2 Bakgrunnen for forslaget
Direktivet 1999/93/EF av 13. desember 1999 om fellesskapsramme for elektroniske signaturar vart publisert i EF-Tidende den 19. januar 2000, og tok til å gjelde same dagen.
Bakgrunnen for direktivet var at utviklinga av elektronisk handel over opne globale nett gjer det naudsynt med elektroniske signaturar med tilhøyrande teneste som sørgjer for autentisering. Dersom EU-landa har ulike regelverk kva gjeld rettsleg godkjenning av elektroniske signaturar og akkreditering av sertifikatutferdarar, kan dette skape hinder for elektronisk handel og hindre utviklinga av den indre marknaden. Det er derfor behov for eit harmonisert rammeverk for bruk av elektronisk signatur.
Direktivet vart gjennomført ved lov om elektronisk signatur 15. juni 2001 nr. 81 og forskrift om krav til utsteder av kvalifiserte sertifikater m.v., 15. juni 2001 nr. 611. Lova vart vedteken på bakgrunn av Ot.prp. nr. 82 (1999-2000), og tok til å gjelde 1. juli 2001, samstundes med forskrifta.
Lova gjeld for sertifikatutferdarar som er etablerte i Noreg. Lova inneheld også reglar om godkjenning av sertifikat frå utferdarar etablerte utanfor Noreg. Hovudformålet med lova er å leggje til rette for sikker og effektiv bruk av elektronisk signatur. Dette er gjort ved at lova har reglar for godkjenning av og tilsyn med sertifikatutferdarar. Ho stiller krav til kvalifiserte sertifikat, og har reglar om rettsverknader av elektroniske signaturar. Lova har også reglar om sertifikatutferdar sin rett til innsamling og bruk av personopplysningar.
Departementet har etter at lova tok til å gjelde funne behov for å foreta nokre mindre tekniske justeringar. Dette gjeld § 3 bokstav a om definisjonen av elektronisk signatur, § 7 andre ledd om Datatilsynet sin heimel for å føre tilsyn med innsamling og bruk av personopplysningar, og § 25 andre ledd om godkjenning av sertifikat utferda av sertifikatutferdarar utanfor EØS.