Meld. St. 38 (2015–2016)

Noregs deltaking i den 70. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)

Til innhaldsliste

2 Noregs hovudinnlegg i generaldebatten under FNs 70. generalforsamling

President, eksellensar, damer og herrar

FN fyller 70 år i år. Under stiftingsmøtet i San Francisco, der FN-pakta vart utarbeidd, sa president Truman: « ….De som tek del i dette møtet, skal vere arkitektar for ei betre verd. Framtida vår kviler i dykkar hender.» Og han hadde rett.

FN-pakta har vore ei god rettesnor for menneskeslekta i 70 år, trass i mange utfordringar. Av viktige milepælar kan nemnast avkolonisering, innføring av universelle menneskerettar, tusenårsmål for utvikling og færre krigar statar imellom. Men når vi no feirar desse 70 åra, finst det dessverre krefter som er på frammarsj att i form av uro, diskriminering, vald og forstyrringar. Folkeretten, dei universelle normene og menneskerettane vert krenkte, både av statar og ikkje-statlege aktørar. Ei av følgjene er den omfattande flyktningkrisen vi no opplever, med 60 millionar menneske på flukt.

Alle statar nyt godt av ein global rettsorden der rett går føre makt. Ein av dei viktigaste reglane i den nye verdsordenen som vart skipa i 1945, er respekten for internasjonalt anerkjende grenser. Dette grunnleggjande prinsippet har vore utsett for openberre brot i Europa i dei siste par åra, og det europeiske tryggingspolitiske landskapet er vorte endra. Vi må tilbake til ein situasjon der alle statar står fast ved dei forpliktingane dei har teke på seg etter folkeretten.

President,

Dei fire mest alvorlege humanitære krisene i verda er eigentleg politiske kriser. Maktglade politikarar, væpna grupper og militære leiarar har ignorert den vanskelege situasjonen til folket i dei landa dette gjeld: Sør-Sudan, Jemen, Syria og Irak. Når dei statlege styresmaktene ignorerer rettsstaten eller lèt vere å etterleve menneskerettspliktene sine, fører det ofte til konflikt og kaos. Dei regionale og globale følgjene av desse krisene er omfattande.

I 2015 har FN gjennomført tre viktige gjennomgangar:

  • av fredsoperasjonar

  • av fredsbyggingsarkitekturen og

  • av tryggingsrådsresolusjon 1325

Desse gjennomgangane vil vere viktige verktøy for å betre arbeidet vårt for fred, tryggleik, menneskerettar, mekling og konfliktførebygging. Vi må syte for at FN har den finansieringa og den politiske støtta som skal til for å hindre politisk utestenging og dårleg styresett. Slik vil vi stå betre rusta til å hindre væpna konflikt – og dei humanitære krisene som følgjer av dette. Dei faste medlemmene av Tryggingsrådet har eit særleg ansvar. Frå norsk side oppmodar vi alle statar til å slutte seg dei framlagde åtferdsreglane som skal gje Tryggingsrådet handlekraft til å hindre massive overgrep.

Vi støttar det franske initiativet til å stanse bruken av veto i slike situasjonar. Vi kjem òg til å trappe opp innsatsen for å støtte FNs fredsbevarande styrkar og FNs konfliktførebyggjande evne.

Tilførsla av våpen til konfliktområde og mangelen på vern for sivile fører til endå meir menneskeleg liding. Avtalen om våpenhandel omfattar humanitære mål, og gjev oss eit viktig verktøy for å handtere desse problema. Generalsekretæren i FN har oppmoda partane i konfliktar til å avstå frå bruken av eksplosive våpen med stor rekkjevidd i område der det bur folk. Vi støttar oppmodinga hans.

På Oslo-konferansen om trygge skolar (Safe Schools) slutta vi oss til retningslinjene for vern av skolar og universitet mot åtak og bruk av militærmakt i konflikt (Guidelines for Protecting Schools and Universities from Military Use during Armed Conflict). 49 land har alt slutta seg til fråsegna om trygge skolar. Desse landa har forplikta seg til å verne utdanning mot bruk av militærmakt i konfliktsituasjonar. Vi oppmodar andre land til å gjere det same.

President,

Vi ser framgang i Irak, og vi har håp når det gjeld Sør-Sudan. Noreg har forplikta seg til å støtte overgangsordningane for å hjelpe Sør-Sudan ut av den sjølvdestruktive konflikten som landet er i. Krisa i Syria byrja med fredelege protestar med ønske om fridom. Protestane vart møtte med valdeleg motstand. Å fremje menneskerettane er ei av dei grunnleggjande pliktene til alle regjeringar. Flukta frå Syria i dag er ein direkte konsekvens av den valden som regjeringa har utløyst.

Konflikten i Syria har òg gjort det mogleg for ekstreme terrorgrupper som ISIL å få fotfeste. No ser vi at både regjeringa og ikkje-statlege grupper som ISIL og Al Nusra-fronten utfører grufulle overgrep. Utbreiinga av desse ekstreme gruppene må stansast.

