4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Lovframlegget vil ikkje i seg sjølv innebere økonomiske eller administrative konsekvensar. Stiftinga Miljømerking i Noreg har hatt forvaltningsansvaret for EUs miljømerkeordning sidan 1995 og ein million kroner av det årlege statlege tilskotet til stiftinga har etter dette vore knytt til arbeidet med EU-merket. Departementet vil, som tidlegare, fremje forslag overfor Stortinget om årlege løyvingar til verksemda.
Dei økonomiske og administrative konsekvensane av å opprette ei særskild klagenemnd vil bli nærmare vurderte i samband med at ei slik nemnd eventuelt blir oppretta.