1 Innleiing og samandrag
1.1 Innleiing
Departementet fremjar i denne proposisjonen framlegg om endring i lov om forsøk i offentleg forvaltning. Bakgrunnen for framlegget er Stortingsmelding nr. 19 (2001-2002) «Nye oppgaver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå» og Innst. S. nr. 268 (2001-2002) frå kommunalkomiteen. I stortingsmeldinga tok regjeringa til orde for at det blei sett i gang forsøk med å organisere fylkesmannsembetet og fylkeskommunen i eitt felles forvaltningsorgan, einskapsfylket. Fleirtalet i kommunalkomiteen støtta i innstillinga framlegget frå regjeringa.
I innstillinga frå regjeringa blei det peikt på at eventuelle forsøk med einskapsfylke ville krevje endringar i forsøkslova, da denne lova per i dag ikkje opnar for den typen forsøk. I denne proposisjonen kjem regjeringa med framlegg til endringar i forsøkslova som krevst for å kunne setje i gang forsøk med einskapsfylke.
Lovproposisjonen har ikkje vore på allmenn høyring. Framlegget om forsøk med einskapsfylke har alt vore lagt fram for Stortinget i form av ei stortingsmelding, og Stortinget har gjeve si tilslutning. Departementet fann på denne bakgrunnen at det var heilt klart at allmenn høyring var unødvendig.
1.2 Samandrag av proposisjonen
I kapittel 2 kjem det først i punkt 2.1 ei oversikt over det formelle juridiske grunnlaget for verksemda til fylkeskommunen og fylkesmannen. Det blir vist til at grunnlaget for fylkeskommunen er å finne i lov om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova) og i vallova, medan rolla til fylkesmannen som regionalt forvaltningsorgan ikkje er underlagd generell regulering i lov. I punkt 2.2 har vi ein omtale av forsøkslova, av formål, system og avgrensingar, og kvifor departementet meiner det må til ei lovendring for å kunne setje i gang forsøk med einskapsfylke. I punkt 2.3 er det gjeve ein nærmare omtale av kva det ligg i omgrepet «einskapsfylke» og om nokre organisatoriske utfordringar knytte til klage, tilsyn og kontroll og til oppgåver som krev nasjonale heilskapsgrep. Det vil vere opp til dei aktuelle fylka å utforme forsøket, gjere greie for korleis forsøket skal gjennomførast og korleis ein skal ta vare på dei ulike omsyna. Det er også teke inn ein kort omtale av dei søknadene departementet har fått inn til no, og korleis den vidare prosessen er lagd opp. I kapittel 3 blir det gjort greie for dei juridiske vurderingane departementet har knytt til lovendringa. Kapittel 4 inneheld ein omtale av økonomiske og administrative konsekvensar av lovendringa og forsøket.