Del 1
Strategi for fornybar energiproduksjon til havs
2 Innleiing
Del I er strategidelen av proposisjonen.
I kapittel 3 er det ein oversikt over havenergi internasjonalt. Under dette utbyggingsstatus og EU sin handlingsplan for vindkraft til havs.
I kapittel 4 gis ein oversikt over teknologistatus for ulike vindkraftkonsept og andre energiteknologiar for energiproduksjon til havs. Styresmaktene sine verkemiddel for forsking, utvikling og demonstrasjon er óg omtala.
Kapittel 5 tek føre seg dei arealvurderingar som føresettast å liggje til grunn for utbygging av vindkraft til havs. Under dette ein gjennomgang av ulike tema ein slik prosess må inkludere. Kapitlet gir óg ei omtale av korleis arealvurderingar vil bli lagt opp i Noreg.
Kapittel 6 omtaler infrastruktur til havs. Under dette status i dag og planar og politikk i Noreg og i andre land. Vidare omtales nokre prinsipp for framtidig nettutvikling til havs.
3 Havenergi internasjonalt
Behovet for å redusere utsleppa av klimagassar frå energiproduksjon utan å svekkje forsyningstryggleiken har auka interessa for å utnytte fornybar energi til havs i stor skala. Ei slik utvikling kan bli ein vesentleg faktor i å utvikle ei meir klimavennleg energiforsyning i Nord-Europa, og i andre land med høvelege havareal. Ei årsak til dette er at tilgjengeleg areal for produksjon av fornybar energi på land er avgrensa. Det teoretiske potensialet for fornybar energiproduksjon til havs er svært stort. Fleire av nabolanda våre har sett seg ambisiøse mål om å byggje ut store mengder slik energi dei næraste 10-20 åra. Også i Asia og USA aukar interessa for havbasert vindenergi. I kapittel 3.1 er det eit oversyn over status for planar og utbygging av havbasert vindkraft internasjonalt.
Utbygging av havbasert energi i stor skala medfører likevel vesentlege utfordringar og krav til internasjonal koordinering. EU-kommisjonen gav i november 2008 ei fråsegn om ein handlingsplan for havbasert vindenergi som er ein del av EUs oppfølging av den framlagte energi- og klimapakken frå januar 2008, der fornybardirektivet inngjekk. Handlingsplanen for havbasert vindenergi er omtalt nærare i 3.2. EUs mål er at 20 prosent av energibruken kjem frå fornybar energi i 2020. Fornybardirektivet inneber at landa skal ta på seg nasjonale mål og levere handlingsplanar for gjennomføringa av måla. Land kan etablere prosjekt i samarbeid med andre land for å oppfylle måla sine. Fleire av medlemslanda ser på utbygging av havbasert vindenergi som viktig for å nå dei nasjonale målsetjingane sine for 2020.
3.1 Status for havbasert vindkraft internasjonalt
Danmark etablerte i 1991 verdas første testanlegg for havbasert vindkraft, Vindeby med 11 turbinar på kvar 0,45 MW. Av ein total installasjon på om lag 760 000 MW i EU i dag, er nesten 1500 MW havbasert vindkraft. I tillegg er meir enn 2600 MW under bygging. Landa med størst installert effekt er Storbritannia (591 MW), Danmark (409 MW), Nederland (247 MW) og Sverige (133 MW) 1 . Samanlikna med total utbygging av vindkraft i Europa på over 66 000 MW, representerer vindkraft til havs framleis eit lite segment av marknaden.
I Asia sette Kina den første havvindmølla si i drift i 2007. Ein større park på 100 MW er under bygging og er venta sett i drift i 2010. Studiar over høve til byggje havvindmøller er utførde i Sør-Korea og Japan. I USA vart lovverk for utvikling av havbasert vindenergi fastsett i april i år, og nokre prosjekt er under planlegging.
Dei fleste eksisterande anlegga står mindre enn 10 km frå kysten og på mindre djupner enn 15-20 meter. Største kjende djup der det er etablert botnfaste vindturbinar er om lag 45 meter, i form av to 5 MW turbinar i tilknyting til ein oljeplattform på britisk sokkel.
Fleire land har sett seg høge målsetjingar for vidare utbygging av havbasert vindkraft. I Danmark er Horns Rev II planlagt sett i drift i 2009 med 203 MW, mens Rødsand II er venta sett i drift i 2010 med 207 MW. I ei energipolitisk avtale som fekk brei tilslutning i Folketinget i januar 2008 ligg det inne planar for ytterlegare to parkar på 200 MW kvar som skal setjast i drift i 2012. Det er kartlagt areal med havdjup ned til 40 m som kan gi plass til vindkraft med ein samla kapasitet på rundt 4600 MW.
Storbritannia har svært ambisiøse mål for utvikling av havbasert vindkraft. Gjeldande målsetjing inneber bygging av 33 000 MW havbasert vindkraft innan 2020. Areal i sjøen som kan gi rom for ca. 8 000 MW vindkraft er tidlegare peikt ut i to rundar. Runde 3, som går føre seg no, skal i høve til målsetjingane gi ytterlegare 25 000 MW. Storbritannia har vurdert havdjup ned til 60 m.
Tyskland vedtok i 2002 ein strategi med mål om 20-25 000 MW havbasert vindkraft innan 2030. Så langt er tre mindre anlegg i drift. Det er vidare gitt ei rekkje løyve (19 i Nordsjøen og 5 i Austersjøen), men ingen kommersielle anlegg er bygde så langt.
3.2 EU sin handlingsplan for havbasert vindkraft
EU-kommisjonen gav 23. november 2008 ei fråsegn om ein handlingsplan for havbasert vindenergi; «Offshore Wind Energy – Action needed to deliver on the Energy Policy Objectives for 2020 and beyond». Fråsegna var ein viktig del av EU-kommisjonens andre strategiske energigjennomgang (Strategic Energy Review II). Heile denne pakken blir no handsama på ulike nivå i EU-systemet. Denne kan sjåast på som ein del av EUs oppfølging av den framlagte energi- og klimapakken frå 23. januar 2008 der fornybardirektivet inngjekk, og er av dei tiltaka som blir gjort frå EU si side for å nå målet på 20 prosent del fornybar energi i 2020. I handlingsplanen for havbasert vindkraft er det vist til at dei nasjonale handlingsplanane som medlemslanda skal innrapportere under fornybardirektivet innan medio 2010 kan nyttast til å fremje havbasert vind.
Fråsegna om handlingsplanen for havbasert vindenergi slår fast at vindkraft vil spele ei sentral rolle for å nå måla for den nye energipolitikken i Europa (COM(2007)1). Meir enn 40 pst. av ny kapasitet tilført nettet i EU i 2007 var vindkraft. Modellscenario frå Second Strategic Energy Review (COM(2008) 738) tyder på at vindkraft vil stå for meir enn ein tredel av all energiproduksjon basert på fornybare energikjelder i 2020 og nærare 40 pst. i 2030. Det aller meste av vindkraftproduksjonen skjer i dag frå vindkraftanlegg på land. For at dei ambisiøse målsetjingane skal kunne la seg oppfylle må havbasert vindkraft takast i bruk i større grad.
Vindkraft til havs er meir komplisert og kostnadskrevjande å installere og å halde ved like enn vindkraft på land. Samtidig peiker kommisjonen på at havbasert vindkraft har enkelte fordelar. Havbasert vindkraft har eit høgt produksjonspotensial, kan nytte større vindmøller, betre vindforhold og truleg ha mindre miljømessige ulemper. Havbasert vind blir omtalt som ein ny marknad under utvikling («emerging market»). Ei utnytting av fornybarpotensialet vil krevje gode og stabile rammevilkår. Vedtaket av den tredje energimarknadspakken i 2007 og energi- og klimapakken som vart presentert i januar 2008 vil i følgje Kommisjonen medverke til utvikling av havbasert vindkraft og fornybar energi generelt.
Kommisjonen har identifisert fire hovudutfordringar for at havbasert vindkraft kan medverke betydeleg til målsetjingane om betre forsyningstryggleik, reduserte utslepp av klimagassar og auka konkurransekraft. Desse er knytt til teknologiske og industrielle utfordringar, manglande grenseoverskridande og strategisk planlegging, manglande informasjons- og kunnskapsdeling, samt balanseringa av varierande vindkraftproduksjon og handtering av flaskehalsar i nettet.
Kommisjonen meiner at det er lagt til rette for ein meir strategisk og koordinert prosess for å utvikle havbasert vindkraft gjennom bl.a. rapporteringspliktene under fornybardirektivet. Her kan landa oppstille konkrete handlingar og mål for utviklinga. Gjennomføring av rammedirektivet for havstrategi er nemnt som eit høve for medlemsstatane til å vurdere samla påverknad på havmiljøet. For kraftoverføring har EU lagt til rette for ei meir koordinert utvikling innafor den indre marknaden for EU/EØS og også regionalt innan EU/EØS. Pågåande samarbeid mellom Tyskland, Sverige og Danmark for å utforske høvet til felles nettilknyting til tre havvindparkar på Kriegers Flak i Østersjøen er nemnt. Prosjektet er støtta av EU og vil gi verdifulle erfaringar om korleis moglege samfunnsøkonomiske fordelar ved ei felles løysing for nye vindparkar og nettilknyting kan delast. Kommisjonen vil supplere annan innsats for å samle dei forskjellige prosessane, styresmaktene og interessentane, for å utvikle ein «beste praksis» gjennom spesifikke døme, og for å stimulere til liknande samarbeidsprosjekt andre stader, først og fremst i Nordsjøen.
Det blir peikt på at hovuddelen av befolkninga i Europa er positiv til å utvikle havbasert vindkraftproduksjon på grunn av den potensielle betydinga den har for klimagassutslepp, lokale utslepp og forsyningstryggleiken. Lokalt kan det likevel vere motstand mot enkeltprosjekt på grunn av at det kan førekomme visuell forureining, støy eller negative effektar for naturmangfaldet. Slike problem kan ein unngå ved utbygging lenger ut i havet der overvakningsprogram i eksisterande havvindparkar har vist at sjølv store vindkraftprosjekt kan byggjast utan vesentleg negativ effekt på naturmangfaldet eller levestader. Det blir likevel påpeikt at vindkraftanlegg ved uheldig lokalisering kan ha negativ påverknad på sårbare arter og levestader, og at moglege problem derfor bør kartleggjast på eit tidleg tidspunkt. Kommisjonen meiner at ein på dette området kan ha ei god forvaltning med bakgrunn i dei systema for konsekvensutgreiingar EU-lovgivinga legg opp til. Kommisjonen vil likevel framskunde arbeidet sitt med retningslinjer for natur og vindparkar.
Havbasert vindkraftutbygging i stor skala kan forårsake flaskehalsar i overføringssystemet. Denne problemstillinga blir no utgreidd, og truleg vil nye tiltak som ny overføringskapasitet, energilagring, meir effektivt nett og systemintegrasjon vere ein del av løysinga på dette området.
Kommisjonen konkluderer med at havbasert vindkraft har eit stort potensial til å forsyne Europa med fornybar energi i framtida. Men dette vil ikkje skje av seg sjølv. Dei utfordringane som er identifiserte må løysast innanfor ramma av den lovgivinga som er etablert i Europa, ei betring av rammevilkåra og eit tettare samarbeid mellom landa. Ein viser til det målet som er nedfelt for fornybar energi for EU gjennom fornybardirektivet som vart vedteke i desember 2008. Dette rammeverket vil òg kunne nyttast for å fremje havbasert vind gjennom dei nasjonale handlingsplanane som skal leggjast fram.
I tillegg viser ein i konklusjonen til eksisterande relevante EU-initiativ som kan medverke til å fremje havbasert vind, som f.eks. regionalt samarbeid om nettutvikling og koordineringsplattform etablert gjennom europeiske koordinatorar under transeuropeisk nettverk (TEN). Koordineringsplattforma i TEN er sett på som viktig, spesielt for Nordsjøen og Austersjøregionen. Ein viser til at det er behov for å sjå på storskala integrering av transnasjonalt offshore nett med elektrisitetsnettet på land. Studiar og analysar som blir utførde av dei systemansvarlege selskapa (TSO) 2 er spesielt viktige. Det blir oppmuntra til arealplanlegging og samarbeid mellom TSOar og regulatorar på tvers av landegrensene. Teknologiprogrammet (FP 7 – sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar) og det meir marknadsnære Intelligent Energy for Europe (IEE) skal nyttast aktivt. Dei marine miljøomsyna må det takast fortløpande omsyn til. Medlemslanda blir oppfordra til god planlegging som regulerer konkurrerande arealbruk til havs, og å nytte EU-lovverk for naturvern til å peike ut verna havområde.
3.3 Noreg og EU
Noreg samarbeider tett med EU innan havenergi på ulike område. Det er viktig å delta i dei ulike EU-nettverka som er etablerte på dette område både innan forsking (gjennom det nemnde FP7), teknologi (gjennom Strategisk Energiteknologiplan - SET-planen), gjennom å følgje opplegg for infrastruktursatsing innan Transeuropeiske Energinettverk (TEN-energi) og gjennom dei ulike samarbeidsmekanismane som er etablerte mellom regulatorar og systemoperatørar. Det vil vere ei overordna utfordring å utvikle rammer som kan sameinast med utvikling av ein indre energimarknad.
4 Teknologi
Kapitlet beskriv teknologistatus, teknologiutfordringar og høva framover til å utvikle ulike teknologiar for havbasert fornybar energi, med særleg merksemd på vindkraft til havs. Andre teknologiar for fornybar energi til havs som er omtala er knytt til bølgje- og tidvasskraft og saltkraft. I tillegg blir teknologiar for nettinfrastruktur kort beskrivne. Til slutt blir relevante statlege verkemiddel omtalt.
Mange teknologiske løysingar og utfordringar er felles for landbaserte vindturbinar og vindturbinar til havs. Fordi vindkraft per i dag er rimelegare på land enn til havs, er det naturleg at kunnskapen blir bygd ut og testa her først. Ny kunnskap kan deretter overførast til vindkraft til havs når den er modna. Samtidig er det viktig å erkjenne at vindkraft til havs, særleg flytande løysingar, har særskilde utfordringar med tanke på korrosjon, vedlikehald, m.m. Det er derfor naturleg at ein parallelt med utbygging og erfaringsinnhenting frå land òg satsar på demonstrasjonsanlegg til havs.
4.1 Innleiing
Landbasert vindkraft er etablert i mange europeiske land. Kostnadene er likevel høgare enn for tradisjonelle energiformer og teknologien har framleis utfordringar. For norske aktørar vil erfaringar frå drift på land og grunt vatn vere viktig for utviklinga av vindkraftproduksjon til havs. Sentrale forskings- og utviklingsbehov for vind på land gjeld særleg reduksjon av investerings- og driftskostnader og miljøeffektar av landbasert vindkraftproduksjon.
Vindkraft til havs har eit svært stort ressurspotensial i Noreg. Samtidig er det etablert ein kompetanseplattform med relevante fagdisiplinar knytt til petroleumsverksemda, maritim verksemd og kraftproduksjon på land. Vindkraftproduksjon til havs, både på grunt vatn (botnfaste turbinar) og djupt vatn (flytande turbinar), er allereie identifisert som satsingsområde for fleire av dei store norske industriselskapa. Det bør vere ein potensiell internasjonal marknad for norskutvikla vindkraftteknologi og tilhøyrande leverandørtenester. Utfordringa er å syte for at norske leverandørar er konkurransedyktige samanlikna med utanlandske.
Teknologi for havbasert kraftproduksjon er framleis i ein tidleg fase, og det er eit stort potensial for kostnadsreduksjonar. Generelle utfordringar knytt til å utvikle kostnadseffektive løysingar for vindkraft til havs er:
turbinen si robustleik, utbyggingsløysingar tilpassa maritime tilhøve, fundamentering av flytaren
produksjonsregularitet, høge driftskostnader, tilgjenge til turbin i drift
etablering av infrastruktur for kraftoverføring og nettilknyting til land
I konkurranse med annan og meir moden fornybar kraftproduksjon, vil det innan havbasert kraftproduksjon vere ei utfordring å tiltrekkje seg investeringskapital.
4.2 Teknologistatus for landbasert vindkraft og for vindkraft til havs
Vind er masse i bevegelse, altså energi. I ein vindturbin vert noko av denne bevegelsesenergien omdanna til elektrisitet. Vinden set rotorblada i bevegelse, og energien vert overført frå rotoren via ein drivaksel til ein generator som omdannar bevegelsesenergien til elektrisk energi. Ein vindturbin kan utnytte opp til 50 prosent av bevegelsesenergien i vinden som passerer rotorblada 3 .
Fram til og med 2008 var det installert totalt 200 vindturbinar fordelte på 18 vindkraftverk i Noreg. Totalt har om lag 1300 MW vindkraft motteke endeleg konsesjon i Noreg. Om lag 430 MW av desse er sette i drift. Om lag 870 MW har fått endeleg konsesjon, men er ikkje sette i drift eller er under byggjing.
Til samanlikning er det installert over 5000 vindturbinar i Danmark. Erfaringsgrunnlaget for drift av vindkraftverk i Noreg er derfor framleis relativt lite. I land som mellom anna Danmark og Tyskland, der det er installert store mengder landbasert vindkraft, er vindparkane plasserte på flate område med stabile vindressursar. I Noreg er vindparkane ofte plasserte i område med utfordrande klimatiske og terrengmessige forhold. Dette gjer at erfaringane frå utanlandske vindparkar ikkje direkte kan overførast til norske forhold.
Europa leiar teknologiutviklinga innanfor vindkraft med Tyskland, Spania og Danmark i spissen. Til no har teknologiutviklinga vore knytt til utbygging av landbasert vindkraft. Dei seinare åra har likevel mange land sett med aukande interesse på å plassere vindturbinane til havs. Dette har òg påverka teknologiutviklinga.
Utbygging av vindkraft på land vil kunne vere ein viktig føresetnad for å leggje betre til rette for utvikling av vindkraft til havs.
4.2.1 Landbaserte vindturbinar
Den teknologiske utviklinga har resultert i stadig større vindturbinar. Dette har samanheng med at store vindturbinar utnyttar både vind og landareal meir effektivt. I 1996 var normal storleik for kommersielle vindturbinar 600 kW. I dag er 2-3 MW turbinar vanleg og 5 MW er i kommersiell produksjon. Det blir forska på endå større turbinar. Eit EU-støtta forskingsprosjekt på vindkraft, Upwind, har som mål å undersøkje om det er mogleg å byggje vindturbinar opp mot 20 MW. Dei aller største turbinane og vindparkane vil truleg komme til havs, der store turbinar er lettare å installere og der problemstillingar knytt til visuelle forhold er mindre. Utviklinga dei seinare åra har og gått i retning av å ta i bruk nye, lettare og sterkare materiale, til dømes komposittmateriale til rotorblad, som er naudsynt når turbinstorleiken aukar.
4.2.2 Botnfaste vindturbinar til havs
Botnfaste vindturbinar til havs er turbinar som står plasserte på havbotnen på relativt grunt vatn, i dag stort sett ned til 20-30 meters djupn.
Turbin og tårn som er nytta på grunt vatn er relativt likt det som er nytta på land, med unntak av tilpassingar for marin atmosfære (korrosjonsvern) og større vindfart (turbinklasse). I tillegg er turbinar til havs normalt fundamenterte til havbotnen med røyr som blir banka eller bora ned i botnen (monopelar).
