Ot.prp. nr. 107 (2008-2009)

Om lov om fornybar energiproduksjon til havs (havenergilova)

Til innhaldsliste

Del 2
Lov om fornybar energiproduksjon til havs (havenergilova)

7 Bakgrunn for lovforslaget

7.1 Innleiing

Både i Noreg og i andre land er auka utnytting av fornybar energi eit viktig element i ein politikk for å redusere utslepp av klimagassar. I mange land er òg omsynet til å styrkje forsyningstryggleiken ei viktig grunngiving for satsing på fornybar energiproduksjon. Vindkraft er den fornybare energikjelda som har hatt størst vekst i produksjonen i Europa dei siste åra. Dette er venta å vare ved i åra framover. I mange land vil mangel på eigna areal over tid avgrense høva til utbygging av vindkraft på land.

Det er aukande interesse for å utnytte havareal til fornybar elektrisitetsproduksjon. Blant anna Danmark og Storbritannia har etablert enkelte store vindkraftanlegg på grunt vatn. Vindkraftanlegg for større djupner og andre teknologiar, som bølgjekraft, er på forskings- eller utprøvingsstadiet. Fleire land rundt Nordsjøbassenget, og andre kyststatar, har omfattande planar for utbygging av vindkraftanlegg til havs. EU-kommisjonen ventar ei betydeleg utbygging av vindkraftproduksjon til havs fram mot 2020 og 2030.

Noreg har store havareal med gode vindforhold. Det teoretiske potensialet for produksjon av fornybar energi i norske havområde er svært stort. Norske miljø har høg kompetanse på offshore teknologi, marine operasjonar mv., og den skisserte utviklinga er derfor òg interessant i eit industrielt perspektiv.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har til handsaming fleire søknader om løyve til oppføring av botnfaste vindkraftanlegg i sjøområde langs kysten. I nokre av desse prosjekta er det enkeltturbinar som er lokaliserte utanfor grunnlinjene. Dette gjeld blant anna NVE sitt vedtak av 24. juni 2008 om konsesjon til Havsul I utanfor Mørekysten. NVE har likevel valt å handsame heile prosjektet etter dagens konsesjonslovgiving. Dette vedtaket og NVE sitt avslag på konsesjonssøknaden vedrørande Havsul II er klaga til departementet. Vidare er det gitt konsesjonar til to pilotanlegg med ulike konsept for flytande vindturbinar utanfor Karmøy. Installeringa av Hydro sin testturbin Hywind er no påbegynt.

I tillegg til ovannemnde prosjekt som er konsesjonshandsama etter gjeldande energilov, har NVE òg motteke fleire meldingar om store prosjekt utanfor grunnlinjene. Dette gjeld både flytande og botnfaste konsept. I dag er det ikkje rettsleg grunnlag for å handsame slike meldingar.

Ovannemnde prosjekt er planlagt med overføringskabel til norsk landterritorium for allmenn forsyning av elektrisk energi. Framtidige vindkraftanlegg i sjø, bølgjekraftverk mv., kan òg tenkjast utbygde med tilknyting til kraftsystemet i andre land, eller koplast til overføringskabel knytt til både norsk og utanlandsk kraftsystem. Slike anlegg kan tenkjast knytt til petroleumsinstallasjonar for produksjon av elektrisk energi til utvinning av olje og gass, fortrinnsvis med overføringskabel til land som reserve og for levering av overskotsproduksjon. På lang sikt kan det tenkjast at det blir etablert eit større overføringssystem til havs med tilknyting til det norske og andre land sine kraftsystem, og med tilknytingspunkt i havet for innmating og uttak av elektrisk energi. EU-kommisjonen har teke initiativ til å vurdere høve og føresetnader for utbygging av større overføringssystem i blant anna Nordsjøen.

Det er i dag ikkje noko fullstendig konsesjonslovverk for etablering av vindkraftanlegg utanfor grunnlinjene. Enkelte slike anlegg vil truleg kunne falle inn under petroleumslovgivinga. Andre lover som tek vare på spesielle interesser kan i noko grad òg komme inn, utan at dette på nokon måte dekkjer heilskapen i ei etablering av vindkraftanlegg til havs. Omsynet til effektive og føreseielege prosessar for etablering av fornybar energiproduksjon med tilhøyrande infrastruktur tilseier at det blir lagt opp til ein heilskapleg og koordinerande konsesjonsprosess for nye energiproduksjonsanlegg til havs.

7.2 Hovudtrekk i departementet sitt lov­forslag

Ved å leggje fram dette lovforslaget ønskjer departementet å leggje til rette for utvikling av ny fornybar energiproduksjon til havs, og å ha samfunnsmessig kontroll med arealbruk og produksjons- og overføringsanlegg.

Gjennom havrettskonvensjonen av 1982, gir folkeretten kyststatane rett til å regulere energiproduksjon i nærare bestemte havområde.

Lovforslaget regulerer planlegging, utbygging, drift og nedlegging av anlegg for fornybar energiproduksjon og anlegg for omforming og overføring av elektrisk energi til havs.

Det er foreslått ei føresegn som slår fast at retten til å utnytte fornybare energiressursar til havs tilhøyrer staten.

Forslaget inneheld ei føresegn om opning av areal med sikte på tildeling av konsesjon til fornybar energiproduksjon. Føresegna sikrar at planlegging og utbygging av fornybar energiproduksjon og overføringsanlegg skjer i eit heilskapleg perspektiv der alle relevante interesser og tilhøve blir vurderte.

Lovforslaget fastset konsesjonsplikt for å byggje, eige og drive anlegg for fornybar energiproduksjon og anlegg for omforming og overføring av elektrisk energi til havs. I konsesjonen kan det stillast vilkår som tek vare på omsynet til mellom anna energiforsyning, miljø, tryggleik, næringsverksemd og andre interesser ved utbygging, drift og nedlegging av slike anlegg. Lovforslaget inneheld òg andre føresegner som tek vare på desse omsyna.

Forslaget gir departementet heimel til å bestemme at delar av lova i enkelte tilfelle kan gjelde for ikkje-fornybar elektrisitetsproduksjon til havs. Dette kan for eksempel vere aktuelt ved eventuell planlegging av storskala gasskraftverk til havs for leveransar til kraftsystemet på land.

Lovforslaget inneheld føresegner om systemansvar som skal handtere den fortløpande drifta av eit framtidig kraftsystem til havs.

Det er betydeleg uvisse knytt til omfanget av framtidig utbygging av fornybar energiproduksjon til havs, og korleis slik utbygging vil finne stad. Ein omfattande havbasert fornybar energiproduksjon føreset teknologiutvikling innan produksjon, omforming og overføring av elektrisk energi til havs. Framtidig utbygging vil òg bli påverka av kva slag verknader fornybar energiproduksjon vil ha for miljøet og for annan bruk av havareala. Dette har vi avgrensa kunnskap om i dag. Det er stor uvisse om kostnader ved utbygging og tilkopling til eksisterande kraftsystem, etterspørsel etter energi og høva til finansiering.

Departementet har difor funne det nødvendig å ha lovføresegner som slår fast sentrale prinsipp, men som samtidig er fleksible slik at det er mogleg raskt å kunne regulere ulike problemstillingar som oppstår. Dette inneber at loven må utfyllast med forskrifter. Over tid kan det vere nødvendig å revidere lovverket i takt med utviklinga. Dette arbeidet vil skje i dialog med bransjen og andre aktuelle partar, og kan tilpassast utviklinga i teknologi, kunnskap og internasjonale tilhøve.

I arbeidet med lovutkastet har departementet òg vurdert føresegner knytt til nettregulering, marknadsplass, funksjonelt og selskapsmessig skilje mellom produsent og nettoperatør, kraftforsyningsberedskap mv. Departementet har komme til at desse spørsmåla krev nærare utgreiingar for å sikre at ei slik regulering blir utforma på ein føremålstenleg måte. Departementet vil prioritere å utarbeide eit slikt regelverk, slik at lovføresegner og forskrifter ligg føre i god tid før det er aktuelt med store investeringar innan lova sitt verkeområde.

8 Prosess

8.1 Høyring

Olje- og energidepartementet sende forslag til lov om fornybar energiproduksjon til havs (høyringsutkastet) på høyring 13. februar 2009. Høyringsfristen vart sett til 17. april 2009. Høyringsutkastet vart sendt til følgjande institusjonar og organisasjonar til uttale:

  • Alle departement

  • Alle fylkeskommunar

  • Alle fylkesmenn

  • Sametinget

  • Avinor AS

  • Christian Michelsen Research

  • Den norske advokatforening

  • DONG Norge AS

  • Direktoratet for arbeidstilsynet

  • Direktoratet for Naturforvaltning

  • Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

  • EL & IT forbundet

  • Energibedriftenes Landsforening

  • Enova SF

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon

  • Fiskebåtredernes forbund

  • Fiskeridirektoratet

  • Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening

  • Forsvarsbygg

  • Forum For Marin Fornybar Energi

  • Forum for Strategisk Nettutvikling

  • Forum for utvikling og miljø

  • Fred Olsen Renewables

  • Framtiden i våre hender

  • Fridtjof Nansens institutt

  • Gassco AS

  • Gassnova

  • Greenpeace Norge

  • Havforskningsinstituttet

  • Havgul AS

  • Innovasjon Norge

  • Institutt for energiteknikk

  • Kommunenes Sentralforbund

  • KS Bedrift

  • Kystverket

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Landssamanslutninga av vasskraftkommunar

  • Landssammenslutningen av norske vindkraftkommuner

  • Luftfartstilsynet

  • Lyse Energi AS

  • Miljøstiftelsen Bellona

  • Natur og Ungdom

  • NHO

  • NITO

  • Nord Pool ASA

  • NORISS

  • Norges Fiskarlag

  • Norges Forskningsråd

  • Norges geologiske undersøkelser

  • Norges Kystfiskarlag

  • Norges miljøvernforbund

  • Norges Naturvernforbund

  • Norges rederiforbund

  • Norges vassdrags- og energidirektorat

  • Norsk Industri

  • Norsk institutt for naturforskning

  • Norsk Hydro ASA

  • Norsk ornitologisk forening

  • Norsk Petroleumsinstitutt

  • Norsk Polarinstitutt

  • NORWEA

  • OFS

  • OLF

  • Oljedirektoratet

  • OWEC Tower AS

  • Petoro AS

  • Petroleumstilsynet

  • Regjeringsadvokatembetet

  • Riksantikvaren

  • Samarbeidsrådet for naturvernsaker

  • SCATEC

  • Seatower AS

  • SINTEF energiforskning AS

  • Sjøfartsdirektoratet

  • Statens forurensingstilsyn

  • Statens kartverk, Sjøkartverket

  • Statistisk sentralbyrå

  • Statkraft SF

  • Statnett SF

  • StatoilHydro ASA

  • Sway AS

  • Sør-Norges Trålerlag

  • Tekna

  • Universitetet i Oslo, Senter for europarett

  • Universitetet i Oslo, Nordisk Institutt for Sjørett

  • Vestavind Kraft AS

  • WWF – Norge

  • YS-Forbundet NOFU

  • ZERO

Høyringsutkastet vart òg lagt ut på departementet sine heimesider på internett med open invitasjon til å gje høyringsfråsegn. Det har komme inn 65 høyringsfråsegner. Av desse har følgjande 57 komme med fråsegn som gjeld realitetar i høyringsutkastet:

Statlege organ (16)

  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • Fiskeri- og kystdepartementet

  • Justis- og politidepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Miljøverndepartementet

  • Utenriksdepartementet

  • Direktoratet for naturforvaltning

  • Forskningsrådet

  • Kystverket

  • Regjeringsadvokaten

  • Norges vassdrags- og energidirektorat

  • Oljedirektoratet

  • Statens forurensningstilsyn

  • Statens kartverk

  • Riksantikvaren

  • Sametinget

Kommunar og fylkeskommunar (7):

  • Troms fylkeskommune

  • Nordland fylkeskommune

  • Rogaland fylkeskommune

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune

  • Sør Trøndelag fylkeskommune

  • Møre og Romsdal fylke

  • Stavanger kommune

Nærings- og interesseorganisasjonar (18):

  • Advokatforeningen

  • Elektroforum

  • EL & IT Forbundet

  • Energibedriftenes Landsforening (EBL)

  • Fiskebåtredernes Forbund

  • Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL)

  • Forum for marin fornybar energi

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Norges Fiskarlag

  • Norges Kystfiskarlag

  • Norges Naturvernforbund

  • Norsk Industri

  • Norsk vindkraftforening (NORWEA)

  • Oljeindustriens Landsforening (OLF)

  • Sogn og Fjordane Fiskarlag

  • Stavanger Regionen Næringsutvikling

  • Sør-Norges Trålerlag

  • Zero Emission Resource Organisation (ZERO)

Selskap (14):

  • Agder Energi Produksjon AS

  • DONG Energy Power AS

  • ENOVA SF

  • Fred. Olsen Renewables AS

  • Haugaland Vekst IKS

  • Lyse Produksjon AS

  • Norsk Hydro ASA

  • OceanWind

  • Seatower AS

  • Sintef Energiforskning AS

  • Statkraft SF

  • Statnett SF

  • StatoilHydro ASA

  • Sway AS

Andre (1)

  • Universitetet i Oslo v/professor Ulf Hammer

Følgjande 9 organ og institusjonar har svart på høyringa og opplyst at dei ikkje har merknader til høyringsutkastet:

  • Barne- og likestillingsdepartementet

  • Finansdepartementet

  • Fornyings- og administrasjonsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Fylkesmannen i Oslo og Akershus

  • Luftfartstilsynet

  • Statistisk sentralbyrå

8.2 Hovudinntrykk frå høyringsrunden

Høyringsinstansane sine merknader knytt til konkrete punkt i lovforslaget vil bli handsama under dei respektive kapitla i proposisjonen.

Høyringsfråsegnene stiller seg i hovudsak positive til ei lovregulering av fornybar energiproduksjon til havs gjennom ei eiga lov. Alle høyringsfråsegnene som tek opp det føreslåtte systemet med opning av areal er positive til denne tilnærminga.

Fleire fiskeriorganisasjonar peiker på det store konfliktpotensialet mellom energiproduksjon til havs og fiskeriinteressene. Desse høyringspartane meiner det må nedfellast eit prinsipp om at fiskeriinteressene har forrang ved kolliderande arealbruksinteresser til havs.

Norges Fiskarlag og Sør-Norges Trålerlag meiner prinsipielt at vindkraft bør byggjast på land, for ikkje å komme i konflikt med fiskeriinteresser.

Norges Fiskarlag og Fiskebåtredernes Forbund meiner det ikkje bør leggjast fram ei lov no, men at det vidare lovarbeidet avventar utgreiingar av konsekvensar ved utbygging av energiproduksjon til havs. Desse høyringspartane føreset at fiskerinæringa tek del i dette arbeidet. Fiskarlaget peiker på at lovutkastet representerer ei omfattande lovregulering og at det normalt er praksis å nedsetje eit lovutval ved slike prosessar.

EL & IT Forbundet meiner lovforslaget i for stor grad opnar for etterfølgjande forskrifter og vedtak og at fleire prinsipielle spørsmål må regulerast direkte i lova. Forbundet meiner vidare at lovføresegnene må underleggjast energilova og at det vidare lovarbeidet eventuelt må utsetjast for å gjere dette mogleg.

Enkelte høyringspartar meiner forholdet mellom energilova og lovutkastet er uklart og at føresegnene om opning av areal òg bør gjerast gjeldande innanfor grunnlinjene.

8.3 Konsultasjon med Sametinget

Konsultasjon med Sametinget er gjennomført i samsvar med konsultasjonsprosedyrane. Det er haldt to konsultasjonsmøte den 9. juni 2009 og den 18. juni 2009 på administrativt nivå.

Sametinget meiner:

  • at omsynet til samiske interesser må synleggjerast i formålet med lova,

  • at det kjem klarere fram at lova må vike for Noreg sine folkerettslege plikter med omsyn til urfolk,

  • at samiske interesser gis særleg vekt ved handsaming etter lova,

  • at konsultasjonsplikta synleggjerast og

  • at samane bør ha rett til del av verdiskapinga av fornybar energiproduksjon til havs.

Når det gjeld kravet om rett til del av verdiskapinga av fornybar energiproduksjon til havs, syner Sametinget til at det rettslege grunnlaget følgjer av ILO konvensjon nr. 169 artikkel 15 nr. 2, som etter artikkel 13 også gjeld for saltvannsområde.

Departementet peikar på at lova si betyding for sjøsamiske område utanfor Finnmark vil vere særs beskjeden. Det er ikkje truleg med fornybar energiproduksjon til havs utanfor Finnmark i eit rimeleg framtidsperspektiv. Eventuell planlegging og konsesjonshandsaming som rører direkte ved samiske interesser inneber konsultasjonsplikt på vanleg måte.

Departementet tilrår nokre endringar i lova og merknadene til lova etter konsultasjonane.

Det er presisert i merknaden til formålsparagrafen at samisk næringsverksemd og andre samiske interesser er omfatta av dei omgrep paragrafen nyttar.

Departementet foreslår ei eiga føresegn som slår fast at det ved vedtak i medhald av lova som direkte rører ved samiske interesser skal leggjast tilbørleg vekt på omsynet til naturgrunnlaget for samisk kultur innafor dei rammene som gjeld for den einskilde føresegna. Dette følgjer óg av konvensjonen om sivile og politiske rettar artikkel 27.

I merknadene til verkeområdeparagrafen er det under omtala av folkeretten satt inn eigen merknad med tilvising til ILO-konvensjon nr. 169 og FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (SP).

Når det gjeld omsynet til konsultasjonsplikta meiner departementet at eiga lovfesting ikkje bør skje i enkeltlover før Samerettsutvalget II sitt forslag om ei generell sakshandsamings- og konsultasjonslov er vurdert. Departementet synar til at dette òg er løysinga i forslag til ny naturmangfoldlov, jf. Ot.prp. nr. 52 (2008-2009).

Departementet synar til at fornybar energiproduksjon til havs ikkje vil gje direkte offentlege inntekter på lang tid. Det same gjeld for arealavgift, jf. kapittel 11.10.3. Føresegna om arealavgift skal i ein første fase i hovudsak bidra til framdrift i planlegging og utbygging av energianlegg til havs. Departementet kan heller ikkje sjå at det er rettsleg grunnlag for særlege delar av avkastninga frå verksemd knytt til utnytting av fornybare energiressursar til havs.

Saka har vore oppe til handsaming i Sametings­rådet, som har gitt sitt samtykke.

9 Gjeldande rett

Lov 21. juni 1963 nr. 12 om vitenskapelig utforskning og undersøkelse etter og utnyttelse av andre undersjøiske naturforekomster enn petroleumsforekomster har eit verkeområde som omfattar indre norsk farvatn, norsk sjøterritorium og kontinentalsokkelen. Lova gjeld vidare så langt det følgjer av folkeretten eller overeinskomst med framand stat. Lova omfattar ikkje energiproduksjon.

Lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern (naturvernloven) gjeld på land, i innsjøar og vassdrag og i norsk territorialfarvatn, dvs. ut til 12 nm. Lova har føresegner om vern av område og artar. Stortinget har til handsaming forslag om ny lov om forvaltning av mangfold i naturen (naturmangfoldloven), jf. Ot.prp. nr. 52 (2008-2009), som vil avløyse naturvernlova når den trer i kraft.

Lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone (økonomisk soneloven) opprett ein økonomisk sone i havområda utanfor Kongeriket Noreg. Av § 1 følgjer det at denne er 200 nautiske mil. Av § 7 følgjer at Kongen, med dei avgrensingane som følgjer av folkeretten, kan gje føresegner om faste eller mellombelse installasjonar og konstruksjonar og utnytting av sona for økonomiske høve, under dette produksjon av energi.

Lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner (kulturminneloven) gjeld innanfor territorialgrensa. Lova har føresegner om automatisk freda kulturminne, undersøkingsplikt og frigjering av kulturminne, og føresegner om skipsfunn og vern av desse.

Lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensning og om avfall (forurensningsloven) gjeld etter § 3 første ledd nr. 3, jf. § 4, for det norske sjøterritoriet, den økonomiske sona og på kontinentalsokkelen. Etter kapittel 2 er det eit generelt forbod mot forureining. Det kan givast løyve til forureining etter kapittel 3. Kapittel 5 har føresegner om avfall, under dette forbod mot å kassere, etterlate og transportere avfall som kan vere skjemmande eller til skade for miljøet.

Lov 29. mai 1981 nr. 38 om viltet (viltloven) gjeld på land, i innsjøar og vassdrag, i norsk territorialfarvatn og i økonomisk sone, jf. § 2 andre ledd. Lova har føresegner om forvaltninga av viltlevande landpattedyr og fuglar, amfibium og krypdyr.

Lov 8. juni 1984 nr. 51 om havner og farvann (havne- og farvannsloven) gjeld i indre farvatn og på norsk sjøterritorium, jf. § 2. Etter § 6 tredje ledd er det krav om løyve til tiltak som kan føre til endring av farlei eller innskrenkar farvatnet til hinder for ferdsel. Etter § 9 kan det setjast vilkår for løyvet. Ny havne- og farvannslov er vedteken men ikkje trådd i kraft, jf. Ot. prp. nr. 75 (2007-2008). I den nye lova er det opna for at Kongen kan utvide verkeområdet for lova til norsk økonomisk sone.

Lov 14. juni 1985 nr. 77, Plan- og bygningsloven, gjeld til grunnlinjene. Ny plandel av plan- og bygningslova er vedteken, men ikkje trådd i kraft, jf. Ot.prp. nr. 32 (2007-2008). I ny plandel er verkeområdet utvida til ei nautisk mil utanfor grunnlinjene, jf. § 1-2 andre ledd. Kongen kan etter § 1-2 tredje ledd, bestemme at kapittel 14 om konsekvensutgreiingar kan gjelde for bestemte tiltak utanfor ei nautisk mil frå grunnlinjene.

Lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi m.m. (energiloven), har konsesjonsordningar for energianlegg i § 3-1 om konsesjon på anlegg og i § 3-2 om områdekonsesjon. Verkeområdet for energilova følgjer av § 1-1. Av § 1-1 andre ledd følgjer det at lova ikkje gjeld på norsk sjøterritorium. Avgrensinga mot sjøterritoriet er ikkje nærare drøfta i forarbeida til energilova, jf. Ot.prp. nr. 43 (1989-90). Energiproduksjon i sjø innanfor grunnlinjene vert handsama etter energilova. Ved Ot.prp. nr. 24 (2008-2009) er det fremja forslag som inneber ei omnummerering av føresegnene i energilova. Den nye nummereringa er lagt til grunn for tilvisingar og endringsforslag i denne proposisjonen.

Lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk (lakse- og innlandsfiskloven) gjeld på det norske fastlandet og med omsyn til anadrom laksefisk dessutan i norsk indre farvatn, norsk territorialfarvatn og i Noregs økonomiske sone utanfor det norske fastlandet, jf. § 2 første ledd første punktum. Lova regulerer forvaltninga av anadrom laksefisk, innlandsfisk og ferskvasskreps.

Lov 29. november 1996 nr. 72 om petroleumsvirksomhet (petroleumsloven) skal nyttast på energiproduksjonsanlegg dersom dette er installasjon eller anlegg for petroleumsverksemd, jf. § 1-6 bokstav d, og § 1-4. Kongen kan i tvilstilfelle avgjere om innretning eller verksemd er omfatta av lova, jf. § 1-4 tredje ledd. Lova gjeld vidare så langt det følgjer av folkeretten eller overeinskomst med framand stat.

Lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven), gjeld til territorialgrensa. For petroleumsverksemda er det gitt ein spesialregel i arbeidsmiljøloven § 1-3 som utvidar det geografiske verkeområdet til den norske delen av kontinentalsokkelen. Ytterlegare utviding av verkeområdet kan følgje av avtale med framand stat, folkerett eller forskrift.

Lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven) gjeld på land, i territorialfarvatnet, i norsk økonomisk sone og på kontinentalsokkelen jf. § 3. Etter § 17 tredje ledd kan det givast forskrift om avgrensing eller forbod mot ferdsel og annan bruk av lokalitetar og tilstøytande område dersom dette er nødvendig av omsyn til akvakulturproduksjonen. Slik avgrensing er gitt i akvakulturforskriften og havbeiteforskrifta.

Lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) gjeld etter § 4 på land, i norsk sjøterritorium og indre farvatn, på den norske kontinentalsokkelen og i Noregs økonomiske sone. Lova omfattar etter § 3 all hausting og utnytting av viltlevende marine ressursar. Lova har i kapittel 5 nokre føresegner som kan nyttast på anna verksemd enn fiskeriverksemd. Det gjeld blant anna reglar om aktsemdsplikt i § 24 og reglar om forbod mot å etterlate gjenstandar i sjøen i § 28.

10 Forholdet til folkeretten

Folkerettslege rammer for kyststatane sin jurisdiksjon i tilliggjande havområde følgjer av folkerettsleg sedvane og av traktatar Noreg er bunde av, under dette Havrettskonvensjonen av 1982.

Norsk sjøterritorium omfattar området innanfor 12 nautiske mil utanfor grunnlinjene, jf. lov om norsk territorialfarvann og tilstøtende sone av 27. juni 2003 nr. 57. Innanfor denne grensa har den norske staten høve til reguleringar som er nesten like omfattande som på land, jf. havrettskonvensjonen art. 2. Unntak følgjer av føresegner i folkeretten om «uskyldig gjennomfart» mv.

Havrettskonvensjonen har føresegner om den økonomiske sona i artikkel 55 flg. Av artikkel 57 følgjer at det kan opprettast ei økonomisk sone på inntil 200 nautiske mil (à 1852 meter). Det er folkerettsleg forstått slik at oppretting av økonomisk sone krev positivt proklama frå kyststaten. Noreg har gitt slikt proklama. Noreg oppretta økonomisk sone ved lov 17. desember 1976 nr. 91.

Av konvensjonen artikkel 56 følgjer at kyststaten i den økonomiske sona har suverene rettar til å utnytte og forvalte ressursar. Under dette er eksplisitt omtalt energiproduksjon frå vatn, straumar og vind. Vidare følgjer det av artikkel 60 at kyststaten har einerett til å oppføre og til å tillate og regulere oppføring, drift og bruk av innretningar og anlegg for dei formåla som er fastsette i artikkel 56. Vidare at kyststaten har eksklusiv jurisdiksjon over slike anlegg.

Konvensjonen artikkel 80 seier at artikkel 60 gjeld tilsvarande for innretningar og anlegg på kontinentalsokkelen. Dei reglane som gjeld oppføring av innretningar og anlegg for formål fastsette i artikkel 56 gjeld dermed òg på kontinentalsokkelen.

Artikkel 79 stadfester ein generell fridom for alle til å leggje røyr og kablar på kontinentalsokkelen. Traséval må godkjennast av kyststaten. Der røyr eller kablar kjem inn på sjø- og/eller landterritoriet eller blir nytta til drift av installasjonar der kyststaten har jurisdiksjon, gjeld ikkje den generelle fridomen. Norsk energilovgiving kan derfor ikkje gjelde utan atterhald på framføring av kablar mv. i den forstand at folkeretten i utgangspunktet opnar for å leggje kablar gjennom framand stat si økonomiske sone. I den grad det blir lagt kablar til norsk landterritorium eller til installasjon underlagt norsk jurisdiksjon, kan norsk lovgiving regulere desse fullt ut.

Artikkel 303 (1) pålegg statane ei plikt til å beskytte gjenstandar av arkeologisk og historisk art i sjø. Nummer (2) gir kyststaten rett til å regulere og kontrollere aktivitetar retta mot kulturminne i territorialfarvatnet og den tilstøytande sona, jf. artikkel 33.

Det kan konkluderast med at folkeretten, gjennom Havrettskonvensjonen, opnar for at Noreg kan regulere utnytting av fornybare energiressursar i sine maritime områder og på kontinentalsokkelen.

Innanfor verkeområdet av EØS-avtala er Noreg gjennom EUs direktiv om konsekvensutgreiingar, rådsdirektiv 2001/42/EØF om vurderingar av verknader av bestemte planar og program og rådsdirektiv 85/337/EØF jf. 97/11/EF om vurderingar av visse offentlege og private prosjekt sine miljøverknader, forplikta til å gjennomføre konsekvensutgreiingar ved ei rekkje tiltak. Direktiva rettar seg mot respektive utgreiingar i samband med planar og program og utgreiingar i samband med tiltak. Noregs plikter etter desse direktiva er teke vare på gjennom generelle føresegner om konsekvensutgreiingar i plan- og bygningsloven, som er ført vidare i ny plandel av lova. Ein viser til Ot.prp. nr. 32 (2007-2008) for ei nærare beskriving. Petroleumslova har eigne føresegner om konsekvensutgreiingar.

Av Konvensjon om konsekvensutgreiingar for tiltak som kan ha grenseoverskridande miljøverknader (Espoo-konvensjonen) av 25. februar 1991, følgjer det at dersom nabostatar kan bli påverka av negative miljøverknader av tiltak i Noreg, skal det utarbeidast konsekvensutgreiing (artikkel 2) og nabolandet skal varslast (artikkel 3) og konsulterast (artikkel 5).

Konvensjon om vern av det marine miljø i det nordaustlege Atlanterhavet av 22. september 1992 (OSPAR) har som formål å beskytte havområdet mot skadelege effektar av menneskeleg aktivitet, verne om menneskeleg helse, bevare marine økosystem og å gjenopprette marine område som er blitt skadde der dette er praktisk mogleg. Konvensjonen regulerer forureining av det marine miljøet frå både landbaserte kjelder, petroleumsverksemd til havs og dumping, og bevaring av marint naturmangfald.

OSPAR har vedteke eigne retningslinjer for vurdering av miljøverknader av vindkraft til havs (nr. 3 2008). Desse retningslinjene er førande for arbeidet med blant anna arealvurderingar, konsekvensutgreiingar, konsesjonshandsaming og nedlegging av energianlegg i medhald av lovforslaget.

Globalt inneheld Protokoll av 1996 til Overenskomst om bekjempelse av havforurensning ved dumping av avfall og annet materiale av 1972 (London-konvensjonen) føresegner som får betyding ved ulike former for disponering av materiale i havmiljøet. Føresegnene i havenergilova om bl.a. konsekvensutgreiingar, konsesjonshandsaming og nedlegging av energianlegg må utøvast i samsvar med krav i desse konvensjonane.

11 Departementet sitt lovforslag

11.1 Formål

11.1.1 Høyringsutkastet

I høyringsnotatet foreslo departementet ei formålsføresegn som legg opp til at energiproduksjon til havs skal skje etter ei avveging av samfunnsmessige målsetjingar og at energianlegg blir planlagde, bygde og disponerte slik at omsynet til energiforsyning, miljø, næringsverksemd og andre interesser blir teke vare på.

11.1.2 Høyringsinstansane sitt syn

Sametinget meiner omsynet til samisk kultur må takast inn i formålsføresegna.

Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner distriktspolitiske omsyn må takast inn i formålet med lova.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner formålsføresegna famnar vidt og at det er vanskeleg å peike på konkrete konsesjonskriterium. Direktoratet meiner dette kan gjere det vanskeleg å handsame konkurrerande tiltak.

11.1.3 Departementet si vurdering

Departementet sitt forslag til formålsføresegn er generelt med ein samfunnsmessig målsetjing. Vidare heiter det at energianlegg skal planleggjast, byggjast og disponerast slik at omsynet til energiforsyning, miljø, tryggleik, næringsverksemd og andre interesser blir teke vare på. «Miljø» er i denne samanhengen eit samleomgrep for alle miljøtema, under dette naturvern, biologisk mangfald, klima, kulturminne og kulturmiljø. Denne forståinga av omgrepet er i samsvar med miljøforvaltninga av i dag.

Klima står sentralt i den forstand at klimautfordringa er ein viktig premiss for satsinga innanfor fornybar energi.

Departementet peiker på at distriktspolitiske omsyn òg er omfatta av omgrepet samfunnsmessige målsetjingar og det er ikkje grunnlag for ytterlegare tilføyingar slik Sogn og Fjordane fylkeskommune ber om. Regionale verknader vil verte vurdert som del av konsekvensutgreiing i samband med opning av areal.

Når det gjeld omsynet til samisk kultur finn departementet at dette for det første er omfatta av samfunnsmålsetjingane, og at det er teke vare på ved at energianlegg skal planleggjast, byggjast og disponerast med omsyn til blant anna næringsverksemd og andre interesser. Næringsverksemd omfattar, i tillegg til blant anna fiskeri og skipsfart, òg tradisjonell samisk næringsverksemd. Samiske interesser som ikkje er omfatta av næringsomgrepet vil falle inn under «andre interesser».

Når det gjeld merknaden frå NVE om konsesjonskriterium, viser departementet til at nærare kriterium for konsesjonshandsaminga kan givast ved opning av areal. Føresegner om kva konsesjonssøknader skal innehalde kan fastsetjast i medhald av § 3-3.

11.2 Retten til å utnytte fornybare energiressursar til havs

11.2.1 Høyringsutkastet

Departementet foreslo i høyringsutkastet ei føresegn som slår fast at retten til å utnytte fornybare energiressursar til havs tilhøyrer staten.

11.2.2 Høyringsinstansane sitt syn

StatoilHydro meiner prinsippet om staten som innehavar av retten til å utnytte energiressursane òg bør stadfestast for sjøområde innanfor grunnlinjene.

Landsorganisasjonen i Noreg (LO) støttar føresegna om at retten til å utnytte fornybare energiressursar til havs tilhøyrer staten. LO meiner det i tillegg bør takast inn ei føresegn som sikrar staten rett til å delta i utbygging av felt.

11.2.3 Departementet si vurdering

Stadfesting av retten til å utnytte fornybare energiressursar til havs er basert på den retten folkeretten gjennom havrettskonvensjonen legg til kyststaten. Tilsvarande føresegner finst i lovgivinga til andre kyststatar, til dømes i den danske lov om fornybar energi 1 og den britiske energilova 2 . Petroleumsloven § 1-1 legg eigedomsretten til petroleumsressursane til staten. Fornybare energiressursar som vind, bølgjer mv. er ikkje underlagt eigedomsrett. Verdien oppstår når havareal kan nyttast i anlegg som utnyttar energien i vind og bølgjer til å produsere elektrisk energi, og ved at denne blir ført fram til forbrukar gjennom å etablere anlegg for omforming og overføring av elektrisk energi til havs. Vanlegvis må anleggene bli knytt til kraftsystemet i Noreg eller i eit anna land, slik at den produserte krafta kan omsetjast i kraftmarknaden.

Når det gjeld staten sine rettar for havområde innanfor grunnlinjene, slik StatoilHydro peiker på, må dette sjåast i samanheng med det stadlege verkeområdet for lova, jf. 11.3 nedanfor.

Fornybar energiproduksjon til havs vil truleg vere avhengig av støttemidlar i lang tid framover. Statlege inntekter frå energiproduksjon til havs kan sikrast gjennom arealavgifter og skattesystemet. Statleg og anna offentleg deltaking i utbygging av energiproduksjon til havs kan skje gjennom heilt eller delvis offentleg eigde selskap.

11.3 Verkeområdet

11.3.1 Høyringsutkastet

Departementet foreslo i høyringsutkastet å gi lova verknad for fornybar energiproduksjon og omforming og overføring av elektrisk energi til havs.

Vidare foreslo departementet eit stadleg verkeområde som strekkjer seg frå grunnlinjene og utover territorialfarvatnet, norsk økonomisk sone og i havområde på norsk kontinentalsokkel, med dei avgrensingane som følgjer av folkeretten.

Høyringsutkastet opnar vidare for å avgrense bruken av heile eller delar av lova når det gjeld innretningar, formål eller verksemder til havs, gjennom forskrift eller i det enkelte tilfelle. Vidare er det foreslått moglegheit til å gje lova verknad for ikkje-fornybar energiproduksjon til havs.

11.3.2 Høyringsinstansane sitt syn

Stadleg verkeområde

Miljøverndepartementet meiner føresegnene om opning av areal òg bør gjelde i kystnære område.

StatoilHydro uttaler følgjande om det stadlege verkeområde for lova:

«Det er etter vår mening en rekke elementer som taler for at loven bør gjelde for all fornybar energiproduksjon til havs, også kystnær vindkraft og bølgekraft, slik at loven omfatter all fornybar energiproduksjon som er «våt på bena» og grensen bør gå ved grensen for privat eiendomsrett (det vil si marbakken eller lignende). Det vil stadfeste prinsippet om at det er staten som er innehaver av retten til å utnytte fornybare energiressurser også i dette området. Reglene for åpning av areal og utlysning av konsesjon vil sikre en forvaltning i tråd med samfunnets interesser.

Dersom vindkraft til havs innenfor grunnlinjen blir behandlet etter regelverket for vindkraft på land, tror vi at det vil bli behov for særreguleringer i dette området på lik linje med vindkraft til havs. Da vil vi i realiteten kunne få tre regelverk; vindkraft på land; vindkraft til havs innenfor grunnlinjen og vindkraft til havs utenfor grunnlinjen. Dette vil etter vår oppfatning komplisere regelverket unødvendig. En grenselinje mellom vindkraft på land og vindkraft til havs synes som en forenkling i så måte.

Grunnlinjen langs deler av norskekysten går langt ut. Store deler av områdene innenfor grunnlinjen vil således ha de samme utfordringene som områdene utenfor grunnlinjen, med hensyn til vær, vanndybder, adkomstforhold, vedlikeholdsbegrensninger m.v. De sikkerhetsmessige, tekniske og operasjonelle utfordringene og løsningene, vil derfor i all hovedsak være felles for all fornybar energiproduksjon som bygges i sjø.

To ulike lovverk for energianlegg til havs kan også gi utilsiktede økonomiske konsekvenser i form av for eksempel ulike støtteregimer og forskjellige tilknytningskostnader for energianlegg bygget etter den ene eller andre loven.

Alternativt bør i alle fall §§ 1-3 og 2-2 og eventuelle regler om prekvalifisering og prinsipper for tildeling få tilsvarende anvendelse for energiproduksjon innenfor grunnlinjen i henhold til energiloven.»

ENOVA, Norsk vindkraftforening (NORWEA), Elektroforum og Statkraft meiner at all vindkraft til havs bør handsamast etter same lovverket uavhengig av grunnlinjene. ENOVA og NORWEA peiker på dei store utfordringane som kan følgje av at det blir operert med to forskjellige rammeverk for vindkraft til havs, respektive innanfor og utanfor grunnlinjene.

Materielt verkeområde

Fiskeri- og kystdepartementet peiker på at opninga i utkastet § 1-2 tredje ledd for å setje heile eller delar av lova til side er eit svært vidtgåande grep og at dette i utgangspunktet berre bør kunne skje i form av forskrift. Departementet ber om at tillegget «i det enkelte tilfelle» blir teke ut av lovteksten. Subsidiært ber ein om at det i lovteksten blir presisert at slikt unntak berre kan finne stad for tiltak omfatta av anna lovverk.

StatoilHydro meiner det er viktig at anlegg for fornybar energiproduksjon som òg fell inn under petroleumslova sitt verkeområde blir underlagt dei same krava til utforming, tryggleik mv. slik at dei same krava blir gjort gjeldande uavhengig av lovval.

Oljeindustriens Landsforening (OLF) meiner at kraft som berre blir produsert for petroleumsverksemda bør haldast utanfor lova sitt verkeområde, då slik produksjon naturleg fell under petroleumsloven. Vidare peiker OLF på at lova kan tolkast til å inkludere undersjøisk nettanlegg mellom petroleumsanlegg. OLF meiner slike anlegg bør handsamast via PUD etter petroleumsloven som i dag.

Energibedriftenes Landsforening (EBL) er skeptisk til ein generell heimel til å setje lova til side. EBL ser primært at slik avgrensing berre kan skje i forskrift, eventuelt at det blir presisert i lovteksten når slik tilsidesetjing kan skje.

