1 Noregs prioriteringar til FNs 70. generalforsamling
Utanrikspolitikken til regjeringa
Det fremste målet til utanrikspolitikken er å sikre og fremje norske interesser – våre verdiar, vår tryggleik og vår velferd. Regjeringa mobiliserer for å unngå at tiår med framgang for demokrati, menneskerettar, frihandel og internasjonalt samarbeid vert sette tilbake.
Verda har opplevd store framsteg dei siste tiåra. Aldri før har så mange av borgarane på kloden nytt så godt av så mykje velstand og samarbeid. Verdshandelen er åttedobla sidan 1970, og talet på ekstremt fattige er halvert. Fleire lærer å lese og skrive og er sikra god helse. Samstundes har dei siste åra lært oss at vi ikkje kan rekne det som sjølvsagt at framgangen skal halde fram, noko som strekar under behovet for eit velfungerande FN. Etter at utviklingstrekka har vore positive i fleire tiår, er tala på drepne i krig og konflikt no stigande. Aldri før har fleire vore på flukt frå heimane og landa sine. Mykje tyder på at det dreier seg om varige endringar i negativ retning. Norsk utanrikspolitikk må i dag ta omsyn til eit svært samansett og krevjande trugselbilete. Russlands brot på folkeretten og destabilisering av Ukraina spreier utryggleik gjennom Europa. Brutaliteten til ISIL og andre ekstremistar sjokkerer. Migrasjon og menneskesmugling over Middelhavet til Europa utfordrar den felles yttergrensa, både for oss og EU. Utanrikspolitikk blir innanrikspolitikk. Dette krev ein samla og effektiv respons.
I møte med dagens krevjande utanrikspolitiske røyndom skal vi halde fram med å pleie politisk venskap med handelspartnarane våre i EU og dei nære allierte vi har i USA og resten av NATO. Samstundes må vi auke innsatsen overfor framveksande økonomiar og nye regionale institusjonar, slik nye avtalar med ASEAN (Organisasjonen for søraustasiatiske nasjonar) og AU (Den afrikanske unionen) er døme på. Vi skal òg halde fram med å investere tungt i multilaterale institusjonar som FN.
FN er ein hjørnestein i norsk utanrikspolitikk. Samarbeid mellom land og etterleving av folkeretten skapar resultat og sikrar dei felles interessene til landa. Den stadige utvidinga av verkeområdet for folkeretten – til å gjelde alt frå fredeleg konfliktløysing til luftfart, arbeidstilhøve, menneskerettar, utnytting av ressursar til havs, vern av naturmiljøet og komplekse finans- og investeringsoperasjonar – har saman med aukande handel og demokratisering, skapt den verdsordenen vi nyt godt av i dag. FN har eit mandat og ein unik posisjon som gjev verdsorganisasjonen eit særleg ansvar for å medverke til å sikre at framgangen for demokrati, menneskerettar, utvikling og internasjonalt samarbeid gjennom fleire tiår vert vidareført.
Men FN, både som mellomstatleg arena og som aktør, må tilpasse seg ei verd med nye globale utfordringar og nye geopolitiske maktkonstellasjonar. FN må stadig reformerast for å vere relevant i ei verd i rivande utvikling. Vi må ta vare på den tryggingspolitiske og folkerettslege arkitekturen som ligg føre – og oppdatere organisasjonen si evne til å handtere utfordringane i det 21. hundreåret. Det er først og fremst medlemslanda i FN som må ta ansvar for å vidareutvikle og reformere FN. Frå norsk side held arbeidet med reform og effektivisering av FN fram like sterkt som før. Prosjektet FN70: Ein ny dagsorden vil vere eitt av fleire instrument i dette arbeidet.
Generalforsamlinga i FN i år – sentrale norske interesser og posisjonar
FNs generalforsamling er den største internasjonale møteplassen i verda og ein unik arena for å fremje norske interesser, internasjonalt samarbeid og posisjonar på spørsmål som er sentrale for Noreg.
Høgnivåveka under FNs 70. generalforsamling vert innleidd med toppmøtet om berekraftig utvikling frå 25. til 27. september. Generaldebatten startar 28. september og varar fram til 6. oktober. Den norske delegasjonen, som vert leidd av statsminister Erna Solberg, vil delta på ei rekkje bilaterale og multilaterale møte gjennom høgnivåveka.
