Ot.prp. nr. 18 (2007-2008)

Om lov om endringar i inkassolova (godkjenning av kvalifikasjonsbevis frå ein annan EØS-stat m.m.)

Til innhaldsliste

4 Heimel til å gi forskrift om mellombels utøving av inkassoverksemd

4.1 Gjeldande rett

For at inkassoverksemd skal kunne drivast i Noreg, er det krav om at foretaket er registrert i Foretaksregisteret, og at foretaket har inkasso­løyve, jf. inkassolova § 4 første ledd. Verksemd som går ut på å drive inn forfalne pengekrav for andre (framandinkasso), kan likevel også drivast i medhald av norsk advokatløyve, jf. inkassolova § 4 tredje ledd. Verksemd som går ut på oppkjøp og eiga inndriving av forfalne pengekrav (oppkjøpsinkasso), kan også drivast av institusjonar som har rett til å drive finansieringsverksemd etter lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner (finansieringsvirksomhetsloven), jf. inkassolova § 4 fjerde ledd.

Inkassolova skil ikkje mellom permanent og mellombels utøving av verksemda på same måte som direktiv 2005/36/EF gjer. Dersom ein aktør frå ein annan EØS-stat driv med ervervsmessig inndriving av forfalne pengekrav for andre, gjeld vilkåra i inkassolova for å drive inkassoverksemd sjølv om aktøren berre ønskjer å tilby sine tenester mellombels i Noreg. Dette inneber m.a. at foretaket må vere registrert i Foretaksregisteret og ha norsk inkassoløyve.

4.2 Forslaget i høyringsnotatet

Det nye yrkeskvalifikasjonsdirektivet (2005/36/EF) har, i tillegg til reglane om etableringsfridom, særlege reglar om mellombels tilbod eller utøving av teneste i ein annan EØS-stat. Artikkel 5 i direktivet lyder slik:

«Prinsippet om fri ytelse av tjenester

  1. Uten at det berører de særlige bestemmelsene i fellesskapsretten og artikkel 6 og 7 i dette direktiv, skal medlemsstatene ikke, av noen grunn knyttet til yrkeskvalifikasjoner, begrense den frie ytelsen av tjenester i en annen medlemsstat

    1. dersom tjenesteyteren er lovlig etablert i en medlemsstat med det formål å utøve det samme yrket der (heretter kalt «etableringsstaten»), og

    2. der tjenesteyteren flytter, dersom denne har utøvd nevnte yrke i etableringsstaten i minst to år i løpet av de siste ti år før ytelsen av tjenestene og yrket ikke har vært lovregulert i denne medlemsstaten. Vilkåret om to års utøvelse kommer ikke til anvendelse når enten yrket eller utdanningen og opplæringen som fører fram til yrket, er lovregulert.

  2. Bestemmelsene i denne avdeling kommer bare til anvendelse der tjenesteyteren flytter til territoriet til vertsstaten for der å utøve, på midlertidig og tilfeldig grunnlag, det yrket som er nevnt i nr. 1.

    Tjenesteytelsens midlertidige og tilfeldige art skal vurderes fra sak til sak, særlig i forhold til ytelsens varighet, hyppighet, regelmessighet og kontinuitet.

  3. Når en tjenesteyter flytter, skal denne være underlagt de regler som gjelder yrket av faglig, lovgivningsmessig eller administrativ art som er direkte knyttet til yrkeskvalifikasjoner, som for eksempel definisjon av yrket, bruken av titler og alvorlig yrkesmessig forsømmelse som er direkte og i særlig grad knyttet til forbrukervern og sikkerhet, samt disiplinærbestemmelser som kommer til anvendelse i vertsstaten overfor fagfolk som utøver det samme yrket i denne medlemsstaten.»

Artikkel 5 må sjåast i samanheng med artikkel 7. Artikkel 7 nr. 1 og 2 lyder slik:

«Erklæring som skal avgis på forhånd dersom tjenesteyteren flytter

  1. Medlemsstatene kan kreve at i de tilfeller der tjenesteyteren først flytter fra én medlemsstat til en annen for å yte tjenester, skal tjenesteyteren informere vedkommende myndighet i vertsstaten om dette i form av en skriftlig erklæring på forhånd, inkludert detaljer vedrørende en eventuell forsikringsdekning eller andre former for personlig eller kollektiv beskyttelse med hensyn til yrkesansvar. En slik erklæring skal fornyes hvert år dersom tjenesteyteren har til hensikt å yte midlertidige eller tilfeldige tjenester i den aktuelle medlemsstaten i løpet av året. Tjenesteyteren kan selv velge hvordan denne erklæringen meddeles.

