1 Innleiing
Regjeringa legg med dette fram forslag til endringar i lov av 3. juni 1977 nr. 50 om arbeidstiden på skip og lov av 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister. Forslaget er fremja for å gjennomføra endringar vedtekne under STCW-konferansen (Standards of Training, Certification and Watchkeeping) i juli 1995 av FNs maritime organisasjon, IMO, i vedlegget til STCW-konvensjonen og ein ny kode med nærare føresegner til denne. Del A av denne koden er obligatorisk.
Endringane inneber innføring av obligatoriske krav til kviletid for vaktgåande personell på norske skip som eit ledd i arbeidet for auka tryggleik til sjøs ved reduksjon av talet på ulykker som skriv seg frå menneskeleg svikt på grunn av trøyttleik.
Dei internasjonale krava inneber i prinsipp ei heilt ny ordning ved at reglane retter seg både mot kviletida og arbeidstida. Samstundes blir det skipa ei ny norm for kva som er forsvarleg drift av skip og som gjeld for all skipsfart.