Meld. St. 3 (2021–2022)

Statsrekneskapen 2021

Til innhaldsliste

2 Utgifter under departementa

Tabell 2.1 Utgifter 2021 etter programområde (tal i mrd. kroner)

Programområde/ departement inkludert lånetransaksjonar

Referanse til omtale

Budsjett 2021

Rekneskap 2021

Avvik budsjett og rekneskap

Kongehuset

0,3

0,3

0,0

Regjeringa

0,4

0,4

0,0

Stortinget og tilknytte organ

2,1

2,0

0,1

Sum 00 Konstitusjonelle institusjonar

2.1

2,8

2,7

0,1

02 Utanriksforvaltning

7,9

7,8

0,1

03 Internasjonal bistand

36,8

36,9

-0,1

Sum Utanriksdepartementet, UD

2.2

44,7

44,6

0,0

Sum 07 Kunnskapsføremål, KD

2.3

129,4

128,4

1,0

Sum 08 Kulturføremål, KUD

2.4

24,8

25,9

-1,0

Sum 06 Justissektoren, JD

2.5

46,1

44,4

1,7

Sum 13 Statsforvaltning og kommunesektoren m.m.

2.6

245,9

245,7

0,2

09 Arbeid og sosiale føremål

48,2

48,5

-0,3

29 Sosiale føremål, folketrygda

459,6

460,2

-0,6

33 Arbeidsliv, folketrygda

28,3

28,1

0,3

Sum Arbeids- og sosialdepartementet, ASD

2.7

536,1

536,7

-0,5

10 Helse og omsorg

216,0

214,7

1,3

30 Helsetenester, folketrygda

37,0

37,3

-0,3

Sum Helse- og omsorgsdepartementet, HOD

2.8

253,0

252,0

0,9

11 Barn og familie

34,2

33,9

0,3

28 Foreldrepengar, folketrygda

22,7

23,3

-0,6

Sum Barne- og familiedepartementet, BFD

2.9

56,9

57,2

-0,3

17 Nærings- og fiskeriføremål

121,3

110,9

10,5

33 Arbeidsliv, folketrygda

0,1

0,1

0,0

Sum Nærings- og fiskeridepartementet, NFD

2.10

121,4

110,9

10,5

Sum 15 Landbruk og mat, LMD

2.11

21,5

20,9

0,6

21 Innanlands transport

85,5

85,7

-0,2

22 Posttenester

0,8

0,8

0,0

Sum Samferdselsdepartementet, SD

2.12

86,2

86,5

-0,2

Sum 12 Klima og miljø, KLD

2.13

16,5

16,5

0,1

23 Finansadministrasjon

2.14

52,3

51,1

1,2

24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag

4.2

83,9

83,8

0,2

Sum Finansdepartementet, FIN

136,3

134,9

1,4

Sum 04 Militært forsvar, FD

2.15

66,3

67,6

-1,2

Sum 18 Olje- og energiføremål, OED

2.16

31,9

30,4

1,5

Sum 26 Ymse utgifter

0,1

0,0

0,1

Sum 34 Statens pensjonsfond utland

1.7/3.1

272,0

287,5

-15,5

Sum utgifter1)

2 092,2

2 093,0

-0,8

1) Tabell 1.6 i kapittel 1 syner mindreutgifter på 4 471 mill. kroner utan lånetransaksjonar, statleg petroleumsverksemd og overføring til Statens pensjonsfond utland. Netto mindreutgifter for desse postane utgjer høvesvis 8 957 mill. kroner, 1 268 mill. kroner og -15 512 mill. kroner. Dette gjev 816 mill. kroner i brutto meirutgifter med lånetransaksjonar.

Dette kapittelet inneheld ei kort omtale av rekneskapen til kvart einskilt departement og av statlege utlån. Kapittelet syner utviklinga på programområde og programkategoriar dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2019, 2020 og 2021 synt i ein tabell saman med nysaldert budsjett for 2021. Samla lånetransaksjonar kjem fram på ei særskild rad.

Tabell 2.1 syner utgifter etter programområde per departement, og med referanse til avsnitt i meldinga med nærare omtale.

Tabellane i avsnitta 2.1 til 2.16 nedanfor er ordna i ei rekkjefølgje som er avleidd av departementa sine kapittelnummer i statsbudsjettet. Avsnitt 2.17 inneheld ei kort omtale av statlege utlån.

Rekneskapen vert i utgangspunktet gjord opp på kapittel- og postnivå. For detaljar knytte til kapittel og postar, sjå vedlegg 2, Løyvingsrekneskap for staten. Overføringar av unytta løyvingar frå eit år til det neste vert vedtekne på postnivå. Unytta beløp kan overførast på postar merkte «kan overførast», medan vanlege driftspostar berre kan overførast med opp til fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførte beløp er difor ikkje den same som summen av unytta løyvingar på programområdet sett under eitt. Tabell 1.10 i vedlegg 1 syner utgiftsløyvingar, rekneskap og overførte løyvingar utanom lånetransaksjonar per programområde og gjev eit oversyn over samla meirinntekter knytte til områda.

Løyvingsrekneskapen er stilt opp etter departementsstrukturen som var gjeldande per 31. desember 2021.

Ved samanlikning av trenden i rekneskapen i perioden 2019 til 2021 må det takast omsyn til den store utgiftsauken i 2020 og 2021 som følgje av koronapandemien, og som i stor grad påverkar fleire programområde og -kategoriar.

Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med rekneskapen.

2.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

(i mill. kroner)

Programkategori

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Rekneskap 2021

00.10

Kongehuset

433,9

291,1

335,4

335,7

00.30

Regjeringa

447,5

442,3

414,5

397,3

00.40

Stortinget og tilknytte organ

2 244,9

1 966,9

2 084,0

2 008,8

Sum før lånetransaksjonar

3 126,3

2 700,3

2 833,9

2 741,8

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Konstitusjonelle institusjonar

3 126,3

2 700,3

2 833,9

2 741,8

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 92,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 184,8 mill. kroner, frå 2 833,9 mill. kroner til 3 018,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 276,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 1,0 mill. kroner. Det er overført til saman 213,6 mill. kroner til 2022 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 0,4 mrd. kroner, frå 3,1 mrd. kroner til 2,7 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 13,6 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 1,5 prosent.

Under programkategori 00.10 Kongehuset har utgiftene minka med 98 mill. kroner, frå 434 mill. kroner til 336 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 32,9 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 15,3 prosent. Nedgangen frå 2019 til 2020 og auken frå 2020 til 2021 er i hovudsak knytt til ein faseforskyving i prosjekt for sikringstiltak for kongefamilien.

Under programkategori 00.30 Regjeringa har utgiftene minka med 50 mill. kroner, frå 447 mill. kroner til 397 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 1,2 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 10,2 prosent. Klårt lågare reisekostnader under pandemien bidrog til lågare utgifter i 2020 og 2021 enn i 2019. I tillegg hadde reduksjonen frå 2020 til 2021 si årsak i at Regjeringas bilteneste vart overført til Politiets sikkerheitsteneste frå 1. januar 2021.

Under programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ har utgiftene minka med 236 mill. kroner, frå 2 245 mill. kroner til 2 009 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 12,4 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 2,1 prosent. Hovudårsaka til lågare utgifter i 2020 og 2021 var at Stortingets prosjekt for ombygging av Prinsens gate 26 og etablering av nytt post- og varemottak og ekstra innkøyringstunnel i det vesentlege vart sluttført i 2019.

2.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 02 Utanriksforvaltning og programområde 03 Internasjonal bistand (ODA).

Programområde 02 Utanriksforvaltning

(i mill. kroner)

Programkategori

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Rekneskap 2021

02.00

Administrasjon av utanrikspolitikken

2 497,5

2 402,6

2 473,3

2 433,5

02.10

Utanriksføremål

3 539,1

5 081,6

5 446,7

5 356,7

Sum før lånetransaksjonar

6 036,6

7 484,2

7 920,0

7 790,2

Lånetransaksjonar

186,8

195,4

1,8

1,5

Sum 02 Utanriksforvaltning

6 223,4

7 679,6

7 921,8

7 791,8

Programområde 03 Internasjonal bistand

03.00

Forvaltning av utviklingssamarbeidet

2 253,4

2 160,6

2 123,5

2 144,2

03.10

Utviklingssamarbeidet

30 823,6

32 898,8

33 394,6

33 469,2

Sum før lånetransaksjonar

33 077,1

35 059,5

35 518,1

35 613,4

Lånetransaksjonar

1 428,8

1 365,0

1 239,9

1 239,9

Sum 03 Internasjonal bistand

34 505,8

36 424,5

36 758,0

36 853,3

Sum Utanriksdepartementet

40 729,2

44 104,1

44 679,8

44 645,0

Programområde 02 Utanriksforvaltning

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 129,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 270,9 mill. kroner, frå 7 920,0 mill. kroner til 8 190,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 400,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 10,2 mill. kroner. Det er overført til saman 382,9 mill. kroner til 2022 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 0,3 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 02 Utanriksforvaltning har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,8 mrd. kroner, frå 6,0 mrd. kroner til 7,8 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 24,0 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 4,1 prosent.

Under programkategori 02.00 Administrasjon av utanrikspolitikken har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå 2,5 mrd. kroner til 2,4 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 3,8 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 1,3 prosent. Endringane har dels samanheng med reduserte utgifter til reise og representasjon under pandemien, og med valutakursutvikling.

Under programkategori 02.10 Utanriksføremål har utgiftene auka med 1,8 mrd. kroner, frå drygt 3,5 mrd. kroner til knapt 5,4 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 43,6 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 5,4 prosent. Dei store variasjonane i utbetalte beløp per år har i hovudsak samanheng med utbetalingar under EØS-finansieringsordningane.

Programområde 03 Internasjonal bistand

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 95,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 658,0 mill. kroner, frå 35 518,1 mill. kroner til 36 176,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 562,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 0,2 mill. kroner. Det er overført til saman 556,3 mill. kroner til 2022 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 03 Internasjonal bistand har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,5 mrd. kroner, frå 33,1 mrd. kroner til 35,6 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 6,0 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 1,6 prosent.

Under programkategori 03.00 Forvaltning av utviklingssamarbeidet har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå knapt 2,3 mrd. kroner til drygt 2,1 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 4,1 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 0,8 prosent.

Under programkategori 03.10 Utviklingssamarbeidet har utgiftene auka med drygt 2,6 mrd. kroner, frå drygt 30,8 mrd. kroner til knapt 33,5 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 6,7 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 1,7 prosent.

Utbetalingar til utviklingshjelp i perioden 2017–2021

I statsrekneskapen for 2021 er det samla utgiftsført 39 971,7 mill. kroner i offisiell utviklingshjelp (ODA), fordelt som følgjer:

  • 36 853,3 mill. kroner under Utanriksdepartementet

  • 3 011,3 mill. kroner under Klima- og miljødepartementet (klimatiltak på kap. 1482)

  • 36,1 mill. kroner til utviklingsprosjekt under Riksrevisjonen (utviklingsprosjekt på kap. 51)

  • 55,1 mill. kroner under Finansdepartementet (nettoført mva. på kap. 1633, fordelt med 52,9 mill. kroner på Utanriksdepartementet og underliggjande etatar og 2,2 mill. kroner på Klima- og miljødepartementet)

  • 15,9 mill. kroner under Kunnskapsdepartementet (forsking på kap. 285)

Samla utbetalingar i 2021, i alt 39 971,7 mill. kroner, utgjer 0,92 prosent av BNI for 2021, slik BNI for 2021 no er venta.

Tabellen nedanfor syner tal for samla norsk offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2017–2021:

År

Utbetalt i mill. kroner

Utbetalt i prosent av BNI1)

Unytta løyving overført til neste termin (i mill. kroner)

Unytta løyving overført neste budsjettermin, i prosent av budsjett

2017

34 262

1,00

390

1,1

2018

34 768

0,94

852

2,5

2019

37 984

1,03

744

1,9

2020

39 844

1,12

658

1,7

2021

39 972

0,92

679

1,7

1) Rekna ut på bakgrunn av faktisk BNI det aktuelle året. I budsjettsamanheng vert utviklingshjelpa målt i prosent av forventa BNI komande budsjettår.

