Meld. St. 4 (2023–2024)

Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2022–2023

Til innholdsfortegnelse

8 Klima- og miljødepartementet

Nedanfor er det gjort greie for oppfølginga av oppmodingsvedtak under Klima- og miljødepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2022–2023 og vedtak frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. S (2022–2023) meinte ikkje var kvitterte ut. I tabellen nedanfor blir det òg angjeve i kva grad departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år òg.

Tabell 8.1 Oversikt over oppmodingstiltak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering avslutta (ja/nei)

2022–2023

21

Gje Enova eit tilleggsmandat om å bidra til å styrkje forsyningstryggleiken

Ja

2022–2023

22

Endre Enova-tilskot «helhetlig oppgradering av bygningskropp»

Ja

2022–2023

23

Endre Enovas løysing for utbetaling til forbrukarar

Ja

2022–2023

92

Fremje krav om lågutslepp til offshorefartøy

Nei

2022–2023

93

Innføring av omsetningskrav for avansert biodrivstoff til innanriks sjøfart og fiske

Ja

2022–2023

95

Utval for å greie ut matkastelov

Ja

2022–2023

98

Gå i dialog med industrien om CO2-kompensasjonsordninga

Nei

2022–2023

100

Framskunde innføringa av omsetningskravet på 10 pst. for ikkje-veggåande maskiner

Ja

2022–2023

101

Forvaltningsplanane for norske havområde – vurdere varig petroleumsfrie område

Nei

2022–2023

108

Fremje forslag om forbod mot nedbygging av myr til utbyggingsformål i 2023

Nei

2022–2023

112

Varsle eit forbod mot bruk av fossile brensel til energiformål i industrien innan 2030

Ja

2022–2023

113

Greie ut og fremje forslag om forbod mot bruk av fossil gass i byggvarme

Nei

2022–2023

114

Opptrapping av omsetningskrav for avansert biodrivstoff i luftfart

Ja

2022–2023

118

Intensivere arbeidet mot pukkellaks

Ja

2022–2023

450

Bidraget frå verkemiddelapparatet til ein meir sirkulær økonomi

Nei

2022–2023

451

Kompetansebehovet knytt til nye sirkulære forretningsmodellar

Nei

2022–2023

507

Endre Enovas mandat

Ja

2022–2023

508

Støtteordningar for energieffektivisering med moden teknologi

Ja

2022–2023

509

Støtte til energieffektivisering og lokal energiproduksjon hos hushalda

Ja

2022–2023

608

Gamle nedlagde gruver i Noreg og forureiningsfaren dei utgjer

Nei

2022–2023

632

Ein plan for korleis Noreg kan få ein leiande posisjon i produksjon av berekraftig drivstoff

Nei

2022–2023

633

Ein plan for å auke produksjonen av avansert biodrivstoff i Noreg

Nei

2022–2023

674

Ein plan for auka produksjon av og etterspurnad etter biogass

Nei

2022–2023

760

Ein oppdatert Klimaplan med konkrete verkemiddel

Nei

2022–2023

915

Auke omsetningskravet for biodrivstoff til vegtrafikken og innføre delkrav for avansert biodrivstoff basert på A-råstoff

Ja

2022–2023

916

Auke omsetningskravet for biodrivstoff i luftfarten og varsle framtidig opptrapping

Ja

2022–2023

917

Auke omsetningskravet for biodrivstoff for ikkje-veggåande maskiner

Nei

2022–2023

918

Auke omsetningskravet for biodrivstoff til sjøfart

Nei

2022–2023

919

Rett prising av negative utslepp

Nei

2021–2022

35.4

Verkemiddel for raske utsleppskutt for store punktutslepp

Nei

2021–2022

35.10

Krav om nullutslepp og fossilfrie byggje- og anleggsplassar i offentlege anbod

Nei

2021–2022

35.11

Forbod mot bruk av fossile brensel på byggjeplassar

Nei

2021–2022

35.16

Erstatte fossile brensel i industrien

Nei

2021–2022

35.20

Oppfylle mål om 10 pst. vern av kyst- og havområde og fremje nasjonal plan for marint vern

Nei

2021–2022

512

Greie ut produsentansvarsordning for tekstilar

Ja

2021–2022

513

Gjennomgå regelverk og vurdere endringar for å sikre at klesbransjen bruker uselde tekstilvarer om att

Ja

2021–2022

713

Verkemiddel som kan bidra til å gjere direkte karbonfangst frå luft (DAC) lønnsamt

Nei

2021–2022

753

Levere ein plan for harmonisering av rammeverk for biogass i Norden

Nei

2021–2022

837

Utarbeide rapporteringssystem for bruk av berekraftig biodrivstoff utanfor omsetningskravet

Ja

2020–2021

690

Bidra til gjennomføring av tiltak initierte av lokale og regionale styresmakter som reduserer utslepp i verdsarvfjordane

Nei

2020–2021

691

Tiltak som sikrar verdsarvfjordane som anløpshamn for cruisebåtar også etter 2026 – etablering av landstraum i Flåm mv.

Nei

2020–2021

751

Verkemiddel for meir effektiv og einskapleg skadefelling av rovvilt

Ja

2020–2021

752

Kompetanseoverføringsprosjekt om skadefelling

Ja

2020–2021

753

Forslag om verkemiddel for meir effektiv lisensfelling

Ja

2020–2021

831

Nasjonal plan for å gjere land- og ladestraum, hydrogen, ammoniakk og andre grøne drivstoff tilgjengelege

Nei

2020–2021

973

Forslag om revidering av motorferdsellova

Nei

2020–2021

976

Oppfølging av globalt rammeverk for naturmangfald

Nei

2020–2021

1001

Greie ut insentivordning for at frivillige, inkl. lag og organisasjonar, vil bidra til rydding av plast

Ja

2020–2021

1004

Tilskotsordning som dekkjer kostnadene med leveranse av avfall etter frivillige ryddeaksjonar

Ja

2020–2021

1009

Harmonisere rammevilkåra for biogassproduksjon i Norden

Nei

2019–2020

708

Nye mål i kulturmiljøpolitikken

Nei

2018–2019

383

Erstatningsreglane ved tap av beitedyr til rovvilt og kompensasjonsordninga (FKT)

Nei

2017–2018

481

Gjenbruk gjennom kommunane sine gjenbruksstasjonar

Nei

2017–2018

482

Utleige av avfallskonteinarar frå godkjende avfallsselskap

Nei

2017–2018

489

Matkastelov

Nei

2017–2018

661

Greie ut strengare krav til svartvass- og gråvassutslepp frå cruiseskip

Nei

2017–2018

672

Implementere krav og reguleringar til utslepp frå cruiseskip og annan skipstrafikk i turistfjordar m.m.

Nei

2017–2018

674

Nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar

Ja

2016–2017

529

Gratis levering av marint avfall

Ja

2016–2017

914

Forslag til tiltak og verkemiddel for overvass-problematikk

Nei

2015–2016

674

Handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfugl

Nei

2015–2016

681

Forbod mot mikroplast i kroppspleieprodukt

Nei

8.1 Stortingssesjon 2022–2023

Gje Enova eit tilleggsmandat om å bidra til å styrkje forsyningstryggleiken

Vedtak nr. 21, 18. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere, i lys av den aktuelle strømsituasjonen, å gi Enova et tilleggsmandat om å bidra til å styrke forsyningssikkerheten ved å legge til rette for vesentlig mer energieffektivisering og fleksibel og effektiv energi- og effektbruk gjennom målrettede tiltak for bedrifter og husholdninger. En slik oppdatering må sikre at støtte til moden teknologi som gir raske reduksjoner i strømforbruket, blir en sentral oppgave for Enova, som for eksempel gjennom varmepumper, etterisolering av deler av bygningskroppen, utskiftning av vinduer, batterier, bergvarme og lignende.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby og Ola Elvestuen om ekstraordinære tiltak som følgje av straumpriskrisa, jf. Innst. 25 S (2022–2023).

I mars 2023 presiserte regjeringa mandatet til Enova knytt til energi, jf. Tilleggsavtale av 15. februar 2023 om forvaltning av midlane frå Klima- og energifondet. Der går det fram at Enova skal finne gode løsninger som tar hensyn til behovet for et effektivt energisystem. Det innebærer at Enova blant annet skal bidra til mer effektiv bruk av energi, mer effektiv utnyttelse av eksisterende nett og utvikling av nye energiteknologier i alle sektorer. Mandatet omfattar no energieffektivisering i alle sektorar og opnar i større grad for støtte til moden og velkjend teknologi i umodne marknader.

Enovas presiserte mandat og styrkte rolle knytt til energi og energieffektivisering inngår som ein del av den heilskaplege handlingsplanen regjeringa har for energieffektivisering. Regjeringa er oppteken av at ei styrkt satsing på energieffektivisering skal vere basert på faglege vurderingar. Departementet bad difor Enova levere ei tilråding om korleis dei vil innrette aktiviteten sin i lys av presiseringa av mandatet, irekna knytt til kva for nærmare definerte kriterium som kan liggje til grunn for støtte til meir moden og velkjend teknologi. Les ein utvida omtale under kap. 1428.50.

Til saman legg Enova opp til å støtte energieffektivisering og energi meir i breitt med mellom 1,5 mrd. og 2 mrd. kroner i år. Av dette vil om lag ein halv milliard vere styrkt enøksatsing. Satsinga legg vekt på å byggje ned barrierar og skape varige marknadsendringar slik at energieffektiviseringspotensialet på sikt i større grad kan utløysast utan støtte.

