2 Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Nedanfor er ein oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2022-2023, og dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i lnnst. 186 S (2022–2023) mente ikkje var kvittert ut. Tabellen nedanfor visar også om departementet reknar med at rapporteringa om oppmodningsvedtaket no er avslutta eller om departementet vil rapportere konkret om vedtaket også i budsjettproposisjonen neste år.
Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
Sesjon | Vedtak nr. | Stikkord | Rapportering avsluttes (Ja/Nei) |
---|---|---|---|
2022 – 2023 | 37 | Endringar i folketrygdlova mv. (synleggjering av folkerettslege forpliktingar til trygdekoordinering) | Nei |
2022 – 2023 | 59 | Representantforslag om å betre ME-sjuke sine trygderettar | Ja |
2022 – 2023 | 60 | Representantforslag om å betre ME-sjuke sine trygderettar | Ja |
2022 – 2023 | 61 | Oppheve Arbeidstilsynet sin øvre gebyrgrense | Nei |
2022 – 2023 | 63 | Eit meir tilgjengeleg Nav | Ja |
2022 – 2023 | 344 | Utbetaling av eingongsbeløp til mottakarar av minstesats på uføretrygd | Ja |
2022 – 2023 | 491 | Representantforslag om meir fridom til å jobbe der du vil | Nei |
2022 – 2023 | 493 | Endringar i arbeidsmiljølova mv. (arbeidstakaromgrepet og arbeidsgivaransvar i konsern) | Nei |
2022 – 2023 | 530 | Representantforslag om ein tillitsreform i Arbeidstilsynet | Nei |
2022 – 2023 | 531 | Representantforslag om ein tillitsreform i Arbeidstilsynet | Nei |
2022 – 2023 | 532 | Representantforslag om ein tillitsreform i Arbeidstilsynet | Nei |
2022 – 2023 | 533 | Representantforslag om å hindre urimeleg tilbakebetaling for uføre som får seg jobb | Nei |
2022 – 2023 | 580 | Betre og raskare integrering i hele landet | Ja |
2022 – 2023 | 604 | Menneskerettar for personar med utviklingshemming – regelendringar for å gi personar med utviklingshemming i VTA-O varig oppfølging | Nei |
2022 – 2023 | 605 | Menneskerettar for personar med utviklingshemming – plan for fleire VTA-plasser | Ja |
2022 – 2023 | 627 | Endringar i folketrygdlova (tilgang til å sjukmelde etter e-konsultasjon) | Nei |
2022 – 2023 | 727 | Representantforslag om å styrke a-krimsentera | Nei |
2022 – 2023 | 728 | Representantforslag om å styrke a-krimsentera | Nei |
2022 – 2023 | 730 | Representantforslag om å styrke a-krimsentera | Nei |
2022 – 2023 | 937 | Vurdering av omlegging av fribeløpet i uføretrygda | Nei |
2021 – 2022 | 35, punkt 55 | Varig ordning for ferietillegg for dagpengar | Ja |
2021 – 2022 | 409 | Utvikle betre modeller for oppfølging i VTA-O kor også andre kan vere ansvarleg for oppfølging | Ja |
2021 – 2022 | 456 | Utgreie om sjølvstendige næringsdrivande og frilansarar skal opparbeide seg sterkare rettar til inntektssikring | Nei |
2021 – 2022 | 794 | Tilgjengelegheit og kvalitet i økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving | Nei |
2021 – 2022 | 813 | Berekning av uføretrygd når inntektsevna tidlegare har vore nedsett pga. delvis uførleik utan at inngangsvilkåret for uføreytingar i folketrygda har vore oppfylt. | Nei |
2021 – 2022 | 814 | Lovendringar for å styrke tilsette sitt vern mot natt- og alenearbeid | Nei |
2020 – 2021 | 238 | Lovendringar for å redusere kravet til innbetaling av premie frå det tidspunktet den enkelte har kompensert for levealdersjusteringa | Nei |
2020 – 2021 | 239 | Styrke arbeidslinja for offentleg tilsette født i årene 1944 – 1962 | Nei |
2020 – 2021 | 530 | Rapportering om barn etterlate i utlandet | Nei |
2020 – 2021 | 615 | Pensjonsutvalets vurdering | Nei |
2020 – 2021 | 686 | Studentar i utlandet kan ha deltidsjobb utan å miste medlemskap i folketrygda | Nei |
2020 – 2021 | 770 | Endringar i arbeidsmiljølova for yrkesdykking og losing, føresegn og rettar om sjukepengar | Ja |
2020 – 2021 | 771 | Endringar i arbeidsmiljølova for yrkesdykking og losing, kapteinen sitt ansvarsforhold, føresegn om arbeids- og kviletid | Ja |
2020 – 2021 | 772 | Endringar i arbeidsmiljøloven for yrkesdykking og losing, krav til arbeids- og kviletid | Ja |
2020 – 2021 | 911 | Forenkling av yrkesskadereglene | Nei |
2020 – 2021 | 930 | NAV-ombod | Nei |
2020 – 2021 | 1149 | Endringar i arbeidsmiljølova, tilfeldig uttrekk av meddommarar frå kvar av dei særskilt arbeidslivskyndige utvala | Nei |
2020 – 2021 | 1200 | Avkorting i uføretrygd for fosterforeldre | Nei |
2020 – 2021 | 1219 | Reduksjon av ytingar under opphald i institusjon, likebehandling av pasientgrupper | Ja |
2020 – 2021 | 1342 | Evaluering av brillestøtteordninga | Nei |
2019 – 2020 | 626 | Juridisk og økonomisk medansvar for transportkjøparar/transporttingarar | Nei |
2019 – 2020 | 627 | Rettshevdinga til å stanse køyretøy | Nei |
2019 – 2020 | 658 | Omsorgspengar til foreldre som må vere borte fra arbeidet deler av dagen | Ja |
2017 – 2018 | 42 | Særaldergrensen for tilsette i staten | Nei |
2017 – 2018 | 321 | Overgangsordning for fosterforeldre | Nei |
2.1 Stortingssesjon 2022–2023
Endringar i folketrygdlova mv. (synleggjering av folkerettslege forpliktingar til trygdekoordinering)
Vedtak 37, 26. oktober 2022
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en avklaring av forholdet mellom folketrygdlovens bestemmelser og EØS-retten.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 71 L (2021–2022), Innst. 33 L (2022–2023), Lovvedtak 2.
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Representantforslag om å betre ME-sjuke sine trygderettar
Vedtak 59, 24. november 2022
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå regelverk og praksis for å sikre at man ivaretar CFS/ME-sykes rett til likebehandling med tanke på krav om hensiktsmessig behandling ved søknad om uføretrygd.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:271 S (2021–2022), Innst. 52 S (2022–2023).
