1 Innleiing, bakgrunn, m.m.
1.1 Innleiing
Kulturdepartementet legg med dette fram ein odelstingsproposisjon med framlegg om endringar i lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting.
Bakgrunnen for framlegget er for det første å klårgjere heimelen for Norsk rikskringkastings høve til å engasjere seg i forretningsmessig verksemd. For det andre er målet med framlegget å opne for at NRK skal kunne engasjere seg i andre typar forretningsverksemd enn det selskapet kan med gjeldande reglar. Etter dei reglane som gjeld no, kan ikkje NRK engasjere seg i anna forretningsverksemd enn den som har å gjere med allmennkringkasting.
Departementet legg til grunn at framlegget vil medverke til å styrkje NRK si rolle som den sentrale allmennkringkastaren i Noreg.
I proposisjonen gjer vi òg framlegg om nokre mindre endringar i film- og videogramlova.
1.2 Bakgrunn
NRK har vore organisert som statleg 100 pst. eigd aksjeselskap sidan 30. april 1996. Då departementet gjorde framlegg om å omorganisere NRK frå statleg stifting til aksjeselskap, vart det mellom anna uttalt følgjande i Ot.prp. nr. 69 (1994-95), Norsk rikskringkasting som aksjeselskap, s. 3:
«Behovet for en styrking av allmennkringkastingen i Norge er i dag sterkere enn noensinne. Siden meldingen ble behandlet, er det etablert flere kommersielle fjernsynskanaler som retter seg mot det norske markedet. (...)Konsekvensene av disse etableringene er dels en økende konkurranse som reduserer seertallet for NRK, dels en sterk prisøkning på attraktive programmer.»
I proposisjonen la departementet vekt på at det må vere ei «...overordnet mediepolitisk oppgave å sikre NRK gode rammevilkår.» Bakgrunnen for dette var eit ønskje om å styrkje rammevilkåra for allmennkringkastinga i Noreg. Departementet streka samstundes under behovet for «...å sikre at beslutninger av vesentlig mediepolitisk betydning også i fremtiden underlegges politisk behandling og kontroll.»
Omorganiseringa til aksjeselskap vart også grunngjeve i at det var behov for å kunne tilpasse seg mediesituasjonen, jf. s. 4 i proposisjonen:
«I dagens situasjon, hvor NRK har konkurranse fra et stort antall kanaler, må Norsk rikskringkasting ha en organisasjonsform som er best mulig tilpasset dagens mediesituasjon og de muligheter og utfordringer den teknologiske utvikling innebærer. Samtidig vil omdanningen til aksjeselskap innebære at Norsk rikskringkasting kan etablere datterselskaper for ivaretakelse av markedsrettet virksomhet, noe som vil gjøre det mulig å føre overskudd fra slik virksomhet til programproduksjon m.v. Omdanning til aksjeselskap vil således i seg selv innebære en styrking av allmennkringkastingen i Norge.»
Fleirtalet i Familie- kultur- og administrasjonskomiteen slutta seg i Innst. O. nr. 16 (1995-96) til framlegget om å omorganisere NRK til aksjeselskap, og streka under at
«...de styringsredskaper som i dag regulerer virksomheten ved NRK vil videreføres. Dette gjelder kringkastingsloven, årlige budsjettbehandlinger med fastsettelse av lisens og behandling av de årlige meldinger. Det understrekes videre den klare politiske styringen som etableres gjennom generalforsamlingens behandling av saker slik det er presentert i Ot.prp. nr. 69 for 1994-95. Som A/S vil NRK innenfor de opptrukne rammer få den nødvendige handlefrihet til å treffe beslutninger som den raske mediautviklingen krever, samtidig som aksjeloven gir klare ansvarsforhold.»
Eit mindretal gjekk mot omorganiseringa til aksjeselskap, men uttalte at det «...kan når dette likevel er vedtatt slutte seg til departementets forslag vedrørende datterselskaper», jf. innstillinga s. 7.
Den forretningsmessige verksemda i NRK blir i dag i det store og heile drive av det heleigde dotterselskapet NRK Aktivum AS, jf. pkt. 2.4.
Etter gjeldande rett er NRKs høve til å drive forretningsverksemd avgrensa til føremål som har med allmennkringkasting å gjere, sjå nærare om dette i pkt. 1.4.
1.3 Tilhøva i nokre andre land
Det er ein allmenn tendens i heile Europa til at allmennkringkastarane får høve til å engasjere seg i kommersiell verksemd.
