1 Proposisjonens hovudinnhald
Justisdepartementet legg med dette fram forslag om å oppjustere den øvre grensa for utbetaling i valdsoffererstatningslova frå 20 gonger grunnbeløpet i folketrygda til 40 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Forslaget vil betre situasjonen både for dei valdsutsette som er fornærma i strafferettsleg forstand og for dei etterlatne der erstatningsutbetalinga blir delt mellom fleire.
Proposisjonen er ei oppfølging av justisministerens uttale i samband med Stortingets behandling av St.prp. nr. 1 (2007-2008), budsjettdebatten, om at han ville komme tilbake til forslaget om endringar i valdsoffererstatningslova § 11 om valdsoffererstatningas øvre grense.
Justiskomiteen har i Innst. O. nr. 25 (2007-2008) uttalt at føresegna om den øvre grensa i valdsoffererstatningslova kan verke urimeleg i enkelte tilfelle, for eksempel når det er fleire mindreårige sysken som er etterlatne. I vedtak 342 (2007-2008) bad Stortinget Regjeringa i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2008 om å komme tilbake med ein nærare gjennomgang av valdsoffererstatningsordninga (jf. Innst. O. nr. 25).
Til grunn for denne proposisjonen ligg høyringsnotat frå Justisdepartementet 8. april 2005. Høyringsnotatet vart for ein stor del følgt opp i Ot.prp. nr. 10 (2007-2008) og Innst.O. nr. 25 (2007-2008) der det vart foreslått fleire endringar som betra stillinga til dei valdsutsette, jf. også endringslov 18. desember 2007. Men den øvre beløpsgrensa for valdsoffererstatning vart ikkje oppjustert, då dette ville krevje grundigare undersøkingar av blant anna behov og konsekvensar, noko som ikkje var mogleg ut frå dåverande erfaringsgrunnlag. Dei nødvendige undersøkingane er no gjort, og det er etter departementet si oppfatning grunnlag for å foreslå ei endring i føresegna.
Som det går fram av Regjeringas politiske plattform, Soria Moria-erklæringa, vil Regjeringa betre erstatningsordningane for valds- og kriminalitetsutsette, deriblant dei pårørande. Forslaget i denne proposisjonen vil medverke til at omtrent alle valdsutsette fullt ut kan få dekt sitt økonomiske og ikkje-økonomiske tap som følgje av at dei er blitt utsette for vald.