I oppfølging av oppmodingsvedtaket har departementet i samråd med Arbeids- og velferdsdirektoratet gjennomgått regelverk og praksis knytt til behandling av krav om uføretrygd for personar med CFS/ME. Verken Arbeids- og velferdsdirektoratet eller Arbeids- og inkluderingsdepartement finn det formålstenleg å foreslå endringar i folketrygdlova eller forskrifter. Tidlegare har det vore ei eiga omtale av CFS/ME i rundskrivet. Dette kan ha skapt inntrykk av at det skjer ei anna og strengare behandling av denne gruppa, sjølv om dette ikkje har vore formålet med omtala i rundskrivet. Arbeids- og velferdsdirektoratet har derfor valt å fjerne den tidlegare omtala i rundskrivet. Direktoratet vil også gjennomføre eit par andre tiltak. Sjå nærmare omtale av oppfølging av oppmodingsvedtaket under del II, kap. 2655 Uførhet.
Departementet legg til grunn at endringa av rundskrivet mv. vil legge til rette for likebehandling av krav om uføretrygd mellom personar med CFS/ME og personar med andre diagnosar.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Representantforslag om å betre ME-sjuke sine trygderettar
Vedtak 60, 24. november 2022
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå regelverk og praksis for å sikre at CFS/ME-syke under avklaring ikke blir underlagt krav om behandling som er utilgjengelig, eller som de får avslag på i det offentlige helsevesenet.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:271 S (2021–2022), Innst. 52 S (2022–2023).
Departementet viser til omtalen under oppmodingsvedtak nr. 59, 24. november 2022, og direktoratet sin gjennomgang av regelverk og praksis for krav om uføretrygd frå personar med CFS/ME. Sjå også nærmare omtale av oppfølging av oppmodingsvedtaket under del II, kap. 2655 Uførhet.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Oppheve Arbeidstilsynet sin øvre gebyrgrense
Vedtak 61, 24. november 2022
«Stortinget ber regjeringen betydelig heve den øvre grensen for ileggelse av overtredelsesgebyr samt sørge for at arbeidslivskriminalitet av grov karakter skal rutinemessig politianmeldes.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:278 S (2021–2022), Innst. 51 S (2022–2023).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet tar sikte på å sende eit forslag om Arbeidstilsynet si øvre gebyrgrense på høyring i løpet av kort tid.
Eit meir tilgjengeleg Nav
Vedtak 63, 29. november 2022
«Stortinget ber regjeringen sørge for at alle landets Nav-kontor har en åpningstid og tilgjengelighet som sikrer brukere som ikke kan eller ikke er komfortable med å benytte seg av digitale og selvbetjente løsninger.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:1 S (2022–2023), Innst. 62 S (2022–2023).
Dette er følgt opp i styringsdialogen med Arbeids- og velferdsdirektoratet. I tildelingsbrevet for 2023 er det presisert at arbeids- og velferdsforvaltninga skal vere tilgjengeleg digitalt, på telefon eller ved personleg frammøte. Arbeids- og velferdsdirektoratet skal legge til rette for at alle NAV-kontora har ei opningstid som sikrar god tilgjengelegheit til brukarane som ikkje kan eller ikkje er komfortable med å nytte seg av digitale og sjølvbetente løysingar.
Sosialtenestelova er samfunnets siste sikkerheitsnett. Den skal ivareta menneska i ein vanskeleg livssituasjon. Det kan handle om behov for råd og rettleiing, stønad til livsopphold og mellombels bustad.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har i dialogen med fylkeskontora understreka at opningstider og tilgjengelegheit på NAV-kontora må ivareta alle brukarane sine behov. Dette er spørsmål som blir tatt opp i partnarskapsmøta med kommunane.
Den enkelte kommune og det enkelte NAV-kontor må avgjere korleis dei innafor ramma av sosialtenestelova sitt krav til forsvarlege tenester kan ivareta opningstider og tilgjengelegheit. Vurderingane skal legge vekt på at alle med akutt behov for sosialhjelp raskt skal få kontakt og hjelp frå sitt NAV-kontor, utan avtale på førehand.
Arbeids- og velferdsdirektoratet oppmoda i kommunebrevet alle kommunar som ikkje allereie har det, om å opprette ein bemanna vakttelefon for dei sosiale tenestene.
Arbeids- og velferdsdirektoratet opplyser at meir enn 90 pst. av NAV-kontora no har ein vakttelefon for sosiale tenester som er tilgjengeleg for NAV Kontaktsenter (NKS). Enkelte av kontora som ikkje no har ein slik vakttelefon, kan ha ei anna løysing. Det kan for eksempel vere at det er lagt ut direktenummer til saksbehandlar eller leiar på kommunens nettsider.
Forutsetningane om at arbeids- og velferdsforvaltninga skal ha god tilgjengelegheit vil bli følgt opp som ein del av den ordinære styringsdialogen.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Utbetaling av eingongsbeløp til mottakarar av minstesats på uføretrygd
Vedtak 344, 19. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen sørge for utbetaling av et engangsbeløp på 3 000 kroner så raskt som mulig for alle som mottar en minstesats for uføretrygd i januar 2023. Utbetalingen skal ikke være skattepliktig, pensjonsgivende, oppgavepliktig eller trekkpliktig.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 1 S (2022–2023), Innst. 15 S (2022–2023).
Arbeids- og inkluderingsdepartementet fastsette 31. januar 2023 med verknad frå 1. januar 2023 ei forskrift om utbetaling av eit eingongsbeløp på 3 000 kroner (jamfør forskrift 31. januar 2023 nr. 132 om utbetaling av eit eingongsbeløp til uføretrygda). Beløpet blei utbetalt i februar 2023 til mottakarar som i januar 2023 hadde rett til uføretrygd etter ein av dei fem minstesatsane for minste årleg yting som er nemnt i folketrygdlova. Alle mottakarane fekk 3 000 kroner kvar, uavhengig av uføregrad, utbetalingsgrad og trygdetid. Det gjekk også fram av forskrifta, som no er oppheva, at beløpet verken var skattepliktig, pensjonsgivande, oppgåvepliktig eller trekkpliktig.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Representantforslag om meir fridom til å jobbe der du vil
Vedtak 491, 21. februar 2023
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget, på et egnet tidspunkt, med en oppsummering av kunnskapsinnhentingen og om utviklingstrekk for hjemmekontor og stedsuavhengige arbeidsplasser i arbeidslivet samt en vurdering av behovet for ytterligere tiltak i lys av dette.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:34 S (2022–2023), Innst. 188 S (2022–2023).
