5 Meirverdiavgift - forelding av forseinkingsrenter etter krav om tvangsfullbyrding
5.1 Innleiing og samandrag
Krav på meirverdiavgift med tillegg av renter og kostnader er tvangsgrunnlag for utlegg, jf. meirverdiavgiftslova § 59. Skattefuten kan med heimel i denne paragrafen krevje tvangsfullbyrding av slike krav som har forfalle. Dersom tvangsfullbyrdinga ikkje gjev full dekning, vert krava forelda først 10 år etter at tvangsforretninga er avslutta.
Departementet gjer framlegg om ei ny føresegn i meirverdiavgiftslova § 59 a, slik at renter som forfell etter at tvangsfullbyrding er krevd ikkje blir forelda før kravet sjølv er forelda. Da vert reglane for meirverdiavgift dei same som for skatt og arveavgift. Departementet gjer framlegg om at endringa blir gjennomført straks.
5.2 Gjeldande rett
Krav på meirverdiavgift som ikkje blir betalt ved forfall blir kravd inn av skattefuten. Det gjeld ein alminneleg frist for forelding på tre år for slike krav og for forseinkingsrenter som påløyper etter at krav på meirverdiavgift har forfalle. Krav på meirverdiavgift med tillegg av renter og kostnader er tvangsgrunnlag for utlegg, jf meirverdiavgiftslova § 59. Ved krav om tvangsfullbyrding blir foreldingsfristen avbroten. Fører ikkje tvangsfullbyrdinga til full dekning av krav på meirverdiavgift vil ein få ein tilleggfrist for forelding på 10 år for dette kravet og for forseinkingsrenter mv som har forfalle fram til slutninga av tvangsforretninga, jf lov om forelding av krav § 21 nr 3.
Tilleggfristen omfattar ikkje forseinkingsrenter som påløyper etter slutning av tvangsforretninga. Verken lov om forelding av krav eller meirverdiavgiftslova inneheld noko føresegn om tilleggfrist for forelding av slike renter. Forseinkingsrenter som påløyper etter tvangsforretninga fell såleis inn under den alminnelege frist for forelding på tre år. Ein antar at forseinkingsrenter forfell etter kvart som dei påløyper, og dei vil såleis fortløpande bli forelda tre år etter at dei påløyp, såframt ikkje tiltak som avbryt foreldingsfristen blir gjort. Ein har da ein situasjon kor forseinkingsrenter som påløyper etter ei tvangsforretning kan bli forelda før sjølve avgiftskravet. For å unngå at seinare påløypte forseinkingsrenter bli forelda, må den som krev inn avgifta normalt avholde ny utleggsforretning minst kvart tredje år.
For skattekrav gjeld derimot andre reglar. Skattebetalingslova § 48 a annet ledd lyder:
«Er foreldelse av skattekrav avbrutt etter lov av 18 mai 1979 nr. 18 om foreldelse av fordringer § 17 ved begjæring om tvangsfullbyrdelse, foreldes ikke senere forfalte renter av kravet før kravet selv er foreldet.»
Renter påløypt etter tvangsforretninga blir såleis ikkje forelda før skattekravet sjølv. Det same gjeld for arveavgift, jf arveavgiftslova § 33 a tredje ledd kor det heiter:
«Krav på renter etter § 22 foreldes ikke før selve avgiftskravet er foreldet.»
5.3 Høyringsinstansane sine merknader
Eit notat med forslag om ny meirverdiavgiftslov § 59 a om forelding av forseinkingsrenter blei send på høyring 14. oktober 1996, med høyringsfrist 14. januar 1997.
Følgjande har svara at dei ikkje har merknader til saka:
Den norske Bankforening
Fiskeridepartementet
Forbrukerrådet
Justis- og politidepartementet
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet
Kommunal- og arbeidsdepartementet
Kommunenes sentralforbund
Miljøverndepartementet
Næringslivets Hovedorganisasjon
Planleggings- og samordningsdepartementet
Skattedirektoratet
Skattefogden i Telemark
Utenriksdepartementet
Desse har sagt seg samde i departementet sitt framlegg om ny meirverdiavgiftslov § 59 a, slik at ein får ein føresegn om at renter ikkje blir forelda før kravet sjølv er forelda:
Nærings- og energidepartementet
Skattefuten i Hordaland
Skattefuten i Rogaland
Skattefogden i Nord-Trøndelag
Skattefogden i Oslo og Akershus
Toll- og avgiftsdirektoratet
Nærings- og energidepartementet og Skattefogden i Nord-Trøndelag peikar på at reglane om forelding bør vere mest mogleg likeins innanfor skatte- og avgiftslovgjevinga.
Andre høyringsinstansar har nokre kommentarar til enkelte sider ved departementet sitt framlegg.
Toll- og avgiftsdirektoratet meiner at regelverket bør bli ytterlegare harmonisert enn det departementet legg opp til no. Dei seier i sin merknad:
«En samordning av regelverket anses hensiktsmessig ikke minst med bakgrunn i det faktum at et krav mot en avgiftspliktig som regel vil bestå av flere avgiftstyper. En ulik behandling av disse vil medføre et merarbeid for vår etat. Det bør etter vårt syn være en lik behandling av skatte- og avgiftskrav på tvers av etatsgrensene.»
