Meld. St. 31 (2014–2015)

Garden som ressurs – marknaden som mål— Vekst og gründerskap innan landbruksbaserte næringar

Til innhaldsliste

5 Innsatsområde for landbruksbasert næringsutvikling i EU

Med sine 28 medlemsland er EU den viktigaste handelspartnaren for Noreg både når det gjeld landbruksvarer og dei fleste andre varer. Landbruket i EU har gått gjennom nærast kontinuerlege reformer frå midten av 1990-talet og fram til i dag. 1.1.2015 blei den førebels siste reforma i landbrukspolitikken i EU sett i verk etter at den blei vedteke i desember 2013 og førebudd i løpet av 2014. Det er særskilt interessant å sjå nærare på korleis EU-land arbeider med landbruksbasert næringsutvikling. Det er nyttig å samanlikne seg med EU-land både av omsyn til den tette koplinga Noreg har med EU knytt til handel og av omsyn til erfaringsutveksling.

Kvart medlemsland i EU har si særskilde utforming av landbrukspolitikken og prioriteringar knytt til landbruksbasert næringsutvikling.

Europa har gjennomgått, og er framleis inne i, ei svært vanskeleg tid for økonomisk vekst og sysselsetting. Arbeidsløysa i EU er meir enn 10 pst. i snitt. Dette talet skjuler ei omfattande ungdomsarbeidsløyse og store regionale skilnader. Dette er utviklingstrekk som gjer at det i mange tilfeller er krevjande å gjere samanlikningar.

Ei av hovudprioriteringane for Europakommisjonen er vekst, arbeidsplassar og innovasjon. Arbeidet med landbruksbasert næringsutvikling i EU er nært knytt til strukturfonda og partnarskapsavtaler som medlemslanda forhandlar med Europakommisjonen. Vidare er både næringsutvikling og miljøtiltak ein del av dei programma medlemsland lagar, og begge områda er delfinansiert ved det europeiske jordbruksfondet for bygdeutvikling. Omtalen under er difor tematisk noko breiare enn berre omtale av landbruksbasert næringsutvikling.

5.1 Landbruket i EU

Landbruket i EU omfattar om lag 12 millionar gardsbruk og ca. 25 millionar menneske er involvert i den primære landbruksproduksjonen. Dersom ein inkluderar vidareforedling, aukar talet på sysselsette til 46 millionar menneske og talet på verksemder til over 15 millionar. Verdiskapinga i matkjeda er utrekna til 800 milliardar EUR og omsetnaden nådde i 2013 ein verdi på 4 trillionar EUR1. Verdikjedene for mat og fiber er største sysselsettar i EU.

Dei mindre bruka i EU er i hovudsak i dei sørlege og austlege områda i Europa. I land som Storbritannia, Danmark, Tyskland og Frankrike er bruka større. Samanlikna med andre større aktørar internasjonalt er landbruket i EU eit «småskalalandbruk». Gjennomsnittsbruket i EU har ein storleik på litt over 14 ha. Dette er eit familiebruk med ein eigar som i snitt er over 55 år2. Meir enn 60 pst. av bruka i EU er mindre enn 5 ha. Det er likevel slik at gardsbruk over 100 ha forvaltar om lag halvparten av det nytta jordbruksarealet i EU. Det er også dei større bruka som har ein auke i jordbruksarealet som blir nytta til produksjon3.

I 2013 passerte EU USA som verdas leiande eksportør av landbruksvarer (120 mrd. EUR i 2013). EU er også verdas største importør av landbruksvarer (102 mrd. EUR i 20134).

EU har gjennomført omfattande kostnadsreduksjonar i landbruksproduksjonen. Dei fleste viktige produkta i landbruket i EU vert i dag omsette til prisar nær verdsmarknadspris. Landbruket i EU har gjennom dette styrkt si konkurranseevne og stilling i internasjonal handel med landbruksvarer. Samstundes som kostnadane i produksjonen er redusert, har det skjedd få endringar i grensevernet som også EU har etablert for å skjerme sitt eige landbruk. Skjerminga av landbruket i EU er difor sterk.