Departementet har gjennomført en større kartlegging av omfang, utviklingstrekk og konsekvensar ved bruk av heimekontor og annet fjernarbeid. Kartlegginga har vore avgrensa til ei tid kor heimekontor i stor grad har vore pålagt, og den følges derfor videre opp i perioden 2021-2026.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Endringar i arbeidsmiljølova mv. (arbeidstakaromgrepet og arbeidsgivaransvar i konsern)
Vedtak 493, 21. februar 2023
«Stortinget ber regjeringen snarest mulig utrede et lovforslag om å gi Arbeidstilsynet påleggskompetanse med hensyn til arbeidstakerbegrepet definert i § 1-8 og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 14 L (2022–2023), Innst. 181 L (2022–2023), Lovvedtak 41 (2022–2023).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet har satt i gang eit utredningsarbeid for å gjennomgå Arbeidstilsynet sitt verkemiddelapparat i breitt. Oppmodingsvedtak 493, 530, 531 og 532 inngår i utredningsarbeidet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Representantforslag om ein tillitsreform i Arbeidstilsynet
Vedtak 530, 14. mars 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede forslag om en hjemmel for å ta beslag i relevante dokumenter som firmaer ikke vil vise frem under Arbeidstilsynets kontroller, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:70 S (2022 -2023), Innst. 196 S (2022–2023).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet har satt i gang eit utredningsarbeid for å gjennomgå Arbeidstilsynet sitt verkemiddelapparat i breitt. Oppmodingsvedtak 493, 530, 531 og 532 inngår i utredningsarbeidet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Representantforslag om ein tillitsreform i Arbeidstilsynet
Vedtak 531, 14. mars 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede forslag som sikrer Arbeidstilsynet adgang til å hente informasjon fra flere aktører, en såkalt tredjepart, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:70 S (2022 -2023), Innst. 196 S (2022–2023).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet har satt i gang eit utredningsarbeid for å gjennomgå Arbeidstilsynet sitt verkemiddelapparat i breitt. Oppmodingsvedtak 493, 530, 531 og 532 inngår i utredningsarbeidet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Representantforslag om ein tillitsreform i Arbeidstilsynet
Vedtak 532, 14. mars 2023
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå og vurdere Arbeidstilsynets hjemler for tilsyn, informasjonstilgang og sanksjonsmuligheter etter arbeidsmiljøloven.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:70 S (2022 -2023), Innst. 196 S (2022–2023).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet har satt i gang eit utredningsarbeid for å gjennomgå Arbeidstilsynet sitt verkemiddelapparat i breitt. Oppmodingsvedtak 493, 530, 531 og 532 inngår i utredningsarbeidet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Representantforslag om å hindre urimeleg tilbakebetaling for uføre som får seg jobb
Vedtak 533, 14. mars 2023
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag som sikrer at uføre som kommer i arbeid, ikke skal få urimelige tilbakebetalingskrav for allerede utbetalt uføretrygd. Endringen må ikke innebære at dagens fribeløp svekkes eller fjernes.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:76 S (2022 -2023), Innst. 195 S (2022–2023).
Personar som mottar uføretrygd kan årleg tene inntil 0,4 gonger grunnbeløpet (G) utan at uføretrygda blir redusert. Delvis uføre kan i tillegg utnytte den delen av inntektsevna som ikkje har falt bort på grunn av uførleiken, og som ligg til grunn for den fastsette uføregraden. Høgare inntekt enn dette gjer at ytinga blir redusert høvesvis. Uføretrygda fell heilt vekk om inntekta blir høgare enn 80 pst. av den inntekta ein hadde rett før uførleiken. For mykje eller for lite utbetalt uføretrygd blir korrigert det følgjande året i form av eit etteroppgjer.
Som utgangspunkt skal uføretrygda for heile året krevast tilbake i etteroppgjeret om den årlege inntekta overstig 80 pst. av tidlegare inntekt. Arbeids- og velferdsetaten kan likevel la vere å gjere krav på tidlegare utbetalt uføretrygd som mottakaren hadde rett på, om overskridinga er på grunn av eit forsøk på å komme seg tilbake i arbeid. Departementet gjennomgår no reglane og tar sikte på å sende eit framlegg om endring av forskrifta på høyring i løpet av året. Sjå nærmare omtale av oppfølging av oppmodingsvedtaket under del II, punkt 6.6 Inntektssikringsordninger som gir økonomisk trygghet og samtidig stimulerer til arbeid.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Betre og raskare integrering i hele landet
Vedtak 580, 30. mars 2023
«Stortinget ber regjeringen arbeide for at bosetting i kommunene skjer raskt, slik at den enkelte flyktning tilbringer kortere tid på mottak.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:84 S (2022–2023), Innst. 250 S (2022–2023)
Etter Russlands fullskala invasjon av Ukraina i februar, har svært mange flyktningar komme til Noreg. Framleis er det mange som kjem hit frå Ukraina, og frå andre deler av verda. Utlendingsmyndigheitene og kommunane legg ned eit stort arbeid for å busette flest mogleg raskast mogleg. Så langt har ventetida i mottak vore kort. Busettinga var særleg rask i 2022, og skjer framleis i eit høgt tempo. For busette flyktningar i 2023 er gjennomsnittleg ventetid frå vedtak om opphald til busetting på 2,6 månader per utgangen av august. Dette er klart lågare enn gjennomsnittet dei siste ti åra. Regjeringa har styrka kapasiteten i alle ledd, forenkla ordningar og foreslått tilpassingar i regelverk og tilskotsordningar til busettingskommunar. Ein føresetnad for rask busetting er kommunane si vilje og evne til å busette alle dei det gjeld. Når så mange skal busettast på så kort tid, kan kapasitetsutfordringar i kommunane over tid føre til at det blir vanskelegare å busette. Da kan ventetid i mottak auke. Regjeringa følgjer utviklinga og er klar til å handle raskt ved behov. Regjeringa arbeider med ei melding til Stortinget om integreringspolitikken. I meldinga vil vi komme tilbake til Stortinget med ei drøfting av arbeidet for at busettinga skjer raskt, samtidig som den skjer treffsikkert, styrt og spreidd. Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Menneskerettar for personar med utviklingshemming – regelendringar for å gi personar med utviklingshemming i VTA-O varig oppfølging
Vedtak 604, 18. april 2023
«Stortinget ber regjeringen sørge for nødvendige regelendringer for å gi personer med utviklingshemming i VTA-O varig oppfølging, uavhengig av hvilket fylke man bor i, og med et omfang tilsvarende det som praktiseres i HELT MED. Oppfølgingen må kunne gis også av andre enn Nav, eksempelvis HELT MED eller vekst- og attføringsbedriftene, gjerne ved at dagens tilskudd erstattes med varig oppfølging av både arbeidstaker og arbeidsgiver. Regjeringen bes komme tilbake med sin oppfølging i forbindelse med statsbudsjettet for 2024.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 8 (2022–2023), Innst. 246 S (2022–2023).
