1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
I proposisjonen foreslår departementet å endre vallova slik at Posten får høve til å ta imot førehandsrøyster på andre stader enn på postkontor, landpostruter og institusjonar og ved ambulerande røystemottak. Forslaget er ei oppfølging av St.meld. nr. 37 (1999-2000) Om omlegging av Postens ekspedisjonsnett og drøftinga i Stortinget av denne omlegginga, jf. Innst. S. nr. 248 (1999-2000). Forslaget skal særleg sikre at veljarar i kommunar utan postkontor får høve til å førehandsrøyste i eigen kommune.
I kapittel 2blir det gjort greie for bakgrunnen for forslaget og høyringsprosessen.
Gjeldande rett blir gjennomgått i kapittel 3. Det følgjer av vallova § 33 at postrøysting kan gå føre seg på postkontor, på landpostruter eller på institusjonar der Posten har vedteke å ta imot førehandsrøyster. I tillegg har sjuke og uføre på nærmare vilkår høve til å førehandsrøyste der dei oppheld seg, jf. vallova § 36. Det er ikkje tillate å ha førehandsrøysting på postfilialar.
I kapittel 4 blir det gjort greie for departementet sine vurderingar og forslag i høyringsnotatet. Forholdet til arbeidet i Vallovutvalet blir omtalt.
Synet hos høyringsinstansane blir gjennomgått i kapittel 5. Nærmast alle høyringsinstansane sluttar seg anten til lovforslaget eller har ikkje merknader til forslaget. Nokre instansar ønskjer ikkje førehandsrøysting på Post i Butikk.
Det endelege forslaget frå departementet blir omtalt i kapittel 6.
Kapittel 7gir ein omtale av økonomiske og administrative konsekvensar av lovendringa.