2 Bakgrunnen for lovforslaget
2.1 Omstruktureringa av ekspedisjonsnettet i Posten
Posten Norge BA tok ved stortingsvalet og sametingsvalet i 1997 over ansvaret for å gjennomføre førehandsrøysting innanriks, bortsett frå på Svalbard og Jan Mayen, jf. Ot.prp. nr. 3 (1996-97) og Innst. O. nr. 32 (1996-97). Alt på dette tidspunktet var det klart at Posten stod framfor omfattande omstruktureringar av ekspedisjonsnettet i perioden 1996-1999. Posten gjennomfører no ei ytterlegare omlegging av ekspedisjonsnettet, jf. St.meld. nr. 37 (1999-2000) Om omlegging av Postens ekspedisjonsnett og Innst. S. nr. 248 (1999-2000). Det framtidige nettet vil etter det som er opplyst bli organisert med 330 ordinære postkontor (som vil bli oppgraderte til Posthandel med eit utvida tenestetilbod) og 30-50 Posten Bedrift drivne av Posten sjølv, og med minimum 1100 postfilialar/kontraktspostkontor (Post i Butikk og/eller offentlege servicekontor) drivne av samarbeidspartnarar. Iverksetjinga av den nye ekspedisjonsstrukturen startar i første halvdel av 2001 og skal vere fullført etter om lag eitt år. Godt og vel halvparten av kommunane i landet vil vere utan postkontor drivne av Posten sjølv etter at omstruktureringa er gjennomført. I desse kommunane vil det i staden bli etablert Post i Butikk og/eller offentlege servicekontor supplerte av landpostteneste.
Kommunal- og regionaldepartementet meiner det er viktig å sikre at det finst minst éin stad i alle kommunar i landet der dei veljarane som ønskjer det, kan gå for å førehandsrøyste ved stortingsvalet og sametingsvalet i 2001. Utan lovendring vil dette berre vere tilfellet i kommunar med ordinært postkontor (Posthandel). Med denne proposisjonen følgjer departementet opp føresetnadene i St.meld. nr. 37 (1999-2000) og Innst. S. nr. 248 (1999-2000), der fleirtalet i Samferdselskomiteen går ut frå at det blir etablert ordningar som gir veljarane høve til å førehandsrøyste.
2.2 Høyringa
Departementet sende eit notat med forslag til endring i vallova på høyring 19. juli 2000. Høyringsfristen vart sett til 19. oktober 2000. Desse instansane og organisasjonane vart bedne om å komme med eventuelle merknader:
Departementa
Fylkesmennene
Fylkeskommunane
Kommunane
Registrerte politiske parti
Akademikerne
Landsorganisasjonen i Norge
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Næringslivets Hovedorganisasjon
NAVO - Norsk Arbeidsgiverforening for Virksomheter i Offentlig Tilknytning
Kommunenes Sentralforbund
Institutt for samfunnsforsking
Norges Handelshøgskole
Universitetet i Tromsø
Kommunedata A/L
IBM
Ephorma
Wang Global
Sentralkontoret for folkeregistrering
Statistisk Sentralbyrå
Sametinget
Posten Norge BA
Sem og Stenersen Prokom AS
Norsik A/S
Norsk Markedsanalyse Forening
Norsk Presseforbund
NRK
TV2
NTB
Vallovutvalet
Departementet har innan fristen motteke svar frå:
12 departement
7 fylkesmenn
9 fylkeskommunar
57 kommunar
Akademikerne
Ephorma
Kommunedata A/L
Kommunenes Sentralforbund
Landsorganisasjonen i Norge
Næringslivets Hovedorganisasjon
Posten Norge BA
Sem & Stenersen Prokom AS
Skattedirektoratet
Statistisk sentralbyrå
Vallovutvalet
2.3 Departementet sitt framlegg til lovendring
Forslaget til lovendring som var på høyring er endra på eit punkt. Lovendringa vil gjere det mogleg å opprette førehandsrøystestader i høvelege kommunale lokale, til dømes på kommunehuset eller på offentleg servicekontor. Dette inneber at Posten må ta kontakt med kommunane for å komme til semje om å arrangere førehandsrøysting i eit kommunalt lokale.