  2. Første gang tjenestene ytes, eller dersom det foreligger en vesentlig endring av de forhold som omhandles av dokumentene, kan medlemsstatene dessuten kreve at erklæringen ledsages av følgende dokumenter:

    1. Bevis på tjenesteyterens nasjonalitet.

    2. En bevitnelse som bekrefter at innehaveren er lovlig etablert i en medlemsstat med det formål å utøve den aktuelle virksomheten samt at tjenesteyteren ikke er forbudt å praktisere, også eventuelt midlertidig, på den tiden bevitnelsen innsendes.

    3. Kvalifikasjonsbevis.

    4. For tilfeller nevnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav b), alle former for dokumentasjon på at tjenesteyteren har utøvd den aktuelle virksomheten i minst to år i løpet av de siste ti årene.

    5. For yrker innenfor sikkerhetsbransjen, der medlemsstaten krever dette for egne borgere, dokumentasjon på at utøveren ikke er dømt for noe straffbart forhold.»

I høyringsnotatet vurderte departementet forholdet mellom dei norske reglane og EU-direktivet. Departementet la til grunn at Noreg etter direktivet er forplikta til å opne for mellombels utøving av inkassoverksemd. Det heiter i høyringsnotatet:

«Departementet går ut frå at verksemd som går ut på inndriving av forfalne pengekrav for andre (jf. inkassolova § 2 første ledd første punktum), er omfatta av det nye yrkeskvalifikasjonsdirektivet. Direktivet er på dette punktet generelt utforma, jf. formuleringa «services» i artikkel 5 nr. 1. Justisdepartementet er i tvil om i kva mon reglane i direktivet om fridom til å tilby teneste vil vere praktiske for inkassoverksemd. Departementet viser til at reglane føreset at inkassatoren fysisk flyttar seg til Noreg for mellombels og sporadisk å drive inkassoverksemd her, jf. direktivet artikkel 5 nr. 2.

Justisdepartementet legg likevel til grunn at Noreg er forplikta til å opne for mellombels utøving av inkassoverksemd etter reglane i parlaments- og rådsdirektiv 2005/36/EF kapitel II. Dette inneber at ein inkassator frå ein annan EØS-stat ikkje under tilvising til manglande yrkeskvalifikasjonar kan nektast å kome til Noreg og mellombels utøve framandinkasso her. Føresetnaden er at inkassoforetaket er rettsleg etablert i ein EØS-stat med sikte på å drive inkassoverksemd der, jf. artikkel 5 nr. 1 bokstav a. Dersom verken inkassoverksemd eller opplæring i slik verksemd er lovregulert i etableringsstaten, er føresetnaden at inkassator har drive inkassoverksemd i minst to av dei siste ti åra i denne staten, jf. artikkel 5 nr. 1 bokstav b. Noreg kan stille fleire vilkår ved førstegongs utøving av inkassoverksemd her, jf. artikkel 7 nr. 1 og 2. Kravet i inkassolova § 4 første ledd om inkassoløyve som vilkår for å drive inkassoverksemd, kan etter dette ikkje oppretthaldast fullt ut overfor utanlandske EØS-statsborgarar.»

Departementet foreslo at dei nye reglane om vilkår for å drive inkassoverksemd som følgje av reglane om mellombels utøving av teneste i det nye yrkeskvalifikasjonsdirektivet 2005/36/EF kapittel II, blir tatt inn i ei forskrift:

«Justisdepartementet har også her vurdert ulike alternativ for gjennomføring av EØS-reglane i norsk rett. Departementet har vurdert om reglar om mellombels utøving av inkassoverksemd bør takast inn i inkassolova eller fastsetjast ved forskrift. Det siste alternativet føreset at det blir gitt ein forskriftsheimel for slike reglar. Justisdepartementet har kome til at det er mest tenleg å foreslå ein heimel for å gi forskrifter om mellombels inkassoverksemd. Dei nærmare reglane om mellombels utøving av inkassoverksemd i Noreg for utanlandske inkassoforetak frå EØS, vil då kunne fastsetjast i forskrift 14. juli 1989 nr. 562 til inkassoloven m.m. (inkassoforskriften).

Departementet viser til at det nye yrkeskvalifikasjonsdirektivet systematisk skil mellom mellombels utøving av teneste og godkjenning av yrkeskvalifikasjonar i samband med etablering av verksemd. Ettersom reglane i inkassolova om inkassoverksemd og inkassoløyve regulerer høvet til å etablere inkassoverksemd, er det etter Justisdepartementets førebelse oppfatning ikkje formålstenleg å gi reglar om mellombels inkassoverksemd saman med dei eksisterande lovreglane. Departementet er i tvil om i kva mon reglane i direktivet om mellombels utøving av teneste er praktiske for inkassoverksemd, jf. det som er sagt om dette ovanfor i punkt 3.2.2. Også dette kan tale for at eventuelle reglar om mellombels inkassoverksemd blir plassert i inkassoforskrifta, og ikkje i inkassolova. Vidare taler omsynet til ein oversiktleg og rettsteknisk enkel lovtekst for ei slik løysing. Reglane om mellombels utøving av teneste i direktivet kapittel II er detaljerte og gir høve til å stille opp ei rekke ulike vilkår for at slik mellombels tenesteutøving skal godkjennast.»

