4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet kjem ikkje med framlegg om endringar når det gjeld det allmenne prinsippet om at forsøkseiningane sjølve ber kostnader knytte til gjennomføringa av forsøk.
Einskapsfylket vil i hovudsak vere finansiert gjennom statlege overføringar gjennom inntektssystemet til fylkeskommunen og statlege overføringar over Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett til fylkesmannsembetet. Kommunal- og regionaldepartementet vil vurdere å hjelpe til med å dekkje nødvendige eingongskostnader når forsøket blir sett i gang.
Ein kan gå ut frå at denne alternative organiseringsmåten kan gjere sitt til reduserte kostnader og andre synergieffektar knytte til samlokalisering og integrering. Ein ventar også at forsøket vil innebere eit forenkla og meir oversiktleg system for innbyggjarane. Gjennomføringa av forsøket vil ikkje få økonomiske eller administrative konsekvensar for kommunane eller regional statsforvaltning (utanom fylkesmannsembetet).
Evaluering av forsøket vil skje i tilknyting til den breie og forskingsbaserte evalueringa av fylkeskommunen og organiseringa av det regionale nivået generelt, som regjeringa planlegg å gjennomføre i neste stortingsperiode.