2 Utviklinga på kringkastingsområdet
2.1 Innleiing
Utviklinga på kringkastingsområdet gjer det naudsynt å klårgjere NRK si rolle som kringkastar i det nye medielandskapet. Dei forretningsmessige rammene som blir lagde til grunn for NRK, vil vere svært viktige for det høvet selskapet har til å ta vare på si oppgåve som allmennkringkastar i framtida. I det følgjande skisserer vi som bakgrunn nokre sider ved den teknologiske utviklinga på kringkastingsområdet.
2.2 Digitalisering
Den teknologiske utviklinga peikar mot ei allmenn omlegging til digital produksjon og distribusjon av radio og fjernsyn. I høve til den tradisjonelle analoge distribusjonen av signal, inneber digital kringkasting at ein utnytjer kapasiteten betre, samstundes som det blir høve til fleire kanalar og nye tenester. Digitaliseringa gir vidare grunnlag for å transportere fleire ulike typar tenester (kringkasting, video, telefonsamtalar, dataoverføring) i det same nettet, t.d. gjennom kabelnett, via satellitt eller i telenettet. Digitaliseringa gir også grunnlag for å nytte felles brukarutstyr til ulike formål, t.d. integrerte fjernsynsapparat og PC-ar. Digitaliseringa gjer det mogleg å nytte dei same transportvegane for ulike tenester fram til det same mottakarapparatet anten dette er fjernsyn, PC eller telefon.
Digitale sendingar inneber såleis at brukarane kan få tilleggstenester som til dømes interaktivt fjernsyn, dataoverføring, programkomponering, video på førespurnad, meldingstenester og liknande. Brukarane kan anten individuelt eller fleire saman få tilleggsstoff til program, eller dei kan velje ei anna tid for å sjå programmet. Digitalisering inneber også at sjåarane vil kunne gjere eigne val av t.d. kameravinklar under ein fotballkamp. Ulike tenester vil kunne nyttast samstundes.
Den einskilde kringkastaren kan nå ulike målgrupper til same tid gjennom programval som blir tilpassa dei. Ein reknar med at utviklinga av tilleggstenester vil medverke til auka konkurranse både mellom dei eksisterande kringkastarane og i høve til nye aktørar.
Departementet kjem i ei eiga melding attende til spørsmålet om val av teknologi for spreiing av digitalt fjernsyn i Noreg.
2.3 Programrettar m.v.
For tida er det sterk konkurranse nasjonalt og internasjonalt om senderettar. Konkurransen fører med seg høge prisar på rettar til t.d. sportsarrangement. For NRK har utgiftene til slike rettar auka prosentvis sterkare enn auken i kringkastingavgifta.
Ein må rekne med at den auka konkurransen reint allment vil føre til strukturendringar i mediebransjen. Særleg for kringkastingssektoren må ein rekne med at det vil skje ein konsentrasjon av rettar til programinnhald, og at det vil oppstå nye alliansar innan produksjon og distribusjon. Dette vil skje parallelt med den digitale utviklinga. Internasjonalt er innhaldsproduksjon og innhaldsleveransar eit satsingsområde, der m.a. teleselskap er aktørar. Eit døme her er Telenor AS si deltaking i Canal Digital saman med det franske selskapet Canal Plus. Telenor AS er også engasjert i fleire andre medieprosjekt som baserer seg på ny teknologi.
Sterk konkurranse og nye teknologiske løysingar gjer det sannsynleg at artistar, komponistar, manusforfattarar, produsentar, journalistar og andre som tek del i programskaping, etter kvart vil prioritere å samarbeide med aktørar som kan tilby auka eksponering av materialet. Dette kan t.d. skje gjennom fleire og ulike format, såkalla «sekundærvindauge» og eigne distribusjonskanalar. I dag er det vanleg at medieaktørane har rettane til å utnytje same program eller programgrunnlag i fleire ulike format. Døme på slike format er kino, fjernsyn, video, video på førespurnad (VOD), radio, CD, CD-ROM, bøker og tilleggsprodukt av ymse slag.
2.4 NRK Aktivum AS
Som nemnt har NRK høve til å «kunne danne datterselskaper som kan ivareta virksomhet av kommersiell karakter, som f.eks. salg av programmer, drift av tekniske anlegg m.v.», jf. Ot.prp. nr. 69 (1994-95), Norsk rikskringkasting som aksjeselskap. Føresetnaden er at verksemda har tilknyting til allmennkringkasting.
NRK kan drive kommersiell verksemd saman med andre aktørar. Selskapet kan også vere deleigar i andre selskap med kommersiell eller marknadsretta verksemd. Det var ein føresetnad då NRK vart omorganisert til aksjeselskap at andre typar verksemd enn allmennkringkasting skulle organiserast på «..en slik måte at det ikke vil skje noen form for subsidiering av datterselskaper gjennom kringkastingsavgiften.»
NRK oppretta våren 1997 dotterselskapet NRK Aktivum AS etter samtykke frå generalforsamlinga. Føremålet med selskapet er å utvikle forretningsmessig verksemd med grunnlag i morselskapets potensial. Sidan starten har selskapet vore gjennom ein prosjektfase. I denne fasen har det vorte utvikla og forhandla om fleire forretningsprosjekt saman med ulike aktørar. Selskapet har teke over og vidareutvikla verksemda til Fjernsynets salskontor, med m.a. utgiving og sal av CD og video, arkivsal til andre fjernsynskanalar og programsal til utanlandske kanalar. Omsetninga i 1997 var på 10 mill. kroner med eit underskott på fire mill. kroner. Underskottet har samanheng med etableringskostnadene for selskapet.
Hovudutfordringa for NRK Aktivum AS har vore å utvikle strategi- og forretningsplanar med analysar av mediemarknaden. Det har òg vore arbeidd med å identifisere nye forretningsområde. Ved årsskiftet 1997/98 vart NRK International lansert som eit nytt fjernsyns- og radiotilbod send via satellitt til nordmenn i Europa. Selskapet har som målsetjing å utvikle NRK International med tanke på distribusjon i USA, og kanalen er lekk i ei større satsing på betalingsfjernsyn.