Regjeringas handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi inneheld fleire viktige grep for auka energieffektivisering og følgjer opp tilrådingar frå Energikommisjonen. Handlingsplanen ser verkemiddel som informasjon, krav og stønad i samanheng. Mellom anna foreslår regjeringa ei løyving på 495 mill. kroner til tiltak for energieffektivisering i 2024, fordelt på Husbanken, Enova, NVE og Direktoratet for Byggkvalitet.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Endre Enova-tilskot «helhetlig oppgradering av bygningskropp»

Vedtak nr. 22, 18. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere å endre dagens Enova-tilskudd «helhetlig oppgradering av bygningskropp» slik at husholdninger kan få tilskudd også når bare deler av bygningen oppgraderes.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby og Ola Elvestuen om ekstraordinære tiltak som følgje av straumpriskrisa, jf. Innst. 25 S (2022–2023).

Departementet viser til svar på oppmodingsvedtak nr. 21, 18. oktober 2022, og utvida omtale under kap. 1428.50 av ei styrkt satsing på energieffektivisering. Som ein del av oppdraget frå departementet om å orientere om korleis dei vil innrette aktiviteten retta mot energi, vart Enova også bede om å vurdere innhaldet i dette oppmodingsvedtaket. Gjennom noverande tilskot til heilskaplege oppgraderingsprosjekt motiverer Enova til føredømeprosjekt som ifølgje Enova bidreg til auka kompetanse i bransjen og til haldningsutvikling hos bustadeigarar. Ei eventuell støtteordning til trinnvis oppgradering burde etter Enovas vurdering knytast til prosentvis forbetring av samla energiyting, på same måten som det Enova no legg opp til for fleirbustadhus og næringsbygg. Utfordringa er at noverande energimerke ikkje er ein eigna indikator for energitiltak i ei støtteordning retta mot einebustader og småhus, ikkje minst fordi det ikkje føreset merking gjord av ein profesjonell aktør. Enova viser likevel til at marknaden for rehabilitering i bustader er stor og moden, og at ein høg andel av eit eventuelt tilskot til trinnvis oppgradering difor ville innebere betydeleg løyvingsbehov og i stor grad gå til prosjekt som også ville ha blitt gjennomførte utan tilskot.

Klima- og miljødepartementets styring av Enova går ikkje for seg på detaljnivået oppmodingsvedtaket impliserer. Enova utviklar program og set kriterium basert på dei faglege vurderingane deira og kjennskapen deira til teknologiar og marknader. Slik departementet vurderer det, legg det til rette for at midlane frå Klima- og energifondet blir utnytta mest mogleg effektivt for å nå dei overordna politisk sette måla i styringsavtalen.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Endre Enovas løysing for utbetaling til forbrukarar

Vedtak nr. 23, 16. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere å legge om Enovas løsning for utbetaling til forbrukere slik at man får samtidig utbetaling.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby og Ola Elvestuen om ekstraordinære tiltak som følgje av straumpriskrisa, jf. Innst. 25 S (2022–2023).

Departementet forstår oppmodingsvedtaket som at det er meint ei vurdering av at støtte til hushald og forbrukarar blir utbetalt samstundes som det blir søkt om tilskot, og ikkje etterskotsvis etter gjennomført tiltak, som er noverande praksis. I samband med oppdraget frå regjeringa til Enova om orientering om aktivitet retta mot energi vart Enova også bede om å vurdere samstundes utbetaling.

Det er fleire grunnar til at støtte ikkje bør utbetalast før tiltak faktisk er gjennomførte, som Enova også trekkjer fram i svaret sitt. Ein grunn er at det er stort sannsyn for at ein god del av prosjekta ikkje blir gjennomførte og ein da må bruke mykje tid og ressursar på tilbakebetaling hos både Enova og søkjaren utan at ein nødvendigvis oppnår betre resultat. Tidlegare erfaringar i Enova med søknadsbasert ordning retta mot hushalda viser at om lag halvparten av tilsegnene ikkje vart brukt. Den noverande ordninga, Enovatilskotet, med klare kriterium for kva som kvalifiserer til støtte, og rask utbetaling etter motteken faktura, er ubyråkratisk og enkel for både søkjarane og Enova. Når det er sagt, erkjenner departementet at det kan vere utfordrande for nokre å ha midlar til å gjennomføre investeringar før støtta blir utbetalt. Denne likviditetsutfordringa kan og bør likevel løysast på andre måtar enn å betale ut pengar før tiltak er gjennomførte. Her viser departementet til regjeringa sin handlingsplan for energieffektivisering der mellom anna lån er trekt fram som ei mogleg løysing ettersom det i mange tilfelle er snakk om økonomisk lønnsame tiltak.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Fremje krav om låg- og nullutslepp til offshorefartøy

Vedtak nr. 92, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2023 fremme krav om lavutslipp til offshorefartøy med sikte på innføring fra 2025 og nullutslipp fra 2029, eller tilsvarende krav som gir samme utslippseffekt for offshorefartøy.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Klima- og miljødepartementet har gjeve Sjøfartsdirektoratet i oppdrag å sjå på korleis låg- og nullutsleppskrav til offshorefartøy kan formast ut og innrettast.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Innføring av omsetningskrav for avansert biodrivstoff til innanriks sjøfart og fiske

Vedtak nr. 93, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sende forslag om innføring av omsetningskrav for avansert biodrivstoff til innenriks sjøfart og fiske på høring, med forslag om et omsetningskrav på 4 volumprosent fra 1. juli 2023 og med en videre opptrapping til 6 prosent i 2024.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023). Forslag til omsetningskrav for avansert biodrivstoff til sjøfart vart sendt på høyring 20. januar, med frist 20. mars 2023. Regjeringa foreslo å innføre eit omsetningskrav for avansert biodrivstoff til sjøfart på 6 pst. frå 1. oktober 2023 i revidert nasjonalbudsjett som vart vedteke av Stortinget.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Utval for å greie ut matkastelov

Vedtak nr. 95, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sette ned et utvalg for å utrede matkastelov med mål om at loven skal tre i kraft i 2024.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Regjeringa sette 7. februar 2023 ned eit utval som skal greie ut heilskapleg tiltaks- og verkemiddelbruk for å nå målet om 50 pst. reduksjon av matsvinnet innan 2030 og korleis ei matkastelov skal inngå i ein samla verkemiddelbruk. Utvalet skal ferdigstille utgreiinga innan utgangen av 2023, og deretter vil forslaga vurderast, og det blir lagt opp ein prosess for korleis dette skal følgjast opp.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Gå i dialog med industrien om CO2-kompensasjonsordninga

Vedtak nr. 98, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med industrien om CO2-kompensasjonsordningen for å utvikle ordningen til å bli forpliktende for utslippskutt og energieffektivisering i tråd med nasjonale målsettinger. Aktuelle løsninger kan være krav, klimaavtale, fondsordning eller andre måter. Det må hensyntas at det er ulik økonomisk bærekraft i ulike bransjer, og at enkelte bedrifter har lave CO2-utslipp og lite potensial for energieffektivisering. Regjeringen bes legge frem sak om dette i statsbudsjettet for 2024.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Vedtaket er under oppfølging. Regjeringa vil halde fram med dialogen med industrien om endring av ordninga slik at han bidreg med utsleppsreduksjonar og/eller energieffektivisering. Basert på denne dialogen vil regjeringa i 2025-budsjettet foreslå ei endring av ordninga, slik at ho kan haldast berekraftig med tanke på budsjettet ut kompensasjonsperioden.

Framskunde innføringa av omsetningskravet på 10 pst. for ikkje-veggåande maskiner

Vedtak nr. 100, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen framskynde innføringen av det planlagte omsetningskravet på 10 pst. for ikke-veigående maskiner til 1. januar 2023. Biogass skal holdes utenfor kravet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023). Eit omsetningskrav for avansert biodrivstoff på 10 pst. for ikkje-veggåande maskiner vart innført 1. januar 2023.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Forvaltningsplanane for norske havområde – vurdere varig petroleumsfrie område

Vedtak nr. 101, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revisjonen av forvaltningsplanen for norske havområder vurdere om deler av de områdene hvor det etter gjeldende forvaltningsplan ikke skal tildeles nye tillatelser, eller enkelte ikke-åpnede områder, bør defineres som varig petroleumsfrie områder.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Regjeringa vil omtale tema knytt til områdespesifikke rammer for petroleumsverksemd i meldinga til Stortinget om oppdatering av dei heilskaplege forvaltningsplanane for norske havområde våren 2024.

Fremje forslag om forbod mot nedbygging av myr til utbyggingsformål i 2023

Vedtak nr. 108, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om forbud mot nedbygging av myr til utbyggingsformål i løpet av 2023. Det skal utredes mulige dispensasjoner fra forbudet for å ta vare på andre arealer med høy verdi og utbygging av samfunnskritisk infrastruktur. Målet er at forbudet reelt sett skal redusere nedbyggingen av myr.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Vedtaket er under oppfølging. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å greie ut eit forbod mot nedbygging av myr og forme ut eit konkret forslag til lov- og eventuelt forskriftsendringar. Fristen for oppdraget er 1. desember 2023. Det vil dermed ikkje vere mogleg å fremje lovendring for Stortinget i 2023, men regjeringa vil leggje fram saka for Stortinget så snart som mogleg i 2024.

Varsle eit forbod mot bruk av fossile brensel til energiformål i industrien innan 2030

Vedtak nr. 112, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2023 varsle et forbud mot bruk av fossile brensler til energiformål i industrien innen 2030 og utrede innretningen av forbudet. Samtidig varsles det at det utredes hva som kan være hensiktsmessige avgrensinger.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Miljødirektoratet fekk hausten 2022 i oppdrag å konsekvensutgreie eit mogleg forbod mot fossil fyring til energiformål i industrien. Oppdraget har også omfatta kva som vil vere ei tenleg avgrensing av forbodet. Miljødirektoratet leverte våren 2023 konsekvensutgreiinga Forbud mot bruk av fossile brensler til energiformål i industrien fra 2030.