Vidare utbygging på djupare vatn (meir enn 20-30 meters djupn) krev utvikling av andre tårn og fundamentløysingar. Nye jacketløysingar er under utprøving i nokre få prosjekt. Eit alternativ er trefotsfundament (tripods), der tre føter blir slått ned i havbotnen. Desse byggjer blant anna på teknologi frå olje- og gassverksemda.
Det er førebels ikkje bygd botnfaste turbinar i norske farvatn.
4.2.3 Flytande vindturbinar til havs
På større havdjup (over 100 meter) vil ikkje botnfaste vindturbinar vere eigna. Der er alternativet flytande turbinar.
Det går føre seg ei utvikling av ulike konsept for flytande vindturbinar i fleire land (Noreg, USA, Portugal, Nederland, UK, Italia), men så langt er det berre ein liten turbin på 80 kW som er testa ut på djupt vatn. Det er ein toblada pilotturbin plassert på ei strekkstagplattform (konvensjonell petroleumsteknologi), som nederlandske Blue H Technologies installerte 10 km utanfor den sørlege kysten av Italia (Puglia) i desember 2007 på 108 meters djupn.
Hausten 2009 planlegg Statoil å setje i produksjon den første fullskala flytande vindturbinen i verda, 10 km utanfor Karmøy (Hywind). Sway AS har fått konsesjon til å sette ut ein flytande testturbin i det same området. Utvikling og utprøving av teknologien har gått føre seg over tid med medverknad frå norske forskingsmiljø. Flytande vindkraft er nærare omtalt i kap. 4.3.3.
I Noreg er det gjort betydeleg forskings- og utviklingsarbeid knytt til flytande vindturbinar. Dette er nærare utdjupa i kap. 4.7.
4.3 Teknologiutfordringar for vindkraft
4.3.1 Felles utfordringar for vindturbinar på land og til havs
Teknologien for vindkraft på land er delvis moden. Gjennom utvikling og bygging av landbasert vindkraft har oppskalering av vindturbinteknologien ført til auka produksjonsevne som på sikt medverkar til kostnadsreduksjon. Vindkraft til havs har høgare utbyggingskostnader og krev tilsvarande høgare produktivitet for auka inntening.
Ei førebels hovuderfaring frå vindkraft på land er at høg middelvindfart ikkje nødvendigvis tilseier tilsvarande høg brukstid. Dei utbygde vindparkane har lågare produksjon enn venta. Noko av dette skuldast terrengforholdet i parkområda. Det er stor forskjell på energiproduksjonen ved ei god og ei dårleg plassering av vindturbinane. Eit parkområde med stor høgdevariasjon vil ha større risiko for turbulens og ein ustabil vindressurs. Det vil kunne føre til redusert tilgjenge for turbinane, og også auka risiko for dårleg lønsemd. Det er derfor viktig at parkane blir lagt i eigna område. Desse utfordringane er blitt meir synlege i Noreg dei seinare åra, etter kvart som det er blitt bygd ut fleire og større vindkraftverk.
Viktige utviklingsområde dei næraste åra er utviklinga av store vindkraftverk tilpassa tøft klima på land og til havs, med sterk vind, turbulent vind, ising og kaldt klima. Auka bruk av kraftelektronikk, ny generatorteknologi, betre system for styring og kontroll, og vidare utvikling mot lettare konstruksjonar (materialteknologi) vil medverke til reduserte kostnader. Betre vindvarslingsteknikkar kan auka verdien av vindenergien ved å varsle vindtilhøva for eksempel 6 til 48 timar på førehand.
Nettilkopling av store vindparkar og effektiv samdrift med kraftsystemet er tema som krev auka forskingsinnsats. Utfordringane aukar etter som delen vindkraft i systemet blir større. Det er særskilde utfordringar knytt til utnytting av vindkraft i område langt frå regulerbar produksjon. Eksisterande overføringsnett kan vere utilstrekkeleg.
Samdrift mellom vasskraft og vindkraft er i utgangspunktet fordelaktig. Det finst høve til synergieffektar både i forhold til integrasjon av vindkraft i det norske kraftsystemet og i forhold til reguleringsevna i det norske vasskraftsystemet. Dette vil vere viktig for ein integrert europeisk kraftmarknad der delen av vindkraft aukar. Det er utfordringar knytt til dette som må utgreiast nærare.
4.3.2 Botnfaste havbaserte vindturbinar
For betre utnytting av vindressursar til havs bør det utviklast større turbinar, med design og komponentar spesielt tilpassa forholda til havs. Utfordringane vil vere i høve til både auka produksjon, redusert vekt, meir pålitande komponentar og system som krev mindre vedlikehald.
Utbygging på ulike djupner krev ulike fundamentløysingar. Løysingar som medverkar til lågare fundamentkostnader vil bli etterspurde, både når det gjeld struktur og installasjonsteknikkar. Installasjonsfasen for utbyggingar til havs representerer òg ein betydeleg del av investeringskostnadene. Både auka kapasitet og betre løysingar for marine operasjonar er ønskeleg.
Også driftskostnadane for turbinar til havs er høgare enn på land. Dette skuldast delvis tilgjenget til utstyret. Gjennom utvikling av betre løysingar for tilkomst, lettare tilgjenge til utstyr, system for betre fjernovervaking (tilstandskontroll), planleggjing og vedlikehald, og meir robuste løysingar, kan driftskostnader reduserast.
Dei første vindturbinane som er blitt installerte til havs har opplevd ein del driftsproblem, blant anna knytt til girløysingar og korrosjon. Den seinare tida har det kome på marknaden nye, større turbinar som er betre tilpassa tilhøva til havs. Desse har doble system på kritiske komponentar, enklare girløysingar og systemløysingar for vern mot korrosjon. Men det er framleis store utfordringar knytt til dette.
I tillegg er det viktig å utvikle vidare målemetodar for vindkartlegging til havs, inklusive nye målemetodar for store vindturbinar. Det er òg forskingsutfordringar knytt til å redusere påverknader på miljøet, jf. kapittel 5.
4.3.3 Flytande vindturbinar
Flytande vindinstallasjonar vil i stor grad ha same teknologiske utfordringar som botnfaste installasjonar til havs, men må i tillegg tåle endå tøffare vêrtilhøve, og vil ha utfordringar knytt til ankerløysingar, undervasstruktur og tilknytingar til eit overføringsnett til havs. Sjølv om petroleumsteknologien til havs i stor grad vil kunne vere relevant å ta i bruk, står det framleis igjen store forskings- og utviklingsoppgåver for å gjere installasjonane meir pålitande og å redusere kostnadene. Det er behov for betringar langs heile verdikjeda, frå design og fabrikasjon til installasjon, nettilknyting og systemintegrasjon, drift og vedlikehald. For eksempel vil reduksjon av toppvekta i turbintårnet (propellblad, gir, generator) vere kritisk for å halde kostnadene nede. På dette området har norske bedrifter allereie nye teknologiar under utprøving, til dømes hydraulisk kraftoverføring og direktedriven generator.
I Noreg blir det hausen 2009 installert og satt i produksjon eit demonstrasjonsprosjekt (Hywind) som vil gi eit kompetanseløft for involverte aktørar. Sway AS har fått konsesjon til eit anna testkonsept.
Utvikling av ein breiare teknologibase og fleire leverandørbedrifter krev fleire demonstrasjonsprosjekt både innan flytande og botnfaste løysingar. Erfaringane som blir hausta frå demonstrasjonsanlegg til havs, der tilhøva kan vere meir ekstreme enn på land, vil gi nyttig kompetanse som kan nyttast vidare også på land.
4.4 Kostnader for vindkraft
4.4.1 Landbasert vindkraft
Kostnaden for landbasert vindkraft er over tid blitt redusert som følgje av veksande marknad og teknologisk utvikling. Frå 1985 til 2004 vart produksjonskostnaden meir enn halvert 4 . Dei siste åra har likevel kostnaden for vindkraftverk stige, dels på grunn av ein sterk auke i etterspurnaden etter vindturbinar og dels på grunn av ein generell prisauke på råvarer. Både investeringskostnader og kostnader knytt til drift og vedlikehald har auka.
For om lag fem år sidan var det vanleg å rekne at kostnaden for eit nøkkelferdig vindkraftverk typisk var 8-10 mill. kroner per MW. Drifts- og vedlikehaldskostnadene var då estimerte til 5-10 øre/kWh. I Enova sin første utlysningsrunde for vindkraft i 2009 er det ni prosjekt som har søkt. Investeringskostnaden for disse prosjekta varierar frå knapt 13 til opp mot 16 mill. kroner per MW. Med søkarane sine produksjonsestimat og tal for drifts- og vedlikehaldskostnader på 12-18 øre/kWh, gir det produksjonskostnadar på om lag 55-73 øre/kWh.
Boks 4.1 RENERGI sitt vegkart for offshore vindkraft
Noregs forskingsråd sitt RENERGI-program får hausten 2009 gjennomført ei utgreiing med tittelen «R&D roadmap for Norwegian offshore wind power». Formålet er å beskrive kva som må til for å realisere ei utvikling av teknologi, industri og kraftproduksjon knytt til havbasert vindenergi, botnfast og flytande, og å kome opp med eit sett milepælar som må nås i den samanheng. Sentrale problemstillingar i utgreiinga er:
Gi eit fullt kostnadsbilete for representativ eksisterande vindkraft, inkludert investerings-, drifts- og vedlikehaldskostnader
Syne kostnadsreduksjonar som er nødvendige for å gjere havbasert vindkraft konkurransedyktig på sikt
Gjere marknadsanalyse for Nordsjøområdet, inkludert økonomisk potensial for utbyggjing
Sjå på stønadsbehov/samfunnskostnad og samfunnsnytte
4.4.2 Vindkraft til havs
Vindkraft til havs har i dag betydeleg høgare investerings- og driftskostnader enn vindkraftproduksjon på land. I ein studie for Department of Trade and Industry (DTI) i Storbritannia 5 er det vist erfaringstal frå utbygging av vind til havs på grunt vatn i Europa (botnfaste installasjonar). Investeringskostnaden for djupner opp til 30 meter er i storleiken 16-20 mill. kroner per MW, produksjonskostnaden er rekna til 95-120 øre/kWh 6 . Studien for DTI indikerer eit investeringsnivå i området 20-22 mill. kroner per MW for vind til havs på djupner inntil 30 meter dei kommande åra.
NVE har anslått at dagens investeringskostnader for botnfaste vindkraftverk i Noreg kan variere mellom 23 og 28 mill. kroner per MW for kystnære anlegg, og opp mot 33 mill. kroner per MW for botnfaste anlegg langt frå land. Produksjonskostnaden er rekna til omlag 110-125 øre/kWh. NVE sine tal inkluderer havdjup inntil 60 meter. Tilknytingskostnader er medrekna.
Skilnadene på kostnadstala viser at det er betydeleg uvisse knytt til kostnadsnivået for botnfaste installasjonar. Med teknologien som er i dag kan det synast som at investeringskostnaden for installasjonar på grunt vatn er om lag halvannan gong større enn tilsvarande på land. Når vindkraftproduksjonen blir plassert i aukande avstand frå land, vil kostnader ved tilknyting til landnettet òg auke.
Det ligg føre få kostnadsoverslag for flytande vindturbinar til havs. Eit laust overslag kan vere at ein flytande turbin kostar rundt rekna 25 prosent meir enn ein standard botnfast turbin. Auka krav til robustleik og ekstra kostnader i samband med understellet (flytaren) og forankringar til havbotnen trekkjer opp kostnadene. Til gjengjeld går ein studie ut frå at flytande turbinar kan ha lågare installasjonskostnad enn botnfast turbinar 7 .
Kostnader for vedlikehald til havs blir ofte rekna til i området 15-25 øre/kWh. Det at flytande turbinar vert meir robust bygde enn landfaste turbinar, kan medverke til å redusere vedlikehaldet for dei flytande turbinane.
I Enova SF si potensialstudie for havenergi i Noreg har SWECO Grøner vurdert framtidas kostnadspotensial for havenergi 8 . Tala er basert på eit relativt tynt grunnlag og er berre indikative. Sjå tabell 4.1. For å danne eit bilete av dei generiske konsepta sine potensial, har konsulenten vurdert det sannsynlige kostnadsnivået dersom teknologien blir utvikla fram til kommersialisering. Alle konsepta vil i røynda truleg ikkje kome seg dit, men tala for kostnadspotensial angir kva for eit intervall konsulenten trur at investerings- og driftskostnadene (i dagens pengeverdi) vil kunne kome opp i dersom ein teknologi blir utvikla langt nok. Kostnadsanslaga gjeld dei teknologiane innanfor dei ymse generiska konsepta som konsulenten meiner er mest lovande. Anlegga er tenkt plassert på stader med godt ressursgrunnlag. Kostnader for nettilknyting er ikkje inkludert. Tal for andre havenergiteknologiar enn vindkraft til havs er tatt med for samanlikningsføremål.
Tabell 4.1 Estimert kostnadspotensial og brukstid for dei generiske konsepta og tilhørande brukstider.
Generisk konsept | Investeringskostnad (kr/års-kWh) | Driftskostnad (øre/kWh) | Brukstid (timer) |
---|---|---|---|
Havbasert vindkraft | |||
Botnfast, vassdjup inntil 30 m | 2,8 - 4,5 | 12 - 18 | 3000 - 4500 |
Botnfast, vassdjup 30-60 m | 3,0 - 5,0 | 12 - 18 | 4000 - 5000 |
Flytande innretning | 3,2 - 5,5 | 15 - 20 | 4000 - 5000 |
Bølgjekraft | |||
Flytande innretning | 6,0 - 8,0 | 12 - 18 | 3000 - 4000 |
Bøye, punktabsorbator | 5,0 - 7,0 | 14 - 20 | 3000 - 4000 |
Hengsla botnfast | 4,5 - 6,0 | 10 - 16 | 2000 - 3000 |
Svingande vassøyle | 5,0 - 6,0 | 10 - 18 | 3000 - 4500 |
Høgdemagasin | 5,0 - 6,0 | 4 - 8 | 3000 - 4500 |
Tidevass-/havstraumskraft | |||
Botnmontert, horisontal aksel | 5,0 - 6,0 | 12 - 16 | 3000 - 4500 |
Flytande, horisontal aksel | 5,0 - 6,0 | 10 - 14 | 3000 - 4500 |
Vertikal aksel | 5,0 - 6,0 | 12 - 16 | 3000 - 4500 |
Kjelde: SWECO Grøner.
Til samanlikning har SWECO Grøner gitt tilsvarande kostnader for vasskraft og landbasert vindkraft basert på anlegg i drift, jf. tabell 4.2.
Tabell 4.2 Investerings- og driftskostnad for vasskraft og landbasert vindkraft.
Investeringskostnad (NOK/års-kWh) | Driftskostnad (øre/kWh) | |
---|---|---|
Vasskraft | 2,0 – 3,5 | 2,0 – 5,0 |
Vindkraft på land | 3,0 – 4,0 | 8,0 – 10,0 |
Kjelde: SWECO Grøner
I rapporten er kostnadene utrekna på ei form som ikkje direkte kan samanliknast med tala frå dei andre kjeldene ovanfor. Om ein nyttar mykje brukte føresetnader om levetid og diskonteringsrente 9 , kan ein likevel gjere grove anslag for produksjonskostnader. Samanlikna med dei andre kjeldene ovanfor gir dette svært låge kostnader for botnfast vindkraft. Det skal i den samanhengen nemnast at rapporten også gir låge produksjonskostnader for vindkraft på land.
Når ein skal anslå kostnader for teknologiar langt inn i framtida, kan det ha meir for seg å sjå på relative kostnadsforhold enn absolutte kostnadsanslag. Om ein nyttar gjennomsnittstal frå kostnadsintervalla i tabellane over, og føresetnadene om levetid og diskonteringsrente, blir produksjonskostnaden for botnfast vindkraft inntil 30 meter djupne 17 prosent høgre enn vindkraft på land. Tilsvarande anslag for botnfaste anlegg ned til 60 meter og for flytande vindturbinar blir høvesvis 25 og 38 prosent. Om ein gjer same berekning for bølgjekraft og tidevass-/havstraumskraft blir resultatet høvesvis 39-93 prosent og 52-57 prosent høgre enn vindkraft på land. Det er viktig å understreke at anslaga er svært usikre.
4.5 Andre energiteknologiar til havs
4.5.1 Bølgjekraft og kraft frå havstraumar og tidevatn
Teknologistatus
Eit bølgjekraftverk omdannar energien i bølgjene til elektrisk energi. Bølgjeenergien må overførast til energi i eit svingsystem som vekselverkar med bølgjene. Svingsystemet kan til dømes vere ei svingande vassøyle i eit flytande eller fastståande kammer. Energien må så konverterast til nyttig mekanisk energi ved hjelp av til dømes turbinar eller hydrauliske motorar. Til slutt blir energien konvertert til elektrisitet ved hjelp av ein generator.
Havstraums- og tidvasskraftverk utnyttar energien i ein havstraum eller ein tidvasstraum i for eksempel eit sund. Energien blir utnytta ved hjelp av faste eller flytande turbinar (propellar) som blir drivne av straumen.
Bølgjekraft og tidvasskraft gir ujamn energiproduksjon og kan ikkje regulerast slik som vasskraft. Tidevasskraft er likevel lettare å spå enn bølgjekraft. Havstraumar kan vere meir stabile og gi ein jamnare energiproduksjon. Verdikjedene og samspelet med vasskrafta er mykje like for bølgje- og tidevasskraft som for vindkraft.
Det er eit stort mangfald av verkemåtar og tekniske løysingar blant konsepta for bølgjekraft og kraft frå havstraumar og tidvatn. Berre eit fåtal teknologiar er teknisk modne for utbygging, og omfanget av utbygging er i dag avgrensa samanlikna med vindkraft til havs. Teknologiane er på varierande stadium av forsking og utvikling. Nokre bølgjekraftkonsept vart demonstrerte allereie i slutten av 80-åra, under dette to anlegg i Noreg, men utviklinga av dei stoppa opp då teknologien svikta under utprøving. Fleirtalet av konsepta har blitt utvikla sidan slutten av 90-åra gjennom program i Danmark og Storbritannia.
Enova har dei siste åra gitt stønad til fem bølgjekraftverk i Noreg 10 . Mellom anna har Fobox (Fred. Olsen) fått stønad til å byggje og teste ein bølgjeplattform i skala 1:3.
I 2003 sette Hammerfest Strøm eit 300 kW prototyp tidvasskraftverk i drift i Kvalsundet i Finnmark for ein fire års testperiode. Kraftverket har i den perioden levert kraft inn i energinettet. Prototypen er oppe til verifikasjon og er planlagt reinstallert i 2009. Hydra Tidal har planar om å teste ut eit flytande kraftverk for uttak av hav- og tidevasstraumar i Gimsøystraumen i Nordland. Arbeidet med byggjing av ein prototyp på 1075 kW vart starta i 2008 med planlagt uttesting i 2010/2011.
Teknologiutfordringar
For dei fleste bølgjekraftkonsepta vil dei viktigaste utfordringane vere knytt til absorpsjon og omdanning av bølgjeenergien til elektrisk kraft, demonstrasjon av at teknologien er haldbar over lang tid til havs, kostnadsnivå, og optimalisering av tekniske løysingar og system. Dei fleste av desse utfordringane ligg nærare FoU enn marknadsintroduksjon.
For havstraums- og tidvasskraft vil både dei tekniske og ikkje-tekniske utfordringane vere omtrent dei same som for bølgjekraft.