Norges Forskningsråd støttar forslaget i § 1-2 fjerde ledd som opnar for å bruke lova på andre energianlegg enn dei fornybare. Forskingsrådet uttaler i den samanhengen:

«Det er bra et dette viktige momentet er tatt med her. Det er for øvrig ikke bare utviklingen innen CCS som kan aktualisere andre energianlegg til havs enn de fornybare. Dersom en stor utbygging av vindkraft til havs blir gjennomført, vil det etter hvert bli behov for mer reservekraft enn det som i dag er tilgjengelig gjennom vannkraftsystemet. Reservekraft for flere store vindparker vil trolig være en kombinasjon av vannkraft og gasskraft. Med hensyn til at naturgass allerede er tilgjengelig i potensielle vindkraftområder, vil det kunne bli aktuelt å bygge ny gasskraftkapasitet i de samme områdene. Offshore gasskraftproduksjon vil kunne fungere som reservekraft/balansekraft i samspill med offshore vindkraft, delvis på samme måte som for vannkraftsystemene.»

11.3.3 Departementet si vurdering

Samanlikna med høyringsutkastet foreslår departementet nokre endringar i føresegna om det stadlege verkeområdet for å skilje klarere mellom ulike område med til dels ulike behov.  Departementet foreslår at lova utan vidare skal gjelde generelt i territorialfarvatnet utanfor fastlandet og på kontinentalsokkelen. Kongen kan vidare bestemme at føresegner i lova skal gjelde for soner oppretta i medhald av lov om Norges økonomiske sone og for sjøterritoriet og indre farvatn ved Svalbard og Jan Mayen. Denne tilnærminga gjer det mogleg å gje lova verknad frå ulikt tidspunkt for ulike område. Departementet tar sikte på å foreslå å gjere lova gjeldande for Noregs økonomiske sone når lova vert sett i kraft. På kort og mellomlang sikt er energiproduksjon til havs truleg lite aktuelt utanfor Svalbard og Jan Mayen, men av omsyn til eventuell framtidig utvikling som endrar på dette, finn departementet det likevel hensiktsmessig at Kongen kan gjere lova gjeldande i desse områda dersom behovet skulle oppstå.

I høyringsutkastet var det stadlege verkeområdet til lova foreslått avgrensa innover av grunnlinjene. Grunnlinjene dannar samtidig ytre grense for energiloven sitt stadlege verkeområde. Det er ikkje overlapp mellom høyringsutkastet og energiloven.

Departementet merkar seg at ENOVA,NORWEA, Elektroforum, StatoilHydro og Statkraft meiner all fornybar energiproduksjon til havs bør underleggjast det same regulatoriske rammeverket, samt at Miljøverndepartementet meiner føresegnene om opning av areal bør kunne gjerast gjeldande innanfor grunnlinjene.

Departementet meiner delar av havenergilova kan gjerast gjeldande i dei indre farvatna òg. Føresegnene om opning av areal gjer det mogleg med ei heilskapleg tilnærming til energiproduksjon til havs uavhengig av grunnlinjene si plassering. I enkelte delar av landet, særleg utanfor Nordland, går grunnlinjene til dels langt utanfor fastlandet. Departementet foreslår ei tilføying i verkeområdeføresegna som opnar for å utvide det stadlege verkeområdet til dei indre farvatna. I energilova er foreslått ei tilføying som opnar for å ikkje bruke einskilde føresegner i saker som blir handsama etter havenergilova.

Det materielle verkeområdet til lova er i samsvar med lova sitt formål knytt til fornybar energiproduksjon til havs. Vidare er omfatta omforming og overføring av elektrisk energi til havs. For omforming og overføring er det ikkje skilt mellom fornybar og annan kraftproduksjon.

Departementet foreslår ei føresegn som gir anledning til å setje heile eller delar av lova til side i forskrift eller vedtak. Føresegna kan nyttast der tiltak omfatta av § 1-2 første ledd kan handsamast etter anna lovverk, typisk for energianlegg som utgjer en integrert del av petroleumsverksemda, skipsfart eller tilsvarande. Det er sett inn ei presisering i utkastet § 1-2 tredje ledd som gjer det klart at høvet til å setje føresegnene i lova til side føreset at det formålet lova blir sett til side for er regulert etter anna lovverk, jf. merknaden frå Fiskeri- og kystdepartementet.

Det er ikkje opning for generelt å nytte lova på ikkje-fornybar energiproduksjon til havs. Det går fram av høyringsnotatet at det berre unntaksvist i særlege tilfelle skal vere åtgang til å nytte lova på ikkje-fornybar energiproduksjon. Departementet finn det ikkje føremålstenleg å avgrense føresegna til dei tilfella der slik produksjon blir reinsa. Reinsing av ikkje-fornybar energiproduksjon vil typisk vere eit vilkår i ein eventuell konsesjon, og utslepp vil dessutan omfattast av føresegnene i forurensningsloven. Den føreslåtte føresegna gir dessutan full offentleg kontroll med planar om ikkje-fornybar energiproduksjon til havs, under dette høvet til å setje vilkår og til å stanse slike planar gjennom konsesjonshandsaming. Kor vidt det eventuelt skal givast konsesjon til ikkje-fornybar energiproduksjon, eventuelt opnast areal for slike søknader, blir avgjort etter lova på vanleg måte.

11.4 Opning av areal

11.4.1 Høyringsutkastet

I høyringsutkastet foreslo departementet eit konsesjonssystem med opning av areal i forkant av konsesjonssøknader. Vidare vart det foreslått å kunne gjere unntak frå reglane om opning av areal i særskilde tilfelle.

11.4.2 Høyringsinstansane sitt syn

Opning av areal

Dei fleste høyringsuttalene er positive til eit system med opning av areal. Ingen høyringspartar gir uttrykk for at lova bør baserast på eit system utan føregåande statlege arealprosessar.

Fleire høyringspartar meiner prosessane med å finne område for fornybar energiproduksjon til havs må starte opp før lova trer i kraft, og at desse prosessane må tilførast tilstrekkelege midlar. Vidare peiker fleire høyringspartar på behovet for raskt å etablere område for test- og pilotprosjekt.

Miljøverndepartementet meiner det bør takast inn ein tekst som klargjer at område som er opna for søknad om konsesjonar ikkje er statisk fastlagt for «all framtid». Opna, men ikkje konsesjonsbelagt, areal må kunne vurderast på nytt på bakgrunn av ny kunnskap.

Fred. Olsen Renewables påpeiker at nytten av føregåande arealprosessar avheng av at alle vesentlege konfliktar er avklart før område blir opna for konsesjonssøknader.

ZERO støttar systemet med opning av areal. Før det blir opna areal, må det vere heilt avklart at utbygging av fornybar energi i området ikkje vil medføre konsekvensar som gjer utbygginga uforsvarleg.

Norges Fiskarlag peiker på at det er viktig at område blir konfliktavklart i ein tidleg fase før blokktildeling skjer.

Statens kartverk peiker på at kartlegging av botntilhøve bør inngå som ein del av konsekvensutgreiinga i forkant av opning av areal, og viser til at Statens kartverk Sjø er rette faginstans i spørsmål knytt til dette.

StatoilHydro meiner nettanlegg må omfattast av reglane om opning av areal, og at det bør skje ei vurdering av trasear og moglege ilandføringspunkt for nettanlegg før areal blir opna.

EBL meiner traséval for kablar og tilkopling til land bør utgreiast saman med opning av areal.

Statens forurensningstilsyn (SFT) meiner utkastet § 2-2 andre ledd andre punktum bør omformulerast slik at det går tydeleg fram at ei konsekvensutgreiing først og fremst skal gjere greie for miljømessige, næringsmessige og samfunnsmessige konsekvensar av at eit konkret areal blir opna for fornybar energiproduksjon. SFT stiller òg spørsmål om kvifor § 2-2 legg myndet til «Kongen» mens lovutkastet elles legg mynde til «departementet». Tilsynet påpeiker at dersom formålet er at myndet etter § 2-2 ikkje skal kunne delegerast bør det stå «Kongen i statsråd».

Unntak frå opning av areal

Fleire høyringspartar er positive til at det kan gjerast unntak frå reglane om opning av areal i særskilde tilfelle, slik det går fram av høyringsnotatet.

Fiskeri- og kystdepartementet føreset at søknader om unntak frå reglane om opning av areal blir varsla på vanleg måte.

SWAY meiner høvet til unntak frå utlysningsprosessen må utvidast til òg å kunne inkludere demonstrasjonsparkar av ein viss storleik med normal levetid. Særleg er det peikt på behov for å kunne gi slike løyve i perioden før første utlysningsrunde er klar.

ENOVA meiner unntaket bør kunne omfatte mindre anlegg utan særleg avgrensing i tid. Dette gir rom for testprosjekt med planlegging over lengre tid, til dømes for fundament, understell eller marine operasjonar.

11.4.3 Departementet si vurdering

Opning av areal

Etablering av fornybar energiproduksjon til havs kan i utgangspunktet berre finne stad etter at staten har opna nærare bestemte stadlege område for søknader om konsesjon. Formålet er å sikre staten kontroll med at planlegging og utbygging av fornybar energiproduksjon med tilhøyrande infrastruktur skjer i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv, der alle relevante interesser og forhold blir høyrde og vurderte i ein tidleg fase. Det vil òg leggje til rette for at den påfølgjande konsesjonsprosessen blir meir føreseieleg. Tal, storleik og lokalisering av utlyst areal må vurderast som ledd i ein kartleggings- og konsesjonsprosess.

Departementet finn at vedtak om opning av areal er ei så vidtgåande avgjerd for samfunnet at myndet bør liggje hos Kongen i statsråd, slik SFT òg har påpeikt.

Departementet støttar Miljøverndepartementet sitt syn om at opna areal ikkje nødvendigvis er opna for søknader i all framtid, men at status for eit område kan endrast som følgje av nye opplysningar eller andre prioriteringar. Ved opning av areal vil det elles normalt følgje ein tidsfrist for innsending av konsesjonssøknad. Har det ikkje komme inn søknader ved utgangen av fristen, står styresmaktene i utgangspunktet fritt til å vurdere om området bør lysast ut på nytt. I og med at prosessen med opning av areal inneber konfliktvurderingar og konsekvensutgreiingar med ein ikkje ubetydeleg offentleg ressursbruk, må ein tru at det er i det offentlege si interesse at det skjer ei utbygging i området, med mindre ny kunnskap tilseier noko anna.

Anlegg for produksjon av fornybar energi er arealkrevjande, og kan blant anna ha verknader for fiskeri, sjøtransport, petroleumsutvinning og miljø. Utbygging av fornybar energiproduksjon til havs må òg sjåast i samanheng med etablering av infrastruktur for overføring av elektrisk energi i havet, med nettkapasitet og andre forhold i kraftsystemet på land og eventuelle planar for eller høve til elektrifisering av petroleumsinstallasjonar. Regionale verknader må òg vurderast.

Kva omfang konsekvensutgreiingar skal ha før ei opning, er ikkje regulert i detalj i lovforslaget. Departementet merkar seg like fullt at ei rekkje høyringspartar meiner prosessen med opning av areal bør avklare dei vesentlegaste arealinteressene før opninga. Departementet er samd i at dette synest å vere ei føremålstenleg tilnærming. Det konkrete innhaldet og omfanget av konsekvensutgreiingar og andre vurderingar i arealprosessane vil måtte avklarast som ledd i utarbeidinga av planprogram og sjåast i samanheng med kunnskapsnivå og eventuelle kunnskapsmanglar, sjå kapittel 5 ovanfor.

Nettanlegg vil bli omfatta av den arealplanlegginga lovforslaget legg opp til. Nettkapasitet, høve til avsetning og andre forhold knytte til nett vil ha betyding for kva område det er aktuelt å vurdere for opning, slik EBL òg påpeiker. Departementet finn det likevel ikkje nødvendig å slå fast at nettanlegg generelt skal omfattast av reglane om opning av areal, slik StatoilHydro ber om. Nettanlegg til havs vil berre bli planlagt når det er trong for overføring av elektrisk energi. Dette kan utløysast på fleire måtar, for eksempel som produksjons- eller forbruksradial eller overføringskablar til utlandet, og konsesjon blir gitt dersom anlegget er i samsvar med dei omsyna lovgivinga legg opp til. Med den kontrollen på utviklinga av energiproduksjonsanlegg reglane om opning av areal gir, ser ikkje departementet ytterlegare behov for kontroll med planlegginga av nettanlegg til havs.

Unntak frå opning av areal

Sjølv om ein prosess med opning av areal føreset å vere utgangspunktet for planlegging av fornybar energiproduksjon til havs kan det ikkje utelukkast at det i enkelte tilfelle er meir føremålstenleg å gå rett på konsesjonshandsaming. Det er derfor lagt opp til at det i særskilde tilfelle kan gjerast unntak frå reglane om opning av areal. Slike særskilde tilfelle kan tenkjast å vere etablering av ulike former for testprosjekt som enkeltståande innretningar med avgrensa levetid, eller der mindre anlegg for fornybar energiproduksjon kan tenkjast knytt opp mot forsyning av petroleumsanlegg. Høvet til unntak er snevert. Ein kan ikkje rekne med at søknader om store produksjonsanlegg blir omfatta. Dersom det blir gitt unntak frå reglane om opning av areal, kan søknaden handsamast direkte etter kapittel 3. Det vil seie at dei vanlege sakshandsamingsreglane for søknader gjeld, slik Fiskeri- og kystdepartementet òg føreset.

Departementet finn at hovudprinsippet om opning av areal òg bør gjelde for anlegg av ein viss storleik med normal levetid, og finn ikkje grunnlag for endringar slik SWAY og ENOVA peikar på. Den konkrete vurderinga av om eit demonstrasjonsanlegg kan få unntak frå reglane om opning og på kva vilkår, må tas i det enkelte tilfelle.

11.5 Konsesjon på anlegg mv.

11.5.1 Høyringsutkastet

I høyringsutkastet foreslo departementet ei generell konsesjonsplikt for å byggje, eige og drive produksjons- og nettanlegg. Forslag til konsesjonsplikt omfattar òg ombygging eller utvidingar av eksisterande anlegg. Departementet foreslo ei konsesjonstid på inntil 30 år for energianlegg.

Vidare inneheldt høyringsnotatet forslag om krav om godkjent detaljplan før anlegg med konsesjon kan byggjast, og ei føresegn om søknad og konsesjonshandsaming. I sistnemnde er det opna for å stille krav til den som kan søkje eller få konsesjon. Dette omfattar blant anna høvet til å krevje prekvalifisering av konsesjonssøkjarar.

Endeleg vart det foreslått ei eiga føresegn om vilkår.

11.5.2 Høyringsinstansane sitt syn

Generelt

Fiskeri- og kystdepartementet peiker på at også avgjerder om å gi konsesjon er av så stor nasjonal betyding at myndet bør leggjast til Kongen i statsråd.

Miljøverndepartementet ber om at det blir teke inn ein tekst som slår fast at konsesjonsvedtak skal byggje på funn i gjennomførte konsekvensutgreiingar og i størst mogleg grad ta vare på omsynet til miljø og andre brukarinteresser, tilsvarande føresegnene om opning av areal.

Troms fylkeskommune meiner det må stillast krav i konsesjonane til aktivitetar på land i tilknyting til installasjonar.

Norges Fiskarlag meiner det må lovfestast eit krav om at undersjøiske installasjonar ikkje skal medføre hindringar for fiskeri.

EBL meiner konsesjonsplikt for å byggje, eige og drive anlegg kan verke avgrensande for kva slag strategiar for drift og vedlikehald som kan veljast og for framvekst av ulike operatørmodellar.

Elektroforum og Statkraft meiner føresegnene om konsesjonsplikt ikkje må innebere at konsesjonær i eigen regi må ha kompetanse til sjølv å utføre alle drifts- og vedlikehaldsoppgåver.

Konsesjonsperiode

Seatower AS meiner konsesjonstida minimum bør setjast til 40 år. Dette er grunngitt med at normal levetid for vindturbinar truleg er rundt 20 år. Ved konsesjonstid på 40 år blir det rom for planlegging med gjenbruk av støttestrukturar ved at turbinen blir erstatta med ein ny. Ved å vere sikra høve til reinstallering av turbinar, kan støttestrukturane utformast med tanke på dette. Seatower AS peiker på at dette er ønskjeleg ut i frå omsyn til både miljø og lønsemd.

Lyse Produksjon AS peiker på at det kan vere lønsamt å byggje delar av energianlegg til havs for ei betydeleg lengre levetid enn 30 år, og at lovverket må stimulere til at industrien ser verdien av slike anleggsinvesteringar ved utbyggingsfasen for ein konsesjon.

Agder Energi foreslår ei konsesjonstid på 50 år. Ved ei kortare konsesjonstid bør det givast automatisk forlenging, med mindre spesielle forhold talar i mot.

LO ber departementet vurdere ein lengre konsesjonsperiode, og peiker på at dette kan innebere større tryggleik for dei investeringane som må gjerast.

Forum for marin fornybar energi meiner den foreslåtte konsesjonstida er for kort og at hovudregelen bør vere at konsesjonar blir forlenga, om ikkje spesielle forhold skulle tilseie noko anna.

Fred. Olsen Renewables AS meiner høvet til å søkje om forlenga konsesjon bør erstattast med ein rett til å forlenge konsesjonen. Dette er grunngitt med at dei store infrastrukturkostnadene og ei venteleg teknologiutvikling gjer drift utover forventa tekniske levetid i dag interessant.

Vilkår mv.

Miljøverndepartementet meiner utkastet § 3-4 nr. 5 bør bruke nemninga «naturens mangfald» i staden for «biologisk mangfald».

Norges Naturvernforbund og WWF meiner for- og etterundersøkingar av miljøtilstanden i område der det er planlagt utbygging bør vere eit lovfesta krav for alle prosjekt.

Troms fylkeskommune meiner lovteksten må utformast slik at natur- og miljøverdiar blir tekne vare på og at dette må innebere ein positiv klimarekneskap, og at kartlegging og overvaking av miljøtilstanden med tanke på å minimere miljøkonsekvensane må vere eit vilkår for konsesjon.

LO føreset at det blir sett ei tidsgrense frå konsesjonar blir gitt til anlegget er i drift og at unytta konsesjonar bør falle bort automatisk etter ei gitt tid. Dette for å sikre at tildelte konsesjonar blir utnytta.

Riksantikvaren meiner det må presiserast at omgrepet «miljø» er eit samleomgrep for alle miljøtema. Dei viser til bruken av omgrepet i formålsføresegna.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) meiner det er naturleg at miljøforvaltninga får eit ansvar for å følgje opp naturforvaltningsdelen av konsesjonsvilkåra. Direktoratet meiner dette er rasjonelt ut i frå miljøforvaltninga sin kompetanse, og for å utnytte synergieffektar av det ansvaret andre delar av miljøforvaltninga har for marin miljøovervaking og miljøkartlegging.

Prekvalifisering - eigenskapar ved konsesjonær

Fleire energiselskap og andre høyringspartar er positive til at det blir opna for prekvalifisering av søkjarar før konsesjonsrundar eller at gjennomføringsevne blir lagt vekt på ved konsesjonstildeling. Fleire av desse høyringspartane ber om at hovudkriteria for prekvalifisering er tydelege og blir raskt kommuniserte.

EBL og Elektroforum meiner krava til prekvalifisering ikkje må utelukke mellomstore aktørar eller grupper av aktørar. EBL skriv i den samanhengen:

«EBL ser at gode prosjekter og kompetente aktører med gjennomføringsevne er spesielt viktig ved kompliserte og store operasjoner som utbygging av offshore kraftproduksjon. Vi støtter derfor at det kreves forhåndsgodkjenning eller prekvalifisering av selskap. I denne prosessen er det imidlertid viktig å sikre at dette ikke fungerer som et hinder for konkurranse ved blokkutdeling ved at for eksempel mellomstore aktører eller grupper av aktører stenges ute.»

Statkraft skriv:

«Utbygging og drift av vindkraft til havs er svært kapitalkrevende og krever høy kompetanse innen utbygging, drift og vedlikehold. Særlig viktig vil aktørenes evne til grundig og kvalifisert HMS-arbeid være. Dette krever kompetanse og ressurser i de selskaper som skal stå for utbygging og drift av anleggene. Dette taler også for at selskapene som får konsesjon bør ha økonomisk evne til å bygge og drifte anleggene.»

