27 996,1 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 324,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2017 aukar disponibel løyving med 421,9 mill. kroner, frå 27 566,6 mill. kroner til 27 988,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 746,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det mindreinntekter på i alt 3,7 mill. kroner. Det er overført til saman 297,9 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 0,2 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2016–2018
På programområde 18 Olje- og energiføremål har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 8,2 mrd. kroner, frå knapt 34,5 mrd. kroner til drygt 26,2 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 3,3 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 21,2 prosent. Endringane heng for det meste saman med endringar i utgifter til investeringar under Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) under programkategori 18.10 Petroleum, overføring av ansvar for Klima- og energifondet til Klima- og miljødepartementet under programkategori 18.20 Energi og vassressursar og reduserte utgifter til Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad (TCM) under programkategori 18.40 CO2-handtering.
Under programkategori 18.10 Petroleum har utgiftene minka med knapt 5,3 mrd. kroner, frå drygt 28,6 mrd. kroner til knapt 23,4 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 4,4 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 14,6 prosent. Hovudgrunnen er reduserte investeringar under SDØE.
Under programkategori 18.20 Energi og vassressursar har utgiftene minka med 1,4 mrd. kroner, frå knapt 2,6 mrd. kroner til knapt 1,2 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 auka utgiftene med 45,0 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 68,3 prosent. Hovudgrunnen til endringa i 2017 er auka avkasting frå Fond for klima, fornybar energi og energiomlegging og at inntekter frå påslaget på nettariffen til Klima- og energifondet vart inntektsført på statsbudsjettet frå og med dette året. I 2018 vart ansvaret for Klima- og energifondet overført frå Olje- og energidepartementet til Klima- og miljødepartementet.
Under programkategori 18.30 Forsking og næringsutvikling har utgiftene minka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,0 mrd. kroner til 0,8 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 5,0 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 13,8 prosent. Hovudgrunnen er reduserte overføringar til Noregs forskingsråd i 2018 som følgje av ekstraordinære løyvingar i 2016 og 2017 gjennom regjeringas sysselsetjingspakke.
Under programkategori 18.40 CO2-handtering har utgiftene minka med knapt 1,4 mrd. kroner, frå drygt 2,0 mrd. kroner til knapt 0,7 mrd. kroner. Frå 2016 til 2017 minka utgiftene med 49,9 prosent, og frå 2017 til 2018 minka dei med 35,8 prosent. Hovudgrunnen er lågare utgifter til kjøp av forskingstenester frå TCM DA som følgje av at lånet frå staten til TCM DA vart nedbetalt i 2017.
Under lånetransaksjonar vart kapitalen i Fond for klima, fornybar energi og energiomlegging auka med 14,25 mrd. kroner i 2016. I 2016 vart det òg rekneskapsført utbyteaksjar for drygt 5 mrd. kroner knytt til Equinors utbyteaksjeprogram. I 2017 vart det rekneskapsført utbyteaksjar for drygt 7,5 mrd. kroner, medan det i 2018 vart rekneskapsført knapt 1,8 mrd. kroner.
2.17 Statlege utlån
Dette avsnittet gjev eit oversyn over hovudtal frå rekneskapen til statlege verksemder som forvaltar statlege utlån. Detaljar kring utlåna er baserte på opplysningar frå departementa.
Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse er ordinære statlege forvaltningsorgan. På vegner av staten forvaltar dei statlege utlån etter reglar og føresetnader fastsette av Stortinget.1 Innovasjon Noreg forvaltar statlege utlån til næringslivet over heile landet og gjev ulike typar lån med høg eller låg risiko. Eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS er omtalt til slutt i avsnittet.
Husbanken
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Husbankens utlån:
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2016 | 2017 | 2018 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63000501 | 140 570 | 142 736 | 146 638 |
Utlån i året | Kap. 2412 / 90 | 14 670 | 16 320 | 15 657 |
Tilbakebetalingar i året | Kap. 5312 / 90 | -12 504 | -12 418 | -12 328 |
Utgåande behaldning | Konto 63000501 | 142 736 | 146 638 | 149 967 |
Renteinntekter | Kap. 5615 / 80 | 3 071 | 2 948 | 2 894 |
I 2018 disponerte Husbanken heile låneramma på 17 mrd. kroner.