Kompetanse og aktørar
Noreg har kompetanse på havkraftområdet som ein konsekvens av sterke maritime og marine næringsklynger. Kompetansen er stor innanfor mellom anna hydrodynamikk, havkonstruksjonar, ankring, undervassteknologi, og drift og vedlikehald. Sentrale aktørar innanfor teknologi- og prosjektutvikling er mellom anna Fred Olsen, Statkraft, StatoilHydro, Hammerfest Strøm, Wave Energy, Pelagic Power, Hydra Tidal, Tidal Sails og Langlee Wave Power.
Det er internasjonal aktivitet på området, spesielt innanfor bølgjekraft. Blant anna har det britiske selskapet Pelamis Wave Power (med Hydro på eigarsida) komme så langt i utviklinga at det arbeider med å realisere to større flytande bølgjekraftanlegg. I tillegg til UK har òg land som Portugal, Irland, Danmark, Nederland og Australia prosjekt innanfor bølgjekraft. Eksempel på prosjekt/selskap er European Pilot Plant (EU), Wavegen (UK), Energetech (Australia), Archimedes Wave Swing (Nederland) og Wave Dragon (UK). Statkraft har kome inn på eigarsida i Atlantis Resources Corporation som utviklar tidevassturbinar. Selskapet har testa ut ein gruntvassturbin i Australia og ein djupvassturbin i Singapore, og er no i ferd med å setje dei i kommersiell drift.
Moglegheiter
På same måten som for vind til havs har Noreg gode moglegheiter og konkurransefortrinn innan ei framtidig utvikling av bølgjekraft og kraft frå havstraumar og tidvatn. I tillegg til ressursgrunnlaget representerer norske aktørar sterke teknologimiljø innan komplekse konstruksjonar til havs for djupt vatn og utfordrande vêrforhold, det eksisterer verfts- og serviceindustri med eigna fasilitetar, og mange norske aktørar har lang erfaring frå olje- og gassrelaterte prosjekt til havs.
Det teoretiske potensialet for bølgjekraft og kraft frå havstraumar og tidvatn internasjonalt er betydeleg. I følgje det internasjonale energibyrået IEA ligg teoretisk potensial for dei samla globale ressursane frå tidvatn opp mot 200 TWh per år, og for bølgjekraft opp mot 80 000 TWh per år.
Produksjonskostnad for bølgjekraft og havstraums- og tidvasskraft er i dag 2-5 gonger høgare enn landbasert kraftproduksjon og vesentleg høgare enn botnfast vind til havs. I ein studie for Department for Trade and Industry i Storbritannia blir produksjonskostnaden for bølgje- og tidevasskraftverk berekna til høvesvis 1,45-3,35 kr/kWh og 1,45-2,8 kr/kWh.
Ein betydeleg kostnadsreduksjon er påkravd før kommersialisering er mogleg. Teknologien må vidare utviklast gjennom forsking og utvikling, og driftserfaring må opparbeidast gjennom demonstrasjonsprosjekt. Kompetansebyggjing vil vere ein viktig premiss i ei vidare utvikling av området. Sjølv om ein lukkast med teknologiutvikling og kommersialisering, kan det synest som at desse energikjeldene vil ha relativt høge kostnader. Sjå omtale av undersøkingar frå SWECO Grøner i kapittel 4.4.2.
4.5.2 Saltkraft
Teknologistatus
Prinsippet bak saltkraft er at når ferskvatn og saltvatn blir halde fråskilt med ein halvt gjennomtrengeleg membran, vil saltvatnet trekkje ferskvatnet gjennom membranen og trykket på saltvassida aukar (trykkretardert osmose). Trykket, saman med straumen av vatn, kan nyttast til å drive ein turbin til å produsere straum.
Eit saltkraftverk blir bygd i tilknyting til eit elveutløp, men er fleksibelt med omsyn til plassering og utforming. Prosessanlegget kan kombinerast med eksisterande kraftstasjonar og annan infrastruktur.
Statkraft har jobba med saltkraftteknologien i over 10 år. Teknologien er framleis tidleg i utviklinga. Ingen anlegg er i ordinær drift per i dag, men Statkraft har nyleg etablert eit lite anlegg for å prøve ut teknologien på Tofte i Hurum kommune i Buskerud. Prototypen er den første i verda og bruker 20 liter sjøvatn og 10 liter ferskvatn i sekundet. Det vil vere nok til å produsere mellom 2 og 4 kW kontinuerleg. Etter kvart som membranteknologien blir utvikla vidare, er det eit mål å få ut rundt 10 kW av eit anlegg av denne storleiken.
Teknologiutfordringar
Dei sentrale utfordringane i eit saltkraftverk er først og fremst knytt til membranen som skal skilje dei ulike væskestraumane og som er sjølve kjernen i prosessen. Ytinga må aukast monaleg. Vidare må membranen, og heile systemet, oppskalerast til dei dimensjonane som trengst for å produsere vesentlege mengder kraft.
Kompetanse og aktørar
Statkraft representerer den leiande aktøren globalt innan denne teknologien. Saman med i første rekkje SINTEF og NTNU vil dei halde fram med utviklinga av saltkraftteknologien.
Moglegheiter
Det kan liggje industrielle moglegheiter knytt til etablering av saltkraftverk på sikt. Potensialet for saltkraft er i hovudsak avhengig av to faktorar, ferskvassmengda som renn ut i havet og kor salt sjøvatnet er. I følgje Statkraft er det tekniske potensialet i Noreg om lag 12 TWh/år, mens det for Europa er rundt 180 TWh/år. På verdsbasis er det tekniske potensialet utrekna til i om lag 1600-1700 TWh/år. Det vil krevje eit teknologisk gjennombrot for at delar av potensialet skal kunne bli realisert.
4.6 Andre teknologiutfordringar
4.6.1 Nettinfrastruktur
Energi som skal matast inn i eit kraftnett må tilpassast normer, standardar og kapasitetsgrenser i nettet. Det kan vere ei utfordring for vindkrafta, som har snøgge variasjonar i produksjonen som er vanskelege å føreseie meir enn nokre timar framover. Vindkraft til havs har i denne samanhengen ein fordel i forhold til landbasert vindkraft, ved at vinden er meir stabil. Det gjeld særleg langt til havs. På den andre sida har vindkraft til havs andre utfordringar knytt til kabelteknologi under vatn og transport av kraft over lange avstandar. I tillegg til at det må leggjast overføringskablar på havbotnen, må det etablerast omformaranlegg til havs. Dersom krafta skal overførast over lange avstandar (50-100 km) vil det vere nødvendig med anlegg til havs som omformar vekselstraum (AC) til likestraum (DC).
I Noreg er det betydeleg erfaring med sjøkablar. Meir enn 1400 sjøkabelsamband er lagt langs norskekysten. Samtidig er det gjort betydelege teknologiske framsteg innanfor energi- og petroleumssektoren på basis av krevjande kundar med høg teknisk kompetanse og vilje til å satse på ny teknologi. Det er etablert ein konkurransedyktig og robust nasjonal kabelindustri som, saman med eit sterkt maritimt miljø, gjer det mogleg å utvikle og å ta i bruk teknologiar for produksjon og installasjon av sjøkablar.
Ei realisering av eit overføringsnett under vatn for vindkraft til havs vil ha utfordringar knytt til systemutforming, kostnadseffektive komponentar, tilkoplingar under vatn, driftsverktøy og pålitelegheit. Det er vidare behov for forsking og utvikling innan grunnleggjande isolasjonsteknikk, materialkombinasjonar, grensesjikt, materialhandtering og ulike prosessar. For kablar til kontinentet og ved elektrifisering av sokkelen vil det vere ein utfordring å finne optimal struktur på nettet og utvikle metodikk for nettoptimalisering.
4.6.2 Samfunnsvitskapleg forsking
Det er behov for ei styrking av den samfunnsvitskaplege forskinga innanfor energisektoren. Regjeringa meiner både styresmakter og næringslivet vil ha nytte av betre kunnskap og kompetanse om dei samfunnsmessige premissa som ligg til grunn for at nye energiløysingar vert utvikla og tekne i bruk. Fagmiljøa innafor feltet må styrkast, og det må stimulerast til nærare samarbeid. Eksempel på område der vi treng meir kunnskap er:
Konsekvensar av energipolitiske tiltak og rammetilhøve
Marknadstilhøve, konkurranseforhold og etterspurnad
Åtferd og forventningar hjå ulike aktørar
Samfunnsmessige konsekvensar av utbygging av infrastruktur og næringsutvikling
Internasjonale tilhøve og utvikling
I tilknyting til desse tema er det mellom anna viktig å få fram modellar for kraftomsetning og energimarknader, systemanalysar, forbetra grunnlag for verkemiddelanalysar og føresetnader for innovasjon og industriutvikling.
4.6.3 Internasjonalt samarbeid
Det meste av utviklinga og implementeringa av nye teknologiar for utnytting av havbasert energi skjer utanfor Noreg. Det er derfor viktig at Noreg deltar i dei mest relevante internasjonale samarbeida på området. Dette gjeld initiativ på så vel teknologisk samarbeid som på internasjonale prosessar i høve til både politikkutforming, virkemiddel og analyser. Noreg er tilknytt og deltek i fleire slike samarbeid, nedanfor er nokre døme omtala.
EUs 7. rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar (FP7) (2007-2013)
Gjennom EØS-avtala deltek Noreg som fullverdig medlem av FP7. På energiområdet er FP7 i grove trekk konsentrert om forsking, utvikling og demonstrasjon av nye teknologiar for fornybar energi, energieffektivisering og fangst og lagring av CO2. Havbasert vindkraft og andre former for havenergi er ein del av arbeidsprogrammet. Norske forskings- og teknologimiljø har delteke i fleire EU-prosjekt innanfor desse områda.
EUs Strategiske energiteknologiplan (SET-Planen)
Strategic Energy Technology Plan (SET-planen) er teknologielementet i EUs «energi- og klimapakke». Meir klimavennlege energiteknologiar vil spele ei avgjerande rolle for å nå dei energi- og klimamål som EU har sett seg. Føremålet med SET-planen er å akselerere og implementere desse teknologiane. Utvikling av store vindturbinar og havbasert vindkraft står sentralt i planen. Ein viktig del av SET-Planen er etablering av offentleg-private industrisamarbeid (EII – European Industrial Initiatives). Desse skal styrke FoU og innovasjon gjennom å trekke saman aktørar innanfor utvalde teknologiområde. Det skal mellom anna etablerast eit European Wind Initiative.
EUs Wind Technology Platform (TP Wind)
TP Wind er eit forum for politikk- og FoU-tiltak mellom EU-landa og assosierte land. Siktemålet er å trekkje saman styresmakter, private aktørar (industri, kraftbransjen, finansielle aktørar), sivilsamfunnet og forskingsinstitusjonar for å bli einige om langsiktige mål for vindkraftutvikling i Europa. Hovudmålet er å oppnå kostnadsreduksjonar slik at måla kan nås. TP Wind vert finansiert av EU-kommisjonen og næringslivet.
Intelligent Energy for Europe (IEE)
IEE-programmet er ein del av EU sitt rammeprogram for konkurransekraft og innovasjon. IEE er EU sitt reiskap for å støtte aktivitetar som kan oppmuntre til å spare energi og bruke meir fornybar energi i Europa. Programmet gir mellom anna støtte til prosjekt som fremjar utnytting av nye og fornybare energikjelder, inkludert vindkraft.
IEA Implementing Agreements (IA)
Det internasjonale energibyrået (IEA) støtter ei rekkje ulike forskingssamarbeidsavtaler (IA – Implementing Agreements) mellom aktørar både innan og utanfor IEA. Målet med avtalene er å bidra til auka samarbeid og spreiing av informasjon, og raskare kunnskaps- og teknologiutvikling. Fleire samarbeidsavtaler er relevante for havbasert kraftproduksjon, dei viktigaste er IEA Wind IA og Ocean Energy Systems IA.
IEA Wind Roadmap
IEA har òg sett i gang eit arbeid med å utforme eit teknologivegkart for vindkraft, der tekniske, juridiske, politiske, finansielle, marknadsmessige og organisatoriske faktorar vert vurdert. Målet med studien er å identifisere hovudutfordringar og bidra til raskare teknologiutvikling og opptak i marknaden. Havbasert vindkraft utgjer ein del av vegkartet, som vert delfinansiert av Noreg.
4.7 Norske aktørar innanfor vindkraft til havs
4.7.1 Moglegheiter og kompetanse
Norske teknologimiljø har innanfor ulike nisjar utvikla og selt produkt og tenester til den globale vindkraftmarknaden, eksempelvis bladmaterial, nav og andre støypejarndelar, understell, transformatorar og nettstasjonar, vindmålingar, vindressurskartlegging, m.m. Det er rom for å utvikle desse aktivitetane vidare, og rette seg inn mot framtidige vindkraftutbyggingar, både på land og til havs.
Vindkraft til havs er ei ny industriell moglegheit for Noreg og norsk industri. Den globale marknaden er venta å auke raskt. European Wind Energy Technology Platform forventar at det innan 2020 vil vere installert 40 GW vindkraft til havs. Ei utbygging på 40 GW inneber investeringar på rundt rekna 800 milliardar kroner 11 . Grovt sett vil 1 /3 av dette vere knytt til investeringar i sjølve vindturbinen, ¼ til understellet, ¼ til overføringsanlegg, og resten til installasjon mv.
Norske aktørar har gode moglegheiter og konkurransefortrinn innanfor ein slik marknad. Med erfaring frå olje- og gassverksemda og maritim verksemd, vil norske miljø ha fortrinn både i forhold til installasjon av botnfaste og flytande vindturbinar og til drift og vedlikehald. Norske aktørar representerer sterke teknologimiljø innanfor komplekse konstruksjonar til havs for djupt vatn og utfordrande vêrforhold. Det finst verfts- og serviceindustri med eigna fasilitetar, og mange norske aktørar har lang utbyggings- og driftserfaring frå olje- og gassrelaterte prosjekt og marine operasjonar. Teknologien og kompetansen på dette området er bygd opp rundt ei næring med god lønnsemd. Det kan vere ei utfordring for aktørane i leverandørindustrien å omstille seg mot ei næring med lågare inntening.
Vidare har norske forskingsmiljø spesiell kompetanse og ein sterk posisjon på område som ressurskartlegging og vindmålingar, undervassteknologi, marine operasjonar/strukturar, nettintegrasjon, nye materialar, generatorar og elektroteknikk, og drift i komplekse forhold (kaldt klima, sterk vind, ising, mv.). Norske miljø er òg leiande innanfor leveransar av undersjøiske kablar.
Forskings og utviklingsaktivitetar knytt til vindkraft til havs vil kunne gi ringverknader for utnytting av annan havenergi som bølgje-, tidvatn- og saltkraft, då det vil vere likskap i utfordringar knytt til ressurskartlegging, regulering og basiskompetanse.
Dei store, internasjonale turbinleverandørane dominerer den internasjonale vindkraftmarknaden. Moglegheitene for norsk industri ligg her i å:
framleis vere underleverandør til vindturbinprodusentar, mellom anna levere understell ferdig installert
utvikle komponentar og turbinar tilpassa eit vêrhardt og tøft klima, både til bruk på land og til havs
Vindkraftindustrien er i stadig vekst. Globalt vart det investert rundt 35 milliardar kroner i vindmarknaden i 2007 12 . Satsinga er i første rekkje retta mot landbasert vindkraft, men det vil i stor grad vere dei same aktørane som òg vil vere relevante i forhold til vindkraft til havs. I andre land finst det meir enn 25 års erfaring frå utvikling og produksjon av vindkraftverk og komponentar. Særleg i Danmark, Tyskland og Spania er vindkraftindustrien stor. Likevel finst det innanfor fleire ulike teknologiområde norsk kompetanse som kan nyttiggjerast på denne marknaden. Graden av suksess avheng av produktet, evna og viljen til å satse sterkt og på lang sikt. Eksempel på område der norske miljø har kompetanse finst i Vedlegg 1. Sjå òg kapittel 4.8.3 for omtale av forskingssentra for miljøvennleg energi (FME) som rettar seg mot vindkraft til havs.
4.7.2 Utbyggjingsinteresser
Utbyggjarar innanfor landbasert vindkraft i Noreg består for det meste av norske kraftselskap. Eksisterande vindkraftverk er i all hovudsak bygde av Statkraft AS, Hydro, Trønder Energi AS, Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk AS og Narvik Energi AS. I tillegg finst det mindre vindkraftverk og enkeltmøller som er drifta av mindre selskap. Den seinare tida har utanlandske aktørar kjøpt seg inn i norske prosjekteringsselskap innan vindkraft.
Innan vindkraft til havs har StatoilHydro satsa aktivt, både gjennom teknologiutvikling (Hywind) og gjennom eigarskap i eit stort vindkraftprosjekt til havs på grunt vatn utanfor austkysten av England (Sheringham Shoal Offshore Wind Farm). StatoilHydro deltek òg i eit konsortium saman med mellom andre Statkraft, som har levert anbod til tredje lisensrunde i Storbritannia, der britiske styresmakter har opna opp areal for havbasert vindkraft rundt Storbritannia som dei vonar skal gje heile 25 000 MW fornybar kraftproduksjon. Fred. Olsen deltek i vindkraftprosjekt til havs utanfor kysten av Irland. Dei har òg gått inn i eit konsortium i tredje lisensrunde i Storbritannia.
Havgul AS har fått konsesjonshandsama fleire store kystnære vindkraftanlegg på Møre basert på botnfast teknologi (Havsul). NVEs vedtak for to av prosjekta er påklaga og er no til handsaming i Olje- og energidepartementet. SWAY AS fekk i april 2009 konsesjon for ei testmølle utanfor Karmøy med effekt på inntil 10 MW. Vestavind Kraft har søkt konsesjon for tre testposisjonar for flytande turbinar utanfor Selje og Vågsøy kommunar i Sogn og Fjordane. Desse vil ha ein venta effekt på 10 MW.
Ei rekkje andre aktørar i store delar av landet har signalisert planar om nye vindkraftparkar. Prosjekta som er under planlegging er både innanfor og utanfor grunnlinja. Nokre prosjekt planlegg å ta i bruk botnfast teknologi på grunt vatn, mens andre prosjekt ønskjer å prøve ut botnfast teknologi på djupn ned til 60 meter. Det er òg nokre prosjekt som planlegg å ta i bruk flytande teknologi.
Utbygging av vindkraft til havs må sjåast i samanheng med utviklinga av kraftsystemet nasjonalt og internasjonalt, både på land og til havs. Mellom anna i samarbeid med systemansvarlege i andre land, gjennomfører Statnett saman med SINTEF analysar av korleis eit mogleg framtidig kraftnett til havs kan utviklast. Føretaket har lang erfaring med planlegging, utbygging og drift av overføringsanlegg til havs.
4.8 Støtteordningar til FoU og demonstrasjon av ny teknologi
4.8.1 Energi21 – FoU-strategi for energisektoren
Energi21 er energinæringa sin heilskaplege strategi for forsking og utvikling innanfor energisektoren. Arbeidet med strategien vart initiert av departementet i 2006. Strategien har som overordna mål å auke verdiskapinga i energisektoren gjennom satsing på FoU og ny teknologi. Den skal medverke til ein samordna, effektiv og styrkt forskings- og teknologiinnsats innanfor sektoren, der auka engasjement i energinæringa står sentralt. Strategien dekkjer heile innovasjonskjeda frå strategisk grunnleggjande energiforsking til introduksjon og demonstrasjon av ny teknologi i marknaden. I tillegg inngår relevant samfunnsfagleg forsking.