Fred. Olsen Renewables og NORWEA peiker på at reglane for prekvalifisering må vere tydelege og praktiserast transparent. Dei tilrår at bransjen blir involvert i utforming av kriterium.

Fred. Olsen Renewables meiner det bør vere éin prekvalifiseringsprosess som gjeld både utviklings- og driftsfasen for energiprosjekt til havs.

DONG Energy Power AS oppmodar til at kriteria blir definerte i detalj slik at dei blir klare og tydelege.

Rogaland fylkeskommune, Haugaland Vekst, Lyse Produksjon AS og OceanWind AS meiner det er viktig at det frå styresmaktene si side er fokus på å sikre eit mangfald i aktørbiletet ved områdetildelingar.

OceanWind AS meiner eit system der det ikkje blir gjennomført prekvalifisering, men der dei som søkjer konsesjon må dokumentere spesifikke krav til finansiell styrke, teknisk kompetanse og HMS i søknadene, vil vere det mest effektive. Det blir i den samanhengen vist til systemet i samband med utlysningsrunde 3 i Storbritannia.

Troms fylkeskommune meiner eit system med prekvalifisering må sikre at regionale og lokale selskap er sikra høve til å delta i konsesjonsrundane.

Detaljplan

EL & IT Forbundet er skeptisk til at lovutkastet opnar for at departementet kan fråfalle krav om detaljplan. Forbundet meiner dette opnar for lobbyverksemd og ulik handsaming.

Fiskeri- og kystdepartementet meiner det bør givast eit klart signal om at unntak frå kravet om detaljplan gjeld særlege tilfelle og at dette blir nedfelt i lovteksten.

Statkraft peiker på at det vil vere nødvendig å gjere mindre endringar og justeringar undervegs i eit prosjekt, og at detaljplanen derfor må ha ein dynamisk karakter. Selskapet meiner lovforslaget bør ha rutinar for endringar i planen og ser det som upraktisk om mindre vesentlege endringar fort­løpande må leggjast fram for departementet.

11.5.3 Departementet si vurdering

Utbygging og drift av anlegg for produksjon av fornybar energi til havs er teknisk og økonomisk krevjande, og utbygging av produksjonsanlegg må koordinerast med utbygging av infrastruktur for omforming og overføring av elektrisk energi. Departementet foreslår nærare føresegner om retten til å søkje om og få konsesjon for energianlegg til havs. Lovforslaget opnar blant anna for at det kan etablerast ei form for prekvalifisering eller for at gjennomføringsevne blir lagt vekt på ved handsaming av søknad om konsesjon.

Staten skal stå for kartlegging og opning av areal. Utbygging av nett og produksjon må koordinerast. Styresmaktene må kunne ha ei tett oppfølging av konsesjonæren for å sikre framdrift i utarbeiding av detaljplan, byggjestart og ferdigstilling av energianlegg. Departementet foreslår at det overfor konsesjonæren kan stillast tidsfristar for ulike steg i utviklinga av prosjektet, og at det kan fastsetjast sanksjonar ved avvik. Konsesjonsstyresmakta kan ved avvik trekkje konsesjonen tilbake. Konsesjonen kan i slike høve gis til annan aktør på nærare gitte vilkår.

Avgjerder om opning av areal blir tekne av Kongen i statsråd. Dei mest vesentlege arealbruksinteressene er føresett avklarte før areal blir opna. Myndet til å gje sjølve konsesjonen må difor kunne leggjast direkte til departementet, og ikkje til Kongen i statsråd slik Fiskeri- og kystdepartementet ber om.

Når det gjeld innhaldet i og omfanget av konsesjonsplikta viser departementet til at denne er samanfallande med konsesjonsplikta i energiloven slik denne er foreslått i Ot.prp. nr. 62 (2008-2009). Departementet merkar seg at blant anna EBL,Elektroforum og S tatkraft meiner omfanget av konsesjonsplikta kan komme i konflikt med ønskte drifts- og vedlikehaldsmodellar.

I Ot.prp. nr. 62 (2008-2009) heiter det:

Departementet presiserer at lovendringen ikke vil være til hinder for unntak fra hovedregelen om at den som eier et elektrisk anlegg (...), også innehar konsesjon og driver anlegget. Lovendringen innebærer ikke et generelt forbud mot å skille eierskap og drift for elektriske anlegg (...).

Departementet viser til at bruken av eksterne oppdragstakarar og konsesjonæren sitt ansvar for desse kan regulerast i forskrift etter forslaget § 3-4 første ledd nr. 9.

Konsesjon til fornybar energiproduksjon etter lova her gir konsesjonæren rett til å disponere eit nærare oppgitt areal til dette formålet. Departementet foreslår at konsesjon blir gitt for ein avgrensa tidsperiode. Kor lenge konsesjonsperioden skal vare må baserast på ei avveging mellom omsynet til føreseielege vilkår og investeringsinsentiv, og statens behov for å kunne omdisponere ut frå endringar i kunnskap og samfunnsmessige vurderingar.

I utgangspunktet vil det vere føremålstenleg at konsesjonsperioden reflekterer venta økonomisk levetid for den aktuelle installasjonen. Kva som er føremålstenleg konsesjonstid innanfor rammene av lovforslaget, må vurderast nærare, avhengig av teknologi, anlegga sin funksjon mv., og sjåast i samanheng med korleis blant anna dei økonomiske rammevilkåra for produksjons- og nettanlegg utviklar seg. Fleire høyringspartar påpeiker at levetida for delar av anlegga, som for eksempel fundament, kan planleggjast for ei vesentleg lengre levetid enn turbinlevetida. På den måten kan det installerast nye turbinar når dei første er utslitne. Desse høyringspartane meiner konsesjonsperioden ikkje må vere til hinder for ei rasjonell planlegging med utbytting av delar av anlegget.

I lovframlegget legg departementet til grunn at konsesjon for energianlegg etter lova kan givast for inntil 30 år. Det er då teke utgangspunkt i venta turbinlevetid, og tid knytt til utarbeiding og godkjenning av detaljplan, anbodsprosedyrar og byggjetid. Fordi planleggingsfasen mellom tildelt konsesjon og bygging av anlegg av fleire årsaker likevel kan bli betydeleg, finn departementet at konsesjonstida bør gjelde frå anlegget blir sett i drift. Vurdering av når drift kan seiast å vere sett i gang kan regulerast særskilt. Start av konsesjonstida har ingen betyding for tidsfristar knytt til detaljplanlegging, byggjestart osv. som kan påleggjast særskilt.

Lovframlegget opnar for fornying av konsesjonen ved utløp av konsesjonstida. Konsesjonær kan søkje om forlenga konsesjon. Konsesjonsstyresmaktene står i prinsippet fritt til å vurdere spørsmålet om forlenging, men forlenga konsesjon vil normalt bli gitt om ikkje særlege omsyn talar i mot. Dersom erfaringa med anlegget tilseier at dette har uheldige konsekvensar for allmenne omsyn eller andre næringsinteresser ut over det som låg til grunn for konsesjonsvedtaket, kan det vere aktuelt å ikkje gje forlenging.

I lovframlegget er det teke inn føresegner som regulerer konsesjonæren sine plikter i samband med nedlegging av energianlegg. Reglane om nedlegging av energianlegg skal òg ta vare på Noregs internasjonale plikter til å hindre forureining og dumping i sjø, blant anna nedfelt i OSPAR-konvensjonen art. 2 til 5.

Før bygging av energianlegg med konsesjon kan finne stad skal det som hovudregel liggje føre ein godkjent detaljplan for tiltaket. Detaljplanen skal utfylle konsesjonsvedtaket slik at desse til saman utgjer den totale ramma for utbygginga og på kva vilkår den kan gjennomførast. Kva omfang detaljplanen skal ha, vil avhenge av kor detaljert eit prosjekt er regulert i konsesjonsvedtaket. Der dei mest vesentlege delane av eit utbyggingsprosjekt går fram av konsesjonsvedtaket, kan detaljplanen til dømes berre omfatte detaljplassering av dei enkelte vindturbinane. Dersom konsesjonsvedtaket er meir ope med omsyn til prosjektutforminga, vil detaljplanen bli meir omfattande. Dersom fleire aktørar konkurrerer om eit utlyst areal i konsesjonsprosessen, kan det blir lagt opp til at den konkrete prosjektutviklinga skjer etter konsesjonsvedtaket i detaljplanen.

Departementet viser til at opninga for fritak frå detaljplan føreset at det ikkje er uavklarte forhold igjen å regulere i slik planlegging. Dette kan omfatte små pilotprosjekt der alle relevante forhold går fram av sjølve konsesjonssøknaden. For dei større anlegga som blir handsama er fritak frå detaljplan å sjå på som utelukka. Departementet ser det derfor slik at opninga for fritak frå detaljplan vil gjelde særskilde tilfelle og har presisert dette i lovteksten, slik enkelte høyringspartar ber om.

I merknadsteksten til føresegnene om konsesjon og detaljplan går det fram at vedtak skal byggje på funn i konsekvensutgreiingane og i størst mogleg grad ta vare på omsynet til miljø og andre brukarinteresser, slik Miljøverndepartementet påpeiker. Andre brukarinteresser omfattar blant anna fiskeri, skipsfart og samisk kultur.

I konsesjon og detaljplan må det kunne stillast vilkår for å unngå skade på natur og miljø og for å ta omsyn til rasjonell energiforsyning, beredskap og tryggleik, næringsinteresser, næringsutvikling og regionale høve mv. Slike vilkår kan omfatte korleis anlegga skal utformast og byggjast, og korleis dei skal drivast og disponerast. Tilsvarande vilkår gjeld i dag for løyve etter energi- og vassressurslovgivinga og etter petroleumsloven. Fordi ein i dag manglar erfaring med utbygging og drift av fornybar energiproduksjon til havs vil det i større grad kunne bli nødvendig å justere vilkår og fastsetje nye vilkår etter at konsesjon og godkjent detaljplan ligg føre. Av same grunn vil det vere aktuelt å påleggje konsesjonær ulike plikter om undersøkingar og deling av informasjon for å auke styresmaktene og allmenta sin kunnskap om utbygging og drift av slike anlegg.

I konsesjonsprosessen må det vurderast kor vidt konsesjonæren skal få einerett på å utnytte det aktuelle havarealet til fornybar energiproduksjon, eller om departementet på visse vilkår skal kunne gi konsesjon til annan part til å installere supplerande produksjon innan området. Denne problemstillinga kan for eksempel bli aktuell dersom det blir utvikla teknologi for å utnytte energien i bølgjer eller havstraumar som er eigna for installasjon i ein havmøllepark.

Infrastruktur for omforming og overføring av elektrisk energi har ei sentral rolle i eit kvart kraftsystem. I dag finst det lite infrastruktur i norske havområde. På grunn av store avstandar og høge kostnader må det påreknast at det vil vere knapt med slik infrastruktur også i framtida. Nettanlegg kan over tid utviklast til å fylle andre funksjonar enn opphavleg planlagt. Det er viktig at infrastrukturen blir bygd ut, koordinert og driven så rasjonelt som mogleg.

Lovframlegget gir heimel til å kunne fastsetje vilkår om tilrettelegging for eller tilkopling til andre anlegg eller system innan verkeområdet for lova. Det kan for eksempel innebere tilknyting til kraftsystemet på land, eller tilknyting til nettanlegg/kraftsystem i eit anna land. Høvet til å kunne gi slike vilkår er nødvendig for å kunne sikre at ei trinnvis utbygging av nettanlegg i havet på lengre sikt kan utviklast til eit større infrastruktursystem for overføring av elektrisk energi til havs, slik at det blir lagt til rette for auka fornybar energiproduksjon og ein rasjonell innførsel og utførsel av elektrisk energi til og frå andre land. På same måten må styresmaktene kunne påleggje konsesjonæren vilkår om tilknyting av nye anlegg for produksjon av elektrisk energi og for uttak av elektrisk energi når dette er rasjonelt for samfunnet.

Departementet merkar seg at ny naturmangfoldlov, Ot.prp. nr. 52 (2008-2009), nyttar nemninga naturens mangfald i staden for biologisk mangfald og finn at tilsvarande omgrep bør nyttast i lovforslaget, slik Miljøverndepartementet påpeiker.

Det er teke inn ei presisering i merknadene om at omgrepet «miljø» i vilkårsføresegna er eit samleomgrep for alle miljøtema, jf. omtala av formålsføresegna og Riksantikvarens høyringsuttale.

Miljøforvaltninga har ansvar for oppfølging av naturforvaltningsdelen av vilkåra for konsesjonssaker etter vassdragslovgivinga, og har erfaring med marin miljøovervaking og med arbeidet med forvaltningsplanar for havområda. Plassering av forvaltningsansvaret for dei respektive vilkårspostane etter denne lova avvente den konkrete handsaminga av dei første konsesjonssakene til havs.

Lovframlegget inneheld òg heimel for staten til å kunne ekspropriere nettanlegg i løpet av eller ved utgangen av konsesjonsperioden.

Departementet merkar seg at det ikkje har komme vesentlege innvendingar mot forslaget om å opne for prekvalifisering av aktørar som kan søkje om konsesjon, eller at gjennomføringsevne blir lagt vekt på i konsesjonsrunden. Departementet merkar seg at fleire høyringspartar ber om at det ikkje blir lagt hinder for eit mangfald i aktørbiletet, både når det gjeld storleik og stadleg tilhøyring, for havbasert energiproduksjon. På bakgrunn av høyringa finn departementet ikkje grunnlag for endringar i lovutkastet, men vil komme tilbake til eventuelle spesifiserte krav til den som søkjer konsesjon i god tid før opning av areal. Regionale verknader av energiproduksjon til havs skal utgreiast som ledd i konsekvensutgreiingar i samband med opning av areal. Ved opning av areal kan det vidare gå fram korleis omsynet til regionale verknader vil bli vurdert ved handsaming av konsesjonssøknader.

11.6 Konsekvensutgreiingar

11.6.1 Høyringsutkastet

I høyringsutkastet vart det foreslått føresegner om konsekvensutgreiingar. Konsekvensutgreiingane skal sikre at omsynet til miljø og samfunn blir teke i betraktning under førebuinga av opning av areal og ved handsaming av søknader om energianlegg. Vidare skal reglane sikre at utgreiingstema inngår i vurderinga av og på kva vilkår areal kan opnast eller bygging av energianlegg kan tillatast. Konsekvensutgreiingane skal vere ein del av ein open og offentleg prosess der blant anna utgreiingsprogrammet blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

11.6.2 Høyringsinstansane sitt syn

Riksantikvaren meiner det bør gå klart fram av lovteksten at konsekvensutgreiingar skal utarbeidast på grunnlag av fastsett utgreiingsprogram.

ZERO påpeiker betydinga av konsekvensutgreiingar. Organisasjonen uttaler i den samanhengen:

«I debatten rundt utbygging av vindkraft har det ofte vært påstått at utbygging av vindkraft til havs vil være betydelig mer problemfritt enn dagens utbygginger på land. Dette er en påstand som må bekreftes eller avkreftes ved at det gjennomføres omfattende konsekvensutredninger i forbindelse med de første fornybare energianleggene som bygges til havs. Etter hvert som man får mer erfaring med utbygging tilhavs vil det være naturlig å konsentrere konsekvensutredningene mot de feltene hvor man forventer konsekvenser. Dette blir nokså likt dagens system hvor for eksempel enkelte vindparker er nødt til å komme med konsekvensutredninger for reindrift eller ising på turbinene i tillegg til den ordinære konsekvensutredningen.»

Møre og Romsdal fylke meiner føresegna om konsekvensutgreiingar i lovforslaget bør baserast på og gjere gjeldande føresegnene om konsekvensutgreiingar i plan- og bygningsloven. Dei viser i den samanhengen til at nytt kapittel 14 om konsekvensutgreiingar i plan- og bygningsloven kan gjerast gjeldande til havs og at prosedyrane som følgjer av plan- og bygningsloven og tilhøyrande forskrifter er godt eigna for konsekvensutgreiingar av energianlegg til havs. Vidare meiner fylket at det bør klargjerast korleis kumulative verknader av energiproduksjon til havs skal handterast i konsekvensutgreiingane.

11.6.3 Departementet si vurdering

Lovframlegget inneheld føresegner om konsekvensutgreiingar. Konsekvensutgreiingane skal sikre at omsynet til miljø og samfunn blir teke i betraktning når ein førebur opning av areal og ved handsaming av søknader om energianlegg. Reglane skal sikre at utgreiingstema inngår i vurderinga av og på kva vilkår areal kan opnast eller bygging av energianlegg kan tillatast. Konsekvensutgreiingane skal vere ein del av ein open og offentleg prosess der blant anna utgreiingsprogrammet blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

Føresegnene i lovframlegget om konsekvensutgreiingar skal, innanfor verkeområdet av EØS-avtala, ta vare på Noregs plikter etter rådsdirektiv 2001/42/EØF om vurderingar av verknader av bestemte planar og program og rådsdirektiv 85/337/EØF jf. 97/11/EF om vurderingar av miljøverknader av visse offentlege og private prosjekt.

OSPAR sine retningslinjer for vurdering av miljøverknader av vindkraft til havs inneber ei konkretisering av bl.a. ovannemnde direktiv. Retningslinjene gir nærare rettleiing om vurderingar som skal gjerast og omsyn som skal leggjast til grunn med utgangspunkt i fem hovudfasar i livsløpet til ein vindpark til havs: lokalisering, konsesjon, overvaking, utbygging og drift og fjerning/nedlegging.

Hovudgrunngivinga for å utforme eigne føresegner om konsekvensutgreiingar er behovet for å sjå utgreiingane på dei ulike planleggings- og søknadsstadia i samanheng. Departementet viser elles til at både forslaget og plan- og bygningsloven kapittel 14 føreset å ta vare på Noregs plikter etter dei to direktiva om konsekvensutgreiingar. Dei materielle krava til utgreiingar er føresett å vere dei same etter dei to lovverka.

Føresegnene i lovframlegget om konsekvensutgreiingar er tilpassa den tredelte prosessen framlegget legg opp til gjennom opning, konsesjonssøknad og detaljplan for fornybar energiproduksjon. Den konkrete gjennomføringa av KU-prosessen for dei tre stadia må tilpassast over tid. Omfanget av konsekvensutgreiingar ved opning av areal vil til dømes ha betyding for kor omfattande konsekvensutgreiingar som må gjennomførast på prosjektstadiet. Vidare vil det ved opning av areal kunne ventast meir enn éin søkjar på same arealet. KU-regelverket må derfor kunne tilpassast for å unngå at fleire søkjarar må utføre dei same konsekvensutgreiingar. Omfang og innretning på konsekvensutgreiingar på prosjektstadiet må òg tilpassast dei rammene som blir lagt for utlyst areal med tanke på storleiken på areala, eventuelle spesifikasjonar på arealutnytting, teknologiske løysingar, installert effekt mv. Danmark og Storbritannia, som har mest omfattande erfaring med vindkraft til havs i Europa, har valt svært ulike tilnærmingar i denne samanhengen. Kva slag tilnærming som er mest føremålstenleg i Noreg må vurderast nærare som ledd i ein kartleggings- og konsesjonsprosess. Konsekvensutgreiingane må tilpassast rammene som blir lagt for kvart stadium i den tredelte prosessen. Informasjonsgrunnlaget må tilpassast dei vedtaka som skal fattast på dei ulike stadia.

Nettanlegg vil vere mindre arealkrevjande enn produksjonsanlegg. Nettanlegg er derfor ikkje omfatta av reglane om opning av areal. Søkjer om konsesjon på nettanlegg må syte for å utarbeide melding med utgreiingsprogram for godkjenning, og gjennomføre dei pålagde utgreiingane slik at desse kan leggjast ved søknaden. Nettanlegg som er ein integrert del av produksjonsanlegget, til dømes det interne kabelnettet i ein vindkraftpark, følgjer handsaminga av produksjonsanlegget.

Konsekvensutgreiingar kan komme inn på fleire stadium i planlegging av energiproduksjon til havs. For det første må det gjennomførast konsekvensutgreiingar som ledd i styresmaktene sitt arbeid med opning av areal. Omfanget av desse utgreiingane vil ha betyding for kva slag utgreiingar som skal gjennomførast på søknadsstadiet.