2.3 Kunnskapsdepartementet

Programområde 07 Kunnskapsføremål

(i mill. kroner)

Programkategori

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Rekneskap 2021

07.10

Administrasjon

450,4

643,7

655,3

656,9

07.20

Grunnopplæringa

13 164,5

12 540,6

13 869,2

13 837,6

07.30

Barnehagar

954,4

765,9

708,8

694,2

07.40

Høgare yrkesfagleg utdanning

793,9

951,2

1 163,9

1 112,5

07.50

Kompetansepolitikk og livslang læring

2 372,2

2 038,9

1 967,1

1 802,1

07.60

Høgare utdanning og forsking

47 619,7

50 227,4

51 934,8

51 259,3

07.80

Utdanningsstøtte

14 157,6

15 190,6

15 302,4

15 179,2

07.90

Integrering og mangfald

13 557,7

10 210,9

9 051,6

9 017,2

Sum før lånetransaksjonar

93 070,3

92 569,3

94 653,1

93 559,0

Lånetransaksjonar

28 895,0

32 656,5

34 750,5

34 885,7

Sum Kunnskapsdepartementet

121 965,3

125 225,8

129 403,6

128 444,7

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 094,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 1 630,7 mill. kroner, frå 94 653,1 mill. kroner til 96 283,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 724,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto mindreinntekter på i alt 4,9 mill. kroner. Det er overført til saman 2 119,2 mill. kroner til 2022 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein auke på 408,5 mill. kroner, der 422 mill. kroner heng saman med ei budsjetteknisk endring knytt til nettobudsjetterte Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetssikring i høgare utdanning) som vart innlemma i det nye bruttobudsjetterte Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 135,2 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 07 Kunnskapsføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,5 mrd. kroner, frå 93,1 mrd. kroner til 93,6 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 0,5 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 1,1 prosent.

Under programkategori 07.10 Administrasjon har utgiftene har utgiftene auka med drygt 206 mill. kroner, frå 450 mill. kroner til 657 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 42,9 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 2,1 prosent. Auken frå 2019 til 2020 skriv seg for det meste frå at utgiftene til forskingsprogrammet FINNUT i Noregs forskingsråd, som tidlegare var spreidd på ulike budsjettpostar, vart samla på programkategori 07.10 i 2020. Frå 2020 til 2021 skjedde det ikkje store endringar, slik at utgiftene auka om lag i takt med løns- og prisutviklinga.

Under programkategori 07.20 Grunnopplæringa har utgiftene auka med 0,7 mrd. kroner, frå knapt 13,2 mrd. kroner til drygt 13,8 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 10,3 prosent. Utgiftsreduksjonen frå 2019 til 2020 skriv seg frå at 1,3 mrd. kroner i tilskot til lærarinnsats på fyrste til tiande trinn vart ført ut av programkategori 07.20 og lagt inn i rammetilskotet til kommunane. Auken frå 2020 til 2021 kjem mellom anna av mellombelse tiltak på grunn av pandemien.

Under programkategori 07.30 Barnehagar har utgiftene minka med 260 mill. kroner, frå 954 mill. kroner til 694 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 19,7 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 9,4 prosent. Barnehagane vert i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane. I perioden 2018–2020 vart det løyvd midlar til eit mellombels tilskot til bemanningstettleik i barnehagen. Tilskotet vart redusert i 2020 og fjerna i 2021, og dette er hovudårsaka til at utgiftene på denne programkategorien har minka.

Under programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 0,8 mrd. kroner til 1,1 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 19,8 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 17,0 prosent. Auken i perioden kjem fyrst og fremst av at det både i 2020 og 2021 vart løyvd pengar til ein stor auke i talet på studieplassar.

Under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring har utgiftene minka med 0,6 mrd. kroner, frå 2,4 mrd. kroner til 1,8 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 14,0 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 11,6 prosent. Utgiftsreduksjonen frå 2019 til 2020 kjem av at EUs utdannings- og ungdomsprogram Erasmus+ vart flytta frå programkategori 07.50 til programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking. I 2021 minka utgiftene vidar på grunn av at tilskotet til freds- og menneskerettssenter vart flytta til programkategori 07.20 Grunnopplæringa, og at store deler av tilskotet til studieforbund vart flytta over til budsjettet til Kultur- og likestillingsdepartementet.

Under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking har utgiftene auka med drygt 3,6 mrd. kroner, frå drygt 47,6 mrd. kroner til knapt 51,3 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 5,5 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 2,1 prosent. Mykje av auken i perioden skriv seg frå at Stortinget løyvde midlar til 250 nye rekrutteringsstillingar og over 4 000 nye studieplassar i 2020. Samstundes er studieplassar oppretta i 2019 og tidlegare førte vidare og trappa opp med opptak av nye kull. Løyvingar til pandemitiltak for studentane var òg med på å auke utgiftene i 2020 og 2021. Vidare vart det meir resultatbasert utteljing, som følgje av auke i studiepoeng, kandidatar og doktorgrader, og ein auke i midlane til fleksibel utdanning.

Under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte har utgiftene auka med 1,0 mrd. kroner, frå 14,2 mrd. kroner til 15,2 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 7,3 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 0,1 prosent. Auken frå 2019 til 2020 kjem hovudsakleg av høgare studenttal og fullføring av 11 månader med studiestøtte. Årsaka til nedgangen frå 2020 til 2021 er lågare utgifter til rentestøtte som følgje av lågare rentenivå, og mindre tap på utlån.

Under programkategori 07.90 Integrering og mangfald har utgiftene minka med drygt 4,5 mrd. kroner, frå knapt 13,6 mrd. kroner til 9,0 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 24,7 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 11,7 prosent. Hovudårsaka til at utgiftene har minka er at færre personar har utløyst tilskot frå integreringstilskotsordninga, og at det òg er færre som har utløyst særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar.

Utgiftene til lånetransaksjonar har auka med 6,0 mrd. kroner, frå 28,9 mrd. kroner til 34,9 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 13,0 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 6,8 prosent. Utgiftsauken kjem av at høgare studenttal har løyst ut auke i studiestøtta gjennom Lånekassa, og at det våren 2020 og våren 2021 vart løyvd pengar til tilleggslån til studentar som hadde mista inntekt på grunn av pandemien. I tillegg vart det frå hausten 2020 innført tilbod om tilleggslån til studentar over 30 år og studentar som har barn. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar om utlåna frå Lånekassa er nærare spesifiserte.

2.4 Kulturdepartementet

Programområde 08 Kulturføremål

(i mill. kroner)

Programkategori

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Rekneskap 2021

08.10

Administrasjon

174,9

177,6

204,6

204,5

08.15

Frivilligheitsføremål

1 965,9

2 076,7

2 604,1

2 583,0

08.20

Kulturføremål

8 906,8

12 561,5

13 432,3

14 436,3

08.30

Medieføremål m.m.

1 527,7

7 960,4

8 109,1

8 153,0

08.45

Likestilling og ikkje-diskriminering

403,9

429,7

497,7

489,9

Sum før lånetransaksjonar

12 979,2

23 206,0

24 847,8

25 866,8

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Kulturdepartementet

12 979,2

23 206,0

24 847,8

25 866,8

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 019,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 2 648,6 mill. kroner, frå 24 847,8 mill. kroner til 27 496,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 629,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto mindreinntekter på i alt 12,2 mill. kroner. Det er overført til saman 1 549,1 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein nedgang på 1 099,5 mill. kroner, som i hovudsak er knytt til programkategori 08.20 og kompensasjonsordningar i møte med pandemien. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde kapittel og postar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 08 Kulturføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 12,9 mrd. kroner, frå 13,0 mrd. kroner til 25,9 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 78,8 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 11,5 prosent.

Under programkategori 08.10 Administrasjon har utgiftene auka med 30 mill. kroner, frå 175 mill. kroner til 205 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 1,5 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 15,2 prosent. Auken frå 2020 til 2021 kjem av endringar i kapittel- og poststruktur. Postar for Tilskott til prisar og konkurransar m.m. og Til disposisjon vart i 2021 lagt inn under kategorien, med eit samla rekneskapsført beløp på 23 mill. kroner.

Under programkategori 08.15 Frivilligheitsføremål har utgiftene auka med 617 mill. kroner, frå 1 966 mill. kroner til 2 583 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 5,6 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 24,4 prosent. Auken frå 2020 til 2021 kjem av at tilskot til frivilligsentralar og studieforbund er utbetalte frå Kulturdepartementet frå 2021 og ein auke i løyvinga som gjeld meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar.

Under programkategori 08.20 Kulturføremål har utgiftene auka med drygt 5,5 mrd. kroner, frå 8,9 mrd. kroner til drygt 14,4 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 41,0 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 14,9 prosent. Auken over perioden kjem i all hovudsak av løyvingar til kompensasjons- og stimuleringsordningar til kultur, frivilligheit og idrett i møte med pandemien.

Under programkategori 08.30 Medieføremål m.m. auka utgiftene med drygt 6,6 mrd. kroner, frå drygt 1,5 mrd. kroner til knapt 8,2 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 421 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 2,4 prosent. Auken over perioden skuldast i hovudsak at NRK frå 1. januar 2020 fekk tilskot over statsbudsjettet og ikkje gjennom kringkastingsavgifta. Det vart i 2021 utbetalt tilskot til NRK på 6,3 mrd. kroner.

Under programkategori 08.45 Likestilling og ikkje-diskriminering har utgiftene auka med 86 mill. kroner, frå 404 mill. kroner til 490 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 6,4 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 14,0 prosent. Auken frå 2020 til 2021 kjem hovudsakleg frå tiltak retta mot personar med nedsett funksjonsevne i samband med pandemien.

2.5 Justis- og beredskapsdepartementet

Programområde 06 Justissektoren

(i mill. kroner)

Programkategori

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Rekneskap 2021

06.10

Administrasjon

581,7

593,3

615,1

615,4

06.20

Rettsstell

3 077,8

3 211,9

3 347,8

3 338,2

06.30

Straffegjennomføring og konfliktråd

5 146,7

5 368,3

5 599,6

5 719,4

06.40

Politi- og påtalemakt

22 161,3

22 015,2

23 063,7

22 092,5

06.50

Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap

4 786,6

5 013,0

7 619,3

6 859,0

06.60

Andre verksemder

1 614,4

1 621,2

1 633,6

1 618,5

06.70

Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordningar m.m.

1 435,8

1 568,9

1 447,8

1 410,8

06.80

Svalbardbudsjettet

305,8

406,1

460,7

453,1

06.90

Beskyttelse og innvandring

2 456,0

2 367,8

2 353,3

2 320,6

Sum før lånetransaksjonar

41 566,2

42 165,8

46 141,1

44 427,5

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Justis- og beredskapsdepartementet

41 566,2

42 165,8

46 141,1

44 427,5

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 713,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 1 988,3 mill. kroner, frå 46 141,1 mill. kroner til 48 129,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 3 701,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto mindreinntekter på i alt 2,6 mill. kroner. Det er overført til saman 3 122,2 mill. kroner til 2022 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein auke på 1 133,9 mill. kroner, som for ein stor del er knytt til programkategori 06.40, jf. kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten og programkategori 06.50, jf. kap. 451 Direktoratet for samfunnsikkerheit og beredskap. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde kapittel og postar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 06 Justissektoren har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,9 mrd. kroner, frå 41,6 mrd. kroner til 44,4 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 1,4 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 5,4 prosent.

Under programkategori 06.20 Rettsstell har utgiftene auka med knapt 0,3 mrd. kroner, frå knapt 3,1 mrd. kroner til drygt 3,3 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 4,4 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 3,9 prosent. Auken i utgifter frå 2020 til 2021 kjem mellom anna som følgje av auka løyvingar til dommarstillingar og ulike digitaliseringsprosjekt i domstolane.

Under programkategori 06.30 Straffegjennomføring og konfliktråd har utgiftene auka med 0,6 mrd. kroner, frå 5,1 mrd. kroner til 5,7 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 4,3 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 6,5 prosent. Den samla auken over perioden 2019–2021 heng mellom anna saman med at ordninga med bøtetenester vart utvida til heile landet, tilbod innanfor rusmeistring og psykisk helsevern til innsette vart utvida, vedlikehaldsprosjekt og drift av nye fengsel (Agder fengsel, avdeling Froland og Mandal, Arendal fengsel, avdeling Evje og Ila fengsel- og forvaringsanstalt). Kapittel 433 Konfliktråd, kom inn som nytt kapittel under programkategorien i 2021. Tidlegare låg dette på kapittel 474 under programkategori 06.70.

Under programkategori 06.40 Politi- og påtalemakt har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå 22,2 mrd. kroner til 22,1 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 0,7 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 0,4 prosent. Hovudforklaringa er fleire politistillingar, og utgifter til Forsvarets bistand til politiet knytt til grensekontroll. Dei rekneskapsførte utgiftene må òg sjåast i samanheng med auka overføringar av unytta løyvingar på programkategorien, som er eit uttrykk for noko etterslep samanlikna med dei disponible løyvingane.