Energi21 er etablert gjennom eit nært samarbeid mellom energinæringa (energiselskap og leverandørindustri), forskings- og utdanningsinstitusjonar og ulike styresmakter. Desse er òg representerte i styret som er oppretta av departementet for å utvikle vidare og følgje opp strategien.
Energi21 tilrår ei FoU-satsing på følgjande område:
effektiv energibruk innan bygningar, hushald og industri
klimavennleg kraft frå vatn, vind og sol
CO2 -nøytral oppvarming frå bioressursar og varmepumper
energisystem (infrastruktur, overføringsnett)
rammevilkår for forsking og innovasjon
Innanfor klimavennleg kraft vert storskala vindkraft til havs trekt fram som eit prioritert område.
Oppfølginga av Energi21 vil skje gjennom etablerte støtteordningar, i første rekkje i Noregs forskingsråd (FoU) og i Enova (demonstrasjon).
4.8.2 RENERGI – Framtidas reine energisystem
Den offentlege støtta til forsking og utvikling av teknologiar for marin fornybar energi er samla i Noregs forskingsråd sitt RENERGI-program (2004-2013). Programmet organiserer FoU-aktivitetar knytt til dei fleste områda innanfor fornybar energi.
RENERGI har stor fagleg spennvidde og omfattar både strategisk grunnleggjande forsking og kompetanseutvikling, bruksforsking og teknologiutvikling, og samfunnsfagleg forsking som underlag for politikkutforming.
RENERGI får i 2009 overført om lag 260 mill. kroner over statsbudsjettet. Dette er ein auke på om lag 100 mill. kroner samanlikna med 2008, og kom som eit resultat av punktet i klimaforliket om å auke satsinga på FoU innan fornybar energi.
Forskinga er i stor grad retta inn mot område der Noreg har særskilde og naturgitte fortrinn. Vindenergi, i all hovudsak vind til havs, er saman med solenergi det største teknologiområdet innanfor ny fornybar energi. I 2009 er porteføljen på vind til havs på 10 prosjekt som blir støtta med til saman 26 mill. kroner frå RENERGI.
RENERGI har no med auka løyvingar høve til å gi meir støtte til teknologiar i prototypfasen, mellom anna investeringsstøtte til prosjekt innan fornybar energi til havs. Dermed kan ny teknologi bli bygd og testa ut i mindre skala (eksempelvis 1:4) med støtte frå Forskingsrådet. Støtte til fullskala pilotprosjekt vil skje gjennom Enova sitt nye demonstrasjonsprogram, jf. kapittel 4.8.5.
4.8.3 Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME)
I februar i år vart åtte forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) utnemnde. Sentra var ei oppfølging av Energi21-strategien. Sentra er valt ut gjennom ein grundig søknadsprosess administrert av Noregs forskingsråd. Formålet er å samle dei beste forskingsmiljøa i landet om ei felles satsing på utvalde tema.
FMEane er kjenneteikna ved ein konsentrert, fokusert og langsiktig forskingsinnsats på høgt internasjonalt nivå. Målet skal vere at forskingsmiljøa, saman med næringslivet og internasjonale aktørar jobbar saman om utvalte forskingsutfordringar på energiområdet. Ordninga for FMEane varer i åtte år, og skal ha eit høgare ambisjonsnivå, lengre sikt og sterkare konsentrasjon enn andre verkemiddel. Til saman mottek sentra 125 mill. kroner i 2009.
Forskingssentra er etablerte innanfor karbonfangst og -lagring, vindkraft til havs, energieffektivisering i bygnader, solceller, bioenergi og innfasing av ny fornybar energi i vasskraftsystemet.
Tre forskingssenter for miljøvennleg energi er relevante for fornybare energiteknologiar til havs. Til saman får desse sentra 45 mill. kroner frå Noregs forskingsråd i 2009:
SINTEF Energiforsking AS er prosjektansvarleg for NOWITEC der mellom anna MARINTEK, NTNU og IFE deltek. Senteret skal utvikle ny kunnskap, metodar og teknologi for industriell utvikling av vindparkar til havs. Fokus er i første rekkje på teknologiar for botnfaste og flytande strukturar, drift og vedlikehald og tilpassing til kraftsystemet. Dei fleste norske forskings- og industriaktørane på feltet deltek i senteret, i tillegg til sentrale utanlandske aktørar.
Christian Michelsen Research AS er prosjektansvarleg for NORCOWE som skal utvikle grunnlaget for miljøvennlege og kostnadseffektive løysingar for vindkraft til havs. Fokus er særleg på vind- og havmodellering, men òg på teknologi og nye konsept, utplassering og drift, vindparkoptimalisering, samt tryggleik og miljø. Samarbeidspartnarane er sentrale norske og danske universitet, med støtte frå over 20 industrielle partnarar og organisasjonar innan energiproduksjon, verksemd til havs og vindkraftteknologi.
SINTEF Energiforsking er òg prosjektansvarleg for CEDREN som skal arbeide med løysingar på korleis Noregs vasskraftsystem best kan samspele med variabel produksjon av store mengder vindkraft på land og til havs. Målet er å medverke til å utvikle og formidle gode designløysingar for fornybar energiproduksjon, der ein tek omsyn til miljømessige og sosiale utfordringar både i lokal og global skala. Samarbeidspartnarane er NTNU og NINA (Norsk institutt for naturforsking).
4.8.4 Støtte til utbygging av vindkraft - Vindkraftprogrammet
Enova sitt vindkraftprogram vart etablert i 2002. Fram til og med 2008 har Enova støtta 11 vindkraftparkar på land med kontraktfesta årleg produksjon på om lag 1,4 TWh. Regjeringa sitt mål er å nå 3 TWh kontraktfesta vindkraft innan utgangen av 2010. Det blir gitt investeringsstøtte til dei mest kostnadseffektive vindkraftprosjekta som søkjer. Støtta skal vere utløysande for at parken blir bygd og skal gi aktøren ei rimeleg avkastning på investeringa. Støttedelen for prosjekta som fekk støtte i 2008 låg i underkant av 40 prosent. Dei som ikkje fekk støtte ville hatt ein stønad på over 50 prosent.
Investeringsstøtteordninga inneber blant anna kontroll og vurdering av gjennomføringsevna til aktørane, vindmåledata, kostnadsbudsjett og annan relevant dokumentasjon. Prosjekta må ha rettskraftig konsesjon, og det må vere tilgang på tilstrekkeleg nettkapasitet.
ESA har nyleg utarbeidd nye miljøstøtteretningslinjer 13 baserte på EU-kommisjonen sine. Desse opnar for statleg investeringsstøtte gjennom ei anbodsordning, og driftsstøtteordningar som grøne sertifikat 14 og feed in-ordningar 15 . Modellen for investeringsstøtte er i dag basert på ein kombinasjon av anbod og individuell forhandling.
Regjeringa arbeider for tida med å etablere eit felles grønt sertifikatsystem med Sverige som kan erstatte Enova sitt vindkraftprogram. Vidare er EUs fornybardirektiv vurdert som relevant for Noreg, og departementet er no inne i ein fase der det blir vurdert kva dette vil bety for Noreg. Denne vurderinga skjer parallelt med prosessen med Sverige.
Fornybarmåla og utviklinga av handelsmekanismane som dette direktivet opnar for, har ein sentral plass i dette arbeidet, sjå kapittel 4.8.6.
4.8.5 Uttesting og demonstrasjon av fornybar teknologi til havs
I tråd med klimaforliket har Regjeringa styrka satsinga på fornybar kraftproduksjon til havs. Regjeringa vil samordne og målrette denne satsinga. Satsinga må sjåast i samanheng med satsinga elles på fornybar energi, men fornybar kraftproduksjon til havs har og ein del særtrekk som best kan imøtekommast med eigne verkemiddel. Felles utfordringar er:
teknologiane er umodne, og det er behov for forsking på mange område
uttesting av teknologiar i full storleik er svært kapitalintensiv og risikabel
det internasjonale marknadspotensialet er svært stort
ressurspotensialet i Noreg er stort, og ei storskala utbygging føreset ei langsiktig satsing på infrastruktur
Fram til 2008 har Enova støtta eitt vindkraftprosjekt til havs (Hywind), fem bølgjekraftprosjekt 16 og eitt tidevasskraftprosjekt. I februar 2009 lanserte Enova ei ny tematisk satsing retta mot alle former for fornybar marin energiproduksjon. Dei gjer tilskot til investering i fullskala demonstrasjonsanlegg slik at anlegga vert testa under reelle driftsvilkår. Slik testing er avgjerande for å få fram ein teknologi som er robust, og tilpasse norske høve. Kriteria for satsinga er avklart med dei sentrale aktørane på området. Støttenivået er avgrensa til det som er nødvendig for å utløyse investeringa, med ein maksimal støttedel på 50 prosent av kostnadene. Prosjekta må ha konsesjon og andre offentlege løyve, og demonstrasjonen må innebere minimum eitt års driftsfase.
Fullskala demonstrasjonsprosjekt for marin kraftproduksjon er store og dyre. Prosjekta vil vere i konkurranse med Enovas andre verksemdsområde som energieffektivisering, varme, bioenergi og vindkraftutbygging på land.
Regjeringa legg no opp til å skilje ut den tematiske satsinga for fornybar marin kraftproduksjon i eit eige program. Satsinga får da eit eige budsjett og særlege rapporteringskrav. Kriteria for det nye programmet følgjer dei same kriteria som Enovas satsing. Enova skal framleis forvalte ordninga.
Regjeringa vil sørgje for at Enova si demonstrasjonssatsing heng godt saman med virkemidla til Forskingsrådet. Forskingsrådet har ordningar som kan støtte prototyp og småskala uttesting, sjå kapittel 4.8.2. Auka satsing på havbasert vindkraft vil innebere nærare samarbeid og meir samordning mellom Enova og Forskingsrådet sine virkemiddel. Ein må og sjå på behovet for infrastruktur for uttesting av fornybare løysingar til havs. Nye demonstrasjonsprosjekt er sett på som viktige verktøy for å løfte miljøa i forskingssentra for miljøvennlig energi (FME) til internasjonalt nivå.
Satsinga på fornybar marin kraftproduksjon vil bli evaluert i 2011, i god tid før den vidareutvikla strategien blir lagt fram for Stortinget. Det vil då vere sentralt å evaluere om heile aksen frå forsking, utvikling og demonstrasjon av nye løysingar blir tilfredsstillende dekt.
4.8.6 EU sitt fornybardirektiv
EU har i fornybardirektivet etablert eit mål om at 20 prosent av energibruken skal komme frå fornybar energi i 2020. Fornybardirektivet inneber at landa skal ta på seg nasjonale mål og levere handlingsplanar for gjennomføringa av måla. Direktivet opnar for at EU-land kan innfri sine plikter ved å inngå avtaler om gjennomføring i andre EU-land.
Regjeringa legg til grunn at EUs fornybardirektiv er EØS-relevant. Vilkåra for norsk tilpassing til fornybardirektivet vil bli drøfta med EU. Det er derfor usikkert kva mål Noreg eventuelt kjem til å forplikte seg til i direktivet, og korleis denne plikta skal følgjast opp. Sjå òg kapittel 3.2.
4.9 Samarbeid og ansvarsdeling mellom styresmakter og næringa
Norsk vindkraftbransje er i ein oppstartfase. Det er nødvendig å utvikle teknologi, kunnskap, kapasitet i nett og generell bransjekompetanse for å leggje grunnlaget for ein framtidig storskala norsk vindkraftproduksjon. Dette krev auka investeringar og auka innsats.
For å få til dette er erfaring frå landbasert vindkraft nødvendig. Det vil medverke til å byggje opp kompetente driftsmiljø og utvikle viktig driftserfaring i Noreg. Det er eit stort forbetringspotensial innan utvikling av norske landbaserte vindkraftverk som i større grad må optimaliserast for norske forhold.
Som eit ledd i denne utviklinga er erfaringsutveksling mellom vindparkar i drift av stor verdi. Arbeidet med erfaringsutveksling mellom norske aktørar bør derfor forsterkast i dei kommande åra. Departementet vil sjå til at det blir gjort ein grundig analyse av dei førebelse erfaringane knytt til drift av norske landbaserte vindkraftverk.
Samanlikna med landbasert vindkraft er vindkraft til havs ein meir umoden teknologi. Det neste tiåret vil FoU og demonstrasjon vere viktigast for utviklinga av vindkraft til havs. Den vidare utviklinga av botnfast og flytande vindkraft er avhengig av kostnadsreduksjonar, kompetanseutvikling og teknologiutvikling. Den langsiktige visjonen er at norsk teknologi og kompetanse skal vere heilt i front innan vindkraft. Viktige drivkrefter for dette er dei store vindressursane våre og framifrå kunnskap innan offshore og marin teknologi.
For døme på teknologiområde innanfor land- og havbasert vindkraft der norske miljø har kompetanse, sjå vedlegg 1.
5 Arealvurderingar
5.1 Innleiing
I lovforslaget er det lagt opp til at etablering av fornybar energiproduksjon til havs i utgangspunktet berre kan skje etter at staten har opna nærare bestemte geografiske område for søknader om konsesjon. I medhald av lovforslaget skal det gjennomførast konsekvensutgreiing før opning av areal i statleg regi. Dei rettslege sidene knytt til konsekvensutgreiing og opning er beskrivne i del II av proposisjonen.
I høyringa av lovutkastet har mange høyringsinstansar påpeikt at sjølv om storskala utbygging av vindkraft til havs ligg mange år fram i tid, er det viktig at ein prosess for arealkartlegging blir sett i gang raskt. Departementet støttar desse synspunkta, og vil derfor setje i gang arbeid knytt til å vurdere havareal som kan vere eigna for utbygging av vindkraftanlegg. Avhengig av utviklinga i teknologi, kostnader og etterspørsel vil tilsvarande arbeid vere aktuelt for andre fornybare energiteknologiar seinare.
Det tekniske potensialet for fornybar energi i norske havområde er svært stort. I kapittel 5.2 er det ei kort oppsummering av enkelte utgreiingar som er gjort for å anslå dette.
Det store energipotensialet heng saman med at norske havområde dekkjer eit svært stort areal. Ei konsekvensutgreiing i statleg regi må derfor avgrensast til areal som ut frå ei heilskapleg vurdering kan synast mest aktuelle for utbygging. Før konsekvensutgreiingar kan setjast i verk, må det såleis gjerast eit arbeid med arealavgrensing.
Ei arealavgrensing må ta utgangspunkt i ei vurdering av tekniske og økonomiske forhold som vil vere avgjerande for kor vidt utbygging vil vere aktuelt. Dette inkluderer blant anna vindressursar, havdjup, kraftoverføring, forsynings- og marknadsmessige forhold. I kapittel 5.3 er det ein overordna gjennomgang av desse faktorane.
Vidare må miljøforhold og andre arealbruksinteresser til havs vurderast i arealavgrensinga. Kapittel 5.4 omtalar dei viktigaste faktorane, det vil seie biologisk mangfald, visuelle verknader, kulturminne, fiskeri, sjøtransport, petroleumsverksemd og forsvarsinteresser. Kapitlet inneheld òg ei omtale av heilskaplege forvaltningsplanar for norske havområde.
Utgreiing og drøfting av dei ulike forholda det er gjort greie for i kapittel 5.3 og 5.4 kan tenkjast gjennomført på ulike stadium i prosessen med å vurdere havareal for utbygging av vindkraftanlegg. Forholdet mellom arealavgrensing, strategisk konsekvensutgreiing og prosjektspesifikke konsekvensutgreiingar er drøfta i kapittel 5.5. Kapitlet har ein omtale av korleis arbeid med arealavgrensing og konsekvensutgreiingar er lagt opp i Danmark og Storbritannia. Desse to landa har komme langt innan planlegging og utbygging av vindkraft til havs.
I kapittel 5.6 er beskrive korleis departementet vil setje i verk arbeid med arealavgrensing og konsekvensutgreiing utanfor grunnlinjene. Forholdet til konsesjonshandsaming av vindkraftanlegg innanfor grunnlinjene er omtalt i kapittel 5.7.
5.2 Energipotensialet
5.2.1 Vindkraft
Vindforholda i norske havområde er generelt svært gode. I store delar av dei norske havområda er det utrekna middels vindfart på mellom 10 og 11 m/s i 90 meters høgde. Dette kan gi ei brukstid 17 for vindturbinar på opp mot 4000 timar. Til samanlikning synest gjennomsnittleg brukstid for landbasert vindkraft i Noreg i dag å vere om lag 2500 timar. Dei beste vindforholda finst generelt sett ganske langt frå land. Allereie ved 100 til 50 km frå land skjer det ei oppbremsing av vindfarten på grunn av påverknad frå landmassane. Dette medfører at brukstida kan falle ned mot rundt rekna 3000 timar eller noko lågare.
NVE har rekna ut teoretisk potensial for botnfast vindkraft langs norskekysten under varierande havdjup og avstand til land, NVE-rapport 9/2008. NVE har rekna på effektpotensialet (MW). I omtala nedanfor er det omrekna til energipotensial (TWh/år), føresett ei brukstid på 3000 timar.
Dersom det er føresett ein minsteavstand til land på 1 km, er det i kystområde med djupner mindre enn 20 meter anslått eit potensial på 90 TWh/år. Aukar havdjupet til 50 meter, som er om lag største kjende djupn for botnfaste turbinar i dag, aukar potensialet til 165 TWh/år. Med ei største djupn på 100 meter er potensialet anslått til 420 TWh/år. Teknologi for botnfaste turbinar på slike djupner er ikkje kommersielt tilgjengeleg i dag, men ein går ut frå at utviklinga vil gå i retning av djupner ned mot dette i framtida.
Problemstillingar knytt til visuell påverknad blir reduserte med aukande avstand til land. Dersom det er føresett ein minsteavstand til land på 10 km, anslår NVE potensialet for havdjup ned til 20, 50 og 100 meter til respektive 20, 39 og 120 TWh/år.
For djupner ned mot 100 meter har NVE òg estimert potensialet ved ein minsteavstand på 20 km til land. Dette potensialet er utrekna til 30 TWh/år.
NVEs utrekningar tek omsyn til verneområde, men andre omsyn er ikkje tekne i betraktning. Potensialet er ulikt fordelt langs kysten. Det største potensialet finst frå Møre til Troms. For anslaga med minsteavstand på 10 km til land er om lag 85 pst av potensialet lokalisert utanfor desse fylka.
Det kan nemnast at NVE har gjort ein liknande studie av det tekniske potensialet for utbygging av vindkraft på land langs kysten. Dette potensialet er utrekna til om lag 245 TWh/år, av dette er 2/3 lokalisert i Finnmark.
NVE-studien har ikkje vurdert vindkraftpotensialet for flytande vindkraft. Studien inkluderer heller ikkje grunne havområde langt frå land. Enova har fått utført ein potensialstudie der heile havområdet med djupner ned til 300 meter er inkludert, Potensialstudie av havenergi i Norge, Sweco Grøner 2007. Område nærare enn 20 km frå land er ikkje medrekna. Potensialet er estimert i forhold til ulike djupner og breiddegrader.
I rapporten er det anslått eit samla teknisk potensial som er svært stort, knapt 14 000 TWh/år. Nesten 95 pst av dette gjeld havområde med djupner mellom 60 og 300 meter, det resterande omfattar i hovudsak djupner mellom 30 og 60 meter.
Energipotensialet for djupner mellom 60 og 300 meter er svært stort i alle norske havområde. Energipotensialet for djupner mellom 30 og 60 meter er i hovudsak knytt til areal i den sørlege delen av Nordsjøen og område nær Svalbard. Potensialet i førstnemnde område er anslått til 320 TWh/år.