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har starta arbeidet med å gjere nødvendige endringar i forskrift om arbeidsmarknadstiltak for å opne for å kombinere varig tilrettelagt arbeid i ordinær verksemd med oppfølging. Arbeid- og inkluderingsdepartementet planlegg å sende forslag om nye reglar på høyring tidleg i 2024. Departementet tar sikte på at den nye ordninga blir iverksett i 2025. I Prop. 1 S (2022–2023) varsla regjeringa at Arbeids- og velferdsetaten ville starte eit forsøk med forsterka oppfølging i VTA i ordinære verksemder. Arbeids- og inkluderingsdepartementet tolkar oppmodingsvedtak 604 som at Stortinget ber regjeringa starte arbeidet med nødvendige regelendringar utan å vente på resultata av eit forsøk. Arbeids- og inkluderingsdepartementet vurderer det likevel som føremålstenleg å starte eit pilotprosjekt i nokre fylke parallelt med regelverksarbeidet. Føremålet med pilotprosjektet vil vere å samle erfaringar som skal hjelpe Arbeids- og velferdsdirektoratet å førebu implementeringa av ei ny ordning.
Sjå nærmare omtale av VTA under kap. 634, post 77.
Menneskerettar for personar med utviklingshemming – plan for fleire VTA-plassar
Vedtak 605, 18. april 2023
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake i forbindelse med statsbudsjettet for 2024 med en langsiktig og forpliktende plan for hvordan en skal sikre et betydelig løft for flere VTA-plasser.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 8 (2022–2023), Innst. 246 S (2022–2023).
Regjeringa vil styrke VTA med om lag 2 000 nye plassar innan utgangen av 2027. For 2024 foreslås det ei opptrapping på 500 plassar. Det vil vere behov for plassar både i førehandsgodkjente og i ordinære verksemder, noko Arbeids- og velferdsetaten vil vurdere ut frå lokale tilhøve og behova til søkarane.
Behovet for auka ressursramme til 2 000 fleire VTA-plassar er med satsar for 2024 om lag 360 mill. kroner. Det er lagt til grunn at 40 pst. av dei nye plassane blir lagt til ordinær verksemd. Regjeringa vil komme tilbake til løyvinga for enkeltår i dei årlege budsjettproposisjonane.
Sjå nærmare omtale av VTA under kap. 634, post 77.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Endringar i folketrygdlova (tilgang til å sjukmelde etter e-konsultasjon)
Vedtak 627, 27. april 2023
«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en evaluering av ordningen med sykmelding basert på elektronisk konsultasjon, senest innen fire år.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 42 L (2022–2023), Innst. 283 L (2022–2023), Lovvedtak 51 (2022–2023).
Arbeids- og inkluderingsdepartementet signerte juni 2023 avtale med Nasjonalt Senter for E-helseforskning om evaluering av sjukmelding etter e-konsultasjon. Formålet er å evaluere erfaringar og effektar av lovendringa. Forskarane vil undersøke kva erfaringar og haldningar legane og pasientane har med sjukmelding over e-konsultasjonar, kva som kjenneteiknar sjukmeldingane og kva betydning innføringa har for sjukefråværet. Prosjektperioden for oppdraget er 2023–2026.
Departementet vil komme tilbake til Stortinget med informasjon om funna frå evalueringa på eigna måte.
Representantforslag om å styrke a-krimsentera
Vedtak 727, 1. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sørge for at a-krimsentrene prioriterer operative kontroller, sanksjonering og etterforskning, samt at kunnskapsinnhentingen innrettes for å understøtte dette.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:198 S (2022–2023), Innst. 388 S (2022–2023)
Departementa har gjeve Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, politiet og Skatteetaten eit oppdrag knytt til vidareutvikling av a-krimsamarbeidet. Etatane skal gje tilbakemelding i samband med den årlege rapporten for 2023.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Representantforslag om å styrke a-krimsentera
Vedtak 728, 1. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sørge for at man i a-krimsamarbeidet prioriterer bruk av arrest og utlegg fra kriminelle aktører.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:198 S (2022–2023), Innst. 388 S (2022–2023)
Departementa har gjeve Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, politiet og Skatteetaten eit oppdrag knytt til vidareutvikling av a-krimsamarbeidet. Etatane skal gje tilbakemelding i samband med den årlege rapporten for 2023.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Representantforslag om å styrke a-krimsentera
Vedtak 730, 1. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sørge for at a-krimsentrene har en plan for samarbeidet med ikke-statlige aktører som er tett på ofrene for arbeidslivskriminalitet, samt at det etableres et kontaktpunkt / en tipsløsning.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:198 S (2022–2023), Innst. 388 S (2022–2023)
Departementa har gjeve Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, politiet og Skatteetaten eit oppdrag knytt til vidareutvikling av a-krimsamarbeidet. Etatane skal gje tilbakemelding i samband med den årlege rapporten for 2023.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Vurdering av omlegging av fribeløpet i uføretrygda
Vedtak 937, 16. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2024 komme tilbake med en vurdering av en omlegging av fribeløpet i uføretrygden, herunder en vurdering av en økning av fribeløpet inntil 1 G og andre endringer med mål om at uføre med restarbeidsevne i større grad enn med dagens regelverk kan kombinere arbeidsinntekt med uføretrygd.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 2 (2022–2023, Innst. 490 S (2022–2023).
Ettersom det er ulike omsyn som trekker i ulike retningar, ser departementet at det er behov for å samle inn kunnskap om ulike modellar for endringar i fribeløpet for å kunne svare ut oppmodingsvedtaket frå Stortinget.
Departementet tar derfor sikte på å lyse ut ei ekstern utgreiing innan kort tid, for å få eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag i høve med vurderinga av omlegging av fribeløpet.
På bakgrunn av dette foreslår departementet at oppmodingsvedtaket blir følgt opp ved ei vurdering av ei omlegging av fribeløpet i samband med statsbudsjettet for 2025. Sjå nærmare omtale i del II, punkt 6.6 Inntektssikringsordninger som gir økonomisk trygghet og samtidig stimulerer til arbeid.
2.2 Stortingssesjon 2021–2022
Varig ordning for ferietillegg for dagpengar
Vedtak 35, punkt 55 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag til varig ordning for ferietillegg for dagpenger med opptjening i 2022.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 1 (2021–2022), Innst. 2 S (2021–2022).