Samla uteståande lån i Husbanken, medrekna opptente, ikkje betalte renter, var på 150,0 mrd. kroner ved utgangen av 2018. Det er om lag 3,3 mrd. kroner meir enn året før. Av låna var 59,0 mrd. kroner fastrentelån, 0,4 mrd. kroner var lån med særvilkår og 90,1 mrd. kroner var lån med flytande rente. Opptente, ikkje betalte renter utgjorde om lag 0,5 mrd. kroner. Netto overkurs på fastrentelåna er av Husbanken rekna til drygt 0,2 mrd. kroner per 31.12.2018.
Husbanken hadde om lag 43 200 registrerte låntakarar (dellån) ved utgangen av 2018. Om lag 10 400 hadde lån med fast rente, 31 600 hadde lån med flytande rente, medan dei resterande om lag 1 200 låntakarane hadde lån på særvilkår. Av utlåna utgjorde lån til burettslag, stiftingar og liknande 42 prosent, lån til kommunar 40 prosent og lån til personlege låntakarar 18 prosent.
Statens lånekasse for utdanning
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå Lånekassa:
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2016 | 2017 | 2018 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63000201 | 155 266 | 163 960 | 173 675 |
Utlån i året | Kap. 2410/90 | 24 140 | 25 993 | 27 331 |
Tilbakebetalingar i året1) | Kap. 5310/90 | -9 386 | -9 838 | -10 425 |
Konvertering til stipend | Kap. 5310/93 | -6 059 | -6 440 | -6 719 |
Utgåande behaldning | Konto 63000201 | 163 960 | 173 675 | 183 862 |
Renteinntekter2) | Kap. 5617 / 80 | 3 473 | 3 977 | 4 072 |
1) Tap og avskrivingar løyvde over kapittel 2410, postane 73 og 74 høyrer saman med ordinære tilbakebetalingar på post 90. Avskrivingar på post 73 utgjorde 691 mill. kroner i 2018, 574 mill. kroner i 2017 og 596 mill. kroner i 2016. Tapa på post 74 er nærare spesifiserte i teksten nedanfor.
2) Renteinntekter inneheld òg rentestønad som i 2018 vart utgiftsført med 1 074 mill. kroner på Lånekassa sitt kapittel 2410, post 72. Rentestønaden var 1 050 mill. kroner i 2017 og 847 mill. kroner i 2016.
Samla uteståande krav i Statens lånekasse for utdanning var 183,9 mrd. kroner ved utgangen av 2018, ein auke på 10,2 mrd. kroner frå året før. I tillegg til sjølve utdanningslåna omfattar summen òg tillagde renter. 51,8 mrd. kroner av utdanningslåna er ikkje renteberande. Lån med fast rente utgjer 10,7 mrd. kroner, medan lån med flytande rente utgjer 121,5 mrd. kroner. I desse fordelte tala inngår òg ikkje betalte gebyr med 78 mill. kroner. Overkurs- og underkurs per 31.12.2018 på fastrentelåna er av Lånekassa rekna til om lag 90 mill. kroner.
Lånekassa har om lag 923 900 registrerte låntakarar ved utgangen av 2018. Av dei har om lag 228 100 ikkje renteberande lån (kundar i tildelingsfasen), medan om lag 51 900 har lån med fast rente. Resten av låntakarane har lån med flytande rente.
Lånekassa inntektsførte i 2018 renter med om lag 4,1 mrd. kroner på kapittel 5617, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2017 var om lag 4,0 mrd. kroner. Det vart utgiftsført 346 mill. kroner i tap på utlån i 2018 medan talet i 2017 var 380 mill. kroner. Statens innkrevjingssentral inntektsførte 241 mill. kroner i 2018 (kapittel 4618, post 85) frå innkrevjing av misleghaldne lån i Lånekassa. Tilsvarande tal for 2017 og 2016 var høvesvis 256 mill. kroner og 244 mill. kroner.
Sjå òg omtale av Lånekassa under kapittel 2.3 Kunnskapsdepartement.
Konverteringsordninga i Lånekassa
Frå undervisningsåret 2004–2005 betaler Lånekassa ut heile basisstønaden som lån for dei som er omfatta av stønadsordninga for høgare utdanning m.m. Opp til 40 prosent av stønadsbeløpet kan konverterast til stipend når stønadsmottakaren har gjennomført utdanninga vedkomande har fått stønad til. I statsbudsjetta vert det kvart år løyvd midlar til å dekkje framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetjing til konverteringsfondet. Denne løyvinga går over kapittel 2410, post 50. Kapittel 5310, post 93 i rekneskapen syner nettobeløpet av lån som vert ettergjevne og trekte frå konverteringsfondet.
