5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Det finst inga oversikt over dei nøyaktige kostnadene ei innføring av direktiv 65/2005 og forordning 884/2005 vil medføre for hamnene. Kostnadene knytte til dette arbeidet er vanskeleg å talfeste nøyaktig, men bygd på tidlegare erfaringar vil dei sannsynlegvis liggje ein stad mellom 6 og 10 millionar kroner per hamn. I tillegg kjem utgifter som følgje av drift og vedlikehald.
Kystverket reknar med at det er rundt 220 hamner og 550 hamneterminalar som blir omfatta av regelverket. Det er store variasjonar mellom hamnene, både med omsyn til behovet for å tilsette ekstra personell for å handtere terrorsikringa, og med omsyn til kva sikringstiltak som trengst. Det er særleg lokalisering, trusselvurdering og trafikkgrunnlag som gir ulike utslag i sårbarheitsvurderinga og sikringsplanen til den einskilde hamna.
Kostnadene til hamnene vil på vanleg måte bli dekt av dei som bruker hamneanlegga. Vi viser i denne samanhengen til reglar og retningsliner for innkrevjing av avgifter og vederlag knytte til lov om hamner og farvatn.
Gjennomføringa av det nye regelverket vil saman med eksisterande regelverk krevje store økonomiske og administrative ressursar i Kystverket, både strategisk og operativt. Dei tyngste oppgåvene er knytt til:
Godkjenning og oppfølging av RSO"er (verksemder godkjende av Kystverket til å utføre sårbarheitsvurderingar og utarbeide sikringsplanar)
Utarbeiding og godkjenning av sårbarheitsvurderingar
Fastsetjing av grenser
Godkjenning av sikringsplanar
Godkjenning av sikringsoffiserar
Tilsyn/revisjon
Utarbeiding av regelverk, styrande dokumenter og retningsliner
Verifikasjonsarbeid
Som omtalt vil Kystverkets oppgåver bli finansierte av eit gebyr som skal krevjast inn frå hamnene. Kystverkets oppgåver er kontinuerlege, og det vil krevje permanente organisatoriske endringar for å løyse gjeldande og nye oppgåver innan hamnesikring. Ressursbehovet er venta å auke med 15 årsverk fordelte på tilsyns- og kontrollarbeid og overordna arbeid med styrande dokument. Dei totale kostnadene for Kystverket sitt arbeid med hamnesikring er utrekna til 13,5 mill. kroner i 2007, slik det kjem fram i St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Fiskeri- og kystdepartementet.
Storleiken på gebyret blir fastsett i ei eiga forskrift. Forskrifta vil bli fastsett kvart år gjennom budsjettprosessen. Forskrifta blir fastsett av departementet, på same måte som for andre gebyr Kystverket krev inn. Med rundt 550 hamneterminalar som er omfatta av regelverket om sikring og terrorberedskap, er det i budsjettproposisjonen foreslått at gebyret i 2007 blir 25 000 kroner per hamneterminal.