For å bidra til å styrke inntektssikringa ved ferie foreslo regjeringa å innføre eit ferietillegg til dagpengar i 2023. Dagpengemottakarar som hadde mottatt dagpengar i meir enn åtte veker i 2022, fekk utbetalt 9,5 pst. av utbetalte dagpengar som ferietillegg i 2023. I Prop. 1 S (2022–2023) varsla regjeringa at ho ville sjå nærmare på moglegheitene for å innføre ei ordning med ferietillegg til dagpengar frå 2024 som ligg nærmare ordninga med feriepengar for arbeidstakarar. I forbindelse med arbeidet med statsbudsjettet for 2024 har det derfor blitt utgreidd ei ordning med ferietillegg til dagpengar der dagpengane blir stansa i juli, men med moglegheit for søknadsbasert unntak for dei som ikkje har tilstrekkeleg opptente feriepengar. Regjeringa har vurdert at ei slik ordning ikkje vil vere mogleg å gjennomføre i praksis, og foreslår derfor å vidareføre den ordninga som blei innført for 2023.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Utvikle betre modeller for oppfølging i VTA-O kor også andre kan vere ansvarleg for oppfølging
Vedtak 409, 3. mars 2022
«Stortinget ber regjeringen sørge for at det utvikles bedre modeller for oppfølging i VTA-O, hvor også andre aktører enn Nav – eksempelvis HELT MED – kan være ansvarlig for oppfølging, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte, senest innen statsbudsjettet for 2023. Tilrettelagt oppfølging for personer med utviklingshemming i ordinært arbeidsliv må være av varig karakter og ha et omfang tilsvarende det som praktiseres i HELT MED-modellen.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:45 S (2021–2022), Innst. 160 S (2021–2022).
I Prop. 1 S (2022–2023) varsla regjeringa at oppmodningsvedtak 409 skulle bli følgt opp gjennom eit forsøk med forsterka oppfølging i VTA i ordinære verksemder. Stortinget avslo utkvittering gjennom eit forsøk, og vedtok eit nytt oppmodingsvedtak om den same saka (oppmodingsvedtak 604, 18. april 2023). Arbeids- og inkluderingsdepartementet tolkar oppmodingsvedtak 604 som at Stortinget ber regjeringa starte arbeidet med nødvendige regelendringar utan å vente på resultata av eit forsøk. Sjå omtale under vedtak 604 av 18. april 2023. Vedtak 409 følges vidare opp gjennom dette vedtaket.
Utgreie om sjølvstendige næringsdrivande og frilansarar skal opparbeide seg sterkare rettar til inntektssikring
Vedtak 456, 31. mars 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede om selvstendig næringsdrivende og frilansere skal opparbeide seg sterkere rettigheter til inntektssikring, inkludert forbedring av sykelønnsordningen og sosiale ordninger for selvstendig næringsdrivende.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:92 S (2021–2022), Innst. 215 S (2021–2022).
Regjeringa arbeidar med å vurdere utvalde problemstillingar knytt til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar sine sosiale rettar. Sjå nærmare omtale av det planlagde oppfølgingsarbeidet i del II, punkt 6.6 Inntektssikringsordninger som gir økonomisk trygghet og samtidig stimulerer til arbeid. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget i samanheng med Prop. 1 S for 2025.
Tilgjengelegheit og kvalitet i økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving
Vedtak 794, 15. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en rapport om dekningsgrad for gjeldsrådgivere, ventetiden for å få time hos en gjeldsrådgiver og hvilken kompetanse gjeldsrådgiverne har.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:200 S (2021–2022), Innst. 373 S (2021- 2022).
Det finst ikkje nyare undersøkingar om tilgang på og kvalitet i økonomisk rådgiving i NAV-kontora. På oppdrag av Arbeids- og inkluderingsdepartementet har Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2023 satt ut eit eksternt FoU-oppdrag for å få oppdatert kunnskap om tilgang på og kvalitet i tenesta. Økonomisk rådgiving vil òg vere tema for landsomfattande tilsyn med sosiale tenester i NAV for 2024–2025.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget når ny kunnskap frå FoU-oppdraget ligg føre.
Berekning av uføretrygd når inntektsevna tidlegare har vore nedsett pga. delvis uførleik utan at inngangsvilkåret for uføreytingar i folketrygda har vore oppfylt
Vedtak 813, 16. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av problemstillingen om at arbeidsfolk som blir syke, men som ønsker å fortsette i inntektsbringende arbeid utover 50 pst., får lavere uføretrygd dersom de på et seinere tidspunkt må søke uføretrygd fordi arbeidskapasiteten blir ytterligere redusert, og komme tilbake på egnet måte til Stortinget.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:189 S (2021–2022), Innst. 424 S (2021–2022).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Lovendringar for å styrke tilsette sitt vern mot natt- og alenearbeid
Vedtak 814, 16. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen sette ned et utvalg som skal utrede og legge frem forslag til lovendringer for å styrke ansattes vern mot natt- og alenearbeid. Særlig må det sikres at ansatte i varehandelen er tilstrekkelig beskyttet av arbeidsmiljølovens bestemmelser om kvelds-, helge- og nattarbeid. Partene må være representert i utvalget.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:208 S (2021–2022), Innst. 362 S (2021–2022).
Det blei nedsett eit departementsvalt utval i mars 2023, der partane er representerte. Utvalet skal blant anna kartlegge omfanget av og innhaldet i nattarbeid, aleinearbeid og helgearbeid i varehandelen og tilknytt verksemd. På bakgrunn av dette kunnskapsgrunnlaget vil utvalet vurdere behovet for endringar i regelverk eller andre tiltak, og legge fram forslag for å vareta omsynet til vernet til arbeidstakarane ved kvelds-, helge- og nattarbeid. Utvalet skal legge fram forslaga sine i ein rapport til Arbeids- og inkluderingsdepartementet innan 1. juni 2024 som deretter vil bli følgd opp på eigna vis.
2.3 Stortingssesjon 2020–2021
Lovendringar for å redusere kravet til innbetaling av premie frå det tidspunktet den enkelte har kompensert for levealdersjusteringa
Vedtak 238, 11. desember 2020
«Stortinget ber regjeringen utrede lovendringer for å redusere kravet til innbetaling av premie fra medlemmer i SPK, kommunale pensjonskasser og andre offentlige brutto tjenestepensjonsordninger fra det tidspunktet den enkelte har kompensert for levealdersjusteringen.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:141 L (2019–2020), Innst. 71 L (2020–2021).