Regjeringa vil i 2030 innføre eit forbod mot bruk av fossile brensel til indirekte fyring i industrien som gjev utslepp under innsatsfordelinga. Det blir gjeve høve for unntak i tilfelle der forbodet vil innebere svært høge kostnader målt opp mot nytteverdien eller andre openbert urimelege konsekvensar, irekna avgrensingar i tilgangen på nett og kapasitet. Regjeringa vil vurdere å utvide forbodet til også å inkludere direkte fyring etter 2030. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide eit forslag til forskrift. Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Greie ut og fremje forslag om forbod mot bruk av fossil gass i byggvarme

Vedtak nr. 113, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag om forbud mot bruk av fossil gass i byggvarme, med sikte på ikrafttredelse i 2025.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Vedtaket er under oppfølging. Miljødirektoratet har levert eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om barrierar og potensial for utsleppskutt i byggje- og anleggsverksemda. Forbod mot bruk av fossil gass i byggvarme blir trekt fram som eitt av fleire tiltak for å redusere utslepp frå byggje- og anleggsverksemd. Klima- og miljødepartementet har gjeve Miljødirektoratet i oppdrag å greie ut eit forbod og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte

Opptrapping av omsetningskrav for avansert biodrivstoff i luftfart

Vedtak nr. 114, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sende forslag om opptrapping av omsetningskrav for avansert biodrivstoff i luftfart på høring, med forslag om et omsetningskrav på 2 volumprosent fra 1. juli 2023.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Miljødirektoratet har våren 2023 hatt på alminneleg høyring eit forslag om opptrapping av omsetningskrav for avansert biodrivstoff til luftfart. Høyringa vart avslutta 9. mars 2023. Høyringsnotatet foreslo eit omsetningskrav på 2 volumprosent frå 1. juli 2023. Vi viser vidare til vedtak 916 for vidare vedtak om den same saka.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Intensivere arbeidet mot pukkellaks

Vedtak nr. 118, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen intensivere arbeidet mot pukkellaks, herunder å tillate fangst av pukkellaks i sjø før sommeren 2023.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

I løpet av 2022 og våren 2023 vart det lagt ned eit intensivt arbeid for å førebu store uttak av pukkellaks i vassdrag i Troms og Finnmark. I tillegg til dei 25,3 mill. kronene som vart sette av til å kjempe mot pukkellaks over statsbudsjettet for 2023, foreslo regjeringa ytterlegare 10 mill. kroner til dette formålet i revidert nasjonalbudsjett. Sommaren 2023 vart det iverksett pukkellaksuttak og -beredskap i rundt 60 vassdrag, og over 30 av desse vassdraga fekk installert pukkellaksfeller. I tråd med vedtaket har arbeidet mot pukkellaks blitt betydeleg intensivert.

I januar 2023 publiserte Vitenskapelig råd for lakseforvaltning ein rapport om kva konsekvensar eit fiske med ulike garnreiskapar etter pukkellaks i sjø kan ha for annan anadrom laksefisk. I rapporten kjem det fram at eit målretta pukkellaksfiske i sjø i tillegg til det ordinære sjølaksefisket vil føre til ein stor risiko for altfor stor fangst av villaks, sjøaure og sjørøye. Basert på denne rapporten gav Klima- og miljødepartementet, saman med Nærings- og fiskeridepartementet, eit oppdrag til Miljødirektoratet om å vurdere korleis eit fiske etter pukkellaks i sjø burde innrettast for at uttaket skulle bli effektivt samstundes som skaden på dei naturleg heimehøyrande artane vart minst mogleg. Oppdraget skulle utførast i samråd med Fiskeridirektoratet.

I svaret på oppdraget frå direktorata peiker Miljødirektoratet på at det er stor risiko for auka døyelegheit av annan anadrom laksefisk dersom ein skal fiske ut pukkellaks i sjø med alminnelege garnreiskapar, og dei tilrår å følgje hovudstrategien om å ta ut pukkellaks i elvane. Fiskeridirektoratet viser til at ein har liten kunnskap om uttak av pukkellaks med saltvassreiskapar, og tilrår forsøksfiske før ein legg opp til pukkellaksuttak i sjø med slike reiskapar. For å følgje opp Stortingets vedtak foreslo Klima- og miljødepartementet å leggje til rette for eit målretta fiske etter pukkellaks i sjø i det tidsrommet pukkellaksen oppheld seg i kyst- og fjordområda. Fisket skulle skje med små maskevidder, og det var krav om gjenutsetjing av all annan levande anadrom laksefisk. Det målretta pukkellaksfisket skulle erstatte det ordinære sjølaksefisket for at konsekvensane for annan laksefisk ikkje skulle bli for store. Forslaget fekk sterk kritikk, særleg frå sjølaksefiskarane. Etter konsultasjonar med sjølaksefiskarorganisasjonane og Sametinget bestemte Klima- og miljødepartementet å skrinleggje forslaget og å føre vidare det ordinære sjølaksefisket der pukkellaks inngår som bifangst.

Klima- og miljødepartementet har gjennom denne prosessen grundig vurdert korleis Stortingets vedtak kunne gjennomførast på ein forsvarleg måte av omsyn til villaks og annan anadrom laksefisk. Samstundes var det ikkje ønskjeleg å gjennomføre det einaste alternativet som ville vore i tråd med dei faglege råda.

I tillegg til det ordinære sjølaksefisket der pukkellaks inngår som bifangst, vart det i 2023 gjennomført forskingsfiske etter pukkellaks i sjø fleire stader i Finnmark. Resultata frå desse forskingsprosjekta vil gje eit betre kunnskapsgrunnlag for eventuell bruk av saltvassreiskapar under det neste forventa pukkellaksinnrykket i 2025.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Bidraget frå verkemiddelapparatet til ein meir sirkulær økonomi

Vedtak nr. 450, 12. januar 2023

«Stortinget ber regjeringen kartlegge hvordan virkemiddelapparatet kan innrettes slik at man i sterkeregrad støtter opp under deler av eller hele verdikjeder som bidrar til en overgang til mer sirkulærøkonomi.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Innst. 124 S (2022–2023).

Vedtaket er under oppfølging. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Kompetansebehov knytt til nye sirkulære forretningsmodellar

Vedtak nr. 451, 12. januar 2023

«Stortinget ber regjeringen i samarbeid med aktuelle bransjer og næringer, å innhente oppdatert kunnskapsgrunnlag om kompetansebehovet forbundet med nye, sirkulære forretningsmodeller, og etablere flere treparts bransjeprogrammer.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga, jf. Innst. 124 S (2022–2023).

Vedtaket er under oppfølging. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Endre Enovas mandat

Vedtak nr. 507, 23. februar 2023

«Stortinget ber regjeringen om å endre Enovas mandat slik at det omfatter energieffektivisering for alle sektorer i løpet av våren 2023.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Sofie Marhaug og Geir Jørgensen om ei kraftfull satsing på lokal energiproduksjon og -sparing og representantforslag frå stortingsrepresentantane Lars Haltbrekken og Kim Thoresen-Vestre om ein plan for enøk, jf. Innst. 192 S (2022–2023), Stortingets forretningsorden § 14 nr. 8 bokstav b.

Mandatet til Enova omfattar no energieffektivisering i alle sektorar. Regjeringa presiserte i mars 2023 mandatet til Enova knytt til energi, jf. tilleggsavtale av 15. februar 2023 om forvaltning av midlane frå Klima- og energifondet. Der går det fram at «Enova skal finne gode løsninger som tar hensyn til behovet for et effektivt energisystem. Det innebærer at Enova blant annet skal bidra til mer effektiv bruk av energi, mer effektiv utnyttelse av eksisterende nett og utvikling av nye energiteknologier i alle sektorer».

Departementet viser også til svar på oppmodingsvedtak 509 (2022–2023) og til utvida omtale under kap. 1428.50.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Støtteordningar for energieffektivisering med moden teknologi

Vedtak nr. 508, 23. februar 2023

«Stortinget ber regjeringen sørge for at Enova har tilgjengelig støtteordninger for energieffektivisering med moden teknologi i tråd med Vedtak 21 (2022– 2023) senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2023.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Sofie Marhaug og Geir Jørgensen om ei kraftfull satsing på lokal energiproduksjon og -sparing og representantforslag frå stortingsrepresentantane Lars Haltbrekken og Kim Thoresen-Vestre om ein plan for enøk, jf. Innst. 192 S (2022–2023), romartal I.

Som ei oppfølging av presiseringa i mandatet i tilleggsavtalen styrker Enova satsinga på energi i breitt og energieffektivisering meir spesifikt. Dette inneber mellom anna ei ny investeringsstøtte retta mot burettslag, sameige og yrkesbygg som koplar støtta til energimerket og forbetra energiyting basert på ei grundig kartlegging. Formålet med investeringsstøtta er å auke etterspurnaden og gjennomføringa av energitiltak, auke andelen energimerkte næringsbygg og etablere ein marknad for energitenester. Enova har dessutan styrkt satsinga på einebustader og småhus gjennom Enovatilskotet ved å auke budsjettet.