Noreg vil arbeide for eit effektivt FN og for at organisasjonen skal styrkje ivaretakinga av fred og tryggleik, folkerett, menneskerettar, humanitære prinsipp og berekraftig utvikling. Regjeringa vil prioritere følgjande tema i og rundt dei formelle møta under Generalforsamlinga i år:
Det er viktig at verda har kome fram til semje om ein ny utviklingsagenda med nye berekraftsmål. Statsministeren vil delta på toppmøtet der desse måla vert vedtekne. Noreg legg vekt på å markere at landa i verda forpliktar seg til ny innsats for å utrydde fattigdom gjennom berekraftig utvikling innan 2030.
Hendingane dei siste åra har vist oss kor viktig det er å verne om folkeretten og ein verdsorden der rett går føre makt. Aksepterte spelereglar er avgjerande for å kunne handtere ressursutnyttinga til havs, vern av naturmiljøet, luftfart, ein omfattande varehandel og digital samhandel, komplekse finans- og investeringsoperasjonar og grenseoverskridande rettshandheving i møte med internasjonale terrortrugsmål.
Globalisering og maktforskyving strekar under kor viktig det er å finne ein balanse mellom effektiv global styring og institusjonar som inkluderer dei legitime ambisjonane til framveksande statar og regionar. Dette er avgjerande for å sikre at den globale oppslutninga om dei felles spelereglane som vert utvikla i FN og andre multilaterale organisasjonar, held fram og vert styrkt.
ISIL og tilsvarande grupperingar kan berre nedkjempast med eit breitt spekter av politiske, militære, ideologiske og økonomiske verkemiddel. Noreg medverkar på alle desse områda. Kampen mot ISIL, ekstremisme og framandkrigarar er eit sentralt tema under høgnivåveka og har høg prioritet frå norsk side. Det er viktig å søkje ei mest mogleg målretta rolle for FN i dette arbeidet, òg som ei oppfølging av stortingsmeldinga om globale tryggingsutfordringar.
Arbeidet for fred, stabilitet og utvikling i sårbare statar utgjer ein av dei komparative føremonene til FN. Difor legg regjeringa særleg vekt på at FN vert sett i stand til å spele ei mest mogleg effektiv rolle i sårbare statar, både i fredsoperasjonar og utviklingsarbeid. Det er viktig at ulike FN-aktørar samarbeider nært for å maksimere synergiar og resultat på bakken i desse landa. Noreg legg òg vekt på arbeidet med å betre arbeidsmetodane til Tryggingsrådet i FN.
Dei store humanitære behova som følgjer av mange av krisene i verda gjer at Noreg vil prioritere arbeidet for at det humanitære systemet i FN vert meir effektivt og betre tilpassa dei utfordringane vi står overfor. Noreg vil støtte opp om arbeidet for betre finansiering og gå inn for at det humanitære systemet i FN får fleire støttespelarar og samarbeidspartnarar.
Arbeidet for kvinners rettar og likestilling står sentralt i norsk utanriks- og utviklingspolitikk. Statsministeren vil delta på eit høgnivåmøte om likestilling som vert arrangert av UN Women og Kina i samband med 20-årsmarkeringa for handlingsplanen frå Beijing.
Noreg vil leggje vekt på klimaspørsmål og møte der klimautfordringane vert tekne opp under Generalforsamlinga. Statsminister Solberg vil delta på toppmøtet som FNs generalsekretær og den franske presidenten inviterer til for å fremje forpliktingar frå medlemslanda i FN som eit ledd i arbeidet for eit godt resultat under klimaforhandlingane i Paris seinare i år.
Utdanning har høgaste prioritet i utviklingspolitikken til regjeringa. Regjeringa tek sikte på å bruke ulike arenaer, nettverk og relevante møte under høgnivåveka til å fremje den grunnleggjande innverknaden som utdanning og jobbskaping har på utvikling.
Fred, tryggleik og sårbare statar
Det er eit overordna mål å styrkje FN si evne til å bevare internasjonal fred og tryggleik. FN skal førebyggje og stoppe væpna konfliktar, verne sivile og fremje langsiktig fredsbygging.
Talet på statar som vert råka av samanbrot, lovløyse og porøse grenser har auka dei siste åra. Det er stor fare for at problem som har røter i mislukka statar, spreier seg til land som er prega av orden og velstand. FN spelar ei nøkkelrolle i sårbare statar. FN kan setje i verk fredsoperasjonar, humanitære tiltak og utviklingstiltak, og kan fremje menneskerettane. Vektlegginga av stabile og fredelege samfunn og styresett i utviklingsagendaen fram mot 2030 gjev FN eit sterkare mandat for arbeid i sårbare statar, òg i land som ikkje står på agendaen til Tryggingsrådet.