Under programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap har utgiftene auka med 2,1 mrd. kroner, frå 4,8 mrd. kroner til 6,9 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 36,8 prosent. Hovudforklaringa på auken frå 2020 til 2021 er knytt til innføringa av karantenehotellordninga og andre naudsynte tiltak som følgje av pandemien.

Under programkategori 06.60 Andre verksemder har utgiftene nominelt lege stabile på om lag 1,6 mrd. kroner over treårs-perioden. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 0,4 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 0,2 prosent. Utgiftene til særskilde straffesaker varierer som følgje av mengda straffesaker og deira omfang, oppnemnde forsvararar, bruken av tolkar og sakkunnige og den offentlege salærsatsa. I periodar av 2020 førte pandemien til at det har vore utfordrande å gjennomføre saker i domstolane. Saker med enkel kompleksitet vart effektuert. Dette førte til restansar av tyngre saker. Denne trenden gjorde seg òg gjeldande i 2021.

Under programkategori 06.70 Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordningar m.m. har utgiftene minka med 25 mill. kroner, frå 1 436 mill. kroner til 1 411 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 9,3 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 10,1 prosent. Det er fleire forhold som har ført til at utgiftene er reduserte. Mellom anna er det utbetalt mindre til fri rettshjelp. I tillegg er utbetalingane til erstatning etter straffeforfølging reduserte som følgje av at fleire av sakene der det er fremma større erstatningskrav vert teke til domstolane. Det forseinkar utbetalingane. Vidare er det utbetalt mindre i tilfelle der buet eller den som ber om konkurs ikkje dekkjer utgiftene. I tillegg er utgifter til konfliktråd flytta til programkategori 06.30, sjå omtale ovanfor.

Under programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet m.m. har utgiftene auka med 147 mill. kroner, frå 306 mill. kroner til 453 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 32,8 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 11,6 prosent. Utgiftene på Svalbardbudsjettet auka frå 2019 til 2020 av tre årsaker: Ekstra løyvingar i samband med pandemien, auka eingongsutgifter til skredsikring av Longyearbyen og forlenga seglingssesong for Sysselmannen sitt tenestefartøy. Forklaringa på auken frå 2020 til 2021 er at utgifter til Samfunnet Jan Mayen (kap. 481) no er inkludert under programkategorien, medan dette tidlegare låg under Samferdselsdepartementet (kap. 1361). Tilskotet til Svalbardbudsjettet kjem fram av kapittel 480, post 50 i statsrekneskapen og utgjer eit netto tilskot.

Under programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring har utgiftene minka med drygt 0,1 mrd. kroner, frå knapt 2,5 mrd. kroner til drygt 2,3 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 3,6 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 2,0 prosent. Nedgangen på utlendingsfeltet i perioden kjem i hovudsak av at det gjennomsnittlege talet på bebuarar i asylmottak har vore lågt i perioden 2019–2021, høvesvis 3 237, 2 328 og 1 734 personar. Utlendingsdirektoratet (UDI) har redusert talet på mottaksplassar dei siste åra som følgje av eit stadig mindre behov. Det var òg minka utgifter til IKT-utvikling grunna forseinka prosjekt.

2.6 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Programområde 13 Statsforvaltning og kommunesektoren m.m.

(i mill. kroner)

Programkategori

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Rekneskap 2021

13.00

Administrasjon

1 920,8

1 793,6

1 919,1

1 953,6

13.25

Statsforvaltarane

2 019,8

1 987,6

2 110,7

1 986,9

13.30

Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning

7 184,3

6 814,6

3 682,2

3 818,4

13.40

Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk

1 444,7

2 081,8

2 028,3

2 088,7

13.45

Personvern

60,9

68,4

70,0

71,3

13.50

Distrikts- og regionalpolitikk

1 176,5

2 025,6

5 042,7

5 059,6

13.60

Samiske føremål

532,0

539,9

565,3

563,6

13.67

Nasjonale minoritetar

40,4

51,2

58,9

59,7

13.70

Kommunesektoren m.m.

182 481,7

207 786,5

205 222,0

205 212,6

13.80

Bustad, bustadmiljø og bygg

4 734,0

4 294,2

4 287,7

4 234,5

13.90

Planlegging, byutvikling og geodata

1 435,5

1 379,6

1 280,2

1 297,0

Sum før lånetransaksjonar

203 030,4

228 823,1

226 267,1

226 345,7

Lånetransaksjonar

17 103,2

19 335,3

19 622,0

19 375,6

Sum Kommunal- og moderniseringsdepartementet

220 133,6

248 158,3

245 889,1

245 721,3

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 78,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 1 579,3 mill. kroner, frå 226 267,1 mill. kroner til 227 846,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 500,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto mindreinntekter på i alt 47,3 mill. kroner. Det er overført til saman 1 392,8 mill. kroner til 2022 på postar merka «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 246,4 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 13 Statsforvaltning og kommunesektoren m.m. har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 23,3 mrd. kroner, frå 203,0 mrd. kroner til 226,3 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 12,7 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 1,1 prosent.

Under programkategori 13.00 Administrasjon har utgiftene auka med 33 mill. kroner, frå 1 921 mill. kroner til 1 954 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 6,6 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 8,9 prosent. Nedgangen frå 2019 til 2020 kjem i hovudsak av at løyvinga til IKT-forsking vart flytta til programkategori 13.40. Auken frå 2020 til 2021 kjem hovudsakleg av løyving til husleiekompensasjon som følgje av kapitalkostnadene for sikker teknisk infrastruktur fase 1 i nytt regjeringskvartal.

Under programkategori 13.25 Statsforvaltarane har utgiftene over treårsperioden vore på om lag 2,0 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 1,6 prosent, og frå 2020 til 2021 var dei tilnærma uendra.

Under programkategori 13.30 Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning har utgiftene minka med 3,4 mrd. kroner, frå 7,2 mrd. kroner til 3,8 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 5,1 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 44,0 prosent. Nedgangen frå 2019 til 2020 kjem av at vidareføring av ordinære byggjeprosjekt innanfor husleigeordninga hadde mindre omfang i 2020. Nedgangen frå 2020 til 2021 kjem hovudsakleg av lågare løyvingar til byggjeprosjektet og brukarutstyr til NMBU og Veterinærinstituttet på Ås, og frå betra driftsresultat på kap. 2445 Statsbygg (post 24) knytt til store inntekter frå sal av eigedom.

Under programkategori 13.40 Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk har utgiftene auka med drygt 0,6 mrd. kroner, frå drygt 1,4 mrd. kroner til knapt 2,1 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 44,1 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 0,3 prosent. Auken frå 2019 til 2020 kjem mellom anna av overføring av løyvinga til IKT-forsking frå programkategori 13.00 og overføring av ansvaret for Altinn frå Nærings- og fiskeridepartementet. I tillegg skuldast auken ei ekstraordinær løyving i 2020 til utbygging av breiband i samband med pandemien. Auken frå 2020 til 2021 kjem mellom anna av auka løyvingar til Digitaliseringsdirektoratet for å utvikle og oppretthalde ei sikker, stabil og robust drift og forvalting av Altinn.

Under programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk har utgiftene auka med 3,9 mrd. kroner, frå 1,2 mrd. kroner til 5,1 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 72,2 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 149,8 prosent. Auken frå 2019 til 2021 kjem i all hovudsak av ekstraordinære tiltak i møte med pandemien. Dette omfattar mellom anna kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder, kommunale næringsfond og støtte til Siva.

Under programkategori 13.70 Kommunesektoren m.m. har utgiftene auka med 22,7 mrd. kroner, frå 182,5 mrd. kroner til 205,2 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 13,9 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 1,2 prosent. Utgiftene under denne programkategorien må sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren i statsbudsjettet. Auken frå 2019 til 2021 heng saman med den generelle styrkinga av dei frie inntektene til kommunesektoren. Den sterke auken frå 2019 til 2020 heng òg saman med ekstraordinære løyvingar til kommunesektoren i møte med pandemien.

Under programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg har utgiftene minka med 0,5 mrd. kroner, frå 4,7 mrd. kroner til 4,2 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 9,3 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 1,4 prosent. Nedgangen frå 2019 til 2020 kjem mellom anna av at tilskot til etablering og tilpassing av bustad er innlemma i kommuneramma og lågare etterspurnad etter tilskot til utleigebustader. I motsett retning trekkjer mellom anna ein mellombels auke i bustønaden i møte med pandemien. Nedgangen frå 2020 til 2021 kjem mellom anna av lågare løyvingar til tilskot til utleigebustadar.

Under programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,4 mrd. kroner til 1,3 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 3,9 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 6,0 prosent. Nedgangen frå 2019 til 2020 kjem hovudsakleg av lågare aktivitet i dei samfinansierte prosjekta under Kartverket. Nedgangen frå 2020 til 2021 kjem mellom anna av at det tidsavgrensa arbeidet på nasjonal detaljert høgdemodell i Kartverket nærmar seg ferdigstilt.

Lånetransaksjonane syner ein auke på 2,3 mrd. kroner, frå 17,1 mrd. kroner til 19,4 mrd. kroner. Det var ein auke på 13,1 prosent frå 2019 til 2020 og ein auke på 0,2 prosent frå 2020 til 2021. Auken frå 2019 til 2020 kjem mellom anna av ein mellombels auke i låneramma til Husbanken i 2020 på 5 mrd. kroner og 750 mill. kroner i auka eigenkapital til Kommunalbanken AS. Auken frå 2020 til 2021 kjem mellom anna av auka etterspurnad etter startlån, som i hovudsak vert raskare utbetalte enn andre lån. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå Husbanken er nærare spesifiserte.

2.7 Arbeids- og sosialdepartementet

Arbeids- og sosialdepartementet har ansvaret for tre budsjettområde: programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

(i mill. kroner)

Programkategori

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Rekneskap 2021

09.00

Administrasjon

534,4

575,4

555,1

538,2

09.10

Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken

12 603,3

13 520,8

14 061,3

14 067,6

09.20

Tiltak for betra levekår m.m.

336,7

383,4

358,6

335,6

09.30

Arbeidsmarknad

8 808,4

8 967,8

10 545,4

10 199,4

09.40

Arbeidsmiljø og tryggleik

1 169,2

1 200,0

1 286,7

1 279,6

09.50

Pensjonar mv. under Statens pensjonskasse

3 731,3

5 494,2

10 123,0

10 059,4

09.60

Kontantytingar

3 060,6

3 315,6

3 584,5

3 578,8

Sum før lånetransaksjonar

30 244,0

33 457,0

40 514,7

40 058,6

Lånetransaksjonar

13 513,5

7 155,9

7 700,0

8 410,9

Sum Arbeid og sosiale føremål

43 757,5

40 612,9

48 214,7

48 469,5

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

29.20

Einslege forsørgjarar

2 618,9

2 514,6

2 487,0

2 449,3

29.50

Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik

167 367,9

180 416,2

187 490,0

187 999,3

29.60

Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m.

10 251,6

10 019,8

10 450,2

10 524,3

29.70

Alderdom

232 106,9

241 253,9

256 910,0

256 906,0

29.80

Forsørgjartap m.m.

2 244,4

2 223,9

2 244,0

2 273,8

Sum før lånetransaksjonar

414 589,6

436 428,5

459 581,2

460 152,8

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Sosiale føremål, folketrygda

414 589,6

436 428,5

459 581,2

460 152,8

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

33.30

Arbeidsliv

10 255,0

41 211,9

28 344,0

28 064,5

Sum før lånetransaksjonar

10 255,0

41 211,9

28 344,0

28 064,5

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, folketrygda

10 255,0

41 211,9

28 344,0

28 064,5

Sum Arbeids- og sosialdepartementet

468 602,1

518 253,4

536 139,9

536 686,8

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 456,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 962,2 mill. kroner, frå 40 514,7 mill. kroner til 41 476,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 418,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto mindreinntekter på i alt 0,9 mill. kroner. Det er overført til saman 1 335,7 mill. kroner til 2022 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 710,9 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 09 Arbeid og sosiale føremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 9,8 mrd. kroner, frå 30,2 mrd. kroner til 40,1 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 10,6 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 19,7 prosent.

Under programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken har utgiftene auka med 1,5 mrd. kroner, frå 12,6 mrd. kroner til 14,1 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 7,3 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 4,0 prosent. Auken i utgiftene frå 2020 til 2021 består i hovudsak av ordinær pris- og lønsjustering.

Under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad har utgiftene auka med 1,4 mrd. kroner, frå 8,8 mrd. kroner til 10,2 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 1,8 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 13,7 prosent. Hovudgrunnen til auken i utgiftene frå 2020 til 2021 er auka løyving til tiltak for arbeidssøkarar og til varig tilrettelagt arbeid.