I 2014 vedtok EU å styrkje marknadsføring av landbruksvarer frå EU i tredjeland monaleg. I 2015 vert det nytta 60 mill EUR til føremålet. Planen er å auke dette til 200 mill. EUR i 2020. Verksemder i medlemslanda kan søkje delfinansiering av fellesskapet sine midlar til slike prosjekt innanfor eit eige regelverk for føremålet.

5.2 Verkemiddel for landbruksbasert næringsutvikling i EU

Hovudkomponentane i den økonomiske verkemiddelbruken for utviklinga av landbruket i EU er direkte støtte – produksjonsuavhengig støtte pr bruk, støtte til bygdeutvikling og integrering av landbruket i satsinga på forsking og innovasjon. Innanfor desse kategoriane eksisterer det mange valmoglegheiter for medlemslanda til å etablere kombinasjonar av verkemiddel som dei meiner er mest tenelege for å nå sine landbrukspolitiske mål. EU sin felles landbrukspolitikk har med åra blitt meir fleksibel og gir medlemslanda auka rom for nasjonale val i gjennomføringa av reforma innanfor felles rammer og regelverk.

Direkte støtte og marknadsordninga, ofte omtalt som pilar 1 i EUs landbrukspolitikk, skal etter reforma i felles landbrukspolitikk for EU frå 2013, sjåast meir i samband med pilar 2 bygdeutvikling. Medlemslanda har høve til å overføre midlar mellom desse to pilarane (inntil 15 pst.). Dette aukar fleksibiliteten i landbrukspolitikken i EU ytterlegare.

Basis for næringsutviklinga i landbruket i EU er landbruket si konkurranseevne og marknadstilgang for landbruksvarer. Dette er forsterka i den siste reforma. Produksjonsavgrensingar vil gradvis bli fjerna.

5.2.1 Prioritering av landbruksbasert næringsutvikling i EU

Bygdeutvikling, den andre pilaren i EUs felles landbrukspolitikk, har vore ein del av den felles landbrukspolitikken i EU i fleire tiår, men blei særskilt utvikla frå midt på 1990-talet og i reforma frå 2003. Bygdeutvikling har i perioden etter vore det viktigaste instrumentet for å stimulere til landbruksbasert næringsutvikling i EU. Ulikt direkte støtte og marknadsordninga (pilar 1), skal bygdeutvikling delfinansierast av medlemslanda i EU. Felles finansiering av bygdeutviklingstiltak i EU kjem frå «European Agricultural Fund for Rural Development EAFRD», vidare kalla det europeiske jordbruksfond for bygdeutvikling. For budsjettperioden 2014 til 2020 er det løyvd 84,9 mrd. EUR (i 2011 prisar) til fondet. I tillegg skal medlemslanda delfinansiere tiltak på området. Samla sett er bygdeutvikling, irekna landbruksbasert næringsutvikling, eit høgt prioritert område innanfor EUs landbrukspolitikk

Landbruksbasert næringsutvikling inngår i fleirårige nasjonale program for bygdeutvikling i medlemslanda (RDPs). Medlemslanda må i programma byggje sine planar for bygdeutvikling på minst fire av dei seks hovudprioriteringane:

  1. Stimulere til kunnskapsoverføring og innovasjon i jordbruk, skogbruk og i distrikta.

  2. Styrkje overlevingsevna til gardsbruk og konkurranseevna for jordbruk gjennom innovasjon i jordbruket og berekraftig forvalting av skog.

  3. Promotere organiseringa i matkjeda, irekna marknadsføring av landbruksprodukt, dyrevelferd og risikohandtering i landbruket.