Det blir understreka at dei ovannemnde anslaga ikkje på nokon måte gir uttrykk for kva som kan vere realistisk utbyggingsvolum. Men det illustrerer at det ikkje er ressursgrunnlaget som vil avgrense utbygginga, og at det bør vere gode høve til å identifisere havareal som ikkje gir uakseptable verknader for miljø eller andre arealinteresser. I særleg grad vil det vere tilfelle dersom det blir utvikla konkurransedyktig teknologi som er tilpassa djupt vatn. Det må òg understrekast at det kan vere betydeleg uvisse knytt til utrekningane.
5.2.2 Bølgje- og tidvasskraft
Det teoretiske potensialet for bølgjekraft og tidvasskraft er estimert i rapporten Potensialstudie av havenergi i Norge, Sweco Grøner 2007.
Bølgjeenergien varierer langs kysten. På kysten frå Sognefjorden til Lofoten er oppgitt ein middels årleg bølgjefront på 40-50 kW/m og opp mot 65 kW/m ut i havet. Nord for Lofoten er middels årleg bølgjefront oppgitt til 30-40 kW/m. Sør for Sognefjorden blir bølgjeressursen gradvis mindre og utgjer 20-25 kW/m vest for Lindesnes. I Skagerrak er middels årleg bølgjefront under 10 kW/m.
Det er anslått at bølgjeenergi tilsvarande 600 TWh passerer inn mot norskekysten kvart år. Av dette passerer i overkant av 500 TWh/år nord for Sognefjorden.
Bølgjeenergien varierer kraftig over året. Typisk er at mindre enn 10 pst av energien er tilgjengeleg i månadene juni til august, og nesten halvparten i månadene desember til februar. Desse sesongvariasjonane kan gi ein gunstig produksjonsprofil med størst vinterproduksjon.
Sjølv om dei beste bølgjeforholda blir påviste utanfor grunnlinja vil utnytting av desse avgrensast av store havdjup. Flytande bølgjekraftkonsept kan i teorien monterast over store djup, men dette medfører ei rekkje tekniske og økonomiske utfordringar.
I rapporten er det teoretiske potensialet for tidvasskraft estimert til noko over 1 TWh/år. Dette potensialet er basert på estimering av energipotensialet i eit utval fjordar og sund nord for Bodø. Rapporten peiker på at det mellom Bodø og Trøndelag er færre sund og at retninga på desse ikkje gir opphav til kraftige straumar. Lenger sør blir tidvassvariasjonen gradvis mindre. Om lag 70 pst. av det estimerte potensialet er knytt til Moskenstraumen.
Ein viser elles til kapitlet 5.2.1 vedrørande forholdet mellom teoretisk og realiserbart potensial.
5.3 Arealavgrensing – tekniske og økonomiske forhold
Kva som kan vere føremålstenleg lokalisering for utbygging av vindkraft til havs vil avhenge av mange forhold. I dette avsnittet er det ei generell drøfting av nokre viktige faktorar. I ei nærare vurdering kan det òg vere nødvendig å ta omsyn til andre forhold, for eksempel faktorar som påverkar kostnadene ved installasjon, drift og vedlikehald. Faktorane som er drøfta peiker til dels i ulike retningar, og ei avveging av desse krev nærare vurdering. Den betydinga faktorane har kan endre seg over tid, avhengig av utvikling i teknologi, etterspørsel mv.
5.3.1 Vindressursar og havdjup
Av kapittel 5.2 går det fram at vindressursane i norske havområde stort sett synest gode dei fleste stadene, men slik at vindfarten er lågare nær land. Sjølv om vindressursane til havs synest relativt jamt fordelte og med ein større stabilitet enn på land, er det likevel sentralt å ta utgangspunkt i vindressursane ved vurdering av eigna areal. Nærare undersøkingar av middelvind, turbulens, talet på dagar med for kraftig eller for svak vind osv. kan vere nødvendig for å avdekkje dei beste ressursane. Av omsyn til innfasing i kraftsystemet, jf. kapittel 5.3.2, kan det ved utbygging av store mengder vindkraft vere føremålstenleg at ikkje all utbygging skjer i same område med dei same vindforholda.
Havdjup vil vere ein avgjerande faktor då dette påverkar utbyggingskostnad og utbyggingskonsept. Særleg ved kartlegging av areal eigna for botnfaste turbinar vil djupn vere ein avgjerande faktor som ekskluderer store delar av norske havområde. I dag er dei fleste anlegg bygde i område med havdjup mindre enn 20 meter, men det finst enkeltståande turbinar på djupner ned mot 45 meter. Store areal under planlegging for vindkraft til havs, for eksempel i Storbritannia, omfattar område med djupner ned mot om lag 50 meter. Det er venta at botnfaste turbinar på sikt kan bli aktuelle for havdjup ned mot 80-100 meter, men større djupner vil òg auke utbyggingskostnadene.
Flytande turbinar gir større fleksibilitet når det gjeld djupner. Men slike anlegg vil òg ha ei nedre grense for kva som er akseptabel djupn ut frå teknologiske og økonomiske rammer. Ein trur at djupner ned mot 700 meter kan vere aktuelle. Utvikling og utprøving av flytande konsept vil gi meir kunnskap om dette.
Ovannemnde tilseier at kartlegginga av areal for vindkraftanlegg i den første fasen særleg bør vurdere område med havdjup eigna for botnfaste installasjonar. Område for flytande installasjonar kan mellom anna vere aktuelle som ledd i teknologiutvikling. I seinare rundar med arealavklaringar kan den teknologiske utviklinga gjere område for storskala flytande vindkraft aktuelle.
5.3.2 Kraftoverføring og forsyningsforhold
Forhold knytt til kraftoverføring og forsyningsforhold må takast i betraktning ved planlegging av alle former for kraftproduksjon. Vindkraftproduksjon til havs har likevel kjenneteikn som medfører at det er særskilt påkravd at dette står sentralt i vurderinga. Sidan det knapt finst infrastruktur for overføring av kraft til havs, er det openbart at vurdering av forhold knytt til infrastruktur til havs må gå hand i hand med vurdering av havareal for vindkraftproduksjon. Etablering av slik infrastruktur er dyrt, og overføring av krafta medfører krafttap. Investeringskostnader og krafttap avheng av overføringsavstand, overføringskapasitet og spenningsnivå, og om elektrisiteten blir overførd som likestraum eller vekselstraum. Dette er nærare omtalt i kapittel 6. Omsynet til kraftoverføring tilseier at det er gunstig å etablere vindkraftproduksjon nær land.
Vurdering av vindkraftproduksjon og infrastruktur til havs må òg sjåast i samanheng med nettforhold, produksjon og forbruk. Det er særleg to forhold som er viktige i denne samanhengen.
Det første er knytt til kostnadsnivået for havbasert vindkraft samanlikna med fornybar elektrisitetsproduksjon på land. Pr. i dag har utbygging og drift av vindkraftanlegg til havs langt høgare kostnader enn vindkraft på land. Kostnadsforskjellen er endå større om ein samanliknar med vasskraft. Sjølv om utvikling av ny teknologi og andre forbetringar vil redusere kostnadsnivået over tid, må vi gå ut frå at fornybar kraftproduksjon på land vil vere gunstigare i lang tid. Samanlikna med mange andre land har Noreg gode høve til å auke fornybar energiproduksjon på land i form av vasskraft, vindkraft, bioenergi mv. Dette tilseier at utbygging av vindkraft til havs i stor skala må vurderast i lys av eit framtidsbilete der Noreg er netto eksportør av elektrisitet. Det har igjen betyding for kva havområde som er mest aktuelle å vurdere for ei framtidig storskala utbygging av vindkraft. Generelt sett trekkjer det i retning av at vindkraft til havs bør lokaliserast langt mot sør, slik at overføringsavstanden til forbruksområda er kortast mogleg.
Det andre forholdet er knytt til produksjonseigenskapane og kostnadsstrukturen til vindkrafta. Vindkraft er uregulerbar produksjon som føreset at det er annan regulerbar kraftproduksjon tilgjengeleg for å balansere tilbod og etterspørsel. Vidare vil det ved utbygging av vindkraft til havs normalt vere gunstig å byggje ut store anlegg (frå fleire hundre og opp til over 1000 MW) for å redusere kostnaden pr. produsert kWh. Skalafordelar gjer seg gjeldande både ved utbygging og drift av vindkraftanlegget, og ved investering i infrastruktur til havs. Avhengig av situasjonen i ilandføringspunktet kan likevel store punktkjelder med uregulert produksjon utgjere ei utfordring, og det kan vere nødvendig å forsterke leidningsnettet på land for å halde oppe leveringskvalitet og/eller for å føre krafta frå ilandføringspunktet til forbrukssentra. Eventuell forsterking av leidningsnettet på land er dyrt og kan vere konfliktfylt.
Dersom større mengder uregulerbar produksjon skal transporterast inn til fastlandet er det derfor fordelaktig at dette er knytt opp til punkt i nettet med tilstrekkeleg kapasitet, der full regulering med vasskraft er tilgjengeleg og det finst føremålstenlege høve til avsetning av krafta nær ilandføringsstaden. Det vil auke forsyningstryggleiken og redusere risikoen for flaskehalsar og behovet for nettforsterkingar.
Vindkrafta sine produksjonseigenskapar vil òg ha betyding dersom elektrisiteten frå vindkraftanlegg i norske havområde blir knytt til kraftnettet i andre land rundt Nordsjøen. Dei svært omfattande planane om etablering av vindkraft på land og til havs i andre nordeuropeiske land representerer ei stor utfordring for stabiliteten i kraftsystemet. Storstilt utbygging av uregulerbar produksjon vil auke behovet for krafttilgang som kan regulerast for å halde oppe den nødvendige balansen i kraftsystemet. Omfattande utbygging av vindkraft i Nordsjøen kan òg gi utfordringar knytt til å overføre krafta frå ilandføringspunkta på kysten til forbrukssentra inne i landet. Dette er blant anna ei vesentleg problemstilling i Tyskland, der det er behov for å forsterke overføringsnettet.
Utfordringane knytt til stabilitet i kraftsystemet og forsterking av linjenett på land kan påverke dei fysiske høva til å mate vindkraft frå norske havområde inn i andre land sine kraftsystem, og dermed omfanget av framtidig utbygging i norske havområde. Det kan òg ha betyding for kor framtidig utbygging i norske havområde bør lokaliserast, og dermed for arbeidet med arealavgrensing.
Norsk vasskraft er teknisk sett godt eigna til å lagre vatn frå periodar med stor vindkraftproduksjon til periodar med liten vindkraftproduksjon. Norske vasskraftmagasin og overføringssambanda med utlandet blir alt i dag brukt til kortsiktig stabilisering av kraftsystemet i Nord-Europa. Samtidig er overføringssambanda vesentlege for å halde oppe forsyningstryggleiken i tørrår. Desse forholda kan utviklast vidare, dels gjennom tiltak som aukar evna til effektleveransar frå norske vasskraftverk og dels gjennom å auke overføringskapasiteten med utlandet. Ei vidareutvikling av den regulerbare vasskrafta må skje innan miljømessig forsvarlege rammer. NVE gjennomfører no arbeid for å vurdere korleis dette kan la seg gjere. Forskingsinnsatsen på dette området er òg styrkt ved at det i år er etablert eit forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) der samspelet mellom vass- og vindkraft og miljøverknader av vasskraftreguleringar vil vere sentrale forskingstema. Ein viser til kapittel 4 og kapittel 6 med nærare omtale av respektive FoU og infrastruktur.
Arealvurderingane for vindkraft til havs må sjåast i samanheng med lokalisering og vidareutvikling av regulerbar vasskraft og utvekslingskapasitet. Dersom vindkraftanlegg til havs blir kopla til utvekslingskablar kan det medverke til reduserte infrastrukturkostnader. På den andre sida vil slik tilknyting redusere overføringskapasiteten som er tilgjengeleg for kraftutveksling mellom landa. Utfordringane knytt til stabilitet i kraftsystemet i Nord-Europa kan òg tilseie at det kan vere føremålstenleg å vurdere havareal der vindforholda ikkje varierer i takt med vindforholda i nabolanda. Den fordelen dette kan innebere, må vegast opp mot auka infrastrukturkostnader og andre forhold.
I tillegg til innmating i kraftsystemet på land i Noreg eller utlandet, kan vindkraft til havs òg medverke til å forsyne petroleumsinstallasjonar med elektrisitet. Fordi vindkraft ikkje er regulerbar kan ikkje dette vere den einaste kraftforsyninga til slike installasjonar. Det vil vere nødvendig med annan krafttilgang i tillegg, anten i form av gassturbinar eller ved tilknyting til kraftsystemet på land. I ei arealvurdering vil det vere relevant å vurdere tekniske, kostnadsmessige og andre forhold knytt til slike løysingar.
5.4 Arealavgrensing – miljø og andre arealinteresser
Regjeringa la i vår fram forslag til heilskapleg forvaltningsplan for Norskehavet, jf. St.meld. nr. 37 (2008-2009). Vidare er det føresett at forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten, jf. St. meld. nr. 8 (2005-2006), skal rullerast i 2010. Det er òg sett i gang arbeid med heilskapleg forvaltningsplan for Nordsjøen, denne skal etter planen leggjast fram for Stortinget i 2015.
Formålet med forvaltningsplanane er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar i Noregs havområde og samtidig halde oppe struktur, verkemåte og produktivitet i økosystema. I forvaltningsplanen for Barentshavet vart særleg fiskeri, petroleumsaktivitet og sjøtransport vurderte. I forvaltningsplanen for Norskehavet er òg fornybar energiproduksjon til havs inkludert.
Som ledd i arbeidet med forvaltningsplanane er omfattande data og annan kunnskap om havområda og næringsaktivitetane gjennomgått og vurderte. Forslag til utgreiingsprogram var på brei høyring hos interesseorganisasjonar, forskingsmiljø og relevante offentlege institusjonar. Utgreiingar vart så gjennomførde og ei rekkje fagrapportar produserte. Problemstillingar innan miljø- og arealkonfliktar ved vind- og bølgjekraftverk til havs er utgreidd i delutgreiinga Arealkonflikter ved etablering av vindkraftverk og bølgekraftverk i Norskehavet, Multiconsult (2008). Konsekvensar på sjøfugl er vurderte av NINA i utgreiinga Tverrsektoriell vurdering av konsekvenser for sjøfugl i Norskehavet.
Ei vurdering av konsekvensar av petroleumsaktivitet og andre energiformer til havs er samanstilt i ei eiga sektorutgreiing. For Norskehavet inkluderer denne òg havbasert fornybar energiproduksjon. Mange av utgreiingane som er laga i samband med forvaltningsplanane gjekk spesifikt på miljøpåverknadene av dei ulike næringane, men det vart òg gitt beskrivingar av verdifulle miljøkvalitetar som har overføringsverdi for vurdering av lokalisering av havbasert vindkraft.
I samband med arbeidet med nasjonal strategi for havenergi har OED og MD fått utført ei utgreiing om Offshore vindkraft og arealprosesser – sammenliknende metodestudie, Ask Rådgivning (2009). Utgreiinga samanfattar eksisterande kunnskap og vurderingar av potensielle konflikttema innan miljø- og andre arealinteresser.
Denne utgreiinga og arbeidet utført i samband med forvaltningsplanane gir god oversikt over kva slag miljø- og andre arealinteresser det er viktigast å utgreie i ei strategisk konsekvensutgreiing for havbasert vindkraft. Utgreiingane gir òg vurderingar av kunnskapsstatus og kunnskapsbehov, og gir slik eit grunnlag for å vurdere behovet for vidare utgreiingar.
I forvaltningsplanen for Norskehavet er mogleg konsekvensar av vindkraft til havs oppsummerte slik:
«Det er i dag ingen offshorebasert vindkraftproduksjon på norsk sokkel. Internasjonalt har man kun erfaringer fra grunne og nære kystområder. Dette innebærer at det er betydelig usikkerhet i vurderingen av mulige konsekvenser ved en fremtidig etablering av slik energiproduksjon. Vindturbiner genererer ikke selv utslipp til luft og det forventes ikke regulære utslipp til sjø. Eventuelle utslipp til luft og sjø vil derfor være relatert til produksjon og installering/anleggsarbeid, samt vedlikeholdsoperasjoner. Miljøpåvirkninger vil generelt kunne være relatert til infrastrukturinngrep (kabler, forankring m.m), muligheter for kollisjoner og barriereeffekter for sjøfugl, samt estetiske virkninger (visuelt og støy). I anleggsfasen vil støy være relatert til fartøyoperasjoner, bruk av eksplosiver og eventuelle fysiske inngrep, mens vindturbinene vil utgjøre en permanent støykilde i driftsfasen.
Eventuelle miljøkonsekvenser knyttet til etablering og drift av offshore vindkraft forventes i hovedsak for miljøverdier lokalt i nærområdene til anleggene og eventuelle skader for enkeltindivider. Det er imidlertid en del usikkerhet knyttet til konsekvenser av offshore vindkraft for sjøfugl. Usikkerheten er relatert til kollisjonsrisiko for lokale og trekkende fugler, samt eventuelle barriereeffekter. Med hensyn til fisk og sjøpattedyr er det noe manglende kunnskap om eventuelle adferdsmessige virkninger av støy fra vindturbinene.»
Forvaltningsplanen peikar ikkje ut særskilde område for vindkraft. Planen nemner heller ikkje særskilde område der vindkraft utan vidare er uaktuelt. Om mål om rammer for utbygging av vindkraft til havs heiter det i planen at:
«Regjeringen vil derfor:
som et ledd i nasjonal strategi for vindkraft til havs legge til rette for gjennomføring av en strategisk konsekvensutredning av aktuelle områder for offshore vindkraft med sikte på å avklare områder som skal kunne åpnes for søknader om utbygging.
som ledd i nasjonal strategi for vindkraft til havs, legge fram forslag til lovgrunnlag for vindkraft utenfor grunnlinjen i 2009.
i områder med særlige miljøverdier stille særlige krav til å vurdere påvirkning og konsekvenser for miljø, spesielt bunnhabitater, gyteområder for sild og trekkruter for sjøfugl, ved planlegging av eventuell fremtidig virksomhet»
I etterfølgjande delkapittel kjem ei tematisk omtale av miljø- og arealinteressene knytt til etablering av vindkraft til havs.
5.4.1 Biologisk mangfald
Kapittelet omtaler sentrale spørsmål knytt til biologisk mangfald ved installasjon av vindkraft med tilhørande infrastruktur til havs. Omtalen er ikkje uttømmande, men utgreiingane som ligg føre tyder på at disse forholda er dei mest sentrale.
Sjøfugl
Vindturbinar til havs vil ha mykje av det same potensialet for konflikt med fugl som vindmøller på land. Moglege verknader for fugl kan vere kollisjonar med vindturbinar (tårn og venger), unnaviking pga. forstyrringar, habitattap og arealkonfliktar og barriereeffektar, som kan auke fluktdistansen og auke fuglane sitt energibehov. Det er uvisse rundt risikoen for kollisjon mellom sjøfugl og vindturbinar til havs. Kunnskapen på området er i hovudsak relatert til landbaserte anlegg og rovfugl, og i noko grad kystbaserte anlegg og enkelte arter (hovudsakleg ærfugl). Barriereeffekt er vist for trekkjande fuglar, og ved danske anlegg til havs både i Nordsjøen og Austersjøen er dette godt dokumentert. For Horns Rev viste radarstudiar at trekkjande fuglar gjennomgåande bøygde av frå 300 m til 2 km før vindkraftverket, og heldt fram trekket utanom anlegget. Erfaringar frå bl.a. Danmark og Sverige tilseier låg kollisjonsrisiko, då studiar viser at fleire fuglearter evnar å oppdage vindparkar på langt hald og flyge utanom desse, dels òg å passere gjennom dei, utan å kollidere.
