2 Samarbeidet mellom departementet og partane i arbeidslivet om fag- og yrkesopplæringa
2.1 Innleiing
Fag- og yrkesopplæringa er i Noreg ein integrert del av den vidaregåande opplæringa. Av om lag 220 fag følgjer dei aller fleste hovudmodellen med to års opplæring i skole og to år i bedrift; av dei siste to er eitt år opplæring og eitt år verdiskaping. Om lag 30 fag er såkalla særløp med eitt års opplæring i skole og tre år i bedrift inklusive verdiskapinga. I tillegg har nokre få fag andre ordningar med kortare eller lengre tid i lærebedrift. Sidan ein del av fag- og yrkesopplæringa går føre seg i bedrift, er denne delen av opplæringa eit felles ansvar for partane i arbeidslivet og utdanningsmyndigheitene. Det offentlege utdanningssystemet i Noreg og partane i arbeidslivet har lange tradisjonar for å samarbeide om fag- og yrkesopplæringa. Dette samarbeidet var ein vesentleg føresetnad for den struktur- og innhaldsendringa som vart gjennomført under Reform 94, og for den formidable auken i talet på læreplassar som reforma føresette.
I Ot.prp. nr. 7 (2003-2004) vart det foreslått å leggje ned Rådet for fagopplæring i arbeidslivet og opplæringsråda. Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen uttalte m.a. i Innst. O. nr. 32 (2003-2004):
«Komiteen mener det er behov for en gjennomgang og fornyelse av trepartssamarbeidet for fag- og yrkesutdanningen, og mener dette må skje i nært samarbeid med partene i arbeidslivet. Komiteen viser i denne sammenheng til intensjonen med ILO-konvensjon nr. 142 som pålegger landene å samarbeide med partene i arbeidslivet i saker som gjelder fag- og yrkesopplæring. Komiteen viser videre til at Kvalitetsutvalgets innstilling, som nå er på høring, også behandler trepartssamarbeidet for fag- og yrkesutdanningen.
Komiteen går på denne bakgrunn inn for at Rådet for fagopplæring i arbeidslivet og opplæringsrådene opprettholdes inntil ny struktur på trepartssamarbeidet er fastlagt.
Komiteen ber departementet bidra med en avklaring i forbindelse med oppfølgingen av Kvalitetsutvalgets innstilling og at dette arbeidet skjer i dialog med partene i arbeidslivet. Komiteen forutsetter at myndighetene fortsatt må bidra med finansiering også i et reformert trepartssamarbeid.»
I desember 2003 etablerte departementet ei arbeidsgruppe til å greie ut ei ny samarbeidsform. Arbeidsgruppa har hatt medlemmer frå Landsorganisasjonen, Næringslivets hovedorganisasjon, NAVO, Yrkesorganisasjonenes sentralforbund, Kommunenes sentralforbund, Utdanningsforbundet, Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon, Elevorganisasjonen, fylkeskommunane og Utdannings- og forskingsdepartementet.
2.2 Gjeldande rett
Sidan lov om fagopplæring i arbeidslivet vart vedteken i 1980, har samarbeidet mellom departementet og partane i arbeidslivet vore organisert med eit nasjonalt råd for hovudsamanslutningane, Rådet for fagopplæring i arbeidslivet (RFA), og faste nasjonale bransjeråd: opplæringsråda (OR).
Rådet for fagopplæring i arbeidslivet blir oppnemnt av Kongen og skal gi departementet råd i utdanningspolitiske spørsmål som gjeld fagopplæringa. I dag har rådet til saman 30 medlemmer og varamedlemmer, der over halvparten representerer arbeidslivet med like mange frå arbeidsgivarane og arbeidstakarane. Rådet skal uttale seg før departementet vedtek overordna retningslinjer for innhaldet i opplæringa i fag eller arbeidsområde som har læretid i bedrift eller forskrifter om fagprøve, sveineprøve og kompetanseprøve på lågare nivå for lærekandidatar. Rådet skal også uttale seg om forslag om at eit fag eller arbeidsområde skal førast inn under fagopplæringa eller ikkje lenger vere underlagt fagopplæringa. Departementet utfører sekretariatsoppgåver for rådet. Rådet for fagopplæring i arbeidslivet blir finansiert av staten.