Under programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og tryggleik har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,2 mrd. kroner til 1,3 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 2,6 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 6,6 prosent. Auken frå 2019 til 2020 er knytt til oppfølging av IA-avtalen (jf. Prop. 48 S (2018–2019)) og ei styrka oppfølging av utfordringane i arbeidslivet gjennom ei arbeidslivspakke. Auken frå 2020 til 2021 er knytt til Arbeidstilsynet sine aktivitetar kring smitteverntilsyn, og at Arbeidstilsynet fekk i oppdrag å etablere, drifte og følgje opp ei søknadsbasert godkjenningsordning for innkvartering som arbeids- og oppdragsgjevar stiller til disposisjon i karantenetida.

Under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse har utgiftene auka med drygt 6,3 mrd. kroner, frå drygt 3,7 mrd. kroner til knapt 10,1 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 47,2 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 83,1 prosent. Under programkategorien utgiftsfører ein mellom anna statens netto pensjonsutbetalingar gjennom Statens pensjonskasse (SPK). Lågare utgifter i 2019 enn i 2020 kjem i hovudsak av innbetalte sluttoppgjer (eingongsoppgjer) i 2019 frå verksemder som har meldt seg ut av Statens pensjonskasse. Auka utgifter frå 2020 til 2021 skuldast auka pensjonsutbetalingar og reduserte premieinntekter.

Brutto utlån for bustadlånsordninga (lånetransaksjonar) på kapittel 614 er gått ned frå 13,5 mrd. kroner i 2019 til 8,4 mrd. kroner i 2021. Dette utgjer ein årleg gjennomsnittleg reduksjon på 21 prosent. Reduksjonen kjem av lågare etterspurnad etter lån. Samla utlån for bustadlånsordninga har minka fordi avdrag og innfriing av gamle lån overstig brutto utlån. Samla utlån i bustadlånsordninga per 31. desember 2021 er 38,1 mrd. kroner. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå bustadlånsordninga i SPK er nærare spesifiserte.

Under programkategori 09.60 Kontantytingar har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 3,1 mrd. kroner til 3,6 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 8,3 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 7,9 prosent. Programkategorien omfattar statstilskot til avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor, krigspensjon, statstilskot til pensjonstrygda for sjømenn, statstilskot til pensjonstrygda for fiskarar og supplerande stønad til personar over 67 år. Auken frå 2020 til 2021 kjem i hovudsak av at utgiftene til AFP har auka.

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 571,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 12,6 mill. kroner, frå 459 581,2 mill. kroner til 459 593,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei meirutgift på 558,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, som stort sett inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar. Det er ingen overføring av unytta løyving frå 2021 til 2022.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 45,6 mrd. kroner, frå 414,6 mrd. kroner til 460,2 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 5,3 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 5,4 prosent.

Under programkategori 29.20 Einslege forsørgjarar har utgiftene minka med 0,2 mrd. kroner, frå 2,6 mrd. kroner til 2,4 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 4,0 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 2,6 prosent. Nedgangen i utgiftene kan ha samanheng med regelverksendringar i overgangsstønadsordninga, lågare fødselstal og auka alder hos fyrstegongsfødande kvinner.

Under programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik har utgiftene auka med 20,6 mrd. kroner, frå 167,4 mrd. kroner til 188,0 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 7,8 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 4,2 prosent.

Utgiftene til sjukepengar har sidan 2019 auka med 7,9 mrd. kroner, frå 42,4 mrd. kroner til 50,3 mrd. kroner. Utgiftene til arbeidsavklaringspengar er frå 2019 auka med 3,6 mrd. kroner, frå 30,1 mrd. kroner til 33,7 mrd. kroner. Utgiftene til uførleik har sidan 2019 auka med 9,0 mrd. kroner frå 95,0 mrd. kroner til 104,0 mrd. kroner.

Frå 2020 til 2021 var det ein auke både i tilbøyelegheita til sjukefråvær for arbeidstakarar og i grunnlaget for sjukepengar. Samstundes var det ein auke i sysselsetjinga. Dei mellombelse utvidingane i ordningane med sjukepengar og omsorgspengar som vart innførte som følgje av pandemien, har ført til ein tydeleg auke i utgiftene i 2020 og 2021.

Dei siste åra har det vorte færre mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Utviklinga vart forsterka av regelverksendringane som vart innførte i 2018, men i 2020 snudde dette. I gjennomsnitt for 2021 fekk om lag 130 000 personar arbeidsavklaringspengar mot om lag 120 000 og 119 000 mottakarar i 2020 og 2019. Dette utgjer ein auke i gjennomsnittleg tal på mottakarar på 8,8 prosent frå 2020 til 2021, og ein auke på 9,9 prosent frå 2019 til 2021. Auken i talet på mottakarar i 2020 og 2021 må sjåast i samanheng med pandemien. I hovudsak skuldast det reduserte avgangar som følgje av dei mellombelse regelverksendringane med forlengd maksimal stønadstid, generelle forseinkingar i avklaringsløpa for alle mottakarar og ein vanskelegare arbeidsmarknad. I tillegg har fleire starta eit løp med arbeidsavklaringspengar. Fleire mottakarar har trekt utgiftene til arbeidsavklaringspengar opp frå 2020 til 2021.

Per desember 2021 var det i alt 360 900 mottakarar av uføretrygd. Det er ein auke på 8 700 uføretrygda frå 2019 då talet på uføretrygda var 352 200, og ein auke på 3 300 uføretrygda frå 2020 då talet på uføretrygda var 357 600. Auka utgifter i 2020 og 2021 kjem i hovudsak av fleire mottakarar, men denne auken var lågare i 2020 og i 2021 enn i 2019. Dei fleste som får innvilga uføretrygd har motteke arbeidsavklaringspengar. Den lågare auken i talet uføretrygda i 2020 og 2021 samanlikna med 2019 skuldast hovudsakeleg dei ovanfor nemnte regelverksendringane i arbeidsavklaringspengar som følgje av pandemien.

Under programkategori 29.60 Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m. har utgiftene auka med om lag 0,3 mrd. kroner sidan 2019, frå knapt 10,3 mrd. kroner til drygt 10,5 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 2,3 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 5,0 prosent. Utgiftsutviklinga har vore ulik for dei ulike postane under kap. 2661. Til dømes auka utgiftene til hjelpestønad og høyreapparat både i 2020 og 2021, medan utgiftene til grunnstønad og hjelpemiddel m.m. under arbeid og utdanning minka både i 2020 og 2021. Det var ein nedgang i utgiftene til hjelpemiddel til betring av funksjonsevna og ortopediske hjelpemiddel i 2020 og ein auke i 2021. Den generelle nedgangen i etterspurnaden etter hjelpemiddel i 2020 skuldast pandemien. Etterspurnaden tok seg opp igjen i 2021. Det var ein nedgang på 16,1 prosent i utgiftene til stønad til bil i 2021 på grunn av leveranseproblem for bilar.

Under programkategori 29.70 Alderdom har utgiftene auka med 24,8 mrd. kroner, frå 232,1 mrd. kroner til 256,9 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 3,9 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 6,5 prosent. Auken målt i fast grunnbeløp frå 2019 til 2020 var på 1,9 prosent, medan auken frå 2020 til 2021 var på 2,6 prosent. Grunnen til auken er i hovudsak at det vart fleire alderspensjonistar i aldersgruppa 67 år og over.

Frå 1. januar 2011 vart det høve til å starte uttak av alderspensjon frå 62 år. I 2019 var gjennomsnittleg tal på mottakarar mellom 62 og 66 år om lag 92 000, i 2020 var det om lag 90 000 og i 2021 var det om lag 89 000. Gjennomsnittleg tal på alderspensjonistar var om lag 948 000 i 2019,om lag 970 000 i 2020 og om lag 991 000 i 2021.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 279,5 mill. kroner, av ei samla løyving på 28,3 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene auka nominelt med 17,8 mrd. kroner, frå 10,3 mrd. kroner til 28,1 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 302 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 31,9 prosent.

Endringa for programkategori 33.30 Arbeidsliv, folketrygda for 2021 kjem for det meste av at utgiftene til dagpengar har minka som følgje av lågare gjennomsnittleg utbetaling per dagpengemottakar. Nedgangen i utgiftene kjem òg som følgje av lågare utgifter til statsgaranti for lønskrav ved konkurs. Det heng saman med at talet på konkursar i 2021 var lågare enn venta.

Av omsyn til svært mange søknader og lang sakshandsamingstid, vart det våren 2020 innført ei ordning med forskotering av dagpengar. Utbetaling av forskot er utgiftsførte i statsrekneskapen, medan tilbakebetalingar av slike, i medhald av fullmakt frå Stortinget, er i 2021 inntektsførte mot same kapittel (kap. 2541, post 70). Ved utgangen av 2021 var det om lag 1,4 mrd. kroner uteståande i slike forskot, mot om lag 3,4 mrd. kroner året før.

2.8 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 10 Helse og omsorg og programområde 30 Helsetenester, folketrygda.

Programområde 10 Helse og omsorg

(i mill. kroner)

Programkategori

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Rekneskap 2021

10.00

Helse- og omsorgsdepartementet m.m.

1 216,4

1 764,0

5 439,5

3 797,2

10.10

Folkehelse

970,0

978,0

4 414,4

3 907,6

10.30

Spesialisthelsetenester

158 772,4

172 577,4

185 724,0

187 292,1

10.40

Sentral helseforvalting

4 284,8

4 494,6

5 102,6

5 417,4

10.60

Helse- og omsorgstenester i kommunane

10 854,0

11 534,5

14 328,8

13 417,2

10.70

Tannhelse

328,3

323,0

406,3

359,1

10.80

Kunnskap og kompetanse

721,5

698,9

585,5

538,0

Sum før lånetransaksjonar

177 147,5

192 370,3

216 001,1

214 728,7

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Helse og omsorg

177 147,5

192 370,3

216 001,1

214 728,7

Programområde 30 Helsetenester, folketrygda

30.10

Spesialisthelsetenester m.m.

5 779,1

5 598,6

6 256,7

6 236,9

30.50

Legehjelp, legemiddel m.m.

26 083,2

27 085,9

30 507,8

30 870,0

30.90

Andre helsetiltak

225,4

189,3

214,9

213,0

Sum før lånetransaksjonar

32 087,7

32 873,9

36 979,5

37 319,9

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Helsetenester, folketrygda

32 087,7

32 873,9

36 979,5

37 319,9

Sum Helse- og omsorgsdepartementet

209 235,2

225 244,2

252 980,5

252 048,5

Programområde 10 Helse og omsorg

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 272,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 5 147,9 mill. kroner, frå 216 001,1 mill. kroner til 221 149,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 6 420,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 337,2 mill. kroner. Det er overført til saman 6 229,2 mill. kroner til 2022 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Av overført beløp er 3 342 mill. kroner knytt til omsorgstenester og investeringstilskot til kommunane, jf. kapittel 761. I tillegg er 1 391 mill. kroner overført frå tilskot til beredskapslagring legemidlar og smittevernutstyr jf. kapittel 702. Av samla overføring er 479 mill. kroner knytt til vaksinar og vaksinasjon, jf. kapittel 710. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 10 Helse og omsorg har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 37,6 mrd. kroner, frå 177,1 mrd. kroner til 214,7 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 8,6 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 11,6 prosent.

Under programkategori 10.00 Helse- og omsorgsdepartementet m.m. har utgiftene auka med 2,6 mrd. kroner, frå 1,2 mrd. kroner til 3,8 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 45,0 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 115,3 prosent. Auken frå 2019 til 2020 er på 548 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak at 390 mill. kroner knytt til nasjonale e-helseløysingar vart flytta frå Direktoratet for e-helse til Norsk helsenett SF, og tilleggsløyvingar knytt til pandemien. Løyvingane vart òg auka med 131 mill. kroner til arbeidet med Helseanalyseplattforma. Samstundes har utgiftene auka med 40 mill. kroner til nytt tilskot til Verdens helseorganisasjon (WHO) og auka utgifter til EU-kontingentar. Auken frå 2020 til 2021 er på 2 034 mill. kroner. Auken er i hovudsak knytt til koronapandemien, mellom anna med om lag 1,6 mrd. kroner til legemidlar og utstyr til smittevern. Samstundes har utgiftene auka med 265 mill. kroner til å styrkje vaksinasjonsorganisasjonen CEP1, auka tilskot til Verdens helseorganisasjon (WHO) og auka utgifter til EU-kontingentar. Vidare er auken knytte til at det vart oppretta to nye program i 2021; Steg 1 Digital samhandling og Felles kommunal journal. Desse hadde ei samla løyving på 295,5 mill. kroner.