I dag har ein god kjennskap til viktige hekkelokalitetar for sjøfugl. Det har vore drive sjøfuglovervaking og forsking i dei store sjøfuglkoloniane i ei årrekkje. Sidan 80-talet er det gjennomført kartleggingar av utbreiinga av sjøfugl i ope hav. Datagrunnlaget om utbreiing og førekomst er best for Nordsjøen. Ei meir heilskapleg overvaking av sjøfuglsystema i Noreg skjer no i regi av SEAPOP, men ein har førebels dårleg kunnskap om utbreiinga av sjøfugl i tal, tid og rom, under dette fordelingsmønsteret deira, variasjonar i tettleik og vandringar. Like eins er det mangelfull kunnskap om populasjonstilhøyring og bestandsstorleikar.
Påverknad på sjøfugl av etablering av vindmøller til havs vil blant anna avhenge av omfang av vindturbinar/areal og lokalisering. I ein prosess for å identifisere eigna område for havbasert vindkraft må viktige hekkeområde og andre kjente viktige område for sjøfugl identifiserast tidleg og konfliktpotensialet vurderast. Omsyn til sjøfugl må vere eit viktig tema i strategiske og prosjektspesifikke konsekvensutgreiingar der tilgjengeleg kunnskap ikkje er tilstrekkeleg.
Marine pattedyr og fisk
Det er noko manglande kunnskap om eventuelle verknader på åtferd av støy frå vindturbinane på fisk og sjøpattedyr. Under anleggsfasen vil eventuell bruk av eksplosiv danne trykkbølgjer som kan skade sjøpattedyr og fisk. Ein reknar likevel med at desse reagerer ved å unngå anleggsområdet i denne fasen slik at skadeomfanget er avgrensa. Under driftsfasen vil vindturbinane generere eit lydbilete som kan høyrast av enkelte fiskeartar.
Fisk kan fange opp lyden av vindturbinar på distansar opp til 25 km, men støyen er ikkje skadeleg for høyrsla. Undersøkingar viser at fisk unngår vindturbinar under sterk vind, då lyden er sterkare under slike forhold. Likevel er det generelle lydbiletet, spesielt innanfor dei lågare frekvensane, av ein slik karakter at det potensielt kan kamuflere eller påverke kommunikasjon mellom fisk. Dei fleste fiskeartar responderer sterkast på lyd i det lågfrekvente området – under 50Hz. Kunnskapen om direkte effektar av støy er avgrensa til eit fåtal arter og utviklingsstadium. Kunnskapsnivået på fiskebestandar som blir utnytta kommersielt er gjennomgåande høgare enn for annan marin fauna. I vurderingane av vindkraft til havs i forvaltningsplan for Norskehavet er det særleg norsk vårgytande sild som er trekt fram som sårbar for inngrep. Silda gyter i enorme konsentrasjonar på botnen i område som kan vere eigna for vindkraft. Omsynet til torsk er òg trekt fram fleire stader. Dei viktigaste gyteområda er tekne med blant dei spesielt verdifulle områda i forvaltningsplanane, og potensiell konflikt med vindkraft må vurderast i prosessen med å identifisere eigna areal.
Undersøkingar frå Horns Rev viser at det ikkje var nokon signifikant skilnad i talet på niser innanfor og utanfor vindkraftverket. Dette indikerer at påverknaden på marine pattedyr er liten under drift av eit vindkraftverk.
I faktagrunnlaget til forvaltningsplanen for Norskehavet er moglege konsekvensar av vindkraft til havs på marine pattedyr og fisk vurderte som ubetydelege og med lite uvisse, men kunnskapsstatus er òg vurdert som låg.
Korallrev
Kunnskapen om korallrev er i dag relativt avgrensa, men MAREANO-prosjektet betrar situasjonen fortløpande. Det er identifisert ein del korallrev i dag og særleg viktige lokalitetar er tekne med i den marine verneplanen og som særlege viktige område i forvaltningsplanane. Gode arealprosessar og konsekvensutgreiingar i område som ikkje er kartlagde, bør hindre konflikt mellom vindkraft til havs og korallrev.
Særleg verdifulle naturområde
I forvaltningsplanane for Barentshavet og Norskehavet er det, i tillegg til ei omfattande beskriving av naturgrunnlag og miljøforhold, òg gitt ei konkret beskriving og kartfesting av særleg verdifulle område. Eit særleg verdifullt område vart definert som eit geografisk avgrensa område som inneheld ein eller fleire særleg betydelege førekomstar av naturressursar, verdsett etter del av internasjonal, nasjonal og regional bestand, bestandsstatus og raudlistestatus. Det vart i arbeidet nytta to kriterium; betyding for biologisk mangfald og betyding for biologisk produksjon. I det marine miljøet finst slike område ofte der det er spesielle oseanografiske eller topografiske forhold. Ved å identifisere desse områda vil ein òg kunne identifisere område med eit spesielt rikt/unikt dyre- og planteliv.
I Barentshavet vart det plukka ut 18 område som var spesielt verdifulle. Av desse vart fire definerte som særleg viktige. I Norskehavet vart det plukka ut 11 område som er vurderte til å vere særleg verdifulle.
Nokre av områda består av relativt avgrensa område med spesielle gytebankar for fisk eller spesielt fine korallrev. Andre dekkjer store areal baserte på meir generelle beskrivingar. For kvart av desse områda er det gitt ei klar framstilling av kva slag verdiar som ligg til grunn for den høge verdiklassifiseringa. Dette er viktig for vurderinga av potensiell konflikt med eventuell etablering av vindkraft til havs i områda.
Parallelt med forvaltningsplanarbeidet blir det arbeidd med ein marin verneplan for norskekysten. I alt er det foreslått 36 marine verneområde. I prosessen med å identifisere eigna område for havbasert vindkraft må dei føreslegne marine verneområda og dei særleg viktige områda i forvaltningsplanane kartfestast og potensiell konflikt må vurderast.
5.4.2 Visuelle verknader
Visuelle verknader utgjer eit viktig element i debatten omkring vindkraft på land i Noreg. Lokalisering og folk sine oppfatningar/haldningar til vindkraft vil vere viktige for omfanget av visuelle og estetiske konsekvensar. Omsynet til å minimere infrastrukturkostnader tilseier at vindturbinane blir plasserte nær kysten, mens avstandar på opp mot 20 km eller lenger frå land er gunstig for å minimere visuelle verknader frå land. Lys og siktforhold påverkar kor synlege vindkraftverk er over store avstandar.
Mykje av reiselivsnæringa langs kysten i Noreg lev av å selje urøyrt natur. Den visuelle verknaden av vindkraftutbygging kan difor bety mykje for denne næringa. I samband med framtidige konsekvensutgreiingar av vindkraftutbygging i eit område er det viktig at det blir tatt omsyn til dei økonomiske konsekvensane for reislivsnæringa i nærområdet.
5.4.3 Marine kulturminne
Det er funne eit avgrensa tal skipsvrak på sokkelen utanfor grunnlinja. Det er omtalt eit betydeleg tal forlis i havområda, men posisjonar på havbotnen er ofte ikkje registrerte eller verifiserte. Det er derfor eit potensial for funn av vrak, men det er vanskeleg å peike på område med større sannsyn enn andre.
Forholdet til skipsvrak og andre kulturminne må følgjast opp i konsekvensutgreiingane. Eventuelle funn blir handsama etter føresegnene i kulturminnelova om vern av skipsvrak og vern og handtering av andre kulturminne. Energistyresmaktene og kulturminnestyresmaktene har utarbeidd prosedyrar for korleis kulturminne skal takast vare på ved handsaming av vindkraftprosjekt på land, jf. Retningslinjer og planlegging og lokalisering av vindkraft (Miljøverndepartementet og Olje- og energidepartementet 2007). Tilsvarande prosedyrar kan tenkjast utarbeidde for handsaming av anlegg til havs.
5.4.4 Fiskeri og havbruk
Det er i utgangspunktet eit potensial for konflikt mellom energiproduksjon til havs og fiskeriverksemd. Etableringar av vindkraftverk eller bølgjekraftverk kan, avhengig av storleik og plassering, hindre fiske dersom installasjonane blir plasserta i fiskeområde. Ved etablering av botnfaste vindturbinar er det område grunnare enn 100 meter som er aktuelle. Slike bankar kan samtidig vere viktige område for fiske, og arealkonflikt med fiskeflåten kan oppstå. Satellittsporing av norske fiskefartøy med lengd over 24 meter vart innført frå 1. juli 2000. Frå 1. oktober 2008 vart det innført påbod om sporing på alle norske fiskefartøy over 21 meter. Planen på sikt er å få sporing på alle fiskefartøy over 15 meter. Satellittsporing gir ei svært god oversikt over kor fiskeriaktiviteten går føre seg og data kan brukast i GIS-analysar. Det må likevel presiserast at ein stor del av den norske fiskeflåten er under 24 meter, og at føreliggjande kart dermed foreløpig ikkje gir eit fullstendig bilete av fiskeriaktiviteten i området. Dialog med fiskerinæringa vil i alle tilfelle vere ein viktig del av ein prosess for å identifisere eigna område for havbasert vindkraft.
Sjøkablar vil føre energien frå vind- eller bølgjekraftverk til havs inn til land. I område der det er fare for at reiskap skal setje seg fast i straumkablane, kan kabelen anten gravast ned eller dekkjast over med stein. Nedgravne kablar vil medføre små problem for fisket. Totalt er arealbeslag og potensialet for arealkonfliktar som følgje av kabeltrasear mellom vind-/bølgjekraftverk og land sett på som avgrensa, og farane for arealkonflikt som små.
I dag er det lite oppdrett utanfor grunnlinjene. I framtida kan dette vere meir aktuelt. Dersom verkeområdet til havenergilova blir utvida i dei indre farvatn auker potensialet for arealkonflikt med akvakulturverksemd. I vurderinga av moglege areal for energiproduksjon til havs må det takast omsyn til noverande og framtidige område med potensial for akvakultur.
5.4.5 Sjøtransport
I kva grad etablering av vindkraftverk til havs vil komme i konflikt med skipstrafikken og med etablert maritimt transportnett langs kysten, vil avhenge av plassering, utbreiing og omfang av installasjonane. Dersom vindparkane får eit betydeleg omfang og dei blir etablerte i nærleiken av aktuelle skipsleier/seglingsruter vil det kunne medføre at seglingsdistansar endrast og aukar med påfølgande redusert konkurransekraft for sjøtransporten. Desse verknadene er ikkje venta å bli store før det eventuelt blir bygd mange storskala vindkraftanlegg i område knytt til seglingsleider. For botnfaste konstruksjonar vil dei avgrensingane som er gjort med omsyn til avstand frå land og djupn for botnfaste vindturbinar i seg sjølv avgrense moglege konfliktar til eit fåtal område. For flytande konstruksjonar vil omsynet til skipsfarten vere meir aktuelt.
God kartlegging av viktige seglingsleider og –ruter, merking i kartverk saman med eit regelverk som sikrar gode prosessar ved lokalisering av kraftproduksjon, vil bidra til å redusere interessemotsetningar. Det ligg i dag føre nasjonale kartsett for dei viktigaste skipsleiene langs norskekysten tilrettelagt for GIS. I tillegg har ein tilgang til eit omfattande datamateriale for seglingsmønster og skipspasseringar frå blant anna satellittsporingssystemet (AIS) som er operert av Kystverket, AIS-data frå Statoil Marin og trafikkdatabasen COAST frå Safetec. Alle desse kjeldene er implementerte i sektorrapportane for skipsfart som er utarbeidde i samband med forvaltningsplanane og tilrettelagt for GIS. Data frå forvaltningsplanane vil derfor utgjere eit godt grunnlag for arealvurderingar for vindkraft til havs.
5.4.6 Petroleumsverksemd
I ei vurdering av havareal for vindkraft må det takast omsyn til petroleumsinstallasjonar, røyrleidningar, lisensar, funn, potensielle område for framtidig utvinning mv. På same måten må det takast omsyn til skips- og lufttrafikk i tilknyting til petroleumsverksemda. Datagrunnlaget for aktivitetane på petroleumssektoren er svært godt. Det finst kartfesta informasjon tilrettelagt for GIS for alle installasjonane, røyrleidningar, tildelte lisensar, funn og tilbakeleverte lisensar. Som nemnt i kapittel 5.3 kan petroleumsverksemd òg vere ein mogleg avtakar av elektrisitet frå havbasert vindkraft.
5.4.7 Forsvaret
Forsvaret opererer med ei rekkje faste skyte- og øvingsfelt i norske havområde. Det hender unntaksvis at det blir nytta andre område som skytefelt. Forsvaret planlegg og tilrettelegg øvingane sine slik at dei skal komme i minst mogleg konflikt med andre aktivitetar langs kysten, men plassering av vindkraft i skytefelta vil ikkje kunne kombinerast med Forsvaret sin aktivitet. Dialog med Forsvaret som ledd i prosessen for å identifisere eigna område for havbasert vindkraft bør kunne hindre konflikt mellom forsvarsinteresser og vindkraft til havs.
5.5 Arealavgrensing, strategisk- og prosjektspesifikk KU
Norske havområde er svært store og kunnskapsnivået om dei ulike miljø- og arealinteressene varierer. Også vedrørande økonomiske og teknologiske forhold, under dette forholdet til kraftsystemet, er det behov for utgreiingar før det blir avgjort kor det bør givast løyve for etablering av havbasert vindkraft.
5.5.1 Utgreiingar i fleire steg
Utgreiing og drøfting av dei ulike forholda som det er gjort greie for i kapittel 5.3 og 5.4 kan tenkjast gjennomført på tre til fire ulike stadium i prosessen med å vurdere havareal for utbygging av vindkraftanlegg:
Ved avgrensing av havområde som skal inkluderast i strategisk konsekvensutgreiing,
som del av ei strategisk konsekvensutgreiing i medhald av lovforslaget § 2-2 andre ledd eller
som del av ei prosjektspesifikk konsekvensutgreiing knytt til ein søknad om konsesjon og/eller detaljplan, jf. lovforslaget § 3-1.
Kva slag utgreiingar som bør gjerast på kva stadium vil avhenge av blant anna kunnskapsstatus, tilgjenge av kartfesta informasjon og den detaljeringsgrada den har, kor kostbart det er å gjennomføre undersøkingar og kor vidt eventuell konflikt med eit omsyn kan ventast å utelukke etablering av vindkraft i området, eller om konflikten kan reduserast ved prosjektjusteringar.
Allereie ved avgrensing av dei havområda som skal inkluderast i ei strategisk konsekvensutgreiing må det gjerast ei første samanstilling og drøfting av dei ulike tekniske og økonomiske forholda, og forholdet til miljø- og andre arealinteresser. Då det er denne prosessen som er nærast føreståande i Noreg, får den størst merksemd i denne strategien. Parallelt med ein prosess for arealavgrensing vil departementet utarbeide retningslinjer for den vidare prosessen i samråd med blant anna aktuelle fagstyresmakter, bransjen og andre interessegrupper. Oppstart av arbeid med arealavgrensing i Noreg er nærare omtalt i kapittel 5.6.
Etter at ein første prosess med arealavgrensing er gjennomført er det i forslaget til havenergilov lagt opp til at det blir gjennomført strategiske konsekvensutgreiingar tilsvarande krav i EU-direktivet om konsekvensutgreiingar av planar og program og OSPAR sine retningslinjer for vurdering av miljøverknader av vindkraft til havs. Retningslinjene gir mellom anna nærare rettleiing om vurderingar som skal gjerast og omsyn som skal leggjast til grunn med utgangspunkt i fem hovudfasar i livsløpet til ein vindpark til havs: lokalisering, konsesjon, overvaking, utbygging og drift og fjerning/nedlegging.
Strategisk konsekvensutgreiing med høyring vil vere grunnlag for vedtak om opning av areal for konsesjonssøknader. Dette er ein liknande framgangsmåte som blir nytta i Storbritannia og Danmark, jf. kapittel 5.5.2. Omfanget av desse utgreiingane vil ha betyding for kva slag utgreiingar som må gjennomførast på søknads- eller detaljplanstadiet. Til grunn for ei strategisk konsekvensutgreiing bør det liggje avgrensingar ut i frå teknologiske føresetnader – kva slag teknologiar som skal omfattast av planen, og ei geografisk avgrensing - kva havområde som skal omfattast av den strategiske konsekvensutgreiinga. Ein open prosess der alle viktige fagstyresmakter og sentrale interessegrupper blir høyrde må leggjast vekt på. Eit planprogram for arbeidet med strategisk konsekvensutgreiing vil bli sende på ope høyring før utgreiingane blir gjennomført. I tillegg til å identifisere dei mest sentrale potensielle konfliktane og kvalitet på eksisterande datagrunnlag om miljø- og andre arealinteresser i området, må det vurderast kva slag problemstillingar som må svarast på i denne fasen og kva som er naturleg å utsetje til prosjektspesifikk konsekvensutgreiing.
Lovforslaget legg opp til at vindkraftaktørane søkjer konsesjon innanfor opna areal. I søknadsprosessen må dei forholda som ikkje er konsekvensutgreidde som ledd i opning av areal, utgreiast. I nokre tilfelle kan ein tenkje seg at konsekvensutgreiing ved opning av areal har avdekt alle vesentlege forhold av betyding for vurderinga av om utbygging i ei aller anna form er akseptabelt innanfor det opna området. Om så er tilfelle kan delar av den prosjektspesifikke konsekvensutgreiinga utsetjast til detaljplanlegginga, då dei mest vesentlege anleggstekniske forholda er kjende. Dette er særleg aktuelt i ein situasjon der det er venta fleire søknader innan det same opna området og det ikkje er rasjonelt at alle aktørane gjennomfører til dels likelydande utgreiingar i søknadsfasen. Fleire høyringspartar til havenergilova peiker på at nytten av dei føregåande konsekvensutgreiingane og opninga av areal føreset at dei mest vesentlege forholda er utgreidde og avklarte ved opning. Det nærare forholdet mellom konsekvensutgreiingar på dei ulike stadia må likevel avklarast i prosessen med opning av areal for søknader, ut frå kunnskapsstatus på det tidspunktet.
5.5.2 Erfaringar frå Danmark og Storbritannia
I Europa er Danmark og Storbritannia to av dei landa som har komme lengst innan planlegging og utbygging av vindkraft til havs. Begge land har styrte prosessar for kva område som blir bygd ut og ei stegvis tildeling av område i annonserte utlysingsrundar. På denne måten ønskjer styresmaktene å oppnå ei kontrollert og stegvis utbygging, der ein kan vurdere samla konsekvensar av etableringane og førebyggje konfliktar med andre miljø- og brukarinteresser.
