Oppfølging av berekraftsmåla i Noreg

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Verdsmåla for berekraftig utvikling gjeld for alle land, og alle land skal bidra til å nå dei. Ambisjonen er å oppnå velferd for alle på ein måte som samsvarar med miljø- og klimaomsyn. Dei 17 berekraftsmåla med dei 169 delmåla skildrar ei ønskt retning for utviklinga i verda. Måla gir rammene for ein omstilling som har til føremål å gi alle eit betre liv, samstundes som ein tar vare på miljøet.

Det har vore fleire tiår der utviklinga i verda har gått i rett retning. Vesentleg fleire får utdanning og er i arbeid. Talet på middelinntektsland har vakse. Økonomisk utvikling og helse heng saman. Globalt er det langt færre svoltne og fattige no enn før.

Dei siste tre åra har den positive utviklinga snudd. Først med pandemien, som har skyvd millionar av menneske tilbake til fattigdom – dei som var mest utsette frå før, har blitt ramma hardast – og deretter på grunn av at Russland gjekk til angrep på Ukraina. Tusenvis er drepne og skadde, og millionar er på flukt. Den russiske aggresjonen har skapt ny uvisse i Europa. Tryggingspolitikken har kome i fokus.

Desse krisene viser korleis berekraftsmåla heng saman. Mål 16 om fred, rettferd og velfungerande institusjonar har fått ny aktualitet. Den globale pandemien viser verdien av mål 3 om god helse. Sjukdom og krig gjer det vanskelegare å nå måla om fattigdomsreduksjon, mattryggleik, utdanning til alle og redusert ulikskap. Heile verda blir påverka.

I sum skildrar berekraftsmåla ein ønskt tilstand som ligg nær den vi allereie har i Noreg. Landet vårt er i stort kjenneteikna av tryggleik, rettstryggleik og materiell velstand. Utdannings- og helsetenester er tilgjengelege for alle. Samfunnet er prega av samarbeid og tillit. Det er høg yrkesdeltaking og relativt lite ulikskap. Sett under eitt er Noreg eit av dei landa som skårar best på berekraftsmåla. Men prisane på energi, varer og tenester stig og dei sosiale skilnadene aukar òg i Noreg.

På nokre område har vi vesentlege utfordringar. Dette gjeld særleg dei faktorane som viser baksida av velstanden. Vi har eit høgt materielt forbruk og store klimagassutslepp, og skårar derfor dårlegare på berekraftsmål 12 og 13 enn på andre mål. Vi har òg utfordringar med naturmangfaldet og berekraftsmål 14 og 15.

Den store utfordringa er – for Noreg som for andre vestlege land – å gjennomføre eit grønt skifte der vi vidareutviklar velferdssamfunnet, meistrar konsekvensane av dei demografiske og teknologiske endringane, og samstundes får utsleppa og det materielle forbruket ned på eit akseptabelt nivå.

Status for arbeidet med kvart av berekraftsmåla blir gjennomgått i neste avsnitt.

Som oppfølging av Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening. Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 har regjeringa starta arbeidet med å utvikle målepunkt for å følgje utviklinga over tid på område med nasjonale utfordringar. Med tal for målepunkta vil vi få tidsseriar og kan følgje med på utviklinga fram mot 2030, jf. avsnitt 3 Indikatorar og målepunkt.

I 2022 etablerte regjeringa Toppleiarforum for berekraftsmåla. Forumet er ein møteplass for utvikling av felles kunnskapsgrunnlag, deling av beste praksis og drøfting av målkonfliktar, interessekonfliktar og dilemma. Arbeidet med berekraftsmåla handlar om dei daglege avgjerdene og handlingane i kvar organisasjon. Forumet skal gi innsikt frå kommunesektoren, organisasjonane i næringslivet, arbeidstakarsamanslutningane, frivillige organisasjonar og statlege verksemder. Sidan etableringa har Toppleiarforum vore samla fire gonger for å diskutere tema som sirkulær økonomi, ansvarleg forbruk, ulikskap og energiforsyning.

Til forsida