3 Departementets merknader til ein del spørsmål
3.1 Gjennomføring av forordninga ved endringar i merkeloven
Det følgjer av artikkel 7 i EØS-avtalen at forordningar «som sådan» skal gjerast til del av avtalepartane sin interne rettsorden. Dette inneber i praksis at forordninga må gjennomførast i norsk rett, ved at det anten i lov eller forskrift vert fastsett at ho skal gjelde.
Departementet har vurdert om forordninga kunne gjennomførast som forskrift med heimel i gjeldande merkelov. Det vart spesielt vurdert om § 3 femte ledd kunne nyttast som heimel for ei slik forskrift. Føresegna vart teken inn i loven for å gi særskild heimel for forskrifter om frivillig støymerking av hushaldningsapparat. Departementet er likevel kome til at denne føresegna ikkje er vid nok til å heimle gjennomføring av forordninga.
Etter ei samla vurdering har departementet funne det mest formålstenleg at forordninga blir inkorporert direkte i merkeloven i form av ei ny føresegn, § 6a. Dette inneber at forordninga blir gjord gjeldande som lov, med dei tilpassingar som følgjer av EØS-avtalen, utan at ein konkret forordningstekst blir teken inn i lovteksten. For å gjere henne lettare tilgjengeleg er forordninga, med dei tilpassingar som følgjer av EØS-avtalen, teken inn som vedlegg til proposisjonen. Departementet si EØS-tilpassing av teksten har ingen formell juridisk status.
For å klargjere tilhøvet mellom forordninga og dei andre føresegnene i merkeloven må det gjerast enkelte tilpassingar av loven. Det blir foreslått å dele loven inn i kapittel slik at forordninga blir gjennomført i eit eige kapittel. Vidare blir det gjort framlegg om å endre teksten i § 2 i loven om verkeområde, slik at det framgår at loven også omfattar varer som er meinte å skulle omsetjast i EØS-området, der føresegnene i loven eller forskrifter gitt med heimel i loven, tener til å oppfylle plikter etter EØS-avtalen. Dette vil truleg vere tilfellet også i dag. Departementet ser det likevel som formålstenleg med ei klargjering, særleg av di gjeldande føresegner om merking i hovudsak er reglar som følgjer av gjennomføring av EØS-avtalen. I den mon det blir innført særnorske reglar, vil desse etter § 2 ikkje gjelde for varer som blir omsette utanfor Noreg. Reglar som er felles for EØS, vil gjelde for varer som skal omsetjast innanfor EØS, men ikkje for varer som blir eksporterte til land utanfor EØS.
Departementet ser det som formålstenleg å vidareføre ordninga med Stiftinga Miljømerking i Noreg som ansvarleg organ. I framlegget til ny § 6a andre ledd er det teke inn ein forskriftsheimel som gir høve til å gi nærmare føresegner til gjennomføring av forordninga.
Forordninga har ikkje eigne sanksjonsføresegner. Det er likevel føresetnaden at den enkelte stat innfører same type sanksjonsføresegner som ved brot på tilsvarande nasjonale reglar. Brot på føresegna om marknadsføring i artikkel 16 vil bli behandla etter marknadsføringsloven, som blir handheva av Forbrukarombodet, jf kapittel 3.3. Artikkel 13 om teieplikt i samband med behandlinga av søknader om tildeling av miljømerket er etter departementet si vurdering også ei føresegn der det er aktuelt med sanksjonar ved regelbrot. Ved at forordninga blir gjennomført ved ei føresegn i merkeloven, vil straffeføresegnene i merkeloven gjelde. Dette inneber at forsettleg eller uaktsomt regelbrot blir straffa med bøter, dersom ikkje andre og strengare straffebod kjem i bruk.
3.2 Forvaltning av merkeordninga
3.2.1 Ansvarleg organ
Etter artikkel 9 i forordninga skal EØS-statane peike ut eitt eller fleire ansvarlege organ til å forvalte merkeordninga på det nasjonale planet.
Barne og familiedepartementet inngjekk i 1995 avtale med Stiftinga Miljømerking i Noreg om at denne skulle vere ansvarleg organ for EUs miljømerkeordning.
Stiftinga Miljømerking i Noreg vart oppretta i 1989 etter at Forbrukar- og administrasjonsdepartementet hadde fremja forslag til Stortinget om løyvingar til å opprette ei offentleg stifting. Stiftinga skulle ivareta funksjonen som nasjonalt organ for den nordiske miljømerkeordninga («Svanemerket»). Både private organisasjonar og offentlege styresmakter er representerte i styret for stiftinga. Eit sekretariat står føre den daglege drifta og behandlar søknader om lisens til bruk av miljømerket «Svanen». Sekretariatet, som har 15 tilsette, har lang røynsle innanfor feltet miljømerking.
Departementet valde å leggje oppgåvene som ansvarleg organ for det europeiske miljømerket til Stiftinga Miljømerking i Noreg fordi det her fanst den nødvendige kompetansen til å administrere ordninga på ein forsvarleg måte. I tillegg ville dette krevje mindre ressursar enn å byggje opp eit nytt organ. Departementet ser det som formålstenleg å halde fram med denne ordninga.
