3 Indikatorar og målepunkt
Utviklinga på dei områda som berekraftsmåla dekker, blir følgde ved hjelp av data og statistikk. Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening viser norske tal for dei globale indikatorane som er forhandla fram i FN. Statistisk sentralbyrå (SSB) og andre nasjonale data- og statistikkprodusentar rapporterer tal for Noreg til aktuelle internasjonale organ. For å følgje utviklinga på dei 169 delmåla har FN etablert 231 globale indikatorar. I august 2023 finst det norske tal for 96 av dei.
Berekraftsmeldinga inneheld forslag til nesten 500 nasjonale målepunkt. Desse er eit supplement til dei globale indikatorane og skal brukast til å følgje utviklinga over tid på område med nasjonale utfordringar. Kommunal- og distriktsdepartementet har gitt SSB i oppdrag å leie arbeidet med å utvikle nasjonale målepunkt i samarbeid med departementa og underliggjande etatar. Dette arbeidet vil bli avslutta i 2023. I august 2023 finst det tal for 151 nasjonale målepunkt. Av desse er 66 særleg spesifiserte nasjonale målepunkt. Dei resterande er indikatorar frå FN sitt globale indikatorsett, som òg kan brukast for å vise utviklinga i ein nasjonal kontekst.
Tal for dei globale indikatorane finst på SSB sin indikatorportal for berekraftsmåla: www.ssb.no/sdg. SSB vil lansere ein eigen indikatorportal for dei nasjonale målepunkta i løpet av 2023.