3 Høyringsfråsegn og merknadar
Forslag til lovendringar har vore sendt til:
Akademikerne
Akershus fylkeskommune
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Assuranceforeningen Skuld (Gjensidig)
Aust-Agder fylkeskommune
Barne- og likestillingsdepartementet
Bergen kommune
Bergen og Omland havnevesen
Bodø Havn KF
Bodø kommune
Buskrud fylkeskommune
CargoNet Group
Color Line Oslo
Dampskipsexpeditørenes Forening
Den norske Advokatforening
Den norske revisorforening
Det Norske Veritas
DFDS Seaways AS
Direktoratet for naturforvaltning
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
ECON
Elkem ASA
Fagforbundet
Fellesoperativt Hovedkvarter
Finansdepartementet
Finmark fylkeskommune
Fiskebåtredernes Forbund
Fiskeri- havbruksnæringens landsforening (FHL)
Fiskeridirektoratet
Fjord Line (Danmarkslinjen AS)
Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Forsvarsdepartementet
Fraktefartøyenes rederiforening
Fylkesmannen i Aust-Agder, Miljøvernavd.
Fylkesmannen i Buskerud, Miljøvernavd.
Fylkesmannen i Finnmark, Miljøvernavd.
Fylkesmannen i Hedmark, Miljøvernavd.
Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvernavd.
Fylkesmannen i Møre- og Romsdal, Miljøvernavd.
Fylkesmannen i Nordland, Miljøvernavd.
Fylkesmannen i Nord-Trøndelag, Miljøvernavd.
Fylkesmannen i Oppland, Miljøvernavd.
Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Miljøvernavd.
Fylkesmannen i Rogaland, Miljøvernavd.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Miljøvernavd.
Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, Miljøvernavd.
Fylkesmannen i Telemark, Miljøvernavd.
Fylkesmannen i Troms, Miljøvernavd.
Fylkesmannen i Vest-Agder, Miljøvernavd.
Fylkesmannen i Vestfold, Miljøvernavd.
Fylkesmannen i Østfold, Miljøvernavd.
Gard Services AS
Greenpeace
Grenland havn IKS
Haugesund kommune
Havforskningsinstituttet
Hedmark fylkeskommune
Helse- og omsorgsdepartementet
Hordaland fylkeskommune
Hovedredningssentralen Nord-Norge
Hovedredningssentralen Sør-Norge
Hurtigbåtenes Rederiforbund
Hurtigruten Group
Intertanko
Jernbaneverket
Justisdepartementet
Karmsund Havnevesen
Kommunal- og regionaldepartementet
Kommunenes sentralforbund
Kongelig Norsk Båtforbund
Konkurransetilsynet
Kristiansand Havn KF
Kristiansand kommune
Kultur- og kirkedepartementet
Kunnskapsdepartementet
Kystdirektoratet
Landbruks- og matdepartementet
Landsorganisasjonen i Norge
Logistikk- og transportindustrienes landsforening
Losoldermennenes landsforening
Marintek A/S
Maritim Forum
Meteorologisk institutt
Miljøstiftelsen Bellona
Miljøverndepartementet
Møre og Romsdal fylkeskommune
Natur og Ungdom
Nordisk Institutt for Sjørett
Nordisk Skibsrederforening
Nordland fylkeskommune
Nord-Trøndelag fylkeskommune
Norges Dykkerforbund
Norges Fiskarlag
Norges Naturvernforbund
Norges Rederiforbund
Norges Seilforbund
Norsk Forening for Fartøyvern
Norsk Havneforbund
Norsk Havneforening
Norges Havneingeniørforening
Norsk Hydro ASA
Norsk industri
Norsk Petroleumsinstitutt
Norsk Polarinstitutt
Norsk Sjømannsforbund
Norsk Skipsmeglerforbund
Norsk Tjenestemannslag NTL
Norske Skog
Norske Trålerederiers Forening
Norwegian Hull Club
Nærings- og handelsdepartement
Næringslivets hovedorganisasjon NHO
Olje- og energidepartementet
Oljedirektoratet
Oljeindustrienes Landsforening
Oppland fylkeskommune
Oslo Havn KS
Oslo Kommune
Petroleumstilsynet
Porsgrunn kommune
Rederienes Landsforening
Redningsselskapet
Rogaland fylkeskommune
Samferdselsdepartementet
Short Sea Shipping Norway
Sjøassurandørenes Centralforening
Sjøfartsdirektoratet
Sogn og fjordane Fylkeskommune
Statens Forurensingstilsyn
Statens havarikommisjon for transport
Statens Kartverk Sjø
Statens Vegevesen, Vegdirektoratet
Statoil Norge ASA
Stavanger interkommunale havn IKS