Departementet viser elles til svar på oppmodingsvedtak 21 (2022–2023) og til utvida omtale under kap. 1428.50.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Støtte til energieffektivisering og lokal energiproduksjon hos hushalda

Vedtak nr. 509, 23. februar 2023

«Stortinget ber regjeringen gi Enova et tilleggs mandat om å sørge for økt forsyningssikkerhet ved å bidra til vesentlig mer energieffektivisering og lokal energiproduksjon hos husholdninger. Dette må gjøres gjennom støtte til moden teknologi som gir raske reduksjoner i bruk av strøm fra nettet, for eksempel gjennom varmepumper, etterisolering av deler av bygningskroppen, utskiftning av vinduer, batterier, bergvarme og lignende. Det må gis støtte med samtidig utbetaling. Tilleggsmandatet til Enova må være på plass innen mars 2023.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Sofie Marhaug og Geir Jørgensen om ei kraftfull satsing på lokal energiproduksjon og -sparing og representantforslag frå stortingsrepresentantane Lars Haltbrekken og Kim Thoresen-Vestre om ein plan for enøk, jf. Innst. 192 S (2022–2023), romartal II.

Departementet viser til svar på oppmodingsvedtak 21, 23 og 507 (2022–2023) og til utvida omtale under kap. 1428.50.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Gamle nedlagde gruver i Noreg og forureiningsfaren dei utgjer

Vedtak 608, 18. april 2023

«Stortinget ber regjeringen innhente en total oversikt over gamle nedlagte gruver i Norge og forurensningsfaren de utgjør ut ifra de stedegne kvalitetene til vann- og jordforekomstene, og innen utgangen av vårsesjonen 2024 komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Lars Haltbrekken, Birgit Oline Kjerstad og Torgeir Knag Fylkesnes om opprydding av nedlagde og forureinande gruver, jf. Dok. 8:112 S (2022–2023) og Innst. 265 S (2022–2023).

Vedtaket er under oppfølging. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Ein plan for korleis Noreg kan få ein leiande posisjon i produksjonen av berekraftig drivstoff

Vedtak nr. 632, 2. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen legge frem en plan for hvordan Norge kan få en ledende posisjon i produksjonen av bærekraftig drivstoff, slik at Norge er godt posisjonert gjennom et industrielt miljø når innblandingskravene blir innført i EU, og komme tilbake til Stortinget på en egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Liv Kari Eskeland, Trond Helleland, Erlend Larsen, Mona Fagerås og André N. Skjelstad under behandlinga av Meld. St. 10 (2022–2023), jf. Innst. 301 S (2022–2023).

I Hurdalsplattforma varsla regjeringa at vi vil leggje fram ein heilskapleg plan for norsk bioenergi. Dette vil vi gjere i Klimameldingen 2035, som skal leggjast fram hausten 2024. Vedtaket vil følgjast opp i denne planen.

Ein plan for å auke produksjonen av avansert biodrivstoff i Noreg

Vedtak nr. 633, 2. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen raskt legge frem en plan for å øke produksjonen av avansert biodrivstoff i Norge.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Liv Kari Eskeland, Trond Helleland, Erlend Larsen, Mona Fagerås og André N. Skjelstad under behandlinga av Meld. St. 10 (2022–2023), jf. Innst. 301 S (2022–2023).

I Hurdalsplattforma varsla regjeringa at vi vil leggje fram ein heilskapleg plan for norsk bioenergi. Dette vil vi gjere i Klimameldingen 2035, som skal leggjast fram hausten 2024. Vedtaket vil følgjast opp i denne planen.

Ein plan for auka produksjon av og etterspurnad etter biogass

Vedtak nr. 674, 23. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen legge fram en plan for økt produksjon av og etterspørsel etter biogass, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2024.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Lars Haltbrekken og Birgit Oline Kjerstad om utsleppskutt med biodrivstoff og representantforslag frå stortingsrepresentantane Rasmus Hansson, Kristoffer Robin Haug og Lan Marie Nguyen Berg om auka produksjon og forbruk av biogass, jf. Innst. 312 S (2022–2023), romartal I. Vedtaket er til behandling i Klima- og miljødepartementet og er under oppfølging. Vedtak nr. 674 vil vere ein naturleg del av dette arbeidet. I Hurdalsplattforma varsla regjeringa at vi vil leggje fram ein heilskapleg plan for norsk bioenergi. Dette vil vi gjere i Klimameldingen 2035, som skal leggjast fram hausten 2024. Vedtaket vil følgjast opp i denne planen.

Ein oppdatert Klimaplan med konkrete verkemiddel

Vedtak nr. 760, 5. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2024 legge frem for Stortinget en oppdatert Klimaplan med konkrete virkemidler som viser hvordan klimamålene i 2030 skal nås.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Lars Haltbrekken, Birgit Oline Kjerstad og Kari Elisabeth Kaski om klimatiltak som monnar, jf. Innst. 475 S (2022–2023).

Noreg har meldt inn til FN under Parisavtalen at vi skal redusere klimagassutsleppa innan 2030 med 55 pst. samanlikna med 1990. Regjeringa jobbar systematisk med å følgje opp og sikre framgang med konkrete verkemiddel som vil gje utsleppskutt. Klimastatus og -plan blir lagd fram årleg og samanfattar klimapolitikken til regjeringa.

Hovudverkemidla i klimapolitikken som prising av utslepp gjennom CO2-avgift og EUs kvotesystem, i tillegg til støtte til teknologiutvikling, er godt forankra gjennom tidlegare klimaforlik og klimameldingar. Regjeringa vil auke avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp fram mot 2030 til 2 000 2020-kroner per tonn CO2.

I tillegg vil regjeringa i løpet av 2024 leggje fram ei stortingsmelding om klima for perioden fram mot 2035. Klimapolitikken blir utvikla og styrkt over tid. Stortingsmeldinga vil byggje vidare på klimapolitikken med eit perspektiv mot 2035 og vil innehalde verkemiddel som også støttar opp under måla for 2030, og for 2050, da Noreg skal vere eit lågutsleppssamfunn. Vedtaket vil følgjast opp i denne meldinga.

Auke omsetningskravet for biodrivstoff til vegtrafikken og innføre delkrav for avansert biodrivstoff basert på A-råstoff

Vedtak nr. 915, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å øke omsetningskravet for biodrivstoff for veitrafikken samt å innføre et eget delkrav for avansert biodrivstoff basert på A-råstoff på høring, med sikte på innføring fra 1. januar 2024. Følgende forslag til økt omsetningskrav sendes på høring: Omsetningskravet for biodrivstoff til veitrafikk økes fra 17 til 19 pst. Delkravet for avansert biodrivstoff økes fra 12,5 til 14,5 pst. Det innføres et delkrav til avansert biodrivstoff fra A-råstoff på 1, 2 eller 3,5 pst.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2023, jf. Innst. 490 S (2022–2023), romartal II.

På vegne av Klima- og miljødepartementet utarbeidde Miljødirektoratet eit forslag om å auke omsetningskravet for vegtrafikk frå 17 til 19 pst. Forslaget vart sendt på høyring 23. juni 2023, foreslått å gjelde frå 1. januar 2024.

Regjeringa vil auke omsetningskravet i vegtrafikken frå 17 til 19 pst. frå 1. januar 2024. Delkravet til avansert biodrivstoff blir vidareført på 12,5 pst. Avansert biodrivstoff basert på A-råstoff er monaleg dyrare enn konvensjonelt biodrivstoff. Fleire høyringsinnstansar meinte det var for tidleg å innføre delkrav til A-råstoff allereie i 2024. Det blir av den grunn ikkje innført eit delkrav til avansert drivstoff basert på A-råstoff. Vedtaket blir rekna som utkvittert.

Auke omsetningskravet for biodrivstoff i luftfarten og varsle framtidig opptrapping

Vedtak nr. 916, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å øke omsetningskravet for biodrivstoff i luftfarten til 2 pst. med ikrafttredelse fra 1. januar 2024. Samtidig skal det i statsbudsjettet for 2024 varsles fremtidig opptrapping.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2023, jf. Innst. 490 S (2022–2023), romartal III.

Miljødirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet hatt på høyring eit forslag om å auke omsetningskravet for avansert biodrivstoff til luftfart frå 0,5 til 2 pst. med foreslått ikraftsetjing 1. juli 2023. Frist for fråsegner var 9. mars 2023.

Det har komme atskilleg med innvendingar i høyringsrunden. Dei fleste høyringsinnspela er kritiske til ein auke i omsetningskravet og ønskjer at auken blir utsett. Høyringsinstansane ber om ei utsetjing av auken i omsetningskravet til det felleseuropeiske omsetningskravet blir innført, som er foreslått å gjelde i EU frå 2025. Dette er grunngjeve med at eit auka nasjonalt krav vil forsterke konkurranseulempa norske aktørar har samanlikna med europeiske aktørar. Før vi fremjar forslag om å auke omsetningskravet i luftfarten, må vi sikre at norske flyselskap får godskrive bruken av biodrivstoff i kvotesystemet, slik at insentivet og hensikta til verkemiddelet blir varetekne i størst mogleg grad. Frå 2025 vil omsetningskravet for luftfart følgje ein opptrappingsplan på same nivået som opptrappingsplanane i EU frå RefuelEU Aviation. Omsetningskravet for luftfart blir ikkje endra i 2024. Vedtaket blir rekna som utkvittert.

Auke omsetningskravet for biodrivstoff for ikkje-veggåande maskiner

Vedtak nr. 917, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å øke omsetningskravet for biodrivstoff for ikke-veigående maskiner på høring med sikte på innføring fra 1. januar 2024. Følgende omsetningskrav sendes på høring: 12 pst., 15 pst. og 19 pst.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2023, jf. Innst. 490 S (2022–2023), romartal IV.