  4. Restaurere, verne og byggje opp økosystem i jordbruk og skogbruk.

  5. Promotere ressurseffektivitet og støtte arbeidet for ein lågkarbonøkonomi i jordbruket, mat og skogsektoren.

  6. Promotere sosial involvering, innsats mot fattigdom og økonomisk utvikling i distrikta.

Medlemslanda skal i sine planar for bygdeutvikling identifisere meir detaljerte satsingar relatert til spesifikke område. Det vert fastsett målbare tal for desse områda og medlemslanda fastset etter det kor mykje ressursar som skal allokerast til dei enkelte områda. Medlemslanda sine planar for bygdeutvikling skal godkjennast av Europakommisjonen.

Dei meir detaljerte innsatsområda medlemslanda kan velje mellom er på dei fleste områda samanliknbare med innsatsområda i den norske landbrukspolitikken for å fremje landbruksbasert næringsutvikling. Stimulering til kunnskapsoverføring og innovasjon, styrking av konkurranseevne, arbeid med marknadsføring av landbruksprodukt og samfunns- og næringsutvikling lokalt og regionalt er også sentralt for den norske tilnærminga.

5.3 Partnarskapsavtaler

Struktur- og investeringsfonda i EU omfattar det europeiske jordbruksfondet for bygdeutvikling, det europeiske fondet for regional utvikling, det europeiske sosialfondet og det europeiske hav- og fiskerifondet. Medlemslanda i EU inngår partnarskapsavtaler (partnership agreement) med Kommisjonen om bruken av midlane, som er ein del av struktur- og investeringsfonda i EU. Partnarskapsavtala er ein strategi for korleis midlane frå desse fonda skal brukast i medlemslandet. Avtalene er inndelt i 11 tematiske område:

  1. Forsking, teknisk utvikling og innovasjon.

  2. Betre tilgang til IKT.

  3. Betre konkurransekraft for små og mellomstore bedrifter.

  4. Støtte overgangen til eit lågutsleppssamfunn.

  5. Fremje tilpassing til klimaendringar.

  6. Beskytte miljø og betre ressurseffektivitet.

  7. Berekraftig transport og fjerne flaskehalsar i infrastruktur for transport.

  8. Berekraftig sysselsetting og betre yrkesmobilitet.

  9. Sosial inkludering og innsats mot fattigdom.

  10. Investeringar i utdanning, yrkesopplæring og livslang læring.

  11. Betre den institusjonelle kapasiteten og auke effektiviteten i offentleg forvalting.

Partnarskapsavtalene er ei kopling mellom struktur- og investeringsfonda og dei overordna målsettingane i strategien for vekst og utvikling i EU, EU 2020. Partnarskapsavtalene byggjer også på nasjonale strategiar og erfaringane frå programperioden 2007–2013.

I tillegg til midlane frå strukturfonda vert tiltaka finansiert med nasjonale midlar.

5.3.1 Innsatsområde i partnarskapsavtala til Sverige og Austerrike

Sverige har i si partnarskapsavtale for perioden fram til 2020 lagt vekt på tre overordna prioriteringar:

  • Fremje konkurransekraft, kunnskap og innovasjon.

  • Forsterke berekraft og effektiv bruk av ressursar for ei berekraftig utvikling.

  • Å auke sysselsetting og lette tilgangen til arbeidsmarknaden.

Finansieringa frå EU for struktur- og investeringsprogramma i Sverige er vel 3,6 mrd. EUR for perioden 2014 – 2020. I tillegg blir nasjonale midlar nytta. Det europeiske jordbruksfondet for bygdeutvikling (Bygdeutviklingsprogrammet) er det største enkeltprogrammet av struktur- og investeringsprogramma i Sverige og finansieringa frå fellesskapet utgjer 1,76 mrd. EUR for dette fondet for perioden fram til 2020.

Bygdeutviklingsprogrammet gir støtte til kunnskapsbygging og samarbeid mellom verksemder med mål om å betre konkurranseevna. Fondet kan også støtte såkalla operative grupper som er lokalt samarbeid om innovasjon, utvikling og testing av nye løysingar.

Rekrutteringa til landbruket er ei utfordring i Sverige som i resten av EU. Ordningar for støtte til unge bønder er difor også tilgjengelege under bygdeutviklingsprogrammet.

