Oppfølging av berekraftsmåla i Noreg

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Verdsmåla for berekraftig utvikling gjeld for alle land, og alle land skal bidra til å nå dei. Ambisjonen er å oppnå velferd for alle på ein måte som samsvarar med miljø- og klimaomsyn. Dei 17 berekraftsmåla med dei 169 delmåla skildrar ei ønskt retning for utviklinga i verda. Måla gir rammene for ein omstilling som har til føremål å gi alle eit betre liv, samstundes som ein tar vare på miljøet.

For å skape ei berekraftig utvikling, må verdssamfunnet arbeide langs tre gjensidig avhengige dimensjonar: miljødimensjonen, den økonomiske dimensjonen og den sosiale dimensjonen. Det er samanhengen mellom desse tre dimensjonane som avgjer om noko er berekraftig.

Det har vore fleire tiår der utviklinga i verda har gått i rett retning. Vesentleg fleire får utdanning og er i arbeid. Talet på middelinntektsland har vakse. Økonomisk utvikling og helse heng saman. Globalt er det langt færre svoltne og fattige no enn før.

Dei siste åra har den positive utviklinga snudd. Først med pandemien, som har skyvd millionar av menneske tilbake til fattigdom – dei som var mest utsette frå før, har blitt ramma hardast – og deretter på grunn av krigen i Ukraina, samt økt førekomst av spenningar og konflikt globalt. Tusenvis er drepne og skadde, og millionar er på flukt. Krisane har skapt ny uvisse i Europa og tryggingspolitikken har kome i fokus.

Desse krisene viser korleis berekraftsmåla heng saman. Mål 16 om fred, rettferd og velfungerande institusjonar har fått ny aktualitet. Sjukdom og krig gjer det vanskelegare å nå måla om fattigdomsreduksjon, mattryggleik, utdanning til alle og redusert ulikskap. Heile verda blir påverka.

Ifølgje Sustainable Development Report (2023) er verda ute av kurs for å nå berekraftsmåla innan 2030. Til tross for den negative utviklinga, er berekraftsmåla fortsett oppnåelege. Som verdssamfunn har vi i dag tilgang på meir kapital, kunnskap og teknologi enn nokon gong tidlegare og Noreg har eit godt utgangspunkt for å kunne lede an i arbeidde.

I sum skildrar berekraftsmåla ein ønskt tilstand som ligg nær den vi allereie har i Noreg. Landet vårt er i stort kjenneteikna av tryggleik, rettstryggleik og materiell velstand. Utdannings- og helsetenester er tilgjengelege for alle. Samfunnet er prega av samarbeid og tillit. Det er høg yrkesdeltaking og relativt lite ulikskap. Sett under eitt er Noreg eit av dei landa som skårar best på berekraftsmåla. Men prisane på energi, varer og tenester stig og dei sosiale skilnadene aukar òg i Noreg.

På nokre område har vi vesentlege utfordringar. Dette gjeld særleg dei faktorane som viser baksida av velstanden. Vi har eit høgt materielt forbruk og store klimagassutslepp, og skårar derfor dårlegare på berekraftsmål 12 og 13 enn på andre mål.

Ifølgje den globale lista over korleis ulike land ligg an til å nå berekraftsmåla er Noreg rangert som nummer 7 av 166 land. Den store utfordringa er – for Noreg som for andre vestlege land – å gjennomføre eit grønt skifte der vi vidareutviklar velferdssamfunnet, meistrar konsekvensane av dei demografiske og teknologiske endringane, og samstundes får utsleppa og det materielle forbruket ned på eit akseptabelt nivå.

Status for arbeidet med kvart av berekraftsmåla blir gjennomgått i neste avsnitt.

Som oppfølging av Meld. St. avsnitt 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå berekraftsmåla innan 2030 har regjeringa arbeidd med å utvikle målepunkt for å følgje utviklinga over tid på område med nasjonale utfordringar. Med tal for målepunkta vil vi få tidsseriar og kan følgje med på utviklinga fram mot 2030. Sjå avsnitt 3. for nærare omtale.

Regjeringa vil leggje fram ei ny stortingsmelding om Noregs arbeid med berekraftsmåla for stortinget i 2025. Meldinga skal vise heilskapen i regjeringas berekraftspolitikk, og vil særleg vektlegge status på dei delmåla der Noreg har eit forbetringspotensial. I forbindelse med meldinga ønsker regjeringa å be borgarane om råd om korleis vi saman kan løyse ein av våre største berekraftsutforfordingar. Regjeringa set derfor ned eit nasjonalt folkepanel om berekraftig forbruk. Anbefalingane frå folkepanelet skal vurderast og svarast ut i stortingsmeldinga.

Til forsida