BBC har gjennom dotterselskapet BBC Worldwide i fleire år satsa aktivt på å utnytje eigne produksjonar og rettar i mange distribusjonskanalar og innhaldsformat. Utvikling av lønnsame produkt, tenester og merkevarer skal vere med på å finansiere allmennkringkastinga. Eigarane av BBC - d.t. den britiske regjeringa - meiner at selskapet best tek vare på si rolle som allmennkringkastar ved å distribuere i alle format. Digitale og andre elektroniske medium er eit vekstområde. BBC tek òg del i fleire betalings-TV-kanalar. I 1997 hadde selskapet eit resultat på 12 mill pund før skatt.
I nabolanda våre ser vi òg ei utvikling der dei lisensfinansierte allmennkringkastarane driv utvida kommersiell verksemd. Sveriges Television har planar om betalingskanalar, medan Danmarks Radio satsar sterkt på multimediautvikling. Også utanfor Europa skjer det ei tilsvarande utvikling. Det australske kringkastingsselskapet ABC er eit vellykka døme på ein allmennkringkastar som har satsa på kommersiell verksemd.
1.4 Gjeldande rett
Føremålsparagrafen til NRK er fastsett i § 6-1 tredje ledd i kringkastingslova og har denne ordlyden: «Norsk rikskringkasting AS har til formål å drive allmennkringkasting og virksomhet som har sammenheng med dette.»
I merknaden til paragrafen heiter det i Ot.prp. nr. 69 (1994-95), s. 13:
«Bestemmelsen er ikke til hinder for at Norsk rikskringkasting AS kan drive annen type virksomhet enn allmennkringkasting, men med tilknytning til aksjeselskapets hovedformål. Det er imidlertid en forutsetning at slik virksomhet legges til datterselskaper eller andre selskaper som Norsk rikskringkasting AS deltar i sammen med andre, og at opprettelsen av, eventuelt deltakelsen i, slikt selskap er godkjent av generalforsamlingen.»
Regelen føreset at den forretningsmessige verksemda i NRK Aktivum AS må ha tilknyting til NRKs hovudføremål, som er å drive allmennkringkasting. Det kan setjast spørjeteikn ved om dette gir NRK høve til t.d. å opprette ein tilleggkanal basert på abonnement, anten åleine eller saman med andre. Eit anna døme kan vere å gå inn i forretningsalliansar for å kunne utnytje rettar til plate- eller videoproduksjon og -distribusjon. Dette er aktivitetar som ikkje utan vidare kan seiast å ha samanheng med den overordna, lovfesta føremålsparagrafen til NRK.
I Innst. O. nr. 16 (1995-96) uttalte fleirtalet i Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen at det merka seg
«...at opprettelsen av datterselskaper kan gi NRK mulighet til å generere nye inntekter gjennom salg av programmer, drift av tekniske anlegg m.v. NRK må også kunne gå inn med eierandeler i slike selskaper.»
Føremålsparagrafen må lesast i samanheng med § 6-4 i kringkastingslova som fastlegg dei generelle rammene for finansieringsgrunnlaget til NRK:
«Virksomheten i Norsk rikskringkasting AS finansieres ved kringkastingsavgift, salgsinntekter m.v. Den kan ikke finansieres ved reklamesendinger. Kringkastingsavgift fastsettes av Stortinget.»
Etter departementets vurdering gir gjeldande rett ikkje grunnlag for at NRK kan gå inn i andre typar forretningsmessig verksemd enn det som følgjer av føremålsparagrafen.
1.5 Høyring
Eit notat om denne saka har vore på allmenn høyring. I tillegg til fem departement har følgjande institusjonar og instansar gitt fråsegn:
Konkurransetilsynet
Statens medieforvaltning
Allmennkringkastingsrådet
Eigarskapstilsynet
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Norsk rikskringkasting AS
TV 2 AS
Kringkastingsringen
Kristelig Kringkastingslag
Norsk Forbund for Lokal-TV
Norsk journalistlag
Norsk medieforskarlag
Norsk redaktørforening
Næringslivets hovedorganisasjon
Norwaco
Universitetet i Oslo
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund.
Reint allment sluttar det store fleirtalet av høyringsinstansane seg til framlegget frå departementet. Av dei som kommenterer saka, er det berre TV 2 AS, Kringkastingsringen og Norsk Forbund for Lokal-TV som er negative til framlegga i høyringsnotatet. Departementet kjem nærmare inn på fråsegnene frå høyringsinstansane i kapittel 3.