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) viser i høyringsfråsegna si til at det europeiske miljømerket ikkje er vorte like utbreidt i Noreg som i nabolanda våre. NHO meiner at departementet bør påleggje Stiftinga Miljømerking i Noreg å marknadsføre dette merket på lik linje med det nordiske miljømerket «Svanen». Forbrukarrådet peiker på at informasjon om ordninga bør nå ut til så mange forbrukarar og næringsdrivande som råd er. Departementet viser til at Stiftinga Miljømerking i Noreg etter avtale og artikkel 15 i forordninga har plikta seg til å drive informasjonsarbeid om ordninga overfor både forbrukarar og føretak.
3.2.2 Tilhøvet til forvaltningsloven og offentlegheitsloven
Stiftinga Miljømerking i Noreg reknast som eit organ for staten etter forvaltningsloven § 1 og offentlegheitsloven § 1. Forvaltningsloven og offentlegheitsloven vil derfor gjelde for stiftinga si verksemd. Det kan nemnast at dette svarar til situasjonen i Finland, der ein uttrykkjeleg har gjort forvaltningsloven gjeldande for verksemda til det finske organet for miljømerking, jf «lag om förfarandet vid tilldelning av Europeiske gemenskapens miljömerke». Den same løysinga er vald i Danmark, jf «Bekendtgørelse om det europeiske og det nordiske miljømærke».
Etter departementet si vurdering er vedtak som tek stilling til om eit produkt skal merkjast med det europeiske miljømerket enkeltvedtak etter forvaltningsloven, jf forvaltningsloven § 2 første ledd. Dette inneber at saksbehandlingsreglane for enkeltvedtak i forvaltningsloven kjem i bruk.
Etter artikkel 13 i forordninga har ansvarleg organ og andre involverte personar teieplikt for alle opplysningar dei får kjennskap til ved vurderinga av eit produkt med sikte på tildeling av merket. Dette går noko lenger enn det som følgjer av den tilsvarande føresegna i forvaltningsloven, jf § 13 første ledd nr 2, der teieplikt m a føreset at det gjeld opplysningar som kan verke inn på konkurransetilhøva. Forordninga må likevel gjennomførast fullt ut etter si ordlyd. Gjennom det lovframlegget som her ligg føre, vil reglane i artikkel 13 vere spesialføresegner som går framom føresegnene om teieplikt i forvaltningsloven. Dei opplysningane som er nemnde i artikkel 13, vil dessutan vere unnatekne offentleg innsyn etter offentlegheitsloven § 5a.
3.2.3 Nærmare om klageretten
Det blir foreslått at departementet eller den departementet gir fullmakt, er klageinstans for vedtak som avgjer om eit produkt skal miljømerkjast. Det blir vidare gjort framlegg om at departementet får heimel til å fastsetje at klagene skal behandlast av ei særskild klagenemnd og gi nærmare reglar for korleis nemnda skal samansetjast, og for saksbehandling og kompetanse.
Nærings- og handelsdepartementet peiker i høyringsfråsegna si på at det kan synast formålstenleg at klagene blir behandla av andre organ enn departementet. Ein stiller seg positiv til å opprette ei særskild klagenemnd fordi dette vil kunne sikre en så brei fagleg vurdering av klagene som råd er. Barne- og familiedepartementet har merkt seg desse synspunkta, og viser samstundes til at Miljøverndepartementet oppretta ei særskild klagenemnd i samband med gjennomføring av rådsforordning (EØF) nr 1835/93 om frivillig deltaking for industrien i ei miljøstyrings- og miljørevisjonsordning (EMAS-ordninga). Barne- og familiedepartementet vil likevel peike på at det førebels ser ut til å vere tale om svært få klager. Trass i at det i Noreg har vore mogleg å søkje om tildeling av det europeiske miljømerket i fleire år, er det førebels ingen som har søkt. Departementet vil derfor vurdere det praktiske behovet for ei særskild klagenemnd når ordninga får ei faktisk utbreiing her i landet. Da vil ein ha eit betre grunnlag for å vurdere korleis klageordninga mest formålstenleg kan innrettast. Inntil vidare lyt departementet derfor vere klageinstans.
3.3 Tilhøvet til marknadsføringsloven
Artikkel 16 i forordninga regulerer bruken av merket i samband med marknadsføring. Forbrukarombodet uttaler i tilknyting til denne artikkelen at:
«bestemmelsene (i markedsføringsloven) fanger allerede i dag opp de tilfeller forordningens artikkel 16 omhandler. Artikkel 16 vil således indirekte håndheves av Forbrukerombudet gjennom tilsynet med markedsføringsloven, og det vil være Forbrukerombudet og Markedsrådet som fastlegger hva som skal anses som «villedende reklame». Markedsføringslovens sanksjonssystem vil bidra til etterlevelse av artikkel 16.»
Det blir vidare uttalt at:
«I henhold til markedsføringslovens bestemmelser vil Forbrukerombudet kunne stille krav til bruk av miljømerker i markedsføringen utover de tilfeller artikkel 16 nevner».
Barne- og familiedepartementet er samd med Forbrukarombodet i at føresegnene i marknadsføringsloven i tilstrekkeleg grad sikrar at artikkel 16 blir etterlevd.