Opptrapping av omsetningskravet for ikkje-veggåande maskiner som skissert i vedtak 917 føreset nye, større konsekvensutgreiingar. For dei omfattande aukane i kravet slik vedtaket ber om for ikkje-veggåande maskiner, bør mellom anna avgrensing mot landbasert kvotepliktig industri vurderast, i tillegg til at konsekvensar for aktørane innanfor jordbruk og skogbruk bør belysast nærmare. Omsetningskravet for biodrivstoff på 10 pst. for ikkje-veggåande maskiner vart innført 1. januar 2023, og vi har ikkje hatt tid til å erfare korleis kravet fungerer i praksis. Før omsetningskravet blir auka ytterlegare, bør vi trekkje inn erfaringar med det nyleg innførte kravet og sjå på om dokumentasjonskrava er tilfredsstillande.

For å sikre forsvarlege utgreiingar, stabilitet og føreseielege rammevilkår er det ikkje mogleg med tidslinja som vedtaket legg opp til. Innkjøparane må få tid til og føreseielege vilkår for å planleggje innkjøpa sine. Det vil dei ikkje få med auka krav frå 1. januar 2024 og varsling av desse i statsbudsjettet hausten 2023. Det vil tidlegast vere mogleg å auke omsetningskrava for ikkje-veggåande maskiner innan 1. januar 2025. Dette avheng av om ei slik opptrapping er fornuftig i eit heilskapleg perspektiv, noko som vi ikkje har svar på før dette er greidd ut. Det skal innførast faste kontrollpunkt for heilskaplege evalueringar av total biodrivstoffbruk, og med ei slik evaluering vil det òg vere naturleg å vurdere opptrapping for ikkje-veggåande maskiner. Saka er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Auke omsetningskravet for biodrivstoff til sjøfart

Vedtak nr. 918, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen høsten 2023 sende på høring et forslag om å øke omsetningskravet for biodrivstoff til sjøfart. Det sendes på høring forslag om økning til 8 pst., 10 pst. og 12 pst.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2023, jf. Innst. 490 S (2022–2023), romartal V.

Omsetningskravet for sjøfart blir innført på 6 pst. frå 1. oktober 2023. Dette er eit heilt nytt krav i ein annan marknad der det i dag ikkje finst infrastruktur for biodrivstoff. Det er følgjeleg også her behov for å trekkje inn erfaringar før kravet blir auka. Vedtaket inneber vidare ein vesentleg auke i omsetningskravet. Dette inneber at konsekvensane av auken må greiast ut i tråd med krava i utgreiingsinstruksen og høyrast i tråd med krava i forvaltningslova. For å sikre forsvarlege utgreiingar, stabilitet og føreseielege rammevilkår er det ikkje mogleg med tidslinja som vedtaket legg opp til. Høyringa avheng av om ei slik opptrapping er fornuftig i eit heilskapleg perspektiv, noko som vi ikkje har svar på før dette er greidd ut. Det skal innførast faste kontrollpunkt for heilskaplege evalueringar av total biodrivstoffbruk, og med ei slik evaluering vil det òg vere naturleg å vurdere opptrapping for ikkje-veggåande maskiner. Saka er til behandling i departementet.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Rett prising av negative utslepp

Vedtak nr. 919, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en ekstern utredning av virkemidler for samfunnsøkonomisk riktig prising av negative utslipp, slik som negativ CO2-avgift eller omvendte auksjoner, og vurdere muligheten for at støtte til CO2-fjerning (negative utslipp) kan kombineres med salg av klimakreditter.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2023, jf. Innst. 490 S (2022–2023), romartal VI.

I rapporten Klimatiltak i Norge fram mot 2030 viser Miljødirektoratet at karbonfjerning i form av bio-CCS og DAC kan ha eit stort utsleppsreduksjonspotensial fram mot 2030. Regjeringa arbeider med å vurdere korleis vedtaket kan følgjast opp på mest mogleg effektiv måte. Oppfølginga vil skje i samarbeid med Olje- og energidepartementet og Miljødirektoratet.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

8.2 Stortingssesjon 2021–2022

Verkemiddel for raske utsleppskutt for store punktutslepp

Vedtak nr. 35.4, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringa vurdere ulike verkemiddel som kan bidra til raske utsleppskutt for store industrielle punktutslepp, irekna system for differansekontraktar.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Enova har lansert punktutsleppsprogrammet Industri 2050 der dei støttar utvikling og realisering av teknologisprang som bidreg til ein industri tilpassa lågutsleppssamfunnet. Dei støttar reduksjon av bruk av fossile energiberarar til oppvarming og mekaniske arbeidsprosessar, reduksjon av klimagassutslepp frå produksjonsprosessar og fangst og permanent lagring av CO2-utslepp. Vedtaket er under oppfølging. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Krav om nullutslepp og fossilfrie byggje- og anleggsplassar i offentlege anbod

Vedtak nr. 35.10, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag om krav om nullutslipp og fossilfrie bygge- og anleggsplasser i offentlige anbud i løpet av 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Som ein del av oppfølginga av dette oppmodingsvedtaket har Klima- og miljødepartementet bestilt eit oppdatert kunnskapsgrunnlag frå Miljødirektoratet om barrierar og potensial for utsleppskutt i byggje- og anleggsverksemda. Dette kunnskapsgrunnlaget vart levert 26. mai 2023. I rapporten er offentleg anbod eit av fleire verkemiddel som kan bidra til å redusere barrierar for omstillinga av byggje- og anleggsnæringa. Klima- og miljødepartementet har gjeve Miljødirektoratet i oppdrag å greie ut krav i offentlege anskaffingar og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Forbod mot bruk av fossile brensel på byggjeplassar

Vedtak nr. 35.11, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede forbud mot bruk av fossile brensler på byggeplasser og melde tilbake til Stortinget senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Som ein del av oppfølginga av dette oppmodingsvedtaket har Klima- og miljødepartementet bestilt eit oppdatert kunnskapsgrunnlag frå Miljødirektoratet om barrierar og potensial for utsleppskutt i byggje- og anleggsverksemda. Dette kunnskapsgrunnlaget vart levert 26. mai 2023. Fordelane og ulempene ved å varsle eit forbod mot fossile brensel langt fram i tid er eit verkemiddel som må greiast ut nærmare. Difor har Klima- og miljødepartementet gjeve Miljødirektoratet i oppdrag å greie ut eit forbod mot fossile brensel på byggjeplassar og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Erstatte fossile brensel i industrien

Vedtak nr. 35.16, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan man kan erstatte fossile brensler i industrien og komme tilbake til Stortinget i løpet av 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

På bakgrunn av oppmodingsvedtaket fekk Miljødirektoratet våren 2022 i oppdrag å utarbeide ei oversikt over moglegheitene for å erstatte fossile brensel i fastlandsindustrien. For ikkje-kvotepliktige utslepp skulle det gjerast ei oppdatert vurdering av underlaget frå Klimakur 2030-rapporten og ei ytterlegare vurdering av moglege verkemiddel for å erstatte fossil fyring, som effekten av avgift til 2 000 kroner i 2030 og mogleg forbod frå 2030, eventuelt i kombinasjon med støtteordningar. For dei kvotepliktige utsleppa skulle svaret gje ei oversikt over moglege tiltak og barrierar for å redusere utslepp frå forbrenning. Oppdraget vart levert i juni 2022. Miljødirektoratet peiker i leveransen sin på at eit forbod mot fossil fyring vil måtte greiast ut i tråd med utgreiingsinstruksen, med ei fullstendig konsekvensutgreiing. På bakgrunn av dette har Miljødirektoratet gjennomført konsekvensanalysen Forbud mot bruk av fossile brensler til energiformål i industrien fra 2030 som vart levert våren 2023.

Miljødirektoratet tilrår at eit forbod i første omgang blir avgrensa til berre å gjelde indirekte bruk av fossile brensel. Forbodet vil da i all hovudsak omfatte utsleppskjelder som det vil vere relativt enkelt, teknisk sett, å elektrifisere. Direktoratet vurderer at det mest tenlege er å varsle eit forbod i både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig industri for å sikre likebehandling for små bedrifter innanfor og utanfor kvotesystemet.

Det blir vist til vedtak nr. 112 for omtale av oppfølginga av vedtaket.

Oppfylle mål om 10 pst. vern av kyst- og havområde og fremje nasjonal plan for marint vern

Vedtak nr. 35.20, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen oppfylle målet om 10 pst. vern av kyst- og havområder innen 2030, og fremme nasjonal plan for marint vern».

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur står sentralt i det vidare arbeidet med vern av kyst- og havområde. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte med status for arbeidet.

Greie ut produsentansvarsordning for tekstilar

Vedtak nr. 512, 3. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede en produsentansvarsordning for tekstiler».

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:111 S (2021–2022) Representantforslag om en mer bærekraftig og sirkulær tekstilindustri, jf. Inns. 259 S (2021–2022), tilråding romartal I i innstillinga.

Departementet sette hausten 2022 ned ei arbeidsgruppe for å greie ut produsentansvarsordning for tekstilar. Arbeidsgruppa leverte i september 2023 tilrådinga si om korleis ei produsentansvarsordning for tekstilar bør innrettast. Forslaget er no til vurdering hos Klima- og miljødepartementet. Til orientering foreslo EU-kommisjonen sommaren 2023 å innføre utvida produsentansvar for tekstilar som no blir behandla i EU.

Departementet ser på vedtaket som følgt opp.

Gjennomgå regelverk og vurdere endringar for å sikre at klesbransjen bruker uselde tekstilvarer om att

Vedtak nr. 513, 3. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå regelverket og vurdere endringer for å sikre at klesbransjen i større grad gjenbruker usolgte tekstilvarer i stedet for å destruere dem, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:111 S (2021–2022) Representantforslag om en mer bærekraftig og sirkulær tekstilindustri, jf. Inns. 259 S (2021–2022), tilråding romartal II i innstillinga.