Under programkategori 10.10 Folkehelse m.m. har utgiftene auka med 2,9 mrd. kroner, frå 1,0 mrd. kroner til 3,9 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 0,8 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 299,5 prosent. Auken frå 2020 til 2021 er i hovudsak knytt til innkjøp av vaksinar mot covid-19 og vaksinasjon mot covid-19.

Under programkategori 10.30 Spesialisthelsetenester har utgiftene auka med 28,5 mrd. kroner, frå 158,8 mrd. kroner til 187,3 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 8,7 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 8,5 prosent. Endringa frå 2020 til 2021 kjem mellom anna av auka kostnader knytt til vekst i pasientbehandlinga, auka løyving til investeringslån og auka løyving til pensjonskostnader og driftskreditt til handtering av pensjonspremiar i dei regionale helseføretaka. I tillegg har helseføretaka vorte kompenserte for ekstrakostnader knytt til pandemien.

Under programkategori 10.40 Sentral helseforvaltning har utgiftene auka med 1,1 mrd. kroner, frå 4,3 mrd. kroner til 5,4 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 4,9 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 20,5 prosent. Auken frå 2019 til 2020 kjem i hovudsak av auka løyvingar til pandemitiltak. Folkehelseinstituttet vart samla løyvd 461 mill. kroner til mellom anna krisehandtering og drift av vaksinasjonsprogrammet i 2021, og Helsedirektoratet vart samla løyvd 230 mill. kroner til pandemitiltak. Legemiddelverket sine utgifter grunna pandemien auka med 30 mill. kroner frå 2020 til 2021.

Under programkategori 10.60 Helse- og omsorgstenester i kommunane har utgiftene auka med knapt 2,6 mrd. kroner, frå knapt 10,9 mrd. kroner til drygt 13,4 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 6,3 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 16,3 prosent. Auken i utgifter frå 2020 til 2021 skuldast fleire endringar i løyvinga. Særskilde årsaker som forklarer auken er at løyvinga til forsøksordninga for statleg finansiering av eldreomsorga auka med drygt 1,3 mrd. kroner i 2021 da fleire kommunar vart med i ordninga. Vidare var det ein auke i løyvingar til ymist tiltak og tilskot knytt til koronapandemien, mellom anna om lag 400 mill. kroner knytte til testing ved grenseovergangar og karantenehotell, om lag 250 mill. kroner til tiltak for oppfølging av utvalet som såg på konsekvensar pandemien har hatt for den psykiske helsa til befolkninga og rusmiddelbruk. Vidare var det utgifter for om lag 91 mill. kroner til arbeid med testing av koronasertifikat for private og om lag 55 mill. kroner til drift av koronavaksinasjonsprogrammet. Samstundes er utbetalingane til investeringstilskot for heildøgns omsorgsplassar reduserte med 504 mill. kroner.

Under programkategori 10.70 Tannhelse har utgiftene auka med 31 mill. kroner, frå 328 mill. kroner til 359 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 1,6 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 11,2 prosent. Auken frå 2019 til 2021 er i hovudsak knytt til oppbygging av eit tilbod til personar med alvorleg angst for tannbehandling, tortur- og overgrepsofre, personar med odontofobi og personar med nedsett funksjonsevne og oppstart av tannhelsepilotar i Agder og på Romerike.

Under programkategori 10.80 Kunnskap og kompetanse har utgiftene minka med 0,2 mrd. kroner, frå 0,7 mrd. kroner til 0,5 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 3,1 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 23,0 prosent. Nedgangen frå 2020 til 2021 er mellom anna knytt til løyvingane til kvalifikasjonsprogrammet for ELTE-studentar og ein mellombels reduksjon på om lag 150 mill. kroner på kap. 780, post 50 Noregs forskingsråd for å få ned avsetjingane her. Noko av reduksjonen vart overført til kap. 701, post 21 under programkategori 10.00 for å utvikle Helseanalyseplattforma.

Programområde 30 Helsetenester, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 340,4 mill. kroner, av ei samla løyving på 37,0 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar av unytta løyvingar knytte til programområdet, som berre inneheld løyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 30 Helsetenester, folketrygda har utgiftene auka nominelt med 5,2 mrd. kroner, frå 32,1 mrd. kroner til 37,3 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 2,5 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 13,5 prosent.

Under programkategori 30.10 Spesialisthelsetenester m.m. har utgiftene auka med knapt 0,5 mrd. kroner, frå knapt 5,8 mrd. kroner til drygt 6,2 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 3,1 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 11,4 prosent. Nedgangen frå 2019 til 2020 kjem hovudsakleg av lågare utgifter til tannbehandling på grunn av pandemien. Auken frå 2020 til 2021 er utgifter som følgje av eit etterfølgjande oppsamla behov.

Under programkategori 30.50 Legehjelp har utgiftene auka med 4,8 mrd. kroner, frå 26,1 mrd. kroner til 30,9 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 3,8 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 14,0 prosent. Auken frå 2019 til 2020 er uttrykk for ein moderat auke i bruk av tenestene på grunn av årleg vekst i folketalet og auka legetenester på grunn av koronapandemien. Auken frå 2020 til 2021 syner òg auka utgifter på grunn av vekst i folketalet, endring av frikortordninga og til legetenester på grunn av pandemien.

Under programkategori 30.90 Andre helsetiltak har utgiftene minka med 12 mill. kroner, frå 225 mill. kroner til 213 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 16,0 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 12,5 prosent. Auken frå 2020 til 2021 kjem i hovudsak av auka utgifter til reiser og opphald.

2.9 Barne- og familiedepartementet

Barne- og familiedepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 11 Barn og familie og programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda.

Programområde 11 Barn og familie

(i mill. kroner)

Programkategori

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Rekneskap 2021

11.00

Administrasjon

161,5

162,6

164,3

163,7

11.10

Familie og oppvekst

18 982,0

19 594,9

20 819,0

20 754,4

11.20

Barnevernet

8 999,9

9 173,0

9 499,4

9 356,7

11.30

Forbrukarpolitikk

235,6

241,1

306,8

311,4

11.50

Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

2 817,8

2 819,3

3 420,3

3 307,6

Sum før lånetransaksjonar

31 196,7

31 990,8

34 209,9

33 893,8

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Barn og familie

31 196,7

31 990,8

34 209,9

33 893,8

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

28.50

Stønad ved fødsel og adopsjon

20 451,2

21 781,3

22 690,0

23 259,4

Sum før lånetransaksjonar

20 451,2

21 781,3

22 690,0

23 259,4

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Foreldrepengar, folketrygda

20 451,2

21 781,3

22 690,0

23 259,4

Sum Barne- og familiedepartementet

51 648,0

53 772,1

56 899,9

57 153,2

Programområde 11 Barn og familie

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 316,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 249,0 mill. kroner, frå 34 209,9 mill. kroner til 34 458,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 565,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 11,1 mill. kroner. Det er overført til saman 362,6 mill. kroner til 2022 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 11 Barn og familie har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,7 mrd. kroner, frå 31,2 mrd. kroner til 33,9 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 2,5 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 5,9 prosent.

Under programkategori 11.10 Familie og oppvekst har utgiftene auka med 1,8 mrd. kroner, frå 19,0 mrd. kroner til 20,8 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 3,2 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 5,9 prosent. Det har i perioden vore ein auke i satsane i barnetrygdordninga. I tillegg kjem mellom anna auka utbetalingar frå den nasjonale tilskotsordninga for å inkludere barn og unge i ferie- og fritidsaktivitetar, fritidskortet og til tiltak mot vald og overgrep.

Under programkategori 11.20 Barnevernet har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 9,0 mrd. kroner til 9,4 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 1,9 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 2,0 prosent. Hovudårsaka er at utgiftene til det statlege barnevernet har auka i perioden som følgje av vekst i aktiviteten.

Under programkategori 11.50 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 2,8 mrd. kroner til 3,3 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 0,1 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 17,3 prosent. Utgiftene har mellom anna auka grunna fleire medlemmer i trus- og livssynssamfunn. Auken frå 2020 til 2021 var større enn vanleg fordi det vart overført midlar frå kommunane til staten, som følgje av at tilskotsordninga til trus- og livssynssamfunn vart lagd om i 2021. Før 2021 fekk trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja om lag halvparten av tilskotet frå kommunane og halvparten frå staten. Frå 2021 vart desse tilskota samla til eitt statleg tilskot.

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 569,4 mill. kroner av ei samla løyving på 22,7 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar av unytta løyvingar knytte til programområdet, som berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

Under programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,8 mrd. kroner, frå 20,5 mrd. kroner til 23,3 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 6,5 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 6,8 prosent. Satsen til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon har auka i perioden. I tillegg har det vore ein utgiftsvekst som mellom anna skuldast fleire mottakarar og høgare gjennomsnittleg utbetaling av foreldrepengar.

2.10 Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål. I tillegg har departementet ansvar for programkategori 33.40 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål

(i mill. kroner)

Programkategori

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Rekneskap 2021

17.10

Forvaltning og rammevilkår

5 877,4

13 661,4

16 845,8

16 046,9

17.20

Forsking og innovasjon

8 175,2

13 623,9

10 496,8

10 459,1

17.30

Marknadsadgang og eksport

213,8

11 798,5

667,5

589,0

17.40

Statleg eigarskap

262,0

887,0

601,4

601,6

Sum før lånetransaksjonar

14 528,4

39 970,8

28 611,5

27 696,7

Lånetransaksjonar

62 024,9

73 441,9

92 726,3

83 169,7

Sum Nærings- og fiskeriføremål

76 553,3

113 412,7

121 337,8

110 866,4

Programområde 33 Arbeidsliv, Folketrygda

33.40

Arbeidsliv

70,0

100,0

80,0

70,0

Sum før lånetransaksjonar

70,0

100,0

80,0

70,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, Folketrygda

70,0

100,0

80,0

70,0

Sum Nærings- og fiskeridepartementet

76 623,3

113 512,7

121 417,8

110 936,4

Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 914,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 1 689,4 mill. kroner, frå 28 611,5 mill. kroner til 30 300,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 604,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto mindreinntekter på i alt 20,6 mill. kroner. Det er overført til saman 1 846,3 mill. kroner til 2022 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein nedgang på 156,9 mill. kroner. Båe åra utgjer om lag halvparten av overføringane tilskotspostar under Innovasjon Noreg (jf. kap. 2421). Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 9 556,6 mill. kroner. Det er overført 110 mill. kroner til 2022 knytte til lån til Store Norske Spitsbergen Kulkompani (jf. kap. 950, post 92).

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål har utgiftene før auka nominelt med 13,2 mrd. kroner, frå 14,5 mrd. kroner til 27,7 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 175,1 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 30,7 prosent.

Under programkategori 17.10 Forvaltning og rammevilkår har utgiftene auka med 10,2 mrd. kroner, frå knapt 5,9 mrd. kroner til drygt 16,0 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 132,4 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 17,5 prosent. Hovudårsaka til auken i 2020 var det ekstraordinære tilskotet til tapsavsetjing for garantiordning for luftfarten på 6 mrd. kroner. Hovudårsaka til auken frå 2020 til 2021 er ekstraordinære tilskot som følgje av pandemien, spesielt mellombels kompensasjonsordning for verksemder med stort fall i omsetning som var ei ny ordning etablert på slutten av 2020, og der det vart utbetalt meir enn 7,8 mrd. kroner i 2021 (jf. kap. 900, post 85).1 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar for vederlag for nye oppdrettsløyve og vekst i eksisterande løyve vart redusert med om lag 1,2 mrd. kroner. Vidare vart utbetalingane av tilskot til sysselsetjing av sjøfolk om lag 336 mill. kroner høgare i 2021 enn i 2020.

Under programkategori 17.20 Forsking og innovasjon har utgiftene auka med 2,3 mrd. kroner, frå 8,2 mrd. kroner til 10,5 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 66,6 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 23,2 prosent. Hovudgrunnen til reduksjonen frå 2020 til 2021 er ekstraordinære tiltak i møte med pandemien på Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd sine budsjett i 2020 som er vidareført i mindre omfang i 2021. I tillegg vart løyvinga til Noregs forskingsråd redusert med om lag 170 mill. kroner i 2021 for å redusere likviditetsreservane til forskingsrådet.

Under programkategori 17.30 Marknadsadgang og eksport har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 0,2 mrd. kroner til 0,6 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 11,6 mrd. kroner til 11,8 mrd. kroner, og frå 2020 til 2021 minka utgiftene med 11,2 mrd. kroner til 0,6 mrd. kroner. Det meste av både auken i 2020 og reduksjonen i 2021 galdt løyvingar i 2020 på høvesvis 10 mrd. kroner til avsetjing for forventa tap for Garantiinstituttet for eksportkreditt si alminnelege garantiordning, og avsetjing til forventa tap for ny statleg garantiordning for re-forsikring av kredittforsikring på om lag 1,6 mrd. kroner.