Dersom det blir gitt unntak frå opning av areal, jf. kap. 11.4 ovanfor, må eventuelle konsekvensutgreiingar gjennomførast som ledd i konsesjonssøknaden. I dag etablerer forskrifta for konsekvensutgreiingar ei nedre grense for kva slag vindkraftverk som må konsekvensutgreiast. Tilsvarande føresegner kan tenkjast innført ved forskrift for produksjonsanlegg til havs. Dette vil truleg berre vere aktuelt for mellombelse pilot- og demonstrasjonsanlegg.

11.7 Tryggleik og beredskap

11.7.1 Høyringsutkastet

I høyringsutkastet ble det foreslått føresegner som gir heimel til å gi forskrifter og fastsetje krav for tekniske konstruksjonar, arbeidstilhøve, kvalifikasjonar mv.

11.7.2 Høyringsinstansane sitt syn

Arbeids- og inkluderingsdepartementet viser til at det stadlege verkeområdet i sjø for arbeidsmiljøloven er avgrensa utover til Noregs territorialfarvatn og at lova derfor ikkje kan gjerast gjeldande for energiproduksjon til havs utanfor territorialfarvatnet. Arbeids- og inkluderingsdepartementet meiner dette kan løysast ved at det blir innarbeidd ei føresegn i arbeidsmiljøloven som gjer denne gjeldande for fornybar energiproduksjon til havs, tilsvarande det som i dag gjeld for petroleumsverksemda, jf. arbeidsmiljøloven § 1-3.

Fiskeri- og kystdepartementet og Kystverket påpeiker at omgrepet tryggleikssoner materielt sett bør omfatte det same som i petroleumsverksemda. Merking av innretningar bør vere i samsvar med Kystverkets føresegner og avklaring av omgrepet tryggleikssone og krav til merking av innretningar bør skje i forskrift.

EL & IT Forbundet meiner fleire forhold knytt til tryggleik og beredskap må avklarast direkte i lovteksten.

StatoilHydro, OLF, NORWEA og EBL peiker på at fråveret av hydrokarbonar tilseier at dei tryggleikskrava som gjeld for petroleumsnæringa ikkje utan vidare bør leggjast til grunn. Tryggleikskrava må tilpassast dei farane næringa reelt sett representerer.

OLF meiner det bør leggjast vinn på å samordne krava mellom Noreg og andre land rundt Nordsjøbassenget der havenergianlegg allereie er tekne i bruk. Det blir peika på at standardiserte løysingar er kostnadseffektive.

11.7.3 Departementet si vurdering

Samanlikna med energiproduksjon på land medfører etablering av energiproduksjon til havs nye utfordringar knytt til tryggleik. Det marine klimaet stiller særskilde krav til tekniske installasjonar og til tryggleiken for personell ved installasjon, drift og fjerning av anlegga.

Fornybar energiproduksjon til havs kan krevje store areal med oppsett av eit stort tal innretningar. Alle anlegg i havet inneber ein viss risiko for kollisjonar med skipstrafikk. Departementet foreslår derfor at det kan utarbeidast føresegner om tryggleikssoner og aktivitetsavgrensingar rundt anlegga. Vidare kan det utarbeidast føresegner om merking av installasjonar slik at desse blir gjort synlege for skipstrafikk og lufttrafikk.

Reglar om tryggleik og annan HMS bør tilpassast den risiko dei enkelte tiltaka og anlegga inneber, slik òg fleire høyringspartar påpeiker. Det nærare arbeidet med tryggleiksføresegner mv. vil bli gjennomført etter at lova er lagt fram.

I andre land der det er etablert vindkraftparkar til havs er det fastsett særskilde tryggleiksregime rundt anlegga. Det er likevel ikkje nødvendigvis innført generelt forbod mot ferdsel i anlegga. Trafikk med mindre fartøy og fiske med visse reiskapstypar kan tenkjast ved ein havbasert vindpark. Det konkrete tryggleiksregimet må vurderast i det enkelte tilfellet, basert på tekniske vurderingar og tilhøva i området.

11.8 Skadebot til fiskarar i Noreg

11.8.1 Høyringsutkastet

I høyringsutkastet ble det foreslått føresegner som legg til rette for at omsynet til fiske blir teke vare på ved planlegging, utbygging, drift og nedlegging av anlegg for fornybar energiproduksjon.

11.8.2 Høyringsinstansane sitt syn

Fleire energiselskap peiker på at fornybar energiproduksjon til havs vil krevje betydelege subsidiar for å kunne realiserast. Innføring av skadebotsordningar vil kunne innebere at støttebehovet aukar. Enkelte av høyringspartane meiner på denne bakgrunn at skadebotsordningane ikkje er føremålstenlege.

Fiskeriorganisasjonane som har uttalt seg til utkastet er positive til ei skadebotsordning, og set dette som ein føresetnad for utbygging av energiproduksjon til havs.

Fiskeri- og kystdepartementet, Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag og Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening meiner skadebotsordninga må vere sekundær og ikkje nyttast som eit middel for å gjennomføre utbygging i område som gjeld fiskerinæringa.

Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag og Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening meiner fiskeriinteressene generelt må ha fortrinnsrett på arealbruk.

Norges Fiskarlag, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening og Sogn- og Fjordane Fiskarlag meiner skadebotsordninga ikkje må avgrensast i tid.

Justis- og politidepartementet viser til at høyringsutkastet § 7-3 tredje ledd, der det heiter at gjenstandar brakt i land må visast fram for politiet eller anna offentleg styresmakt, ikkje speglar praksis i dag i petroleumssamanheng. Ein viser til at praksis er at aktuelle funn blir melde til den marine vaktsentralen til StatoilHydro, Fiskeridirektoratets (FDI) sporingsavdeling eller til Kystvakta. Det blir vidare vist til at FDI om kort tid vil etablere eit døgnbemanna senter for overvaking av fiske (FMC – Fishing Monitoring Center). Justis- og politidepartementet peiker på at FDI er rette instans for å ta i mot søknader om skadebot og at omsynet til ei effektiv sakshandsaming talar for at denne òg bør vere mottakar av melding om funn. Det blir bedt om at føresegna blir justert mot etablert praksis.

Statnett meiner reglane om skadebot til fiskarar må supplerast med reglar om skadebot dersom fiske innanfor ein vindpark eller ein kabeltrasé medfører skade på anlegga.

11.8.3 Departementet si vurdering

Departementet foreslår fleire føresegner som legg til rette for at omsynet til fiske blir teke vare på ved planlegging, utbygging, drift og nedlegging av anlegg for fornybar energiproduksjon.

I kor stor grad slik verksemd vil påverke utøving av fiske vil mellom anna avhenge av kva areal som blir opna for konsesjonshandsaming. Lovforslaget føreset at eventuelle konsekvensar for fiske blir vurderte før areal blir opna for konsesjonshandsaming. I konsesjonshandsaminga kan det ved behov gjerast ytterlegare vurderingar. I konsesjon og detaljplan kan det setjast vilkår om utforming av anlegget og avbøtande tiltak for å redusere verknader for utøving av fiske. Det er likevel rimeleg å leggje til grunn at etablering av fornybar energiproduksjon på ulike måtar kan påverke fiske negativt.

For petroleumsverksemd er det etablert ordning med skadebot for økonomisk tap som verksemda kan påføre norske fiskarar. Petroleumsverksemda kan legge beslag på fiskefelt og medføre forureining og avfall. Petroleumsinnretning eller tiltak i samband med plassering av innretning kan medføre skade. Skadebot for arealbeslag blir ytt av staten. Skadebot for anna økonomisk tap blir ytt av rettshavar, jf. petroleumsloven kapittel 8.

Departementet foreslår at tilsvarande ordning blir etablert for verksemd som blir omfatta av denne lova. Sjølv om petroleumsinnretningar og anlegg for fornybar energi truleg vil ha ulik innverknad på fiske, er det prinsipielt sett dei same momenta som gjer seg gjeldande. Lovframlegget har derfor føresegner som svarar til føresegnene i petroleumsloven. Økonomisk tap som følgje av petroleumsverksemd og fornybar energiproduksjon skal bli handsama etter same prinsipp og etter same administrative rutinar.

Det er lagt til grunn at skadebot ikkje skal overskride dei reelle økonomiske tapa fiskarane har som følgje av verksemda. I vurderinga av det faktiske tapet vil ein nytte dei alminnelege reglane om plikt til å dokumentere tapet og til å avgrense det økonomiske tapet.

Departementet finn ikkje behov for supplerande reglar om skadebot ved skade på anlegg som følgje av fiskeriaktivitet innanfor ein vindpark eller ein kabeltrasé, slik Statnett ber om. Departementet viser til at ansvar kan følgje av alminnelege reglar om skadebot.

Føresegna om ansvar for forureining og avfall er skriven om i lys av Justis- og politidepartementets merknad. Rette styresmakt for mottak av varsel om hending vil bli utpeika seinare.

Kapitlet om skadebot til fiskarar i Noreg er flytta til kapittel 9 i departementet sitt framlegg til lov.

11.9 Systemansvar og utførsel og innførsel av elektrisk energi

11.9.1 Høyringsutkastet

Høyringsutkastet foreslo ei føresegn om at departementet kan utpeike systemansvarleg innan verkeområdet for lova. Departementet foreslo vidare ei eiga føresegn om konsesjonsplikt for utførsel og innførsel av elektrisk energi.

11.9.2 Høyringsinstansane sitt syn

Statnett og ZERO peiker på det sterke koordineringsbehovet mellom eit systemansvar til havs og eit systemansvar på land.

Statnett meiner det vil vere fordelaktig med ein felles systemansvarleg for dei to områda. Selskapet meiner vidare at situasjonen til havs ikkje er tilstrekkeleg moden til å utarbeide ytterlegare føresegner utover det lovframlegget stiller opp.

Statnett og Advokatforeningen peiker på at omgrepet «lovens virkeområde» i høyringsutkastet §§ 8-1 og 9-1 synest noko uklart og bør få ei tilføying som viser at det er det stadlege verkeområdet føresegna viser til.

ZERO meiner det er fleire gode grunner til å la Statnett ha systemansvaret til havs.

EL & IT Forbundet og LO meiner Olje- og energidepartementet må slå fast at Statnett skal vere systemansvarleg innan verkeområdet for lova.

EBL viser til at storstilt utbygging av fornybar energiproduksjon vil vere avhengig av krafteksport og meiner konsesjon for eksport av kraft bør kunne tildelast saman med konsesjon for produksjonsanlegg.

11.9.3 Departementet si vurdering

Det er nødvendig å ha føresegner om forsyningstryggleik og forsvarleg drift av kraftsystemet. Særlig gjeld dette når kraftproduksjon til havs er knytt til kraftsystemet på land.

Korleis eit systemansvar bør utøvast, vil avhenge av korleis utbygging av fornybar energi til havs skjer. Det er foreslått at departementet kan gi nærare føresegner om dette. Systemansvarleg skal ta vare på forsyningstryggleiken i kraftsystemet. For å fylle denne rolla må systemansvarleg, på same måten som etter energiloven, ha fullmakter til å kunne gi pålegg til alle som inngår i det aktuelle kraftsystemet, under dette ikkje fornybar energiproduksjon, forbruk mv. der det er aktuelt. Føresegna om systemansvar kan få verknad for andre enn produsentar av fornybar energi og netteigarar innan verkeområdet for lova.

Departementet har i lovutkastet presisert at systemansvaret kan utøves innan lova sitt stadlege verkeområde, slik det er peika på av Statnett og Regjeringsadvokaten. Departementet synar elles til merknadene til § 7-1.

Kraftutveksling er einaste form for kraftomsetjing som regulerast av lova. Det slås fast i lova § 8-1 at utførsel og innførsel av elektrisk kraft i overføringsanlegg innan lovens stadlege verkeområde krev konsesjon.

11.10 Arealavgift

11.10.1 Høyringsutkastet

Departementet foreslo i høyringsutkastet ein generell heimel til å påleggje avgift for disponering av areal til fornybar energiproduksjon til havs.

11.10.2 Høyringsinstansane sitt syn

Fleire energiselskap og EBL peiker på at fornybar energiproduksjon til havs vil krevje betydelege subsidiar for å kunne realiserast og at innføring av arealavgift vil kunne innebere at støttebehovet aukar. Desse høyringspartane meiner arealavgift derfor synest unødvendig og lite eigna for fornybar energiproduksjon til havs.

Forum for marin fornybar energiproduksjon skriv:

«Lovforslaget presenterer ulike gebyrer og kompensasjoner. I og med at offshore kraftproduksjon er av avhengig av tilskudd for å kunne bli realisert virker ikke dette som fornuftige eller nødvendige tiltak.»

LO meiner det i utgangspunktet bør lovfestast eit pålegg om arealavgift, men at det bør kunne tilståast rabatt eller mellombels fritak for avgifter og at arealavgift bør kunne nyttast som støtte til utvikling av fornybar kraft saman med direkte støtteordningar.

OLF peiker på at arealavgift i ein innleiande fase der økonomien for havenergianlegg venteleg vil vere svak, kan verke mot hensikta.

EL & IT Forbundet meiner lova må slå fast at konsesjonær skal betale arealavgift.

Troms fylkeskommune støttar forslaget om arealavgift, men meiner avgifta må tilfalle dei områda der krafta blir produsert. Det blir i den samanhengen vist til distriktskommisjonens tilrådingar med omsyn til kraft, fiskeri og havbruk. Fylkeskommunen meiner det med omsyn til kven avgifta skal tilfalle, kan skiljast mellom utbyggingar nær og fjernt frå land og at skipsleiene kan danne ei slik grense.

Nordland fylkeskommune ber departementet vurdere om kommunar og fylkeskommunar bør få del av arealavgifta. Fylket meiner dette òg må sjåast i samanheng med gjennomgangen av reglane for skattlegging av eigedom i sjø.

Rogaland fylkeskommune meiner arealavgifta innanfor territorialgrensa må fordelast slik at både det regionale og kommunale nivået har insentiv for å byggje ut energiproduksjon til havs.

Haugaland Vekst meiner arealavgifta innanfor territorialgrensa bør tilfalle den kommunen som eig arealet. Dette for å styrkje distriktskommunane og medverke til ei meir positiv haldning til energiproduksjon til havs blant kommunane langs kysten.

NVE meiner arealavgifta òg bør kunne nyttast til å dekkje utgifter i samband med styresmaktene sitt arbeid med beredskap og meiner vidare at ei eventuell forskrift om arealavgift må gi ein fordelingsnøkkel som sikrar dette.

Regjeringsadvokaten meiner det bør presiserast i lovteksten at arealavgift kan påleggjast når det blir gitt konsesjon eller seinare, slik merknadene i høyringsutkastet til føresegna seier.

Sametinget meiner det må takast inn ei føresegn om at det etter konsultasjonar med Sametinget kan fastsetjast forskrift om del av økonomisk utbytte av verksemd for berørte samar.

Sør-Trøndelag fylkeskommune meiner konsesjonskraftregimet som gjeld for vasskraft òg bør gjelde energiproduksjon til havs.

11.10.3 Departementet si vurdering

Fornybar energiproduksjon er arealkrevjande. Mangel på eigna landareal er ei viktig årsak til at det internasjonalt blir etablert vindkraft til havs. På sikt kan det òg blir knapt om eigna havareal.

Etablering av fornybar energiproduksjon til havs er i dag ikkje lønsamt utan betydeleg økonomisk støtte. Dette kan endre seg i framtida. Utbygging av fornybar energi til havs kan på sikt medverke til elektrisitetsforsyninga innalands. Noreg kan òg stille havareal til disposisjon for energiproduksjon som utelukkande eller i hovudsak produserer elektrisk energi for eksport til andre land.

Ein havmøllepark vil venteleg kunne få betydeleg utstrekning, til dømes 50-200 kvadratkilometer. Slike anlegg vil påverke annan bruk av arealet, jf. omtale ovanfor om tryggleikssoner og skadebot til fiskarar. Ei arealavgift kan sjåast på som leige for bruk av areal.

Ei arealavgift kan bidra til framdrift i planlegging og utbygging. Petroleumsverksemda har i dag ei slik arealavgift. Ei arealavgift kan òg medverke til at areal blir effektivt utnytta. Forholdet mellom arealbeslag og energiproduksjon i ein havmøllepark vil blant anna avhenge av storleik og verknadsgrad på turbinane, innbyrdes avstand mellom turbinane, utforming av fundamentering/forankring og eventuelle innretningar for utnytting av bølgjeenergi eller havstraumar i parken.

Departementet merkar seg innspelet frå ei rekkje høyringspartar om at havbasert fornybar energiproduksjon vil vere avhengig av støtte i lang tid framover og at ei eventuell arealavgift vil auke dette støttebehovet. Departementet er samd i dette synspunktet og legg til grunn at arealavgift ikkje er aktuelt i ein innleiande fase i utvikling og etablering av vindkraft til havs i Noreg. Departementet finn det likevel rett å ta inn heimel for å kunne innføre arealavgift seinare.

Fleire høyringspartar meiner arealavgifta må øyremerkjast særskilde interesser. Departementet finn at arealavgift må sjåast i samanheng med prinsippet om at staten er rettshavar til utnytting av fornybare energiressursar til havs og at avgifta har karakter av ei leige av areal for dette formålet. Inntekta frå arealavgift bør derfor følgje rettane og gå inn i statsbudsjettet på vanleg måte.

Det er teke inn ei presisering i lovteksten om at arealavgift kan påleggjast ved tildeling av konsesjon eller seinare.

Når det gjeld Sør-Trøndelag fylkeskommune sitt syn om at det bør gjelde eit konsesjonskraftregime for energiproduksjon til havs viser departementet til at dei omsyna som ligg bak konsesjonskraftregimet for vasskraft i lita grad blir gjort gjeldande for energiproduksjon til havs. Generelle regionale verknader av energiproduksjon til havs skal utgreiast som ledd i opning av areal.

Når det gjeld dekning av utgifter til tilsyn og beredskapsarbeid, slik NVE peiker på, viser departementet til at utkastet § 10-1 gir heimel for å krevje handsamingsgebyr.

11.11 Andre forhold

11.11.1 Høyringsutkastet

I høyringsnotatet foreslo departementet føresegner om handsamingsgebyr, garanti, opplysningsplikt, kontroll, tvangsmulkt, tilbaketrekking av konsesjon, omgjering av vilkår, straff og lovbrotsgebyr.

11.11.2 Høyringsinstansane sitt syn

Forskingsrådet er positivt til at lovforslaget har reglar om opplysningsplikt. Det meiner det bør leggjast til rette for at informasjon kan tilflyte aktørar som driv FoU og forretningsutvikling innan vindkraft til havs.

Justis- og politidepartementet finn det tvilsamt om det er behov for ein eigen straffetrussel i tillegg til dei administrative høva til sanksjonar og ber Olje- og energidepartementet vurdere dette nærare. Dersom ein held fast ved straffeføresegna må skuldkravet endrast til grovt aktlaust brot og det må presiserast nærare kva føresegner som er omfatta av straffetrusselen.

DN ber departementet sikre at det er tilstrekkeleg heimel i føresegna om garanti, jf. utkastet § 10-3, til å krevje at det blir sett av midlar til nedlegging av anlegg.

11.11.3 Departementet si vurdering

Når det gjeld garanti for plikter knytt til nedlegging av anlegg, slik DN peiker på, viser departementet til at dette kan påleggjast med heimel i utkastet § 10-3 og at dette er presisert i merknadene til føresegna.

Når det gjeld behovet for eigen straffetrussel, jf. Justis- og politidepartementets høyringsuttale, viser departementet til Ot.prp. nr. 90 (2003-2004) Om lov om straff (straffeloven) kapittel 7 der det heiter at kriminalisering av ei handling bør vere av subsidiær karakter, og berre nyttast der andre sanksjonar mot lovbrot ikkje finst eller openbart ikkje vil vere tilstrekkelege. Brot på offentlegrettsleg reguleringslovgiving bør i følgje proposisjonen berre kriminaliserast dersom tilstrekkeleg etterleving av regelen ikkje blir oppnådd ved andre sanksjonar. Etter departementet sitt syn vil føresegnene i lovforslaget om tvangsmulkt og lovbrotsgebyr vere tilstrekkelege til å oppnå etterleving av lovforslaget. Departementet foreslår derfor at utkastet til straffeføresegn i høyringsutkastet går ut.