Finansdepartementet har gjeve Skattedirektoratet i oppdrag å vurdere endringar av skatteregelverket for varer som blir gjevne til velgjerande formål, og som elles ville blitt kasta. Skattedirektoratet har foreslått endringar som er til vurdering hos Finansdepartementet. Som del av den nye økodesignforordninga foreslår EU-kommisjonen at store selskap må offentleggjere talet på uselde produkt dei kastar, og korleis overskotsvarer (inkludert tekstilar) blir handterte med tanke på ombruk, materialattvinning eller liknande. EU-landa (Rådet) og EU-parlamentet ønskjer eit forbod mot at store selskap kan destruere uselde tekstilar, direkte i forordninga, medan EU-kommisjonen hadde foreslått ein lovheimel for å fastsetje slike forbod i utfyllande rettsakter. Regelverket er no under forhandling i EU. Regjeringa har sendt eit forslag til ny lov om berekraftige produkt og verdikjeder på høyring, som foreslår å gjennomføre forslaget til ny økodesignforordning i norsk rett, og vil i samband med det komme tilbake til Stortinget.

Departementet ser på vedtaket som følgt opp.

Verkemiddel som kan bidra til å gjere direkte karbonfangst frå luft (DAC) lønnsamt

Vedtak nr. 713, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere virkemidler som kan bidra til å gjøre direkte karbonfangst fra luft (DAC) lønnsomt, herunder hvordan CO2-avgiften og handlingsrommet innenfor kvotehandelssystemet kan innrettes for å få til dette.»

Vedtaket vart gjort i behandlinga av Meld. St. 11 (2021–2022), tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021), jf. Innst. 446 S (2021–2022), tilråding romartal XLIV i innstillinga.

Vedtaket er under oppfølging. Miljødirektoratet har levert eit notat til Klima- og miljødepartementet om potensial, kostnader og moglege verkemiddel for industriell karbonfjerning. Vidare oppfølging av vedtaket vil sjåast i samanheng med Stortingets vedtak nr. 919, 16. juni 2023, om rett prising av CO2-fjerning.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte med status for arbeidet.

Levere ein plan for harmonisering av rammeverk for biogass i Norden

Vedtak nr. 753, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen om å følge opp initiativ til å harmonisere rammevilkårene for biogassproduksjon i Norden og komme tilbake til Stortinget med en plan for dette i forbindelse med budsjett for 2023, samtidig gjennomgå virkemidler for biogass i andre nordiske land og vurdere endringer for å sikre at norske biogassprodusenter er mer konkurransedyktige i møte med utenlandsk gassproduksjon.»

Vedtaket vart gjort i behandlinga av Meld. St. 11 (2021–2022), tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021), jf. Innst. 446 S (2021–2022), tilråding romartal XLV i innstillinga.

Miljødirektoratet har, på oppdrag frå departementet, levert ein rapport som gjennomgår verkemidla for biogass i Noreg, Sverige og Danmark. Miljødirektoratet kom ikkje med tilrådingar til korleis eller om rammevilkåra i Noreg bør endrast.

Rapporten viser at Noreg, Sverige og Danmark alle har verkemiddel for produksjon og bruk av biogass, men verkemidla treffer ulike delar av verdikjeda til biogassen og har ulik storleik. Gjennom Enova har den norske staten over fleire år gjeve mykje støtte til produksjon av biogass. Ser ein berre på investeringsstøtte, gjev det ikkje eit fullstendig bilete av rammevilkåra for biogassproduksjon i Noreg, Sverige og Danmark. Landa har strukturelle skilnader som gjer det vanskeleg å samanlikne effekten av ulike verkemiddel på tvers av landa. Noreg har til dømes det største samla avgiftsfritaket.

På bakgrunn av kunnskapen som kom fram i rapporten frå Miljødirektoratet, har Klima- og miljødepartementet drøfta problemstillinga for Nordisk råd. Landa skal no belyse problemstillingane som oppstår ved ulik verkemiddelbruk, og har gjeve embetskomiteen under Nordisk råd (EK-MK) i oppdrag å vurdere korleis saka kan følgjast opp vidare i det nordiske samarbeidet. Vedtaket er under oppfølging og vil følgjast opp som ein del av ein heilskapleg plan for norske bioressursar.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Utarbeide rapporteringssystem for bruk av berekraftig biodrivstoff utanfor omsetningskravet

Vedtak nr. 837, 17. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med tilsvarende modell som Sverige for Norge for avansert biodrivstoff, og snarest mulig utarbeide et rapporteringssystem for bruk av bærekraftig biodrivstoff utover omsetningskravet, som oppfyller bærekraftskriteriene for biodrivstoff, og som ikke inneholder biodrivstoff med avskogingsrisiko. Dersom Sverige i prosessen med EU-kommisjonen ikke får gjennomslag for den foreslåtte modellen, bes regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til ny modell.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2021–2022), revidert nasjonalbudsjett, jf. Innst. 450 S (2021–2022).

Klima- og miljødepartementet er ansvarleg for den delen av vedtaket som går ut på eit rapporteringssystem for biodrivstoff utanfor omsetningskravet. Departementet har i mars 2023 fått ein rapport frå Miljødirektoratet om «System for flytende biodrivstoff utover omsetningskrav – Svar på oppdrag om å utrede og vurdere system for bruk av biodrivstoff utover statlige omsetningskrav».Vi har fått ein rapport om system for bruk av berekraftig biodrivstoff utover omsetningskravet og følgjer opp tilrådingane i rapporten frå Miljødirektoratet.

I oppmodingsvedtaket ber Stortinget regjeringa også om å komme tilbake til Stortinget med ein tilsvarande modell som Sverige for Noreg for avansert biodrivstoff. Dette er nærmare omtalt i Prop. 1 LS (2023–2024) Skatter, avgifter og toll 2024.

Regjeringa ser vedtaket som utkvittert.

8.3 Stortingssesjon 2020–2021

Bidra til gjennomføring av tiltak initierte av lokale og regionale styresmakter som reduserer utslepp i verdsarvfjordane

Vedtak nr. 690, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen bidra til gjennomføring av tiltak initiert av lokale og regionale myndigheter, som reduserer utslipp i verdensarvfjordene.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:23 S (2020–2021) Representantforslag om utsettelse av kravet om nullutslipp i verdensarvfjordene fra 2026, jf. Innst. 251 S (2020–2021).

Oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp i samband med oppfølginga av vedtak nr. 691, 25. februar 2021, og vedtak nr. 672, 3. mai 2018.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Tiltak som sikrar verdsarvfjordane som anløpshamn for cruisebåtar også etter 2026 – etablering av landstraum i Flåm mv.

Vedtak nr. 691, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen foreslå tiltak som sikrer verdensarvfjordene som anløpshavn for cruisebåter også etter 2026, blant annet ved at staten sikrer etablering av landstrøm i Flåm som planlagt innen 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:23 S (2020–2021) Representantforslag om utsettelse av kravet om nullutslipp i verdensarvfjordene fra 2026, jf. Innst. 251 S (2020–2021).

Oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp i samband med oppfølginga av vedtak nr. 690, 25. februar 2021, og vedtak nr. 672, 3. mai 2018.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Verkemiddel for meir effektiv og einskapleg skadefelling av rovvilt

Vedtak nr. 751, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om egnede virkemidler som gjør skadefelling av rovvilt mer effektivt og enhetlig.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:86 S (2020–2021), Representantforslag om mer effektiv skadefelling av store rovdyr, jf. Innst. 255 S (2020–2021). Klima- og miljødepartementet har fått ei fagleg vurdering og tilråding om vidare oppfølging av oppmodingsvedtaket frå Miljødirektoratet, og departementet har gjeve direktoratet beskjed om å følgje opp i tråd med tilrådinga. Dei sentrale punkta gjeld bruk av tekniske hjelpemiddel for raskare oppdaging av skadar og betre varslingsrutinar og vidare arbeid med spesialiserte rovvilthundar. Når det gjeld hund, vil det i samband med revisjonen av viltlova gjerast ei nærmare vurdering av dette. I RNB 2023 vart det også gjeve 10 mill. kroner ekstra for arbeid med effektiv skadefelling i kommunane, til dømes til oppgradering av tekniske hjelpemiddel.

Departementet ser på vedtaket som utkvittert.

Kompetanseoverføringsprosjekt om skadefelling

Vedtak nr. 752, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen iverksette et kompetanseoverføringsprosjekt for at de metodene og de erfaringene som er gjort av skadefellingslagene i Nord-Østerdal og Engerdal, blir overført til skadefellingslag andre steder i landet. Det bør utarbeides et kursopplegg og etableres et permanent nettverk som sikrer overføring av kunnskap og kompetanse.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:86 S (2020–2021), Representantforslag om mer effektiv skadefelling av store rovdyr, jf. Innst. 255 S (2020–2021). Klima- og miljødepartementet har fått ei fagleg vurdering og tilråding om vidare oppfølging av oppmodingsvedtaket frå Miljødirektoratet, og departementet har gjeve direktoratet beskjed om å følgje opp i tråd med tilrådinga. Dei sentrale punkta er å inkludere erfaringane frå Nord-Østerdal og Engerdal i eksisterande kursmateriell i kursinga som blir gjord i regi av NJFF, inkludere erfaringane i fellingsrettleiinga utarbeidd av Statens naturoppsyn mfl. og dessutan halde eit seminar for kommunar og fellingsleiarar der erfaringane blir drøfta.

Departementet ser på vedtaket som utkvittert.