I innstillinga frå Arbeids- og sosialkomiteen om representantforslag om å avvikle samordningsfella, sjå Dokument 8:53 L (2022–2023) og Innst. 175 L (2022–2023), viser komiteens fleirtal til vedtak 238 og ber regjeringa komme tilbake med omtale av problemstillinga i den varsla meldinga som følger opp pensjonsutvalets utgreiing (NOU 2022: 7 Et forbedret pensjonssystem).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil omtale problemstillinga i stortingsmeldinga som følgjer opp pensjonsutvalets utgreiing. Regjeringa tar sikte på å legge fram meldinga i haustsesjonen 2023.
Styrke arbeidslinja for offentleg tilsette født i årene 1944–1962
Vedtak 239, 11. desember 2020
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med vurderinger av hvordan en ytterligere kan styrke arbeidslinjen for offentlig ansatte født i årene 1944–1962.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:141 L (2019–-2020), Innst. 71 L (2020–2021).
I innstillinga frå Arbeids- og sosialkomiteen om representantforslag om å avvikle samordningsfella, sjå Dokument 8:53 L (2022–2023) og Innst. 175 L (2022–2023), viser komiteens fleirtal til vedtak 239 og ber regjeringa komme tilbake med omtale av problemstillinga og forslag til tiltak som styrker arbeidsinsentiva for årskulla 1962 og eldre i den varsla meldinga som følger opp pensjonsutvalets utgreiing (NOU 2022: 7 Et forbedret pensjonssystem).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil omtale problemstillinga i stortingsmeldinga som følgjer opp pensjonsutvalets utgreiing. Regjeringa tar sikte på å legge fram meldinga i haustsesjonen 2023.
Rapportering om barn etterlatne i utlandet
Vedtak 530, 18. januar 2021
«Stortinget ber regjeringen igangsette en utretning med mål om forsterket rapportering om hvor mange barn som er etterlatt i utlandet, og redegjøre for hvordan handlingsrommet for oppfølging kan forsterkes.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dok. 8:132 S (2020–2021), Innst. 89 S (2020–2021).
Institutt for samfunnsforsking fekk i desember 2022 i oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet å greie ut korleis ein kan styrke oppfølginga av barn og vaksne utsett for ufrivillige utanlandsopphald. Utgreiinga vil sjå på korleis ein kan få meir kunnskap om omfanget, korleis koordineringa mellom nasjonale instansar kan bli styrka og om handlingsrommet for oppfølging bør bli klargjort. Den vil vidare vurdere korleis ein ytterlegare kan styrke førebygginga av ufrivillige utanlandsopphald. Utgreiinga skal også vurdere innretning på integreringsrådgivarordninga, og om det er behov for å styrke eller justere denne. Rapporten vil bli lagt fram i desember 2023 og regjeringa vil orientere Stortinget på ein eigna måte.
Pensjonsutvalets vurderingar
Vedtak 615, 16. februar 2021
«Stortinget ber regjeringen om å orientere Stortinget på egnet måte om Pensjonsutvalgets vurderinger når det gjelder minstenivåer, samt hvordan Pensjonsutvalgets innstilling vil bli fulgt opp.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:53 S (2020–2021), Innst. 221 S (2020–2021).
Pensjonsutvalet leverte innstillinga si, NOU 2022: 7 Et forbedret pensjonssystem 16. juni 2022. Utgreiinga har vore på høyring.
Regjeringa tar sikte på å legge fram ei stortingsmelding som følgjer opp pensjonsutvalets utgreiing i haustsesjonen 2023.
Studentar i utlandet kan ha deltidsjobb utan å miste medlemskap i folketrygda
Vedtak 686, 25. februar 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede og komme tilbake til Stortinget med nødvendige forslag slik at norske studenter i utlandet kan ha deltidsjobb ved siden av studiene uten å miste sitt medlemskap i folketrygden.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 7 (2020–2021), Innst. 247 S (2020–2021).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Endringar i arbeidsmiljølova for yrkesdykking og losing, føresegn og rettar om sjukepengar
Vedtak 770, 23. mars 2021
«Stortinget ber regjeringen på egnet måte redegjøre for Arbeidstilsynets oppfølging av arbeidsmiljøloven § 1-2 andre ledd bokstav a samt vurdere om det kan være hensiktsmessig å gjøre bestemmelser og rettigheter, som sykepengeregler, som i dag følger av skipsarbeidsloven, gjeldende for de aktuelle arbeidstakerne.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 68 L (2020–2021), Innst. 282 L (2020–2021), Lovvedtak 83 (2020–2021).
Oppmodingsvedtaket er kvittert ut gjennom behandling i Prop. 122 L (2022–2023). Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Endringar i arbeidsmiljølova for yrkesdykking og losing, kapteinen sitt ansvarsforhold, føresegn om arbeids- og kviletid
Vedtak 771, 23. mars 2021
«Stortinget ber regjeringen ha tett dialog med partene i arbeidslivet for fortløpende å evaluere virkningene av arbeidsmiljøloven § 1-2 andre ledd bokstav a og eventuelt vurdere justeringer i regelverket, herunder sikre at kapteinens ansvarsforhold når dykking gjennomføres avklares, samt at bestemmelsene knyttet til arbeids- og hviletid i forbindelse med dykkeoperasjoner til sjøs klargjøres.»
Vedtaket ble truffet ved behandling av Prop. 68 L (2020–2021), Innst. 282 L (2020–2021), Lovvedtak 83 (2020–2021).
Oppmodingsvedtaket er kvittert ut gjennom behandling i Prop. 122 L (2022–2023). Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Endringar i arbeidsmiljøloven for yrkesdykking og losing, krav til arbeids- og kviletid
Vedtak 772, 23. mars 2021
«Stortinget ber regjeringen vurdere innføring av en forskrift med krav til arbeids- og hviletid for selvstendig næringsdrivende og oppdragstakere som driver yrkesdykking fra skip i virksomhet. Forskriften skal gi samme vern for selvstendig næringsdrivende og oppdragstakere som for arbeidstakere etter arbeidsmiljøloven.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 68 L (2020–2021), Innst. 282 L (2020–2021), Lovvedtak 83 (2020–2021).