Utgiftene til andre stipend under Lånekassa kjem fram på kapittel 2410, postane 70 og 71. For å få oversyn over samla netto utgifter til stipend, må lån som er konverterte til stipend, leggjast til stipendutgiftene. Denne summen kjem fram om ein ser kapittel 2410, postane 70 og 71 og kapittel 5310, post 93 i samanheng. For 2018 betalte Lånekassa ut 3,9 mrd. kroner som stipend. Vidare vart drygt 6,7 mrd. kroner netto konvertert frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla netto utgiftene til stipend i 2018 var dermed 10,6 mrd. kroner.
Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse (SPK)
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå bustadlånsordninga i SPK:
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2016 | 2017 | 2018 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63510601 | 74 850 | 58 204 | 49 124 |
Utlån i året | Kap. 0614 / 90 | 3 552 | 4 074 | 5 367 |
Tilbakebetalingar i året | Kap. 3614 / 90 | -20 198 | -13 153 | -11 808 |
Utgåande behaldning | Konto 63510601 | 58 204 | 49 124 | 42 684 |
Renteinntekter | Kap. 5607 / 80 | 1 506 | 1 173 | 977 |
Samla uteståande krav i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse var på 42,7 mrd. kroner ved utgangen av 2018. Det er om lag 6,4 mrd. kroner mindre enn året før. Ved utgangen av 2018 var det om lag 44 300 lån i ordninga, mot 49 800 året før.
Statens pensjonskasse inntektsførte i 2018 renter med 977 mill. kroner på kapittel 5607, post 80. Tilsvarande tal for 2017 og 2016 var høvesvis 1 173 mill. kroner og 1 506 mill. kroner. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse tilbyd berre lån med flytande rente.
Tap på utlån i Statens pensjonskasse utgjorde i 2018 netto 0,4 mill. kroner.
Det var ei meirutgift på Statens pensjonskasses lånekapittel 0614, post 90 på 467 mill. kroner. Det vart innvilga fleire lån enn venta i siste del av året. Statens pensjonskasse hadde dessutan ei mindreinntekt på lånekapittel 3614, post 90 på 192 mill. kroner. Det vart innfridd færre lån enn venta i siste del av året.
Sjå òg omtale av bustadlånsordninga i SPK under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse i kapittel 2.7 Arbeids- og sosialdepartementet.
Innovasjon Noreg
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Innovasjon Noreg sine innlån frå statskassa. I tillegg til innlån frå statskassa nyttar Innovasjon Noreg eigenkapital til å finansiere utlån. Det er difor ikkje ein heilt eintydig samanheng mellom selskapet sine innlån frå statskassa og utlån til lånetakarar.
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2016 | 2017 | 2018 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63000901 | 17 002 | 17 283 | 17 927 |
Netto endring | 281 | 645 | 878 | |
Utgåande behaldning | Konto 63000901 | 17 283 | 17 927 | 18 806 |
Renteinntekter | Kap. 5625 / 80 | 143 | 110 | 106 |
Innovasjon Noreg sine samla innlån frå statskassa, som er aktiverte i kapitalrekneskapen som statens utlån, utgjorde 18,8 mrd. kroner per 31.12.2018. Av dette utgjorde ordinære innlån drygt 16,4 mrd. kroner og lån til såkorn- og investeringsfond knapt 2,4 mrd. kroner.
Innovasjon Noregs samla netto utlån per 31.12.2018 utgjorde 18,6 mrd. kroner etter tapsavsetjingar på 0,9 mrd. kroner. Det er ei netto auke på 0,9 mrd. kroner, frå 17,7 mrd. kroner per 31.12.2017. Brutto utlån (før tapsavsetjing) fordelte seg med 14,4 mrd. kroner til lågrisikolån (om lag 6 720 lån), 3,8 mrd. kroner til innovasjons- og risikolån (om lag 1 830 lån)2, og 1,4 mrd. kroner til andre utlån3.
Det vart inntektsført 106 mill. kroner i renter frå Innovasjon Noreg på kapittel 5625, post 80 i statsrekneskapen 2018. Tilsvarande tal for 2017 og 2016 var høvesvis 110 mill. kroner og 143 mill. kroner.