Noreg vil medverke til at arbeidet til FN vert styrkt i land og område som er svært politisk sårbare. Det er særs viktig å sjå verkemidla til FN i samanheng, og at innsatsen vert innretta på ein heilskapleg og integrert måte. Oppfølginga av rapporten til høgnivåpanelet om reform av fredsoperasjonane til FN, frå juni i år, strekar under behovet for ei heilskapleg tilnærming til sårbare statar. Noreg vil arbeide for at finansieringa av FN-arbeidet i sårbare statar vert styrkt.
Noreg skal fremje vernemandata til Tryggingsrådet, mellom anna gjennom å støtte resolusjonar og ta del i debattar om kvinner, fred og tryggleik, seksualisert vald, barn i væpna konflikt, vern av sivile i væpna konflikt og ansvaret for å verne sivile mot folkemord, etnisk reinsing, brotsverk mot menneskeslekta og krigsbrotsverk (Responsibility to Protect, R2P). Det er tiårsjubileum for R2P, og den danske presidenten for Generalforsamlinga vil truleg fremje ei rekkje initiativ for å markere dette, mellom anna ein resolusjon. Noreg vil støtte opp om dette. Noreg vil vere med på å utvikle idear og framlegg som kan bevare legitimiteten og effektiviteten til Tryggingsrådet og føre til eit meir ope og inkluderande Tryggingsråd, mellom anna gjennom deltaking i gruppa av land som arbeider for å betre arbeidsmetodane til Rådet (ACT).
Det norske engasjementet i arbeidet for fred og tryggleik skal medverke til å støtte opp under Sverige og Noreg sine kandidatur til å få ein vald plass i Tryggingsrådet til FN, høvesvis for periodane 2017–18 og 2021–22.
FN-responsen på utfordringane i Midtausten/Golfen, Sahel-regionen, Sør-Sudan, Somalia og Den sentralafrikanske republikken vil bli prioritert. Noreg vil òg arbeide for at FN skal medverke til ei løysing av Ukraina-krisa som tryggjer den territoriale integriteten til Ukraina.
Noreg vil medverke aktivt til at FN arbeider for å tryggje menneskerettane i fredsoperasjonar og andre internasjonale oppdrag, medrekna å førebyggje og reagere mot seksuelle overgrep utførte av personell som gjer teneste i FN-styrkane.
Noreg vil støtte aktivt opp om den internasjonale avtalen om våpenhandel (ATT). Vi vil òg støtte arbeidet for at både minekonvensjonen og konvensjonen om klasevåpen skal gjennomførast, mellom anna i den humanitære innsatsen og utviklingsaktivitetane til FN. Noreg vil arbeide for å få større merksemd rundt dei humanitære konsekvensane ved bruk av eksplosive våpen i folkesette område.
Noreg vil halde fram engasjementet for ei verd utan kjernevåpen. Ikkje-spreiingsavtalen (NPT) er den internasjonale ramma for dette arbeidet. Vi vil aktivt fremje dei tre pilarane under NPT: ikkje-spreiing, nedrusting og fredeleg bruk. Noreg vil arbeide for effektive tiltak for å fremje nedrusting og ikkje-spreiing, og framheve støtte til Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA), verifikasjon av nedrusting og det humanitære perspektivet slik det kom til uttrykk gjennom Oslo-konferansen om humanitære konsekvensar av kjernefysiske sprengingar. Noreg vil vidare sikre ei breiast mogleg oppslutning om kjemivåpenkonvensjonen og biologivåpenkonvensjonen.
Valdeleg ekstremisme og terrorisme
Noreg vil arbeide for at FN skal møte globale tryggingsutfordringar som terrorisme, organisert kriminalitet, trugsmål i det digitale rommet og piratverksemd på ein mest mogleg offensiv måte.