Stavanger kommune
Sysselmannen på Svalbard
Sør-Trøndelag fylkeskommune
Telemark fylkeskommune
Telenor Maritime Radio
Transportbrukernes Fellesorganisasjon
Troms fylkeskommune
Tromsø Havn KF
Tromsø kommune
Trondheim havn
TØI
Utanriksdepartementet
Vest-Agder fylkeskommune
Vestfold fylkeskommune
WWF Norge
YS Stat v/ Norsk Losforbund
Østfold fylkeskommune
Ålesund kommune
Ålesundregionenes Havnevesen
Høyringsfråsegnene er refererte og grupperte under tematiske overskrifter. Fiskeri- og kystdepartementet har vidare lista eit utval av innkomne fråsegner som representerer dei viktigaste merknadane til lovforslaget. Nokre av høyringsfråsegnene er send til Kystverket for vidare oppfølging i samanheng med fastsetjing av forskrifter. Andre fråsegner vil bli behandla i samanheng med revisjonen av lov om havner og farvann 8. juni 1984 nr. 51.
Sikring og terrorberedskap i hamner - ansvar og finansiering
Rederienes Landsforening:
Foreininga meiner at implementering av ISPS-koden og terrorberedskap i hamner er eit samfunnsmessig ansvar som bør finansierast ved tilskotsordningar frå staten, ikkje gjennom auka avgifter retta mot sjøtransporten. Avgiftene gir sjøtransporten ei konkurranseulempe i forhold til landtransport. Dei seier vidare at Kystverket ikkje kan krevje gebyr for kontroll og tilsyn som blir gjennomført for å sikre at lov og vedtak blir følgde.
Stavangerregionen Havn IKS:
Stavangerregionen Havn IKS meiner at forslaget om å finansiere Kystverkets arbeid med terrorsikring gjennom gebyrlegging av hamneterminalane bør avvisast.
Ålesundregionens Havnevesen:
Etter Ålesundregionens Havnevesen sitt syn er det sterkt beklagelig at tiltak knytt til terrorberedskap i praksis blir betrakta som ei privat oppgåve. Dei meiner det også er behov for å presisere kva oppgåver som kviler på hamnene.
Dei seier at eit brukarfinansiert tilsyn som er drive som eigen resultateining innan Kystverket er uønskt av fleire årsaker. For det fyrste ser dei ikkje nokon grunn til at Kystverket skal byggje opp eiga bemanning innan eit fagfelt som allereie blir teke vare på av politiet og Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM). For det andre meiner dei at beredskapen mot terror på skip og i hamner bør vere statleg finansiert. For det tredje meiner hamnevesenet at forslaget om å innføre nye gebyr, er eit klart brot med politiske intensjonar om å gjere sjøtransport meir konkurransedyktig.
Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening:
Synspunkta til Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) fell på dei vesentlegaste punkta saman med fråsegna frå Ålesundregionens Havnevesen.
FHL protesterer på forslaget om at gebyret som Kystverket kan krevje inn for å dekke utgifter knytte til oppgåver med sikring og terrorberedskap i hamner, skal utgjere ein lik kronesum for alle hamneanlegg, uavhengig av storleik og aktivitet.
Fiskebåtredernes forbund:
Forbundet stiller seg tvilande til om betringa i terrorberedskapen står i stil med den ressursbruken ein legg opp til. Dei meiner det er uheldig at Kystverket åleine skal kunne definere dei behova som gir grunnlag for auke i årsverk og dekking av utgifter.
Norsk Havneforbund:
Forbundet peiker på at tiltak for å sikre borgarane mot terrorhandlingar bør vere eit statleg ansvar, som blir finansiert over statens eigne budsjett i staden for å bli knytt mot enkeltnæringane sine finansielle ressursar.
Fraktefartøyenes rederiforening:
Foreininga viser til at det er eit overordna politisk mål at mest mogeleg last skal overførast frå bil til båt, fordi sjøtransport er kostnadseffektivt, miljøvennleg og samfunnsmessig gunstig. Foreininga meiner at det faktisk er det motsette som skjer, og at det kan tilskrivast ubalansen i avgiftssystemet.