Elles blir det vist til merknader til dei enkelte føresegnene nedanfor.

12 Forholdet til anna lovverk

Framlegget til reglar om opning av areal legg til rette for ei tidleg avklaring av mange av dei omsyna som skal takast vare på etter ulike lovverk, og som det blir ei oversikt over i dette punktet. Ved konsesjonshandsaminga etter lovframlegget vil det i størst mogleg grad bli lagt opp til ei koordinert og samtidig handsaming av dei enkelte utbyggingstiltaka etter anna lovverk. Det kan vere behov for å sjå nærare på føresegner om samordna hand­saming av søknader etter havenergilova og anna lovverk.

Arbeidsmiljøloven

Det generelle verkeområdet til arbeidsmiljøloven er avgrensa utover i hav til territorialgrensa. For petroleumsverksemda er det gitt ein spesialregel i arbeidsmiljøloven § 1-3 som utvidar det stadlege verkeområdet til den norske delen av kontinentalsokkelen. Ytterlegare utviding av verkeområdet kan følgje av avtale med framand stat, folkerett eller forskrift. Omsynet til arbeidsmiljøloven sitt verkeområde vil bli vurdert i det etterfølgjande arbeid med tryggleik og beredskap knytt til energiproduksjon til havs, jf. 11.7.3 ovanfor.

Energiloven

Verkeområdet for energiloven i hav går ut til grunnlinjene, mens utkastet til havenergilov i utgangspunktet er forslått å gjelde frå grunnlinjene og utover. Lovene vil derfor i utgangspunktet ikkje ha overlappande stadleg verkeområde. Nettanlegg og produksjonsanlegg som kryssar grunnlinjene blir omfatta av begge lovverk. Departementet foreslår ei føresegn som opnar for å gjere delar av havenergiloven gjeldande i dei indre farvatna og ei føresegn i energilova som opnar for å avgrense bruken av enkelte føresegner den lova for tiltak som er omfatta av havenergilova. I første rekkje er det aktuelt å gjere dette gjeldande for føresegnene om opning av areal, slik at ei heilskapleg planlegging med sikte på utbygging av fornybar energiproduksjon kan ta for seg alle område i havet. Vidare kan det vere aktuelt å ta harmoniseringsføresegnene i bruk for tiltak som kryssar grunnlinjene. Departementet vil vurdere ytterlegare harmoniseringar dei to lovverka imellom ved eit seinare høve.

Petroleumsloven

Den energiproduksjonen som skjer som ledd i petroleumsverksemd vil bli omfatta av petroleumsloven, jf. § 1-4. I den grad fornybar energiproduksjon til havs blir etablert som ledd i petroleumsverksemd, vil denne i utgangspunktet bli omfatta av både petroleumsloven og lovframlegget. Det kan dessutan tenkjast tilfelle der fornybar energiproduksjon både er kopla til petroleumsinstallasjonar og det alminnelege kraftnettet. Petroleumsloven har ei føresegn i § 1-4 sjette ledd siste punktum som gir Kongen mynde til i tvilstilfelle å avgjere om ei innretning eller verksemd er omfatta av lova. I framlegget § 1-2 sjette ledd er foreslått ei føresegn om at departementet kan vedta at lova ikkje skal komme til bruk på innretningar eller verksemder som elles fell under verkeområdet til lova. Noko av bakgrunnen for denne føresegna er å leggje til rette for ei føremålstenleg avgrensing mellom lovframlegget og petroleumsloven, og å kunne gi unntak frå verkeområdet til lovframlegget for dei innretningane og verksemdene som i dag er handsama etter petroleumsloven. Den nærare grensedraginga mellom dei to lovverka vil måtte utviklast gjennom forvaltningspraksis i lys av den tekniske utviklinga på området.

Plan- og bygningsloven

Plan- og bygningsloven gjeld pr. i dag til grunnlinjene. Ny plandel til plan- og bygningsloven er vedteken, og er planlagt å trå i kraft 1. juli 2009. I ny planlov er verkeområdet utvida til ei nautisk mil utanfor grunnlinjene. Utvidinga er blant anna gjort for å få same verkeområde i lova som i føresetnadene til EUs rammedirektiv for vatn og norsk gjennom­føring av dette. Forskrifta om oppfølging av vassdirektivet er blant anna heimla i plan- og bygningsloven. Den nye plandelen av lova opnar i § 1-2 tredje ledd for at Kongen etter nærare føresegner kan gjere kapittel 14 om konsekvensutgreiingar gjeldande lengre ut enn det alminnelege verkeområdet for lova. Når dette eventuelt trer i kraft blir § 2-1 andre ledd i energiloven endra slik at kapittel 14 blir gjort gjeldande for tiltak etter energiloven.

Frå grunnlinjene og éi nautisk mil utover vil det vere overlapp mellom plan- og bygningsloven kapittel 14 og utkastet kapittel 3 om konsekvensutgreiingar. Eventuell avgrensing mot verkeområdet i utkastet kan gjerast ved fastsetjing av forskrift om konsekvensutgreiingar etter plan- og bygnings­loven § 14-6.

Miljøverndepartementet sendte utkast til ny konsekvensutgreiingsforskrift på høyring i april 2009. I utkastet vert det foreslått å avgrense verkeområde mot tiltak og planar som handsamast etter anna lovverk med eigne reglar om konsekvensutgreiingar, jf. utkastet § 1 femte ledd.

Forurensningsloven

Det må vurderast konkret i det enkelte tilfelle om energianlegg som er omfatta av lovframlegget medfører forureining i driftsfasen som krev eige løyve etter forurensningsloven. Forurensnings­loven definerer blant anna støy og risting som forureining, jf § 6. Vindturbinar kan innebere noko støy. Det er likevel ikkje grunnlag for å tru at denne støyforureininga kan ha verknad ut over lokale effektar.

Bygging av energianlegg kan medføre fare for forureining og då er det krav om løyve etter forurensningsloven kapittel 3. Dette gjeld tilsvarande for landbaserte tiltak i dag. Etterlating av avfall og andre gjenstandar vil bli omfatta av føresegnene om avfall i forurensningsloven. Lovframlegget har reglar om nedlegging av energianlegg og reglar om skadebot til fiskarar for tap som følgje av forureining og avfall.

Dersom det blir fatta vedtak etter lovframlegget § 1-2 åttande ledd om å gi lova effekt på ikkje-fornybar energiproduksjon som inneber CO2 -utslepp, vil føresegnene i forurensningsloven om forbod mot forureining (§ 7) og krav om utsleppsløyve (§ 11) gjelde. Ei eventuell handsaming av slike anlegg føreset avklaring etter begge lovverk.

Naturvernloven

For tiltak som er omfatta av lovframlegget innanfor territorialgrensa vil reglane i naturvernloven om vern av enkeltområde og arter gjelde. Både område og arter kan vernast mot påverknader frå alle sektorar. I praksis regulerer verneforskrifta kva tiltak/bruk som er forbode og kva tiltak/bruk som krev løyve etter søknad frå forvaltningsstyresmakta, og den viser til dels kva tiltak/bruk vernet ikkje er til hinder for. I tillegg har alle forskriftene ei generell dispensasjonsføresegn.

Når ny naturmangfoldlov, jf. Ot.prp. nr. 52 (2008-2009), trer i kraft, vil dette ha betyding på fleire område for bruken av havenergilova. Mellom anna vil føresegnene i naturmangfoldloven om formål, forvaltningsmål og prinsipp for berekraftig bruk gjelde både innanfor og utanfor territorialgrensa. Desse føresegnene vil supplere havenergilova ved dei vurderingane og avgjerdene som blir fatta etter denne.

Viltloven

Tiltak omfatta av lovframlegget vil kunne gjelde arter som er omfatta av viltloven. Dette gjeld særleg sjøfugl. Viltloven har som generelt formål at viltet og dei leveområda det har skal forvaltast «slik at naturens produktivitet og artsrikdom bevares» (§ 1 første ledd). Vidare stiller lova opp ei generell aktsemdsplikt for ei kvar verksemd til å ta omsyn til viltet og egg, reir og bu, slik at det ikkje blir påført unødig liding og skade (§ 3 andre ledd).

Lakse- og innlandsfiskloven

Tiltak omfatta av lovframlegget vil kunne gjelde anadrom laksefisk som er omfatta av fredingsprinsippet i lova. Formålet med lova er å sikre at naturlege bestandar av anadrom laksefisk, innlandsfisk og leveområda deira og andre ferskvassorganismar blir forvalta slik at mangfaldet og produktiviteten i naturen blir bevart, jf. § 1 første punktum. Etter andre punktum skal lova òg gi grunnlag for utvikling av bestandane med sikte på auka avkasting og til beste for rettshavarar og fritidsfiskarar, men berre innanfor dei rammene som følgjer av første punktum.

Både viltloven og lakse- og innlandsfiskloven har føresegner om biotopvern. Restriksjonar i område for biotopvern kan omfatte alle typar inngrep, jf. formuleringa "anlegg, bygging og annen virksomhet, herunder ferdsel" i viltloven og "anlegg, bygging og annen virksomhet eller bruk av vannressursene" i lakse- og innlandsfiskloven § 7 andre ledd.

Havressurslova

Føresegnene i havressurslova kapittel 5 kan i noko grad gjerast gjeldande for havbasert energiproduksjon. Føresegnene om aktsemdsplikt vil i første rekkje vere aktuelle for trafikk til og frå energianlegga og for verksemd i byggjefasen. Vidare vil føresegnene om forbod mot å etterlate gjenstandar i sjø omfatte energianlegga òg. Føresegnene må supplerast med internasjonale reglar om forbod mot dumping og ikkje minst føresegnene i lov­utkastet om nedlegging av energianlegg.

Havne- og farvannsloven

Energitiltak innan territorialfarvatnet kan vere konsesjonspliktige etter havne- og farvannsloven § 6. Etter § 9 kan det setjast vilkår for løyve. Typisk må vindturbinar og andre installasjonar merkjast tydeleg slik at dei ikkje utgjer kollisjonsfare for skipstrafikk. I framlegget til havenergilov kapittel 5 er det heimel for å gi nærare føresegner om merking mv. av energianlegg. Desse føresegnene må sjåast i samanheng med havne- og farvannsloven og eventuelt supplere denne. Føresegnene i framlegget vil dessutan gi heimel for nødvendig merking mv. utanfor territorialfarvatnet. I ny havne- og farvannslov, Ot.prp. nr. 75 (2007-2008), er det opna for at Kongen kan utvide verkeområdet for denne lova til norsk økonomisk sone. I den grad dette blir gjort gjeldande for energiproduksjon til havs, vil tilsvarande harmonisering finne stad her òg. I alle tilfelle er det nødvendig med koordinering mellom energistyresmaktene, Fiskeri- og kystdepartementet og Kystverket på dette området.

Kulturminneloven

For tiltak omfatta av lovframlegget som blir gjennomført innanfor territorialfarvatnet vil dei alminnelege reglane i kulturminneloven om automatisk freda kulturminne, undersøkingsplikt og frigjering gjelde. Vidare vil reglane om skipsfunn og vern og meldeplikt for slike gjelde. Korleis føresegnene i kulturminneloven skal følgjast opp ved planlegging og etablering av energitiltak må avklarast mellom energistyresmaktene og kulturminnestyresmaktene, og elles bli tilpassa i det enkelte tilfellet. Departementet viser til at energistyresmaktene og kulturminnestyresmaktene har utarbeidd prosedyrar for korleis kulturminne skal takast vare på ved handsaming av landbasert vindkraft, jf. Retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraft (Miljøverndepartementet og Olje- og energidepartementet 2007). Tilsvarande prosedyrar kan tenkjast utarbeidd for handsaming av anlegg til havs. For energianlegg i område utanfor grunnlinjene må omsynet til kulturminne avklarast som ledd i konsekvensutgreiingar og handsaming av søknad.

Økonomisk soneloven

Lova har ein forskriftsheimel i § 7 bokstav e), som gir Kongen mynde til å gje føresegner om mellom anna energiproduksjon i soner oppretta med heimel i lova. Denne heimelen overlappar dels det materielle verkeområdet til lovframlegget innafor verkeområdet til sonelova. I og med at forskriftsheimelen i sonelova er retta generelt mot utnytting av sona for økonomiske formål, finn departementet ikkje grunnlag for å foreslå endringar i denne. Naudsynt koordinering mellom dei respektive styresmaktene etter dei to lovverka vil bli gjennomførd ved handsaming av enkeltsakar eller utarbeiding av forskrifter.

13 Økonomiske og administrative konsekvensar

Framlegget tek sikte på å regulere ei framtidig utbygging av anlegg for fornybar energiproduksjon til havs utanfor grunnlinjene. Slik produksjon finst ikkje i dag, og lovframlegget medfører derfor førebels ingen nemneverdige økonomiske og administrative konsekvensar.

I kva grad og omfang slik utbygging vil finne stad vil avhenge av omstende som ligg utanfor lovframlegget. Det vil seie overordna politiske prioriteringar med tilhøyrande verkemiddel knytt til forsking og teknologiutvikling og økonomiske rammevilkår for fornybar energiproduksjon mv. Lovframlegget skal leggje til rette for utnytting av fornybare energiressursar til havs i samsvar med dei samfunnsmessige målsetjingane som blir etablerte. Lovframlegget inneheld føresegner og etablerer prosedyrar som medverkar til at energianlegg innan verkeområdet for lova blir planlagde, bygde og disponerte slik at det blir teke omsyn til energiforsyning, miljø, tryggleik, næringsverksemd og andre interesser.

Det er i dag stor uvisse om kva omfang og form ei eventuell utbygging av fornybar energiproduksjon til havs kan få, og kva som er ei føremålstenleg regulering. Lovframlegget legg til rette for at nærare regelverk kan utviklast i form av forskrifter mv. slik ein finn det føremålstenleg.

For enkelte typar tiltak kan det vere aktuelt med konsesjon etter lovframlegget, energiloven og/eller petroleumsloven. Framlegget har føresegner som gir høve til ei føremålstenleg avgrensing mot petroleumsloven og energiloven. Elles vil departementet leggje opp til ei samordna handsaming etter dei nemnde lovene. Ein prosedyre med konsekvensutgreiing i statleg regi, opning av areal og samordna konsesjonshandsaming av nett og produksjon legg òg til rette for ei samordna avklaring med anna relevant lovverk.

Føresegnene i framlegget om opning av areal føreset ein føregåande kartleggingsprosess i statleg regi. Dette vil krevje ressursar. Oppstart og omfang av kartleggingsarbeid blir bestemt av departementet, og løyvande styresmakt har slik kontroll med ressursinnsatsen.

Framlegget opnar for at utgifter knytte til sakshandsaming og tilsynsverksemd kan finansierast ved gebyr.

Framlegget har føresegner om at det kan fastsetjast arealavgift for fornybar energiproduksjon som blir betalt til staten.

Framlegget inneheld føresegner om at det kan ytast skadebot til fiskarar for tap påført som følgje av arealbeslag eller skade.

14 Merknader til dei einskilde føresegnene

14.1 Havenergilova

Kapittel 1. Innleiande føresegner

Merknader til § 1-1 (Formål)

Føresegna gir formålet med lova. Lova skal leggje til rette for utnytting av fornybare energiressursar til havs i samsvar med samfunnsmessige målsetjingar. Dei samfunnsmessige målsetjingane må definerast gjennom overordna politiske prioriteringar.

Føresegna seier vidare at lova skal leggje til rette for at energianlegg blir planlagde, bygde og disponerte slik at omsynet til energiforsyning, miljø, tryggleik, næringsverksemd og andre interesser blir teke vare på. Dette er reflektert i andre føresegner i lova, og må konkretiserast ytterlegare gjennom forskrifter mv. Næringsverksemd omfattar mellom anna fiskeri, skipsfart og tradisjonell samisk næringsverksemd. Andre samiske interesser fell inn under omgrepet «andre interesser».

Merknader til § 1-2 (Verkeområde)

Første ledd gir det funksjonelle verkeområdet for lova. Lova blir gjeld for fornybar energiproduksjon og omforming og overføring av elektrisk energi til havs.

Andre ledd gir det stadlege verkeområdet for lova. Dette er norsk sjøterritorium, og kontinentalsokkelen.

Tredje ledd presiserer at folkeretten kan avgrense bruken av lova og at lova i slike høve vil vike for folkeretten. Havrettskonvensjonen vil vere sentral for tolking av lova. Der bruk av lova rører ved samiske interesser vil ILO-konvensjon nr. 169 og FN konvensjonen om sivile og politiske rettar (SP) få betyding.

Fjerde ledd opnar for at Kongen kan bestemme at føresegner i lova skal gjelde i Noreg si økonomiske sone, Fiskevernsonen ved Svalbard og Fiskerisonen ved Jan Mayen.

Femte ledd opnar for at Kongen kan bestemme at lova òg skal gjelde for sjøterritoriet og indre farvatn ved Svalbard og Jan Mayen. Det kan fastsetjast særlege reglar av omsyn til tilhøva der.

Sjette ledd opnar for at Kongen kan setje heile eller delar av lova til side ved dobbeltreguleringar. Føresegna kan nyttast der tiltak omfatta av første ledd kan handsamast etter anna lovverk, typisk for energianlegg som utgjer ein integrert del av petroleumsverksemda, skipsfart eller tilsvarande.

Sjuande ledd opnar for at Kongen i forskrift eller i det enkelte tilfelle kan utvide verkeområdet for enkelte føresegner i lova til område i dei indre farvatna. Føresegna kan for eksempel nyttast til å gjere gjeldande innanfor grunnlinjene føresegnene om staten sin rett til utnytting av energiressursane og om opning av areal.

Åttande ledd gir høve til å nytte lova på andre produksjonsanlegg enn det som er gitt i § 1-4 andre ledd. Det kan for eksempel gjelde etablering av storskala gasskraftverk til havs for leveransar til kraftsystemet på land. Føresegna kan gjerast gjeldande i særskilde tilfelle. Den må lesast i lys av formålsføresegna og er ikkje meint generelt å regulere ikkje fornybar energiproduksjon til havs. Utvikling av eit kraftnett til havs og utviklinga innan karbonhandtering (CCS) kan gjere det interessant med andre energianlegg til havs enn dei fornybare. Føresegna skal gjere det mogleg å underleggje eventuelle planar om slike anlegg ein heilskapleg offentleg konsesjonshandsamingsprosess, dersom dette skulle vere ønskeleg. Føresegna legg til rette for at eventuelle slike anlegg blir gjennomførte på dei vilkåra styresmaktene finn påkravd, eller at søknad om konsesjon kan avslåast. Eventuelle ikkje-fornybare energiproduksjonsanlegg med utslepp av CO2 vil òg bli omfatta av føresegnene i forureiningslova om forbod mot forureining i § 7 og krav om utsleppsløyve i § 11. Slike anlegg må avklarast etter begge lover.

Merknader til § 1-3 (Retten til energiproduksjon til havs)

Føresegna slår fast at retten til å utnytte fornybare energiressursar til havs tilhøyrer staten.

Merknader til § 1-4 (Definisjonar)

Første ledd definerer fornybar energiproduksjon som produksjon av elektrisk energi ved utnytting av fornybare energiressursar, til dømes vind, bølgjer og tidvatn. Lova omfattar energiproduksjon frå alle fornybare energiberarar innan det stadlege verkeområdet. I tillegg til dei energiberarane som er nemnde i lova vil dette òg omfatte til dømes solenergi. Av naturgitte høve er det likevel avgrensingar i kva slag energiberarar det i praksis vil vere aktuelt å utnytte innan lova sitt stadlege verkeområde.

Andre ledd definerer produksjonsanlegg som utrusting og tilhøyrande bygningstekniske konstruksjonar for utnytting av fornybare energiressursar. Dette omfattar alle delar av produksjonsanlegget inklusive festeordningar og anlegg for transport av utstyr og personell. Det interne leidningsnettet i eit vindkraftverk er normalt òg omfatta av produksjonsanlegget.