Noreg vil støtte aktivt opp om tiltak mot valdeleg ekstremisme og terrorisme, særleg i samband med toppmøtet om valdeleg ekstremisme og kampen mot ISIL som Obama inviterer til. Målet er å styrkje innsatsen mot ISIL. ISIL må nedkjempast gjennom å stanse flaumen av framandkrigarar, strupe finansieringa, konfrontere propagandaen deira meir effektivt og møte aktivitetane deira på sosiale medium. Det er òg eit faktum at ISIL må nedkjempast militært. Difor deltek Noreg gjennom militær kapasitetsbygging i Irak. Under møtet vil òg dei underliggjande sosiale, politiske og økonomiske drivkreftene bak valdeleg ekstremisme bli drøfta.
Før dette toppmøtet har Noreg arrangert ein førebuande konferanse i Oslo. Konkrete resultat frå denne konferansen var avgjerda om å skipe eit europeisk ungdomsnettverk mot valdeleg ekstremisme og eit globalt nettverk av kvinneorganisasjonar som arbeider med førebygging. Noreg spelar òg ei aktiv rolle i skipinga av eit internasjonalt nettverk av «sterke byar» som gjer ein særleg innsats mot valdeleg ekstremisme på lokalt plan.
Noreg vil arbeide aktivt for å styrkje FN-arbeidet mot valdeleg ekstremisme og terrorisme. Oppfølginga av stortingsmeldinga om globale tryggingsutfordringar i utanrikspolitikken ligg til grunn for den norske innsatsen på dette området. Dei globale tryggingsutfordringane skal handterast i samsvar med folkerettslege plikter og menneskerettane. For å oppnå dette treng FN ressursar og mandat.
I samband med 10-årsmarkeringa av FNs globale anti-terrorstrategi vil generalsekretæren i FN lansere ein ny handlingsplan som i større grad enn før legg vekt på førebygging av valdeleg ekstremisme. Noreg vil engasjere seg aktivt i utarbeidinga og gjennomføringa av den nye handlingsplanen.
Gjennomføringa av tryggingsrådsresolusjon 2178 (2014) om framandkrigarar vil framleis ha høg prioritet. Noreg vil arbeide for at kjønnsdimensjonen i større grad vert reflektert i arbeidet med å førebyggje og kjempe mot valdeleg ekstremisme. Noreg vil ta del i arrangement med sikte på å identifisere tiltak for å hindre at særleg barn og ungdom vert rekrutterte til ekstremistiske organisasjonar.
Fremjing av folkeretten
Noreg skal arbeide for respekt for folkeretten og fremje ein internasjonal rettsorden.
Noreg skal halde fram engasjementet sitt for å fremje rettsstatsprinsippa, både på nasjonalt og internasjonalt nivå. Noreg vil vere open for å utvikle nye folkerettsleg bindande og politisk forpliktande instrument og standardar retta mot nye former for alvorleg og grenseoverskridande organisert kriminalitet, mellom anna miljøkriminalitet og IKT-kriminalitet.
Havretts- og fiskerispørsmål er viktige for Noreg. Dette gjeld særleg diskusjonen om vern av marint biologisk mangfald og berekraftig bruk av marine ressursar i internasjonale havområde og sikring av tilstrekkelege ressursar til kontinentalsokkelkommisjonen sitt arbeid. Arbeidet med å utarbeide eit rettsleg instrument for å sikre og regulere biodiversitet utanfor statane sin nasjonaljurisdiksjon vil bli prioritert frå norsk side.
Noreg skal arbeide for at det vert sett i verk effektive tiltak for å unngå eller stanse internasjonale brotsverk og for at personar som er ansvarlege for slike brotsverk, vert stilte til ansvar gjennom adekvate rettslege prosessar. Ei overordna målsetjing vil vere å kjempe mot straffefridom og styrkje den internasjonale strafferetten. Vi vil arbeide for ei universell oppslutning om Den internasjonale straffedomstolen (ICC) og eit godt samarbeid mellom Domstolen og statspartane. Noreg har teke over formannskapet for arbeidsgruppa for regelendringar (WGA) i ICC, og skal arbeide for å betre effektiviteten og gjennomslagskrafta til Domstolen.
Arbeidet til Folkerettskommisjonen skal følgjast nøye, særleg spørsmålet om immunitet for statstilsette og rekkjevidda av universaljurisdiksjon, men òg andre tema som er relevante for utviklinga av folkeretten og for norske kjerneinteresser. Elles vil spørsmål om rekkjevidda av universaljurisdiksjon og straffansvar for FN-tilsette vere viktige tema i år.