Støtte til utvikling og forbetring av tilgang og hastigheit på breiband er også mogleg innanfor arbeidet med bygdeutvikling. Dette er eit av dei fyrste nye prosjekta som blei starta under bygdeutvikling i Sverige i denne programperioden. Vidare er satsingar på lokale ressursar og tradisjonar ein del av bygdeutviklingsprogrammet.

Ein stor del av verkemidla innan bygdeutvikling er reine miljøtiltak. Tiltak for å sikre våtmarker og dammar, minska utslepp av næringsstoff og ein rekkje tiltak for å bevare biologisk mangfald er å finne i dette programmet. Auka bruk av biogass og andre fornybare energikjelder, samt tiltak for energieffektivisering, skal medverke til reduserte klimagassutslepp frå landbruket.

Bygdeutviklingsprogrammet i Sverige har også ein rekkje ordningar for auka turisme, styrking av kulturaktivitetar, tiltak for friluftsliv og andre tiltak som kan medverke til å gjere distrikta attraktive.

Sverige sitt program for bygdeutvikling i perioden 2014 – 2020 er ikkje endeleg godkjend av Europakommisjonen. Det har likevel starta opp arbeid på nokre område. Frå andre halvår 2014 var det mogleg å søkje om støtte til utvikling av breiband og støtte til investeringar i jordbruket. Ordningar for kompetanseutvikling og rådgjeving blir tilgjengeleg frå fyrste halvår 2015. I andre halvår 2015 blir det starta fleire andre tiltak:

  • Miljøinvesteringar og utvikling av natur- og kulturmiljø.

  • Starttilskot samt støtte til investeringar i jordbruk, hagebruk og reindriftsverksemd.

  • Støtte til investeringar for rekreasjon, turisme og jobbskaping i distrikta.

  • Støtte til biogassanlegg og andre investeringar for betre miljø og reduserte klimagassutslepp.

  • Støtte til innovasjonsgrupper.

  • Støtte til lokal utvikling (LEADER).

  • Støtte utvikling av lokale serviceverksemder og landhandel, idretts- og fritidsanlegg.

Regjeringa i Sverige har i budsjettproposisjonen for 2015 tilrådd at det blir oppretta eit parlamentarisk utval for å gå gjennom distriktspolitikken og arbeidet med bygdeutvikling. Utvalet skal foreslå mål og strategiar for politikkområdet og analysere og peike på dei mest aktuelle tiltaka for å nå måla.

Austerrike har også inngått ei partnarskapsavtale for perioden 2014 – 2010. Austerrike prioriterer særskilt følgjande fire tematiske områder:

  • Ivareta miljø og betre ressurseffektivitet (26 pst. av strukturfonda nyttast til dette føremålet).

  • Fremje tilpassinga til klimaendringar, redusere risiko og forvalting.

  • Betre konkurransekraft for små og mellomstore bedrifter og for landbruket.

  • Sosial inkludering og innsats mot fattigdom.

Austerrike har prioritert bygdeutvikling og samla mykje av innsatsen på dette området. Austerrike vil få 4,9 mrd. EUR frå strukturfonda i perioden fram til 2020. Av dette er heile 3,9 mrd. EUR frå det europeiske fondet for bygdeutvikling. I tillegg kjem betydeleg nasjonal finansiering.

Hovudprioriteringa for midlane til bygdeutvikling i Austerrike er strukturendringar i landbruket, tiltak for auka rekruttering, tiltak for å støtte innovasjon for små og mellomstore verksemder og støtte til produsentorganisasjonar i heile kjeda.

Austerrike nyttar vesentlege delar av midlane til tiltak for auka ressurseffektivitet, støtte til fornybare energikjelder og tilpassingar til klimaendringar. Miljøtiltak elles er retta mot dei meir sårbare områda i Alpane. Austerrike legg også opp til styrking av kompetansehevande tiltak som utdanning, yrkesopplæring og livslang læring.

