2 Bakgrunnen for lovframlegget
Riksrevisjonen gjennomførte i åra 1988 til 1992 saman med Kystdirektoratet ettersyn ved fem av åtte loskontor. Undersøkinga viste at det var problem med å krevje inn losgebyr (tidlegare kalla kystgebyr) frå lospliktige fartøy som seglar utan los. I den grad betalingspliktige skip ikkje blir fanga opp av kontroll ved loskontora, vil manglande betaling gjere at kostnadene ved lostenesta blir velta over på dei fartøya som følgjer reglane og som betaler i samsvar med dette.
Riksrevisjonen uttalte at «de kontroller som er iverksatt, ikke er tilstrekkelige».
I merknadene til statsrekneskapen for 1992 blei saka sett «til observasjon», jf. Dokument nr. 1 (1993-94) side 43. Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget slutta seg til fråsegna frå Riksrevisjonen og framlegget til desisjon, jf. Innst. S. nr. 90 (1993-94) side 9.
Merknadene frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen og Riksrevisjonen gjeld to forhold. For det første om gjeldande system og dei rutiner Kystverket har for kontroll med betalingspliktig trafikk er tilstrekkeleg til å fange opp fartøy som unndreg seg plikta til å betale losgebyr. For det andre om dei kontrollsystema Kystverket tok sikte på å igangsetje ville vere tilstrekkeleg for å hindre at reglane om losgebyr blei brotne.
På bakgrunn av dei spørsmåla Riksrevisjonen og Stortingets Kontroll- og konstitusjonskomite har teke opp omkring kontrollen med betaling av losgebyr, gjer ein med dette eit lovframlegg som vil gje Fiskeridepartementet heimel til å bruke tilleggsgebyr som eit middel for å sikre at betaling av losgebyr skjer i samsvar med reglane og samtidig hindre at manglande betaling av gebyr blir velta over på andre.