3 Høyring
3.1 Høyringsforslaget
Departementet sende på høyring eit forslag om at arbeidstakar som har fylt 62 år, får rett til redusert arbeidstid. Forslaget innebar ei utviding av arbeidsmiljølova § 10-2 fjerde ledd, som gjeld arbeidstakar som av «helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunner» har behov for redusert arbeidstid. Departementet gjorde framlegg om at retten til redusert arbeidstid for arbeidstakar over 62 år, på same måte som i gjeldande føresegn, skal ha som vilkår at arbeidstidsreduksjonen kan gjennomførast utan «vesentlig ulempe» for verksemda.
3.2 Høyringsfråsegnene
Arbeids- og inkluderingsdepartementet sendte 2. mai 2007 forslag til endring i arbeidsmiljølova om rett til redusert arbeidstid for arbeidstakar som har fylt 62 år til 71 adressatar med høringsfrist 31. august 2007.
Blant adressatane var hovudorganisasjonane på arbeidstakar- og arbeidsgivarsida (i alt 8), aktuelle frittståande fagorganisasjonar (i alt 14) og arbeidsgivarorganisasjonar (i alt 12), relevante interesseorganisasjonar og forskingsinstitusjonar (i alt 13), samt departementa, aktuelle offentlige etatar og andre relevante instansar (i alt 24).
Arbeidstakarorganisasjonane støttar forslaget. Noen meiner likevel at dersom kravet om «vesentlig ulempe» blir ståande, ønskjer dei ei svekking/konkretisering av innhaldet i kravet. Mange av arbeidstakarorganisasjonane er også opptekne av forholdet mellom forslaget om rett til redusert arbeidstid for arbeidstakarar som har fylt 62 år, og pensjonsreglane.
Arbeidsgivarorganisasjonane støttar ikkje forslaget om å lovfeste ein rett til redusert arbeidstid for arbeidstakarar som har fylt 62 år. Fleire av arbeidsgivarorganisasjonane meiner at høvet til å få redusert arbeidstid heller bør knytast til semje/avtale mellom arbeidsgivar og arbeidstakar.
Landsorganisasjonen i Noreg(LO) støttar forslaget. LO føreset at lova opnar for at partane i kvart tariffområde kan inngå tariffavtale om eventuelle tilpassingar.
UNIO støttar forslaget og sluttar seg til grunngivinga frå departementet, men er ueinig i at det er riktig å halde på tryggingsventilen «vesentlig ulempe» for verksemda.
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) sluttar seg til forslaget og grunngivingane som er lagde fram, med unntak av det som knyter seg til den vurderinga av «vesentlig ulempe» som bedrifta skal gjere. YS meiner at ein berre unntaksvis skal kunne akseptere avslag på søknad om redusert arbeidstid.
YS kjenner til at arbeidstakarar som etter eige ønske har fått redusert arbeidstid, utan medverknad er blitt fråtekne arbeidsoppgåver, funksjonar og liknande. YS peiker derfor på at det er viktig at ansvar og gjeremål i stillinga blir avklart på førehand mellom arbeidsgivaren og arbeidstakaren, og at det bør vurderast å ta med ei presisering av slike omsyn i lova eller i forskrift til lova.
Akademikerne ber departementet vurdere om det er meir føremålstenleg å lage eit eige ledd i § 10-2 i staden for å inkorporere føresegna i § 10-2 (4). Akademikerne grunngir dette med at den gjeldande føresegna set som vilkår at arbeidstakaren har behov for redusert arbeidstid. Rett til redusert arbeidstid for arbeidstakar over 62 år skal ikkje ha eit slikt behovskriterium. Ved å skilje ut føresegna i eit eige ledd får ein betre fram at retten til redusert arbeidstid gjeld for alle arbeidstakarar over 62 år, uavhengig av behov.
NITO støttar forslaget, men peiker på at det ser ut til å skape ei pedagogisk utfordring, ettersom det no blir to forskjellige system: rett til redusert arbeidstid etter arbeidsmiljølova og tidleg pensjon etter avtalefesta pensjonsordning/andre avtalte tidlegpensjonsrettar. NITO meiner det ville vere ønskjeleg at departementet medverkar til å synleggjere at retten til redusert arbeidstid etter arbeidsmiljølova er ei anna ordning enn desse avtalte ordningane, og at den lovfesta ordninga har andre verknader enn det som følgjer av AFP/tidlegpensjonsordningane. NITO føreset at lovendringa ikkje er til hinder for at partane kan inngå avtale eller tariffavtale om betre ordningar enn det som følgjer av lova.