Under programkategori 17.40 Statleg eigarskap har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 0,3 mrd. kroner til 0,6 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 238,5 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 32,2 prosent. Reduksjonen frå 2020 til 2021 gjeld hovudsakeleg lågare løyvingar i 2021 til risikokapital til Investinor AS og Nysnø Klimainvesteringer AS samanlikna med førre året.

Utgiftene under Lånetransaksjonar auka med 11,4 mrd. kroner frå 2019 til 2020, og auka med ytterlegare 9,7 mrd. kroner frå 2020 til 2021. Auken frå 2020 til 2021 gjeld utlån til Innovasjon Noreg som har auka med om lag 13,3 mrd. kroner og lån under eksportkredittordninga som auka med om lag 0,5 mrd. kroner. Sjå òg kapittel 2.17 der detaljar kring Innovasjon Noreg sine utlån og statleg eksportkredittordning er nærare spesifiserte. På andre sida har kapitalinnskot i Investinor AS vorte redusert med nærare 0,5 mrd. kroner samanlikna med 2020, medan kjøp av aksjar i 2020 var på i overkant av 2 mrd. kroner, medan det ikkje var kjøp i 2021.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 10,0 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar av unytta løyvingar knytte til programområdet, som berre omfattar ein tilskotspost (overslagsløyving).

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene over perioden svinga mellom 70 mill. kroner og 100 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 42,9 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 30,0 prosent. Utgiftene gjeld arbeidsløysestønad til fiskarar og fangstmenn, og løyvinga er ei overslagsløyving. Stønaden vert finansiert innanfor det beløpet som fiskarar betaler i produktavgift ved fyrstehandsomsetjing av fisk og fiskevarer.

2.11 Landbruks- og matdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat

(i mill. kroner)

Programkategori

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Rekneskap 2021

15.00

Administrasjon m.m.

182,3

210,2

187,3

204,5

15.10

Matpolitikk

1 531,0

1 495,7

1 535,6

1 544,0

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

829,2

865,8

849,3

866,5

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

17 222,8

18 037,2

18 966,2

18 304,9

Sum før lånetransaksjonar

19 765,3

20 608,9

21 538,4

20 919,9

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Landbruks- og matdepartementet

19 765,3

20 608,9

21 538,4

20 919,9

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 618,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving i 2021 med 221,8 mill. kroner, frå 21 538,4 mill. kroner til 21 760,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 840,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 43,1 mill. kroner. Det er overført til saman 634,6 mill. kroner til 2022 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 15 Landbruk og mat har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,2 mrd. kroner, frå 19,8 mrd. kroner til 20,9 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 4,3 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 1,5 prosent.

Under programkategori 15.10 Matpolitikk har utgiftene auka med 13 mill. kroner, frå 1 531 mill. kroner til 1 544 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 2,3 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 3,2 prosent. Midlane har gått til kunnskapsutvikling og til drift av Mattilsynet. Variasjonar i utgiftsnivået i 2020 og 2021 kan i hovudsak forklarast med tilpassing av aktivitetar grunna pandemien. Av smittevernomsyn er mykje gjennomført digitalt, og tilsyn og prøvetaking har vore avgrensa til det som er naudsynt og mogleg å gjennomføre.

Under programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling har utgiftene auka med 37 mill. kroner, frå 829 mill. kroner til 866 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 4,4 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 0,1 prosent. Midlane har gått til forsking, innovasjon, basisløyvingar til primærnæringsinstitutta og kunnskapsutvikling.

Under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak har utgiftene auka med 1,1 mrd. kroner, frå 17,2 mrd. kroner til 18,3 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 1,5 prosent. I 2021 gjeld omlag 17,1 mrd. kroner løyvingar til næringsavtalane for landbruk og reindrift. Resten av midlane er fordelte mellom driftsmidlar og midlar til ulike tilskotsordningar utanfor næringsavtalane. I 2021 var det lågare utbetalingar til erstatningsordningar enn budsjettert.

2.12 Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 21 Innanlands transport og programområde 22 Posttenester.

Programområde 21 Innanlands transport

(i mill. kroner)

Programkategori

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Rekneskap 2021

21.10

Administrasjon m.m.

454,5

445,4

442,8

440,5

21.20

Luftfartsføremål

1 021,4

6 410,0

5 557,8

5 486,2

21.30

Vegføremål

37 075,2

38 937,8

39 080,1

40 688,6

21.40

Særskilde transporttiltak

3 796,3

4 399,8

5 561,7

5 735,4

21.50

Jernbaneføremål

26 699,3

28 108,0

31 946,3

30 623,8

21.60

Kystforvaltning

2 751,3

2 758,7

2 693,8

2 535,3

Sum før lånetransaksjonar

71 798,0

81 059,8

85 282,4

85 509,9

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

200,1

200,1

Sum Innanlands transport

71 798,0

81 059,8

85 482,5

85 710,0

Programområde 22 Posttenester

22.10

Posttenester

705,3

689,7

765,8

760,3

Sum før lånetransaksjonar

705,3

689,7

765,8

760,3

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Posttenester

705,3

689,7

765,8

760,3

Sum Samferdselsdepartementet

72 503,3

81 749,6

86 248,3

86 470,3

Programområde 21 Innanlands transport

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 227,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 4 609,0 mill. kroner, frå 85 282,4 mill. kroner til 89 891,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 4 381,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 60,5 mill. kroner. Det er overført til saman 4 020,2 mill. kroner til 2021 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Dette er ein netto nedgang på 588,8 mill. kroner. Overføringane er hovudsakleg knytte til kapitla 1320, 1330 og 1352. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 21 Innanlands transport har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 13,7 mrd. kroner, frå 71,8 mrd. kroner til 85,5 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 12,9 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 5,5 prosent. Løyvingane til programkategori 21.30 Vegføremål, programkategori 21.40 Særskilde transposttiltak og programkategori 21.50 Jernbaneføremål auka i heile perioden. Frå 2019 til 2020 auka òg løyvingane til programkategori 21.20 Luftfartsføremål, medan dei gjekk ned frå 2020 til 2021.

Under programkategori 21.10 Administrasjon m.m. har utgiftene minka med 14 mill. kroner, frå 455 mill. kroner til 441 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 2,0 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 1,1 prosent. Reduksjonen for båe åra gjeld mellom anna lågare driftsutgifter i departementet på grunn av pandemien.

Under programkategori 21.20 Luftfartsføremål har utgiftene auka med 4,5 mrd. kroner, frå 1,0 mrd. kroner til 5,5 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 527,6 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 14,4 prosent. Auken frå 2019 til 2020 kjem av utgifter i samband med pandemien, i hovudsak for å oppretthalde eit minstetilbod av flyruter og tilskot til Avinor AS. Nedgangen frå 2020 til 2021 kjem av lågare utgifter til å oppretthalde eit minstetilbod av flyruter.

Under programkategori 21.30 Vegføremål har utgiftene auka med 3,6 mrd. kroner, frå 37,1 mrd. kroner til 40,7 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 5,0 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 4,5 prosent. Auken frå 2019 til 2020 heng saman med tilskotet til reduserte bompengetakstar utanfor byområda og tilskot til å betale ned bompengegjeld. Vidare auka utgiftene til kjøp av riksvegferjetenester. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene til tilskot til å redusere bompengegjeld, -takstar m.m., til tilskot til fylkesvegar som er viktige for fiske- og havbruksnæringane, og til drift og vedlikehald av riksvegar.

Under programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak har utgiftene auka med 1,9 mrd. kroner, frå 3,8 mrd. kroner til 5,7 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 15,9 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 30,4 prosent. Auken frå 2019 til 2020 gjaldt tilskot til byområde og omfattar påskjøningsmidlar til bymiljøavtalar og byvekstavtalar og ulike tilskot til kollektivtransport. Desse tilskota auka òg frå 2020 til 2021. Vidare auka utgiftene til det særskilde tilskotet til store kollektivprosjekt.

Under programkategori 21.50 Jernbaneføremål har utgiftene auka med 3,9 mrd. kroner, frå 26,7 mrd. kroner til 30,6 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 5,3 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 9,0 prosent. Den største auken frå 2019 til 2020 var utgifter til investeringar og tilleggsavtalar for persontransport med tog i samband med koronapandemien. Frå 2020 til 2021 var den største auken utgifter til investeringar og planlegging av investeringar. Det var òg ein eingongsutgift i samband med at staten ved Samferdselsdepartementet tok over eigarskapen til Spordrift AS frå Bane NOR SF.

Under programkategori 21.60 Kystforvaltning har utgiftene minka med 0,2 mrd. kroner, frå knapt 2,8 mrd. kroner til drygt 2,5 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 0,3 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 8,1 prosent. Auken i utgifter frå 2019 til 2020 gjaldt mellom anna driftsutgifter og tilskot, medan utgiftene til investeringar har gått ned. Den største nedgangen i utgifter frå 2020 til 2021 gjeld større utstyrskjøp og vedlikehald.

Programområde 22 Posttenester

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 5,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 10,6 mill. kroner, frå 765,8 mill. kroner til 776,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 16,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

Programområdet omfattar berre ein tilskotspost. Det er overført til saman 5,3 mill. kroner til 2022 på denne posten som er merkt «kan overførast». Det er ikkje meirinntekter knytt til programområdet.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 22 Posttenester har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,1 mrd. kroner, frå 0,7 mrd. kroner til 0,8 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 2,2 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 10,2 prosent. Nedgangen frå 2019 til 2020 heng saman med overgangen til omdeling av post annan kvar dag frå juli 2020. Frå 2020 til 2021 auka utgiftene til omdeling av post og avisdistribusjon.

2.13 Klima- og miljødepartementet

Programområde 12 Klima og miljø

(i mill. kroner)

Programkategori

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Rekneskap 2021

12.10

Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

2 159,2

2 391,9

2 349,3

2 347,5

12.20

Klima, naturmangfald og forureining

7 388,5

10 433,9

9 660,1

9 589,4

12.30

Kulturminne og kulturmiljø

807,8

847,9

844,0

847,7

12.60

Nord- og polarområda

428,7

508,7

472,4

498,5

12.70

Internasjonalt klimaarbeid

3 398,5

3 357,6

3 212,3

3 192,7

Sum før lånetransaksjonar

14 182,7

17 540,0

16 538,2

16 475,9

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Klima- og miljødepartementet

14 182,7

17 540,0

16 538,2

16 475,9

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 62,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 563,4 mill. kroner, frå 16 538,2 mill. kroner til 17 101,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 625,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 16,4 mill. kroner. Det er overført til saman 470,4 mill. kroner til 2022 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 12 Klima og miljø har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,3 mrd. kroner, frå 14,2 mrd. kroner til 16,5 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 23,7 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 6,1 prosent. Hovudårsaka til nedgangen i 2021 skuldast høgare utbetalingar i 2020 til klimatiltak under programkategori 12.20 knytt til økonomiske tiltak i møte med pandemien.

Under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå knapt 2,2 mrd. kroner til drygt 2,3 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 10,8 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 1,9 prosent. Endringane kjem i hovudsak av reduserte utbetalingar til Noregs forskingsråd og miljøinstitutta i 2021 enn i 2020 grunna pandemien.

Under programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining har utgiftene auka med 2,2 mrd. kroner, frå 7,4 mrd. kroner til 9,6 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 41,2 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 8,1 prosent. Det meste av både auken i 2020 og reduksjonen i 2021 har å gjere med endringar i overføringa til Klima- og energifondet og utbetaling av CO2-kompensasjon for industrien. I 2021 minka overføringane til Klima- og energifondet, medan utbetalingar til CO2-kompensasjon for industrien fortsette å auke.

Under programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø har utgiftene auka med 40 mill. kroner, frå 808 mill. kroner til 848 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 5,0 prosent, og frå 2020 til 2021 var utgiftene om lag uendra. Auken i perioden har i hovudsak samanheng med funnet og formidlinga av Klemenskirken, utgravinga av Gjellestadskipet og arbeidet med å sikre Tungtvannskjellaren på Rjukan.

Under programkategori 12.60 Nord- og polarområda har utgiftene auka med 70 mill. kroner, frå 429 mill. kroner til 499 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 18,6 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 2,0 prosent. Hovudgrunnen er at det auka tilskotet til Kings Bay AS på Svalbard, som følgje av bortfall av inntekter grunna pandemien, var lågare i 2021 enn i 2020.

