3 Høyring
Fiskeridepartementet sende den 31. mai 1996 lovframlegget på høyring til andre departement, Fiskeridirektoratet, Kystdirektoratet, Sjøfartsdirektoratet, Fraktefartøyenes Rederiforening, Havne- og Terminaloperatørenes Landsforening, Losoldermennenes Landsforening, Maritime Trafikklederes Forening, Maritimt Forum, Norges Rederiforbund, Norsk Havneforbund, Norsk Losforbund, Norsk Sjømannsforbund og Norsk Sjøoffisersforbund.
Det har komme inn fråsegner frå Finansdepartementet, Forsvarsdepartementet, Justisdepartementet, Miljøverndepartementet, Samferdselsdepartementet, Fiskeridirektoratet, Kystdirektoratet, Sjøfartsdirektoratet, Norsk Havneforbund, Norsk Sjømannsforbund og Norsk Sjøoffisersforbund.
Finansdepartementet, Justisdepartementet, Miljøverndepartementet, Samferdselsdepartementet, Fiskeridirektoratet, Kystdirektoratet, Sjøfartsdirektoratet, Norsk Sjømannsforbund og Norsk Sjøoffisersforbund har ingen merknader til framlegget.
Forsvarsdepartementet har inga innvending mot å innføre eit tilleggsgebyr, og tilrår i tillegg å etablere ordningar for utveksling av informasjon om fartøy som ikkje følgjer reglane om losplikt, mellom Forsvaret og Kystverket.
Norsk Havneforbund meiner det må vere ein føresetnad at ei ordning med tilleggsgebyr finansierer seg sjølv, og ikkje blir eit argument for å auke dei vanlege losgebyra.