Ot.prp. nr. 18 (2007-2008)

Om lov om endringar i inkassolova (godkjenning av kvalifikasjonsbevis frå ein annan EØS-stat m.m.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovframlegga og høyringa

Rådsdirektiv 92/51/EØF har reglar om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar frå EØS. Direktivet er no erstatta av europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/36/EF om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar. Fristen for gjennomføring av det nye direktivet i norsk rett var 20. oktober 2007.

Justisdepartementet har mellom anna på bakgrunn av kontakt med EFTAs overvakningsorgan (ESA) gjort ei nærmare vurdering av forholdet mellom reglane i inkassolova om inkassoløyve og rådsdirektiv 92/51/EØF. Justisdepartementet har samstundes vurdert forholdet til etableringsreglane i europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/36/EF.

Justisdepartementet har også vurdert forholdet mellom reglane i inkassolova om vilkår for å drive inkassoverksemd og reglane om fridom til å tilby teneste i parlaments- og rådsdirektiv 2005/36/EF. Departementet konkluderte med at det kan vere grunn til å foreslå enkelte endringar i inkassolova § 4 og § 5.

Med dette som bakgrunn sende Justisdepartementet 2. april 2007 ut eit høyringsnotat om endringar i inkassolova. I høyringsnotatet foreslo departementet endringar i inkassolova §§ 4 og 5 av omsyn til EØS-retten. Høyringsbrevet vart sendt til følgjande 43 instansar:

  • Barne- og likestillingsdepartementet

  • Finansdepartementet

  • Fornyings- og administrasjonsdepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Datatilsynet

  • Forbrukarombodet

  • Forbrukarrådet

  • Kredittilsynet

  • Noregs Bank

  • Regjeringsadvokaten

  • Statens innkrevjingssentral

  • Stortingets ombodsmann for forvaltninga

  • ØKOKRIM

  • Bankklagenemnda

  • Bedriftsforbundet

  • Debitorforeningen

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Dommerforening

  • Den norske Revisorforening

  • Finansforbundet

  • Finansieringsselskapenes Forening

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon

  • Gjeldsoffer-Alliansen

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

  • Inkassoklagenemnda

  • Juridisk rådgivning for kvinner

  • Juss-Buss

  • Juss Hjelpa i Nord-Norge

  • KrediNor

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Lindorff AS

  • Nordenfjeldske Creditreform AS

  • Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening

  • Norges Kreditorforbund

  • Norsk Egeninkassoforening

  • Norske Inkassobyråers Forening

  • Norske Kredittopplysningsbyråers Forening

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • PayEx

  • Regional støtte for behandling av gjeldsordningssaker

  • Sparebankforeningen i Norge

Høyringsfristen vart sett til 4. juni 2007. Følgjande 17 instansar har svart:

  • Barne- og likestillingsdepartementet

  • Finansdepartementet

  • Fornyings- og administrasjonsdepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Datatilsynet

  • Noregs Bank

  • Regjeringsadvokaten

  • Statens innkrevjingssentral

  • Bedriftsforbundet

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Revisorforening

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Norsk Egeninkassoforening

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

Av desse har følgjande 13 instansar gitt uttrykk for at dei ikkje har merknader: Finansdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Utanriksdepartementet, Datatilsynet, Noregs Bank, Regjeringsadvokaten, Statens innkrevjingssentral, Bedriftsforbundet, Den norske Revisorforening, Finansnæringens Hovedorganisasjon, Landsorganisasjonen i NorgeogNæringslivets Hovedorganisasjon .

Fire instansar uttalte seg om realiteten i forslaga. Av desse synest ingen å gå imot forslaga, men enkelte hadde kommentarar til utforminga av desse. Det vil bli gjort nærmare greie for synspunkta til høyringsinstansane nedanfor i tilknyting til forslaga.