Under programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid har utgiftene minka med 0,2 mrd. kroner, frå 3,4 mrd. kroner til 3,2 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 1,2 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 4,9 prosent. Endringane frå 2020 til 2021 skuldast lågare utgifter til kjøp av klimakvotar grunna tidkrevjande verifiseringsprosessar i FN og økonomiske utfordringar knytte til pandemien, og lågare utbetalingar under klima- og skogsatsinga.

2.14 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon

(i mill. kroner)

Programkategori

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Rekneskap 2021

23.10

Finansadministrasjon

1 540,8

1 752,6

1 892,8

1 932,8

23.20

Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon

8 659,6

9 005,7

9 782,3

9 770,5

23.30

Offisiell statistikk

883,7

888,5

881,1

865,0

23.40

Andre føremål

36 717,7

54 868,2

39 781,5

38 579,1

Sum før lånetransaksjonar

47 801,8

66 514,9

52 337,7

51 147,4

Lånetransaksjonar

0,0

50 000,0

0,0

0,0

Sum Finansdepartementet

47 801,8

116 514,9

52 337,7

51 147,4

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 190,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 634,1 mill. kroner, frå 52 337,7 mill. kroner til 52 971,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 824,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 25,6 mill. kroner. Det er overført til saman 629,8 mill. kroner til 2022 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 23 Finansadministrasjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 3,3 mrd. kroner, frå 47,8 mrd. kroner til 51,1 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 39,1 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 23,1 prosent. Av auken frå 2019 til 2020 på i alt 18,7 mrd. kroner galdt 17,6 mrd. tiltak som følgje av koronapandemien. I 2020 sokk meirverdikompensasjonen til kommunane med 124 mill. kroner, mest som konsekvens av pandemien, medan denne kompensasjonen auka med 595 mill. kroner frå 2020 til 2021.

Under programkategori 23.10 Finansadministrasjon har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 1,5 mrd. kroner til 1,9 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 13,7 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 10,3 prosent. Som følgje av fleire kundar båe åra og av overføring av oppgåver frå Difi, stod Direktoratet for forvaltning og økonomistyring for 358 mill. kroner eller 91,6 prosent av samla auke frå 2019 til 2021.

Under programkategori 23.20 Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon har utgiftene auka med 1,1 mrd. kroner, frå 8,7 mrd. kroner til 9,8 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 4,0 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 8,5 prosent. Aktiviteten i Tolletaten sokk reelt noko gjennom perioden, medan den i Skatteetaten auka med 14,3 prosent, mellom anna fordi han 1. november 2020 tok over skatteoppkrevjarfunksjonen frå kommunane og som følgje av ekstrabelastningar som følgje av pandemien.

Under programkategori 23.30 Offisiell statistikk har utgiftene minka med 19 mill. kroner, frå 884 mill. kroner til 865 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 0,5 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 2,6 prosent. Programkategorien gjeld Statistisk sentralbyrå. Utgiftene i etaten vart reelt noko lågare i både 2020 og 2021. Om lag heile reduksjon var på marknadsoppdraget (post 21 Spesielle driftsutgifter) og hadde si årsak i lågare etterspurnad under pandemien.

Under programkategori 23.40 Andre føremål har utgiftene auka med 1,9 mrd. kroner, frå 36,7 mrd. kroner til 38,6 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 49,4 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 29,7 prosent. Det meste av både auken i 2020 og reduksjonen i 2021 galdt kompensasjonar i samband med koronapandemien. Mellom anna fekk om lag 80 000 føretak til saman vel 7,1 mrd. kroner som kompensasjon for tapt omsetning i 2020. Skatteetatens meirutgifter til arbeidet med kompensasjonsordningane vart dekte over kap. 1634 Kompensasjon for inntektssvikt som følgje av virusutbrotet, post 21 Spesielle driftsutgifter. I 2020 og 2021 nytta etaten høvesvis 219 og 120 mill. kroner av løyvingane på denne posten. Det vart òg sett av 10 mrd. kroner til å dekkje delar av moglege tap i samband med ei garantiordning for lån til små og mellomstore føretak med akutt mangel på likviditet som følgje av pandemien. Samla utbetalingar i 2020 og 2021 som følgje av tap var næraare 120 mill. kroner.

Under lånetransaksjonar vart det i 2020 rekneskapsført 50 mrd. kroner som kapitalinnskot i Statens obligasjonsfond. Dette fondet verka under finanskrisa i 2009 og nokre år deretter. Fondet vart oppretta på ny i 2020 for å medverke til betre likviditet og meir kapital i den norske obligasjonsmarknaden.

2.15 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar

(i mill. kroner)

Programkategori

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Rekneskap 2021

04.10

Militært forsvar m.m.

60 181,2

61 850,7

66 345,7

67 590,5

Sum før lånetransaksjonar

60 181,2

61 850,7

66 345,7

67 590,5

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum 04 Forsvarsdepartementet

60 181,2

61 850,7

66 345,7

67 590,5

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 244,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 2 550,3 mill. kroner, frå 66 345,7 mill. kroner til 68 896,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 305,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 189,2 mill. kroner. Det er overført til saman 1 356,1 mill. kroner til 2022 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 04 Militært forsvar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 7,4 mrd. kroner, frå 60,2 mrd. kroner til 67,6 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 2,8 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 9,3 prosent.

Driftsutgiftene auka med 3,9 mrd. kroner, frå 40,2 mrd. kroner i 2019 til 44,1 mrd. kroner i 2021. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 1,3 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 8,3 prosent. Auken frå 2019 til 2021 er i tråd med langtidsplanen for forsvarssektoren.

Utgifter til investeringar i materiell auka med 17,6 prosent, frå 15,6 mrd. kroner i 2019 til 18,3 mrd. kroner i 2021. Auken frå 2019 til 2021 er i stor grad knytte til styrkingar i tråd med langtidsplanen for forsvarssektoren.

Utgifter til nasjonalfinansierte og fellesfinansierte investeringar i eigedom, bygg og anlegg hadde ein auke på 20,6 prosent, frå 3,6 mrd. kroner i 2019 til 4,3 mrd. kroner i 2021. Bakgrunnen for denne auken er i hovudsak oppgradering av Evenes flystasjon, oppbygging av kampflybasen på Ørland flystasjon og ny eigedom, bygg og anlegg i samband med etableringa av eit jegerkompani på Garnisonen i Sør-Varanger.

Overføringar til andre utgjorde i 2021 0,9 mrd. kroner. Dette er ein auke på 3,3 prosent frå 2019 til 2021.

Utgiftene til norsk deltaking i operasjonar i utlandet, som er ein del av driftsutgiftene nemnt ovanfor, var 1 014 mill. kroner i 2019 og 930 mill. kroner i 2021. Reduksjonen i perioden er på 8,3 prosent og er knytte til avviklinga av innsatsen i Afghanistan.

2.16 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiføremål

(i mill. kroner)

Programkategori

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Rekneskap 2021

18.00

Administrasjon

252,0

286,5

243,3

245,4

18.10

Petroleum

27 200,9

28 468,2

26 807,6

25 528,0

18.20

Energi- og vassressursar

1 199,6

1 071,0

1 226,4

1 213,7

18.30

Forsking og næringsutvikling

844,3

1 088,8

952,9

955,6

18.40

CO2-handtering

890,4

684,4

2 698,7

2 480,6

Sum før lånetransaksjonar

30 387,2

31 598,8

31 928,9

30 423,3

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Olje- og energidepartementet

30 387,2

31 598,8

31 928,9

30 423,3

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 505,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2020 aukar disponibel løyving med 311,8 mill. kroner, frå 31 928,9 mill. kroner til 32 240,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 817,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det netto mindreinntekter på i alt 9,6 mill. kroner. Det er overført til saman 541,5 mill. kroner til 2022 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2019–2021

På programområde 18 Olje- og energiføremål har utgiftene før lånetransaksjonar over perioden vore om lag uendra. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 4,0 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 3,7 prosent.

Endringane heng for det meste saman med utgifter til investeringar under Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) under programkategori 18.10 Petroleum og tilskot til Langskip – fangst og lagring av CO2 under programkategori 18.40 CO2-handtering.

Under programkategori 18.00 Administrasjon har utgiftene minka med 7 mill. kroner, frå 252 mill. kroner til 245 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 13,7 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 14,3 prosent. Hovudgrunnen til endringane er variasjon i utgifter til departementet si oppfølging av CO2-handteringsprosjekta og økonomiske tiltak i møte med pandemien i 2020.

Under programkategori 18.10 Petroleum har utgiftene minka med 1,7 mrd. kroner, frå 27,2 mrd. kroner til 25,5 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 10,3 prosent. Hovudgrunnen er variasjon i årlege investeringar for SDØE.

Under programkategori 18.20 Energi og vassressursar har utgiftene auka med 14 mill. kroner, frå 1 200 mill. kroner til 1 214 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 10,7 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 13,3 prosent. Hovudgrunnen til endringane er variasjon i årlege utgifter og forseinkingar i prosjekt innanfor flaum- og skredførebygging. Det var i 2020 ekstraordinære løyvingar til flaum- og skredførebygging som eit økonomisk tiltak i møte med pandemien. Utgiftene avheng av framdrifta til prosjekta og er delvis rekneskapsførte i 2021. Vidare er det rekneskapsført utgifter til krise- og hastetiltak i 2021 som følgje av kvikkleireskredet i Gjerdrum.

Under programkategori 18.30 Forsking og næringsutvikling har utgiftene auka med drygt 111 mill. kroner, frå drygt 844 mill. kroner til knapt 956 mill. kroner. Frå 2019 til 2020 auka utgiftene med 29,0 prosent, og frå 2020 til 2021 minka dei med 12,2 prosent. Hovudgrunnen til endringa er auka løyvingar til Noregs forskingsråd og NORWEP i 2020 knytte til økonomiske tiltak i møte med pandemien.

Under programkategori 18.40 CO2-handtering har utgiftene auka med 1,6 mrd. kroner, frå 0,9 mrd. kroner til 2,5 mrd. kroner. Frå 2019 til 2020 minka utgiftene med 23,1 prosent, og frå 2020 til 2021 auka dei med 262,5 prosent. Endringane skuldast variasjonar i utgifter til fullskala CO2-handtering og tilskot til Langskip – fangst og lagring av CO2 som avheng av framdrifta til prosjektet.

2.17 Statlege utlån

Dette avsnittet gjev eit oversyn over hovudtal frå rekneskapen til statlege verksemder som forvaltar statlege utlån. Detaljar kring utlåna er baserte på opplysningar frå departementa.

Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse er ordinære statlege forvaltningsorgan. På vegner av staten forvaltar dei statlege utlån etter reglar og føresetnader fastsette av Stortinget.2 Innovasjon Noreg forvaltar statlege utlån til næringslivet over heile landet og gjev ulike typar lån med høg eller låg risiko. Eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS er omtalt til slutt i avsnittet.

Husbanken

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Husbankens utlån:

Balanse 31. desember (tal i mill. kroner)

Konto/referanse

2019

2020

2021

Inngåande behaldning

Konto 63000501

149 967

153 760

159 094

Utlån i året

Kap. 2412 / 90

17 102

18 585

19 360

Tilbakebetalingar i året

Kap. 5312 / 90

-13 309

-13 251

-15 192

Utgåande behaldning

Konto 63000501

153 760

159 094

163 261

Renteinntekter

Kap. 5615 / 80

3 035

3 045

2 019

I 2021 disponerte Husbanken heile låneramma på 20 mrd. kroner.

Samla uteståande lån i Husbanken, medrekna opptente, ikkje betalte renter, var på 163,3 mrd. kroner ved utgangen av 2021. Det er om lag 4,2 mrd. kroner meir enn året før. Av låna var 56,2 mrd. kroner fastrentelån, 0,2 mrd. kroner var lån med særvilkår og 106,6 mrd. kroner var lån med flytande rente. Opptente, ikkje betalte renter utgjorde om lag 0,3 mrd. kroner. Netto overkurs på fastrentelåna er av Husbanken rekna til om lag 0,4 mrd. kroner per 31.12.2021.

Husbanken hadde om lag 33 600 registrerte låntakarar (dellån) ved utgangen av 2021. Om lag 6 600 hadde lån med fast rente, 26 400 hadde lån med flytande rente, medan dei resterande om lag 600 låntakarane hadde lån på særvilkår. Av utlåna utgjorde lån til burettslag, stiftingar og liknande 35 pst, lån til kommunar 52 prosent og lån til personlege låntakarar 13 prosent. Tap på utlån i Husbanken (kap. 2412, post 71) utgjorde 25,7 mill. kroner i 2021 mot 30,6 mill. kroner i 2020 og 29,7 mill. kroner i 2019.