Det er 20 opplæringsråd med til saman ca. 400 medlemmer og varamedlemmer. Talet på råd, på medlemmer i råd og fordelinga av fag blir fastsett av departementet etter forslag frå RFA. Råda skal ha eit fleirtal som består av like mange representantar for arbeidsgivarane og arbeidstakarane, og som blir oppnemnt etter forslag frå tariffpartane i arbeidslivet. Råda skal også ha andre medlemmer med brei kjennskap til innhaldet i opplæringa og til oppgåvene for rådet. Råda skal gi departementet råd i faglege saker som gjeld fagopplæringa. Oppgåvene deira er å utarbeide forslag til sluttkompetanse for fag eller arbeidsområde som har læretid i bedrift, og å uttale seg om innhaldet i slike fag eller arbeidsområde og den samla læretida. Råda skal også uttale seg om forskrift om godskriving av tidlegare opplæring, godkjenning av fagutdanning frå andre land, forskrift om teoriopplæring og forskrift om kva som kan godkjennast som teoretisk del av fagprøva for kandidatar som tek fagprøva utanom læreforhold. Vidare skal råda foreslå medlemmer til læreplangrupper og medlemmer til klagenemnder for fag- og sveineprøver. Opplæringsråda er også klageinstansar for enkeltvedtak gjorde av yrkesopplæringsnemnda, når vedtaket i nemnda ikkje kjem inn under instruksjonsmyndigheita til fylkeskommunen, det vil i praksis seie i faglege spørsmål. Ein av dei organisasjonane som er representerte i det enkelte opplæringsrådet, tek seg av sekretariatsoppgåvene. Staten dekkjer utgiftene til aktiviteten i råda og halvparten av driftsutgiftene til sekretariata.
Noreg og Island er dei einaste landa som har etablert statleg oppnemnde og finansierte råd for fagopplæringa i arbeidslivet. I Danmark er partssamarbeidet organisert i faglege utval som partane sjølv etablerer utan statleg tilskott. Dei faglege utvala gir råd til ministeriet om den delen av opplæringa som går føre seg i bedrift. Dei enkelte ervervsuddannelsesskolenehar likevel utstrakt lokalt samarbeid med partane om dimensjoneringa av skoletilbod og lærlingplassar. I Sverige er ikkje partssamarbeidet om yrkesopplæringa formalisert, men partane blir involverte både direkte i ulike prosessar og som høringsinstansar.
2.3 Forslag frå arbeidsgruppa
Arbeidsgruppa foreslår at Rådet for fagopplæring i arbeidslivet (RFA) blir erstatta av eit samarbeidsorgan der partane i arbeidslivet og departementet møtest og diskuterer saker saman. Dette vil innebere at organet ikkje gjer vedtak på same måten som RFA, men at partane og departementet gjennom løpande dialog kan påverke kvarandre når det gjeld røyndomsforståing og problemforståing, og i fellesskap kan diskutere tiltak som vil tene utviklinga av fag- og yrkesutdanninga.
Til å stå føre utviklinga av faga, til å utarbeide kompetanseplattformer for faga og til å foreslå nye eller avvikle eksisterande fag foreslår arbeidsgruppa at det blir etablert faglege råd som erstattar dagens opplæringsråd. Dei faglege råda skal vere samansette av like mange representantar frå arbeidstakar- og arbeidsgivarsida. Desse representantane skal til saman utgjere fleirtalet i det enkelte rådet. Arbeidsgruppa er oppteken av at dei faglege råda skal vere ei dynamisk kraft i utviklinga av fag- og yrkesopplæringa. Det er viktig at råda både har den tilstrekkelege faglege spisskompetansen og samtidig klarer å sjå samanhengar på tvers av bransjar og i strukturen i opplæringa. Talet på fagråd bør derfor ikkje vere for høgt. Råda bør ha ein arbeidsdyktig storleik; derfor vil det ikkje vere mogleg at kvart enkelt fag innanfor rådet sitt arbeidsområde er representert. Gjennom Utdanningsdirektoratet vil råda kunne trekkje inn kompetanse som råda sjølv manglar. Dette vil vere aktuelt m.a. i samband med å utvikle kompetanseplattformer.