Forslag om verkemiddel for meir effektiv lisensfelling

Vedtak nr. 753, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til hvordan virkemidler knyttet til skadefelling også kan bidra til å gjøre lisensfelling mer effektiv.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:86 S (2020–2021), Representantforslag om mer effektiv skadefelling av store rovdyr, Innst. 255 S (2020–2021). Klima- og miljødepartementet har fått ei fagleg vurdering og tilråding om vidare oppfølging av oppmodingsvedtaket frå Miljødirektoratet, og departementet har gjeve direktoratet beskjed om å følgje opp i tråd med tilrådinga. Bruk av spesialiserte rovvilthundar, som ofte primært er alte opp og dresserte med tanke på skadefelling, vil samstundes kunne bidra til å gjere lisensfellinga meir effektiv. Eit vidare arbeid med spesialiserte rovvilthundar er vurdert som det mest aktuelle tiltaket for meir effektiv lisensfelling.

Departementet ser på vedtaket som utkvittert.

Nasjonal plan for å gjere land- og ladestraum, hydrogen, ammoniakk og andre grøne drivstoff tilgjengelege

Vedtak nr. 831, 22. april 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en nasjonal plan for å gjøre land- og ladestrøm, hydrogen, ammoniakk og andre grønne drivstoff tilgjengelig.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 10 (2020–2021) Grønnere og smartere – morgendagens maritime næring, jf. Innst. 338 S (2020–2021).

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har DNV levert ein underlagsrapport om føresetnader, status, behov og barrierar for tilgjengeleggjering av ulike alternative berekraftige drivstoff til skipsfarten. Departementet arbeider no med utforminga av den nasjonale planen. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Forslag om revidering av motorferdsellova

Vedtak nr. 973, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om revidering av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på økt lokalt selvstyre og redusert byråkrati knyttet til praktiseringen av loven, samtidig som hensyn til natur og friluftsliv blir ivaretatt.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:155 S (2020–2021), Representantforslag om lokalt selvstyre over motorisert ferdsel i utmark, og Dokument 8:161 S (2020–2021), Representantforslag om revidering av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på redusert byråkrati, jf. Innst. 429 S (2020–2021)

Vedtaket frå Stortinget er bakgrunnen for at Kongen i statsråd 3. september 2021 sette ned eit offentleg utval som skal gjennomgå regelverket om motorferdsel i utmark og vassdrag og foreslå endringar i dette. Utvalet skal levere utgreiinga innan 1. desember 2023. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med saka på eigna måte.

Oppfølging av globalt rammeverk for naturmangfald

Vedtak nr. 976, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget om oppfølgingen av det globale rammeverket for naturmangfold på egnet måte så fort som mulig etter at rammeverket er på plass.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:174 S (2020–2021), Representantforslag om en strategifor arbeidet med FNs naturavtale, jf. Innst. 434 S (2020–2021).

Forhandlingane om eit globalt rammeverk for naturmangfald vart avslutta under COP 15 i Montreal i Canada, 7.–19. desember 2022. Regjeringa har starta arbeidet med ei stortingsmelding om korleis Noreg skal følgje opp rammeverket.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram stortingsmeldinga i løpet av 2024.

Greie ut insentivordning for at frivillige, inkl. lag og organisasjonar, vil bidra til rydding av plast

Vedtak 1001, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede en incentivordning for at flere frivillige, inkludert lag og organisasjoner, vil bidra til rydding av plast.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:236 S (2020–2021) Representantforslag om globale og nasjonale tiltak for renere hav og håndtering av plast, jf. Innst. 445 S (2020–2021).

Senter mot marin forsøpling (Marfo) har etter oppdrag frå Klima- og miljødepartementet evaluert ordninga for tilskot til tiltak mot marin forsøpling og greidd ut moglege tiltak for styrkt tilrettelegging og koordinering av opprydding av marin forsøpling, inkludert det frivillige oppryddingsarbeidet. Klima- og miljødepartementet har vurdert utgreiingane, og det blir teke omsyn til desse i det vidare arbeidet.

Departementet ser på vedtaket som følgt opp.

Tilskotsordning som dekkjer kostnadene med leveransar av avfall etter frivillige ryddeaksjonar

Vedtak 1004, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen vurdere å innføre en tilskuddsordning som dekker kostnadene forbundet med leveranser av avfall etter frivillige ryddeaksjoner. Stortinget ber regjeringen legge frem en sak om dette i forbindelse med statsbudsjettet for 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:236 S (2020–2021) Representantforslag om globale og nasjonale tiltak for renere hav og håndtering av plast, jf. Innst. 445 S (2020–2021).

Miljøstyresmaktene forvaltar ei tilskotsordning for støtte til tiltak mot marin forsøpling. I 2023 vart det delt ut 33,5 mill. kroner til ulike oppryddingstiltak og nokre førebyggjande tiltak. Nokre kommunar har avfallsanlegg som tek imot rydda avfall gratis, medan andre tek betalt. Dekning av kostnader til levering av avfall inngår ofte i prosjekta som får støtte. Refusjonar til frivillige av mindre utgifter til ryddeutstyr, transport og levering av rydda avfall har i fleire år vore handterte ved Hold Norge Rents refusjonsordning. Midlar til refusjonsordninga har inngått i støtta Hold Norge Rent har fått frå tilskotsordninga. Handelens Miljøfond har auka støtta til det frivillige oppryddingsarbeidet, og støtta kan òg dekkje slike utgifter.

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har Marfo gjennomført ei utgreiing av tiltak for styrkt tilrettelegging og koordinering av opprydding av marin forsøpling. Moglege andre grep knytte til dekning av utgifter til levering av avfall inngår i utgreiinga. Klima- og miljødepartementet vurderer no situasjonen samla. Regjeringa meiner det ikkje er aktuelt med ei ytterlegare tilskotsordning.

Departementet ser på vedtaket som følgt opp.

Harmonisere rammevilkåra for biogassproduksjon i Norden

Vedtak 1009, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen om å ta initiativ til å harmonisere rammevilkårene for biogassproduksjon i Norden og komme tilbake til Stortinget med en plan for dette for å bidra til å utvikle biogassnæringen i Norge.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:231 S (2020–2021) Representantforslag om å fjerne de statlige barrierene for produksjon og bruk av biogass, jf. Innst. 468 S (2020–2021).

Miljødirektoratet har, på oppdrag frå departementet, levert ein rapport som gjennomgår verkemidla for biogass i Noreg, Sverige og Danmark. Vi viser òg til vedtak nr. 753, 10. juni 2022, om harmonisering av rammevilkåra for biogass i Norden. Sjå omtale av korleis rapporten blir følgd opp, under vedtak nr. 753. Vedtaket er under oppfølging, og Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

8.4 Stortingssesjon 2019–2020

Nye mål i kulturmiljøpolitikken

Vedtak 708, 16. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at en av de nye bevaringsstrategiene skal handle om kirker, og at det i den forbindelse legges til grunn en målsetting om at alle steinkirker fra middel-alderen skal ha ordinært vedlikeholdsnivå innen 1 000-årsjubileet for slaget på Stiklestad i 2030.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken –Engasjement, bærekraft og mangfold, jf. Innst. 379 S (2019–2020).

Klima- og miljødepartementet arbeider med å følgje opp Meld. St.16 (2019–2020). Bevaringsstrategiane vil bli lagde fram for Stortinget i Prop. 1 S (2023–2024). Barne- og familiedepartementet leier arbeidet med ein eigen bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjer. Klima- og miljødepartementet bidreg som samarbeidspartnar i arbeidet.

8.5 Stortingssesjon 2018–2019

Erstatningsreglane ved tap av beitedyr til rovvilt og kompensasjonsordninga (FKT)

Vedtak nr. 383, 31. januar 2019

«Stortinget ber regjeringen foreta en vurdering av erstatningsordningene for tap av beitedyr til rovvilt og kompensasjonsordningen (FKT) og rapportere til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:239 S (2017–2018) Representantforslag omerstatningsreglene ved tap av beitedyr til rovvilt, jf. Innst. 140 S (2018–2019).

Departementet er i gang med oppfølginga av dette vedtaket. Når det gjeld erstatningsordninga for tap av tamrein til rovvilt, er departementet si førebelse vurdering at det er behov for å sjå på endringar i ordninga. Departementet arbeider for å få gjennomført dette og vil involvere aktuelle partar i arbeidet. Når det gjeld erstatningsordninga for tap av husdyr til rovvilt, er departementet si vurdering at det kan vere behov for enkelte justeringar i ordninga, men at det mellom anna av ressursmessige omsyn er tenleg at vidare vurderingar ventar på arbeidet med erstatningsordninga for tamrein. Når det gjeld ordninga med tilskot til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak (FKT-ordninga), har Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norsk institutt for naturforsking (NINA) utarbeidd rapporten Vurdering av FKT-ordningen (NIBIO rapport, vol. 6, nr. 130, 2020). Forvaltninga følgjer opp dette, mellom anna gjennom arbeid med forslag til revidert forskrift for tilskotsordninga. Forslag til revidert forskrift vil bli sendt på høyring. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

8.6 Stortingssesjon 2017–2018

Gjenbruk gjennom kommunane sine gjenbruksstasjonar

Vedtak nr. 481, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen gi kommunene ansvar for å legge til rette for gjenbruk gjennom kommunenes gjenbruksstasjoner.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal II.

Det er vurdert at kommunane allereie har dette ansvaret, sjølv om det ikkje går uttrykkjeleg fram av forureiningslova, og at dette kan dekkjast over avfallsgebyret, jf. Prop. 1 S (2018–2019). Energi- og miljøkomiteen tok regjeringa si vurdering til orientering og bad om ei orientering som fortel om kommunane følgjer opp dette ansvaret, jf. Innst. 9 S (2018–2019).

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med ei orientering som fortel om kommunane følgjer opp.