Tredje ledd definerer nettanlegg som elektrisk utrusting og tilhøyrande bygningstekniske konstruksjonar for omforming og overføring av elektrisk energi. Dette omfattar alle typar nettanlegg, kablar, transformatoranlegg, likerettaranlegg og andre elektriske anlegg mv., avgrensa mot nettanlegg som utgjer ein naturleg og integrert del av produksjonsanlegget.

Fjerde ledd definerer energianlegg som fellesnemning for produksjonsanlegg og nettanlegg. Ein del av føresegnene i lova omfattar både produksjons- og nettanlegg, og desse er omtalt som energianlegg.

Siste ledd definerer konsesjonær som den som er gitt konsesjon eller andre rettar i eller i medhald av lova. Det er vidare slått fast at omgrepet kan omfatte både ei gruppe eller dei einskilde personane i gruppa.

Merknader til § 1-5 (vektlegging av samiske interesser)

Føresegna synliggjer at det skal leggjast tilbørleg vekt på naturgrunnlaget for samisk kultur ved vedtak i medhald av lova som direkte rører ved samiske interesser. Det er jamvel ein klar skranke ved at omsynet til det samiske naturgrunnlaget må ligge innanfor ramma av den einskilde føresegna. Spørsmålet om tilbørleg vektlegging i denne samanheng må vurderast konkret ut frå kva for del av lova det gjeld og kva for interesser som er aktuelle i kvar einskild sak.

Ved forslag til opning av areal etter § 2-2 eller ved handsaming konsesjonssakar etter §§ 3-1 og 3-2 som direkte rører ved samiske interesser skal det gjennomførast konsultasjonar i samsvar med gjeldande prosedyrar, jf. Prosedyrer for konsultasjoner mellom statlige myndigheter og Sametinget av 11. mai 2005.

Kapittel 2. Planlegging

Merknader til § 2-1 (Forundersøkingar)

Etter føresegna kan departementet gjennom forskrift gje reglar om forundersøkingar med sikte på utnytting av fornybare energikjelder innanfor lova sitt stadlege verkeområde. Føresegna tek i hovudsak sikte på å gjere mogleg reguleringar av tekniske innretningar, til dømes vindmaster, og eventuelle undersøkingar av botntilhøve, dersom dette skulle vere ønskeleg.

Merknader til § 2-2 (Opning av areal)

Etter første ledd kan Kongen i statsråd opne eit stadleg nærare avgrensa område for søknader om konsesjon til produksjonsanlegg. Ved opning av areal skal det foretas ei avveging mellom ulike interesser som gjer seg gjeldande i det aktuelle området. Opninga kan skje på vilkår i den forstand at det kan setjast rammer for kva det kan søkjast om. Slike rammer kan for eksempel gjelde maksimal installasjon, teknologival eller liknande. Det kan vidare setjast tidsfristar for når søknad må liggje føre for å bli teken i betraktning.

Andre ledd slår fast at før opning av område kan finne stad, skal det utarbeidast konsekvensutgreiingar.

Ved opning av areal skal avgjerda byggje på funn i gjennomførte konsekvensutgreiingar og i størst mogleg grad ta omsyn til miljø og andre samfunnsinteresser. Konsekvensutgreiingane skal inkludere vurderingar av miljømessige og samfunnsmessige konsekvensar av å etablere fornybar energiproduksjon i det aktuelle området. Dette inkluderer blant anna vurdering av forholdet til andre næringsinteresser i det aktuelle området, behov for utbygging av infrastruktur, regionale verknader mv.

Tredje ledd slår fast at framlegg til opning av område med gjennomførte konsekvensutgreiingar skal på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn.

Fjerde ledd gir departementet heimel til å gjere unntak frå reglane om opning av areal i særskilde tilfelle. Høvet til unntak er snevert. Dette kan vere tilfelle for søknader om tidsmessig avgrensa pilotprosjekt eller tilsvarande, eller for mindre anlegg som er forsyningsanlegg til petroleumsinstallasjonar. Ein kan ikkje rekne med at søknader om store produksjonsanlegg blir tekne opp til handsaming. Dersom det blir gjort unntak frå reglane om opning av areal kan søknaden handsamast direkte etter kapittel 3.

Av første ledd følgjer at ingen har krav på å få søknad om konsesjon for produksjonsanlegg til havs teken opp til handsaming dersom søknaden gjeld eit område som ikkje er opna. Slike søknader kan administrativt avvisast utan nærare sakshandsaming. Avvising er ei prosessleiande avgjerd som ikkje kan påklagast.

Etter femte ledd kan departementet gje forskrifter om opning av areal.

Merknader til § 3-1 (Konsesjon til produksjons­anlegg)

Første ledd slår fast at produksjonsanlegg ikkje kan byggjast, eigast eller drivast utan konsesjon. Det blir vidare slått fast at konsesjonsplikta òg omfattar ombygging og utviding av eksisterande anlegg. Konsesjonsplikt på det å eige anlegg inneber at produksjonsanlegget ikkje kan overdragast utan samtykke frå departementet. Det nærare innhaldet i konsesjonsplikta og forholdet til eksterne oppdragstakarar kan regulerast i forskrift etter § 3-4 første ledd nr. 9.

Andre ledd slår fast at før bygging av produksjonsanlegg med konsesjon kan ta til må det liggje føre godkjent detaljplan. Detaljplanen skal godkjennast av departementet. Detaljplanen skal gjere greie for dei tekniske, tryggleiksmessige og miljømessige tilhøva, og elles utfylle konsesjonen så langt det er fastsett. Det kan avgjerast i konsesjonsvedtaket at nærare oppgitte forhold skal handsamast i detaljplanen. Godkjenning av detaljplan må skje innanfor rammene av den konsesjonen planen byggjer på. Konsesjon og detaljplan vil til saman utgjere dei totale konsesjonsdokumenta, og gi ramma for utbygginga og på kva vilkår den kan gjennomførast.

Departementet kan fråfalle krav til detaljplan i særlege tilfelle. Dette kan vere aktuelt der alle relevante forhold er vurderte i konsesjonsvedtaket, og det ikkje er uavklarte forhold igjen for ein detaljplan.

Tredje ledd slår fast at før godkjenning av detaljplan etter andre ledd, skal konsekvensutgreiing av utbyggingstiltaket vere godkjent med mindre anna er fastsett i medhald av § 4-1 tredje ledd. Konsesjonsvedtak og godkjenning av detaljplan skal byggje på funn i gjennomførte konsekvensutgreiingar og elles i størst mogleg grad ta vare på omsynet til miljø og andre brukarinteresser.

På konsesjonssøknadsstadiet vil det kunne liggje føre fleire søknader på same område. Det vil derfor ikkje alltid vere føremålstenleg at alle søkjarane gjennomfører fullstendige KU-prosessar på dette stadiet. Det må likevel vere gjennomført tilstrekkelege konsekvensutgreiingar for å ha grunnlag til å fatte vedtak i konsesjonshandsaminga. I den grad slik informasjon ikkje ligg føre som resultat av konsekvensutgreiingar ved opning av areal må dette gjennomførast som ledd i konsesjonssøknad. Forhold som ikkje er avgjerande for om konsesjon kan tildelast, kan utgreiast som ledd i detaljplan. Dette kan vere nærare undersøkingar knytt til konkrete møllepunkt mv. Eventuelle krav om konsekvensutgreiing som ledd i konsesjonssøknad kan spesifiserast ved opning av areal. Departementet kan gi nærare føresegner om harmonisering av utgreiingskrav på dei ulike stadia i medhald av § 4-1.

Merknader til § 3-2 (Konsesjon til nettanlegg)

Første ledd slår fast at det er nødvendig med konsesjon for å byggje, eige og drive nettanlegg etter lova. Det er vidare slått fast at konsesjonsplikta òg omfattar ombygging og utviding av eksisterande anlegg. Konsesjonsplikt på det å eige anlegg inneber at nettanlegget ikkje kan overdragast utan samtykke frå departementet.

Andre ledd tilsvarar § 3-1 andre ledd og ein viser til omtala ovanfor.

Tredje ledd slår fast at konsekvensutgreiingar skal leggjast ved konsesjonssøknader om nettanlegg. Unntak frå plikta til konsekvensutgreiing kan innvilgast i medhald av § 4-1 tredje ledd.

Merknad til § 3-3 (Søknad og handsaming av konsesjonssøknad og detaljplan)

Føresegna gir felles prosessreglar for handsaming av konsesjonssøknad og detaljplan om produksjons- og nettanlegg.

Første ledd første punktum slår fast at konsesjonssøknader og detaljplan etter §§ 3-1 og 3-2 skal sendast departementet. I praksis vil innleiande handsaming av desse skje i underordna forvaltningsorgan uavhengig av kor vedtakskompetansen ligg.

Etter andre punktum kan departementet gje forskrifter om konsesjonssøknad og detaljplan. Det kan utarbeidast nærare føresegner om sakshandsaminga, mellom anna krav til kva søknad og detaljplan skal innehalde. Vidare kan det stillast krav til eigenskapar hos den som skal søkje om og få konsesjon. Det kan til dømes vere vilkår om førehandsgodkjenning av søkjar, såkalla prekvalifisering.

Etter nr. 5 kan det i forskrift setjast krav til kunngjering, offentleg ettersyn, høyring og medverknad frå relevante styresmakter og interesser. Ved slike føresegner må det òg takast omsyn til regelverket konsultasjonar ved handsaming av saker som direkte rører ved samiske interesser.

Opplistinga i nr. 1 til 5 er ikkje uttømmande.

Krav etter denne føresegna må sjåast i samanheng med krav etter kapittel 4 om konsekvensutgreiingar og alminnelege forvaltningsrettslege krav til sakshandsaming mv.

Merknader til § 3-4 (Vilkår)

Første ledd slår fast at departementet for konsesjonar eller godkjenning av detaljplan kan gi nærare forskrifter og fastsetje vilkår om dei forholda som går fram av nr. 1 til 9.

Etter nr. 1 kan det setjast vilkår om påbyrjing, bygging, utføring, vedlikehald, drift og nedlegging av energianlegg. Dette omfattar mellom anna vilkår om tekniske forhold knytt til installasjonar.

Vilkår om nedlegging av energianlegg må sjåast i samanheng med § 6-1 og forskrifter i medhald av denne.

Etter nr. 2 kan det setjast tidsfristar for utarbeiding av detaljplan ved tildelt konsesjon, for oppstart av anleggsarbeid og for å setje anlegget eller delar av dette i drift. Tidsfristane kan vere eit verkemiddel for å sikre framdrift i prosjekt med konsesjon. Ved brot på tidsfristane gjeld § 10-6 første ledd andre punktum om tvangsmulkt og § 10-7 andre ledd om tilbaketrekking av konsesjon. Tidsfristar for innsending av søknad om forlenga konsesjon kan påleggjast som vilkår etter § 3-5, eller følgje av forskrift i medhald av same paragrafen.

Etter nr. 3 kan det setjast vilkår om beredskap og tryggleik. Føresegna må sjåast i samanheng med føresegner i kapittel 5 og utfyller dette.

Etter nr. 4 kan det setjast vilkår om tilrettelegging for eller tilkopling til andre anlegg eller system. Føresegna legg opp til at utviklinga av eit nett til havs skjer gradvis og at det ved handsaming av enkeltsaker kan setjast nødvendige vilkår for at ei slik utvikling kan skje føremålstenleg og koordinert.

Etter nr. 5 kan det setjast vilkår for å unngå og avgrense skadar på miljø, mangfaldet i naturen, kulturminne og annan arealbruk. Omgrepet «miljø» er ei samlenemning som dekkjer alle miljøtema, under dette naturmangfald og kulturminne. Kulturminne og naturmangfald er likevel så sentrale omsyn at dei er opplista særskilt. Vilkår etter føresegna kan omfatte tilpassingar i prosjektet og ulike avbøtande tiltak. Betydelege tilpassingar i prosjektet vil for det vesentlegaste skje gjennom konsesjonshandsaming og bli avklart gjennom sjølve konsesjonsvedtaket. Til dømes kan tiltakshavar påleggjast å flytte eller skrinleggje enkeltståande delar av ein vindmøllepark av miljøomsyn. Mindre justeringar kan påleggjast som vilkår.

Etter nr. 6 kan det stillast krav om for- og etterundersøkingar. Dette kan mellom anna vere miljøoppfølgingsprogram og andre undersøkingar for å skaffe kunnskap om korleis tiltaket påverkar biologisk mangfald, miljø og andre interesser.

Etter nr. 7 kan det stillast vilkår av omsyn til ei rasjonell energiforsyning. Omsynet til optimal ressursbruk tilseier at elektriske anlegg blir drivne og utvikla i samsvar med ei samfunnsøkonomisk målsetjing. Konsesjonsstyresmakta vurderer alle nye, ombygde eller utvida elektriske komponentar mot ein slik bakgrunn, og syter for at dei einskilde komponentane inngår som rasjonelle einingar i det totale kraftforsyningssystemet og er dimensjonerte for ei rasjonell utvikling av kraftsystemet.

Etter nr. 8 kan det stillast vilkår av omsyn til andre næringsinteresser. Dette kan mellom anna omfatte vilkår av omsyn til fiskeri, skipsfart, petroleumsverksemd eller anna. Av omsyn til fiskeriinteresser kan det til dømes vere aktuelt med avgrensingar i anleggsperioden og krav til kablar som kan trålast over mv. Viktige føresegner av omsyn til skipsfart kan òg påleggjast etter kapittel 5 og desse føresegnene må sjåast i samanheng. Elles viser ein til omtala under nr. 2.

Etter nr. 9 kan det utarbeidast forskrift eller stillast vilkår om bruken av eksterne oppdragstakarar og konsesjonær sitt ansvar for desse.

Etter andre ledd kan det stillast ytterlegare vilkår dersom allmenne eller private interesser tilseier det. Føresegna heimlar vilkår som ikkje er omfatta av nr. 1-9. Etter ordlyden er det eit vidt høve til vilkår. Føresegna må lesast i lys av formålet med lova og den alminnelege vilkårslæra.

Merknader til § 3-5 (Konsesjonsvedtak mv.)

Første ledd slår fast at konsesjonar etter lova blir gitt til juridisk person som er stifta i samsvar med norsk lovgiving og er registrert i Føretaksregisteret, når anna ikkje følgjer av internasjonale avtaler.

Andre ledd første punktum slår fast at konsesjonar etter §§ 3-1 og 3-2 skal avgrensast i tid innanfor ei ramme av 30 år. Tidsavgrensinga gjeld frå anlegget er sett i drift. Ved ei eventuell overdraging av anlegget vil ny eigar tre inn i gjeldande konsesjon og den tidsavgrensinga som følgjer av denne. Ny eigar må ha konsesjon etter §§ 3-1 eller 3-2.

Andre punktum slår fast at konsesjonstida kan forlengast etter søknad frå konsesjonær. Mottakaren for slik søknad er det organet som har mynde til å gje konsesjon etter lova, jf. § 3-3.

Etter tredje ledd kan departementet gje forskrifter og fastsetje vilkår om påbyrjing og forlenging av konsesjonstida. Dette kan inkludere fristar for innsending av søknad om forlenging. Reglane om konsesjonstid og forlenging må sjåast i samanheng med føresegnene om nedlegging av energianlegg, jf. § 6-1.

Kapittel 4. Sakshandsaming ved konsekvensutgreiingar

Merknader til § 4-1 (Sakshandsaming)

Føresegna regulerer alle konsekvensutgreiingar etter lova.

Første ledd slår fast at det skal utarbeidast melding med framlegg til utgreiingsprogram før oppstart av konsekvensutgreiingane. Utgreiingsprogrammet skal sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn før det blir fastsett. Konsekvensutgreiingar skal utarbeidast på grunnlag av fastsett utgreiingsprogram. Nærare føresegner om konsekvensutgreiingar ved opning av areal kan utarbeidast i medhald av tredje ledd.

Andre ledd slår fast at det ved opning av areal etter § 2-2, ved konsesjon eller ved godkjenning av detaljplan etter §§ 3-1 og 3-2, i saksframlegget eller i vedtaket skal gå fram korleis konsekvensutgreiingane og innkomne fråsegner er vurderte, og kva desse har hatt å seie for avgjerda.

Tredje ledd gir departementet heimel til å gje forskrifter om konsekvensutgreiingar. Forskriftene kan mellom anna fastsetje kva tiltak som er omfatta av kravet til konsekvensutgreiing, til dømes etter storleik. Vidare kan det bli gitt nærare sakshandsamingsreglar for handsaming av konsekvensutgreiingar. Sakshandsamingsreglane må sjåast i samanheng med føresegner om handsaming av konsesjonssøknader. Det kan òg bli gitt nærare føresegner om harmonisering av utgreiingskrav for dei ulike stadia i planleggings- og konsesjonsprosessen, jf. nærare omtale under punkt 11.5.

Merknader til § 4-2 (Konsekvensutgreiingar ved grenseoverskridande verknader)

Føresegna slår fast at dersom tiltak eller planar som blir handsama etter denne lova kan få vesentlege negative miljøverknader i ein annan stat, skal departementet varsle relevante styresmakter i vedkommande stat, og gi høve til å medverke i plan- eller utgreiingsprosessen etter lova. Føresegna tek vare på Noregs folkerettslege plikter på dette området, jf. mellom anna Espoo-konvensjonen.

Kapittel 5. Tryggleik mv.

Merknader til § 5-1 (Beredskap, tryggleik og arbeidsmiljø)

Føresegna skal ta vare på tryggleik og arbeidsmiljø knytt til energianlegg til havs, og beredskapsmessige omstende.

Første ledd slår fast at bygging, drift og nedlegging av energianlegg til havs skal gå føre seg slik at eit høgt tryggleiksnivå kan haldast ved lag og utviklast i takt med den teknologiske utviklinga.

Andre ledd gir departementet mynde til å gje nærare forskrifter om beredskap og tryggleik knytt til bygging, drift, ombygging og nedlegging av energianlegg. Slike forskrifter kan stille krav til tekniske konstruksjonar, arbeidstilhøve og kvalifikasjonar. Dette omfattar mellom anna konkrete materialstandardar, arbeidsmiljø og helsemessige reguleringar, og krav til kompetanse til dei som skal operere eller opphalde seg på energianlegg til havs.

Merknader til § 5-2 (Tryggleikssoner og merking)

Føresegna gir departementet mynde til å gje forskrifter om tryggleikssoner, merking og forbod mot aktivitet i ei nærare bestemt sone rundt energianlegg. Forskriftene kan vere generelle ved at føresegnene til dømes kan rette seg mot alle vindkraftanlegg i sjø, eller det kan utarbeidast forskrift for bestemte anlegg.

Forskrifter fastsette i medhald av lova må sjåast i samanheng og koordinerast med føresegner fastsette i eller i medhald av havne- og farvannsloven.

Kapittel 6. Nedlegging og oreigning

Merknader til § 6-1 (Nedlegging)

Første ledd slår fast at energianlegg skal fjernast ved nedlegging, med mindre departementet fastsett noko anna. Føresegna tek vare på folkerettslege plikter til å hindre dumping og anna forureining av havet. Føresegna legg opp til at departementet kan godkjenne at delar av energianlegget ikkje blir fjerna, dersom dette er i tråd med folkerettslege plikter og elles er forsvarleg av omsyn til miljø, fiskeri, skipsfart mv.

Etter andre ledd pliktar konsesjonær til energianlegget å utarbeide ein plan for korleis nedlegging skal finne stad. Planen bør normalt innehalde ei beskriving av korleis anlegget skal demonterast, kva som eventuelt er planlagt å bli ståande, og korleis demontert materiale skal handterast.

Etter andre ledd andre punktum kan konsesjonsstyresmaktene fråfalle kravet om avslutningsplan dersom det blir søkt om forlenga konsesjon etter § 3-5 andre ledd.

Etter tredje ledd kan departementet gje forskrifter om nedlegging av energianlegg, under dette kva ein avslutningsplan skal innehalde, tidsfristar mv.

Føresegna kan supplerast med vilkår i konsesjon, sjå § 3-4 første ledd nr. 1. Desse må sjåast i samanheng. Sjå òg føresegner om konsesjonstid og forlenging i § 3-5.

Merknader til § 6-2 (Oreigning)

Første ledd gir heimel for staten til å kunne foreta oreigning av nettanlegg.