Noreg vil halde fast ved dei globale normene som reaksjon på krisa. Vi tek imot flyktningar ved grensene våre i tråd med FNs flyktningkonvensjon av 1951 og dei internasjonale menneskerettsforpliktingane våre. Vi er vortne samde om å ta imot svært mange overføringsflyktningar på FN-kvotar frå nabolanda til Syria. Vi tek del i redningsinnsatsen i Middelhavet. Alt no har vi dobla den humanitære bistanden til Syria og regionen dette året, og vi kjem til å auke støtta ytterlegare. Vi skal vere vertskap for ein gjevarkonferanse i samarbeid med Tyskland og FN. Når leiarane ikkje lukkast med å ta det grunnleggjande ansvaret, må det internasjonale samfunnet fullt ut nytte seg av dei verktøya som FN har til rådvelde.

FN har innført mange globale standardar. For 15 år sidan vedtok FN resolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik. Dette var ein banebrytande resolusjon, men gjennomføringa av han har teke altfor lang tid. I fleire av dei krigsherja byane i Syria går kvinner saman i grupper for å oppmode til våpenkvile og evakuering. Dei utset seg for stor personleg fare ved å gjere dette. Motet deira bør inspirere oss. Vi må auke innsatsen for å gjennomføre tryggingsrådsresolusjonen om kvinner, fred og tryggleik.

President,

For 70 år sidan sette vi oss føre å utrydde ekstremisme. Kampen mot ekstremisme må halde fram, òg i våre eigne land. Ekstremismen viser seg på nytt, og kjem atter ein gong til uttrykk i ulike former og skapnader. Uro, diskriminering, vald og forstyrringar dominerer ideologiane til ISIL, Al Qaida og dei ulike gruppene som er knytte til desse.

Det er avgjerande med internasjonalt samarbeid på alle nivå. I juni var Noreg vertskap for den europeiske konferansen mot valdeleg ekstremisme, der det vart lansert eit europeisk ungdomsnettverk. FNs globale anti-terrorstrategi skal framleis vere ein hjørnestein i innsatsen vår. Vi helsar òg velkommen initiativet til Generalsekretæren om å utarbeide ein ny FN-handlingsplan. I tillegg vil eg gjerne framheve kor viktig det er at jenter og kvinner vert tekne med i planlegginga og gjennomføringa av innsatsen for å få slutt på valdeleg ekstremisme.

President,

Handlingsplanen for berekraftig utvikling, som nyleg vart vedteken, er eit anna døme på den viktige rolla som FN heile tida spelar. Vi veit at helse og utdanning er særs viktig for inkluderande vekst og arbeidsplassar.

Ebola var ein vekkjar for oss alle. Utdanning er òg særs viktig for å løyse konfliktar og atterreise samfunn. Vi må likevel gjere noko med det store finansieringsbehovet på utdanningsområdet. Eit første steg i ei slik retning er Den internasjonale kommisjonen for finansiering av global utdanning. Kommisjonen vart kunngjord under toppmøtet om utdanning for utvikling, som nyleg vart halde i Oslo. Noreg kjem til å doble investeringa si i utdanning i perioden 2014–2017.

Berekraftig utvikling vil ikkje vere mogleg utan at menneskerettane vert respekterte. Difor er det avgjerande for FN å ha ei sterk og bestemt menneskerettssøyle. Om vi ikkje skaffar tilstrekkeleg med finansiering til innsatsen for menneskerettane, vert det ikkje mogleg å oppnå dei resultata som vi ønskjer og treng.

FN bør ikkje sjåast på som ei kostbar ekstrautgift, for organisasjonen tilbyr vinn-vinn-løysingar for alle medlemsstatane. Eg vil gjerne rette merksemda mot to område der dette er særleg tydeleg:

  • FNs havrettskonvensjon har vorte omtala som «havets grunnlov». Konvensjonen gjev eit klart rammeverk for all verksemd i havområda. Han regulerer rettane og pliktene til dei ulike statspartane, og bør nyttast til fulle for å redusere spenningar, hindre konflikt og oppnå fredelege løysingar.

  • Klimaendringane er eit faktum. Klimatoppmøtet i Paris seinare i år er den sjansen vi har til å samle oss om ansvaret og handle. Vi, medlemsstatane, må gripe denne sjansen av omsyn til framtida vår som nasjonar og som eit globalt samfunn.

President,

Vi kan bli den generasjonen som klarar å utrydde ekstrem fattigdom. Vi kan bli den generasjonen som hindrar politiske kriser i å verte humanitære kriser. Alt no er vi den første generasjonen som opplever menneskeskapte klimaendringar. Lat oss òg bli den generasjonen som stansar klimaendringane. Lat oss bli den generasjonen som ein gong for alle kan verkeleggjere retten til utdanning for alle.

Med FN-pakta som utgangspunkt må vi tilpasse dei globale normene våre for å møte nye utfordringar. Kreftene bak uro, diskriminering, vald og forstyrringar må stansast. FN er den sentrale arenaen for å utarbeide felles tiltak for å stå imot felles trugsmål. Vi må bruke denne arenaen fullt ut dersom vi skal klare å møte dei trugsmåla vi står overfor i dag.

Frå klimaendringar til terrorisme. Vi kan syte for at FN framleis skal tene menneskeslekta godt i dei neste 70 åra. Medlemsstatane i FN kan framleis vere «arkitektar for ei betre verd», slik Truman sa det.

Takk, president.