Utleige av avfallskonteinarar frå godkjende avfallsselskap

Vedtak nr. 482, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen gi kommunene anledning til selv å bestemme om de ønsker samtykke ved utleie av avfallskonteinere fra godkjente avfallsselskaper.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal III.

Departementet har gjeve i oppdrag til Miljødirektoratet å vurdere verkemiddel for auka førebuing til ombruk og materialattvinning av grovavfall som blir samla inn av private aktørar. Dette er vurderingar som er relevante i oppfølginga av dette vedtaket. Miljødirektoratet har levert tilrådinga si, og dette er no til vurdering i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Matkastelov

Vedtak nr. 489, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og matvarebransjen. Loven bør omfatte påbud om å donere all spiselig overskuddsmat til veldedige formål og sekundært til dyrefôr, samt påbud om å offentliggjøre nøkkeltall knyttet til matsvinn og reduksjon av matsvinn.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XV.

Regjeringa sette i februar 2023 ned eit utval som skal greie ut heilskapleg tiltaks- og verkemiddelbruk for å nå målet om 50 pst. reduksjon av matsvinnet innan 2030 og korleis ei matkastelov skal inngå i ein samla verkemiddelbruk. Utvalet skal ferdigstille utgreiinga innan utgangen av 2023, og deretter vil forslaga vurderast, og det blir lagt opp ein prosess for korleis dette skal følgjast opp.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Greie ut strengare krav til svartvass- og gråvassutslepp frå cruiseskip

Vedtak nr. 661, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede strengere krav til svartvanns- og gråvannsutslipp fra cruiseskip.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018), jf. tilrådinga i innstillinga romartal VIII.

Sjøfartsdirektoratet har greidd ut forslag til endring i regelverket for innføring av strengare krav til utslepp av kloakk frå skip langs kysten. Ei kartlegging frå Miljødirektoratet om mottakskapasiteten for kloakk og kloakkslam i hamnene inngår i faggrunnlaget. Det er behov for vidare utgreiing.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Implementere krav og reguleringar til utslepp frå cruiseskip og annan skipstrafikk i turistfjordar m.m.

Vedtak nr. 672, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen implementere krav og reguleringer til utslipp fra cruiseskip og annen skipstrafikk i turistfjorder samt andre egnede virkemidler for å sørge for innfasing av lav- og null-utslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030, herunder innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018).

1. mars 2019 innførte Sjøfartsdirektoratet som eit første steg strengare utsleppskrav til skip i verdsarvfjordane.

I 2020 greidde Sjøfartsdirektoratet ut konsekvensane av å innføre nullutsleppskrav for turistskip og ferjer i verdsarvfjordane så snart det kan gjennomførast teknisk, og seinast innan 2026. Utgreiinga viste mellom anna at det er teknologiske utfordringar med å kunne oppnå nullutslepp for større turistskip, som cruiseskip, innan 2026.

Ved Stortingets behandling 25. februar 2021 av Dokument 8:23 S (2020–2021) Representantforslag om utsettelse av krav om nullutslipp i verdsarvfjordane fra 2026 vart det gjort to nye oppmodingsvedtak, høvesvis vedtak nr. 690, 25. februar 2021, «Stortinget ber regjeringen bidra til gjennomføring av tiltak initiert av lokale og regionale myndigheter, som reduserer utslipp i verdensarvfjordene», og vedtak nr. 691, 25. februar 2021, «Stortinget ber regjeringen foreslå tiltak som sikrer verdensarvfjordene som anløpshavn for cruisebåter også etter 2026, blant annet ved at staten sikrer etablering av landstrøm i Flåm som planlagt innen 2022».

På bakgrunn av oppmodingsvedtaka sende Sjøfartsdirektoratet, på oppmoding frå departementet, sommaren 2023 forslag til eit regelverk for utsleppsfrie verdsarvfjordar på høyring med høyringsfrist 3. oktober 2023. Forslaget inneheldt også ei overgangsordning som skal sikre vidare cruiseanløp.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar

Vedtak nr. 674, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen snarest mulig utrede et nasjonalt forbud mot salg av heliumballonger, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018).

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet gjer Miljødirektoratet ein større gjennomgang av produsentansvarsordningane. Miljødirektoratet tilrår ei forskrift med krav til utvida produsentansvar for utvalde eingongsprodukt av plast, irekna for ballongar. Bakgrunnen for forslaget er mellom anna EUs direktiv om plastprodukt ((EU) 2019/904) som stiller krav om at produsentar skal dekkje utgifter til handtering av forsøpling av visse typar plastprodukt. Miljødirektoratet har funne at det er lite forsøpling med ballongar i Noreg, og tilrår at ballongprodusentar har plikt til å melde seg inn i eit produsentansvarsselskap berre dersom plukkanalysar visar eit minimum av forsøpling frå ballongar. Som følgje av dette er det ikkje fagleg grunnlag for eit forbod.

Departementet ser på vedtaket som følgt opp.

8.7 Stortingssesjon 2016–2017

Gratis levering av marint avfall

Vedtak nr. 529, 28. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen særskilt belyse hvordan gratis levering av marint avfall bør organiseres, og komme tilbake til dette på egnet måte.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av innstilling frå energi- og miljøkomiteen, Innst. 213 S (2016–2017), jf. Dok. 8:31 S (2016–2017), tilrådinga i innstillinga romartal I.

Regjeringa vedtok nyleg endringar i forureiningsforskrifta kapittel 20 om levering og mottak av avfall og lasterestar frå skip som gjennomførte EUs reviderte skipsavfallsdirektiv ((EU) 2019/883). Endringane inneber mellom anna at krav om avfallsgebyr i hamn skal innførast også for fiskefartøy og fritidsbåtar slik det no gjeld for andre typar fartøy. Samstundes skal også handtering av oppfiska avfall inkluderast i det generelle gebyret. Dette vil innebere at det ikkje blir kravd særskilt gebyr for innlevering av avfall som er fått opp frå havet. Det blir stilt krav om at hamner skal leggje til rette for mottak av kjeldesortert avfall frå skipa som nyttar hamna. Endringsforskrifta tek til å gjelde 1. oktober 2023.

Departementet ser på vedtaket som følgt opp.

Forslag til tiltak og verkemiddel for overvassproblematikk

Vedtak nr. 914, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå anbefalingene fra overvannsutvalget (NOU 2015: 6), og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med forslag til tiltak og virkemidler for overvannsproblematikk, inkludert en vurdering av en egen sektorlov for vann- og avløp.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandling av Dok. 8:78 S (2016–2017), jf. Innst. 436 S (2016–2017), jf. tilrådinga i innstillinga romartal I.

Overvassutvalet foreslo ein pakke av verkemiddel som må sjåast i samanheng, og som til saman vil medverke til å oppnå måla om å førebyggje skade på busetnad, infrastruktur, helse og miljø. Forslag til endringar i forureiningslova og vass- og avløpsanleggslova vart sendt på høyring i mars 2020 og er til behandling i Klima- og miljødepartementet. Kommunal- og distriktsdepartementet fremja forslag til endringar i plan- og bygningslova om handtering av overvatn i 2022. Forslaget vart vedteke av Stortinget 27. juni 2022 og skal ta til å gjelde 1. januar 2024. Forslaget til overvassutvalet er også følgt opp i Meld. St. 26 Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn. Her har regjeringa sagt at dei vil vurdere fordelar og ulemper ved å innføre eit eige gebyr for overvatn og greie ut ulike gebyrmodellar. Videre vil regjeringa sende forslag til nytt kapittel i forureiningsforskrifta med krav til etablering, tømming og vedlikehald av sandfang på høyring og greie ut behov for endringar i forureiningslova om ansvar for skade forårsaka av avløpsanlegg.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

8.8 Stortingssesjon 2015–2016

Handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfugl

Vedtak nr. 674, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en handlingsplan for å bedre situasjonen for sjøfugler. I handlingsplanen må det gjøres en vurdering av hvilke øvrige sjøfugler som bør få status som prioritert art.»

Vedtaket vart gjort ved stortingsbehandlinga av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. Innst. 294 S (2015–2016), innstillinga romartal IX.

Dette er eit komplekst og samansett fagområde som involverer mange ulike sektorar. Det har vist seg vanskeleg å få på plass eit kunnskapsgrunnlag som kan gje grunnlag for ein treffsikker handlingsplan som kan betre situasjonen for sjøfugl. Departementet vil gjere ei nærare vurdering av korleis ein best kan betre situasjonen for sjøfugl. Vi vil og sjå dette i samanheng med det igangverande arbeidet i OSPAR med ein regional handlingsplan for sjøfugl for Nordaust-Atlanteren.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Forbod mot mikroplast i kroppspleieprodukt

Vedtak nr. 681, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen om fremme forslag med sikte på å forby mikroplast i kroppspleieprodukter.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av Dok. 8:44 S (2015–2016), jf. Innst. 282 S (2015–2016), tilrådinga i innstillinga romartal I.

Eit forslag til restriksjon frå EUs kjemikaliebyrå under EU/EØS-regelverket REACH mot mikroplast tilsett i produkt som blir marknadsførte i Europa, vart ferdigstilt i 2019. EU-kommisjonen la den 31. august 2022 fram forslag til endring av regelverket. Dette omfattar mellom anna forbod mot å omsetje produkt med tilsett mikroplast. Dette vil òg gjelde kroppspleieprodukt. Forslaget fekk fleirtal i EU og er no til vurdering i Rådet og EU-parlamentet før det blir vedteke. Dette kan tidlegast skje hausten 2023. Deretter vil regelverket kunne takast inn i EØS-avtalen og gjennomførast i norsk rett. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Til forsiden