Brutto bokført tap på utlån og garantiar i 2018 utgjer 90 mill. kroner, mot 77 mill. kroner i 2017. Rekneskapen til Innovasjon Noreg for 2018 syner eit netto utlånstap på 23 mill. kroner, mot -50 mill. kroner i 2017. I 2017 vart tidlegare nedskrivingar høgare enn konstaterte tap.
Statleg eksportfinansieringsordning
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for den statlege eksportfinansieringsordninga:
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2016 | 2017 | 2018 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63510901 | 63 831 | 76 505 | 69 359 |
Utlån i året | Kap. 2429, post 90 | 10 121 | 3 424 | 2 839 |
Tilbakebetalingar i året | Kap. 5329, post 90 | -8 922 | -8 275 | -13 328 |
Omrekning til valutakurs balansedagen1) | 11 474 | -2 294 | 2 349 | |
Utgåande behaldning | Konto 63510901 | 76 505 | 69 359 | 61 220 |
Renteinntekter | Kap. 5629 / 80 | 1 711 | 1 744 | 1 727 |
1) Lån i utanlandsk valuta under eksportkredittordninga vert omrekna til kursen på balansedagen.
Låna under eksportfinansieringsordninga er hovudsakleg gjevne i NOK, USD; EUR og i nokre andre valutaer. Fordelinga ved utgangen av 2017 og 2018 er slik:
Valuta (mrd.) | Talet på lån 2017 | Uteståande per 31.12.2017 | Talet på lån 2018 | Uteståande per 31.12.2018 |
---|---|---|---|---|
NOK | 97 | 21,31 | 98 | 19,92 |
USD | 88 | 5,48 | 74 | 4,30 |
EUR | 16 | 0,20 | 22 | 0,26 |
GBP | 9 | 0,04 | 9 | 0,06 |
SEK | 1 | 0,04 | 1 | 0,03 |
DKK | 0 | 0 | 1 | 0,01 |
CAD | 2 | 0,09 | 2 | 0,08 |
JPY | 1 | 1,18 | 1 | 1,08 |
Balansetabellen ovanfor syner at statlege eksportfinansieringslån til saman utgjorde 61,2 mrd. kroner ved utgangen av 2018, ein netto nedgang på 8,1 mrd. kroner frå året før. Lån i utanlandsk valuta vart frå 2016 rekna om til norske kroner basert på valutakursen på balansedagen, jf. nærare omtale i Prop. 25 S (2016–2017). Nedgangen frå 2017 til 2018 kjem av at mottekne avdrag vart om lag 10,5 mrd. kroner høgare enn utbetalingane i 2018. Valutakursendringar førte til at verdien på utlånsporteføljen auka med om lag 2,3 mrd. kroner i 2018. Netto realisert valutavinst på avdraga som vart innbetalte i 2018, utgjorde om lag 1,6 mrd. kroner.
Det vart inntektsført renter frå ordninga med 1,7 mrd. kroner på kapittel 5629, post 80 i statsrekneskapen 2018. Tilsvarande tal for 2017 og 2016 var òg om lag 1,7 mrd. kroner per år.
Alle eksportfinansieringslåna er garanterte 100 prosent av GIEK og/eller andre finansinstitusjonar.
Fotnotar
Bokføring av utlån og renteinntekter i statsrekneskapen for Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse bustadlånsordning, følgjer prinsippet om opptente renter basert på kalenderåret, jf. Prop. 1 S (2009–2010) kapittel 9.4. Det inneber at behaldningane av utlån som er aktiverte i kapitalrekneskapen òg inneheld opptente, men enno ikkje betalte renter.
Desse omfattar landsdekkjande innovasjonslån, distriktsretta risikolån, risikolån landbruk, landsdekkjande innovasjonslån European Investment Fund og distriktsretta risikolån European Investment Fund.
Andre utlån omfattar ansvarlege lån til såkornfonda, lån til pre-såkornkapital, ansvarlege lån til investeringsfond for Nordvest-Russland og Aust-Europa, bygdeutviklingslån til landbruket og lån til tilsette. (Innovasjon Noreg forvaltar òg bygdeutviklingslån til landbruket for Landbrukets utviklingsfond, som omfattar 3 230 lån.)