Skattefuten i Hordaland, Skattefuten i Rogaland, Skattefogden i Nord-Trøndelag og Skattefogden i Oslo og Akershus seier i sine høyringsutsegn at ein føresegn som omtalt i høyringsnotatet vil lette innfordringsarbeidet for skattefuten. Skattefuten i Hordaland uttaler følgjande:
«Panting av senere påløpte renter hvert tredje år kan etter foretatt endring unnlates i de tilfeller der hovedstolen er pantet for. En arbeidsoppgave som nå medfører at saksbehandleren må beregne påløpte, ikke foreldede renter frem til ny pantedato. Pantefullmektigene vil også kunne få noe redusert arbeidsmengde. At debitor slipper å bli belastet pantegebyr hvert 3. år teller også positivt. Problemet med foreldede renter som ligger inne på merverdiavgiftsystemet vil også forsvinne.»
Skattefogden i Oslo og Akershus gir uttrykk for eit tilsvarande syn og seier vidare:
«I en rekke saker er det aktuelt å iverksette fornyet innfordring lang tid etter forfall. Hvor det har gått mer enn 3 år siden siste avholdte utleggsforretning, og det videre har vært noe korrespondanse og delutbetalinger, kreves betydelig kompetanse for å gjøre en kvalifisert vurdering av foreldelsesspørsmålet vedrørende forsinkelsesrentene. Dette betyr at slik beregning av renter og foreldelse legger beslag på uforholdsmessig mye ressurser ved vårt kontor.»
Skattefuten i Hordaland og Skattefuten i Rogalandpeiker på nokre praktiske sider i samband med iverksetting av departementet sitt framlegg. Skattefuten i Hordaland seier mellom anna:
«Det er i forslaget ikke nevnt noe om hvorledes renter oppstått før vedtagelse av lovendring tenkes behandlet. Om lovendringen skal omfatte disse, eller kun renter oppstått etter vedtagelsesdato. Skattefuten i Hordaland er av den formening at en tilbakevirkning der samtlige restanser omfattes vil medføre at foreldede renter vil bli «vekket til live».»
Skattefogden i Hordaland seier videre at
«endringen bør gjøres gjeldende for renter hvor utpantinger er foretatt innenfor tre år før ikrafttredelsesdatoen for loven. Dette med bakgrunn i at påløpte renter etter utpantingene her ikke er foreldet.»
Skattefuten i Rogaland uttaler at same problemstilling var aktuell da lov om forelding ble endra i samband med den nye tvangsfullbyrdingsloven i 1993 og seier i sin merknad at
«Samme overgangsregel bør etter vår mening vedtas også i forbindelse med den nye § 59 a.»
5.4 Departementet sine vurderingar og framlegg
Departementet finn det uheldig og lite føremålstenleg at det i dag er ulike reglar for renter påløypt etter tvangsforretninga for krav på meirverdiavgift og krav på skatt. Etter departementet si meining tilseier ikkje reelle hensyn ein slik forskjell.
Etter departementet sitt syn er det et klart behov for ei lovføresegn som harmoniserer avgifts- og skattelovgjevinga på dette punkt.
Det blir i dag avholde utleggsforretninger som berre har til hensikt å verke fristavbrytande i høve til forelding. Denne oppfølginga av rentekrav fører med seg eit ikkje naudsynt meirarbeid for skattefuten, både i høve til å rekne ut renter etter utlegg, og arbeid med nye tvangsforretninger for å avbryte forelding. Dagens reglar påfører òg skyldnaren ekstra kostnader knytta til utleggsforretningene.
Departementet meiner at hensynet til dei øvrige kreditorane heller ikkje tilseier at det skal vere noko skilnad mellom krav på meirverdiavgift og krav på skatt. Når det er avholdt utleggsforretning, vil kreditorane òg vere klar over at rente av avgiftskravet som forfall seinere ikkje blir forelda før 10-års fristen er løpt ut.
På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om ei ny føresegn i meirverdiavgiftslova som tek omsyn til forseinkingsrenter som påløyper etter tvangsfullbyrding er krevd, slik at desse ikkje blir forelda før hovedstolen er forelda. Ut fra samanhengen med § 59 må ein med «renter» i § 59 a òg forstå forseinkingsrenter som påløyper etter § 37 fjerde ledd.
Etter departementet sitt syn er det viktig at føresegna kjem no for å kunne møte det praktiske behov innfordringsinstansane har. Departementet meiner det vil vere uheldig å avvente ein meir inngåande revisjon av meirverdiavgiftslova og andre avgiftslover.
Meirverdiavgiftslova inneheld i dag ikkje reglar om forelding. Departementet sitt framlegg om ei eiga føresegn om forelding av renter som forfaller etter tvangsforretninga heng nært saman med føresegnene i kapittel XV om inndriving og søksmål. Departementet meiner derfor at det systematisk er mest hensiktsmessig å plassere føresegna saman med disse reglane.
Ved at føresegnene i kapittel XV gjeld tilsvarande så langt dei passer for investeringsavgift, jf. lov av 19. juni 1969 nr. 67 § 7 siste ledd, vil føresegna òg gjelde for investeringsavgift.
Skattefuten i Hordaland og Skattefuten i Rogalandhar i sine høyringsmerknader teke opp spørsmålet om overgangsreglar.
Det er fleire ulike løysningar av overgangsspørsmålet for den foreslåtte endringa. Alternativa er i første rekke å la den nye føresegna få verknad for renter som påløyper etter ikrafttredinga. Dernest kan den nye føresegna òg få verknad for renter som har påløypt før ikrafttredinga gitt at dei ikkje er forelda ved ikrafttredinga. Den siste løysninga er i samsvar med den overgangsløysninga som ble valgt ved endringene i lov om forelding §§ 21 og 22 i 1993, og den som etter departementet si meining vil gi den rimelegaste regelen. I departementet sitt framlegg er derfor denne løysninga valgt.
Departementet gjer framlegg om at den nye føresegnen tek til å gjelde straks. Ein viser til utkastet til ny meirverdiavgiftslov § 59 a.