Menneskerettar
Noreg skal vidareutvikle den leiande rolla si i det normative arbeidet til FN for å bevare og styrkje respekten for menneskerettane.Noreg vil medverke aktivt til at arbeidet for å styrkje menneskerettane får prioritet i all FN-verksemd.
Arbeidet for å fremje ytringsfridom, forsamlingsfridom og mediefridom og for å kjempe mot religiøs intoleranse og hatefulle ytringar vil ha høgaste prioritet. Noreg skal leie forhandlingane om resolusjonen om menneskerettsforsvararar, og vil arbeide for god oppslutning om ein styrkt resolusjon som tydeleg reflekterer mellom anna retten til ytringsfridom og retten til forsamlingsfridom. Vidare skal vi arbeide for å sikre deltaking frå sivilsamfunnet i FN-prosessar og bli meir involverte i arbeidet til NGO-komiteen. Trygve Lie-symposiet til hausten vil handle om sivilsamfunnet under press, ytringsfridom og forsamlingsfridom.
Som tilretteleggjarar for den toårige resolusjonen om internt fordrivne vil Noreg ha eit særleg fokus på denne gruppa gjennom hausten. Det vil bli lagt opp til å styrkje vernet av og rettane til internt fordrivne, mellom anna med føringar for auka innsats frå FN i felt, både frå humanitære aktørar og utviklingsaktørar si side.
Norske representantar skal ta aktivt del i arbeidet med relevante kvinne- og likestillingsrelaterte resolusjonar, og arbeide for at likestillingsdimensjonen blir integrert i alle komiteane i generalforsamlinga i FN.
Noreg vil ha ein aktiv dialog med spesialrepresentantane til FN og kjempe mot freistnader på å avgrense den uavhengige rolla og integriteten deira.
Noreg vil vere ein aktiv støttespelar for Danmark sin resolusjon om kampen mot tortur. Noreg si leiande rolle i kjernegruppa til fremjing av rettane til lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og interseksuelle (LHBTI) skal vidareførast.
Vi skal halde fram engasjementet vårt for resolusjonen om menneskerettssituasjonen i Syria.
Humanitære spørsmål
Noreg har auka den humanitære innsatsen kraftig dei siste åra som følgje av dei mange store humanitære krisene, og det vert lagt opp til ein endå større auke i den humanitære bistanden neste år. Ein stor del av innsatsen vår er øyremerkt flyktningkrisa i Syria og nabolanda, der samarbeidet med FN-organisasjonar er viktig. Noreg vil vere ein pådrivar for ein styrkt humanitær innsats i sårbare statar, i langvarige flyktningsituasjonar og når det gjeld førebygging og utdanning i krise- og konfliktområde.
Dei store humanitære behova har lagt eit stort press på humanitære ressursar, både i Noreg og internasjonalt. Den samla humanitære FN-appellen har aldri vore større, og halvvegs inn i 2015 er det store behov som enno ikkje er dekte. Både i omfang, tidslengd og kompleksitet har dei humanitære krisene aktualisert problemstillingar knytte til finansiering og til samspelet mellom humanitær bistand og langsiktig utvikling. Noreg støttar arbeidet til FNs generalsekretær sitt høgnivåpanel om humanitær finansiering, som har mandat til å identifisere måtar å minske avstanden mellom aukande humanitære behov og tilgjengelege ressursar, og til å fremje løysingar knytte til tidleg og føreseieleg finansiering og ein effektiv og meir fleksibel bruk av midlane. Noreg vil vere ein pådrivar for styrkt samhandling og koordinering mellom ulike FN-aktørar, Verdsbanken og andre utviklingsbankar, særleg der dei humanitære behova er størst. Noreg vil arbeide for å auke dei humanitære løyvingane til utdanning i krise- og konfliktområde til fire prosent internasjonalt. Det må bli eit felles mål at ein million fleire barn skal få gode utdanningstilbod i krise- og konfliktområde.
Noreg vil arbeide for å sikre at oppslutninga om dei humanitære prinsippa og respekten for internasjonal humanitærrett held fram. Vern av sivile, flyktningar, internt fordrivne og utsette grupper vil ha høgaste prioritet i arbeidet, og likeins i forhandlingane om den generelle humanitære resolusjonen i Generalforsamlinga. Likestilling vil bli fremja som eit gjennomgåande tema. Vi går inn for å verne skolar og utdanning i endå sterkare grad. Noreg vil arbeide for at medlemslanda i FN forpliktar seg til at militære styrkar og aktørar lèt vere å gå til åtak på skolar i konfliktsituasjonar, og slutter seg til Safe Schools-fråsegna.
