1 Innleiing - bakgrunn
Helse- og omsorgsdepartementet legg med dette fram forslag om endring i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m., slik at det mellombels forbodet mot xenotransplantasjon blir forlengd med eit år, fram til 1. januar 2008.
I dei seinare åra har ein i Noreg greidd å utnytte potensialet for transplantasjon noko betre enn tidligare og i 2003 blei det gjennomført fleire transplantasjonar enn noko tidligare år. Denne utviklinga heldt fram i 2004 kor ein hadde ei ytterlegare lita auking samanlikna med 2003.
Etter to år med positiv utvikling for transplantasjonsverksemda var det i 2005 ein nedgang i talet på realiserte donasjonar. I 2005 blei det realisert 76 donasjonar, mot 90 realiserte donasjonar i 2004. Dette førte til at det i 2005 blei utført færre transplantasjonar enn i 2004 (totalt 328 organ mot total 365 organ)
Sjølv om ein altså dei seinare åra har greidd å utnytte potensialet for transplantasjon noko betre enn tidligare, er det framleis lange ventetider. Dessutan kan talet på gjennomførte transplantasjonar kome til å endre seg raskt, ettersom tilfanget av organ i stor grad er avhengig av ytre faktorar. Til dømes skyldes nedgangen i talet på transplantasjonar i 2005, mellom anna at talet på pårørande som avslo donasjon var noko høgare i 2005 enn i dei to føregåande åra (33 prosent mot 25 prosent) og at det i noko fleire tilfeller ikkje var mogleg å gjennomføre organdonasjon av medisinske årsaker.
Mangelen på organ til transplantasjon er eit internasjonalt problem, og høvet til å gjennomføre xenotransplantasjon har derfor i dei seinare åra vore drøfta i mange land og i fleire internasjonale organisasjonar. Med xenotransplantasjon meines overføring av levande biologisk materiale (til dømes celler, vev eller heile organ) frå dyr til menneske, men det kan òg vere at humane kroppsvæsker, celler eller vev utanfor kroppen har kontakt med levande celler, vev eller organ frå dyr.