Fiskeridirektoratet:
Direktoratet understrekar at sikringstiltaka ikkje bør vere av ein slik art at det fører til unødvendige problem og økonomiske belastningar for den delen av fiskeflåten som er avhengig av å bruke hamnene som er omfatta av regelverket.
Damspskipsexpeditørenes Forening:
Foreininga meiner at innkrevjing av gebyr forsterkar den konkurransevridinga som sjøtransporten opplever i forhold til bil- og banetransport, trass i at sjøtransport er ei ønskt og prioritert transportform.
Næringslivets Hovedorganisasjon:
Organisasjonen reiser spørsmål ved forslaget om at styresmaktene skal finansiere tilsynsoppgåver ved innkrevjing av gebyr. Organisasjonen meiner at sikkerheit er eit offentleg gode som må takast vare på av styresmaktene, ikkje minst fordi det er dei som tek initiativ og gir pålegg om slike tiltak. Det blir derfor hevda at det offentlege bør vere med å finansiere tiltaka som er kravd i regelverket om sikring og terrorberedskap i hamner.
Departementets merknader:
Kystverket er statleg hamneetat, og har med dette også ansvaret for sikring og terrorberedskap i hamnene. Kystverket skal kontrollere at hamnene set i verk tiltak i samsvar med krava i det internasjonale regelverket som Noreg er forplikta til å ta inn i eiga lovgiving.
Forslag til lovendringar implementerer gjeldande EU-lovgiving og det vidareutvikla internasjonale regelverket som har kome etter 2004 som ein følgje av auka risiko for terror. Reglane som no skal inn i det nasjonale lovverket er nye, og oppgåvene ligg utanfor det tradisjonelle ansvarsområdet for politi og andre sikringsmyndigheiter. Ei del av tiltaka og oppgåvene kan til dømes samanliknast med dei som gjeld for å sikre lufthamnar, og som betalast av brukarane.
Kystverket sitt ansvar og arbeid med regelverket om sikring og terrorberedskap i hamnene vil, som nemnt over, krevje auka ressursar og permanente organisatoriske endringar, slik at både gjeldande og nye oppgåver innan feltet kan løysast tilfredsstillande. Det er på denne bakgrunn foreslått at kostnadene til Kystverket blir dekte inn gjennom eit flatt årleg gebyr kravd inn frå kvar einskild hamneterminal som er omfatta av regelverket.
Når det gjeld utforminga av gebyret viser vi til Rundskriv R-112/2006 frå Finansdepartementet. Grunnvilkåret for å etablere ei gebyrordning er at det offentlege utfører ei klart definert myndigheitshandling overfor betalaren, og at det ikkje blir betalt for noko anna eller meir. Dette grunnvilkåret blir oppfylt med gebyret Kystverket etter lovforslaget skal kunne krevje inn frå hamnene, og er elles i samsvar med vanleg forvaltingspraksis. Kystverkets kostnader med hamnesikring er berekna til 13,5 mill. kroner i 2007. Det er lagt opp til at storleiken på gebyret blir fastsett i samband med dei årlege statsbudsjetta, jf. St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Fiskeri- og kystdepartementet. Med i overkant av 550 hamneterminalar omfatta av regelverket for sikring og terrorberedskap, vil gebyret i 2007 liggje på 25 000 kroner per hamneterminal.
Det har vore nøye vurdert om gebyret skal vere like stort for alle hamneterminalar. Spørsmålet om differensiert gebyr etter kor stor eller aktiv hamneterminalen er må ein sjå opp mot Rundskriv R-112/2006 frå Finansdepartementet. Ei eventuell differensiering av gebyret må ha bakgrunn i at Kystverket sin ressursbruk på oppgåver knytte til hamnesikring varierer mellom ulike hamneterminalar. Slik er det ikkje, verken for enkeltståande terminalar eller grupper av terminalar, og det er difor mest tenleg at det blir fastsett eit likt gebyr for alle hamneterminalar som er omfatta av regelverket.
Når det gjeld innvendingar mot innkrevjing av gebyr på bakgrunn av måla om å overføre meir godstransport til sjø, viser vi til at tiltaka som blir innførde i hamnene som følgje av det internasjonale regelverket må sjåast på som ein del av det allmenne ansvaret transportnæringa har for å verne eiga verksemd.