I Danmark vart arbeidet med å utpeike eigna areal organisert som eit utvalsarbeid med representantar frå dei mest relevante sentrale styresmaktene. I tillegg vart det oppretta ei referansegruppe med representantar frå andre aktuelle styresmakter. Energistyrelsen hadde rolla som koordinator og sekretariat for det offentlege utvalsarbeidet som førte fram til utpeiking av område som blir lyst ut for utviklarar. Denne prosessen har, i følgje utvalsrapporten, skjedd innanfor rammene av strategiske konsekvensutgreiingar. Arbeidet med arealavgrensing vart berre basert på eksisterande data. Faste installasjonar, seglingsruter og internasjonale naturvernområde til havs vart definerte som område der vindkraftanlegg i utgangspunktet ikkje er ønskte. Andre forhold vart definerte som tema eller problemstillingar der det må gjerast ei konkret avveging, anten gjennom høyringsprosessen av utvalsrapporten og/eller vurderast nærare gjennom prosjektspesifikk konsekvensutgreiing. I tillegg til pålegg om konsekvensutgreiingar før løyve til etablering av ein vindpark blir gitt, kan det i løyvet fastsetjast krav om miljøovervakingsprogram, krav til installasjonar for å skremme bort havpattedyr og fisk under anleggsarbeidet og krav knytt til fiskeri og kulturminne.
Storbritannia har nyleg gjennomført sin tredje runde med utlysing av areal til havbasert vindkraft. Storbritannia har gått frå ei ordning der aktørane sjølve søkte grunneigaren The Crown Estate 18 (TCE) innanfor ein oppgitt frist, til at utlysingar skjer innanfor konkrete avgrensa område i faste rundar og at det blir gjennomført strategiske konsekvensutgreiingar før utlysning. Før strategisk konsekvensutgreiing blir det gjennomført ein uformell «scoping»-prosess, der det blant anna blir avgrensa kva havområde som skal vurderast i strategisk konsekvensutgreiing, samt program og rammer for vidare konsekvensutgreiingsarbeid.
På grunn av sterkt press på å få realisert planar om havbasert vindkraft i Storbritannia har The Crown Estates lyst ut foreløpige soner i forkant av resultata frå strategisk konsekvensutgreiing. Strategisk konsekvensutgreiing blir koordinert av Energidepartementet (DECC) og gir tilrådingar om lokalisering, omsyn som må leggjast vekt på, med meir. TCEs avgrensing og val av område kan bli justert etter innspel frå denne prosessen og etterfølgjande politiske vedtak. Eksisterande data blir supplerte med ein del tilleggsregistreringar og utgreiingar for utvalte tema og geografiske område som del av strategisk konsekvensutgreiing. Tilsvarande som i Danmark er det lagt vekt på samrådsprosessar med involvering av relevante styresmakter og organisasjonar for å sikre forankring av sluttresultat og tilrådingar.
I begge land har GIS-analysar av kartfesta data om brukarinteresser, fysiske og biologiske forhold vore viktige hjelpemiddel. I GIS-analysen vart det i Storbritannia skilt mellom areal med «hard constraints» – areal med interesser som bør ekskludere vindkraft og «other constraints» - areal der spesielle omsyn må takast, men som ikkje generelt gir grunnlag for å ekskludere vindkraftetablering. Areal som blir tilrådde som nei-område for vindkraft er stort sett samanfallande med prosessen i Danmark. Det er først og fremst direkte fysiske konfliktar og forhold som påverkar tryggleik til sjøs og tryggleiken til riket som gir grunnlag for kategorisering som nei-område. Det er rekna med at dei fleste andre omsyna kan innarbeidast ved detaljutforminga av dei konkrete prosjektplanane. I begge land er tilrådd særskilte konkrete vurderingar i område med planlagde naturvernområde (Natura 2000), viktige område for radar, fiskeområde, vakre landskap (for kystnære prosjekt), område med store naturverdiar knytt til fugl etc. I begge land er det òg tilrådd at ein unngår etableringar nær land. I Danmark er tilrådd ei buffersone på 20 km og i Storbritannia 12 nautiske mil, omlag 22 km. Dette er likevel ikkje absolutte nei-område.
Til trass for førehandsvurderingar og strategiske konsekvensutgreiingar er det både i Storbritannia og Danmark krav om relativt omfattande prosjektspesifikke konsekvensutgreiingar som grunnlag for løyve til utbygging. Arbeida med strategiske konsekvensutgreiing er med og dannar grunnlag for krav til undersøkingar og definering av problemstillingar som må svarast på under konkret prosjektutvikling. Etter tildeling av område er det lagt til grunn at bruken av dei tildelte sonene blir optimalisert, under dette er det forventa justert avgrensing av utbyggingsområdet basert på prosjektspesifikke konsekvensutgreiingar og nye undersøkingar.
5.6 Oppstart av arbeid med arealavgrensing i Noreg
Departementet vil setje i gang arbeid knytt til å vurdere havareal som kan vere eigna for utbygging av vindkraftanlegg. Fordi norske havområde er store vil ei konsekvensutgreiing av heile det norske havarealet vere svært ressurs- og tidkrevjande. Prosessen vil derfor bestå av to steg. Det må først gjerast ei avgrensing av kva havområde som skal omfattast av ei strategisk konsekvensutgreiing. Deretter blir strategisk konsekvensutgreiing gjennomført i medhald av lovforslaget § 2-2 andre ledd. Avhengig av utviklinga i teknologi, kostnader, etterspørsel, kunnskapsutvikling mv. vil det i åra framover vere aktuelt å gjennomføre fleire slike rundar for å opne areal for søknadar. Nedanfor er det gitt ei beskriving av første runde med arealavgrensingar, altså det første trinnet i ein arealavklaringsprosess.
Organisering
Som beskrive tidlegare i kapitlet er det ei rekkje forhold som påverkar kor det vil vere mest aktuelt med utbygging av vindkraft til havs. Departementet finn det derfor føremålstenleg at det blir etablert ei direktoratgruppe som får i oppgåve å utarbeide eit forslag til kva areal som bør omfattast av konsekvensutgreiing i første runde. Gruppa vil bli leia av NVE, og elles bestå av Oljedirektoratet, Fiskeridirektoratet, Kystverket og Direktoratet for naturforvaltning. Desse direktorata har forvaltningsansvar og fagkompetanse som dekkjer dei mest sentrale omsyna og interessene som er relevante for saka. Gruppa skal halde kontakt med andre sektorstyresmakter ved behov. Så langt det er føremålstenleg skal arbeidet til gruppa koordinerast med pågåande utgreiingsarbeid knytt til heilskapleg forvaltningsplan for Nordsjøen.
Departementet ser det som viktig at direktoratgruppa legg opp arbeidet slik at energi- og petroleumsnæringa, fiskerinæringa og andre relevante interesser får godt høve til å gi innspel til arbeidet. Vidare legg departementet til grunn at Statnett vil vere ein viktig bidragsytar til gruppa sitt arbeid. Ein viser til kapittel 6 for ei nærare beskriving av Statnetts rolle og kompetanse. Gruppa må òg halde seg orientert om utviklinga i relevante naboland, særleg landa rundt Nordsjøen, og om relevante forskings- og utgreiingsaktivitetar innan teknologi, miljø og arealbruk.
Innhald og innretning i arbeidet
Arbeidet med arealavgrensing skal ta utgangspunkt i følgjande:
Havområde som er venta å vere mest aktuelle for utbygging på grunnlag av faktorar som vindressursar, havdjup, kraftoverføring, forsynings- og marknadsmessige forhold
Andre arealbruksinteresser som for eksempel fiskeri, sjø- og lufttrafikk, petroleumsverksemd, reiseliv og Forsvaret.
Miljø
Punkt 1 tilseier at det er særleg relevant å vurdere område i den sørlege delen av Nordsjøen. I dette havområdet er djupneforholda slik at det er mogeleg å etablere vindkraftanlegg basert på botnfaste løysingar, og området ligg nærast marknaden på kontinentet og i Storbritannia. Dette området peiker seg òg ut fordi det truleg er her utviklinga av eit eventuelt framtidig kraftnett til havs vil starte. Ein viser i den samanhengen til at det er planlagt omfattande vindkraftutbygging med tilhøyrande infrastruktur i andre land sine sektorar av Nordsjøen, og at det er under vurdering fleire moglege utvekslingskablar mellom Sør-Vestlandet med store magasinverk, til kontinentet og Storbritannia. Vidare er det fleire petroleumsinstallasjonar i dette havområdet, og det er lagt fram forslag til utbygging av botnfaste vindkraftanlegg frå norske aktørar.
Samtidig er det slik at det i den sørlege delen av Nordsjøen er viktige fiskebankar og omfattande skipstrafikk. Det er heller ikkje sluttført arbeid med heilskapleg forvaltningsplan, og det ligg derfor ikkje føre ei systematisert og heilskapleg vurdering av arealbruksinteresser og miljøforhold.
Av ovannemnde årsaker er det viktig å få betre kunnskap om kva høve som ligg føre for utbygging av vindkraftanlegg i dette havområdet, og om konsekvensane for naturmiljø og andre arealinteresser. Det kan blant anna vere relevant for styresmaktene si vurdering av saker om etablering av utvekslingskablar med utlandet.
Departementet legg derfor til grunn at direktoratgruppa prioriterer å gjennomføre vurderingar av område eigna for botnfaste installasjonar i den sørlege delen av Nordsjøen. På bakgrunn av den kunnskapen som ligg føre om arealbruksinteresser og miljøforhold, bør gruppa søkje å identifisere område som synest mest eigna for utbygging. Av omsyn til at det skjer ei utvikling av vindkraftturbinar baserte på flytande løysingar som kanskje kan bli aktuelle for utbygging lengre fram i tid, bør gruppa òg vurdere moglege areal i same havområde med større havdjup. Formålet med dette vil blant anna vere å skaffe fram betre kunnskap og samanlikningsgrunnlag om moglege fordelar og ulemper mellom utbygging av vindkraft med respektive botnfast og flytande teknologi i dette havområdet.
Når det gjeld andre norske havområde (midtre og nordlege del av Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet) kan utbygging av eit kraftnett til havs liggje lengre fram i tid. Det inneber at vindkraft til havs i desse områda må tilknytast nettet på land. Ei slik utbygging må då vurderast opp mot utbygging av fornybar elektrisitetsproduksjon på land.
Mange stader langs kysten er det avgrensingar i overføringsnettet, og ei utbygging av vindkraft til havs med ilandføring kan då redusere høva til å auke fornybar elektrisitetsproduksjon på land. Dette kan endrast, blant anna ved ei eventuell framtidig utbygging av petroleumsverksemd. I ei vurdering av elektrifisering av slike anlegg kan kostnadsbiletet endrast, og havbasert kraftproduksjon må då vurderast opp mot landbasert kraftproduksjon. Forholda er annleis i Midt-Noreg, med underskot på kraft og avgrensingar i overføringsnettet. Utanfor kysten er det her òg havareal som er eigna for botnfaste installasjonar. Ei eventuell utbygging til havs må likevel vurderast opp mot at det ligg føre betydelege planer for utbygging av landbasert kraftproduksjon i området og forsterking av overføringsnettet.
Ut frå dette finn departementet det føremålstenleg at direktoratgruppa òg gjennomfører vurderingar av utvalte havområde nord for sørlege Nordsjøen som synest særleg aktuelle for framtidig utbygging. Departementet finn det føremålstenleg at gruppa sitt arbeid òg inkluderer havareal innanfor grunnlinja. Ein viser i den samanhengen til lovforslaget § 1-2 fjerde ledd.
Vidare skal direktoratgruppa gjere ei særskilt vurdering av tekniske, økonomiske og andre relevante forhold vedrørande utbygging av vindkraft til havs i tilknyting til eksisterande og nye petroleumsinstallasjonar i alle havområda. Slike løysingar kan potensielt vere av interesse fordi det kan medverke til å redusere utslepp av klimagassar frå slike installasjonar og fordi det kan vere høve til felles utnytting av kraftkablar og annan infrastruktur. Avhengig av kva resultat ein kjem fram til, kan det påverke kva havområde som kan vere aktuelle for utbygging av vindkraftanlegg. I denne samanheng må direktoratsgruppa trekkje inn andre styresmakter som SFT.
I tillegg til at gruppa skal vurdere område som synest aktuelle for utbygging basert på føreliggjande kunnskap, skal gruppa peike på kva slag ytterlegare kunnskap og informasjon som eventuelt må skaffast fram for å kunne ta endeleg stilling til kor eigna areala er. Ein viser til avsnittet nedanfor. Gruppas arbeid skal inkludere ei skisse til planprogram for ei etterfølgjande strategisk konsekvensutgreiing.
Tidsplan, vidare prosess
Departementet legg opp til at direktoratgruppa legg fram resultatet av arbeidet sitt i andre halvår 2010. Rapporten frå direktoratgruppa sitt arbeid og planprogram for strategisk konsekvensutgreiing vil bli send på offentleg høyring.
Basert på tilrådingar frå direktoratgruppa og høyringsprosessen vil departementet ta stilling til den vidare oppfølginga. Det kan bli aktuelt å gjennomføre strategisk konsekvensutgreiing for utvalte havareal i 2011. Kor vidt dette er føremålstenleg må blant anna vurderast ut frå eventuelle identifiserte kunnskapsmanglar, og kor vidt desse kan eller bør fyllast som ledd i ei strategisk konsekvensutgreiing eller i ei eventuell seinare prosjektspesifikk konsekvensutgreiing. Eit alternativ kan vere at det blir gjennomført nærare undersøkingar før strategisk konsekvensutgreiing blir sett i verk.
Status og plan for det vidare arbeidet vil bli lagt fram for Stortinget ved oppdatering av strategien i 2012.
5.7 Konsesjonshandsaming innanfor grunnlinjene
Departementet sitt forslag til havenergilov, jf del II i proposisjonen, vil mellom anne gje grunnlag for å handsame energianlegg utanfor grunnlinjene. Vindkraftanlegg og andre fornybare energikjelder som er lokaliserte i sjø innanfor grunnlinjene, blir i dag konsesjonshandsama etter energilova. NVE har handsama ferdig tre søknader om å etablere vindkraftanlegg utanfor Møre (Havsul I, II og IV). NVE ga konsesjon til Havsul I, dei to andre fekk avslag på konsesjonssøknaden. NVE sine vedtak for Havsul I og II er påklaga og er no til endeleg handsaming i departementet. Departementet tek sikte på å handsame ferdig desse to sakene i løpet av året.
Det er meldt og konsesjonssøkt eit stort tal vindkraftprosjekt til NVE. Av desse er 113 prosjekt (tilsvarande 22 600 MW) plasserte på land, mens 14 prosjekt (7750 MW) er i sjø 19 . Omfanget av meldingar og søknader er fleire gonger større enn det som er realistisk å byggje ut. Det store omfanget har blant anna medført lang sakshandsamingstid og har truleg medverka til auka konfliktnivå. NVE har derfor i samråd med departementet utarbeidd kriterium for korleis sakene bør prioriterast. Formålet er å leggje til rette for snøggare handsaming av dei mest realistiske prosjekta, samtidig som planlegginga av dei minst realistiske prosjekta kan bli avslutta. Dette kan over noko tid medverke til snøggare utbygging av vindkraft og redusert konfliktnivå.
I det framlagde lovforslaget er det teke inn ei føresegn om at enkelte føresegner i havenergilova kan gjerast gjeldande for havområde innanfor grunnlinjene, jf. § 1-2 fjerde ledd. Enkelte stader langs kysten er grunnlinjene trekte slik at store havområde ligg innanfor. Det kan derfor vere føremålstenleg med ein arealvurderingsprosess på tilsvarande måte som følgjer av lovforslaget utanfor grunnlinjene. Departementet legg derfor opp til at område innanfor grunnlinjene inngår i direktoratgruppa si arealvurdering, jf. kapittel 5.6. Dette arbeidet vil leggje til rette for å identifisere havareal innanfor grunnlinjene som er eigna for vindkraftutbygging.
Departementet meiner det er føremålstenleg at NVE inntil vidare ikkje prioriterer å handsame nye meldingar om større vindkraftprosjekt innanfor grunnlinjene. NVE skal likevel framleis gi høg prioritet til handsaming av mindre prosjekt som er ledd i utvikling og utprøving av teknologi.
6 Infrastruktur
I dette kapitlet blir tekniske og kostnadsmessige forhold ved overføringssamband mellom havbasert elektrisitetsproduksjon og forbruk på land presentert. Vidare blir prinsippa for ei føremålstenleg utbygging av denne overføringskapasiteten diskutert. Det er viktig å få på plass nokre prinsipp som gjer det mogleg å utvikle første fase i havenergien og som òg er tenlege på lang sikt. Etter som ein får erfaring og meir kunnskap må dette utvidast med fleire prinsipp og meir detaljerte reglar.
Kapitlet gir òg ei oversikt over planar og prosjekt for havvind i andre land rundt Nordsjøen som kan vere aktuelle for tilknyting til eit eventuelt nett til havs. Fleire land har til dels store planar for havvind.
6.1 Sentralnettet i dag, kablane til utanlandet og planlagde prosjekt
Sentralnettet i Noreg er hovudvegane i kraftsystemet og har vanlegvis 300 til 420 kV spenning. Sentralnettet omfattar òg kablane til utanlandet. Det er planlagt store investeringar i sentralnettet dei næraste åra. Statnett har dei neste ti åra investeringsplanar for ny kapasitet som svarer til om lag 18 milliardar kroner. Investeringsplanane inneheld både store innanlandsliner og ny overføringskapasitet til utlandet.
Overføringsnettet til utanlandet gjer det mogleg å utveksle kraft med nabolanda og slik halde ein høg forsyningstryggleik med mindre total produksjonskapasitet. Kraftutveksling mellom landa gir høve til å dra gjensidig nytte av forskjellane i produksjonssystema. Kablane skaper verdiar ved å overføre kraft og tilby reguleringstenester mellom område med ulik produksjon og forbruk. Noreg har fleire overføringsliner og kablar til Sverige og Danmark, ei line til Finland, og ein kabel til Nederland (NorNed). I tillegg kjem avgrensa overføringskapasitet til Russland.
Både forholdet til forsyningstryggleik, behov for eksportkapasitet og potensial for å medverke med reguleringsevne kan gjere det aktuelt å få fram ny overføringskapasitet mellom Noreg og utlandet. Det ligg føre fleire planar for nye utanlandskablar. Aktuelle land for tilknyting er Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland og England. Kor modne prosjekta er varierer, og nokre av dei vil liggje forholdsvis langt fram i tid.
6.2 Gjeldande reglar for sjøkablar/utveksling med utlandet
Etter energilova er Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) blant anna ansvarleg for konsesjonsprosessen for høgspente overføringsleidningar og kablar.
Konsesjonsprosessen for utanlandskablar er stort sett den same som for overføringsnett innanlands. Etter gjeldande energilov må ein ha konsesjon til å byggje og drive denne typen nettanlegg. Ved utanlandskablar trengst det òg ein konsesjon for import/eksport av kraft. Konsesjon for import/eksport blir tildelt av Olje- og energidepartementet. Statnett har konsesjon for tilrettelegging av kraftutveksling med andre nordiske land som gjeld til 2010. For andre land må det søkjast spesifikt for det gjeldande prosjektet.
Per i dag er utanlandskablar ein del av det norske sentralnettet og eigde av Statnett. Inntekter og kostnader inngår i sentralnettariffen. Kostnadene som kan førast vidare til kundane er regulerte av NVE. Inntekter frå utanlandskablar medverkar til å redusere tariffen til sentralnettkundane.
6.3 Tekniske og kostnadsmessige forhold ved sjøkablar og tilknyting av produksjon og forbruk til havs
Havbasert forbruk og/eller produksjon kan knytast til både med vekselstraum (AC) og likestraum (DC) kablar. Dersom avstanden er meir enn 80-120 km frå land eller mellom installasjonane er det i hovudsak løysingar som er basert på likestraum som er aktuelle. Dette skyldes hovudsakeleg større tap ved løysingar basert på vekselstraum for lengre avstandar. For kvar enkel installasjon til havs er det mange forhold som må vurderast og tekniske løysning vil derfor kunne variere.