Oppmodingsvedtaket er kvittert ut gjennom behandling i Prop. 122 L (2022–2023). Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Forenkling av yrkesskadereglene
Vedtak 911, 11. mai 2021
«Stortinget ber regjeringen i samråd med partene i arbeidslivet legge frem et forslag til nødvendig forenkling av yrkesskadereglene som er i tråd med utviklingen i samfunnet og arbeidslivet, og som sikrer den enkelte arbeidstaker. Stortinget ber også regjeringen gjennomgå og om nødvendig oppdatere yrkessykdomslisten.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:150 S (2020–2021), Innst. 382 S (2020–2021).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet heldt i samband med dette 15. mai 2023 eit innspelsmøte, der hovudorganisasjonane og enkelte interesseorganisasjonar gjorde greie for erfaringane sine med dagens yrkesskaderegelverk, og la fram forslag til forbetringar. Departementet opplyste samtidig om at Statens arbeidsmiljøinstitutt hadde fått i oppdrag å gjennomføra ei fagleg oppdatering av Yrkessykdomsutvalgets forslag til ei ny yrkessjukdomsliste i NOU 2008: 11 Yrkessykdommer. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
NAV-ombod
Vedtak 930, 18. mai 2021
«Stortinget ber regjeringen om snarest mulig å opprette et eget, selvstendig Nav-ombud og avklare en mulig samlokalisering med et av de andre ombudene for å dra nytte av felles faglige og administrative ressurser.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 21 (2020–2021), kapittel 8, Innst. 408 S (2020–2021).
Våren 2023 blei NOU 2023: 11 Raskt og riktig lagt fram frå utvalet som føretok ein heilskapleg gjennomgang av klage- og ankesystemet i Arbeids- og velferdsetaten og Trygderetten. Høringsfristen gjekk ut 4. september 2023. Innretning og organisering av eit NAV-ombod vil naturlig bli vurdert i samband med oppfølginga av dette utvalets anbefalingar. Regjeringa vil på bakgrunn av dette gjere ein heilskapleg vurdering av korleis brukarane sin rettstryggleik skal bli ivaretatt best mogleg og komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Endringar i arbeidsmiljølova, tilfeldig uttrekk av meddommarar frå kvar av dei særskilt arbeidslivskyndige utvala
Vedtak 1149, 8. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede mulige endringer i arbeidsmiljøloven der dagens ordning med utnevning av særskilt arbeidslivskyndige meddommere i den enkelte sak etter forslag fra partene, erstattes med et tilfeldig uttrekk av meddommere fra hvert av de særskilt arbeidslivskyndige utvalgene.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:228 L (2020–2021), Innst. 586 L (2020–2021).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Avkorting i uføretrygd for fosterforeldre
Vedtak 1200, 10. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen snarest fremme forslag om at uføre fosterforeldre ikke får avkortning i sin uføretrygd som følge av fosterhjemsoppdraget.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 133 L (2020–2021), Innst. 625 L (2020–2021), Lovvedtak 173-174 (2020–2021).
Innstillinga frå Fosterheimsutvalet (NOU 2018: 18) blei lagt fram 18. desember 2018. Utvalet foreslo ei omlegging av fosterheimsgodtgjeringa til ei skattefri, ikkje-pensjonsgivande yting. Det blei lagt til grunn at ei slik løysing vil sørge for at arbeidsgodtgjering verken gir avkorting i trygdeytingar eller fører til at fosterforeldre som får arbeidsevna si nedsett med 50 pst., mister rett til ytingar. Barne- og familiedepartementet skal vurdere alternative ordningar for godtgjering til fosterforeldre. Forslaget frå utvalet om å gjere godtgjeringa om til ein stønad vil inngå i denne vurderinga, sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) frå Barne- og familiedepartementet. Regjeringa vil derfor komme tilbake til Stortinget etter å ha tatt stilling til korleis godtgjering til fosterforeldre bør bli utforma.
Reduksjon av ytingar under opphald i institusjon, likebehandling av pasientgrupper
Vedtak 1219, 11. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede endringer i folketrygdlovens regler om reduksjon av ytelser under opphold i institusjon, herunder forskjellen mellom innlagte i somatiske og psykiatriske institusjoner, og komme tilbake til Stortinget med forslag til endringer som sikrer likebehandling av pasientgrupper.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:274 S (2020–2021), Innst. 528 S (2020–2021).
Sjukepengar, arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og pensjonar er alle ytingar frå folketrygda som skal dekke utgifter til livsopphald. Ved opphald i institusjon under statleg ansvar med fri kost og losji blir deler av utgiftene til livsopphald dekte av staten. Ved langtidsopphald blir derfor ytingane redusert. Ytingane skal ikkje bli reduserte om mottakaren forsørger ektefelle eller barn. For å sikre at mottakaren ikkje skal miste bustaden sin fordi han eller ho treng behandling, blir ytingane enten ikkje redusert eller redusert mindre for å kunne dekke faste og nødvendige utgifter til bustad.
I 1997 blei det innført eit unnatak for reduksjon i pensjonsytingane (inkludert uførepensjon, som no er erstatta av uføretrygd), for opphald i somatiske sjukehus. I forarbeida blei det peikt på at dei fleste av innleggingane på somatiske sjukehus var kortvarige, dvs. under fem månader, slik at ytingane i praksis sjeldan faktisk blei reduserte. Det blei vidare heldt fram at for bebuarar med langtidsopphald i psykiatriske sjukehus og spesialsjukeheim må det først finnast fram til ei alternativ form for eigenbetaling før ordninga med redusert pensjon kan avviklast. Det kan altså sjå ut til at unnataket først og fremst blei grunngitt med praktiske omsyn. Det blei ikkje gitt nokre unnatak for sjukepengar eller rehabiliterings- og attføringspengar (no arbeidsavklaringspengar). Det er mogleg at dette har samanheng med at reglane for uførepensjon og andre pensjonar var samla i ei lovføresegn, mens reduksjonsreglane for sjukepengar og forløparane til arbeidsavklaringspengar følgde av andre føresegn. Innføringa av unnataket frå reduksjon for nokre av ytingane til livsopphold ved opphald i somatiske sjukehus, har dermed ført til ulike reglar for reduksjon for ulike institusjonar, men også for ulike ytingar.
Under del II, kap. 2655 Uførhet, har departementet gjort greie for ulike alternativ, avvegingar og vurderingar, også sett opp mot reglane om reduksjon og bortfall under straffegjennomføring og betaling til kommunane ved opphald i kommunale institusjonar. Som det går fram der, vil departementet ikkje tilrå lovendringar. Departementet vil likevel gjennomgå reglane for unnatak frå reduksjon av ytingar når pasienten har faste og nødvendige buutgifter, for å sikre at formålet med denne føresegna blir oppnådd.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Evaluering av brillestøtteordninga
Vedtak 1342, 18. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen om å foreta en evalueringen av brillestøtteordningen for å se om endringene som ble foretatt, har hatt utilsiktede konsekvenser. Evalueringen skal også se på om de forskjellige støtteordningene er godt nok kjent for de som er i målgruppen. Evalueringen skal også se på om støtteordningene er riktig innrettet sånn at de som faktisk har behov, reelt sett får det.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 2 (2020–2021), Innst. 600 S (2020–2021).