I oppfølginga av Sendai-rammeverket for katastrofeførebygging vil Noreg arbeide for konkrete og effektive tiltak og støtte eigeninnsatsen til land som er råka, mellom anna gjennom å fremje eit sterkare samarbeid mellom humanitære aktørar og utviklingssida. I samband med dette vil det vere viktig å sikre at katastrofeførebygging og risikohandtering står sentralt i nasjonale utviklingsplanar.
Noreg vil støtte aktivt opp om førebuingane til det humanitære toppmøtet til FN i mai 2016, mellom anna gjennom tett dialog med FN-kontoret for koordinering av humanitær innsats (OCHA), det norske sivilsamfunnet og frivillige organisasjonar. Målsetjinga om eit meir effektivt og betre tilpassa humanitært system i lys av dei store humanitære behova vil krevje nytenking på fleire område, og at det humanitære system til FN får ein breiare krins av støttespelarar og samarbeidspartnarar, både blant medlemslanda i FN, nasjonale og regionale organisasjonar og den private sektoren. Noreg støttar opp om dette. Samstundes vil vi framleis prioritere humanitær innsats i konfliktsituasjonar, utdanning i krise- og konfliktområde og likestilling, og medverke i drøftingane om finansielle løysingar og fleire ressursar fram mot toppmøtet. Noreg skal vere ein støttespelar for OCHA, og samstundes halde fram med å fremje klare forventningar om ei effektiv humanitær koordinering.
Berekraftig utvikling og utviklingsaktivitetane til FN
I tråd med prioriteringane til regjeringa vil fattigdomsreduksjon, menneskerettar og berekraftig utvikling stå sentralt i arbeidet med å gjennomføre den nye utviklingsagendaen («2030-agendaen»).
Noreg vil arbeide for ein smidig overgang frå tusenårsmåla til den nye, universelle agendaen for berekraftig utvikling. Noreg vil halde fram med å rette internasjonal merksemd mot dei tusenårsmåla som enno ikkje er nådde.
Noreg vil aktivt peike på at alle land må ta ansvar for å prioritere si eiga utvikling for å nå dei universelle berekraftsmåla. Den norske innsatsen vil særleg vere konsentrert om å fremje utdanning, global helse, fredelege samfunn og godt styresett, rettane til kvinner og dessutan klima, naturressurs- og miljøforvalting og tilgang til berekraftig energi. Reduksjon av barnedødstal og fremjing av mødrehelse vil òg vere norske satsingsområde, og det same gjeld allmenn tilgang til helsetenester.
Noreg vil byggje vidare på sluttdokumentet frå den tredje internasjonale konferansen for finansiering for utvikling, Addis Ababa Action Agenda. Prioriterte innsatsområde vil vere å arbeide for auka mobilisering av ressursar til berekraftig utvikling frå eit breiare spekter av kjelder, effektivisering av Generalforsamlinga og Det økonomiske og sosiale rådet (ECOSOC) sitt arbeid med den nye utviklingsagendaen, og å medverke til at FNs høgnivåforum for berekraftig utvikling (HLPF) blir eit viktig instrument for å fremje berekraftig utvikling, på grunnlag av betre kunnskap.
Noreg er ein viktig bidragsytar til utviklingsaktivitetane til FN, og vil difor arbeide for at FN leverer og dokumenterer resultat av arbeidet sitt. Noreg skal framleis gje tydelege signal om forventningar og krav til utviklingsorganisasjonane til FN. Vi skal særleg arbeide for at utviklingssystemet til FN nyttar den nye utviklingsagendaen til å effektivisere og samordne innsatsen sin på ein betre måte.
Reform av FN
Noreg arbeider for eit moderne FN som kan vise til konkrete resultat. Dette krev reformer både ved hovudkvarteret og i felt. Difor vil Noreg engasjere seg i dei prosessane som har til føremål å styrkje og effektivisere organisasjonen, medrekna framlegget til reform av fredsoperasjonane til FN, reform på utviklingsområdet og humanitær reform.