Den Norske Jordmorforening støttar forslaget, men ønskjer ei konkretisering av formuleringa «vesentlig ulempe». Det same gjer Norsk Skuespillerforening, som også gjer framlegg om å erstatte formuleringa «vesentlig ulempe» med « uten at bedriften påføres vesentlige økonomiske tap ».
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) meiner det hadde vore ein fordel om utforminga av ei ordning med redusert arbeidstid for dei over 62 år blei sett i samanheng med anna utgreiingsarbeid som gjeld rettar og plikter for eldre arbeidstakarar.
NHO er ueinig i at føresegna om rett til redusert arbeidstid for arbeidstakar som har fylt 62 år, blir teken inn i arbeidsmiljølova § 10-2 fjerde ledd. NHO skriv i si høyringsfråsegn at:
«De grunner som leder til at noen ønsker redusert arbeidstid etter fylte 62 år, er i sin natur langt mer subjektive, mer diffuse og langt mindre dokumenterbare enn de grunner som dagens bestemmelse bygger på. I forarbeidene til dagens bestemmelse går det klart frem at grunnene skal være konkrete og eventuelt kunne dokumenteres. Det kan ikke behovet for å gå av ved fylte 62 år i samme grad være, og en kan hevde at det skal det heller ikke. Hvis en arbeidstaker ønsker redusert arbeidstid, bør det være grunn nok. Det er også grunnlaget for at folketrygden gir denne rettigheten.»
NHO meiner vidare at arbeidsgivaren må kunne avgrense retten ut frå eigne behov, slik at arbeidsgivarar må fritakast for kravet om «vesentlig ulempe». NHO peiker elles på at når retten til redusert arbeidstid blir knytt til arbeidstakarar over 62 år, vil det i stor grad kunne omfatte personar med ein kompetanse som er vanskeleg å erstatte, for eksempel leiarar.
NHO meiner at ordninga med redusert arbeidstid bør byggje på semje mellom arbeidsgivar og arbeidstakar, eller at arbeidsgivaren kan tilby redusert arbeidstid i ei anna stilling eller i ein annan type arbeid.
KS meiner det ikkje trengst meir lovregulering av retten til redusert arbeidstid for arbeidstakarar som har fylt 62 år.
HSH er einig at det er viktig å få arbeidstakarane til å stå lenger i arbeid, og at det er ønskjeleg at den gjennomsnittlege pensjonsalderen stig. HSH er likevel skeptisk til forslaget om å lovfeste ein generell regel om at arbeidstakar som har fylt 62 år, har rett til redusert arbeidstid. HSH meiner forslaget vil medverke til å skape fleire deltidsstillingar, og i ein pressa arbeidsmarknad vil det vere vanskeleg å fylle desse. Når det gjeld leiarstillingar, vil det i tillegg vere nærmast umogleg og svært upraktisk å skaffe ein erstattar som skal kunne fungere som leiar nokre timar eller dagar i veka. For små bedrifter vil også ein automatisk rett til redusert arbeidstid ved fylte 62 år vere vanskeleg. Småbedrifter er spesielt sårbare for ein slik rett, sidan dei har få tilsette, gjerne med spesialkompetanse som vanskeleg kan erstattast av andre.
HSH meiner at rett til redusert arbeidstid på grunn av alder kjem i ein annan kategori enn dei andre grunnlaga, slik at aldersgrunnlaget ikkje bør likestillast med desse. HSH meiner at det ikkje bør vere den same ulempevurderinga som elles når ein arbeidstakar har rett til redusert arbeidstid på grunn av at han eller ho har fylt 62 år. Retten til redusert arbeidstid i slike tilfelle bør heller forankrast i ei semje mellom arbeidstakar og arbeidsgivar. HSH foreslår såleis at det blir innført ei føresegn som føreset semje mellom partane.