Andre ledd viser til at departementet kan gje løyve til oreigning dersom omsynet til samfunnsmessig rasjonell produksjon, omforming og overføring av elektrisk energi, eller allmenne interesser elles, tilseier det.

Kapittel 7. Systemansvar

Merknader til § 7-1 (Systemansvar)

Å ta vare på systemansvar er nødvendig i eit kvart kraftsystem for å sikre momentan balanse i flyten av elektrisk energi. Systemansvaret skal dessutan ivareta forsyningstryggleik og ei rasjonell og forsvarleg drift av systemet elles.

Første ledd slår fast at departementet på nærare fastsette vilkår kan utpeike systemansvarleg innanfor det stadlege verkeområdet for lova.

Andre ledd slår fast den systemansvarlege sitt ansvar for å syte for balanse i kraftsystemet. For å fylle denne rolla må den systemansvarlege ha fullmakter til å kunne gje pålegg til alle som inngår i det aktuelle kraftsystemet, under dette ikkje fornybar energiproduksjon, forbruk mv. der det er aktuelt. Føresegna om systemansvar kan slik få verknad for andre enn produsentar av fornybar energi og netteigarar innan lova sitt verkeområde.

Etter tredje ledd kan departementet gje nærare forskrifter og vilkår om systemansvaret innan verkeområdet for denne lova. Det kan mellom anna utarbeidast føresegner om samordning av systemansvar etter havenergilova og energiloven. Ved tilknyting til kraftsystemet på land er slik samordning viktig for å kunne ta rasjonelt vare på forsyningstryggleiken. Vidare kan det utarbeidast føresegner om systemansvar for energianlegg etter havenergilova som ikkje er knytt til kraftsystemet på norsk landterritorium. Forhold knytt til systemansvar må i slike tilfelle vurderast ut frå den aktuelle situasjonen, under dette om det kan vere aktuelt med framtidig tilknyting til kraftsystemet på norsk landterritorium.

Kapittel 8. Utførsel og innførsel av elektrisk energi

Merknader til § 8-1 (Utførsel og innførsel av elektrisk energi)

Av første ledd følgjer det at det er konsesjonsplikt for utførsel og innførsel av elektrisk energi mellom det stadlege verkeområde for lova, jf. § 1-2 andre ledd, og framand stat. Slik konsesjon vil for eksempel vere aktuell dersom det blir etablert kraftproduksjon innan verkeområdet for lova som via nettanlegg omfatta av denne lova er knytt til kraftnettet i eit anna land, eller dersom det blir etablert kraftproduksjon i eit anna land sitt havområde som er knytt til nettanlegg i norsk havområde.

Andre ledd gir departementet heimel til å fastsetje vilkår dersom det er påkravd av allmenne omsyn. Det kan til dømes vere behov for å sikre ein samfunnsmessig rasjonell produksjon, omforming og overføring av elektrisk energi.

Tredje ledd gjev departementet heimel til å gje fritak for konsesjonsplikta i særlege tilfelle.

Kapittel 9. Skadebot til fiskarar i Noreg

Kapitlet gjeld skadebot til fiskarar i Noreg for økonomisk tap som verksemd omfatta av lova kan påføre desse som følgje av beslaglegging av fiskefelt, forureining og avfall eller ved at innretning eller tiltak ved plassering av innretning valdar skade.

Føresegnene i §§ 9-1 til 9-5 tilsvarer føresegnene i petroleumsloven kapittel 8. For ei grundig utgreiing viser ein i den samanhengen til merknadene til desse føresegnene i Ot.prp. nr. 43 (1995-96), jf. Ot.prp. nr. 25 (1988-89).

Merknader til § 9-1 (Sakleg verkeområde og definisjonar)

Første ledd gir sakleg verkeområde for kapitlet. Kapitlet gjeld skadebot for økonomisk tap som følgje av beslaglagde fiskefelt, forureining og avfall eller energianlegg som valdar skade.

Andre ledd viser til legaldefinisjonane av forureining og avfall i forurensningsloven.

Tredje ledd definerer «fiskarar i Noreg».

Merknader til § 9-2. (Beslaglegging)

Første ledd slår fast eit statleg objektivt ansvar for tap som følgje av at fisket blir gjort umogleg eller vesentleg vanskelegare gjennom verksemd omfatta av lova.

Andre ledd slår fast at skadebota kan fastsetjast heilt eller delvis som ein eingongsum eller som faste årlege summar. Vidare er det sett ei tidsavgrensing for utrekning av tap på 7 år frå beslaglegging fann stad. Dette inneber at dei fiskarane som lider tap vil ha maksimalt 7 år på å omstille seg etter tiltaket.

Etter tredje ledd kan staten krevje regress frå konsesjonær dersom denne burde ha avverja tapet.

Merknader til § 9-3 (Ansvar for forureining og avfall)

Første ledd slår fast eit objektivt ansvar hos konsesjonær for tap som følgje av forureining og avfall frå verksemda. Ansvaret omfattar òg utgifter til rimelege tiltak for å avverje eller avgrense skade eller tap. Ansvaret omfattar òg tapt fangstid ved at gjenstandar blir lokaliserte, merkte, tekne opp eller førde til land.

Andre ledd slår fast at ansvaret etter første ledd òg omfattar forureining og avfall frå forsynings- eller hjelpefartøy og for transport eller bygging av energianlegg.

Tredje ledd stiller vilkår for at tapt fangstid etter første ledd kan krevjast.

Fjerde ledd gjør tredje ledd gjeldane for skadebot for anna tap for så vidt det er rimeleg å krevje slik merking, posisjonsoppgiving eller ilandføring.

Femte ledd utvidar konsesjonæren sitt ansvar til òg å omfatte tap hos fartøy som hjelper fiskefartøy med å føre gjenstandar til land.

Sjette ledd stiller eit solidaransvar for relevante konsesjonærar dersom det ikkje er mogleg å identifisere ein konkret skadevaldar.

Merknader til § 9-4 (Innretning som valdar skade)

Føresegna legg til rette for eit objektivt ansvar hos konsesjonær for skade som følgje av innretning eller tiltak i samband med plassering av denne. Det er ein føresetnad for skadebot etter denne føresegna at skaden ikkje er dekt av § 9-2. Ansvaret gjeld med dei avgrensingar som følgjer av alminnelege reglar om skadebot, mellom anna om medverknad frå skadelidde og om lemping av ansvaret.

Merknader til §9-5 (Nemnd)

Første ledd slår fast at krav etter kapittel 9 skal avgjerast av ei nemnd. Nærare forskrifter om samansetjing av nemnda, sakshandsaming mv. blir gitt av departementet.

Andre til fjerde ledd inneheld prosessuelle føresegner om nemnda sine vedtak. Desse må lesast i samanheng med eventuelle forskrifter om sakshandsaming mv. etter første ledd.

Kapittel 10. Ymse føresegner

Merknader til § 10-1 (Handsamingsgebyr)

Føresegna slår fast at det kan krevjast handsamingsgebyr for handsaming av søknader, godkjenningar og kontroll etter lova. Dette omfattar mellom anna konsesjonssøknad, detaljplan, avslutningsplan og tilsyn og kontroll etter § 10-5.

Merknader til § 10-2 (Arealavgift)

Første ledd gir departementet heimel til å påleggje konsesjonær til fornybar energiproduksjon å betale avgift for bruk av areal. Avgift kan påleggjast ved tildeling av konsesjon eller seinare.

Andre ledd gir departementet fullmakt til å gje forskrifter om betaling av arealavgift, mellom anna om storleik på og grunnlag for avgifta.

Tredje ledd fastslår at avgiftskrav med tillegg av renter og omkostningar er tvangsgrunnlag for utlegg.

Merknad til § 10-3 (Garanti)

Føresegna slår fast at departementet ved tildeling av konsesjon eller anna godkjenning eller på eit seinare tidspunkt kan krevje at konsesjonær stiller garanti for dei økonomiske pliktene som er pådregne i samband med energianlegg. Slikt ansvar kan omfatte skadebot, utgifter til tilsyn og kontroll og anna. Det kan òg påleggjast krav om garanti for eventuelt ansvar som kan oppstå i samband med fjerning av slike anlegg.

Merknad til § 10-4 (Opplysningsplikt)

Føresegna er den generelle regelen om opplysningsplikt i lova og dekkjer behovet for opplysningar og kontroll med omsyn til ei rekkje av føresegnene i lova.

Første ledd slår fast at ein kvar som eig eller driv verksemd omfatta av lova pliktar å gje departementet dei opplysningane som er nødvendige for å utøve mynde etter lova. Opplysningsplikta gjeld uavhengig av reglane om teieplikt. Opplysningsplikta kan òg gjerast gjeldande for å ta vare på Noregs internasjonale plikter.

Andre ledd utvidar opplysningsplikta til å omfatte opplysningar og statistikk av teknisk karakter knytt til utbygging, drift og produksjon, og ressurs- eller miljøtilhøve av interesse for departementet. Dette inkluderer mellom anna produksjonsdata slik som driftstid, produksjon og utfall og avvik. Vidare inkluderer dette ressursdata, til dømes vind- eller bølgjemålingar eller metrologiske observasjonar. Det er tilstrekkeleg for å påleggje opplysningsplikt at informasjonen er av interesse for styresmaktene, og det er ikkje eit krav at slike opplysningar er nødvendige for styresmakta sin kontrollfunksjon etter lova. Styresmaktene si handtering av informasjonen etter denne føresegna må sjåast i samanheng med føresegnene i forvaltningsloven om teieplikt og føresegnene i offentleglova og miljøinformasjonsloven om handtering av opplysningar hos offentlege styresmakter.

Etter tredje ledd kan departementet gje forskrifter om opplysningsplikt, teieplikt og om utlevering av opplysningar, under dette regulere nærare kva slag opplysningar ansvarlege etter denne føresegna pliktar å innhente og oppbevare. Konsesjonær kan på bakgrunn av denne føresegna påleggjast innhenting og oppbevaring av opplysningar om tilhøve dekte av første og andre ledd. Pålegg etter denne føresegna må sjåast i samanheng med føresegner om vilkår i løyve, jf. § 3-4.

Merknader til § 10-5 (Kontroll)

Første ledd slår fast departementet sitt mynde til å føre kontroll med at føresegner gitt i eller i medhald av lova blir overhaldne. I praksis vil kontrollfunksjonen kunne bli delegert og oppstykka mellom ulike styresmaktorgan etter ansvarsområde.

Andre ledd slår fast departementet sitt mynde til å supplere kontrollen med pålegg som er nødvendige for gjennomføringa av føresegner fastsette i eller i medhald av lova.

Merknader til § 10-6 (Tvangsmulkt)

Første ledd første punktum gjer departementet heimel for å påleggje tvangsmulkt for å sikre at ei plikt som følgjer av eller i medhald av lova eller vilkår sette for konsesjon eller vedtak i eller i medhald av lova blir oppfylte.

Første ledd andre punktum slår fast at tvangsmulkt mellom anna kan påleggjast ved oversitjing av fristar for detaljplan, byggjestart eller andre fristar knytt til framdrift av tiltaket. Tvangsmulkt kan nyttast som eit administrativt verkemiddel for å sikre ønskt framdrift i dei prosjekta som har fått konsesjon.

Andre ledd slår fast at tvangsmulkta kan fastsetjast som ei fortløpande mulkt eller som ein eingongssum. Tvangsmulkta blir pålagt den som er ansvarleg for å overhalde føresegnene i lova, normalt konsesjonær eller den som opptrer lovstridig ved til dømes ikkje å ha sytt for nødvendige løyve. Det er opp til styresmaktene etter lova å vurdere om tvangsmulkt bør fastsetjast og om den skal fastsetjast som fortløpande mulkt eller som ein eingongssum.

Tredje ledd første punktum slår fast at innbetalt tvangsmulkt tilfell statskassen.

Tredje ledd andre punktum slår fast at tvangsmulkta og utgifter til utføring av vedtaket er tvangsgrunnlag for utlegg, jf. tvangsfullbyrdingsloven § 7-2 bokstav d. I samband med inndrivinga kan namsstyresmaktene òg prøve om vilkåra for tvangsmulkt er til stades.

Merknader til § 10-7 (Tilbaketrekking av konsesjon)

Første ledd inneheld ein regel om at konsesjonen kan trekkjast tilbake dersom den er gitt på grunnlag av urette eller ufullstendige opplysningar om vesentlege omstende eller om konsesjonæren bryt fastsette vilkår og brotet er vesentleg.

Andre ledd slår fast at konsesjonen òg kan trekkjast tilbake dersom dette følgjer av konsesjonsvedtaket, ved oversitjing av fristar for detaljplan, byggjestart eller andre fristar knytt til framdrift av tiltaket. Føresegna gir indirekte styresmaktene verkemiddel for å sikre framdrift for konsesjonar. Dersom pålagde fristar ikkje er overhaldne kan styresmaktene velje å trekkje konsesjonen tilbake. Fordi tilbaketrekking vil vere eit tyngande verkemiddel overfor konsesjonæren er det føresett at dette må gå fram av konsesjonsvilkåra. Vilkår om byggjefristar er vanleg for konsesjonar gitt etter energi- og vassdragslovgivinga. Lova legg opp til at styresmaktene kan ta ei meir aktiv rolle i framdrifta i konsesjonssakene. Føresegnene om tilbaketrekking må sjåast i samanheng med føresegna om tvangsmulkt i § 10-6. Tvangsmulkt vil vere eit mindre inngripande verkemiddel overfor konsesjonæren, og bør normalt vere utprøvd før tilbaketrekking finn stad.

Tredje ledd gir regel om at det skal fastsetjast frist til å syte for at eit energianlegg blir overteke av andre som lovleg kan drive det, dersom konsesjon for eit slikt anlegg blir trekt tilbake. Føresegnene om oversitjing av fristar i lov av 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eiendom § 19 gjeld tilsvarande dersom frist fastsett etter tredje ledd første punktum ikkje er overhalden.

Fjerde ledd gjer departementet heimel til å lyse ut konsesjonar som er trekte tilbake etter andre ledd. Konsesjonar som er trekte tilbake etter denne føresegna vil normalt ikkje vere knytt til etablerte anlegg, men vere trekte tilbake på grunn av manglande framdrift i prosjekteringa. Det har då gode grunnar for seg at departementet står for den vidare handteringa av konsesjonen med sikte på å finne ein konsesjonær med ønske om å tre inn i konsesjonen. Utlysing av konsesjon etter denne føresegna har likskapstrekk med å opne eit areal for søknader. Ein slår derfor fast at kapittel 3 om konsesjonshandsaming gjeld tilsvarande så langt det passar. Det kan vere aktuelt å gi konsesjon med endra vilkår, anten etter søknad frå ny konsesjonær eller av allmenne omsyn. Der dei endra vilkåra kan ha betyding for miljø eller samfunn ut over det som er utgreidd i den opphavlege konsesjonen, kan reglane om konsekvensutgreiingar i kapittel 3 jf. kapittel 4 gjerast gjeldande.

Merknader til § 10-8 (Omgjering)

Første ledd bestemmer at dei fastsette vilkåra i særlege tilfelle kan endrast av omsyn til allmenne interesser. Det skal takast omsyn til kostnadene ei endring vil påføre konsesjonæren og dei fordelar og ulemper endringa elles vil medføre.

Bakgrunnen for føresegna er at det med tida kan vise seg at fastsette vilkår i konsesjonar etter denne lova blir utilstrekkelege eller mindre føremålstenlege. I særlege tilfelle bør det derfor vere høve for konsesjonsstyresmaktene til å endre tidlegare fastsette vilkår.

Omsynet til konsesjonæren sitt behov for å kunne innrette seg etter dei vilkåra som er gitt, tilseier likevel at endring berre bør skje dersom det ligg føre eit kvalifisert behov. Omgjering kan til dømes vere nødvendig når skadar og ulemper ved anlegget blir vesentleg større enn venta. Det må i vurderinga takast omsyn til kostnadene ei endring vil påføre konsesjonæren.

Andre ledd slår fast at endringar i vilkåra òg kan gjerast etter søknad frå konsesjonæren.

Slike endringar kan vere aktuelle dersom konsesjonæren kan påvise at eit tyngande vilkår ikkje lenger fremjar formålet sitt eller at fordelane ved eit vilkår ikkje lenger står i høve til dei kostnadene det medfører for konsesjonæren. Ved slik søknad gjeld føresegnene om konsesjonshandsaming i kapittel 3, jf. kapittel 4, så langt dei høver. Det kan til dømes vere aktuelt å gi nye vilkår der konsesjonæren søkjer om endring av vilkår etter andre ledd. Ved søknader om vilkårsendringar som kan få verknader for miljø og samfunn kan det vere aktuelt å påleggje konsekvensutgreiingar av til­taket.

Føresegnene om omgjering må supplerast med føresegnene i forvaltningsloven om omgjering i § 35 og det alminnelege forvaltningsrettslege høvet til omgjering. Løyve etter andre lover vil dessutan kunne ha eigne føresegner om endring av vilkår, som kan komme til bruk uavhengig av konsesjon etter lova her.

Merknader til § 10-9 (Lovbrotsgebyr)

Første ledd set skuldkravet for å påleggje lovbrotsgebyr til forsett eller aktlause. Medverknad kan òg straffast.

I andre ledd første punktum er fastsett fire vekers oppfyllingsfrist i tråd med tilrådinga frå sanksjonslovutvalet i NOU 2003: 15. Fristen gjeld frå vedtakstidspunktet. Dette sikrar større notoritet enn den alminnelege klagefristen i forvaltningsloven som ikkje går frå ein bestemt dato. For å unngå at oppfyllingsfristen går ut før klagefristen etter forvaltningsloven er fristen sett ei veke lenger.

Tredje ledd har føresegner om føretaksstraff. Føretak kan påleggjast gebyr sjølv om ingen enkeltpersonar kan påleggjast gebyr. Reglane for føretak inneber at også kumulative og anonyme feil kan medføre gebyr. I lys av rettspraksis i nyare tid med omsyn til føretaksstraff kan det likevel ikkje tolkast inn eit reint objektivt ansvar for føretak. For at føretak skal kunne påleggjast gebyr må det slik anten liggje føre skuld, i form av forsett eller uaktsemd, hos ein enkeltperson som handlar på vegner av føretaket, eller anonyme eller kumulative feil. Denne forståinga er òg i samsvar med departementet si tolking av gjeldande føresegner om lovbrotsgebyr for føretak i energiloven.

I fjerde ledd er opplista omsyn som skal takast i betraktning ved utmåling av gebyr. Lista over omsyn som skal takast i betraktning ved avgjerd av om lovbrotsgebyr skal påleggjast og ved utmåling av sanksjonen i dei respektive føresegnene er gjort generell, slik at den gjeld for både enkeltpersonar og føretak. Dette er i samsvar med tilråding frå sanksjonslovutvalet. Lista er ikkje uttømmande og det kan påleggjast gebyr sjølv om dei fastsette omsyna ikkje er til stades.

Merknader til § 10-10 (Forskrifter)

Føresegna gir Kongen generell heimel til å gje forskrifter for utfylling av lova, under dette forskrifter som er nødvendige for å oppfylle Noregs internasjonale plikter. Føresegna må sjåast i samanheng med dei spesielle forskriftsføresegnene i lova og utfyller desse. Forskriftsheimelen er lagt til Kongen for å sikre naudsynt koordinering med andre styresmakter.

Kapittel 11 Ikraftsetjing

Merknader til § 11-1 (Ikraftsetjing)

Føresegna slår fast at lova gjeld frå den tida Kongen fastset.

14.2 Anna lovverk

Til lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi m.m. (energiloven)

Merknader til § 1-1 nytt tredje ledd

Føresegna slår fast at departementet ved forskrift eller i det enkelte tilfelle kan avgrense bruken av heile eller delar av lova for innretningar, formål eller verksemd omfatta av havenergilova. Endringa må sjåast i samanheng med høvet til å utvide det geografiske verkeområdet til havenergilova, jf. § 1-2 sjuande ledd. Ein viser til merknader til denne.

Dei påfølgjande ledda i føresegna får ny nummerering.

Fotnotar

1.

Lov av 27. des. 2008 nr. 1392 om fremme af vedvarende energi § 22.

2.

The Energy Act 2004 (c.20) § 84 (1).

Til forsida