6 Vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget
Som vist i kapittel 1 finst det i dag ikkje eit godt nok faktagrunnlag for dei næringane som er omtalt i denne meldinga. Betre talmateriale og kunnskap om omsetnad, sysselsetting, omfang og verdiskapingseffektar må vere eit prioritert område. Dette er viktig for å vite korleis innsatsen på området skal innrettast. Dokumentasjon av utvikling, effektar og resultat av ressursbruken er også viktig for å kunne legitimere bruk av offentlege midlar til desse områda.
6.1 Kjelder til informasjon om næringane
NILF har gjort ei vurdering av kva datakjelder og statistikk der er mulig å nytte for å kartleggje tydinga og omfanget av næringane1. I dag er dei tre viktigaste kjeldene til datamateriale om desse næringane driftsgranskingane i jord- og skogbruk som vert utført av NILF, landbruksteljingane som blir utført av SSB og trendundersøkinga til Norsk senter for bygdeforskning.
Driftsgranskingane blir gjennomført kvart år og dekkjer den yrkesmessige delen av jordbruksbedriftene. Utvalet er avgrensa til jordbruksbedrifter med ein standardomsetnad over 150 000 kroner. I 2013 tilsvara dette 30 800 gardsbruk, og utvalet i driftsgranskingane inkluderer rekneskapsmateriale frå 888 gardsbruk. Desse næringane er godt dokumentert i utvalet kva gjeld type næring, omfang og økonomi. Sidan bruka i utvalet er rekruttert ut frå tradisjonell jordbruksproduksjon er det usikkert om utvalet er representativt.
SSB samlar inn store mengder data om norske jordbruksbedrifter gjennom både dei årlege utvalsteljingane og fullteljingane kvart tiande år. Fleire av teljingane har med spørsmål om tilleggsnæring, og resultata kan samanliknast med andre land i EØS-området.
Trendundersøkinga til Norsk senter for bygdeforskning er ei spørjeundersøking blant norske gardsbruk som blir gjennomført annan kvart år. SSB nyttar både registerdata og spørjeskjema for å gjennomføre undersøkinga. Denne undersøkinga har også data som er relevante for desse næringane. Utvalet blir trekt frå produksjonstilskotsregisteret til Landbruksdirektoratet.
Driftsgranskingane kan gi eit breitt kunnskapsgrunnlag basert på rekneskapstal på dei gardsbruka som er med i undersøkinga. Utfordringa er at utvalet er lite og at utvalet er avgrensa til å gjelde dei med ein omsetnad over 150 000 kroner og som har ein tradisjonell jordbruksproduksjon i tillegg til anna næring. Sidan utvalet i utgangspunktet er smalt, er grunnlaget for å bryte ned data på enkeltnæringar avgrensa. I landbruksteljingane finst det tal for bruk som driv andre landbruksbaserte næringar og type næring, men det er ikkje spurt om omsetnad. Det vil difor vere viktig å få spørsmål knytt til omsetnad for denne type næringar inn i ei av utvalsteljingane.
NILF har også gjennomført utrekingar av verdiskaping i landbruk og landbruksbasert industri, mellom anna for Buskerud jf. figur 6.1, der utrekningar av verdskaping frå landbruksbaserte næringar utanom tradisjonelt landbruk er inkludert. Verdiskapingsanalysa for Buskerud viste at verdiskapinga frå det NILF omtalar som tilleggsnæringar, rekna som bruttoprodukt, var 178 mill. kroner i 2013. Størst verdiskaping kom frå utmarksnæringar med 77 mill. kroner.
For å få meir inngåande kunnskap om enkeltnæringar kan det vere nyttig å gjennomføre caseundersøkingar. I samband med arbeidet med denne stortingsmeldinga har NILF levert ein kartlegging av Inn på tunet tenestene i Noreg2. Kartlegginga er i hovudsak basert på ei spørjeundersøking til alle Inn på tunet-bedrifter som enten er godkjende eller under godkjenning hos Matmerk. Departementet meiner dette er ein god modell for å få kunnskap om enkeltnæringane, og vil følgje dette opp vidare på andre næringsområde.
6.2 Kunnskap om korleis verkemidla verkar
Dei bedriftsretta verkemidla over departementet sitt budsjett er forvalta av Innovasjon Norge. God måling av effektar og resultat av den offentlege innsatsen til dette området er viktig styringsinformasjon for vidare utvikling av verkemiddelbruken, samt viktig for legitimiteten til ordninga og for bruken av statlege ressursar. I 2013 innførte Innovasjon Norge nytt mål- og resultatstyringssystem for alle verkemidla selskapet forvaltar. Med dette målingssystemet blir måloppnåing knytt til selskapet sine tre delmål om fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø konkretisert gjennom styringsindikatorar på to ulike nivå; resultatindikatorar og effektindikatorar. Styringsindikatorane skal leggje til rette for ein overordna dialog om selskapet si måloppnåing. Sidan dei aller fleste av landbrukskundane er enkeltpersonføretak eller personkundar, er det ikkje tilgjengeleg rekneskapstal på same måten som for AS. Dette gjer det utfordrande å få gode effektmålingar for landbruket sine verkemidlar.
Det blir jobba med å få betre talmateriale også for landbrukskundane i Innovasjon Norge. Næringa har sjølv teke initiativ til å få betre flyt av rekneskapsdata mellom bonden, leverandørar, verkemiddelapparatet og landbrukssamvirka, og dette kan betre datagrunnlaget framover. Det må utviklast nye og betre målingar av lønnsemd og produktivitet i landbruket etterkvart som datagrunnlaget betrar seg.
Det er elles viktig at sentrale aktørar innan næringa arbeider for å ha god dokumentasjon på sine fagfelt om resultat og effektar av innsatsen som vert lagt ned. Både næringa sjølve og det offentlege verkemiddelapparatet nasjonalt og regionalt bør ha merksemd på dette.
6.3 Samanlikning med andre land
Med utgangspunkt i drøftinga i kapittel 5 er det interessant å sjå nærare på korleis satsinga innanfor landbruksbasert næringsutvikling har tatt form i andre europeiske land, og kva for tiltak, arbeidsmåtar eller anna som Noreg kan ta lærdom av.
Departementet vil ta initiativ til ei utgreiing om den norske innsatsen knytt til næringsutviklingsarbeidet samanlikna med andre europeiske land. Det er naturleg å sjå nærare på land som ligg nære oss, geografisk og kulturelt. Utgreiinga kan også sjå på problemstillinga med manglande kunnskapsgrunnlag om næringane sitt omfang, økonomi, sysselsetting, verdiskapingseffektar, og sjå på korleis dei måler desse elementa i andre utvalde land.