For å legge til rette for at fleire brukarar kan nytte same tilknyting til land eller kombinert med ein utanlandskabel kan ein etablere koplingsplattformer (noder) til havs. På noko sikt kan eventuelt fleire noder koplast saman og danne starten på eit sentralnett til havs.
Med dei tekniske løysingane som i dag er tilgjengelege innan kabelteknikk for vekselstraum og for likestraum, er det vurdert som beste løysing å kombinere dei to teknologiane i eit framtidig overføringsnett til havs. Talet på koplingsplattformer i nettet bør avgrensast slik at kostnader knytt til etablering og drift av desse kan haldast så låge som mogleg. Teknologiutfordringar er nærare omtalt i kapittel 4.6.1.
Radialar er nettanlegg der hovudfunksjonen er å tene ein enkelt eller ei gruppe produsentar. Skal havbasert vindkraft byggjast ut hovudsakleg med tanke på eksport av krafta er det mogleg å byggje radialar direkte til utlandet. Likestraum er som nemnt den teknologien som er mest aktuell å nytte for radialar til land, utanlandskablar og kablar mellom koplingsplattformene. Slike kablar vil i følgje Statnett kunne ha overføringskapasitetar på mellom 1000 og 1400 MW. Dette vil krevje svært høgt spenningsnivå. På koplingsplattformene må det etablerast omforming mellom vekselstraum og likestraum for tilkoplingspunkt for produksjon og forbruk. I tillegg må det etablerast omformarar på land mellom nett til havs og på land.
Det er ikkje bygd likestraum koplingsplattformer til havs for dei djupner og med den kapasiteten som er nødvendig for norske forhold, og kostnaden er derfor usikker. Eit anslag frå Statnett er i storleiken 3-4 milliardar kroner for ei 1000 MW koplingsplattform. Omformar mellom sjøkabel og landnett har ein kostnad på om lag 1 milliard NOK.
6.4 Planar og politikk i andre land
I denne oversikta er det teke med land rundt Nordsjøen som det kan vere aktuelt å tilknyte eit eventuelt nett til havs. Nokre land har ein ISO (Independent System Operator) som har systemansvaret til havs. Denne løysinga inneber at den som blir utpeikt som systemansvarleg berre driv den fortløpande driftskoordineringa og ikkje eig eller leiger nettet sjølv. Andre har valt å utpeike ein TSO (Transmission System Operator) som driv nettet sjølv, og eig eller leiger nettanlegga.
Danmark har i dag åtte havvindmølleparkar med ein samla kapasitet på 423 MW, i tillegg har dei to store vindparkar til havs under bygging med ein samla kapasitet på 417 MW og fleire under prosjektering. Grunna kort avstand til land er tilknytinga basert på vekselstraum. Energinet.dk, som er TSO på land, er tildelt rolla som TSO til havs.
I Storbritannia er det òg stor aktivitet til havs. Førebels er det planlagt å ha radialar for ilandføring. Storbritannias planar legg til rette for inntil 33 000 MW vindkraftproduksjon til havs. National Grid er tildelt rolla som ISO til havs, mens radialane er betalt av vindparkeigarar.
Tyskland har planar for inntil 25 000 MW vindkraft til havs. Det første likestraumsambandet er planlagt operativt hausten 2009, og anbod på tre nye likestraumsamband er under handsaming. Ein av dei tyske TSOane på land, E. ON Netz, er tildelt rolla som TSO til havs i tysk sektor av Nordsjøen. I Nederland er det òg venta at TSO på land, TenneT, blir tildelt rolla som TSO til havs. Førebels er aktiviteten på vind til havs i Nederland avgrensa. Kort avstand til land gjer at behov for likestraumsamband til land er avgrensa.
6.5 Utvikling av nett
Vurdering av forhold knytt til overføring og omforming av elektrisitetsproduksjon til havs må inngå i vurderinga av havareal for vindkraftproduksjon, jf. kapittel 5. Det vil vere naturleg at det blir nytta ulike løysingar for nettilknyting av ulike utbyggingsområde. I ein tidleg fase vil ein truleg knytte enkelte vindparkar til land eller til utanlandskablar. Dersom ei vidare utbygging av vindparkar finn stad, vil desse radialane/utanlandskablane kunne utviklast vidare ved at radialane/kablane blir knytt saman. Neste utviklingssteg vil kunne vere at nettet blir knytt saman til eit maska sentralnett til havs. Utviklinga av eit overføringsnett til havs vil skje gradvis og det er truleg at dei tre utviklingsfasane vil overlappe kvarandre.
Tidleg fase
Tidleg fase vil vere kjenneteikna av at det blir bygd ut enkelte vindparkar. Disse parkane vil truleg bli knytt til land enkeltvis. Slik tilknyting kan skje for eksempel ved produksjonsradialar til Noreg, eksportradialar direkte knytt til eit anna land eller ved tilknyting til utanlandskablar. Parkane kan òg knytast til petroleumsinstallasjonar.
Produksjonsradialar
Eit alternativ er å starte med å byggje produksjonsradialar frå dei enkelte havbaserte vindparkane til fastlands-Noreg. Dette vil ha den eigenskapen at det til ei kvar tid vil bli bygd nett der det er behov for det.
Eksportradialar
Skal havbasert vindkraft byggjast ut hovudsakleg med tanke på eksport av krafta er det eit alternativ å byggje radialane direkte til utlandet. Krafta vil då ikkje bli førd via fastlands-Noreg før den blir eksportert. Dette medfører mindre behov for forsterkingar i landnettet i Noreg enn produksjonsradialar til Noreg og vindkraft til havs tilknytt utanlandskablar.
Tilknytt utanlandskablar
Stegvis utbygging i den sørlege delen av Nordsjøen kan gjennomførast ved at det til ei kvar tid er prioritert å byggje den eller dei utanlandskablane som har best lønnsemd og å byggje desse med tilknytingspunkt slik at kommande vindparkar kan koplast til. Til å begynne med vil ei slik utbygging skje med enkeltkablar frå Noreg til kontinentet/Storbritannia der det er lagt til rette for tilkopling av kraftproduksjon til havs. Kabeltraseane må tilpassast lokaliseringa av område for framtidig vindkraftutvikling.
Tilknyting av petroleumsinstallasjonar
Havvindparkane kan òg knytast til petroleumsinstallasjonar, med eller utan tilknyting til land. Tilknytinga må kombinerast med annan kraftproduksjon som er tilgjengeleg når det er lite produksjon i havvindparkane.
Nettutvikling i ein tidleg fase
I samband med arealvurderinga i forkant av utbygging av vindparkar må nettutviklinga koordinerast med den vidare utviklinga av nettet på fastlandet, jf. kapittel 5.3.2. Ved alternativa produksjonsradialar, tilknyting til utanlandskablar og til petroleumsinstallasjonar er det viktig at det blir koordinert med Statnett med omsyn til behov for forsterkingar i det norske landnettet. Ved eksportradialar vil det vere behov for å koordinere med systemoperatør i det aktuelle mottakarlandet.
Kablar og tilknyting til land generelt vil påverke brukskostnadene i landnettet. Brukskostnadene kan vere både positive og negative ved tilknyting av kablar. Blir kablane knytt til eit område med kraftunderskot kan det redusere kostnadene ved nettap på land, mens tilknyting til overskotsområde vil medføre auka kostnader ved nettap.
Produksjonsradialar og eksportradialar vil berre vere i bruk når det blir produsert straum i vindparken. Kostnadene vil då vere knytt til investeringskostnader og drift, kostnadsnivået vil avhenge av valt kapasitet. Kostnadene ved overføringstapet vil venteleg vere små.
Ved utanlandskablar med tilknytt vindkraft vil det i tillegg til investeringskostnader vere variable brukskostnader. Kostnaden ved bruk vil avhenge av verdien av handelen den fortrengjer. Den delen av overføringskapasiteten som ikkje er lagt beslag på av vindkrafta kan disponerast til handel mellom dei to tilknytta landa. Kostnadene ved bruk vil derfor inkludere tapt forteneste på annan krafthandel.
Vidare utvikling av kablane
Etter kvart som utbygginga av vindkraft til havs blir større kan det bli aktuelt å utvikle overføringsnettet til havs vidare. I dette steget vil dei ulike radialane/produksjonsfelta kunne knytast saman. For eksempel ved at produksjonsradialane blir forlenga anten til Noreg eller til kontinentet/Storbritannia.
Sentralnett til havs
I tilfelle storstilt utbygging av havvindparkar og elektrifisering av petroleumsinstallasjonar vil det bli aktuelt å knyte radialar, utanlandskablar, vindparkar og forbruk saman til eit maska nett, tilsvarande sentralnettet på land. Det vil bli overføring av kraft frå havvindparkar, eksport/import av kraft produsert på fastlandet og uttak til petroleumsinstallasjonar.
6.6 Prinsipp for infrastruktur
Departementet meiner at det no er nødvendig å få på plass nokre prinsipp for infrastrukturen som gjer utvikling mogleg i den første fasen. Sjølv om fasane vidareutvikling av kablane og sentralnett til havs ligg langt fram i tid, er det viktig at prinsippa er føremålstenlege òg for ei slik utvikling. Etter kvart som vi får erfaringar og meir kunnskap med fornybar energi til havs må det utvidast med fleire prinsipp og meir detaljerte reglar.
Departementet vil arbeide vidare med dei prinsippa som bør gjelde. Dette vil bli gjort i nært samarbeid med bransjen, og sett i lys av kva som er ei føremålstenleg løysing for den aktuelle utbygginga og utviklinga internasjonalt. Nødvendige forhold vil vere avklart i god tid før areal blir opna for konsesjonssøknader. Nærare avklaringar og prinsipp vil bli presenterte i den vidareutvikla nasjonal strategi for fornybar energi til havs. Departementet viser òg til at det framlagte lovforslaget førebels ikkje inneheld føresegner om økonomisk regulering av selskapa. På eit seinare tidspunkt vil føresegner om fleire av dei forholda som er omtalte under bli tekne inn i lov eller forskrift.
6.6.1 Planlegging av overføringsnettet til havs
Overføringsnettet til havs vil på sikt kunne sjåast på som ein heilskap der kablar for alle former for fornybar kraftproduksjon til havs og elektrifisering av petroleumsverksemda inngår. I den tidlege fasen vil enkeltkablar bli utbygde etter behov.
Vurdering av behovet og utbygging av utanlandskablar må halde fram uavhengig av utviklinga av vindkraft til havs. Det er fleire forhold som påverkar behovet for etablering av nye utanlandskablar. Denne vurderinga må gjerast fortløpande. For å ta vare på behovet for mogleg framtidig samankopling med havvind kan det for eksempel i samband med konsesjonsprosessen stillast krav om ei vurdering av høvet til ei seinare tilknyting til havvind.
Eit overføringsnett til havs er avhengig av eit sterkt nett på land, med gode overføringssamband mellom regionar. Kor eventuelle radialar og nye utanlandskablar blir kopla til overføringsnettet på land vil ha mykje å seie for vidare utvikling av nettet på land. Kva slag forhold som må vurderast i samband med tilknyting til landnettet er nærare omtalt i kapittel 5.3.2.
Statnett har som systemansvarleg selskap for overføringsnettet på land ei klar rolle ved tilknyting til overføringsnettet på land. Aktørane som ønskjer tilknyting til nettet på land vil møte Statnett anten direkte ved at aktøren blir knytt til Statnetts nettanlegg eller indirekte via tilknyting til andre selskap sine nettanlegg. Koplinga mellom overføringsnettet til havs og overføringsnettet på land blir regulert via tilknytingsavtaler. Ved tilknyting til kraftsystemet på land pliktar aktørane å halde seg til dei vilkåra som gjeld for kraftmarknaden og tilknyting til overføringsnettet.
For å sikre ei samfunnsmessig rasjonell utbygging av kraftnettet til havs er det naturleg at Statnett på grunn av sin kompetanse om kraftsystemet på land har ei rolle i arkitektfasen. Statnetts ansvar vil blant anna bli knytt til den overordna utgreiinga av nettet til havs og tilkoplingsalternativ til land. Statnett har i dag kontakt med tilsvarande selskap i nærliggjande land. Blant anna samarbeider dei om tekniske standardar og kravspesifikasjonar. For å ta vare på høvet til ei framtidig samankopling av nett til havs er det viktig at ein alt i den tidlege fasen blant anna vel tekniske løysingar, for eksempel frekvens og spenningsnivå, som legg best mogleg til rette for utviding og samankopling. Dette kan sikrast gjennom samarbeidet Statnett allereie deltek i. Departementet legg til grunn at Statnett held fram med dette arbeidet.
Statnett står framføre ein periode med mange og store investeringar på land. Desse investeringane er viktige for at sentralnettet skal ha tilstrekkeleg kapasitet i heile landet. Eventuelle nye oppgåver knytt til utbygging av overføringsnett til havs må ikkje komme i konflikt med Statnetts andre oppgåver.
Det kan vise seg fornuftig at kablar til produksjonsanlegg til havs får ein større kapasitet enn det som er nødvendig for å overføre krafta frå eit aktuelt vindkraftanlegg til havs. Dette kan for eksempel vere når styresmaktene ventar at det i nær framtid vil komme ny produksjon i same området. Ei koordinert utbygging av produksjonsanlegg med utgangspunkt i opning av areal vil leggje til rette for at infrastruktur for fleire produksjonsanlegg kan planleggjast koordinert der dette er føremålstenleg.
Eigarskap til overføringsnettet til havs kan organiserast på ulike måtar. I den tidlege fasen der det i all hovudsak vil vere snakk om radialar kan radialen planleggjast, byggjast og eigast av for eksempel produsent, nettselskap, eller ein eventuell systemoperatør for infrastruktur til havs (TSO). Etter kvart som overføringsnettet til havs blir utvikla og ein i større grad får eit maska nett må drifta og bruken av infrastrukturen til havs koordinerast i større grad, og systemansvaret til havs vil slik spele ei vesentleg rolle. Ved ei slik utvikling kan det vere føremålstenleg at organiseringa av eigarskapet og organiseringa av drifta blir endra.
6.6.2 Kostnadsfordeling, nett og systemansvar
Overføringsnettet til havs vil skilje seg frå det på land ved at det blant anna har ein annan funksjon og i større grad blir nytta til eksport. Departementet meiner det er naturleg å halde kostnader for utvikling, utbygging og drift av eit overføringsnett til havs skilt frå overføringsnettet på land. Det inneber at nettkundar på land ikkje skal dekkje kostnadene for eit overføringsnett til havs. Som omtalt over pliktar aktøren ved tilkopling til overføringsnettet på land, å halde seg til dei vilkåra som gjeld for kraftmarknaden og tilknyting til overføringsnettet.
På same måten som på land er lokalisering i forhold til nett og kostnader ved å byggje nett viktige forhold for den samfunnsmessige vurderinga av utbygging av elektrisitetsproduksjon. For blant anna å sikre ein samfunnsmessig rasjonell bruk og utvikling av kraftsystemet er det viktig at kostnadene ved utbygging av overføringsnettet til havs blir synleggjorde.
Blant anna stordriftsfordelane ved bygging av kablar gjer at det kan vere fornuftig å byggje kablar med større kapasitet enn nødvendig for eit havenergianlegg. Ein kan sjå for seg fleire ulike måtar for å finansiere slik overkapasitet. Når det blir bygd radialar med overkapasitet kan ei løysing vere at aktøren som initierer utbygginga forskotterer investeringa og i ettertid få desse kostnadene tilbake frå dei som blir knytta til same kabelen, eller at aktørane i fellesskap finansierer utbygginga. Dersom kostnadene er vesentlege og forskotteringa er langvarig kan ei alternativ løysing vere at eit organ får eigne midlar til å forskottere kostnadene ved investering i overkapasitet, eller ein kan sjå for seg at kostnadene blir forskotterte eller dekte av staten eller EU. Tilsvarande problemstilling får ein dersom utbyggjar av utanlandskablar blir pålagt å leggje til rette for ei eventuell framtidig tilknyting av havvind.
Departementet meiner at det førebels ikkje er nødvendig å ta standpunkt til om nett- og systemverksemda knytt til havenergi bør samlast i eitt selskap. Dette spørsmålet vil ein komme tilbake til ved framlegginga av oppdatert strategi. Ved etablering av ein eventuell systemoperatør til havs vil det vere naturleg å vurdere om Statnett skal få utvida si rolle til også å omfatte systemoperatør til havs, jf. Budsjett-innst. S. nr. 9 (2007-2008).
Ved eit framtidig overføringsnett til havs der for eksempel både forbrukarar og produsentar kan vere tilknytta den same kabelen vil det òg vere behov for utforming av eit regelverk for tariffering. Det vil i den samanhengen vere naturleg å vurdere føremålstenleg utforming av tarifferingsprinsipp.
Fotnotar
Installert effekt i januar 2009. Kjelde: World Wind Energy Association.
Transmission System Operators (TSO); Selskap som er ansvarlege for koordinering og drift av det høgspente overføringsnettet for elektrisitet. I Noreg er Statnett TSO.
Kjelde: Fornybar energi 2007 (Enova, NVE, Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd)
Kjelde: Risø DTU
DTI (2007) Study of cost of offshore wind generation.
Kjelde: SWECO Grøner, rapport nr. 154650-2007.1
Kjelde: SINTEF Energiforskning
SWECO Grøner, rapport nr. 154650-2007.1
20 års levetid, 8 prosent reell diskonteringsrente før skatt.
Eitt av desse er blitt kansellert.
Kjelde: SINTEF Energiforskning – rekna ut i frå 20 mill. kroner per MW
Kjelde: EWEA – European Wind Energy Association
Miljøstøttereglane finst på http://www.eftasurv.int/fieldsofwork/fieldstateaid/state_aid_guidelines/partiii-stateaidforenvironmentalprotection.pdf
Eit grønt sertifikat er eit bevis på at det er produsert ei viss mengd energi, vanlegvis basert på fornybare energikjelder. Grøne sertifikat er verdipapir som produsentar av fornybar energi kan selje til aktørar som ønskjer eller som blir pålagt å dokumentere bruken sin av slik energi. Ved å selje grøne sertifikat får produsenten inntekter frå to marknader. Produsentar av fornybar el får inntekter frå sal av elektrisitet i kraftmarknaden på lik linje med elprodusentar som ikkje har produksjon som gir grunnlag for grøne sertifikat. I tillegg vil produsenten få inntekter frå sal av elektrisitet i ein finansiell marknad for grøne sertifikat. For meir utførleg omtale av grøne sertifikat viser ein til St.meld. nr. 9 (2002-2003).
Feed in-tariffar er eit støttesystem for fornybar energi, der produsentane får garantert ein minste- eller fastpris for levert energi.
Eitt av desse er blitt kansellert.
Brukstid eller fullasttimar tilsvarer årsproduksjonen frå ein installasjon dividert på installert effekt.
The Crown Estate (TCE) er ikkje ei styresmakt, men grunneigar på land og i strand- og sjøområde utanfor kysten av Storbritannia. I 2004 fekk TCE òg ei viktig rolle i forvaltning av fornybare energiressursar innanfor Fornybar energisone (Renewable Energy Zone), områda frå 12 nautiske mil til 200 nautiske mil utanfor kysten av Storbritannia. Det inneber at TCE òg er den som tildeler område for etablering av vindkraftanlegg innanfor denne sona.
Nokre av desse prosjekta er heilt eller dels utanfor grunnlinja