Noreg vil halde fram innsatsen sin for at FN skal vere i stand til å opptre meir effektivt og samordna på landnivå («Eitt FN»). Dette inneber at rolla til dei lokale FN-koordinatorane må styrkjast. I sårbare statar inneber det òg at FN opptrer meir samordna på tvers av dei tre FN-pilarane fred og tryggleik, menneskerettar og utvikling/humanitært arbeid. Noreg vil bruke pågåande prosessar i ECOSOC til å få støtte for at kravet om slike reformer må nedfellast i neste rammeresolusjon om den operasjonelle verksemda til FN (som vert forhandla hausten 2016). I oppfølginga av 2030-agendaen skal Noreg arbeide for at utviklingssystemet til FN fokuserer på område der systemet har ein særleg føremon, og elles koordinerer innsatsen sin med Verdsbanken og andre multilaterale finansinstitusjonar, slik at dei samla resultata vert så gode som mogleg.
Dersom FN framleis skal vere relevant i verda i dag, må organisasjonen òg arbeide endå tettare med dei regionale organisasjonane, til dømes NATO, OSSE, EU, AU og ASEAN. Noreg vil arbeide for at FN skal medverke til å utvikle eit smidig og handlekraftig multilateralt system.
På grunn av krav om kutt i budsjettnivået frå store bidragsytarar er det regulære FN-budsjettet i dag under kraftig press. Noreg vil arbeide for at harde krav til innsparing ikkje må føre til at igangsette reformprosessar i utviklingssystemet til FN vert hemma, eller at einingar som får støtte over det regulære budsjettet, ikkje kan følgje opp berekraftsmåla i tråd med mandatet sitt. Vi vil arbeide for at ein større del av det regulære FN-budsjettet vert tilført menneskerettsarbeidet til FN, og vidare for ei styrkt og meir føreseieleg finansiering av konfliktløysing og førebygging og for arbeidet med sårbare statar.
Noreg vil arbeide for å motverke at medlemslanda detaljstyrer FN gjennom Generalforsamlinga. Dersom sekretariatet skal kunne oppfylle mandatet sitt på ein effektiv måte, må det ha tillit frå medlemslanda til å gjennomføre oppgåvene sine. Samstundes må sekretariatet vise seg tilliten verdig. Noreg skal jamleg vurdere ressursbruken til FN. Vi vil arbeide for at FN skal halde fram med å fremje tiltak mot økonomisk svik, sikre ein kultur med vekt på ansvar, styrkje innsatsen for tilsyn og kontroll og identifisere kor det er mogleg å spare og effektivisere utan at det går ut over kvaliteten på arbeidet.
Tverrgåande tema
Noreg skal arbeide for at kvinners rettar og likestilling vert inkludert på ein heilskapleg måte i arbeidet til FN. Eit menneskerettsperspektiv må leggjast til grunn for den norske innsatsen. Dei positive effektane av likestillinga skal framhevast, medrekna kvinnene sitt bidrag til fred, økonomisk vekst og berekraftig utvikling.
Noreg vil arbeide for at dei ambisiøse måla og tiltaka knytte til likestilling og rettane til kvinner i den nye agendaen for berekraftig utvikling, saman med forpliktingane i Beijing-fråsegna, vert gjennomførte.
Noreg vil arbeide systematisk, i alliansar med andre land, for å verne det som er oppnådd for kvinners rettar på det normative nivået, og motarbeide freistnader på å svekkje forpliktingar, særleg dei som er knytte til seksuell og reproduktiv helse og reproduktive rettar, arv og eigedom og i familien. Særlege satsingsområde vil vere utdanning for jenter, aksept for omgrepet seksuelle rettar og fremjing av kvinners politiske og økonomiske rettar og deltaking.
I samband med 15-årsmarkeringa av tryggingsrådsresolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik vil Noreg aktivt støtte opp om arbeidet for å sikre ei best mogleg gjennomføring av resolusjonen, og vil ha ein høg profil i form av sidearrangement og innlegg i den opne debatten i Tryggingsrådet. Tilsvarande vil Noreg aktivt følgje opp dei parallelle gjennomgangane når det gjeld høvesvis fredsbygging og kvinner, fred og tryggleik (tryggingsrådsresolusjon 1325), og medverke til at tiltaka vert sette i samanheng. Kjønnsperspektivet skal inkluderast på ein tverrgåande måte i freds- og tryggingsarbeidet. Vi vil arbeide for kvinners deltaking i fredsmekling, fredsprosessar og fredsoperasjonar. Noreg vil støtte arbeidet til Generalsekretæren med auka rekruttering av kvinner til leiarstillingar i FN-systemet.