Departementet foreslo etter dette ei endring av § 4 i inkassolova ved at det i § 4 første ledd om inkassoløyve og registrering i Foretaksregisteret som vilkår for å drive inkassoverksemd, vart føydd til ei tilvising til eit nytt femte ledd. Saman med forslaget til eit nytt femte ledd innebar dette at inkassoverksemd også kan drivast mellombels i den mon dette følgjer av forskrift. I femte ledd vart det gitt heimel for Kongen til å gi nærare reglar om slik mellombels utøving av inkassoverksemd.

4.3 Høyringsfråsegnene

Ingen av høyringsinstansane går imot at inkassolova § 4 blir endra ved tilføying i første ledd av ei tilvising til femte ledd og ved at det nye femte ledd får ein forskriftsheimel om mellombels utøving av framandinkassoverksemd i Noreg.

Kunnskapsdepartementet uttalte til dette framlegget:

«JD foreslår at reglane skal gjelde for utanlandske søkarar frå EØS. KD vil nemne at direktivet også gjeld for norske statsborgarar med utdanning og/eller praksis frå ein annan EØS-stat. Dette har EF-domstolen avgjort, bl.a. i sak C-19/92 Kraus.

[...]

KD er einig med JD at det kan vere vanskelig å sjå i kva mon mellombels utøving av teneste er praktisk for inkassoverksemd og at nærmare regler for slik verksemd bør plasserast i ei forskrift. Etter artikkel 7 i direktiv 2005/36/EF kan godkjenningsmyndigheitene krevja ulik type dokumentasjon av søkar. Kva for ein dokumentasjon som er aktuelt å krevja må regelfestes. Det er også av den grunn naturlig å utarbeide ei forskrift.»

4.4 Departementet sitt syn

Justisdepartementet foreslår i tråd med forslaget i høyringsnotatet å endre inkassolova § 4 ved å føye til ei tilvising til femte ledd i første ledd og eit nytt femte ledd med heimel til å gi forskrift om mellombels utøving av inkassoverksemd. Bakgrunnen for lovframlegget og vurderinga av forholdet mellom inkassolova og EØS-retten er det gjort greie for i høyringsnotatet, sjå punkt 4.2 ovanfor.

Kunnskapsdepartementet har peikt på at direktiva òg gjeld for norske statsborgarar med utdanning eller praksis frå ein annan EØS-stat. Justisdepartementet er som nemnt i kapittel 3.4, samd i denne forståinga av direktiva, og gjer framlegg om at forskriftsheimelen på dette punktet får eit noko vidare verkeområde. Etter dette vil forskriftsheimelen gjelde for alle EØS-statsborgarar, uavhengig av om dei er norske eller utanlandske, under føresetnad av at dei er rettsleg etablert i ein EØS-stat med sikte på å drive inkassoverksemd der.

Justisdepartementet meiner at også andre forhold taler for å gjere ordlyden på dette punktet noko vidare enn i framlegget til § 4 nytt femte ledd i høyringsnotatet. Som nemnt ovanfor i kapitel 3.4, kan ei innlemming i EØS-avtalen av rådsdirektiv 2003/109/EF og europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/38/EF innebere at direktiv 2005/36/EF vil kunne omfatte statsborgarar også frå land utanfor EØS. Departementet foreslår på bakgrunn av dette å ikkje avgrense forskriftsheimelen til å gjelde mellombels inkassoverksemd av personar frå eller med statsborgarskap i EØS-statar.

Departementet foreslår formuleringa «personer som er lovlig etablert i en EØS-stat med sikte på å drive slik inkassovirksomhet der». Denne formuleringa er tilpassa vurderingsemnet i direktivet og skulle vere tilstrekkeleg vidtrekkande. Sjå nærare nedanfor i framlegget til § 4 nytt femte ledd og merknaden til denne føresegna.

Departementet gjer etter dette framlegg om endring i § 4 første ledd og tilføying av eit nytt femte ledd som gir heimel for at det i forskrift kan fastsetjast reglar for mellombels utøving av framandinkassoverksemd av personar som er rettsleg etablert i ein EØS-stat med sikte på å drive inkassoverksemd der.

For vurderinga av ulike alternativ for gjennomføringa i norsk rett av dei aktuelle EØS-rettslege skyldnadene, viser departementet til drøftinga i høyringsnotatet, jf. ovanfor i kapittel 4.2. Departementet har også her lagt vekt på å utforme lovheimelen slik at den gir moglege søkjarar tilstrekkeleg informasjon om kva slags reglar som finst i forskrifta.