Spekter ser ikkje behov for ei endring i arbeidsmiljølova. Den einskilde arbeidsplassen må sjølv utvikle verkemiddel for å motivere seniorane til å stå lenger i arbeidet. Spekter meiner det kan verke utenleg å lovfeste at arbeidstakar over 62 år har rett til redusert arbeidstid. Ei slik føresegn kan fort oppfattast slik at alle arbeidstakarar over 62 år bør søkje om redusert arbeidstid, sidan dei har rett på det. Spekter trur også det vil føre til at desse arbeidstakarane blir mindre attraktive på arbeidsmarknaden.
Finansnæringens Arbeidsgiverforening fryktar at forslaget vil svekkje arbeidsgivaren si stilling og i realiteten føre til at alderskriteriet vil gi ein tilnærma vilkårslaus rett til redusert arbeidstid ved delvis alderspensjonsuttak.
Dei grunnane som i dag kan kvalifisere for redusert arbeidstid, inneber stor grad av skjønn, som skal vurderast mot eit anna skjønnsmessig forhold, nemleg «vesentlig ulempe for bedriften». Denne «balansen» i vurderinga av skjønnsmessige forhold gir ikkje same effekt når det ligg føre eit objektivt kriterium som 62 års alder. Kva grunnar den einskilde arbeidstakaren har for å ta ut delvis alderspensjon / redusert arbeidstid, vil dermed ikkje vere med i noka skjønnsmessig og samla vurdering. Det vil dermed kunne vere reell fare for at det «må meir til» for å oppfylle bedrifta sine krav til «vesentlig ulempe» enn vurderinga mot dei andre kriteria for redusert arbeidstid.
Finansnæringens Arbeidsgiverforening meiner at høvet til å få redusert arbeidstid ved delvis alderspensjonsuttak bør knytast til ein avtale mellom arbeidsgivar og arbeidstakar.
Norges Rederiforbund meiner at det vil innebere ei «vesentlig ulempe for virksomheten» dersom tilsette som arbeider offshore i norsk petroleumsverksemd på kontinentalsokkelen, skulle få rett til redusert arbeidstid. Bakgrunnen for dette er turnusordninga som arbeidstakarar offshore arbeider i.
Helse- og omsorgsdepartementet meiner at forslaget i utgangspunktet er bra, og at det kan medverke til at arbeidstakarar står lenger i arbeid. Det er då ein føresetnad at arbeidstakarane kjenner rettane sine, slik at dei ikkje taper pensjon. Helse- og omsorgsdepartementet meiner at ein bør vurdere om det bør stillast som vilkår at arbeidstakarar som får redusert arbeidstid etter føresegna, tek ut pensjon, og at fritida ikkje blir brukt til å utføre anna lønnsarbeid.
Justisdepartementet støttar forslaget. Justisdepartementet reknar med at tilsette i staten truleg ikkje vil nytte denne retten i like stor grad som arbeidstakarar i private verksemder. Departementet viser til at hovudtariffavtalen (HTA) gir tilsette i staten mellom 62 og 65 år rett til redusert arbeidstid, pkt. 5.9. Vidare vil arbeidstakarar som høyrer inn under HTA, også ha rett til å gå av med avtalefesta pensjon (AFP) frå fylte 62 år. Dei som ikkje ønskjer å gå av med 100 %, kan ta ut delvis AFP.
Likestillings- og diskrimineringsombodet støttar forslaget, men framhevar samtidig at utgangspunktet for seniorpolitikk i arbeidslivet må vere å leggje forholda til rette for at arbeidstakarar kan arbeide fulltid dersom dei ønskjer det.
Ombodet meiner at forslaget, sett i forhold til arbeidstakarar under 62 år, ikkje er i strid med forbodet mot aldersdiskriminering i arbeidsmiljølova. Ombodet viser til at arbeidsmiljølova § 18-6 opnar for positiv særhandsaming som medverkar til å fremme likebehandling.
Norges Kvinne- og Familieforbund støttar forslaget. Forbundet trur at eldre arbeidstakarar vil kunne stå lenger i arbeid når dei kan kombinere arbeid og pensjon. Føresetnaden for dette er at dei er trygge på at dei ikkje får avkorting i pensjonen som følgje av arbeidstidsreduksjonen.
Statens Seniorråd støttar forslaget. Seniorrådet har tidlegare foreslått ein slik rett frå fylte 60 år.