5.4 Horisont 2020 – forsking og innovasjon for å utnytte regionane sine fortrinn

Hovudsatsinga for forsking og innovasjon i EU er rammeprogrammet Horisont 2020. Programmet har eit budsjett på om lag 80 mrd. EUR i perioden 2014 – 2020 i tillegg til den private finansieringa som føresetnad for gjennomføringa av forskings- og innovasjonsprogrammet. Også innanfor dette programmet er den landbruksbaserte næringsutviklinga eit viktig satsingsområde.

I EU er 70 pst. av landarealet nytta til skog- eller jordbruksproduksjon, og med den tydinga verdikjeda for mat og fiber har i EU, er det naturleg at sektorane inngår som ein integrert del av satsinga på forsking og innovasjon gjennom Horisont 2020. Noreg deltek aktivt i alle delar av Horisont 2020 på bakgrunn av EØS-avtala.

Den største tematiske satsinga i Horisont 2020 er knytt til store samfunnsutfordringar og eit av programområda i denne satsinga omhandlar jord- og skogbruk.

I tillegg til tradisjonelle forskingsområde knytt til jord- og skogbruk er også moglegheitene i bioøkonomien eit tema, der framtidig vekst og verdiskaping i større grad baserar seg på berekraftig utnytting av biomasse. Næringsutvikling og etablering av nye arbeidsplassar i distrikta har ein sentral plass i programområdet, gjennom vekt på auka utnytting av natur, sosiale, kulturelle og økonomiske ressursar.

For å få meir ut av offentleg støtte til forsking og utvikling har EU etablert ein sokalla Smart Specialisation Plattform, som skal hjelpe regionar i å utvikle eigne strategiar på områder der næringslivet har gode føresetnader for å bli konkurransedyktige. Strategien blir nytta av regionar og land i EU, og blir i aukande grad tatt i bruk av norske fylkeskommunar som eit ledd i utforminga av fylka sin næringspolitikk. Det blir tatt utgangspunkt i eksisterande styrker i ein region sitt næringsliv. På bakgrunn av regionale føresetnader blir det sett i verk prosessar, enten for styrking av eksisterande næringsliv, utvikling av ny aktivitet på basis av det etablerte, eller heilt ny næringsaktivitet på basis av nye idear.

Europakommisjonen har også etablert såkalla European Innovation Partnership (EIP) for sentrale område. Eitt slikt område er landbruket. EIP er eit initiativ for å styrke vilkåra for innovasjon, kopling mellom forsking, innovasjon og næringsutvikling og for å medverke til meir effektiv introduksjon av kunnskapsbaserte løysingar som kan auke verdiskapinga. EIP blir basert mykje på eksisterande verkemidlar, men legg vekt på effektivisering og betre koordinering av og mellom desse.

Europakommisjonen har mellom anna lansert eit europeisk innovasjonspartnarskap for landbruk; «European Innovation Partnership for Agriculture Productivity and Sustainability (EIP-AGRI)». Innovasjonspartnarskapen har merksemd på auka produktivitet og berekraft i landbruket. Det fører saman ulike innovasjonsaktørar, og skal mellom anna byggje bru mellom forsking og praksis. EIP-AGRI har utvikla ein strategisk gjennomføringsplan. Den strategiske planen legg fram tilrådingar som m.a. vil bli sett i verk gjennom Horisont 2020 og bygdeutvikling. Planen tek også for seg gjennomføringa i medlemslanda. Kommisjonen har følgt opp med ei melding om planen.

Ei ekstern evaluering av Kommisjonen si satsing på desse innovasjonspartnarskapa viser at dei har styrkt koplinga mellom forsking og innovasjon, men tilrår også endringar som skal gje meir radikal innovasjon.

Fotnotar

1.

High Level Forum for a Better Functioning Food Supply Chain. Report. 15 October 2014.

2.

European Commission (2013). Rural Development, Analytical Highlights 2013.

3.

Agriculture, Forestry and Fisheries Statistics 2014. Eurostat.

4.

European Commission (2013). Monitoring Agri-trade Policy. Agricultural trade in 2013. EU gains in commodity exports.

Til forsida