I tråd med gjeldande finansieringsprinsipp for maritim infrastruktur er det vidare lagt opp til at sikrings- og terrorberedskapstiltak i hamner blir betalte av dei som nyttar denne infrastrukturen. Som nemnt i punkt 2 over ser ein internasjonalt på behovet for å innføre sikring og terrorberedskap for heile transportkjeda og alle transportgreiner, og innføring av slike nye internasjonale sikringsstandardar er ei prioritert oppgåve i arbeidet for auka samfunnstryggleik.
Konkrete oppgåver og ansvar som kviler på hamnene etter det internasjonale regelverket om sikring og terrorberdeskap, vil bli fastsett gjennom forskrift.
Omgrepa «forebygge og hindre terrorhandlinger»:
Ålesundregionens Havnevesen:
Ålesundregionens Havnevesen meiner at private ikkje kan påleggjast å gjennomføre tiltak og gjere investeringar som hindrar terrorhandlingar. Dei viser til at å hindre ei terrorhandling normalt vil krevje væpna innsats, og dette er ikkje oppgåver for det sivile samfunn.
Norsk Havneforbund:
Forbundet hevdar at terrorhandlingar må hindrast av politi og/eller militære, og at hamnene ikkje kan påleggjast ei slik oppgåve.
Damspskipsexpeditørenes Forening:
Foreininga meiner at det er uklart kva som ligg i «å førebygge og hindre terrorhandlinger», og at ein derfor bør presisere at ansvaret er avgrensa til å kontrollere, stanse og rapportere/melde ulovlege handlingar.
Departementets merknader:
Departementet meiner at forslaget til paragraf om sikring og terrorberedskap i hamner og merknadene til paragrafen og referansar, beskriv kva plikter som kviler på hamnene og terminaleigarane, og kva type tiltak som skal gjennomførast. Sjølv om opplistinga i teksten til lovforslaget ikkje er uttømmande, kjem det etter departementet si vurdering fram av samanhengen kva som ligg i orda «forebygge» og «hindre». Alle tiltak som skal på plass i samsvar med regelverket er av førebyggjande karakter. Målet er at ein med dette vil hindre terrorhandlingar. Konkrete krav til hamner og hamneterminalar vil bli fastsette gjennom forskrift.
Andre fråsegner:
Norsk Sjøoffisersforbund:
Forbundet meiner at det er behov for å ta vare på sjømannen sin rett til landlov, og at dette ikkje er teke omsyn til i lovforslaget frå departementet.
Norsk Losforbund:
Forbundet meiner at Kystverket, anten gjennom lov eller forskrift, bør få rett til å innføre eit nasjonalt system for kontroll og tilgang for offentlege tenestemenn som har virke i hamner, eller i tilknyting til desse, og på skip.
Departementets merknader:
Formålet med lov om hamner og farvatn er å leggje forholda til rette for ei best mogeleg planlegging, utbygging og drift av hamner, og å tryggje ferdsla. Det ligg derfor utanfor formålet å gi reglar om sjømennene sine rettar til landlov. Departementet viser til at lov 16. februar 2007 nr. 9 om skipssikkerhet legg til rette for å gjennomføre ILO-konvensjon nr. 185: Seafarers Identity Documents Convention. Spørsmålet om tilgang til hamner og hamneanlegg for personar, tilsette, sjømenn og offentlege tenestemenn er på den andre sida svært viktig, og reglar om dette vil bli fastsette i forskrift som er heimla i forslag til ny paragraf i lov om hamner og farvatn.
Fylkesmannen i Vest–Agder:
Fylkesmannen er ueinig i det skiljet lovteksten dreg opp mellom omgrepa «terrorhandling» og «anslag», og meiner at «terrorhandling» bør takast ut. Fylkesmannen viser til at «anslag» er eit meir dekkjande ord, som også omfattar «terrorhandling».
Departementets merknader:
Departementet vil presisere omgrepet «ulovlige handlinger» i lovforslaget, for å gjere det tydeleg at ikkje også aktlause handlingar vert omfatta. Føremålet med regelverket er å førebyggje og hindre forsettelege ulovelege handlingar.
Terminologien i forslaget til ny paragraf om sikring og terrorberedskap, og definisjonen av omgrepet «terrorhandlinger» er i samsvar med andre lovverk, slik som skipssikkerhetsloven og lov om forebyggende tjeneste. Departementet sitt syn er at ordet «anslag» er omfatta av omgrepet «terrorhandlinger». For å klargjere dette tas «anslag» ut av paragrafteksten.