Oppfølging av berekraftsmåla i Noreg

Til innhaldsliste

3 Indikatorar og målepunkt

Utviklinga på dei områda som berekraftsmåla dekker, blir følgde ved hjelp av data og statistikk. Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening viser norske tal for dei globale indikatorane som er forhandla fram i FN. Statistisk sentralbyrå (SSB) og andre nasjonale data- og statistikkprodusentar rapporterer tal for Noreg til aktuelle internasjonale organ. For å følgje utviklinga på dei 169 delmåla har FN etablert 231 globale indikatorar. I august 2024 finst det norske tal for 103 av dei.

Alle land skal «oversett» dei globale berekraftsmåla til nasjonale forhald. Mål med mening inneheld forslag til nesten 500 nasjonale målepunkt. Desse er eit supplement til dei globale indikatorane og skal brukast til å følgje utviklinga over tid på område med nasjonale utfordringar. Kommunal- og distriktsdepartementet ga SSB i oppdrag å leie arbeidet med å utvikle nasjonale målepunkt i samarbeid med departementa og underliggjande etatar.

SSB lanserte i desember 2023 ei indikatornettside for samlinga av dei nasjonale målepunkta. Framover vil vi ha eit betre datagrunnlag for å vurdere status på Noregs framdrift for å nå berekraftsmåla. I august 2024 finst det tal for 192 nasjonale målepunkt. Av desse er 113 særleg spesifiserte nasjonale målepunkt. Dei resterande er indikatorar frå FN sitt globale indikatorsett, som òg kan brukast for å vise utviklinga i ein nasjonal kontekst. Dei nasjonale indikatorane vil bli oppdatert kontinuerleg og fleire vil bli lagd til.

Tal for dei globale og nasjonale indikatorane finst på SSB sine indikatornettsider for berekraftsmåla: www.ssb.no/sdg og www.ssb.no/baerekraftsmaalene.

Til forsida