4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Endringa inneber berre at forvaltninga etter varsel frå Riksrevisjonen får plikt til å gjere unntak frå innsyn for dokumenta i ei sak som Riksrevisjonen har teke opp til vurdering, fram til saka er motteken i Stortinget. Slik departementet ser det, vil difor endringa ikkje føre til økonomiske og administrative konsekvensar av noko omfang.