Statens lånekasse for utdanning

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå Lånekassa:

Balanse 31. desember (tal i mill. kroner)

Konto/referanse

2019

2020

2021

Inngåande behaldning

Konto 63000201

183 862

194 569

208 900

Utlån i året

Kap. 2410/90

28 895

32 656

34 886

Tilbakebetalingar i året1)

Kap. 5310/90

-11 121

-11 297

-11 925

Konvertering til stipend

Kap. 5310/93

-7 068

-7 028

-7 202

Utgåande behaldning

Konto 63000201

194 569

208 900

224 658

Renteinntekter2)

Kap. 5617 / 80

4 481

4 601

3 261

1) Tap og avskrivingar løyvde over kapittel 2410, postane 73 og 74 høyrer saman med ordinære tilbakebetalingar på post 90. Avskrivingar på post 73 utgjorde 844 mill. kroner i 2021, 868 mill. kroner i 2020 og 861 mill. kroner i 2019. Tapa på post 74 er nærare spesifiserte i teksten nedanfor.

2) Renteinntekter inneheld òg rentestønad som i 2021 vart utgiftsført med 824 mill. kroner på kapittel 2410, post 72. Rentestønaden var 1 204 mill. kroner i 2020 og 1 142 mill. kroner i 2019.

Samla uteståande krav i Statens lånekasse for utdanning var 224,7 mrd. kroner ved utgangen av 2021, ein auke på 15,8 mrd. kroner frå året før. I tillegg til sjølve utdanningslåna omfattar summen òg rente- og gebyrgjeld. 67,8 mrd. kroner av utdanningslåna er ikkje renteberande. Lån med fast rente utgjer 7,1 mrd. kroner, medan lån med flytande rente utgjer 149,7 mrd. kroner. Med i desse tala er òg ikkje betalte gebyr på 79,6 mill. kroner. Netto underkurs per 31.12.2021 på fastrentelåna er av Lånekassa rekna til 60 mill. kroner.

Lånekassa har om lag 995 000 registrerte låntakarar ved utgangen av 2021. Av dei har om lag 246 100 ikkje renteberande lån (kundar i tildelingsfasen), medan om lag 30 400 har lån med fast rente. Resten av låntakarane har lån med flytande rente.

Lånekassa inntektsførte i 2021 renter med 3,3 mrd. kroner på kapittel 5617, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2020 var 4,6 mrd. kroner. Det vart utgiftsført 373 mill. kroner i tap på utlån i 2021 medan talet i 2020 var 534 mill. kroner.

Sjå òg omtale av Lånekassa under kapittel 2.3 Kunnskapsdepartement.

Konverteringsordninga i Lånekassa

Lånekassa betaler ut heile basisstønaden som lån for dei som er omfatta av stønadsordninga for høgare utdanning m.m. Opp til 40 prosent av stønadsbeløpet kan konverterast til stipend når stønadsmottakaren har gjennomført utdanninga og oppnådd ein grad. I statsbudsjetta vert det kvart år løyvd midlar til å dekkje framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetjing til konverteringsfondet. Denne løyvinga går over kapittel 2410, post 50. Kapittel 5310, post 93 i rekneskapen syner nettobeløpet av lån som vert ettergjevne og trekte frå konverteringsfondet.

Utgiftene til andre stipend under Lånekassa kjem fram på kapittel 2410, postane 70 og 71. For å få oversyn over samla netto utgifter til stipend, må lån som er konverterte til stipend, leggjast til stipendutgiftene. Denne summen kjem fram om ein ser kapittel 2410, postane 70 og 71 og kapittel 5310, post 93 i samanheng.

Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse (SPK)

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå bustadlånsordninga i SPK:

Balanse 31. desember (tal i mill. kroner)

Konto/referanse

2019

2020

2021

Inngåande behaldning

Konto 63510601

42 684

45 703

39 406

Utlån i året

Kap. 0614 / 90

13 514

7 156

8 411

Tilbakebetalingar i året

Kap. 3614 / 90

-10 494

-13 453

-9 764

Utgåande behaldning

Konto 63510601

45 703

39 406

38 053

Renteinntekter

Kap. 5607 / 80

951

943

549

Samla uteståande krav i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse var på 38,1 mrd. kroner ved utgangen av 2021. Det er om lag 1,3 mrd. kroner mindre enn året før. Ved utgangen av 2021 var det om lag 36 600 lån i ordninga, mot 38 900 året før.

Statens pensjonskasse inntektsførte i 2021 renter med 549 mill. kroner på kapittel 5607, post 80. Tilsvarande tal for 2020 og 2019 var høvesvis 943 mill. kroner og 951 mill. kroner. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse tilbyd berre lån med flytande rente.

Netto tap på utlån, inkludert innbetalingar på tidlegare avskrivne tap, utgjorde i 2021 ei inntektsføring på knapt 0,1 mill. kroner. Det er om lag same nivået som i 2020.

Det var ei meirutgift på Statens pensjonskasses kapittel 0614, post 90 på 711 mill. kroner. Det vart innvilga fleire lån enn venta i siste del av året. Statens pensjonskasse hadde dessutan ei mindreinntekt på kapittel 3614, post 90 på 336 mill. kroner. Det vart innfridd færre lån enn venta i siste del av året.

Sjå òg omtale av bustadlånsordninga i SPK under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse i kapittel 2.7 Arbeids- og sosialdepartementet.

Innovasjon Noreg

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Innovasjon Noreg sine innlån frå statskassa. I tillegg til innlån frå statskassa nyttar Innovasjon Noreg eigenkapital til å finansiere utlån. Det er difor ikkje ein heilt eintydig samanheng mellom selskapet sine innlån frå statskassa og utlån til lånetakarar.

Balanse 31. desember (tal i mill. kroner)

Konto/referanse

2019

2020

2021

Inngåande behaldning

Konto 63000901

18 806

18 942

18 468

Netto endring

137

-475

-318

Utgåande behaldning

Konto 63000901

18 942

18 468

18 150

Renteinntekter

Kap. 5625 / 80

175

132

41

Innovasjon Noreg sine samla innlån frå statskassa, som er aktiverte i kapitalrekneskapen som statens utlån, utgjorde 18,2 mrd. kroner per 31.12.2021. Av dette utgjorde ordinære innlån 17,7 mrd. kroner, lån til pakkereisearrangørar 0,2 mrd. kroner og lån til investeringsfond 0,3 mrd. kroner.

Innovasjon Noreg sine samla netto utlån per 31.12.2021 utgjorde 18,7 mrd. kroner etter tapsavsetjingar på 0,8 mrd. kroner. Det er ein nedgang på 0,6 mrd. kroner, frå 19,3 mrd. kroner per 31.12.2020. Brutto utlån (før tapsavsetjing) fordelte seg med 13,6 mrd. kroner til lågrisikolån (5 043 lån), 5,7 mrd. kroner til innovasjons- og risikolån (2 565 lån)3 og 0,2 mrd. kroner til andre utlån4.

Det vart inntektsført 41,2 mill. kroner i renter frå Innovasjon Noreg på kapittel 5625, post 80 i statsrekneskapen 2021. Tilsvarande tal for 2020 og 2019 var høvesvis 132 mill. kroner og 175 mill. kroner.

Brutto bokført tap på utlån og garantiar i 2021 utgjer 114 mill. kroner, mot 221 mill. kroner i 2020. Rekneskapen til Innovasjon Noreg for 2021 syner eit netto utlånstap på -7,8 mill. kroner, mot 91,3 mill. kroner i 2020.

Statleg eksportfinansieringsordning

Den statlege eksportfinansieringsordninga vart handsama av Eksportkreditt Noreg AS fram til utgangen av fyrste halvår 2021. Då vart selskapet slege saman med Garantiinstituttet for Eksportkreditt til det nye statlege forvaltningsføretaket Eksportfinansiering Noreg (Eksfin). Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for den statlege eksportfinansieringsordninga:

Balanse 31. desember (tal i mill. kroner)

Konto/referanse

2019

2020

2021

Inngåande behaldning

Konto 63510901

61 220

65 039

51 269

Utlån i året

Kap. 2429, post 90

11 440

5 563

6 104

Tilbakebetalingar i året

Kap. 5329, post 90

-7 993

-19 377

-11 822

Omrekning til valutakurs balansedagen1)

373

43

551

Utgåande behaldning

Konto 63510901

65 039

51 269

46 101

Renteinntekter

Kap. 5629 / 80

1 527

1 592

901

1) Lån i utanlandsk valuta under eksportkredittordninga vert omrekna til kursen på balansedagen. Beløpet for 2021 er eit nettotal som består av 343 mill. kroner i valutajustering og andre korrigeringar, 15 mill. kroner i kapitaliserte renter, 75 mill. kroner i omposteringar og 118 mill. kroner i break cost-krav mot låntakar. Sistnemnde oppstod som følgje av restrukturering av låneforhald og er ikkje garantert av Eksfin eller andre finansinstitusjonar, i motsetning til kapitaliserte renter. I 2020 utgjorde break cost 123 mill. kroner, medan kapitaliserte renter utgjorde 8 mill. kroner.

Låna under eksportfinansieringsordninga er hovudsakleg gjevne i NOK, USD, EUR og i nokre andre valutaer. Fordelinga ved utgangen av 2020 og 2021 var slik:

Valuta (mrd.)

Talet på lån 2020

Uteståande per 31.12.2020

Talet på lån 2021

Uteståande per 31.12.2021

NOK

76

14,23

73

12,12

USD

58

3,31

51

2,44

EUR

36

0,72

41

1,11

JPY

1

0,87

1

0,77

DKK

2

0,08

1

0,08

GBP

8

0,05

8

0,06

CAD

2

0,07

2

0,06

NZD

-

-

1

0,01

SEK

1

0,01

-

-

Balansetabellen ovanfor syner at statlege eksportfinansieringslån til saman utgjorde 46,1 mrd. kroner ved utgangen av 2021, ein netto reduksjon på 5,2 mrd. kroner frå året før. Lån i utanlandsk valuta er rekna om til norske kroner basert på valutakursen på balansedagen. Reduksjonen frå 2020 til 2021 kjem hovudsakeleg av ordinære avdrag i samsvar med nedbetalingsplan på lån og førtidige innfriingar. Valutakursendringar førte til at verdien på utlånsporteføljen auka med 343 mill. kroner i 2021. Netto realisert valutavinst på avdraga som vart innbetalte i 2021, utgjorde om lag 1,5 mrd. kroner.

Det vart inntektsført renter frå ordninga med 0,9 mrd. kroner på kapittel 5629, post 80 i statsrekneskapen 2021. Tilsvarande tal for 2020 og 2019 var høvesvis om lag 1,6 mrd. kroner og 1,5 mrd. kroner.

Alle eksportfinansieringslåna er garanterte 100 prosent av Eksfin og/eller andre finansinstitusjonar. Ved restrukturering av låneforhold, der det vert rekna eit break cost-krav mot låntakar, vil slike krav ikkje vere sikra på same måte. Desse krava er ikkje garanterte og inneber dermed ein noko høgare tapsrisiko for eksportkredittordninga samanlikna med ordinær utlånsportefølje som er garantert. Krav om break cost er inkludert som ein del av låneavtalen for å sikre staten sine samla verdiar. Restrukturering av låneforhold vert inngått under føresetnad om vidare drift. Dei aktuelle krava er ikkje kome til forfall enno. Per 31.12.2021 var det registrert 118,2 mill. kroner i slike krav, mot 123,3 mill. kroner ved utgangen av 2020.

Fotnotar

1.

I 2020 vart ei liknande tilskotsordning handsama under Finansdepartementets kapittel 1634, post 70, og det vart gjennom denne utbetalt drygt 7 mrd. kroner.

2.

Bokføring av utlån og renteinntekter i statsrekneskapen for Husbanken, Lånekassa og bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, følgjer prinsippet om opptente renter basert på kalenderåret, jf. Prop. 1 S (2009–2010) kapittel 9.4. Det inneber at behaldningane av utlån som er aktiverte i kapitalrekneskapen òg inneheld opptente, men enno ikkje betalte renter.

3.

Desse omfattar landsdekkjande innovasjonslån, skipsfart landsdekkjande innovasjonslån, distriktsretta risikolån, risikolån landbruk, landsdekkjande innovasjonslån European Investment Fund og distriktsretta risikolån European Investment Fund.

4.

Andre utlån omfattar lån til pakkereisearrangørar, bygdeutviklingslån til landbruket og lån til tilsette. Innovasjon Noreg forvaltar òg bygdeutviklingslån til landbruket for Landbrukets utviklingsfond, som omfattar 991 lån.

Til forsida