3 Oppnemning av dispasjørar
Dispasjørar er ikkje embetsmenn, og det er derfor ikkje naudsynt at dispasjørar «beskikkes» i statsråd, slik som i dag etter sjølova § 462 andre leddet. Slik «beskikkelse» kan derfor departementet gjere. Departementet gjer derfor framlegg om at sjølova § 462 andre leddet blir endra slik at det er departementet som skal oppnemne dispasjørar. Ved forskrift vil myndigheita til å oppnemne dispasjørar bli lagt til Justisdepartementet.