1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Proposisjonen inneheld framlegg til ny lov om korleis ein skal gjennomføre Traktat av 10. september 1996 om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar (Prøvestansavtalen).
Bakgrunnen for proposisjonen er at ein har funne det klargjerande og ryddig med ei eiga gjennomføringslov for traktaten, slik ein har for ein del andre internasjonale konvensjonar, til dømes lov av 29. mai 1992 nr. 50 om inspeksjonar i samsvar med Avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE-avtalen), lov av 6. mai 1994 nr. 10 om gjennomføring av Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei, og lov av 17. juli 1998 nr. 54 om gjennomføring av Konvensjonen mot bruk, lagring, produksjon og overføring av antipersonellminer og øydelegging av slike miner. I dei aller fleste tilfelle reknast Noregs plikter allereie å følgje av andre lover, jf. nedanfor. Ein veljer likevel å fremme ei eiga gjennomføringslov for å sikre gjennomføring av det inspeksjonssystemet som traktaten set opp, og dessutan pliktene til å forby alle handlingar som er i strid med traktaten, samt pliktene til å setje i verk dei tiltaka som er nødvendige for å nå måla i traktaten.
Traktaten opprettar ein eigen organisasjon som har ansvaret for å gjennomføre føresegnene i traktaten, mellom anna føresegnene om verifikasjon og inspeksjon. Organisasjonen har sitt hovudkontor i Wien, og organisasjonen sine organ er Konferansen mellom partane, Eksekutivrådet og Teknisk sekretariat som skal omfatte Internasjonalt datasenter. Konferansen mellom Partane veljer medlemmene til Eksekutivrådet og utnemner Generaldirektøren for Teknisk Sekretariat. Traktaten sine verifikasjonsreglar er omfattande og legg blant anna opp til kontroll og inspeksjonar, og etablerer eit Internasjonalt overvakingssystem. Seks av målestasjonane i Internasjonalt overvakingssystem, mellom desse nokre av dei største og mest avanserte, vil vere lokaliserte på norsk territorium. Dette gjeld to seismologiske primærstasjonar ved Hamar og Karasjok, to seismologiske sekundærstasjonar ved Longyearbyen og på Jan Mayen, ein stasjon for måling av radionuklidar ved Longyearbyen og ein infralydstasjon ved Karasjok.
Traktaten vart underskriven i New York 24. september 1996. Spørsmålet om samtykke til ratifikasjon av traktaten er lagt fram for Stortinget som eiga sak, jf. St.prp. nr. 41 (1998-99), der den engelske traktatteksten med protokollar og vedlegg, med norsk oversetjing, følgjer som trykte vedlegg. Traktaten trer i kraft 180 dagar etter den dagen 44 namngjevne land, som blant anna står på Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) si liste over land med kjernefysiske anlegg, og som formelt har delteke i forhandlingane om traktaten, har ratifisert denne.
Traktaten er pr. 15.4.99 ratifisert av til saman 32 land, av dei 16 av dei namngjevne landa. Det er avgjerande at atommaktene Frankrike, Kina, Russland, Storbritannia og USA har slutta seg til traktaten. Av desse har pr. 15.4.99 Storbritannia og Frankrike ratifisert traktaten.