Ei ny ordning med brillestøtte til barn blei innført i august 2022. Denne gjeld for barn under 18 år som har behov for synskorrigering av ulike årsaker. Ordninga kjem i tillegg til dei to andre ordningane som også dekker briller: Briller til behandling eller førebygging av amblyopi og briller og kontaktlinser for synshemma.
Departementet har lyst ut eit samla evalueringsoppdrag som skal undersøke dei tre ordningane med brillestøtte til barn. Prosjektet starta hausten 2023, og er venta levert våren 2024.
Departementet vil komme tilbake til Stortinget med informasjon om funna frå evalueringa på eigna måte.
2.4 Stortingssesjon 2019–2020
Juridisk og økonomisk medansvar for transportkjøparar/transporttingarar
Vedtak 626, 28. mai 2020
«Stortinget ber regjeringen utrede innføring av et objektivt juridisk og økonomisk medansvar for transportkjøpere/transportbestillere og komme tilbake til Stortinget på egnet måte. Det objektive ansvaret må inkludere medansvaret for at lønns- og arbeidsvilkårene i sektoren er oppfylt. Utredningen må videre inneholde en vurdering av behovet for et register med virksomheter som oppfyller kravene til å drive med transporttjenester etter modell av for eksempel Renholdsregisteret. Utredningen må også vurdere en avgrensning av oppdragsgivere som skal omfattes av medansvaret.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 60 L (2019–2020), Innst. 293 L (2019–2020), Lovvedtak 105 (2019–2020).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Rettshevdinga til å stanse køyretøy
Vedtak 627, 28. mai 2020
«Stortinget ber regjeringen utarbeide og legge frem for Stortinget forslag om at Statens Vegvesen skal gis håndhevingsrett til å stanse kjøretøyer etter vedtak fra Arbeidstilsynet.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 60 L (2019–2020), Innst. 293 L (2019–2020), Lovvedtak 105 (2019–2020).
Regjeringa varsla i oktober 2022 i handlingsplanen mot sosial dumping i transportsektoren at den vil legge fram forslag om å gi Statens vegvesen myndigheit til å reagere mot køyring i strid med stansingsvedtak som Arbeidstilsynet har fastsett. Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Samferdselsdepartementet har bedd Arbeidstilsynet og Statens vegvesen greie ut og utarbeide utkast til høyringsnotat med forslag til nødvendige regelverksendringar for å innføre ein heimel for Statens vegvesen til å hindre vidare køyring i strid med slike stansingsvedtak. Utgreiinga skal òg skissere moglege løysingar til korleis ei slik ordning kan gjennomførast i praksis, på ein måte som tek vare på rettstryggleiken i transportføretaka og utan at ordninga blir unødvendig ressurskrevjande.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Omsorgspengar til foreldre som må vere borte frå arbeidet deler av dagen
Vedtak 658, 8. juni 2020
«Stortinget ber regjeringen vurdere å innføre omsorgspenger gradert ned mot 50 pst., for foreldre som må være borte fra arbeidet deler av dagen.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:100 (2019–2020), Innst. 349 S (2019–2020).
Frå 1. januar 2023 er det presisert i folketrygdlova at arbeidsgivar kan gi rett til omsorgspengar for kortare periodar enn heile dagar, og arbeidsgivar har fått ei plikt til å drøfte med dei tillitsvalde om det skal vere slik rett til å ta ut omsorgspengar for delar av dag i den enkelte verksemda, jf. Prop. 7 L (2022–2023) og Innst. 106 L (2022–2023).
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
2.5 Stortingssesjon 2017–2018
Særaldersgrenser for tilsette i staten
Vedtak nr. 42, 4. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen vurdere, i samråd med partene i arbeidslivet, om dagens system med særaldersgrenser for ansatte i staten og statlige virksomheter bør endres, i tråd med utviklingen i samfunns- og yrkesliv.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 1 (2017–2018), Innst. 2 S (2017–2018).
Regjeringa og partane i offentleg sektor gjorde i juni 2022 ein prosessavtale for det vidare arbeidet med særaldersgrensene for å følge opp pensjonsavtalens punkt om at regelverket for personar med særaldersgrenser som er født i 1963 eller seinare må tilpassas påslagsmodellen. Det følger av pensjonsavtalen frå 3. mars 2018 at arbeidet med særaldersgrensene har to ulike prosesser; først ein prosess om pensjonsreglar og deretter ein prosess om framtidige aldersgrenser. Partane i offentleg sektor blei 25. august einige om nye pensjonsreglar for personar som har særaldersgrenser som er fødd frå og med 1963. Dei nye reglane inneber at personar med særaldersgrenser får eit særalderspåslag til livsvarig pensjon som kommer på toppen av ordinær pensjon. Avtalen inneber vidare at tidlegpensjonsordninga avviklast frå og med 1965-kullet for de som har aldersgrense 65 år, samt at moglegheita til å ta ut pensjon før aldersgrensa fasast ut for dei som har aldersgrense 60 og 63 år. Dei nye reglane inneber også at særaldersgrensene og utbetalingsperioden for tidlegpensjon flyttast oppover i takt med aukinga av aldersgrensene i folketrygda.
Med ei eining om pensjonsreglane er partane innforstått med at det no setjast i gang eit arbeid for å vurdere det framtidige omfanget av særaldersgrenser. Arbeidet har som siktemål at offentleg sektor i større grad får nyttiggjort den kompetansen personar som i dag har særaldersgrenser har. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna tidspunkt og på eigna måte med resultatet av dette arbeidet.
Overgangsordning for fosterforeldre
Vedtak nr. 321, 15. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte, med en ytterligere vurdering av Stortingets anmodningsvedtak 11. mai 2017. Stortinget fastslår at regjeringen i sitt forslag etablerer en overgangsordning for fosterforeldre som mottar dagpenger eller AAP. Stortinget merker seg videre at det ikke er gjennomførbart å utvide ordningen ytterligere innen 1. januar 2018, også fordi det ikke er utredet hvordan ytterligere regelverksendringer knyttet til inntektsbegrepet og dets betydning for avkortning kan utformes.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 1 S (2017–2018), Innst. 15 S (2017–2018).
Regjeringa viser til at frå 1. januar 2018 skal arbeidsavklaringspengar og dagpengar ikkje avkortast ved arbeid som fosterforeldre. Innstillinga frå Fosterheimsutvalet (NOU 2018: 18) blei avgitt 18. desember 2018. Utvalet foreslo ei omlegging av fosterheimsgodtgjeringa til ei skattefri, ikkje-pensjonsgivande yting. Barne- og familiedepartementet skal vurdere alternative ordningar for godtgjering til fosterforeldre. Sjå omtale av vedtak 1200, 10. juni 2021.