Arbeidsgruppa går inn for å samle koordineringa og førebuinga av arbeidet i det sentrale samarbeidsorganet og i alle dei faglege råda éin stad. Dette vil skape eit større fagleg miljø og styrkje den faglege kompetansen, og gi ei meir effektiv utnytting av ressursane. Vidare vil dette halde oppe kontinuiteten ved sjukdom, utskifting av medarbeidarar osv. Å samle denne funksjonen vil også medverke til betre kommunikasjon og informasjon på tvers av råda. No har Rådet for fagopplæring i arbeidslivet departementet som sekretariat, og opplæringsråda har eigne sekretariat, ofte knytte til ein bransjeorganisasjon.
Arbeidsgruppa tilrår å leggje denne funksjonen til Utdanningsdirektoratet, fordi samarbeidsorganet og dei faglege råda da vil ha direkte tilgjenge til det faglege miljøet som handterer fleirtalet av dei sakene råda skal behandle. Direktoratet vil utarbeide og leggje fram for departementet statistikk, rapportar om kvalitetsutviklinga i grunnopplæringa, forskingsrapportar og andre utgreiingar som viser utviklingstrekk og tilstand. Vidare vil direktoratet stå sentralt i samband med å setje i verk nye utviklingstiltak og i å førebu endringar i dei statleg fastsette rammevilkåra. Utarbeiding av nye læreplanar er ei slik viktig oppgåve. Når denne funksjonen er plassert i direktoratet, vil råda ikkje berre ha tilgjenge til den samla kompetansen der; dei vil også ha tilgjenge til all den informasjon som blir utarbeidd i eller kjem til direktoratet. Dette vil vere ein fordel for råda i arbeidet deira, og det vil også medverke til å styrkje den gjensidige utvekslinga av kompetanse, metodar og læringsformer mellom fag- og yrkesopplæringa og dei andre ansvarsområda i direktoratet. Det vil stimulere den samla innsatsen i utviklinga av fag- og yrkesopplæringa og av samarbeidet mellom skolane og arbeidslivet, og det vil stimulere til betre samanheng mellom allmennfaga og fag- og yrkesopplæringa.
Arbeidsgruppa føreset at utgiftene til det sentrale samarbeidsorganet og dei faglege råda blir dekte av staten.
2.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet sluttar seg til forslaga frå arbeidsgruppa.
Eit slikt sentralt samarbeidsorgan som arbeidsgruppa foreslår, kan etter departementet si oppfatning skape ny dynamikk i trepartssamarbeidet om fag- og yrkesopplæringa. Organet vil kunne medverke til betre felles forståing av situasjonen og utfordringane innan fag- og yrkesopplæringa. Organet vil også vere ein god arena der ein i fellesskap kan utvikle strategiar for vidareutvikling. Departementet går derfor inn for at RFA blir erstatta av eit sentralt samarbeidsorgan med medlemmer frå partane i arbeidslivet og frå utdanningssektoren.
Å etablere eit mindre tal faglege råd enn dei 20 opplæringsråda vi har i dag, kan etter departementet si oppfatning medverke til betre og meir effektiv utvikling av dei yrka fag- og yrkesopplæringane omfattar. Dette kan igjen medverke til at utdanningssystemet i større grad klarer å dekkje dei behov arbeidslivet har for kompetent arbeidskraft.
Departementet vil peike på at lærefaga reindrift og duodji er i ei særstilling som kulturberarar for samisk nærings- og samfunnsliv. Departementet føreset derfor at dei samiske utdanningsmiljøa skal vere sentrale aktørar i dei nye faglege råda.