1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om enkelte endringar i lov 15. juni 2001 nr. 81 om elektronisk signatur.
Forslaga gjeld justering av definisjonen av elektronisk signatur, jf. § 3 nr. 1, datatilsynet sin heimel for å føre tilsyn med innsamling og bruk av personopplysningar, jf. § 7 andre ledd, og godkjenning av sertifikat frå sertifikatutferdarar utanfor EØS, jf. § 25 andre ledd. Forslaga er av teknisk art.